Page 15

FORSVARSPOLITISK SPALTE

EIT FORSVAR AV OG FOR FOLKET AV LIV SIGNE NAVARSETE, STORTINGSREPRESENTANT FOR SENTERPARTIET  OG MEDLEM AV STORTINGETS UTENRIKS- OG FORSVARSKOMITE

 Senterpartiet ynskjer eit forsvar av og for folket. Eit forsvar som er rusta til å løyse sine oppgåver på ein god måte. Det vil i praksis seie at Forsvaret må bli større enn det er i dag. Vi treng flei e norske soldatar, ikkje færre.  Eit relevant forsvar av landet må vera tufta på heilskap. Å ha reint vatn, tilgong på mat, straum og legemidlar er óg viktige moment for eit truverdig forsvar. Difor er totalforsvaret så viktig for Senterpartiet, og me har levert forslag på å setje ned ein totalforsvarskommisjon.  I tillegg er det viktig å følgje med på utviklinga i samfunnet. Dagens utvikling tilseier at Cyberforsvaret må prioriterast ytterlegare i åra framover. Senterpartiet brukar mykje tid på å reise rundt til Forsvaret og snakke med dei som har skoa på. I vår har partiet starta ein forsvarsturné, der vi har vore på Bardufoss, Jørstadmoen, Rena og Rygge. Vi skal til Andøya, Bodø og Bergen. Ivar Aasen sa at «ein finn ikkje nok før ein kjem dit det er», det gjeld også i forsvarspolitikken. Det er ved å lytte til dei fagmilitære at ein får grunnlag til å fatte dei rette avgjerdene.

99585_3_2019.indd 15

Finnmark, men det er eit tankekors når denne oppbygginga skjer på kostnad av brigadestrukturen. Senterpartiet vil utgreie oppretting av ein brigade til, og ynskjer at materiell som stridsvogner og særskilde hærhelikopter må prioriterast. Dette er også noko vi må gjere for å nå NATO sitt styrkekrav. 

Liv Signe Navarsete er stortingsrepresentant for Senterpartiet og medlem av Stortingets utanriks- og forsvars­ komite. Foto: Senterpartiet.

I tillegg vil vi auke antal soldatar i Heimevernet til 50 000 og re­ etablere Sjøheimevernet, for å sikre at Heimevernet kan vere over alt alltid. Å bruke reservistar vil kunne vera ein nøkkel i oppbygginga av ei sterkare landmakt. Å nytte eksisterande kompetanse er viktig og riktig.

I statsbudsjettet for 2019 prioriterte Senterpartiet forsvar høgast av alle partia på Stortinget. Vi ynskte 1300 millionar meir til Forsvaret enn det som låg i regjeringa sitt forslag, med 1 milliard meir til Hæren og 300 millionar til Heimevernet. 

Noreg er no på full fart inn i drøfting­ ane om ein ny langtidsplan. Senterpartiet vil kjempe knallhardt for å styrke Forsvaret slik at det kan vere eit truverdig førstelinjeforsvar, basert på våre plikter og vårt medlemskap i NATO. 

Gjennom samtalar kjem det klårt fram at Heimevernet og Hæren må styrkast, i tillegg til at vår maritime slagkraft må sikrast gjennom, mellom anna, å behalde Skjoldklassen. Det er positivt at vi har fått auka nærvære i

Me vil, i ei stadig meir utrygg verd, sikre eit forsvar som er rusta til å møte alle dei utfordringar Noreg kan stå ovanfor i tida som kjem. ■■■

12.06.2019 12:25

Profile for Merkur Digitale Magasiner

Pro Patria 3-19  

Pro Patria 3-19