Page 1


SKRIVE AV: Bjørnar T. Sævik FOTO: Bjørnar T. Sævik

Med capsen som hatt, båten som hest og med fiskesnøre som lasso, legg Vestlandscowboyen, Ragnar Leine, nok ein gong ut på velkjente fjordar i jakta på storfisken. Eg er på veg til Leine, ei lita bygd i vestlandskommuna Herøy. Sola er på veg opp, og tåka ligg lett rundt dei sunnmørske fjella. Eg svingar opp ein innkøyrsle til eit koselig brunt hus. Eg bankar på døra, og går inn i varmen denne kjølige haustdagen. Inne på kjøkkenet kan eg skimte to personar, Annlaug og Ragnar Leine. Begge smilar og helsar når eg kjem inn. Annlaug er allereie godt i gong med julebaksten, medan Ragnar sit i stolen og nippar på ein kaffikopp. Andletet hans er som sjømenn flest, prega av årevis med sjøsprøyt. Eg set meg ned saman med Ragnar, og legg til merke ein vèrstasjon som han har ståande. - Dei greiene der er alt for moderne, vérmeldingar på radio er betre, seiar Ragnar medan han småskrattar litt. Er ikkje den til å stole på? spør eg. Ragnar tek seg ein slurk med kaffi før han svarar.

Har styringa: Med handa på rattet kan ein stole på at Ragnar Leine vil lose deg trygt i hamn. For er det nokon som kjennar fjordane, så er det ein fiskarbonde. - Jau, det er han, men det er ikkje berre véret som spelar inn om fisken bit på kroken. Ragnar smilar lurt til meg og forklarar at det å bli ein dyktig vestlandscowboy tek lang tid. For Ragnar var det ikkje like enkelt å tileigne seg fiskarevnene. Vennar og svigerforeldre hadde alle fått dette inn med morsmjølka.

«Meder er fiskeplassar ein finn ved å navigere etter naturen, og som har gått i arv i generasjonar» 1

- Eg voks opp på gard og var gardsgut som ung skjønar du. Dyra skulle takast vare på, mat skulle haustast og garden skulle haldast ved like. Eg var ikkje gamle guten då eg sat med masse ansvar. Faktisk var eg berre 13 år gamal då eg måtte gjera det meste på garden. Eg var misunneleg på naboane som ikkje hadde jord, dei hadde så masse fritid tykte eg. Då far min døydde i 1966 vart ansvaret endå større. Samtidig gjekk eg også i lære hos ein snikkar, og her tileigna eg meg masse kunnskap. Eg fekk til og med vere med på å byggje ein færing. Det var først då Ragnar møtte kona, Annlaug, i 1962 han blei bitt av fiskarbasillen. Då vart han med svigerfaren, Erling, og sønene hans ut på sjøen og fekk prøve fiskarlykka. - Disse karane viste kvar medene låg. For meg var det berre å kaste snøre på lykke, men eg lærte etterkvart at fisken ikkje er overalt. Det var av svigerfar eg fekk lære meg meder, som er fiskeplassar som har gått i arv i fleire generasjonar.


- Fiskarbonde var det han var, seier Annlaug medan ho skal til å steike baksten. Det er det som er rette namnet på ein som driv gard og sjarkfiske samtidig. Ragnar reiser seg ut av stolen og ser ut vindauget. - Det var nok meir slit enn gevinst, konkluderer den gamle fiskarbonden. Augene hans er retta ut mot sjøen. Eg forstår kvar han vil, det er tid for å fiske. Ute i gangen tek Ragnar på seg ein caps. Like før vi skal til å gå ut, kjem Annlaug med meir klede som ho meiner er på sin plass.

- Eg slepp iallfall å bekymre meg for å fryse ihel, spøkjer Ragnar når vi sett kursen for hamna. Fiskarkona var ikkje serleg begeistra då Ragnar reiste ut i dårleg vér fortel fiskaren. Men skal man livnære seg på fiskeri, må ein av og til trosse vèr og vind.

- Ein kan aldri vite kva ein får, og ingen dag er lik den andre. Det er det som gjer sjarklivet så spanande. Ein dag får ein kanskje ikkje stinge støv, medan ein annan dag kan ein få ei kveite på 50 kilo. Ein gong fylte vi faktisk opp lugaren i båten med fisk. Hamna er full av båtar av alle sortar, men ein skil seg litt ut; «Hesten» til vestlandscowboyen, «Bekato». Dette er ikkje Ragnar sin fyste båt. - I 1964 kjøpte eg min første båt for 15000 kroner, men fiskeriet var ikkje særleg sprekt akkurat då. Som sagt dreiv eg gard samtidig, og eg måtte ofre mangt eit godt fiskevér for å stelle på garden. Når vèret var fint skulle høyet tørkast osv. Etter kvart kutta Ragnar ut gardsdrifta for å vie livet til fiskeri.

Speidar og ser: Her ser Ragnar etter fisk på ekkoloddet medan han prøvar å treffe meda.

Vi stig ombord i båten, og set i gong med å gjera utstyret klart. Ragnar dreg på seg ei oljehyre full av både salt og blod. Eg kjennar lukta av fisk i lufta, og eg ser fiskeblod på ripa av båten. - Som sjarkfiskar jobbar ein for det meste åleine, så eg spelar fleire roller i båten. Eg er både kaptein, maskinist og fiskar, utbryt Ragnar medan han lettar på eit lokk og stig ned i maskinrommet for å skru på nokre brytarar. Vi løyser tampane og legg ut på fjorden. Eg ser spenninga i augene hans når vi forlet hamna. Medan sjarken tokkar og går, leitar han fram fiskesnøre og riggar det opp. Det er ikkje noko juksemaskin han brukar. - Eg må kjenne fisken nappe, seier Ragnar og gliser. Kjenneteiknet på ein som fiskar med juksemaskin er at det er ein tosk i begge endar av snøre, flirar han. All den nye teknologien er ikkje ubrukeleg, uttalar veteranen. Ragnar hugsar godt då ekkoloddet kom. - Det var ei fantastisk oppfinning som endra fiskaryrket for alltid. Ragnar peikar på ekkoloddet og forklarar korleis det fungerer. - Den maskina der tek seg av halve jobben, flirar han. Godt ute på fjorden slakkar kapteinen plutseleg ned. Ragnar seiar at vi er framme ved ei av «medene». Han har ikkje brukt kart; Ein får ikkje kjøpt kart der det står kvar fisken er, det må ein finne ut sjølv. Medene er noko som går i arv og det er viktig at ein navigerer etter faste punkt. Han peikar på ein holme å forklarer kvar den skal vere i forhold til fjella bak. Det same gjer han på den andre sida av båten. - Her er det fisk. Ikkje overraskande kan vi sjå flekkar på ekkoloddet. Det stråler av Ragnar medan han siktar seg inn på målet.

2


«Det var ingenting som å kome inn til hamn med masse fisk» Ubrukeleg liten, seiar fiskaren like før han kastar den ville makrellen på havet igjen.

Det var ikkje akkurat ein dans på roser å vere sjarkfisker. Mykje slit, lite søvn og uregelmessig døgnrytme er ting som pregar livet til ein vestlandscowboy. Fisken ventar ikkje på deg, du må vere der når han er der. - Årstida har mykje å seie. På sommartida dreiv vi ein del fiske om natta. Du skjønar det var då det var mond. Eg kikar spørjande på Ragnar før eg spør kva det vil seie. - Det er det omgrepet vi brukar på kva tid tosken bit. Om sommaren er dette oftast om natta. - Fantastiske tider, det var det det var, fortel Ragnar engasjert. Eg vil aldri gløyme alle dei vakre soloppgangane på eit blikkstille hav. Men ein ting fortel eg deg, eg røykte som ein galning for å halde meg vaken. Vidare legg fiskaren ut om alle dei fantastiske opplevingane og nemnar spesielt det flotte vinterveret i 1974. - Mykje sveiving skal eg seia deg det var. Ja, til og med redningsskøyta var med på å fiske då. Det var stor konkurranse om å kome seg fyrst inn til levering, og det gjorde at arbeidstidene vart veldig uregelmessig. Som regel var eg heime 23.30 på kvelden, og då var eg som oftast for trøytt til å ete. Klokka 3 om natta stod eg opp igjen og drog ut på havet. Av og til var eg så gåen at eg spurte meg sjølv: Kva er det eg driv på med? Men over tid vil eg seie at alle dei gode opplevingane vog opp for alt slitet. -No nappar det. Ragnar set i gong med å hale inn fangsten. - Legg vekk kamera, spøkar Ragnar. Dette er ingen storfisk. Han sveivar i veg, og opp frå det blå kjem der til syne ein torsk. Han lettar fisken forsiktig av kroken før han hiv den ut i havet att. - Nei, her er det ikkje fisk, eg trur vi må kome oss inn igjen. - Korleis kan du vite det? - Ein fiskar har mange finessar. Vi fiskar no på fjøre sjø og det vert sagt at då let fisken att kjeften å ikkje bit like bra som når han flør. Og nordavinden varslar heller ikkje om godt fiskeri. Ja, fiskeriet går opp og ned, og dei siste åra har det blitt mindre fisk.

3

Toppen av lykke: No blir det mat i dag også.


Repparerar alt: Her repparerar Ragnar ei gammal dør i snikkarbuda. Kysttorskeyngelen sin største fiende har innteke norske fjordar, nemleg tyske turistar; Dei ligg i kvar ei vik frå mars til oktober og pilkar seier Ragnar, og bryt ut i latter. Han legg om rattet, og vendar baugen mot hamna. Båten går i sakte fart, medan vi riggar ned fiskarhjulet. Fiskarkrokane heng ut i alle kantar, og eg blir forklart at sjølv fargen på krokane kan ha betydning for kva ein får. Mykje fangst har det ikkje vore, men Ragnar bekymrar seg ikkje for det. - « Om fengda var lita, om fengda var stor. Velkommen du er». Velkomen heim er eg alltid, og eg er takknemleg for at kona har den innstillinga. Eg skal seia deg ein ting. Hemmelegheita bak ein god fiskar er ei god kone, og eg hadde verkeleg hellet med meg då eg møtte mi.

- Eigentleg er eg utdanna snikkar, seiar Ragnar når vi legg fast Bekato i hamna. Vi tuslar opp til huset igjen der Annlaug ventar med bakst og kaffi. - Ragnar er som ei potet, han kan brukast til alt og er verkeleg ein allsidig mann, seier Annlaug muntert medan ho skjenkar kaffi. Snikkarferdigheitene er noko som Ragnar har hatt stor nytte av, spesielt etter Ragnar overlevde eit hjarteinfarkt som han fekk ute på sjøen. - Eg fekk meg jobb på land etter dette, og uhella stoppa heller ikkje her. I jobben som båtbyggar knuste eg hofta i eit fall, og då var ikkje der mykje håp om å få kjenne makrellen sprelle igjen. Men mot alle odds kom eg meg på beina att, og no har eg fiske som hobby. Eg sel ikkje fisken lenger, eg delar han derimot ut til vennar og slekt som har lyst på fersk fisk. Ragnar sit å ser ut vindauget og verkar både takknemleg og lykkeleg. Han smilar til meg før han inviterer meg ned i kjellaren. Det er ikkje berre fiskeri denne vestlandscowboyen har som hobby. Ned ei mørk trapp og i enden av gangen kjem vi inn i ei lita koselig snikkarbud. Her heng det nøtteknekkjarar, vaffelgaflar og andre flotte gjenstandar av tred. - Her har du då min andre lidenskap, seier Ragnar stolt. Han visar meg ein nøtteknekkjar og fortel at han i det siste har jobba med årets julegåver. Ja, det er ikkje berre han sjølv som kan glede seg over sine evner. Ragnar sine produkt har dei siste åra blitt populære blant slekta, og det er fleire som går jula i møte med ein nøtteknekkjar og ein vaffelgaffel. 4

Mitt besøk her hos Ragnar er over, og eg vendar nasen heimover. Som vestladscowboy har ikkje Ragnar Leine hatt berre medvind i livet. Han har i heile si levetid kjempa mot både styggevér og storfisk, men eit eventyrleg liv har det likevel vore. For ein sjarkfiskar av hans kaliber er det ikkje berre véret som spelar inn om ein får fisk eller ikkje. Generasjonen som Ragnar representerer, har vore med på ei rivande utvikling innanfor fiskerinæringa. Dei innehar ein kunnskap som vi unge kanskje aldri klarer og tileigne oss. Det som også sit igjen etter samtalen, er den naturlege respekt for naturen og naturkreftene. Ja det er liten tvil om at vi burde lære oss å dra nytte av kunnskapen og erfaringa som vestlandscowboyen sit inne med.

Julegåvene under produksjon: Her produserest årets nøtteknekkere.

"Ein ekte fiskarbonde"  

Ein featureartikkel eg skreiv om ein "fiskarbonde" med namn Ragnar. Dette er ein sak som er tenkt trykt i eit magasin eller avis. Foto og t...