Motmæle 2.20

Page 24

24

HÆGSTADNORMALEN - GRUNNLAGET FOR ALLE SEINARE NYNORSKRETTSKRIVINGAR FELIX KNUTH

S PR Å K

I

det 19. hundradåret nytta målfolk eit samansurium av snart veldug gamaldagse, snart meir moderne former av norskt mål, men i dei aller fleste tilfelli var skrivemåtarne prega av verki til Ivar Aasen – den fyrste som skapa eit samlande norskt skriftmål heilt sidan den gamle norrøne skrifttradisjonen hadde døytt ut seint på 1500-talet og dansken var vorten einerådande som skriftmål i Noreg. I 1901 kom det ei offisiell nynorskrettskriving for fyrste gong. Nemndi som skulde utarbeida denne fyrste nynorskrettskrivingi, vart samd um grunndragi åt det grammatiske systemet til rettskrivingi og skrivemåten av ordstomnarne. Jamvel um nemndi kunde samla seg um å byggja vidare på Aasens grunn, var det usemja um endingsverket. Det fanst tvo haldningar blant dei tre medlemerne i rettskrivingsnemndi

og begge dei tilsvarande rettskrivingarne vart offisielle i 1901. Rasmus Flo og Arne Garborg lagde fram den sokalla midlandsnormalen med eit nytt endingsverk på grunnlag av midlandsmålføri, dei vestvende austnorske bygdemålføri, med mange språklege drag som var sers uvanlege i skrift. Derimot sette Marius Hægstad – som var professor i nordisk språkvitskap – upp ei rettskriving som låg tettare upp til dei ordformerne Ivar Aasen hadde nytta i «Norsk Grammatik» og som hadde vorte nytta av mange målfolk utyver andre helvti av 1800talet. Hægstad hadde alt skrive ein stutt landsmålsgrammatikk som kom ut for fyrste gong i 1879 og vart gjeven ut i nye utgåvor med jamne millomrom. I det fyrste upplaget til denne grammatikken greidde han ut um ei helder konservativ utgåva av landsmålet med språkdrag som fleirtalsformer av verb (eg gjeng / me ganga) i notid og serskilde hokynsformer i fleirtal av adjektiv (rike menn / rika kvinnor). Jamvel um hægstadnor-

malen, som vart lagd fram um lag 20 år seinare, ogso låg tett upp til Aasens ordformer, var det ein del mindre skilnader og bortfall av grammatiske kategoriar som gjorde målsystemet enklare. Det skulde til dømes ikkje vera skilnad millom ulike talformer av verb lenger, ikkje t-ar i supinumsformer og nokre adjektiv/ pronomen (hev lese istf. hev leset, eige istf. eiget) og e som endingsvokal i alle hokynssubstantiv og -adjektiv (kvinnorne istf. kvinnorna hjå Aasen). I framlegget frå året 1899 der grunndragi til både midlandsnormalen og hægstadnormalen vert lagde fram, gjeng Hægstad til hardt åtak mot midlandsnormalen med dei uvanlege formerne sine (som viku, nemndine, barne istf. vika, nemnderne, barnet): «Men naar alt er so, synest det vera altfor vaagsamt aa taka slike former, ubrukte fyrr i skrift, uklaare og vande aa læra, inn i skulebøker, solenge det finst greide norske former, lettvinte for kvarmann aa læra, og som i meir enn ein mannsalder hev vortet brukte av bokskrivarar som hev skrivet

um alle slags emne og fenget ein god dom innanfor heile bokheimen.» Det enda med at det var hans normal som vart vedteken som hovudnorm av Kyrkje- og undervisingsdepartementet, og sannsynlegvis spela det inn at formerne var kjende i motsetnad til endingsverket i midlandsframlegget. Midlandsnormalen vart tillaten for skularne, men det var ikkje mange som tok honom i bruk. Dimed var det hægstadnormalen som vann denne vesle rettskrivingsstriden og dei fylgjande rettskrivingsreformerne (den fyrste berre ni år seinare) var samnorskbrigde av hægstadnormalen. Illustrasjon: Lakowska

Marta


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.