__MAIN_TEXT__

Page 32

TEMA Innovasjon

MILJØBEVISST BONDE. Olav Røysland gler seg over å kunna bidra til bærekraftig utvikling med bruk av husdyrgjødsel.

Grisemøkk blir biogass Tekst/foto// berit bryne

Bonde Olav Røysland på Voll i Klepp trong meir varme i grisehuset. Nokre år med funderingar seinare er han i gang med eit miljøvenleg pilotprosjekt for å omdanna husdyrgjødsel til biogass.

32

‹‹

E

g tenkte først på å bruka flis, men fekk eit tips om at eg heller burde sjå på biogass med den produksjonen me har. For fem-seks år sidan var det ein omfattande og dyr prosess å produsera biogass. Nå er det mogleg å byggja enklare biogassanlegg, seier Røysland. Han er oppglødd, sjølv om det er langt fram til det han held på med blir lønnsamt, mest på grunn av låge prisar på energi frå naturgass og vasskraft. – Ein må jo tykkja det er spanande for å halda på med dette. Det er liten politisk vilje til

N æ r i n g på j æ r e n

å tenka på alternativ energi, sjølv om det finst nokre støtteprogram, som VRI Rogaland og NIBIO. Får me gjort det enklare og billigare, vil det vera fornuftig å byggje dette større. Eg har tru på at biogass kjem meir og meir i åra framover.

Godt klimatiltak Foreløpig tenker han på prøveprosjektet først og fremst som eit klimatiltak. Møkka frå husdyrproduksjon bidrar til utslepp av store mengder klimagassar. – Når husdyrgjødsel blir kjørt gjennom

biogassanlegg og omdanna til biogass, får me eit Kinderegg av eit resultat: Det blir mindre utslepp av klimagassar, gjødselen som er igjen etter prosessen kan brukast i vanleg jordbruksproduksjon og bidrar til redusert bruk av kunstgjødsel, og biogassen kan nyttast som eksempelvis drivstoff eller oppvarming av bygningar, fortel Røysland, og fortset: – Både landbruket og transportbransjen får nå krav om å ta vår del av utsleppsreduksjonane Noreg har forplikta seg til. Om me lagar biogass og bruker det til transport tek me begge deler i same slengen.

Profile for Lokomotiv Media

Næring på Jæren 7-16  

Tema: Innovasjon Utgivelse: 26. oktober 2016

Næring på Jæren 7-16  

Tema: Innovasjon Utgivelse: 26. oktober 2016

Advertisement