Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet og Norsk Målungdom vil at framtidas lærarar skal kunna nynorsk. I dag er lærarstudentane i stor grad prisgjevne at dei får ein lærarutdannar som brenn for nynorsk, for at dei skal få undervisinga dei treng. Dette heftet er skrive for å samla trådane og leggja gjera det lettare å gjera endringane som trengst. I heftet har me samla det me har funne av kjelder og kunnskapsgrunnlag, og freista å konkretisera kva tiltak me ynskjer. Me har laga ei liste med aktuelt pensum om og på nynorsk, og kome med framlegg til ressurspersonar som kan halda nynorskkurs. Dessutan har me samla tekstar som kan gje ei kjapp innføring i problemstillinga til dei som vil setja seg fort inn i henne.