Page 1

MOTMÆLE

01•18 NR 88

GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM • FRAMHALD AV EG • 32. ÅRGANGEN • 30 KR

Løvebakken Målungdom? Tre målungomar som er valde inn på Stortinget, inviterte Norsk Målungdom på vitjing! side 4

Skriv nynorsk – syng dialekt For artisten JON OLAV frå Barstadvik er det naturleg å bruke si eiga dialekt framfor engelsk. Motmæle har teke ein prat med han! side 5

Den fyrste vinterleir … Korleis er det å vera på vinterleir for fyrste gong?

SIDE 16

Knus nynorskmytane I kampanjeveka i år gjaldt det å knuse seigliva og fordomsfulle mytar om nynorsk. Les om korleis ulike lokallag gjekk fram! Side 14

NYNORSK

Er dialektendring eit problem? Det spørsmålet stilte Eirik Andreas Albretsen folk i Sogn. Les kva han fann ut. side 8–9

BOKMÅL

Nytt kart – ny målstrid? Nye kommunegrenser kan bety ny målstrid.

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, POSTBOKS 285 SENTRUM, 0103 OSLO

SIDE 17


2

MOTMÆLE 1 – 2018

bladstyrarteigen

Harry potter

D

en typiske målungdomen heiter Ingvild Førde, er fødd i 1994 og bur i 6823 Sandane. Det er i alle fall slik at det mest frekvente førenamnet for betalande medlemmar i Norsk Målungdom i 2017 var Ingvild. Førde var det mest frekvente etternamnet, 6823 var det mest frekvente postnummeret, og 1994 var gjennomsnittsfødselsåret. Dette er mellom anna ein konsekvens av at Firda Målungdom er eit digert lokallag i Norsk Målungdom. Firda Målungdom held til på Firda vidaregåande skule, som har postnummer 6823. I omlanda rundt Firda vidaregåande skule er Førde eit relativt vanleg etternamn, ja faktisk ser det ut til at alle medlemmane som har Førde som etternamn, er eller har vore i Firda Målungdom. At den typiske målungdomen har eit jentenamn, er heller ikkje tilfeldig. I 2017 var 62 prosent av medlemmane kvinner. At ho heiter Ingvild, har beint fram å gjere med at Ingvild har vore eit relativt populært jentenamn på 90-talet. Snittalderen i Norsk Målungdom har gått ned det siste året, og vi har verva mange medlemmar i ungdomsskule- og vidaregåandealder. Slik sett skulle ein kanskje tru at gjennomsnittmedlemmen var fødd seinare enn 1994. Men vi har om lag 150 medlemmar som er eldre enn 30 år, og 9 av desse er over 60 år gamle. Det er nok på grunn av desse at Ingvild Førde er i tjueåra, sjølv om vi har verva mange unge medlemmar i det siste. Ingvild Førde seier ein del om organisasjonen Norsk Målungdom, men det er òg mykje ho ikkje kan fortelje oss. Vi har medlemmar registrerte på postnummer frå Mandal sør i Agder til Kongsfjord nord i Finnmark. Dessutan har vi faktisk eit knippe medlemmar registrerte på adresser i utlandet. Vi har lokallag i 14 fylke, på ungdomsskular, vidaregåande skular og ved høgare utdanningsinstitusjonar. Vi har fotballentusiastar, korpsfolk, fysikkgeni, folkedansarar, rockarar, friluftsfolk, dataspelarar, yogainstruktørar, bondeknølar og kulturelite, og alt imellom. Norsk Målungdom er ein mangfaldig organisasjon. Eline Bjørke

Norsk Målungdom Postboks 285 Sentrum 0103 OSLO E-post: skriv@nynorsk.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109

Montasje: Vegard Storsul Opdahl

leiarteigen

Og bakom syng minoritetsspråkpakta …

S

kal me gå for språksikring eller jamstilling? I dag er dette det største spørsmålet for målrørsla. Kvar vert det av ordskiftet? Jamstillingsvedtaket i 1885 er den største og sprøaste nynorsksigeren. Det norske folkemålet vart jamstilt med dansken. Nynorsk var då eit pitte lite språk for ei handfull entusiastar, medan dansken var språket alle las og skreiv. Dette rablande galne vedtaket la grunnlaget for resten av gjennomslaga målrørsla har hatt sidan. Sjølv om ordskiftet har gått høgt om eittspråksline, tospråksline, nasjonal line og sosial line, har éi line lege fast: Jamstilling er vegen til målet. Språksamfunn me likar å saman-

Bladstyrar: Eline Bjørke Bladstyret: Nora Klungresæter Fredrik Heimsæter Henrikke Madeleine Furu Anna Sofie Ekeland Valvatne Vegard Storsul Opdahl Bladbunad: Vegard Storsul Opdahl

likna oss med – som dei rundt samisk, walisisk og Canada-fransk – vil ha ein språkpolitkk der staten skal sikra deira språk. Dette prinsippet ligg til grunn for Den europeiske pakta om region- og minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). Pakta pålegg staten Noreg å taka ansvar for dei samiske språka, kvensk, romani og romanes. Kva hindrar oss i å melda inn nynorsk som eit regionspråk i minoritetsspråkpakta? Nynorsken er jo eit språk med solid fundament i eit konkret, geografisk område, og reglane i minoritetsspråkpakta vil truleg gjeva nynorsken sterkare vern enn i dag. Hindringa er ideologien og ideen bak nynorsken: Nynorsken er eit språk for heile Noreg, eit språk som faktisk er norsk, og som byggjer på dei norske dialektene. Den nynorske draumen rommar meir enn Vestlandet og dalstroka utanfor. Sjølv om det nærmar seg førti år sidan Noregs Mållag fekk til ei offensiv skulemålsrøysting, lever framleis ideen om at nynorsk i framtida skal verta eit større språk med eit større område. Det er ikkje for inkje at Norsk Målungdom i gode, sinte gamledagar kalla språket (ny)norsk – nynorsken er for heile Noreg. Medan jamstilling sikrar nynorsk som eit språk for heile landet, men

Korrektur: Vegard Storsul Opdahl Prenteverk: Sogn og Fjordane avistrykk Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på skriv@nynorsk.no.

ikkje sikrar kjerneområda, sikrar språksikring kjerneområda – men kan setja nynorsk som nasjonalspråk på spel. Her er ein stor, prinsipiell diskusjon som det er bra me tek internt før me skal kjempa for nye sigrar eksternt. So kvar vert det av ordskiftet? Norsk Målungdom tek delar av ordskiftet i mars. På landsmøtet vårt i Drammen skal me taka stilling til ei mengd saker der me må velja mellom tiltak som sikrar nynorsken spesielt, og tiltak som sikrar jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Skal nynorskelevar få ekstrapoeng på vidaregåande om dei held på nynorsken? Skal det vera vanskelegare å velja bokmål for foreldre i nynorskområde og lettare å velja nynorsk for foreldre i bokmålsområde? Skal nynorsk meldast inn som regionspråk i minoritetsspråkpakta? Om me vel å argumentera ut frå jamstilling, språksikring eller noko midt imellom, har store konsekvensar for korleis me skal arbeida for nynorsken i åra som kjem. Viss du vil ha eit ord med i laget, vonar eg du kjem på landsmøtet! Fredrik Hope leiar i Norsk Målungdom fredrik.hope@nynorsk.no

Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.


MARS

lokallagsoversyn

3


4

nyheiter

MOTMÆLE 1 3 – 2018 2015

Målungdommen på stortingssafari Bjørg Karin Dysjaland

E

L Ø V E BA K K E N

in torsdags ettermiddag i januar stod 13 håpefulle målungdommar tidleg klare på Løvebakken. Som ivrige Motmæle-lesarar sikkert fekk med seg før jul, er det no etter valet i haust fleire målungdommar blant dei 169 representantane på Stortinget. I januar inviterte dei oss på omsyning inne på Stortinget. Tore Storehaug (som representerer KrF og Sogn og Fjordane) kom ut for å møta oss og losa oss inn gjennom sikkerheitskontrollen. Kontrollen verka nesten like streng som på flyplassen, men eg trur kanskje du hadde fått lov til å ha med ei vassflaske inn på Stortinget. For å koma vidare inn måtte me visa ID og få namneskilt, så her var ting på stell. Vel inne møtte me Marit Knutsdatter Strand (som representerer Sp og Oppland) og Solfrid Lerbekk (som representerer SV og Rogaland). Me fekk servert kaffi, før me hadde eit møte der me alle presenterte oss og stortingsrepresentantane sa litt om korleis dei blei medlem i målungdommen. Både Marit Knutsdatter Strand og Tore Storehaug hadde vore medlem i fleire år, medan Solfrid Lerbrekk blei medlem i valkampen. Dei var samde om at språkpolitikk er viktig politikk, og dei var glade for å få prata med oss målungdommar. Alle tre er nye på Stortinget etter førre stortingsval, og på møtet fortalde dei om korleis det er å vera ny på «tinget». Me fekk høyra at det kan vera hektisk, men spennande. Vidare fortalde dei at dei må gjera prioriteringar heile tida, og at det er mogleg å gøyma seg vekk og gjera ein god jobb på kontor og møte, men at ein som politikar òg bør prioritere å visa til media at ein gjer godt arbeid.

Målungdomsdelegasjonen utanfor løveporten. Alle foto: Eline Bjørke

Stortingsrepresentantane tipsa oss dessutan om at det kan vera enkelt å påverka politikarar, ofte er det berre eit spørsmål som skal til. Som stortingsrepresentantar må dei ta stilling til mykje, og dei har ikkje høve til å setja seg like godt inn i kvar sak. At Målungdommen tek kontakt og ber dei følgja med litt ekstra i nokre saker, kan vera avgjerande for at dei røystar som me vil. I møtet var stortingspolitikarane opptekne av å høyra kva me målungdommar tykte var viktig, og me nytta høvet til gode diskusjonar om språkpolitikk med dei som har makta til å gjera noko med det. Framover skal nemleg Stortinget revidera opplæringslova, og ei lenge varsla ny språklov er venta å erstatta mållova. Desse lovene rommar

Marit Knutsdatter Strand representerer Sp og Oppland.

så å seia alle rettane til nynorskbrukarane, så det vil vera viktig å halda tunga beint i kjeften når Stortinget skal revidera opplæringslova og skriva ny språklov. Om ikkje lenge kjem det dessutan ny læreplan, og me må passa godt på at ikkje sidemålskarakteren forsvinn frå norskfaget. Etter eit møte med god diskusjon var me rundt på omsyning på Stortinget. Me fekk sjå eit typisk kontor og lærte at dei fleste representantane har ein sofa på kontoret sitt. Der kan det hende dei søv over etter dei lengste møta. Dessutan har dei treningssenter i kjellaren og fjong restaurant, så dei kan nesten bu på Stortinget om dei vil det. Det er heller ikkje tilfeldig kven som har kontor kvar på Stortinget. Etter nytt stortingsval er det den parti-

Solfrid Lerbrekk (midten) representerer SV og Rogaland.

gruppa som fekk flest mandat, som får velja kontorfløy først. Me fekk sjølvsagt sjå sjølve Stortingssalen. Representantane våre peikte ut kvar stortingskjendisane har fast plass, og lærte oss at representantane sit plasserte etter fylke, ikkje parti. Dessutan fekk me høyra at det ofte går fort føre seg når dei skal røysta, og at det hender at folk røystar feil. Før stortingsrepresentantane våre måtte springe vidare, fekk dei kvar sin mangfald-kaps i spreke fargar. Og dei oppmoda oss om at dersom me hadde noko på hjarta som dei kan og burde gjera noko med – send ein e-post!

Tore Storehaug representerer KrF og Sogn og Fjordane.


intervju

MARS

5

Motmæle-intervjuet:

JON OLAV – Eg meistrar mi eiga dialekt på eit heilt anna nivå enn engelsk. Tekst: Anna Sofie Ekeland Valvatne

J

on Olav Sandal (22) frå Barstadvik i Møre og Romsdal fekk den fyrste smaken på musikk då han var rundt fem år. No syng folk med på tekstane hans medan han reiser rundt og held konsertar. – Søskenbarnet mitt fekk lov til å lære litt gitar av mi kjære mormor. Sidan eg på det tidspunktet gjorde stort sett alt som han gjorde, skulle eg også lære gitar. Så det heile starta eigentleg i stova til mormor og bestefar med visa «Jo mere vi er sammen», fortel Sandal. I dag kjenner folk han nok betre som artisten JON OLAV, som kom ut med den samfunnskritiske songen «Hei Erna» rett før stortingsvalet i 2017. Songen handlar hovudsakleg om klimapolitikk, men òg om at musikk ikkje berre må handle om «tits og ass». – Eg som privatperson og artisten JON OLAV har nok både mange fellestrekk og samstundes ein del ulikskapar. Likskapstrekka er vel kanskje engasjementet i samfunnet og spesielt klimaproblema som vi står overfor. Den største forskjellen er nok at eg er mykje meir konfliktsky på privaten enn det eg er i songane mine og på scena.

Sidan «Hei Erna» kom ut, har det blitt mykje speling. Sandal synest det er vanskeleg å trekkje fram ein spesifikk konsert, sidan dei alle er så forskjellige, men trekkjer likevel fram éin. – Eg og bandet var nyleg i Trondheim og spelte på festivalen Trondheim Calling. Det var ei vill oppleving! Det er utruleg kjekt å få reise rundt og møte alle som høyrer på musikken min. UTFORDR A AV SONG L ÆR ARE N JON OLAV syng på dialekt og skriv nynorsk. Det var den dåverande songlæraren hans som utfordra han til å skrive ein song på hans eiga dialekt og sjå kva som skjedde då han gjorde det. – Resultatet var at det var såpass naturleg at eg meir eller mindre slutta å skrive på engelsk og byrja med dialekt. Det blir meir rom for å skrive gode tekstar. Eg meistrar mi eiga dialekt på eit heilt anna nivå enn engelsk. For JON OLAV var det aldri eit spørsmål om han skulle skrive på bokmål eller nynorsk. – Det hadde blitt litt rart. Nynorsk og vestlandsdialekta er trass alt estetisk mykje finare enn bokmål!

ei stor rolle i musikken hans. Det gir nemleg særpreg og fortel noko om heimstaden hans. For nokon vert språket til og med eksotisk. Han seier at det er ei sterk linje mellom språket og identiteten han. – Språket fortel ein del om kvar eg kjem frå – og kvar eg kjem frå, fortel mykje om meg. Heimstaden min har vore med på å forme den eg er, og den eg skal bli. Han held fram og fortel at det er viktig for han å halde på dialekta for å ta vare på det språklege mangfaldet i Noreg. – Dette er noko eg vil syne fram til folk, smiler han.

E K SOT ISK SÆRPREG Sjølv tenkjer Sandal at språket spelar

MYK JE NY T T I 2018 JON OLAV har store planar for 2018.

Han skal mellom anna spele på by:Larm, i tillegg til andre konsertar og festivalar. Samstundes som han reiser rundt og spelar, jobbar han med ny musikk. – Eg kan diverre ikkje snakke om alt heilt enno, men eg kan med tryggleik seie at de kjem til å høyre mykje ny musikk frå meg i år. Det er jo litt dumt at Karpe Diem ikkje får noko konkurranse heit i toppen der, avsluttar han med eit glis.

#månadenslokallag

I

januar har det verkeleg vore mykje fin lokallagsaktivitet! Me har hatt ei super kampanjeveke der me har hatt klistremerkeaksjonar og standar over heile landet. Alle har vore utruleg flinke, difor har det vore veldig vanskeleg å kåre #månadenslokallag denne gongen òg. Ein vinnar må me likevel ha, og denne gongen fell det på det nyskipa lokallaget Bergen Målungdom! Dei gjorde ein ekstra innsats i kampanjeveka, der dei hadde stand på to skular, hadde opptil fleire klistremerkeaksjonar, verva nye medlemmar og hadde årsmøte. Dei har verkeleg stått på i januar, og det ser ut til at dette kjem til å halde fram i februar. FANTASTISK! Neste månad håpar me å sjå like mykje aktivitet og moro frå alle! Dessutan vil me oppmode alle lokallag til å skaffe seg Instagram-konto og hugse å bruke emneknaggen #månadenslokallag, så får alle ta del i NMU-kvardagen dykkar.


6

prat

MOTMÆLE 1 – 2018

Hedda

Diverre er det slik i dag at mange lærarar ikkje kan nynorsk skikkeleg. Korleis påverkar dette eigentleg elevane? Og kva kan me gjere med det?

Lærarar må bli flinkare til å nytte nynorsk, sidan det er eit av skriftspråka våre. Det gjeld for å gje best mogleg undervisning til elevar som nyttar både nynorsk og bokmål!

Me tok ein prat med Hedda Eia Vestad, leiar i Pedagogstudentane, og Rahman Akhtar Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen for å høyre kva dei tenkjer om saka!

Rahman Eg trur elevar som ikkje har eit nært forhold til nynorsk (spesielt vi frå Oslo) får eit meir distansert forhold om dei ikkje får ei heilskapleg nynorskundervisning. Og kjem du opp til eksamen (som forresten er ein utdatert veruderingsform) er du gjerne veldig dårleg førebudd.

Hei Hedda og Rahman! Kva tenkjer de eigentleg om lærarar som ikkje kan nynorsk skikkeleg? Hedda Hei Anna Sofie! Eg tenkjer av vi lærarane må kunne nynorsk skikkeleg for å gje elevane våre den opplæringa dei skal ha! Rahman Hei! Eg trur nok Hedda veit best kva som kan gjerast for å ruste lærarar til å undervise på båe målformar, men elevar har ein lovfesta rett på god undervisning, så det at det er mange elevar i landet som ikkje får god undervisning i nynorsk er ikkje haldbart! Hedda Men lærarstudentar får jo heller ikkje den undervisninga dei treng i nynorsk, og det går utover elevane i skulen

Korleis påverkar dette elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål, trur de? Hedda Eg er redd dei får eit dårlegare opplæringstilbod enn dei skal ha

Hedda Eg har forståing for at det er vrient når du sjølv ikkje nyttar språket i det daglege og sjølv har hatt dårleg undervisning i nynorsk – men som lærar har du eit ansvar for å sørgje for at elevane får god opplæring!!! Ein lærar som ikkje kan nynorsk godt nok er ikkje særleg gode ambasadørar for det og kan gjere skade på elevane sin motivasjon Rahman Men Hedda, trur du dette er eit problem ein må ta tak i på lærarutdanninga, eller som vi kan løyse på lærarromma rundt i landet? Med andre ord: ligg problemet i utdanninga, eller i undervisninga dag-til-dag? Hedda Kanskje ein må tenkje at nynorsk ikkje berre skal handle om gramatikk? Det gjer ein ofte i opplæringa... Hedda ÅHedda bli eksponert for nynorsk som noko ein naturleg nyttar i tekstar, bøker og ein fin del av norske tradisjonar, kultur og historie.. at nynorsk er meir enn berre ei ordbok og nokre prøver... Det trur eg gjeld for både lærarstudentar og for elevar i skulen!


MARS

prat

7


8

talemål

MOTMÆLE 1 – 2018

Dialekt i endring – eit problem? Eirik Andreas Albretsen

I

TA L E M Å L

haust hadde eg eit prosjekt der eg undersøkte endring i sognemålet og til kva grad det gir meining å gjennomføre ulike tiltak. Eg såg på utviklinga i dialekta frå 1980-talet fram til i dag, der eg som referanse frå 1980 nytta boka «… sa sogningen til fjordingen» av Per Arvid Ølmheim. Eg fokuserte på korleis dialekter endrar seg generelt i Noreg, og spesielt i Sogn. Den 5. november til 6. november 2017 gjennomførte eg ei spørjeundersøking med Google Skjema, der 608 svar kom inn, etter deling i mellom anna ulike grupper på Facebook. Dei som svara, kan ha vore noko over snittet interessert i dialekt, noko som kan ha påverka resultatet. Kva er eit målføre? Det er også kalla dialekt og er definert som det nedarva talemålet innanfor eit geografisk avgrensa område. Ulikskapane i talemåla kjem fyrst og fremst av gamle geografiske og administrative grenser, i mindre grad i dag enn før. I dag er dei geografiske grensene relativt ubetydelege, og dialekter har grunnlag for å påverke kvarandre og verte meir einsarta. Dialekt har ulike funksjonar hjå folk. Identitet: Dialekt skaper identitet. Korleis ein pratar, gir tilhøyrsle til ulike sosiale grupper og geografiske område. Dessutan fell det meir naturleg å formulere seg på si eiga dialekt, noko som bidrar til at dialekta er ein viktig del av det å ytre meiningar og kjensler. Mykje merksemd rundt dialekt i sosial samanheng i Noreg er også med på å bygge stoltheit rundt det å ta vare på dialekta si. Kultur: Dialektene våre er ein viktig del av norsk kultur. Tradisjonelle forteljingar som eventyr er basert på ulike

Graf 2. målføre. Ikkje minst dannar dialekter ei linje frå generasjon til generasjon, og ulike fraseringar, uttrykk og lyder knyter band i arv. Skriftspråk: Til sjuande og sist er det det morsmålet som ligg til grunn for korleis ein uttrykker seg skriftleg, og kva ordtilfang ein vel å nytte. Når folk byrjar å snakke annleis, vil dei også føretrekkje å ordlegge seg på ein annan måte, noko som igjen kjem til uttrykk i rettskrivingsreformer. Når dialekter vert brukt på same arena, er dei i utgangspunktet konservative og endrar seg lite og over lang tid. Unntaket for dette er til dømes på internett og elles i media, på reiser, ved flytting til eit nytt område eller når ein lærer seg eit nytt fagspråk. Med dagens avanserte kommunikasjons- og transportmoglegheiter er hopehavet mellom dialektene mykje større enn før, og dei har då lettare for å påverke kvarandre og verte meir einsarta. Dei trekka som vert sett på som uviktige eller upopulære, vert sløyfa først. Kva endringar har skjedd i Sogn dei siste 30–40 åra, spør du? Blant anna er det blitt vanlegare å seie «å» i staden for «ao» i ord som på, då og små. Dessutan seier dei fleste i dag gul då dei før sa gol, og det er i dag sjeldnare enn før at ein høyrer ord som dagadn

Graf 2.

og fjedl. I-endingar på sterke substantiv i hokjønn og fleirtal er på veg ut av dialekta, og som eit resultat av at dette skjer over stort sett heile landet, vart endinga teken ut av nynorsk i 2012-rettskrivinga. Andre endringar som er verde å nemne, er at bruken av a-infinitiv går ned til fordel for e-infinitiv. KVIFOR VEL FOLK Å LEGGE OM, DÅ? Det er ein av tinga eg har spurt om i spørjeundersøkinga. Som vist på grafen (graf 1) er det overraskande mange som har lagt om rett og slett som resultat av manglande forståing. Difor lurte eg også på om det var noko ein kunne gjere for å forbetre forståinga mellom dialektene, og ein av arenaane som er kjend for læring, er skulen. Difor vart neste spørsmål ganske naturleg (graf 2). Her meiner storparten av deltakarane i spørjeundersøkinga at det gir meining å gjennomføre eitt eller anna tiltak. Det kom i tillegg inn 131 forslag til kva som kan gjerast i skulen. Her kom veldig mange gode forslag fram, og dei fleste forslaga gjekk på endring av undervisinga i skulen. Mange ville lære om dialekter i staden for sidemål, og gjerne gjennom å høyre på opptak av dialekter og snakke om den kul-

turelle verdien deira. Meir fokus på sidemål og dialekter i skulen var dei fleste samde om at hadde vore bra. Mange meinte også at auka kontakt med innflyttarar og innvandrarar og meir dialekt i innvandraropplæringa var nødvendig. Ein av dei arenaane som er veldig viktige for å eksponere dialekt, er dei ulike media som sosiale medium, radio og TV. Noreg er ganske gode på å bruke dialekt i nasjonale medium, men er vi gode nok? Det har spørjeundersøkinga gitt svar på (graf 3). Som grafen frå spørjeundersøkinga viser, er det tydeleg at dei fleste hadde likt å høyre dialekta si meir i media, men her er det vanskeleg å gjere alle nøgde. Det finst veldig mange dialekter, og då kan ikkje alle få like stor plass. Dessutan er det utruleg mange andre faktorar enn dialekt som spelar inn på kven som frontar dei ulike programma i TV og radio. Andre vanlege grunnar til å legge om var at det var ubehageleg eller upassande å bruke eiga dialekt. Mange meinte at i formelle samanhengar, og på Austlandet, var det upassande med dialekt. Sidan dialekt er munnleg, gir det meining at formelle samanhengar og dialekt ikkje går hand i hand. At befolkninga på Austlandet skal vere

Graf 3..


gamledagar

MARS

negative til dialektbruk, har ikkje ei like logisk forklaring, men i spørjeundersøkinga var det likevel fleire som hadde ein grunn. Dei hadde gjerne opplevd at det var ei førestilling på Austlandet om at dialekt var noko som blir lagt på språk, som gir det særtrekk og gjer det vanskelegare å forstå. Det vart også påpeika at mange har ei oppfatning om at det er legitimt å forvente at andre legg om fordi dei sjølve ikkje har dialekt. Den store majoriteten, heile 75 prosent, meiner derimot at dialekt korkje er ukult eller lite attraktivt i nokon som helst spesifikk samanheng. Dessutan meinte berre sjokkerande 2,3 prosent av dei som svara, at ein skulle legge om dialekta når ein flytta. Det er heilt tydeleg at dialekt er ein viktig del av identiteten til folk. ME N E R E NDR ING A EI T PROBLE M, OG BØR EIN G JERE NOKO? 35 prosent meiner at det er eit problem, medan 55 prosent meiner det ikkje er det. Rundt 10 prosent er usikre. Dette spørsmålet er det nok vanskeleg å svare eintydig på, ettersom det har so mange sider. Nokre kan meine at det er urovekkjande, men framleis ikkje eit problem, sidan det er heilt naturleg. Om ein bør gjere noko, var dei deltakande i spørjeundersøkinga endå meir usikre om. På spørsmål om ein ville ha støtta tiltak for å redusere utvikling og endring i utsette dialekter, svara rundt 35 prosent ja, 30 prosent nei, og 30 prosent «veit ikkje». Igjen er det eit spørsmål som ikkje er so lett å svare på utan å vite om det spesifikke tiltaket. Difor fekk deltakarane moglegheit til å komme med forslag til tiltak som dei tykte gir meining. Mange meinte at det ikkje var mogleg å tvinge folk, og ville difor ikkje føreslå tiltak, men det kom framleis inn nokre forslag. Hovudsakleg handla det om å stille dialektene i eit

positivt lys gjennom å eksponere dei meir gjennom media, og kanskje arrangere dialektleirar eller -kafear. Mange meinte også at lærarar og barnehagetilsette måtte vere meir klar over endring og kva konsekvensar det kan ha. Det er altso stor usikkerheit rundt kva ein kan og bør gjere for å redusere endring. Folk bryr seg om dialektene, men ser på utvikling som naturleg. Dei fleste vil ta vare på kultur- og identitetsaspekt ved dialektene, men ikkje forstyrre naturleg utvikling. For å konkludere: Vi veit at dialekter endrar seg som konsekvens av endring av arena, auka hopehav mellom regionar, manglande forståing og kunnskap, status og naturleg modernisering av til dømes fagspråk. Problema med dialektstoda i dag er at det er ein majoritet som veks fram på Austlandet, som trur at dei ikkje har dialekt, og at det er vanskeleg å forstå folk som har det. Manglande forståing og låg status gjer at mange mindre dialekter vert taparane. Er det eit problem at sognedialekta er i endring, og kan vi risikere å miste ein viktig kultur- og identitetsbyggjar? Nei, det er naturleg. So lenge ingen vert tvinga til å legge om for å verte forstått, og alle har eit morsmål dei identifiserer seg med, er det i grunn ikkje eit problem. Det finst likevel tiltak ein kan iverksette. Det gir meining å fokusere meir på dialekt i media og skule, for å auke forståing og status, og for å ta vare på språkmangfaldet. Slik vert det fint å vere dialektbrukar i Noreg.

Kjelder Per Arvid Ølmheim: «… sa sogningen til fjordingen». Utgitt i 1983 av Sogn Mållag O.R. Sælthun, V. Gudvangen «i-endingane kan stå for fall». https://www.nrk.no/sognogfjordane/i-endinganekan-sta-for-fall-1.7242599. Artikkel for NRK, publisert 09.08.2010, klokka 20:49 K. Furberg «Hunkjønn kan dø ut». http://www. universitetsavisa.no/forskning/2017/10/11/ Hunkj%C3%B8nn-kan-d%C3%B8-ut-69510.ece. Artikkel for universitetsavisa.no, 11.10.2017, klokka 06:00 B. Mæhlum, G. Akselberg, U. Røyneland, H. Sandøy: Språkmøte – innføring i sosiolingvistikk. Utgitt i 2008 av Cappelen Damm D. Gundersen: «Dialekt». https://snl.no/dialekt. Artikkel for Store norske keksikon, oppdatert 04.10.2017

9

Mål og mimring Norsk Målungdom blei skipa i 1961. I Motmæle intervjuar vi tidlgare medlemmar i Norsk Målungdom. Denne gongen er det tidlegare leiar i Noregs Student- og Elevmållag (som skifta namn til Norsk Målungdom i 1972) Kjellaug Jetne som mimrar attende.

Namn og alder? Kjellaug Jetne, 74 år gamal. Kva tid var du aktiv i Målungdommen? Eg var aktiv i Målungdommen frå 1960 til utpå 70-talet. Først var eg i Trondheim, så i Oslo, seinare i Bergen og Tromsø. Kor? Store delar av 70-talet, med gradvis overgang til Noregs Mållag. Kva verv hadde du i organisasjonen? I Trondheim hugsar eg eg skreiv i avisa deira. I Oslo var eg leiar i Noregs Studentog Elevmållag frå 1966 til 1968. I Bergen var eg leiar i Studentmållaget, og eg var med og skipa Studentmållaget i Tromsø i 1972. Kva er ditt beste minne frå Norsk Målungdom? Det beste minnet mitt er kanskje at vi fekk elevmållaga til å gå mot amerikanarane i Vietnamkrigen. Kva var fanesakene då du var aktiv? Fanesakene var dialektbruk og nynorske lærebøker, og vi var aktive mot EU. I tillegg var arbeidet for Dag og Tid viktig. Kva var motivasjonen din for å melde deg inn? Eg melde meg inn i Mållaget fordi det hadde vore skolemålsstrid i heimbygda mi. Då vi flytta til Trondheim, var eg den einaste på heile skolen, Strinda gymnas, som hadde nynorsk til hovudmål. Far min var òg ivrig målmann. Korleis var aktiviteten i målungdommen då du var med? Det var god aktivitet i Mållaget. Eg treivst kanskje best i Bergen. Var det noka usemje i Målungdommen, i så fall om kva? Usemje var det, og det gjekk mest på det ideologiske. Marxist-leninistane var nasjonalistar, vi var meir opptatt av det sosiale. Dei hadde Stalin som det store førebiletet. Eg var med i styret i Sosialistisk studentlag i Oslo. I Bergen var Mållaget og Sosialistisk studentlag nes-

ten identiske. Korleis var det sosiale samhaldet i Målungdommen? I Oslo diskuterte eg etter møta mykje med konservative målfolk. Og eg vart invitert på festar i Studentvenstrelaget fordi eg kjente så mange frå Studentmållaget. Eg flytta over til Bergen fordi eg hadde treft han eg har vore gift med i nesten 50 år, på årsmøtet i Årdal i 1966. Eg treivst best i Bergen. Korleis var posisjonen til nynorsken då du var aktiv? Nynorsken var vel litt på tilbakegang i skolerøystingar og slikt. Men det var mange aktive mållag. Og det var store diskusjonar om korleis nynorsken skulle sjå ut, og om framtidsvonene. Korleis var det å vere målungdom i samtida? Det var ganske greitt å vere målungdom i samtida. Eg studerte norsk og filosofi i Oslo. Og der var det fullt akseptert. Elles var det jo ein del butikkdamer som var skeptiske til nordlandsdialekta mi. Ein to–tre år før eg kom til Oslo i 1964, var det heilt vanleg at folk frå Nord-Noreg slo om til bokmål når dei studerte i Oslo, det vart det heilt slutt på i denne tida. Det var spennande å vere ungdom i den tida. Det var store diskusjonar om brotet med foreldregenerasjonen, og vi mista mykje av respekten til dei som hadde vore autoritetar. Du var den første kvinnelege leiaren i Noregs Student- og Elevmållag. Korleis var det? Sjølv reagerte eg ikkje så mykje på at eg vart vald til leiar i Noregs Student- og Elevmållag. Eg var ganske aktiv, og det var vel nokon som foreslo meg på møtet som valde meg. Eg trur ikkje det var fleire jenter i styret … Er du framleis aktiv i målrørsla? Eg har vore ganske aktiv i målrørsla i Tromsø Mållag og i fylkesmållaget. No er eg styremedlem i Tromsø Mållag.


10

lokalt

MOTMÆLE 1 – 2018

Harry Potter – kven er det?

Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

Henrikke Madeleine Furu

E

KÅSERI

Norsk Målungdom på Instagram!

g må innrømme ein ting. Eg har aldri sett eller lese Harry Potter. Ja da, du las riktig. Jo da, harry potter har eg laga i kunst- og handverkstimane på skulen, men det er ikkje den typen harry potter eg skal snakke om no. For kva er det eigentleg eg trur går føre seg i Harry Potter? Trass i at eg aldri har sett filmane eller lese bøkene, er eg ganske sikker på at Harry Potter lever eit liv som trollmann og ikkje frilans keramikar. Det har seg gjerne slik at samtalar om Harry Potter nærmast er uunngåelege. Ein må gjerne svare på om ein trur ein passar best inn i husa «Griffing», «Håsblås», «Ravnklo» eller «Smygard» før ein får rokke å spurte vekk frå sam-

talen og ut døra i ein rasande fart for å kome seg vekk i tide. Eg visste det ikkje da, men eg hadde for siste gong i mitt liv sagt at eg aldri har sett eller lese Harry Potter. «Eg veit jo kva den handlar om da», sa eg. «Harry Potter handlar om ein gut som finn ut at han er ein trollmann, og så berre følger ein med på han resten av filmane. Det er vel den korte versjonen da.» Det var ikkje godt nok. Seinare i samtalen klarte eg til og med å seie at eg skulle få sett filmane. Eg har rekna meg fram til at det tar 19 timar og 36 minuttar å sjå alle filmane. Eg bruker nærmare 20 timar av livet mitt på å sjå desse filmane. Det er kanskje verdt det med tanke på at Harry Potter er ein av dei mest populære seriane som nokon gong har blitt laga, samstundes som eg får høve til å unngå alle framtidige utsegner som «Kva? Kvifor har du ikkje sett Harry Potter?». Foreløpig er det det sistnemnde som veier tyngst. Ein kjenner kanskje personen som tilsynelatande aldri går utan det raude og gule Griffing-skjerfet sitt, eller den

henrikkefuru vinterleir Vi kosar oss på

vennegjengen som stadig diskuterer om «krøllhornede snørkjuker» frå Harry Potter verkeleg eksisterer i Harry Potter-universet, eller om dei berre er ein myte. Sjølv om Harry Potter-serien er enormt populær, er det likevel ikkje alle som har blitt hekta på serien. Eg var eitt år da den første filmen, Harry Potter og de vises stein, blei gjeve ut. Naturlegvis såg eg han ikkje den gongen, men no, mange år seinare, innser eg at det kanskje er på tide. Dette er for den delen av gompefolket, som meg sjølv, som først nyleg har sett filmane, anten fordi ein var for ung eller for gamal, eller at ein av ein eller annan grunn først no har oppdaga det magiske Harry Potter-universet mange år etter venner og kjende. De er ikkje aleine. Om du er ein av dei som allereie har ein fot inne i universet, har du kanskje lyst til å rope ut at bøkene er mykje betre enn filmane, og at eg går glipp av noko, men eg starta altså på ein film-maraton. Eg tok omsider Galtvortekspressen inn i Harry Potteruniverset. Sa eg at eg tok Galtvortekspressen

ida_burn Bø Sommarland er kanskje stengt, men Bø Vinterna ld er jaggumegkje dumt det heller #n mu

inn i Harry Potter-universet? Eg meiner sjølvsagt at eg omsider hoppa ned i kaninhòlet. Nei vent, det er Alice i Eventyrland. Over fjella? Under trappene? Eg har høyrt noko om trapper. Ikkje overraskande inneheld filmen folk med spisse hattar. Ein får sjå Harry Potter som baby og blir kjend med familien hans. Onkel Wiktor Dumling hatar Harry Potter. Han hatar det enda meir når Harry får brev, og han prøver å øydelegge breva med eld. Onkel Wiktor elskar derimot søndagar fordi det ikkje kjem noko post på søndagar. Post-uglene som leverer breva til Harry, ser ikkje ut til å vere medlem av noka fagforeining, sidan dei må jobbe på søndagar. Vi får sjå verda gjennom Harrys auge. Han har ikkje fått kjærleik eller omsorg frå familien sin som barn. Ein kan forstå at han er litt vill og eventyrlysten. Om ein ser filmen som barn, er eg sikker på at ein ville elska å vere i trøbbel saman med han. Ein lærar om Galtvort og trollmannssamfunnet samstundes som Harry. Når ein ser filmen og er litt eldre, får ein verkeleg

smitromso skVi står på stand med #nynor legvis ent håp For ! dag i ar nus my tek hjå tar har vi knust nokre my studentane i Tromsø i dag!


lokalt

MARS

sympati for lærarane hans og absolutt alle andre ansvarlege vaksenpersonar Harry omgåst med. Ein kan ikkje klandre Harry for at han er litt vill. Han har hatt mykje motgang i livet, og dei han har stolt på, har vist seg å ikkje vere så ærlege som dei har gitt seg ut for å vere. Harry blir eldre i takt med at serien går framover, og ein følger hans veg mot å bli ein ung mann. Ein får eit innblikk i kor mykje han er villig til å ofre for dei han er glad i. Han er ikkje berre guten som overlevde, han er guten som vann hjarta våre. Ein scene eg verkeleg liker, er når Harry sit på toget på veg mot Galtvort og møter det som skal bli den beste vennen hans, Ronny, for første gong, og skal introdusere seg. «Ein trollmann? Eg er berre Harry. Berre Harry», seier han. Har han i det heile tatt sett filmen, eller? Fekk de med dykk det? No har plutseleg eg blitt den personen som nett sa: «Har du ikkje sett filmen, eller?» For ei utvikling. Eg skulle ønskje eg såg desse filmane da eg var litt yngre, og at eg var gamal nok til å vere Harry Potterfan da det verkeleg var populært. Eg lurer på om barndommen min hadde vore litt annleis om eg fekk vekse opp side om side med Harry, Hermine og Ronny. Eg har sett bilda av glade barn i kostyme på boksignering og filmpremierar og tenkt at det kunne vore meg. Eg kan berre tenkje meg kor frustrerande det må ha vore å vente lenge mellom bøkene og filmane kom ut. Eg er heldig sånn sett. Harry er kanskje hovudpersonen, men karakteren Hermine er ei smart og sterk jente eg verkeleg kunne ønskje eg hadde hatt som forbilde da eg vaks opp. Ho er alltid der for vennene sine og løyser sjølv dei vanskelegaste problema ho og vennene hennar står overfor. Utan henne hadde Harry kanskje ikkje klart seg gjennom alle utfordringane på Galtvort. Når problem dukkar opp, bør ein finne si indre Hermine. Plutseleg legg eg merke til referansar overalt, og til forandring forstår eg dei faktisk. Eg treng ikkje lenger å lure på kva ein «gullsnopp» er. Eg har

hopelaus Når kampanjeveka er på hell… #nynorskmyteknu sar #nynorskiOslo #målungdomensø valdri

lært mykje av å sjå Harry Potter-serien. Eg har kanskje lagt merke til ting og sett pris på ting eg ikkje hadde gjort i like stor grad om eg var litt yngre. Eit døme på det er at dei i filmen kallar eksamen for «heksamen». Eg er heilt einig med dei, iblant tenkjer eg òg at det er eit svært dekkande ord. Eg er glad eg såg Harry Potter no. Eg er litt sur for at ikkje eg har moglegheita til å handle skulesaker på «Diagonalallmenningen» for så å springe gjennom ein vegg og ta toget til ein magisk trollmannsskule, men livet er urettferdig, folkens. Trollmannssamfunnet har mykje å by på. Det ser veldig praktisk ut med ein flygande bil, men kan du tenkje deg å stadig få snakkande telegram frå mora di? Akkurat det trur eg at eg står over. Å sjå Harry Potter har vore som å bli transportert inn i ei anna verd. Det er ei verd der alt er mogleg, magi eksisterer og éin person kan endre alt. Stresset og maset frå vår eiga verd blir viska ut saman med alt av bekymringar. Ein blir så godt som trollbunden av serien. At eg først såg Harry Potter årevis etter at bøkene og filmane blei laga, betyr òg at eg er gamal nok til å ikkje ønskje at eg var Harry Potter. Han er ein trollmann, men han har òg masse press på seg når han må redde verda på eiga hand. Dei andre på skulen ertar han, foreldra hans lever ikkje lenger, tanta og onkelen hans hatar han. Sjølv om eg gjerne ville hatt moglegheita til å vere ein trollmann og skape orden i verda, synest eg i grunn det òg er heilt greitt at det einaste eg treng å få orden på i dag, er ein haug med skittentøy og oppvask.

11

Intervju på rundgang

Kristoffe rM

yklebust

Egset

K V EN E R DU? Eg er ein 19 år gamal kar frå Ørsta, og per no tener eg konge og fedreland på Setermoen leir. Eg sit i valnemnda for Søre Sunnmøre Malungdom og i valnemnda for Elevorganisasjonen Møre og Romsdal. Eg er òg midlertidig troppstillitsvald i Forsvaret. KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Eg vart invitert på årsmøtet til Søre Sunnmøre Målungdom i 2015 då eg forelska meg i målsaka og Mozell. Eg vart medlem og leiar samme dag. FORTE L L I T T OM DE N FØR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: Mi første tilskiping trur eg var landsmøtet i 2015, der eg møtte ein fantastisk gjeng med engasjerte og språkbevisste ungdomar. Eg vart kjend med målungdommar frå heile landet og føler meg heldig som kan dele ein dram Mozell med ein eller annan frå dei fleste fylka i landet. K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? På nattbordet mitt, eller i skapet mitt sidan me ikkje har nattbord på kasernen i leiren, har eg ei bok om Forsvaret. Eg har òg ei bok med namn Ready Player One av Ernest Cline. Eg har berre lese første kapittelet og er veldig spent. Dette er den første sciencefictionboka eg prøver meg på. SK JER DET NOKO SPE NNANDE I LOK ALL AG ET DI T T? I lokallaget mitt har det skjedd noko spesielt! Nett det same som skjedde for tre år sidan. Heile styret i lokallaget vart skifta ut, og den nye leiaren sitt første møte med SSMU var nettopp årsmøtet. Det nye styret er ein fantastisk gjeng, og eg er kjempespent på kva festlegheiter dei skal finne på. K V EN V IL DU G JE STAFET TPINNE N V IDARE T IL? Stafettpinnen vil eg sende vidare til Elias Opsvik, som var den som verva meg og har gitt meg mange gode og meiningsfulle opplevingar!

nikolaikrohne #nmuvinterleir med bittepittelitt snø

malungdom Takk for ein supe r #vinterleir2018! Me gler oss aller eie til neste år

firdamalungdom Styret har hatt møte i dag og n vi skal diskutert tacokvelden og kve sende til vinterleiren #månadenslokallag


12

landsmøtehelsingar

MOTMÆLE 1 – 2018

Y Landsmøtehelsingar Til lukke med landsmøtet!

Romsdal Mållag helsar landsmøtet! Lukke til i arbeidet for nynorsken!

Vi helsar NMU frå den tospråklege kommunen Sunndal.

Helsing Marnar Mållag

Romsdal Mållag

Sunndal Mållag

Til lukke med landsmøtet!

Til lukke med landsmøtet!

Til lukke med landsmøtet!

Helsing Austevoll Mållag

Helsing Fylkesmållaget Vikværingen

Helsing Nordmøre Mållag

Til lukke med landsmøtet!

Norddal mållag helsar til landsmøtet i Norsk Målungdom og ønskjer dykk lykke til med friske debattar og gode vedtak.

Lukke til med landsmøtet! Så bra at det no er målungdomslag i Hallingdal att!

Helsing Stord Mållag

Norddal Mållag

Helsing Gol mållag

Hald fram som de stemnar!

Til lukke med landsmøtet!

Til lukke med landsmøtet! 

folkedans l folkemusikk l korsong www.bergen.ungdomslag.no

 /ĂƌďĞŝĚĨŽƌŶLJŶŽƌƐŬƐŝĚĂŶϭϵϬϲ͘

Helsing Asker Mållag


film

MARS

13

Filmspalta

ved Gunnhild Skjold

Y

Film er kult! Det synest i alle fall eg, og i denne spalta skal eg prøve og smitte dokker med filmglede. Når eg ikkje er opptatt med å sjå på film, er eg leiar i Studentmållaget i Tromsø, lektorstudent og forkjempar for meir nynorsk undertekst på kino.

Stå på! DE N NOR SKE:

Helsing Bærum Mållag

HVA VIL FOLK SI (2017) Regissør: Iram Haq

Med: Maria Mozhdah, Adil Hussain

Norsk-pakistanske Nisha slit med å leve eit «vanleg» norsk ungdomsliv samstundes som ho lever opp til forventingane til foreldra sine. Ein kveld tar ho med seg ein kjærast heim, og når faren ferskar dei, tvingar foreldra Nisha med til Pakistan. Der skal ho bu hos familien og må tilpasse seg den pakistanske kulturen. Filmen er ei sterk historie om negativ sosial kontroll, som til dels er basert på regissør Iram Haqs eigne opplevingar. Sjølv om kidnappinga er eit av dei mest ekstreme eksempla, finst dessverre negativ sosial kontroll i mange miljø. Hva vil folk si blir dermed del av ein viktig samfunnsdebatt i tillegg til å vere ein god og gripande film.

Me helsar møtelyden og ynskjer lukke til med landsmøtet. Buskerud Mållag

Til lukke med landsmøtet! Helsing Alversund Mållag

Meland Mållag helsar landsmøtet i NMU

DEN UTANL ANDSKE:

CALL ME BY YOUR NAME (2017) Regissør: Luca Guadagnino

Med: Timothée Chalamet, Armie Hammer, Michael Stuhlbarg

Elio er 17 år og tilbringar sommaren i familiens sommarhus i Italia i 1983. Faren hans er professor og inviterer kvart år ein av studentane sine til å tilbringe sommaren saman med familien og hjelpe han med forskinga si. I 1983 er det Oliver som kjem, og han og Elio blir raskt fascinert av kvarandre. Filmen er vakkert filma og godt spelt, og kjemien mellom Timothée Chalamet og Armie Hammer som Oliver og Elio løfter filmen til eit høgare nivå, og Michael Stuhlbarg er også fantastisk som faren til Elio. Call Me by Your Name skapar ei nostalgisk og solfylt stemning som får deg til å gløyme at den kalde norske vinterlufta ventar utanfor.

Meland Mållag KL A SSIK ARE N:

DOBBELT ERSTATNING (1944) Regissør: Billy Wilder

Til lukke med landsmøtet! Helsing Sogn og Fjordane Mållag

Med: Fred MacMurray, Barbara Stanwyck Ein av noir-sjangerens største filmar er Dobbelt erstatning, og ein skjønar kvifor når ein ser han. Filmen opnar med at forsikringsmannen Walter Neff innrømmer at han har drepe ein mann for ei kvinne, men at han mista kvinna likevel. Han sit på kontoret og dikterer ei tilståing til kollegaen, som gjerne vil bevise at dødsfallet til den myrda mannen nettopp var eit mord. Da treng nemleg ikkje forsikringsselskapet å betale ut dobbelt erstatning til kona. Gjennom filmen får vi sjå korleis Barbara Stanwyck som den klassiske femme fatale-en Phyllis Dietrichson manipulerer Neff til å bli med på forsikringssvindelen. Om du er glad i krim, er dette ein klassikar som er verd å få med seg!


14

kampanje

MOTMÆLE 1 – 2018

Dette arbeidsåret har Norsk Målungdom arbeidd med kampanjen Nynorsk myteknusar. Vi har samla tolv nynorskmytar og knust dei på nettsida nynorskmyteknusar.no. Vi har mellom anna knust mytane om at nynorsk er eit lite språk, at nynorsk berre passar i dikt, at nynorsk er dyrt, og at nynorsk er eit konstruert språk. Teksten om at nynorsk er eit konstru-

ert språk, kan de lese her. I tillegg har vi hatt kampanjeveke, der mange lokallag skipa til ulike aksjonar for få merksemd. Her kan de lese kva dei nyskipa lokallaga Sumarøyo Målungdom og Haugalandet Målungdom gjorde i kampanjeveka.

Kampanjeveka

Nynorsk myteknusar Sumarøyo Målungdom Måndag 29. januar var Sumarøyo Målungdom på stand på Stord vidaregåande skule. Der delte me ut brosjyrar, klistremerke og jakkemerke og oppfordra elevar til å engasjere seg for målsaka. Me har òg hengt opp klistremerke frå kampanjeveka «Nynorsk myteknusar» rundt om ved skulen og i Leirvik sentrum. May Anita Hovland

Haugalandet Målungdom Ettersom januar var ein månad dedisert til nynorsk på skulen vår, nytta Haugaland Målungdom denne tida til å reklamere for lokallaget. Måndag 29. januar vart det halde eit pizzamøte på Vardafjell vidaregåande skule, der målet var å informere om kven me i Norsk Målungdom er og kva me står for, og me håpa å rekruttera nokre nye medlemmar. Det kom ungdommar frå store og varierte delar av Haugalandet, noko som viser at språk er noko folk er interesserte i å engasjera seg for. I tillegg var det ein ungdomsrepresentant frå AUF Haugalandet der som lurte på kvifor vi meiner at nynorsk skal vera likestilt med bokmål. Det vart difor ein diskusjon om kvifor saka vår er viktig, og dei fleste ungdommane på møtet, med nynorsk som hovudmål, var meir enn villige til å ytra meiningar om saka og delte historier om deira eigne opplevingar av korleis nynorsk vart behandla i skulen. Det enda med at AUF-representanten skreiv eit politisk forslag til årsmøtet deira i 2018 der han skal leggja fram kvifor vi må verta betre til å likestilla dei to skriftspråka. I tillegg sikra Haugaland Målungdom seg 4 nye medlemmar, og forhåpentlegvis skal dette nye lokallaget veksa mykje i framtida. K atarina Einem Wågen

Nynorskmyte: Nynorsk er eit konstruert språk

«N

ynorsk er ikke et ekte språk, men en konstruksjon.»1 Du har kanskje høyrt dette eller liknande påstandar i diskusjonar om nynorsk. Argumentet er at nynorsk ikkje er eit fullgodt eller «ekte» språk, fordi det er konstruert. Det er fort gjort å hamne litt bakpå når ein prøver å leita etter eit motsvar til påstanden. Det er jo faktisk sant; nynorsken er konstruert, er han ikkje? Orda «konstruert» og «konstruksjon» impliserer at nynorsken liksom ikkje er ekte, men at språket berre er laga av Ivar Aasen, utan den naturlege utviklinga som andre språk i verda har hatt. For oss nynorskbrukarar er derimot språket me skriv, noko av det mest naturlege i verda! Men viss

folk misforstår historia om korleis nynorsken vart til, er det fort gjort å påstå at nynorsken berre er konstruert. Ivar Aasen laga ikkje nynorsken – han fann nynorsken blant dei mange dialektene som finst i Noreg.2 Ingen av orda er berre komne til; dei fanst heilt naturleg i talemåla til nordmenn flest. Aasen loggførte ord og bøyingar, før han sette det i hop til det skriftspråket me i dag kjenner som nynorsk.3 Likevel vil nokon påstå at alle språk er konstruerte. Det er ikkje slik at eit språk får reglar om teiknsetjing, rettskriving og ordbokdefinisjonar frå himmelen berre sånn utan vidare. Realiteten er heller at språket må konstruerast; desse språklege konvensjonane er skrivne ned. I Noreg

finst det berre fastsette normer kring skriftspråket – ikkje talespråket. Oftast vart slike språklege konvensjonar skrivne ned og seinare debatterte av eliten i samfunnet. For dei største språka me kjenner til, er desse språklege konvensjonane særs gamle. Ortografien i eit språk, det vil seia rettskrivinga, endrar seg heller ikkje så lett, medan talespråket endrar seg mykje lettare.4 Difor har visse språk i dag, som fransk og dansk, store ulikskapar mellom tale og skrift. Den nynorske ortografien er derimot veldig lik dei norske talemåla. Men sjølvsagt finst det konstruerte språk i verda. Dei mest kjende er dei som dukkar opp i fantasybøker og -filmar. I motsetning til andre språk som baserer seg på eit naturleg talemål, er

dei konstruerte språka laga av éin eller fleire intellektuelle. Heldigvis er ikkje nynorsk eit av desse. Det er feil å påstå at nynorsk ikkje er «ekte», at det berre er eit konstruert språk. Nynorsken er basert på alle dei norske talemåla, som jo ikkje er konstruerte. Øystein Sandve 1 Parafrasert frå debattinnlegg. Espelien, Erik Odd (27. februar 2016) «Nynorsk er ikke et språk» Budstikka 2 Grepstad, Ottar (2006) Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo: Samlaget 3 Torp, Arne; Vikør, Lars (2014) Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo: Gyldendal 4 Sandøy, Helge (1996) Talemål. Oslo: Novus forlag


utanriks

MARS

internasjonalt

Motmæle-diktet

Mona Skatteboe Helle

av Kirsti Karina Dahl Sæternes

Blå Ballong Har du høyrt at blå druknar grøn? Har du høyrt at det er verst å døy av kulde men at det er varmen som vil drepe? Har du høyrt at det paradis so lett kjem ut av balanse? Har du høyrt at me øydelegg? Det har eg. Du og. Do gjer me ikkje so mykje med det. Kor mykje skal til for å øydelegge ein ballong? Vi lev på ein. Kor mykje skal til for å øydeleggje vår?

15

Eit glimt av verda

B

rasil er for dei fleste kanskje mest kjent for samba, fotball, karneval og for å ha arrangert fotball-VM i 2014 og sumar-OL i 2016. Den litt mørkare sida av landet består av økonomiske problem, miljøutfordringar og store skilnadar mellom fattige og rike. Av dei rundt 200 millionar innbyggarane i Brasil lever 16 millionar i fattigdom. Mange av desse bur i favelaar, som vil seie slum- og fattigområde der ein ikkje eig tomta ein byggjer husvære på, og som i mange tilfelle er dominert av gjengkriminalitet, narkotikahandel og dårlege sanitære forhold. I november 2017 fekk eg sjølv oppleve nokre av variasjonane i landet. På ein tur som gjekk over to veker, reiste to av idrettsklassane og fotballklassen min ved Molde Folkehøgskole over Atlanterhavet for å bli kjende med den brasilianske kulturen. Brasil-eventyret starta i storbyen Fortaleza i nordaustregionen av Brasil. Eit av høgdepunkta var utan tvil å få sjå ekte brasiliansk toppfotball på VM-arenaen Castelao. Det var noko eg aldri har sett maken til, verken på eller utanfor banen. 30 000 tilskodarar, fire scoringar, heftig utdeling av raude og gule kort, og for å toppe det heile: Dommarteamet vart omringa av fem politimenn med skjold både ved pause og kampslutt. Det er med andre ord ingen tvil om at fotballen står sterkt i Brasil, og at det for mange handlar om meir enn berre eit resultat. Ein viktig del av turen var å besøke det humanitære prosjektet skulen engasjerer seg i saman med Kirkens Nødhjelp og systerorganisasjonen deira i Brasil, Diaconia. Diaconia har som mål å utjamne skilnadar og kjempe mot fattigdommen i Brasil. Fotballprosjektet Molde Folkehøgskole er ein del av, gjer at born og ungdommar som bur i favelaar, og som kanskje ville ha hamna på gata og i kriminelle miljø, får eit tilbod å gå til, oppleve glede og samhald, lære seg å ta ansvar for eige liv, og ikkje minst få moglegheit til å få eit liv utan fattigdom og kriminalitet i framtida. Under besøket fekk vi spele fotballkampar mot dei unge brasilianarane, og det vart ei hyggeleg og givande oppleving for alle partane. På denne måten fekk vi sjølv merke korleis idretten kan vere ein fin måte å knyte band på, og ikkje minst fekk vi sjå at hjelpa og bidraga faktisk når fram til dei som treng det. Gleda vart ikkje mindre av at dei fekk utdelt fotballdrakter og fotballutstyr som vi hadde med frå Noreg, etter turneringa. I tillegg til fotballutstyr hadde vi samla inn eit betydeleg pengebeløp som gjekk direkte til prosjektet. Etter nokre innhaldsrike og intensive dagar i Fortaleza gjekk turen vidare til den vesle «strandlandsbyen» Canoa Quebrada, framleis i det nordaustlege Brasil. Kontrasten var stor frå skyskraparane og det hektiske bylivet vi hadde sett tidlegare, men veka i Canoa var absolutt den beste tida i landet. Her kunne vi delta på kitekurs, surfing og paragliding, og det som toppa opphaldet: buggykøyring i sanddynene og blant dei raude klippene ved stranda. Siste stopp for draumereisa vår innebar å vere den typiske turisten i storbyen Rio de Janeiro; vi naut strandlivet på Copacabana, besøkte VM-stadionet Maracana og tok turen opp til den mektige Kristusstatuen. Det vi sit att med i tillegg til å ha hatt tidenes utanlandstur, er ei erfaring om at det finst menneske som er prisgjevne at alle som har litt til overs, vel å bidra, slik at dei skal få håp om eit betre liv. Det er nemleg heilt utruleg kor glad nokon på den andre sida av verda kan bli av å få ei brukt T-skjorte med «Tine Fotballskole»-logo og moglegheit til å spele fotball med ordentlege fotballsko.

Ja, det burde du! Ta kontakt med oss om du vil bidra med tekst eller bilde, om du har ein idé, eller om du vil ha noko å skrive om! Kontakt oss på Facebook.com/motmaele eller på e-post: kirsti@nynorsk.no

Bilete: Danilo Borges / Wikimedia Commons


16

tilskipingar

MOTMÆLE 1 – 2018

Min fyrste vinterleir Pernille Nedrebø

VINTERLEIR

M

i aller fyrste tilskiping i Norsk Målungdom. Eg hadde mange tankar og var litt smånervøs då eg reiste frå Vestlandet ein morgon i januar. Etter ei lang reise med både fly, tog og buss kom eg endeleg fram til Bø i Telemark. Det var mykje snø, meir enn det eg hadde forventa. Etter ein liten biltur opp på Jønnbu Fjellkyrkje og Ungdomssenter var eg endeleg framme. Då eg opna døra, slo tacolukta mot meg. Ordentleg seminartaco! Og tacoen stod til forventningane, og mi fyrste tilskiping var i gang. Det var ikkje lett å kome seg til Bø, difor kom eg litt seint, og eg gjekk glipp av både natursti og nokre innleiingar. Men eg rakk heldigvis å vere med på verte-kjende-leikane, der nokre av leikane var namnerunde med ulike vriar og «Ivar Aasen likar». Humøret og stemninga var på topp! Resten av kvelden blei hyggelege samtalar med kjende og ukjende. Laurdag starta med god frukost frå gjengen på kjøkkenet. Fyrste post på programmet var parallelle punkt, og vi kunne velje mellom å gå skitur, stvrikke eller vere med på brettspelo-

rama. Mitt mål for dagen var å friske opp i strikkekunnskapane, og eg var derfor med på strikkepunktet. Etter litt opplæring starta eg på eit panneband. Når eg fyrst fekk dreisen på strikking, var det tid for lunsj. Til lunsj fekk vi servert nydeleg god tomatsupe. Etter mat var det tid for eit nytt punkt på programmet, nemleg stoda for nynorsken i Bø. Det var både spanandes og interessant. Etter litt kjeks og frukt var det tid for endå eit nytt punkt på programmet. Vi fekk nemleg besøk av Knut Buen, som både prata og spelte slåttar for oss. Som musikkelev syntest eg det var spanande og veldig interessant å høyre på det han hadde å seie. Ute var det snart mørkt, og på programmet var det tid for parallelle punkt. Her kunne ein velje mellom dansk som verdsspråk ved Håkon Remøy, klage på mållovsbråt ved Fredrik Hope og songhefte minutt for minutt ved Elise Tørring. Eg slong meg med på siste punkt, då eg trudde det berre var litt synging. Men song og tilskipingar er ei greie som heng i hop, fann eg etter kvart ut.

Snø høyrer med på vinterleir. Alle bilete: Anna Sofie Ekeland Valvatne Det vart mykje synging, og alle, i alle fall nesten alle, kunne både melodi og tekst på mange av songane. Eg som ny sleit mange gongar med å henge med på tempo, men det var ei kjekk stund. Etter å ha sunge halve songheftet var det tid for middag. Vi fekk servert laks og pestopasta. På kvelden blei det kviss og loddtrekking med diverse premiar og stæsj. Eg blei dessverre ingen vinnar på kviss eller loddtrekning. Men pannebandet mitt som eg strikka, begynte å ta form, og eg blei faktisk ferdig same dag eg begynte. Søndag blei det også god frukost og litt nistepakking til heimreise. Dagen starta med parallelle punkt,

der vi kunne velje mellom sjøormen i Seljordsvatnet ved Eline Bjørke eller nynorsk og hersketeknikkar ved Ragnhild Kvifte. Valfridommen på tilskipingar er i alle fall stor! Neste post på programmet var besøk av Kristian W. Rantala som snakka om Vinjesenteret, eit spanande prosjekt som er på gang. Og før eg sette meg på toget heimover, var det appell ved leiar Fredrik Hope. Det var ei veldig kjekk og lærerik helg eg fekk vere ein del av. Eg fekk ny kjennskap til organisasjonen, som eg kan ta med tilbake til Firda Målungdom. Mi alle fyrste tilskiping var over, men eg håpar ikkje det blir mi siste.

Studentsamling i Tromsø H

elga 16.–18. februar inviterte Studentmållaget i Tromsø til studentsamling med både samiskkurs og fagspråkseminar på programmet. Vi i SmiT sette stor pris på å få besøk, og når iallfall halvparten av deltakarane fortalde at dei aldri hadde vore så langt nord før, tenkte vi at det var på sin plass å utvide horisonten til dei tilreisande. På fredag sparka vi kalaset i gang med nynorsk-kjendis Øystein Vangsnes, som snakka om framtida for dei samiske språka. Han sende stafettpinnen vidare til Merethe Eidstø frå Kvensk Institutt, som fortalde om stoda til kvensk i dag. Fredagen blei avslutta med taco og kviss. På laurdag inviterte vi til eit seminar om norsk fagspråk saman med Tromsø Mållag. I tillegg til dei 28 studentsamlingsdeltakarane var også ei handfull medlemmar frå nærliggande

«vaksenmållag» med. Gjennom innleiingane til professor Trond Trosterud, prorektor Kenneth Ruud, vår eigen Åsmund Mikalsen Kvifte og Tromsø Mållags Olaug Husabø fekk vi starta mange gode diskusjonar. Etter seminaret drog vi på byvandring, før vi tok turen opp Fjellheisen. Der kunne vi nyte utsikta så lenge vi orka å vere ute i kulda. På kvelden hadde vi sjølvsagt festmiddag, og så fort styret klarte å få tak i tallerkenar, var kvelden heilt super. På søndag fekk vi eit flott samiskkurs av SmiT-arane Ánná Káisá Partapuoli og Ylva Ophaug, før vi drog til Tromsø Museum og fekk ei omvising i dei samiske utstillingane deira. Og med det var ei super studentsamling over, og vi håpar at alle koste seg like mykje som oss! Gunnhild Skjold


talemål

MARS

17

Målkampen på det nyteikna Austlandet

BOKMÅL

Nikolai Hagevold Krohne

TA L E M Å L

D Hamna Motmæle i postkassa til mamma? Har du flytta for å studere, gå på skule eller noko anna? Hugs på Norsk Målungdom når du melder flytting, så får du Motmæle til rett adresse! l Gå inn på malungdom.no. l Finn lenka «Kontakt». l Skriv kven du er og kvar du har flytta. l Trykk «Send inn»!

å eg var på vinterleir 2018 i Bø (ikkje «på Bø», folkens), gjekk noko opp for meg. Dei tre dagane vart fylte av kunnskapsrike telemarkingar som brukte og likte nynorsk nett som det er, nemleg eit mål for heile landet, då ogso Austlandet. Det er diverre ikkje slik at alle austlendingar er like positive til målsaka. I denne politiske perioden sit politikarar over heile landet og prøver å teikne noregskartet på nytt med nye regionar, då igjen ogso på Austlandet. Desse regionane vert sannsynlegvis meir sentraliserte enn dei fylka me har i dag. Sentralisering kan me tenkje kva me vil om, men noko me alle bør leggje ekstra godt merke til, er korleis dei nye regionane har tenkt å ta hand om nynorsken. Namna på regionane har vore populært å snakke om, men sjølve målsaka har sete litt i skuggen av den utbreidde namnediskusjonen. Det er sju austlandsfylke (ikkje Oslo) som vert slått saman til tre regionar, og av dei sju fylka er det berre tre som i det heile har skulekrinsar med nynorsk som målform. Oppland er størst, for so å verte fylgt av Telemark og deretter Buskerud, ifylgje SSB i 2016. Vestfold, Østfold, Hedmark og Akershus har altso ikkje ein einaste skulekrins som bruker nynorsk. Det som hadde vore best for nynorsken, var vel då å samle dei tre fylka med skulekrinsar som bruker nynorsk saman. Det omvende har skjedd. Alle dei tre austlandske «nynorskfylka» har vorte separert inn i kvar sin nye og sentraliserte region med dei andre, store og bokmålsdominerande fylka. For omtrent 70 år sidan hadde meir enn ein femtedel (SSB) av skulekrinsane nynorsk som målform i fylke med nynorskband på Austlandet. På dei 70 siste åra har me altso mista alle krinsane i Hedmark, og no er det under 8 prosent av skulekrinsane i dei opphavlege nynorskfylka

Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

NYNORSK

som bruker nynorsk. Kjerneområda har halde seg forholdsvis støe med oppunder 100 prosent av skulekrinsane med nynorsk som målform i Nord-Gudbrandsdal, vestre Valdres, Vest-Telemark og Ål i Hallingdal. Har dei gjort noko som resten av kommunane på Austlandet kan lære av? Eg trur diverre ikkje det. «It's all about location, location, location.» For dei av dykk som var på vinterleiren i Bø, so hugsar de kanskje ei veldig viktig sak som Margit Ims, leiaren av Bø Mållag, prata om, nemleg randsoner. Alle desse kjerneområda ligg godt pakka inn i desse velkjende randsonene. For Nord-Gudbrandsdal fungerer Midt-Gudbrandsdal godt som ei slik sone, og for Vest-Telemark sin del er det no nett Bø og resten av Midt-Telemark som har vorte ei slik sone. Grunnen til at slik ei slik buffersone oppstår, er fordi språk ofte får jamne overgangar frå språk til språk, til fordel for krasse grenser. Problemet er berre det at denne landsstrekkande buffersona til nynorsken vert pressa vestover. Det som før var kjerneområde, har no sjølv vorte buffersoner, og dette ser diverre ut til å vera ein aukande trend for skriftspråket. Dette ser ikkje bra ut for Oppland, Telemark og Buskerud, som allereie slit med å halde den søkkande nynorskprosenten stabil. Ein stor grunn til at desse fylka allereie slit, er nok fordi ein aukande del av folk frå nynorskkommunar flyttar vekk. Nokre kommunar har faktisk ogso ei stor innflytting av bokmålsbrukarar til dei skjøre kommunane, som til dømes i studentbygda Bø i Telemark. Me er no generasjonen av målungdomar som skal snu denne trauste trenden. Det kan ikkje vera slik at du må flytta kommunen din geografisk for å kunna bu i ein staut nynorskkommune. No som regionsforhandlingane allereie er fastslått, er det derfor viktigare enn nokon gong at me som ynskjer å halde på språkmangfaldet på Austlandet, står saman mot politikarane som utslettar det.


18

landsmøte

Y

MOTMÆLE 1 – 2018

Førebuing til landsmøtet Om ekstrapoeng for nynorsk som hovudmål

Fø re sjo bu d mø nane eg t i arg tet m på l dis um ed land kutek ente des ssta ran se ne de !

Kva språk elevane lærar på dei ulike skulane, er eit demokratisk spørsmål som i dag blir bestemt ved røysting. Alle i kommunen har røysterett i slike samanhengar. Skulemålsrøystingar kan vere både offensive og defensive. Dei defensive skulemålsrøystingane er ofte ønskte frå folk i kommunen. Oftast er det slik at skulen i realiteten eigentleg har bytt opplæringsspråk allereie. Offensive skulemålsrøystingar er røystingar som Norsk Målungdom eller Noregs Mållag har teke initiativ til for at bokmålsskular skal bli nynorskskular. Nokon meiner det er noko me burde drive meir med, medan andre meiner det ikkje er den beste måten å vinne nytt land for nynorsken på. Nedanfor ser du to dei to ulike standpunkta.

For: Karl Peder Mork

O

ffensive røystingar kan føre til meir nynorsk. Det er opp til innbyggarane i kvar skolekrins å avgjera kva hovudmål som skal gjelde i den aktuelle skolekrinsen. Ei skolemålsrøysting er ein demokratisk prosess, og det gjer det dermed til eit målpolitisk spørsmål, fordi utfallet av ei skolemålsrøysting påverkar kor mange som veks opp med nynorsk som hovudmål i framtida. Etter mi meining er det derfor viktig at vi står på for å arrangere sokalla offensive skolemålsrøystingar, det vil seia røystingar som forsøker å gjera ein krins som i dag er ein bokmålskrins til ein nynorskkrins. Grunnen til dette kan enkelt oppsummerast med spørsmålet: Skal vi ha meir eller mindre nynorsk? Å ønskje meir nynorsk, noko som openbert er svaret på spørsmålet over, betyr at folk må velja nynorsk i staden

for noko anna når dei har valet. Til dømes må ein butikk velja å ha reklamane sine på nynorsk i staden for på engelsk. Av same grunn må folk velja nynorsk i staden for bokmål under ei skolemålsrøysting. Slike røystingar skjer med ujamne mellomrom, og resultata og oppslutnaden varierer. Éin ting har røystingane likevel til felles: Dei er alltid initiert av bokmålssida i saka. Sjølv om nynorsken skulle vinne, veit vi av erfaring at sjangen er stor for at ei ny røysting kjem om ikkje mange år. Og slik held ein på til nynorsken tapar. Målsaka kan ikkje berre vera defensiv – den må vera offensiv. I staden for å berre forsvara seg og svara på andres spøsmål og påstandar må vi vera dei offensive og komma med nye argument for nynorsk. Derfor er det viktig at ogso målfolk initierer røystingar. Offensive skolemålsrøystingar er ein viktig måte å få til meir nynorsk på.

Mot: Elise Tørring

Å

ta initiativ og oppmode til ordskifte om språk er ein god ting. Det ser eg at offensive skulemålsrøystingar kan bidra til. Defensive skulemålsrøystingar må me sjølvsagt jobbe hardt for å vinne, men eg trur ikkje offensive skulemålsrøystingar i bokmålskommunar er den beste måten me kan vinne nytt land for nynorsken på. Å skipe til offensive skulemålsrøystingar krev mykje arbeid, både frå sentrale ledd i organisasjonen og frå medlemar lokalt. For at det skal bli eit resultat som styrker nynorsken, bør det au vere eit godt samarbeid mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom, og det krev mykje skulering for at debatten skal bli sakleg og god. Det er fleire døme på at skulemålsrøystingar går over styr, og at dei lokale mållaga blir utsette for hets og dårleg oppførsel. Viss resultatet av ei offensiv skulemålsrøysting blir eit usakleg,

oppheita ordskifte frå bokmålssida, er eg redd det berre forsterkar mytane og fordommane mot nynorsk. Det meiner eg er ein dårleg strategi. I staden meiner eg me bør jobbe for å få til sterke og haldbare nynorskklassar og i bokmålskommunar for å danne ein veg inn for nynorsken. Spørsmålet om offensive skulemålsrøystingar når nynorsken allereie er godt etablert.

Om ekstrapoeng for nynorsk som hovudmål Landsmøtet til Norsk Målungdom nærmar seg med stormskritt. Eit nytt forslag som skal diskuterast er om elevar med nynorsk som hovudmål skal få ekstrapoeng, nett slik realfagselevar og framandspråk III-elevar får.

Mot: Kristofer Olai Ravn Stavseng

E

kstra poeng for nynorskelevar er feil veg å gå. Det er fleire problematiske spørsmål som oppstår idet ein vil opne opp for ekstrapoeng. Det første av dei er kor spesielt vi har lyst til å gjere det å vere nynorskbrukar. Eg ynskjer at det skal vere like normalt å vere nynorskbrukar som det er å vere bokmålsbrukar. Det kan vi ikkje oppnå ved å ta i bruk verkemiddel som set nynorskelevane i ein spesiell bås. Og kvifor skal elevar velje nynorsk som hovudmål? Eg meiner at valet om å vere nynorskbrukar kan føre til endå meir stigmatisering dersom incentivet for å gjere det er å få eit ekstra poeng. Vi må gjere det tryggare å vere nynorskbrukar enn det er i dag. Målrørsla har jobba lenge og trutt med å gjere nynorsk meir synleg i kvardagen, gjere det lettare og bruke og å bli møtt med språket sitt i møte med det offentlege. Dette er tiltak som tek utgangspunkt i nynorskens eigenverdi, og dei viktige verdiane som ligg til grunn for språket vårt. For språket

vårt er meir enn godt nok, og det er ikkje vanskeleg for oss å argumentere for det på eit sjølvstendig grunnlag. Eg meiner dette er noko vi bør halde fram med, om enn med ein meir offensiv strategi. Noreg treng fleire nynorskbrukarar, ikkje færre. Difor treng vi fleire nynorskklasser- og krinsar. Difor burde vi i staden bruke kreftene i organisasjonen på å arbeide for offensive skulemålsrøystingar. Vi vinn ikkje fram berre ved å segle på strøymingar i samfunnet og sløkkje bål no og då. Vi må vere brannstiftarane, og vi må vere straumen. Til sist har eg tvil om at ekstrapoeng vil føre til fleire nynorskelevar i det heile. Å ha nynorsk som hovudmål er i grunn berre ein status, ikkje nødvendigvis noko å leve etter. Kven som helst kan melde frå til skulen at dei er nynorskelevar, men ha bøkene sine på bokmål og bruke bokmål i alle andre samanhengar enn der det er nødvendig for dei. Difor meiner eg det er ein dårleg idé å gå inn for ekstrapoenget. Når vi risikerer større stigmatisering av nynorskbrukarar, utan at det eingong blir fleire av dei, gjer vi klokt i å vurdere andre tiltak.

For: Eline Bjørke

E

g ser to hovudargument for at elevar som har nynorsk som hovudmål på vidaregåande, burde få ekstrapoeng for det: Det første argumentet er at desse elevane har kompetanse som bokmålselevane ikkje har. Det andre argumentet er at samfunnet treng denne kompetansen. Når nynorskeelevar sluttar på ungdomsskulen og blir vidaregåandeelevar, blir mange av dei bokmålseelevar i same slengen. Desse elevane fortel at dei byter hovudmål av taktiske årsaker: Elevar som kan nynorsk skikkeleg, får større utteljing for det på vitnemålet viss dei har nynorsk som sidemål. Dette er fordi lærarar og sensorar dømmer snillare i sidemål enn i hovudmål, og med det usynleggjer at nynorskelevar faktisk kan både hovudmålet og sidemålet sitt skikkeleg. Slik skal det ikkje vere, men slik er det. I praksis. Det er urettferdig for nynorskelevane, det er uheldig for nynorsken, og vi bør gjere noko med det. Ein måte å gjere kompetansen til nynorskelevane synleg på, er å gi dei

ekstrapoeng for å ha nynorsk som hovudmål. På same måte som ein får ekstrapoeng for ulike realfag og språkfag. Dessutan treng samfunnet nynorskkompetanse, på same måte som samfunnet treng folk som har kompetanse i realfag og språkfag. I tillegg til å synleggjere kompetanse kan ekstrapoeng for å ha nynorsk som hovudmål oppmode elevar til å ha nynorsk som hovudmål. Elevar som har nynorsk som hovudmål, vil nødvendigvis lære nynorsk godt, og med det bli arbeidsfolk som kan undervise på nynorsk, skrive sakspapir på nynorsk, omsette eksamensoppgåver til nynorsk, lage nynorske skilt og skrive avisartiklar på nynorsk.


19

landsmøte

MARS

Landsmøteordliste

På eit landsmøte møter vi mange nye ord og omgrep. Her er ei liste over dei, til glede for gamle og nye utsendingar.

Akklamasjon: Å vedta noko ved å klappe for det, til dømes i røystinga. Brigde: Endring. Til dømes lovbrigde = endringar i lovene. Diktøskja: Ein boks ved ordstyrarane. Slepp ned eit dikt, ein vits eller anna landsmøtemoro, som ordstyrarane les opp. Endringsframlegg: Framlegg til endring, til dømes til ei fråsegn. Skal skrivast i Googleskjema eller på eige ark før ein gitt frist. Fråhalden: Når du korkje røystar for eller imot noko. Fråsegn: Eit politisk utspel. På sidemål: resolusjon. Fullmaktsnemnda: Eit utval som ser over og godkjenner at dei som har fått røysterett, faktisk skal ha det. Innlegg: Vil du seia noko under møtet, kan du teikne deg til eit innlegg. Gjer det ved å halde opp røysteskiltet ditt. Ordstyrarane skriv deg opp og seier frå når det er din tur. Innstilling: Det endringsframlegget møtenemnda tilrår landsmøtet å røyste for. Ordstyrarane legg «nemndas innstilling til grunn» når me røystar. Dvs. at landsmøtet røystar om dei er samde eller usamde med nemnda si tilråding.

mellom anna fråsegner og dialektprisen og gjer andre fornuftige ting på møte.

lag i Oslo.

LST: Kortform for landsstyret.

Skriftleg røysting: Røysting, men på små lappar som blir talde opp.

Møtebok: Oppritet (referatet) frå landsmøtet.

SST: Kortform for sentralstyret.

Møtenemnd: Arbeidsgruppe som går gjennom dei innkomne endringsframlegga og gir innstillingar på dei slik at det går raskare på søndagen.

STA: Samrøystes tilrådd avvist. Møtenemnda er heilt einige i at dei ikkje tilrår landsmøtet å røyste for dette endringsframlegget.

Møteskrivar: Dei som sit og skriv møteboka. Dei skriv ned kva vedtak som blir gjorde, og kva som blir sagt i ordskiftet.

STV: Samrøystes tilrådd vedteke. Møtenemnda er heilt einige i at det er dette endringsframlegget dei tilrår landsmøtet å vedta.

NMU: Kortform for Norsk Målungdom.

Strek blir sett: Når strek er sett, går det ikkje an å teikne seg til fleire innlegg.

Observatør: Deltakarar på landsmøte som ikkje har røysterett. Dei har skilt med ei anna farge, så det er lett å sjå.

Svarreplikk: Ein replikk frå den som hadde innlegg, om nokon teikna seg til replikk på innlegget.

Omframt: Oftast i rekneskapen: ting ein ikkje rekna med skulle skje.

TA: Tilrådd avvist. Her har møtenemnda ikkje vore heilt einige om kva dei skal tilrå møtelyden å røyste mot.

Ordstyrar: Dei som styrer ordet og held oversyn over kven som skal prate når. Replikk: Ein kort kommentar til det som nettopp er blitt sagt. Røystelikskap: Når det er like mange røyster for og imot. Røysting: Når ein skal røyste over noko, til dømes endringar i lovene. Saksopplysning: Viss det er behov for å koma med oppklaringar i ei sak.

Konsekvensbrigde: Endringar som skjer på grunn av ei anna endring. Som regel er det at paragrafane forskyv seg når ein set inn ein ny paragraf.

Sentralstyret: Dei som gjer det daglege organisatoriske og politiske arbeidet i NMU. Leiar, nestleiar, skrivar, økonomiansvarleg og vanlege styremedlemer sit i sentralstyret.

Landsmøteføresegner: Reglane for landsmøtet.

Sette-: Vikar: Til dømes setteskrivar for ein skrivar ikkje er til stades.

Landsstyret: Det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Har fem møte i året, og vedtek

Skrivarstova: Kontoret til NMU og Noregs Mål-

Teljekorps: Folk som skal telja kor mange som røystar for og mot, viss det er jamt. Til saksførehavinga: Viss ein har innspel til korleis ein skal røyste over ting, teiknar ein seg til saksførehavinga. Tufta: Det politiske grunnlagsdokumentet, eller prinsipprogrammet. TV: Tilrådd vedteke. Her har møtenemnda ikkje vore heilt einige om kva dei skal tilrå møtelyden å røyste. Utsending: Deltakar på landsmøtet som har røysterett. Valnemnda: Dei som føreslår kven som skal sitje i sentral- og landsstyret. Vanleg fleirtal: Når det er fleire røyster for enn imot. Då tel ein ikkje dei blanke eller fråhaldande røystene.

Motmælekvissen

6) Kva rovdyr tek livet av flest sau og lam i Norge?

8) Kva er Englands offisielle språk? 9) Kven gjekk Australia i krig mot i 1932 – og kven vann? 10) esel?

Kva heiter avkommet til ein hest og eit

5. b) 6. Februar 2018

2. 1993

4. Ei bille

1. Psycho(1960)

3) Kva forfattar er kjent for diktet «Aust-Vågøy», som inneheld orda «De brente våre gårder, de drepte våre menn»? a) Inger Hagerud b) Arnulf Øverland c) Tarjei Vesaas

5) Kva tid blei det sendt ein Tesla ut i verdsrommet? a) 3. desember 2017 b) 6. februar 2018 c) 20. januar 2018

7) Kor mange Melodi Grand Prix-finalar har Jahn Teigen konkurrert i?

6. Jerv

2) Kva år blei norske telefonnummer utvida til å ha åtte siffer?

4) Kva dyr er ein eremitt?

3. a) Inger Hagerup

1) Kva film var den fyrste til å vise eit toalett på tv?

Anita Haglung

Fasit

Absolutt fleirtal: Fleirtal med over helvta av røystene, ogso dei blanke.

8. England har ikkje eit offisielt språk som er lovleg vedteke. 7. 14

10. Muldyr/Mulesel. 9. Emuar – Australia tapte.


sisteordet

Namnenytt frå nynorskland

kalenderen

av Vebjørn Sture

L

at meg fortelja deg litt om ein stad som i alle fall ikkje heiter Sunnfjord. Skulle ein tru. Midt mellom Nordfjord og Sogn ligg Sunnfjord – heimtraktene til kjende og kjære personlegdomar som P3-Ronny, Eirik Blodøks og Janne Nygård. Sjølve rosina i denne vestlandske premiumpylså er storstaden Førde, som hyser både Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter, for ikkje å gløyma Nynorskens skog. Førde er elles (om enn noko ufortent) kjent som eit arkitektonisk takras, og som eit ynda mobbeoffer for ein Einar som heitte nettopp Førde. No i nyare tid har Førde (kommunen, altso, ikkje salige Einar) avtalt å slå seg i hop med grannekommunane Naustdal, Gaular og Jølster frå 1. januar 2020. Og same kor mykje anna som er klappa og klart, har namnestriden gått heitt føre seg heilt til det siste. Dei fire kommunane ville helst heita Sunnfjord kommune, men det protesterte både Språkrådet og andre sunnfjordskommunar på. Særleg i Fjaler, der kommunesenteret og poststaden heiter Dale i Sunnfjord, var og er skepsisen stor. Dei ville vel i det lengste unngå å måtta heita «Dale i Sunnfjord, men ikkje Sunnfjord». Eit anna forslag var å la den nye kommunen få namn etter Førde. Då kunne Dale i Sunnfjord ha pusta letta ut, men desto verre ville det vorte for grenda Førde i Jølster, som måtte ha valt mellom «Førde i Jølster i Førde» og «Førde, men ikkje Førde, i Førde». Eit fornøyeleg apropos i den samanhengen er at Førde i Jølster ligg ved ein arm av Breimsvatnet som heiter Førdefjorden. Dette er då ikkje den same Førdefjorden som Førde i Førde ligg ved. «Førde, men ikkje Førde, ved Førdefjorden, men ikkje Førdefjorden, i Førde» ligg kanskje ikkje kjempelett på tunga, men på den andre sida ville det bokstaveleg tala sett grenda på kartet. Eit tredje alternativ var å kalla den nye kommunen i Indre Sunnfjord for – ja, nettopp – Indre Sunnfjord kommune. Det ville endåtil vore eit geografisk sett heilt presist namn, men mange tykte det var litt i lengste laget. I tillegg møtte det ein del motstand fordi forkortinga IS har fått eit noko rufsete rykte i det siste. Med dette utgangspunktet byrja situasjo-

nen å verta ein smule desperat. På leit etter eit samlande kompromiss lanserte nokre løysingsorienterte sjeler namnet Firda, utan at det gav den heilt store applausen. Kanskje var det litt fordi Firda-namnet femner om både Nordfjord og Sunnfjord, og soleis er nesten like misvisande som når Hordaland og Sogn og Fjordane vil kalla seg for Vestlandet. Men truleg var det mest fordi Firda-namnet er oppteke frå før – for å seia det mildt. Rundt om i fylket ligg der nemleg ei røys med verksemder som heiter noko med Firda. Eg kan til dømes nemna Firda shipping, Firda settefisk, Firda billag, Firda revisjon (som openbert burde heitt Firda bilag), Firda Dental Laboratorium og Firda vidaregåande skule – der sjølvaste Firda målungdom held til. Med til denne soga høyrer det at den som mislikte «Firda kommune»-forslaget mest av alle, var redaktøren i lokalavisa Firda (som sjølvsagt ikkje må forvekslast med naboavisene Firdaposten og Firda Tidend). So då sat me der og venta på at Gud, Einar Førde eller Jan Tore Sanner skulle stiga ned til landjorda og gjera ende på usemja. Og av desse tre alternativa var det – forsyne meg! – det minst sannsynlege som slo til. Siste veka før jul skar nemleg Sanner sjølv gjennom og bestemte at namnet likevel vert Sunnfjord kommune. Det vil vera ei overdriving å seia at han dimed gjorde ende på usemja. Men lukka står som kjent den eplekjekke bi, og so snart forsmådde sunnfjordingar var ferdige med julematen og klare for å støya vidare, stod Sanners regjeringskollegaer klare med ein effektiv avleiingsmanøver. Høgskulerektor og språkrådsstyrevara (!) Curt Rice fekk nemleg aksept for å døypa om høgskulen sin til «OsloMet», og brått bleikna dei fleste andre tåpelege namneval i samanlikning. Og kanskje var det nettopp slik gjekk det til at den nye kommunen likevel vert heitande Sunnfjord. Det er moglegvis noko misvisande, men det liknar i alle fall på eit namn. Du skal ikkje sjå bort i frå at det sit ein og annan sunnfjording over middagsbordet rundt omkring og dreg eit letta sukk over at det kunne vore verre. For sjølv om sunnfjordingen allstøtt skal ete fyrst, slapp hen i det minste å verta FørdeMett. Enn so lenge.

Mars

16.–18. Landsmøte i Drammen

April 1. Leiar Fredrik tek over som leiar for Nynorsk Kultursentrum 12.–15. Landsmøtet til Noregs Mållag

Mai 6. Den nynorske Grunnlova fyller år! 17. Grunnlovsdag

Juni Hugs å be om eksamen på nynorsk!

Juli 3.–8. Sumarleir

Hugs å betala medlemspengar for 2018! Betal medlemspengar for 2018 først som sist! Kvifor vente til desember?

Du kan betala med sms: Send «MEDLEMSPENGAR» til 2090, så blir 80 kroner trekt frå mobilrekninga di! Du kan òg betala med nettbank: Overfør 80 kroner til 3450.65.48618 og merk betalinga med namnet ditt.

01 2018  
01 2018  
Advertisement