Page 67

SPILL

SÆDDRYPPANDE SERVIETTAR TEKST RASMUS HUNGNES Postal-serien er eit viktig innslag i det valdelige spelet si historie. Postal sjokkerte i 1997 ved å vere ein valdsorgie utan mål og meining, der du kontrollerer The Postal Dude, ein person som går postal. Uttrykket «going postal» stammar frå det sørgjelege faktum at sidan 80-talet har ei lang rekke postarbeidarar i USA gjennomført massedrap som konsekvens av stress på arbeidsplassen. Oppfølgjaren Postal² frå 2003 gav spelaren meir fridom til å vele kven han ville urinere på medan han kjøpte mjølk eller gjekk i banken, og var ein interessant liten sak som framleis framstår som ganske ellevill. No er The Postal Dude tilbake, blakk og på utkikk etter inntektsgivande arbeid, og ein kan slik sett kalle Postal III ein arbeidslivsimulator. Ein av dei første, absurde jobbane han gjer, fekk meg til å minnast den gongen eg jobba som toalettvaskar på campingplass. Ah, kva eg ikkje lærte om livet den sumaren … Postal-duden blir sett til å rydde opp samankrølla runkeserviettar frå pornosjappegolvet med ein reverserbar støvsugar, for seinare å forsvare dei stakkars pornokonsumentane frå ein gjeng militante feministar med dei same sæddryppande klutane. Dette er eit spel der dei fleste får gjennomgå – miljøaktivistar, islamistiske terroristar, Segway – og på grunn av sitt kyniske livssyn har spelet eit enormt subversivt potensiale. Satire kan vere eit effektivt våpen. Diverre framstår spelet som uferdig, både teknisk og kunstnarisk. Det sparkar ukontrollert og ureflektert i alle retningar, som ein sutrande unge i trassalderen. Dessutan er det fullt av plagsame bugs, og ikkje ein gong kontrollsystemet fungerer som det skal. Dette trass (eller kanskje på grunn av; det er noko

som kjenst passé med å gjere narr av Sarah Palin og Osama Bin Laden,) at spelet har vore i utvikling i årevis. Det er kan hende ikkje utan grunn at spelet kom ut rundt juletider utan stor ståhei. Snarare verka det nesten som om utgivarane sjølv gjekk inn for å hysje ned kaoset som er Postal III: Det er berre nyleg at Running With Scissors erstatta førehandsbestillingsbanneret frå toppen av nettsidene sine med informasjon om at spelet er tilgjengelig, medan Steam-sida for spelet har forsvunne frå Internettet si overflate. Det gjer ikkje så mykje: Postal III er nok berre for spesielt interesserte, medan barn og andre folk heller kan leike reinhaldar i indie-spelet Dustforce, spelet som let deg koste medan du utfører spektakulære parkour-moves i 2D. Eller du kan juice opp fjorårets saftigaste politisk ukorrekte spel, Saint’s Row: The Third, med utvidingspakka Genkibowl VII. Viss du vil. Medan Postal III er den typen spel som bekreftar alle fordommar folk som trur dei ikkje likar spel har mot spel, er Dear Esther er ein fottursimulator i førsteperson-perspektiv. Det er ein digital indre monolog, eit semi-interaktivt landskapsmaleri. Dessutan inneheld det holemaleri i stort tal. Dear Esther er så lite spelaktig at det vanskeleg kan kallast eit spel. Originalt utvikla som ein Half Life 2-mod, no, etter eit utal nominasjonar og utmerkingar, har thechineseroom sett sitt snitt til å tene litt pengar til mat på bordet og laga ein polert kommersiell versjon, med oppdatert grafikkmotor og ny-innspelt musikk og forteljarstemme. Men det er framleis billeg. Dear Esther er eit eksempel på eksperimentell historieforteljing som ein bør utsetjast for. Litt creepy, men på ein annan, meir subtil måte enn spel som følgjer hovudstraumen, slik som Resident Evil Revelations som nyleg kom ut på 3DS: Absolutt underhaldande sidan du ikkje har noko betre å gjere.

Postal III er ute no, PC // Dustforce er ute no, PC // Genkibowl VII er ute no, DLC til Saints Row: The Third PS3, Xbox360 og PC // Dear Esther kjem ut 14. februar, PC // Resident Evil Revelations er ute no, 3DS. 2/2012

67

2012-februar-trondheim.pdf  

ANMELDT: LANA DEL REY LINDSTRØM RICK ROSS SHAME MULDVARPEN MISSION: IMPOSSIBLE 4 +++ KOAGULERT KULTUR: HVORFOR VERDEN STOPPET PÅ 90-TALLET W...

2012-februar-trondheim.pdf  

ANMELDT: LANA DEL REY LINDSTRØM RICK ROSS SHAME MULDVARPEN MISSION: IMPOSSIBLE 4 +++ KOAGULERT KULTUR: HVORFOR VERDEN STOPPET PÅ 90-TALLET W...