Page 1

Vervekampanjen 2018

RESSURSPAKKA 20. august - 23. september

Sjølvsag t vil eg bli med lem!


Innhald: s.3.......................................................................................Om kampanjen s.4..........................................................................................Korleis verva? s.5............................................................................................Standskulen s. 8....................................................................Vanlege spørsmål og svar s.10.................................................................................................Tidsplan s.11..........................................................................Korleis avtala vitjing? s.11.....................................................................................................Tilfang s.12...........................................................................Korleis søkja frifond? s.12..........................................................................................Kontakt oss!

Sentralstyret

Søre Sunnmøre Målungdom


Om kampanjen Kva er ein vervekampanje? Frå 20. august til 23. september er det vervekampanje i Norsk Målungdom. Då er det om å gjere å verve flest mogleg nye, teljande medlemmar til organisasjonen. Både du og lokallaget ditt kan få gjæve premiar viss de vervar teljande medlemmar. Kva er ein teljande meldem? Du får berre utteljing for teljande medlemmar i vervekampanjen. Ein teljande medlem er fødd i 1993 eller seinare, og har betalt medlemspengar. Hugs at kven som helst kan vere medlem i Norsk Målungdom, så lenge dei har eit hjarte for nynorsk <3 Du får berre ikkje premie for å verve gamlingar. Det er kjempelett å verve, eigentleg. Du gjer det slik: 1. Finn ein potensiell meldem 2. Spør om hen vil bli medlem 3. Når den potensielle medlemmen svarar ja, ber du hen sende ein SMS med kodeord NMU100 + namn, fødeår, e-post, postadresse og namnet til deg, som verva, til 2090. Det kostar 100 kroner og er medlemspengar for både 2018 og 2019. 4. Gratulerer, du har verva! Når du vervar gir vervinga di uttelling både for deg sjølv, og for lokallaget ditt.

Kvifor har vi vervekampanje? Når NMU veks, får vi meir tyngde andsynes omverda. Det er fleire som vil høyre på kva vi har å seie. Ikkje minst tyder eit veksande NMU at det er er fleire og fleire ungdomar som tek eit standpunkt for meir nynorsk, dialekt og språkmangfald. Vervekampanjen er eit middel for å nå ut til fleire folk, få fleire til å melde seg inn, for å få ein større organisasjon. Mange som kunne ha vore medlem hjå oss er ikkje medlem, anten fordi dei aldri har blitt spurt, eller fordi dei ikkje veit om at vi eksisterer. I vervekampanjen gjer vi det vi kan for at flest mogleg skal sjå oss, og vi gir oss sjølve ei unnskuldning til å spørje folk om dei vil bli medlem. Det er bra for NMU å få fleire medlemmar, fordi vi blir sterkare av å bli større. Vi får større slagkraft. Dessutan er det bra for folk med hjarte for nynorsk, dialekt og språkmangfald å bli medlem i NMU. Ein blir tryggare av å ha ein organisasjon i ryggen.

s.3


Korleis verva?

Det skal ofte ikkje so mykje til for å få nokon til å melda seg inn i ein organisasjon. Då ungdomar fekk spørsmål frå NRK om kvifor dei ikkje engasjerer seg i ein ungdomsorganisasjon, so var det svaret dei fekk oftast at det var ingen som hadde spurt om dei ville vera med. Nokre gongar skal det altso ikkje meir til enn å spørja kunne du tenkt deg å bli medlem i Norsk Målungdom? Det verste som kan skje er at nokon svarar nei. Her får du nokre tips til korleis du kan gå fram. Alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt.

Har du fem minutt? Facebook-melding! Send ei melding til ein eller fleire venar på facebook som du meiner bør vera med i NMU. Du kan skrive nett det du vil, men her får du eit døme: Hei XXX! Eg trur at du og eg meiner mykje av det same når det kjem til språk. Har du høyrt om Norsk Målungdom? Det er den største ungdomsorganisasjonen i Noreg for språk, og den einaste som jobbar med nynorsk og dialektane. Kunne du kanskje tenkt deg å bli medlem? Snakk med ein ven! Bør bestevennen din bli med i NMU? Ta kontakt i friminuttet, eller inviter venen din med på ein kopp med kaffi. Spør om hen ynskjer å bli medlem! Del innlegg på facebook! I vervekampanjen plar NMU å leggja ut blestebilete på facebook-sida vår. Del desse på di eiga side, eller tagg venar i kommentarfeltet!

Har du ein halvtime? Plakat! Lag ein enkel plakat i Word (eller liknande) med informasjon om korleis ein melder seg inn via SMS, og heng den opp på skulen din. Ha gjerne med Verva av NAMNET DITT slik at du får vervinga og kan vinna premiar. Skriv på tavla! Gå rundt i klasseromma på skulen din og skriv opp korleis folk kan melda seg inn via SMS på tavla. Ha gjerne med Verva av NAMNET DITT slik at du får vervinga og kan vinna premiar.

Har du ein time eller to? Stand Skip til stand på skulen, universitetet eller kjøpesenteret saman med lokallaget ditt. Planlegg litt på førehand. De kan lesa meir om kva som skal til for å skipa til ein råbra stand i Standskulen på side 5. Ope møte Arranger eit ope møte for alle interesserte. Server pizza og ha ei innleiing om kva NMU er for noko, og kvifor ein bør melda seg inn. Lag ei hending på facebook og inviter vener. Det er ofte lurt å ha det opne møtet etter at ein har hatt stand.

s.4


Standskulen Om Norsk Målungdom skal bli mange, og ha ei bredde i medlemsmassa vår, er det viktig å driva med aktiv rekruttering utanfor vennegjengen. For å få til dette kan ein, til dømes, arrangera stand ein plass i lokalsamfunnet der det er vanleg at det er mykje folk. På skulen, univeristetet, på kjøpesenteret eller på gata. Det er mange som ikkje likar å stå på stand. Dei tenkjer kanskje at det er skummelt å snakka med folk dei ikkje kjenner, eller at det er keisamt å berre stå der. Då er det viktig å hugsa at det å stå på stand berre er kjipt dersom du gjer det kjipt. Om du berre står med standen utan å snakka med nokon i det heile, so vert det kjipt. Men om du er aktiv og tek kontakt med folk so går tida fort og du møter utruleg mange kjekke folk. Det er veldig sjeldan at folk som stoggar ved standen din vil deg noko vondt. Folk er anten veldig hyggelege, eller so stoggar dei ikkje og berre går vidare. Det er ikkje noko å vera redd for. Her får du nokre tips som vil gjera standståinga di meir behageleg!

Korleis lagar eg ein råbra stand? Idèmyldring Før du skal ha standen er det viktig å ha ei idèmyldring i lokallaget eller med lokallagsstyret. Ein god stand, er ein stand med ei hensikt. Start med å finna ut kven som er i målgruppa dykkar. Er det folk på ungdomsskulen? Vgs? Høgare utdanning? Kvar finn me målgruppa vår? Ofte finn me dei på skular, høgskular og universitet. Då er dette staden de bør ha stand. So må de tenkja på korleis standen skal sjå ut. Skal de ha rullebanner, eller skal de ha eit banner de har laga sjølv? Skal de ha ein duk? Skåler med snop? Lag ei liste over ting de må ha med dykk. Finn ut kven som skal vera med. Har de nokon medlemmar som går på skulen de skal vitja? Kanskje dei kan vera med? Nokon frå SST? Kanskje lokallagsskrivaren skal vere med? Fordel oppgåver slik at ein ikkje sit att med alt arbeidet. Bruk alle ressursane de har! Ting å hugsa på Ring staden de skal ha stand før de reiser der til. Det er høflig å spørja om de kan få koma, og ofte kan de få ei meir vellukka vitjing med løyve. De kan til dømes spørja kva tid det er best å koma. Kva tid har elevane fritime, eller kva tid er det flest folk på kjøpesenteret? Syt for at de har nok, og godt, tilfang de kan dela ut på standen. Har de nok flygeblad, jakkemerker, kondomar og vervekort? De kan få skrivarstova til å senda det til dykk. Levande stand Det kan av og til vere vanskeleg å få folk til å stogga opp når du står på stand. Då er det lurt å syta for at de har ein so kalla levande stand. Ein levande stand er ein interaktiv stand. Ein stand med aktivitetar for dei som går forbi. Det er mange måtar å gjere dette på. Det kan vera so lett som å laga ein kviss med ein premie, eller ein underskriftsaksjon. Likevel er dei som krev litt meir arbeid ofte dei som fungerer best. Om det er mykje kult som skjer på standen, som til dømes gateteater, musikk eller liknande, er sansynet for at folk stoggar mykje større. Det kan òg føra til at folk som vel å ikkje stogga likevel får med seg kven som står på stand.

s.5


Kva skal eg seia? Når du er komen deg på standen so er det jo greitt å veta kva ein skal seia for å få folk til melda seg inn. Ofte er det vansklegaste kanskje å byrja samtalen. Her er nokre tips til korleis du gjer det. Ta med deg nokre flygeblad i handa medan du går bort til folk, slik at du har noko å dela ut. For å koma i snakk med folk kan det vera lurt spørja kvar dei kjem frå. Då kan du få to svar. 1. Dei kjem frå eit nynorskområde eller 2. Dei kjem frå eit bokmålsområde Svar nummer ein Om folk seier ein stad du veit høyrer til eit nynorskområde so kan du spørja: Du har kanskje hatt nynorsk som hovudmål du då?. Spør gjerne om personen framleis har nynorsk som hovudmål. Om ja: Snakk om at det på ingen måte er ei sjølvfølgje å halda på nynorsken. At det er utruleg mange som får dårleg undervisning i hovudmålet sitt og vel å skifta til bokmål, for det er jo so lett. Fortel at grunnen til at det er so bra med to skriftspråk er jo fordi at då kan folk velja kva språk dei meiner passar best til dei, men om ein ikkje får god nok undervisning i det eine språket får ein ikkje ein reell moglegheit til å velja. Me i Norsk Målungdom jobbar for at ein skal få det. Me er den største ungdomsorganisasjonen i Noreg som jobbar med språk, og den einaste som jobbar for nynorsken og dialektane. Me ynskjer å betra undervisninga for elevar med nynorsk som både hovudmål og sidemål. Me vil sikra at alle som har nynorsk som hovudmål får lærebøker, og digitale læremiddel, på nynorsk til same tid og same pris som det bokmålselevar gjer. Sei gjerne ting i form av eit spørsmål, slik at det vert ein samtale og ikkje berre du som snakkar på inn og utpust. Om nei: Om personen ikkje har nynorsk som hovudmål no, har den truleg hatt det før. Då kan du spørja kvifor personen skifta. Du får gjerne svar som: alle andre har bokmål, eg kan nynorsk godt allereie, so eg har det som sidemål slik at eg får gode karakterar, eller eg kan bokmål betre. Det er viktig å ikkje påføra personen skuld og skam for å ha skifta uansett kva grunn hen har. Det at alle andre har bokmål, og at denne personen ikkje føler seg trygg nok i språket sitt til å halde på det betyr jo at det er noko som har gått gale i systemet. Skulesystemet har ikkje gjort hen til ein trygg nynorskbrukar, og slik kan me ikkje ha det. Fortel om kva Norsk Målungdom er, og at me jobbar for at me skal få trygge nynorskbrukarar ved å sikra dei retten på like god undervisning som bokmålsbrukarane får, at lærebøkene kjem til same tid og same pris, og at ein ser meir nynorsk rundt seg i media og i lokalsamfunnet. At personen utfører eit so kalla taktisk målbytte er veldig forståeleg, men urettferdig. Er det ikkje urettferdig at bokmålsbrukarar får lettare god karakter i sidemålet sitt fordi det ikkje er so vaneleg at folk er flinke i nynorsk, og at det er vanskelegare for folk å få god karakter i sidemålet om det er bokmål for det kan jo alle saman. Kom med tiltaka våre; starta med sidemålsundervisning tidleg, nynorsken må vere meir syneleg i media og i lokalsamfunnet, og me må ha lærarar som kan undervisa i nynorsk for både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Det at folk svarar at dei kan bokmål betre, på trass av at dei har hatt nynorsk som hovudmål i ti år er litt rart, men veldig forståeleg. Dei har kanskje fått dårleg undervisning i hovudmålet sitt, og dei ser kanskje ikkje so mykje nynorsk rundt seg. You know the drill – kom med dei same tiltaka som alltid.

s.6


Svar nummer to: Om personen fortel at hen kjem frå eit bokmålsområde vil dei fleste tenkja at det ikkje er håp når det kjem til verving. Her er eit godt tips å spela på urettferd. Spør om personen har bokmål som hovudmål. Er svaret er ja so spør du: Du er vel kanskje ikkje so glad i sidemålsordninga du då?. Her svarar dei truleg ja, diverre. Då byrjar du å snakka om kor urettferdig dagens ordning er. Det er so og sei ingen undervisning. Folk blir berre kasta ut i ein eksamen dei ikkje har forutsetningar for å klara bra. Me som er nynorskbrukarar får jo heller ikkje noko bra undervisning i sidemålet vårt, men me ser bokmål rundt oss kvar einaste dag. Bokmålsbrukarar kan gå ein heil dag utan å sjå noko som helst nynorsk. Det seier seg jo sjølv at me som ser bokmål heile tida synest det lettare med sidemål enn bokmålsbrukarar som aldri ser nynorsk rundt seg. Dette er jo KJEMPE urettferdig. Hadde me berre byrja med sidemålsundervisninga på borneskulen i staden, so hadde det vore heilt annleis. Om det hadde vore meir nynorsk rundt oss, hadde det vore lettare å læra det!

Korleis arrangerer eg eit ope møte? For å verva nokon krev det gjerne meir enn eitt møte med organisasjonen. Det skal ofte ein del til for at folk meld seg inn medan de står på stand, men det er ein stor sjanse for at dei gjer det om dei møter dykk ein gong til. Difor er det lurt å arrangera eit ope møte so snart som råd etter skuleslutt. Dette er spesielt viktig i mindre og tettbebygde områder, då det kan vera vanskeleg å koma deg rundt med den lokale kollektivtransporten. Her kan de eta pizza, kanskje ha ei innleiing om kva Norsk Målungdom er, og verva nye medlemmar. Folk seier sjeldan nei til gratis pizza. Å arrangera eit ope møte gjer det ofte enklare å snakka med folk medan de står på stand. Då har de ein grunn til at de står der, og noko å invitera folk med på. Om de skal arrangera eit ope møte er det viktig å sjekka at det ikkje er nokon viktige lokale arrangement som kresjar med datoen de skal ha møtet. I mange kommunar er der få fritidstilbod som konkurrerer om fritida til ungdomen. Då er det ein dårleg idé å setja det opne møtet same dato som den årlege rockefestivalen. Lag ei facebook-hending som de kan invitera folk til. Heng opp plakatar om det opne møtet god tid på førehand. Dette gjer at gamle medlemmar set av datoen, og at det vert lettare å dra inn nye medlemmar.

llag

lag

mål v e l E n e g Vå

Indre S

Sandefjord Elevmå unnfjord

Målung

dom

s.7


Vanlege spørsmål og svar Spørsmål: Kva er Norsk Målungdom? Norsk Målungdom er den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg. Vi organiserer ungdom i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, at fleire skal velje nynorsk, og for å fremje nynorsk, dialekter og språkmangfald på alle samfunnsområde. Vi er om lag 1500 medlemmar, og har nesten 30 lokallag. Studentmållag som står på standtorg møter ofte internasjonale studentar som aldri har høyrt om nynorsk og bokmål før. Då er det berre å fortelje om den norske språkhistoria. Kanskje dei vil velje nynorsk i staden for bokmål, når dei lærer at det går an? Kva gjer eit lokallag? Lokallaget er grunnsteinen i NMU. Det er staden der medlemmane møtast for å gjere noko saman, for å læra, og for å forandra. Eit lokallag består gjerne av 5 til 20 aktive medlemmar. I tillegg finst det ofte fleire passive medlemmar som betaler medlemspengane sine, men som sjeldan (eller aldri) er med på møter eller andre aktivitetar. Vanlegvis omfattar lokallaget ein kommune eller ein by, ein studiestad eller skule, eller eit større område. Det er stor skilnad på kva lokallag i Norsk Målungdom gjer. Felles for dei fleste er at dei både driv med politisk aktivisme, og at dei gjer sosiale ting. Nokre lokallag har pizzamøte, nokre har banneraksjonar, nokre har møte med politiske ungdomsparti, nokre arbeider med omsetjing, nokre står på stand for å bleste ei sak, nokre har nynorskkurs, nokre går på teater. Det er opptil ein sjølv om ein ønskjer å delta på aktivitetane til lokallaget, eller om ein ønskjer å vere ein passiv støttemedlem. Kva må eg gjere viss eg blir medlem? For å vere medlem i Norsk Målungdom må ein betale medlemspengar. Det er eigentleg det einaste ein må gjere. Det er veldig mykje anna ein kan gjere, viss ein vil, som å engasjere seg i styret, bli med på møte, dele facebookstatusar og verve venene sine, men det er heilt friviljug. Kvifor skal eg melde meg inn? For å styrke nynorsken, dialektene og språkmangfaldet treng vi medlemmar. Vi treng både aktive meldemmar, og støttemedlemmar, uavhengig av om dei skriv nynorsk eller bokmål. Jo fleire vi er, jo meir får vi gjort, og jo større slagkraft får vi. Folk som er samde med oss i at sidemålsundervisninga ikkje er god nok og at nynorskbrukarar ikkje har gode nok vilkår, bør melde seg inn hjå oss. Det er den enklaste måten for dei å bidra til å endre situasjonen til det betre. Kvifor skal eg engasjere meg for nynorsk når det finst andre ting som er viktig å engasjere seg for?

Det finst uendeleg med saker å engasjere seg for i verda. Heldigvis kan ein engasjere seg for fleire av dei! At ei sak er viktigare for deg enn målsak tyder ikkje at målsak er uviktig. Målsaka er viktig for fleire hundre tusen folk, og det er difor vi finst.

s.8


Nynorsk Myteknusing:

Mange trur mykje om nynorsk, og mykje av det dei trur er feil. Desse folka møter du når du står på stand, og det er bra, for då kan du knuse nynorskmytene og fortelje dei korleis ting eigentleg er. Her er nokre typiske nynorskmytespørsmål, med svar. Du kan lese fleire spørsmål og svar på www.nynorskmyteknusar.no. Men døyr ikkje nynorsk snart ut, då? Det er om lag 7000 språk i verda, og nynorsk er av dei 200 største. Med om lag 600 000 brukarar er altså nynorsk eit av dei største språka i verda. Innanfor språkvitskapen er det vanleg å operere med ei kritisk grense på om lag 100 000 språkbrukarar. Nynorsken kjem ikkje til å døy, han er på heilt trygg grunn. Så vil kanskje nokon innvende med at sjølv om nynorsken står temmeleg støtt, er han på retur. Det stemmer ikkje. Jamt over er situasjonen for nynorsk rimeleg stabil. Rett nok har der dei siste par tiåra vore ein gradvis nedgang i talet på nynorskelevar i grunnskulen, men dei siste fire–fem åra har talet vore ganske stabilt. Ein kan vel ikkje bruke nynorsk til noko utanom skulen? Nynorsk er eit språk som kan brukast til alt, og som vert brukt til det meste. Over heile Noreg er det mange som brukar nynorsk til alt, i kvardagslivet og i jobbsamanheng. I dei fleste yrke der du ikkje lyt bruke eit anna språk enn norsk, kan du bruke nynorsk, so lenge arbeidsgjevaren din ikkje nektar deg det . Som journalist, advokat, revisor, lærar, informasjonsrådgjevar og i ei rekkje andre jobbar kan det vere ein konkurransefordel å kunne nynorsk og kunne veksle mellom nynorsk og bokmål. Nynorsk kan altso brukast til alt. Det er snarare eit spørsmål om kva me vel å bruke nynorsk til og kvar me vel å bruke nynorsk. Og det er eit val me alle kan ta, både som enkeltmenneske og som samfunn. Kva skal vi med sidemål? Kan ikkje berre nynorskfolka lære nynorsk, også kan bokmålsfolka lære bokmål? Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg, og du skal kunne vere bokmålsbrukar eller nynorskbrukar kor som helst i Noreg utan at språket er noko hinder for deg. For at det skal fungere må bokmålsbrukarar kunne nynorsk, og nynorskbrukarar må kunne bokmål. Dessutan bør alle ha høve til å velje kva språk ein vil ha resten av livet. Viss ein lærer bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål på ungdomsskulen, kan ein velje å ha nynorsk som hovudmål på vidaregåande og som vaksen. Viss ein skal kunne velje, må ein ha lært båe språka.

s.9


Tidsplan Vervekampanjen startar måndag 20. august, og varar heilt fram til sundag 23. september. Det betyr at de har litt over ein månad til å verve ein heil haug med nye medlemmar. Her er nokre nokre tips til kva som kan vere lurt å gjere både før og under kampanjen.

Studentmållaga Studentmållaga tjuvstartar kampanjen allereie 13. august. I høve studiestart og fadderveke har mange universitet og høgskular standtorg av ymse slag på campus. Hit kjem dei nye studentane for å sjå kva dei kan engasjere seg i, og der kan de stå med ein nydeleg stand og seie at her! her kan de engasjere dykk <3 Desse standtorga har ofte ein påmeldingsfrist før sumarferien. Difor bør de ha ein slik tidsplan: Før du tek sumarferie: Meld dykk på standtorget (eller standtorga, viss det er fleire) Syt for at de har nok materiell til å stå på stand (viss de treng meir må de hugse å tinge meir), og at det er tilgjengeleg for dei som skal stå på stand etter sumarferien Finn ut kven som planlegg å vere attende i studentbyen når standtorget skal vere, og avtal kven som skal vere med Finn ut om de vil ha ein sentralist med på stand (vi kjem gjerne!), og ta kontakt for å gjere avtale. Etter sumarferien: Lag ein god plan for standen, gjerne inspirert av standskulen Planlegg eit ope møte etter standen Lag facebookhendingar for standen og møtet og inviter alle venene dine (og få alle i styret til å gjere det same)

Elevmållaga Rundt skulestart får skulen din ein heil haug med nye elevar. Det tyder at lokallaget ditt får ein heil haug nye potensielle medlemmar. Desse kan de prøve å verve! Det finst mange måtar å gjere det på, men ei suksessoppskrift er slik: ha ein stand på skulen, gjerne i lag med ein sentralist, og inviter til eit ope møte etterpå. Les meir om dette i standskulen. For å førebu kan det vere lurt å gjere dette: Før du tek sumarferie: Ta kontakt med nokon av oss sentralt og spør om vi vil kome til skulen din og stå på stand Sjekk om de har nok materiell til å stå på stand (viss de treng meir må de hugse å tinge meir), og at det er tilgjengeleg for dei som skal stå på stand ved skulestart Avtal ein dato Etter sumarferien: Planlegg eit ope møte etter skuleslutt, gjerne same dag som de skal ha stand Spør skulen om de får lov til å ha stand på skulen Lag ei facebookhending for standen og for det opne møtet Få folk som allereie er medlemmar i lokallaget til å vere med og stå på stand

s.10


Korleis avtale vitjing? Lokallagsskrivaren og sentralstyremedlemmane vil gjerne vitje ditt lokallag og hjelpe dykk med å verve! Slik ordnar vi det: Ta kontakt med skrivarstova (sjå korleis på side 12).

Døme på e-post:

Hei! X Målungdom vil gjerne ha med ein sentralist når vi skal stå på stand og ha ope møte. Vi vil gjerne ha ein vervedag i veke 35 eller 36, og det passar best på tysdagar, onsdagar og torsdagar, for då har vi lange friminutt. Vi vil ha stand i friminuttet frå frå klokka 11 til klokka 12, og eit ope møte etter skuleslutt klokka 14.30. Frå hausten av kostar det 1000 kroner for eit lokallag å få vitjing av ein som sit i sentralstyret, eller ein som jobbar for Norsk Målungdom. Det er for at det skal koste like mykje for eit lokallag som ligg nært Oslo å få vitjing som for eit lokallag som ligg langt vekke frå Oslo, og som er dyrt å reise til. De kan søke frifond for å dekke dette. Les om korleis de kan søke frifond på side 12. Viss lokallaget ditt av ein eller annan grunn ikkje har høve til å betale, kan sentralstyret vurdere om de kan sleppe å betale dei 1000 kronene.

Tilfang NYNORSK:

Berre fint i dikt

Vervekort

Myteknusarballong

Flygeblad Jakkemerke

Klistremerke

s.11


Frifond

Frifond er ei støtteordning som skal gjere det enklare å drive med friviljug aktivitet der du bur. Lokallag i Norsk Målungdom kan søke frifond for å ha kampanjar, filmkveld, nynorskkurs, tacokveld, vaffelstand, bannermaling eller juleavslutning. Til dømes. De kan søkje både driftsmidlar og prosjektmidlar. Prosjektmidlar er den støtteordninga der de kan søkje støtte til konkrete tiltak og tilskipingar. Driftsmidlar er tilskot til kontormateriell, papir og ymse andre utloger som ikkje er eit prosjekt. Alle lokallag har høve til å søkje om opptil 5000 kroner i driftsmidlar, medan det ikkje er noko over grense for prosjektmidla. For søknadar på under 3000 kroner treng de ikkje å leggje ved budsjett, men søkjer de meir, lyt de skrive eit lite budsjett over kva de vil bruke pengar på og kvar de skal få pengane frå. De kan søkje fleire gongar i laupet av året. De finn ein standarsøknad på nettida vår www.målungdom.no/Organisasjon/lokallag. Søknadar sender de til skriv@nynorsk.no. Hugs at de ogso kan søkje pengar hjå lokale mållag, kommunen og andre tilskotsordningar i dykkar område. Midlane skal brukast til lokal aktivitet, og kan soleis ikkje brukast til reise og opphald på landsmøtet i Norsk Målungdom. Dessutan kan ikkje midlane brukast på rusmiddel, løn av tilsette, innsamlingsaktivitet eller bygging av eigenmiddel.

Kontakt oss!

Treng de hjelp med noko? Vil de tinga tilfang? Avtala ei vitjing? Send ein e-post til skriv@nynorsk.no, so skal me hjelpa deg. Du kan òg ta kontakt med vervekampanjenemnda som består av skrivar og lokallagsskrivar i Norsk Målungdom. Du finn kontaktinformasjonen deira her:

Eline Bjørke Skrivar Tlf: 47659738 E-post: eline@nynorsk.no

Anna Sofie E. Valvatne Lokallagsskrivar Tlf: 45278775 E-post: annasofie@nynorsk.no

s.12

Vervekampanjen: ressurspakke  

Her får du tips og triks til korleis du og lokallaget ditt kan bli supervervarar!

Vervekampanjen: ressurspakke  

Her får du tips og triks til korleis du og lokallaget ditt kan bli supervervarar!

Advertisement