Page 1

Kunde magasin Sogn og Fjordane Energi

9 2013


Ein god Plan Sierra Leone er eit av verdas fattigaste land. På heile 90-talet var det borgarkrig i landet og store delar av innbyggjarane slit fortsatt med å kome seg på beina. I dag lever 74 prosent av befolkninga for mindre enn 2 USD pr. dag. Sjølv om Sierra Leone har regntid seks månader i året, har det også lange tørkeperiodar som gjer det utfordrande å finne reint drikkevatn. Mange vasskjelder, som små dammar og udekte brønnar, er forureina. Heile 60 prosent av innbyggjarane på landsbygda har ikkje tilgang på reint drikkevatn. Det gjer at mange vert sjuke, og fattige familiar må bruke tid og pengar på å skaffe legehjelp og medisinar. Det er ofte barna som hentar vatn, og difor vert dei særleg utsett for sjukdommar som diaré og kolera. Infeksjonar, parasittar og

dårleg hygiene fører til høg risiko for hepatitt og tyfoidfeber. Stilleståande vatn er og avlsplass for malariamygg, som er ein av dei vanlegaste dødsårsakene i Afrika, særleg blant barn under fem år. I Noreg er situasjonen ein heilt anna og kraft frå vatn har lenge vore ei kjelde for verdiskaping og samfunnsutvikling. Sogn og Fjordane Energi (SFE) har inngått eit samarbeid med Plan Norge om å bidra til finansiering av vassbrønnar i Sierra Leone. I første omgang skal lokalbefolkninga i Sierra Leone bygge og rehabilitere vassbrønnar som vil gje 15 000 menneske tilgang på reint vatn.

Du finn meir informasjon om vassprosjektet vårt på sfe.no/plan.


Marknadskommentar September 2013

Etter ein relativt tørr juli månad har august vore meir blanda. Vi har hatt enkelte periodar med store nedbørsmengder, men månaden sett under eitt ser ut til å ende omtrent som normalt med nedbør. Den hydrologiske balansen i Norden (snø i fjella og vatn i magasina) er framleis litt under normalen, og dette har holdt spotprisane bra oppe, trass periodar med store nedbørsmengder. Ser vi nokre månader framover er hausten sesong for mykje nedbør og dette vil normalt sett halde spotprisane nede. Vi kan sjå på framtidsprisane på straum at kraftmarknaden ventar svakt stigande spotprisar fram mot nyttår – frå dagens 35 øre/ kWh (inkl. mva) til rundt 40 øre/kWh for den nordiske systemprisen. For Vestlandet (NO5) er ressurs-situasjonen god og spotprisen er for tida litt under både Midt-Noreg (NO3) og systemprisen. Med normale nedbørsmengder i haust vil vi truleg ikkje sjå store prishopp på spotprisane i vinter. Vil du vite meir om kraftmarknaden og dei ulike avtaletypane vi tilbyr kan du gå inn på heimesida vår – www.sfe.no. Med beste helsing, Bjarne Dybvik Kraftdirektør

Priser inkl. mva frå 15.4 – 15.10(gjennomsnitt pr. veke).

Sparetips Klar for mørke haustkveldar?

Haustmørket kjem krypande, og rett utelys gir både tryggleik og god stemning i uterommet. Hugs å bruke energieffektiv belysning. Tradisjonelle sparepærer er energieffektive, men enkelte tenner sakte i streng kulde. LED-lys trivst godt i kulde, og er difor godt eigna ute. Halogenpærer er ikkje spesielt energieffektive. Hugs at alle brukte lyskjelder skal leverast til innsamling.

Lysstyring hjelper deg å spare

Få elektrikaren til å montere styring av utelyset. Bruk fotocelle til utelyset ved inngangsdøra, dette skal vere av om dagen og på når det er mørkt. Bruk tidsur til effekt-/ stemningsbelysning som skal vere på nokre timar kvar kveld. Bruk rørslesensor til lyset ved garasjen og i oppkøyrsla, dette treng berre vere tent når nokon er i nærleiken.


Vår første kunde! Tidlegare basehoppar, no foredragshaldar og naturelskar, Karina Hollekim, er vår aller første kunde og frontperson for vassprosjektet vårt!

Etter 20 operasjonar, iherdig livsvilje og mykje trening kom ho seg på beina att, og i 2011 fekk ho sitt comeback på ski i TV-programmet “Oppdrag Sognefjorden”.

I 2006 blei ho hardt skadd i ei fallskjermulykke, skjermen løyste seg ikkje ut og ho traff bakken i over 100 km/t. Karina knuste delar av kroppen og fekk beskjed frå legane om at ho aldri kom til å kunne gå igjen.

“Mens rent vann i Norge er en kilde til verdiskapning og samfunnsutvikling er rent vann i Sierra Leone en forutsetning for et langt og sunt liv. Jeg håper mange gjør som meg og blir kunde av SFE”, seier Karina Hollekim.

foto: Redbull content pool

“Når du slår på lyset hjemme kan du tenke på at strømavtalen din er med på å gi 15 000 mennesker i Sierra Leone en lysere fremtid.” - Karina Hollekim

Sogn og Fjordane Energi Bukta, 6823 Sandane Tlf: 57 88 47 47 E-post: kundesenter@sfekraft.no

sfe.no


Kundemagasinet september 2013  

I kundemagasinet for september kan du lese meir om samarbeidet vårt med Plan Norge.

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you