Page 1

Bendik og Årolilja I 1 Bendik ri åt Sølondo, ville han skòa møy; han var kje lagje til att’e koma, difyr så laut han døy. – Årolilja, kvi søv’e du så lengje?

2 Bendik ri åt Sølondo, ville han skòa viv; han var kje lagje til att’e koma, difyr så let han liv.

3 Han var kje i konungs-garde meir hell ei liti stund, han vitja uti møyesalen – så brå er belelund.

4 Han var kje i konungs-garde meir hell månar tvo, han vitja kongjens dotter med så stor elskog.

5 Kongjen byggjer gullbrautine både til og ifrå: ”Den som dei i løyndo trør, han skò kje livet få!”

6 Kongjen byggjer gullbrautine både breie og håge: ”Den som dei i løyndo trør, han skò livet låte!” II

7 Til svora raustan Bendik, han var kje guten fælen: ”Eg skò trøa gullbrautine fyre kongjens augo bæ’e!”

8 Om dagjen rir Bendik i skogjen ut og veider den ville hjort, om notti vitjar han jomfruva med åst og elskogs-ord.

9 Om dagjen ri Bendik i skogjen ut og veider den ville rå, om notti vitjar han jomfruva – det gjell’e hass livet på.

10 ”Eg tikje så vent om ditt gule hår, som epli dei dryp på kviste – sæl er den som deg må få, gud bære den som skò misse!”

11 ”Eg tikje så, når eg sit hjå deg, som eg sat uti solskin bjarte; når eg og du me skyljast åt, då rivnar bå’ hug og hjarta.

12 Eg tikje så, når eg sit hjå deg, som eg sat uti solskin bjarte; når eg og du me finnast att, då gledast bå’ hug og hjarta.” 1/4


III 13 Opp stend kongjen av Sølondo, kler han seg på så brått: ”Gud skò fyr mine draumo råde, eg drøymde så vondt i nott.

14 Eg heve drøymt så vondt i nott – Gud fyr mine draumo råde! – om raustan Bendik og Årolilja, eg drøymde vondt om dei båe.”

15 Inn kjem kongjens smådreng, seier han tidend ifrå: ”Bendik trør gullbrautine foruta kongjens råd.”

16 Det var kongjen av Sølondo, slær sin neve i bord: ”Bendik skò inkje livet njote, om eg vann all verdsens jord.

17 Olavskyrkja i Trondeim ho er tekt’e med bly: Bendik skò inkje livet njote, om ho var tri gongjir ny!

18 Olavskyrkja i Trondeim ho glimar av gull: Bendik skò inkje livet njote, om ho var tri gongjir full!”

IV 19 Ut kjem ho Årolilja, gjeng’e sin faren imot: ”Kvi er du ute i otta, fyrr opp ris bjartan sol?”

20 ”Di er eg ute i otta: eg vil min mågjen vitja. Det tikje meg veslaste vera, eg må kje bryllaupet drikke.”

21 Det var ho Årolilja, falt fyre sin fa’er på kne: ”Høyre du det, min sæle fa’er, Bendik så gjeve du me’!”

22 ”Gakk bort ifrå meg, Årolilja, eg vil deg inkje høyre! Det samer så ille mitt gode sverd å rjodast i kvende-drøyre.”

V 23 Dei toke raustan Bendik, slo han imot golv; femten var dei bastetaugjir ikring hass kvite hold.

24 Dei toke raustan Bendik, batt han med taug og reip: om dei var alli så sterke, Bendik dei sund’e sleit.

25 Dei toke raustan Bendik, batt han med reip og taug: om dei var alli så sterke, Bendik dei sunde braut.

26 Fram så kjem’e smådrengjen, alt med si falske råd: ”Dé tek Åroliljas gule hår, så kan dé fangjen få! 2/4


27 Dé tek Åroliljas gule hår og bind ikring hendan’ kvite! Så stend’e hugjen isama runnen:’ han nennest kje håret slite!”

28 Dei tok Åroliljas gule hår og batt ikring Bendiks hònd: ”Fyrr eg skò dette sund’e slite, fyrr skò eg døy i bònd!”

VI 29 Inn kom Mari dròningji, ho sto i silkje grøn: ”Eg bed deg, kjære herren min, at du vil veite meg bøn!

30 Du flutte meg inkje frå skorvir og inkje frå fjørustein, du tok meg frå min fa’ers garde og så ven ein festarsvein.

31 Minnest du hot du lova, då du flutte meg frå monno: du sille inkje nekte meg den fysste bøn hell onno?

32 Minnest du hot du lova, då du flutte meg av stad: kvòr den bøn som eg bad deg, sille alltid vera ja?”

33 ”Eg skò inkje nekte deg den fysste bøni hell den are – men Bendik skò inkje livet få, om det galt om kon alle!

34 Kvòr den bøn som du meg bed, skò allti vera ja – foruta Bendik sill’ livet njote: det gjeng eg alli ifrå!”

VII 35 Dei bad fyr raustan Bendik alt det som beda kunna – mannen utor mannheimen og fiskjen på havsens grunnar.

36 Dei bad fyr raustan Bendik alt det som beda må – engjilen av himmerikje og hindi, i haga låg.

37 Dei bad fyr raustan Bendik, alt det som ha’e mål – fuglen på villan kvisten og bånet, i vogga låg.

38 Dei bad fyr raustan Bendik, alt det som ha’e liv – tre-i utor grøne skogjen og bloman’ i fagerli. VIII

39 Det var kongjen av Sølondo, slær sin neve i bord: ”Bendik skò inkje livet njote fyr alle bønir på jord!”

40 Det var raustan Bendik, han skaut gull av hende: ”Hogg du, Hauk, mitt hovud av – du er min nærskylde frende!”

3/4


41 Så gret ho Årolilja, – det totte alle under –: beltet sprang av mjåryggjen, og sylgja den flaug sund’e.

42 Så gret ho Årolilja, bar ljos på altarbord: beltet sprang av mjåryggjen, og hjarta’e flaut i blod.

43 ”Årolilja, Årolilja, gråt inkje fyr meg leng’! Eg tikje hjarta’e i meg brenn’e, når eg ser dine tårir renn.”

44 Årolilja kjember hass gule hår og set’e på silkjeluve. Hauk han hoggje hovudet av, og drengjen falt på gruve.

45 Utfyre kyrkjedynni der laut han Bendik døy; i kyrkja, fyre altaren, der sprakk hass vene møy.

46 Utfyre kyrkjedynni der let han Bendik liv; i kyrkja, fyre altaren, der sprakk hass vene viv.

IX 47 Det var kongjen av Sølondo, tala til drengjine små: ”De gangje i loftet til Årolilja og sei’a inn fyr meg gå!”

48 Att’e kjeme smådrengjin’, seier dei tidend ifrå: ”Død er unge Årolilja, ligg under kvislar blå.”

49 Opp reis Mari dròningji, studde ho seg med bord: ”Du var verd liva eismall’e utpå ein øydeskog!

50 Høyr du det, du kongjen, så stolt’e som du står: inkje hev du dotter, alli fær du måg!”

51 ”Ha’ eg visst dette i gjår, at hugjen ha’ vori så sterk, inkje ha’ Bendik silt livet låti fyr alt det i verdi er!

52 Ha’ eg visst dette i gjår, at åstin’ ha vori så heit, inkje ha’ Bendik silt livet låti fyr alt i verdi eg veit!

53 Olavskyrkja i Trondeim ho er tekt’e med bly: inkje ha’ Bendik silt livet låti, om ho var tri gongjir ny.

54 Olavskyrkja i Trondeim ho glimar av gull: inkje ha’ Bendik silt livet låti, om ho var tri gongjir full.

4/4


X 55 Svara Mari dròningji rann tårir på sylvspente sko: ”Gud forlåte deg, herren min! Ette-sia er du god.”

56 Bendik la dei norda kyrkja og Årolilja sunna, det voks opp av deires grefti tvo fagre liljerunnar.

57 Det voks opp av deires grefti tvo fagre liljegreinir; dei krøktest i hop ivi kyrkjedynni – der stend dei kongjen åt meine.

58 Det voks opp av deires grefti dei fagre tvo liljeblomar: dei krøktest i hop ivi kyrkjesvoli – der stend dei kongjen til domar. – Årolilja, kvi søv’e du så lengje.

5/4

Bendik og Årolilja  

Norsk folkevise

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you