Page 1

Eg skjønte med ein gong at dette var noko for meg!” - Lars Andre Olsen (13)


Ung meistersk Klokka var snart seks. Bilane hadde byrja å samle seg utanfor ungdomsskulen i Volda. Å finne ein parkeringsplass var ikkje lett. Skjønt, det var ingenting mot kva som kom ein halvtime seinare. Det var no duka for trenings-cup arrangert av Volda Skyttarlag. Vi gjekk inn døra, og kom rett inn i kjellargangen i eit av dei fjernaste hjørna av bygget. Langs taket gjekk store rør frå ventilasjonsanlegget, og bord og stolar var stabla vilkårlig bortetter veggen. I enden møtte vi ein gjeng som stod og prata, både menn og kvinner. Dei helste

Lite lokale med eit stort hjarte.

då eg gjekk forbi, og eg smilte tilbake. Mot venstre var ei stor, raud dør, ikkje ulik dei som fører til inn til bomberom. Til høgre for døra hang eit treskilt der det stod ”skytebane”. Idet vi prøvde å opne døra, fekk vi beskjed om at vi ikkje fekk gå inn, fordi dei framleis heldt på å skyte. Etter fem minutt med venting, fekk vi kome inn i hjartet av skyttarlaget – nemleg skytebana. Fire skyttarar låg urørlege på golvet. Nokre store og nokre små, men alle var like konsentrert. Alle deira sansar var retta mot målskiva ti meter lenger framme, mot den knøttlille innertiaren, som knapt kan sjåast av det blotte auge. Eitt etter eitt hørte vi den skingrande lyden av skot frå samtlege, før det igjen vart stille. Skyttarane tok av seg hørselsvernet, og saman med hørselen kom praten. Frå skyttarane og støttande familie som kom strøymande inn, fekk vi høyre ”Kor mykje fekk du?”, ”Eg er ikkje heilt fornøgd,” og ”Det


kyttar gjekk no bra”. Andremann frå høgre var Lars Andre Olsen, rekrutt og prominent skyttar no i sitt fjerde år. V i s p ø r o m v i f å r e i t p a r o r d m e d h a n . Han røyser seg opp og løyser på skyttarjakka. ”Dette var ei dårleg runde. Eg er ikkje heilt nøgd,” seier han på veg ut frå skytebana, litt snurt. ”Det var våpenet sin feil. Det var ikkje mitt våpen, eg har akkurat fått meg nytt”. Då kom syskenbarnet til Lars, Kaja, bort og gratulerte med poenga. ”Eg skyt best med mitt eige våpen,” seier Lars, men då skyt Kaja inn: ”Er du sikker på det? Det tek tid å stille inn nye våpen.” Poenga til Lars Andre var ikkje dårlege heller. Han er no med god margin den beste skyttaren i rekruttklassa. Ein skyt fem serier der høgaste samla poengsum er 250. Ein liten gløtt bort på skjermen viser at han denne runda fekk 241 poeng. Lars blir med oss litt lenger bort i gangen. Han tek av seg utstyret sitt og

stappar det ned i baggen sin. ”Eg har holdt på med skyting sidan det året eg vart ti år,” sa han. ”Eg kom inn i skytinga då eg var med søskenbarnet mitt Johan på skyting. Eg fekk lov til å prøve eit par skot den dagen, og eg skjønte med ein gong at dette var noko for meg!” I eit hjørne var det gratis kake og kaffe. Vi gjekk bort og nikka høfleg til nokre staute karar som stod og prata om noko nytt skyteutstyr dei hadde gått til anskaffelse av. Det var trangt i den smale gangen, men likevel plass til alle. Eg spurte om det var noko spesielt ved skytinga han hugsa spesielt godt. ”Samlagsstemnet. I Ørsta. Der gjorde eg det veldig bra. Eg skaut først 200 strake poeng, med berre tiarar, og så fekk eg berre 43 på siste seria, slik at eg fekk berre 243. Eg fekk rett og slett prestasjonsangst!” Han gliste litt idet han sa det, og eg humra med. Eg brukte anledninga til å spørje korleis han førebudde seg til eit skytestemne, og han hadde sjølvsagt teke sine førehandsreglar – sjølv til denne treningscupen: ”Eg et ikkje sukker før eit stemne – eller aller helst skal eg ikkje ete i det heile tatt. Det


er ein regel som heiter at ein ikkje skal skyte på full mage.” ”Eller utan å gå på do,” skyt han inn. Han skyt dårleg om han ikkje får konsentrere seg fullt og heilt. Lars Andre er ferdig å skyte. Han skal åt å fare heim, og eg følgjer han ut av bygget. Undervegs vert han stoppa av nokre bekjente skyttarar som står i gangen. Han viser dei utskrifta frå dagens bragd. ”Det der er jo dritbra, Lars! Godt jobba!” ”Nei, det der var ikkje bra, det var noko feil med våpenet! Det var ikkje mitt våpen, skjøner du!” Ei dame i gjengen trådde fram og utbraut: ”Ikkje bra? Du fekk no 241 poeng. Eg trur du skal takke dette våpenet, eg!” Dei som stod ved sidan av flira litt, og var heilt einige med ho. L a r s v a r i k k j e s i k k e r på om han var heilt einig. Han takka vidare for komplimentet, o g g j e k k v i d a r e m e d hovudet heva, og med eit glis over andletet. Av Benjamin Ulstein

Ung meisterskyttar - Featurereportasje  

Featurereportasje om Lars Andre Olsen, som driv med skyting på fritida.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you