Deichmanbladet # 2 (Vår 2014)

Page 20

AINA SVARER Ingela Nøding intervjuer forfatteren Aina Basso

Du baserer romanene dine på autentiske historiske dokumenter og skriver deg dermed inn i fakta/fiksjonsbølgen vi har sett i samtidslitteraturen de siste årene. Hvilke utfordringer møter du på når du dikter fortellinger rundt faktiske hendelser? Den største utfordringa er kanskje å ikkje dikte altfor fritt, det vil seie å halde seg innanfor den rette historiske konteksten og ikkje vere ahistorisk i altfor stor grad. Eg vil ikkje drive historieforfalsking, så eg bruker mykje tid på å orientere meg i kjelder og forsking for å kunne skape ei historie som kanskje ikkje har hendt akkurat slik, men som kunne ha hendt slik. Likevel er det viktig å hugse at eg skriv romanar og ikkje historiebøker. Som historiker har du skrevet romaner med handling lagt til henholdsvis 1600- og 1700-tallet. Du har også uttalt at du skriver på en historie fra 1800-tallet. Hva er ditt favoritt-århundre og hvorfor? Eg har tidlegare sagt at mitt favoritthundreår er 1700talet, fordi det har ei veldig interessant blanding av dei litt dystre og brutale etterreformatoriske trekka, mellom anna i kriminalitetslovgivinga, og ideala frå den meir moderne og humane opplysningstida. Men no veit eg ikkje heilt lenger. Etter å ha fordjupa meg meir i 1600-talet, trur eg nok det kan ha tatt over som yndlingshundreår. Eg er ikkje ferdig med tidleg etterreformatorisk tid heilt enno. Fordommer, frihetsberøvelse, savn og overgrep er elementer som går igjen i bøkene dine. Kan det noen ganger føles for sterkt å skulle leve seg inn i de tragiske skjebnene du finner i historiske dokumenter? Absolutt. Det er først når ein byrjar levandegjere dei historiske kjeldene at det byrjar å skje noko med deg, å lese sjølve dokumenta gjer ikkje alltid så mykje, dei er skrivne i eit altfor vanskeleg og tørt språk. Eg har både grøssa og grått over det eg har skrive. Ikkje fordi eg skriv så veldig rørande, men fordi dette er ting som faktisk har skjedd folk. Din siste, prisnominerte bok Inn i elden tar for seg hekseprosessene i Norge på 1600-tallet, og du skriver ofte om personer med få rettigheter og svak rettssikkerhet. Hvilke utfordringer ser du på dette feltet i vårt samfunn i dag?

Utfordringa er å sikre rettane til dei svakaste gruppene i samfunnet vårt – borna, dei sjuke og dei gamle, dei som ikkje kan kjempe si eiga sak. I tillegg står overgreps- og valdtektsoffer altfor svakt i vårt rettssystem. Eg meiner det er altfor låge straffer for å misbruke nokon og kanskje øydelegge livet deira. Eg følgjer også nøye med på det som skjer med romfolket her i landet og i resten av Europa. Reisande folk har tradisjonelt vore utsette og undertrykte grupper, det ser ikkje ut til at det har blitt noko betre med tida. Bøkene dine er rike på vakre naturbeskrivelser. Hva er ditt eget forhold til naturen? Eg er ein naturelskar, særleg kystnaturen ligg i hjartet mitt, som fødd og oppvaksen på ei øy i havgapet. Store skogar fascinerer meg også, og eg blir stadig meir glad i det arktiske landskapet i Finnmark. Eg får nok for lite natur i kvardagen min i Oslo, eg drøymer stadig om å vere ein stad tomt for folk, med berre natur og dyr rundt meg. Men eg hadde nok kjeda meg nokså fort. Og sikkert blitt mørkeredd. Hva er den fineste reaksjonen du noen gang har fått fra en leser? Den aller finaste kom faktisk frå ein kritikar, og var om andreboka mi, Fange 59. Taterpige. Ingvild Bræin skreiv i Dag og Tid at ho ville flytte inn i boka mi og aldri kome ut att. Betre enn det kan det vel ikkje bli? Du har selv arbeidserfaring fra et arkiv. Hva er ditt forhold til bibliotek? Eg har alltid vore glad i biblioteket, og bruker biblioteket mykje i det daglege, både for å finne skjønnlitteratur og faglitteratur. I Oslo er det anten Deichmanske på Torshov eller Grünerløkka eg bruker, og elles er eg i visse periodar av skriveprosessen ein flittig gjest på Nasjonalbiblioteket og stundom Universitetsbiblioteket. Eg har sjølvsagt nasjonalt lånekort, også, og nyttar høvet til å låne med meg bøker når eg treng lesestoff på reise i Noreg.