Issuu on Google+

1


Bokbåten Epos 2

Vestlandet sitt flytande bibliotek i 50 år

3 Bokbåten kjem! (Foto: Stian Wiik).

50 år med bokbåten EPOS – vel verdt eit jubileum!

Utgjeve til bokbåten Epos sitt 50-årsjubileum Redaksjon: Møre og Romsdal fylkesbibliotek Ålesund 2013 ISBN: 978-82-992167-1-5

Denne båten, som har reist rundt i Hordaland, Sogn og Fjordande og Møre og Romsdal i storm og stilla gjennom 50 år, representerer noko unikt i norsk og internasjonal bibliotekhistorie. Båten er blitt ein institusjon på kysten, og tenesta har utvikla seg i eit godt vestlandssamarbeid i takt med skiftande tider og utviklingstrekk i samfunnet. Epos vekker gode kjensler i store delar av folket langs kysten. Mange er dei barna som sto forventningsfulle på kaiene når båten var venta, og som fekk sine første bokopplevingar og møte med levande kultur i det lille bibliotekrommet om bord. Ein av dei viktigaste suksessfaktorane er den unike kombinasjonen av kulturprogram og bibliotek. Kulturbåten EPOS har også ei historie – dei mange «kulturane» som har bidratt med alt frå folkeopplysning til trylleri, musikk, teater og kåseri utgjer eit imponerande mangfald også i nasjonal samanheng.

Ved ein milepel som eit slikt 50-årsjubileum, er det naturleg å ta eit dykk ned i historia til båten. Dei tre fylkesbiblioteka har gått saman om ei felles jubileumsfeiring hausten 2013, ei markering som også er støtta av Nasjonalbiblioteket. Som del av markeringa har vi laga dette jubileumsheftet for å vise kva som har skjedd gjennom åra, korleis båten blir opplevd av kystfolket, korleis det er å leve og arbeide om bord, og kven som har bidratt. Det er med glede vi legg ut på jubileumsferda hausten 2013 med ei teneste som både har ein solid plass hjå folket på kysten – og som er like aktuell også etter 50 år! Ellen Kristin Molvær Fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal


Innhaldsliste:

4

Helsingar......................................................................................................................... 5 Historia til bokbåten................................................................................................. 7 Dei første åra...................................................................................................... 7 Båten Epos........................................................................................................... 7 Utvida teneste til dei andre Vestlandsfylka....................................... 8 Ny organisering................................................................................................. 9 Bokbåten i dei enkelte fylka................................................................................. 10 Bokbåten i Møre og Romsdal..................................................................... 10 Bokbåten i Sogn og Fjordane..................................................................... 11 Bokbåten i Hordaland.................................................................................... 11 Rammevilkår................................................................................................................. 13 Skjer i sjøen......................................................................................................... 13 Bokbåten i ei ny tid.................................................................................................... 15 Bokbåttenesta på anbod.............................................................................. 15 Ny profilering, bokbåtklubb og sosiale medier................................. 15 Båten for barn og lesestimulering........................................................... 16 Kontakt med skular og barnehagar......................................................... 16 Den kulturelle skolesekken......................................................................... 16 Modernisering av biblioteket..................................................................... 17 Kulturbåten Epos....................................................................................................... 18 Dei første kulturprogramma...................................................................... 18 Kulturprogram for barn................................................................................. 18 Folka om bord.............................................................................................................. 20 Eigarar.................................................................................................................... 20 Bibliotekarar....................................................................................................... 20 Kontaktpersonar.............................................................................................. 21 «Kulturar»............................................................................................................. 22 Båtmannskapet................................................................................................. 23 «Mitt bokbåtminne»................................................................................................. 24 Helsingar frå «kulturar».......................................................................................... 29 Bokbåten i media........................................................................................................ 33 Internasjonale presentasjonar............................................................................ 34 Oversikt over «kulturane»..................................................................................... 34 Roar Hagen : Med bokbåten Epos i Undredal i Sogn................................ 39

5

Bokbåten – eit skattkammer (foto: Stian Wiik).

Helsingar 50 år i frisk nord-vest. Når det sjøgåande biblioteket EPOS fyller 50 år, fyller det også den opprinnelege tydinga av ordet: «eit lengre forteljande dikt som handlar om heroiske hendingar som har vore viktige for ein kultur eller ein nasjon». Bokbåten EPOS har sigla langs kysten med bøker, lydbøker og kulturprogram. Den er stadig like populær. Skular og barnehagar besøker båten og får supplert tilboda frå skulebiblioteka sine. Det er stor stas når EPOS legg til kai ved dei små tettstadene langs heile vestlandskysten. Kulturtilboda er mange og mangfaldige, og heldige er alle dei ungane som har fått besøke båten og teke del i forteljingane og teaterframsyningane.

Visst har det vore motvind på ferda, men så godt har EPOS sigla, at samarbeidet mellom dei tre Vestlandsfylka har stått motvinden av. I jubileumsåret vil eg meine bokbåten EPOS har befesta seg som ein del av den kulturelle grunnmuren, som skal sikre ytringsfridom, mangfald og tilgang på kulturopplevingar i distrikta så vel som i dei store byane. Eit typisk og godt Vestlands-produkt! Gratulerer med jubileet og lukke til med den vidare ferda. Kristin Marie Sørheim Leiar i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal


Historia til bokbåten Dei første åra

Bokbåten har vore ein kjær gjest Bokbåten har vore ein kjær gjest når den har kome på besøk til ulike stoppestadar kringom i våre kyst og fjordbygder. Med bøker og anna kultur om bord har den skapt ei annleis kulturoppleving, og glede for mange. Eg ynskjer til lukke med jubileet og ei fin kulturreise i 2013.

Hausten 1959 vart det sett i gang ei ny bibliotekteneste i Hordaland. Ein båt skulle låne ut bøker til folk på småstader. Ideen til dette flytande biblioteket oppstod i Hordaland biblioteklag ein gong i 50-åra. Første tur var i september med ein 60 fot båt som hadde namnet Abdulla. Tenesta vart populær og auka slik i omfang at ein etter 5 turar måtte finne ein meir eigna og større båt. I 1962 vart Fjord Guide leigd inn. Han var større og hadde betre fasilitetar, spesielt for dei bibliotektilsette, men også betre plass til bøker og utlån.

Nils Gjerland leiar i hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane

Samarbeid i 50 år Bokbåttenesta i Hordaland starta med den 62 fot lange kuttaren «Abdulla» i september 1959.

6

Ønskje var at båten skulle by på meir enn bøker. Ein ville vise film, halde barnetimar, og ha med eit program til eit vaksen publikum om kvelden. «Abdulla» var for liten, og våren 1962 tok den 66 fot lange «Fjordguide» over. Våren 1963 blei nybygde «MS Epos» på 85 fot sett inn i drifta. Den var planlagt i samarbeid med Sentralbiblioteket i Hordaland og var sikra faste turistruter for HSD i sommarhalvåret. Første året var tilbodet berre i Hordaland, medan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane kom med frå vinteren 1964. Kvart fylke har ansvar for drift i sitt fylke, men det er eit godt og tett samarbeid mellom fylka, som sikrar drifta og at tilbodet blir kontinuerleg fornya og modernisert. Bokbåttenesta er eit unikt tiltak, som er høgt skatta i distrikta. Forventingane er store når båten kjem med sine tilbod, som

Ei helsing til bokbåten i Hordaland ved 50-års feiringa i 2009.

inspirerer til lesing og eggar fantasien til barn og vaksne. Både nasjonalt og internasjonalt har bokbåten blitt eit velkjent symbol på kystkulturen på Vestlandet. Markeringa av at «Epos» er 50 år, er også ei markering av eit solid samarbeid mellom dei tre Vestlandsfylka.

Til og med turen om hausten 1961 var det berre ordinært utlån av bøker om bord. Frå våren 1962 vart det sett i gang eit forsøk med foredrag, film, musikk og anna opplysingsteneste parallelt med utlånsarbeidet. For barna vart det arrangert eventyrtimar og vist film. Om kvelden var det foredrag for vaksne. Skodespelar Erik Svensen, forfattar Eva Scheer, opplysningssekretær Torkjell Larsen og Victor Krüger frå Samnenda for studiearbeid heldt foredrag og formidla litteratur om kveldane. Dette forsøket med levande kultur og bøker slo så godt an at det vart eit av varemerka til bokbåten. Sjølv om det om bord i Fjord Guide var enklare å drive ei effektiv teneste, var populariteten med kultur- og foredrag så stor at også denne båten vart for liten. Det var behov for fleire lugarplassar, betre sanitærforhold og betre høve for matlaging.

Til lukke med jubileet! Anne Beth Njærheim leiar for Kultur-og ressursutvalet Hordaland fylkeskommune

Epos vart sjøsatt tidleg 1963, og i mars vart det gjort avtale om leige. Etter sjøsettinga vart båten slept til Bakka for å verte gjort ferdig til turistfart for HSD på Hardangerfjorden og bokbåtdrift hausten same år. Men alt i mai gjorde båten ein tur i Hordaland med utlån og kulturprogram. Mellom anna hadde dei 4 stopp på 17. mai, og bokbåten sitt kulturprogram var 17. maiprogram på Lygrenes den dagen.

Båten Epos Sentralbiblioteket i Hordaland, som hadde det administrative og praktiske arbeidet med bokbåttenesta, sette no i gang med å finne ein ny båt. Dette var eit langvarig og omfattande arbeid, men i 1962 fekk Sentralbiblioteket kontakt med eigaren av ein båt som var under bygging ved Fjellstrand båtbyggeri i Oma i Hardanger. Denne båten var Epos og eigaren var Knut Svåsand frå Bakka i Hardanger. Båten var eit pionerbygg –den største aluminiumsbåt i verda på den tida. Han var 85 fot lang og utstyrt med ein mindre salong framme og ein større akter. Det var 4 doble lugarar under dekk framme og to enkle akter. Ikkje minst hadde båten ei velutstyrt bysse, herre- og dametoalett og dusj. Båten var utstyrt med to Caterpillar-motorar, som gjorde han lett å manøvrere og som kunne gi båten ei fart på nesten 15 knop. Det viktigaste for Sentralbiblioteket var den store salongen akter som hadde god plass til bøker og sitteplassar til 130 menneske.

7

Postkort med bilde av «gamle» Epos (foto: Normann).

Med Epos byrja ei ny æra i bokbåten si historie, ikkje minst med omsyn til talet på bøker ein kunne ha med og arbeids- og oppholdsforholda til dei som arbeidde om bord. I 1985 vart båten delvis ombygd. Det vesle styrehuset vart erstatta med eit større og romslegare, og her vart det i tillegg plass til to lugarar. Biblioteksalongen vart utvida, fordi dei to lugarane bak vart plasserte under dekk. Dei opprinnelege bibliotekhyllene romma ca 2000 bøker, desse vart skifta ut med nye som gjorde at samlinga kunne utvidast til ca 5000 bøker. Etter at ny eigar overtok i 2003, har båten fått dobbelt så sterke motorar og lugarane under dekk er pussa opp.


det no forsøkt å få inn pengar til bøker frå bankar og liknande, utan å lukkast. Då Kulturfondet vart ein realitet i 1965, søkte ein om kr 300 000 til ei basissamling for bokbåten. Dette vart innvilga med kr 150 000 i 1965 og tilsvarande i 1966. Sentralbiblioteket i Hordaland var budd på å legge ned bokbåtdrifta frå 1965 på grunn av manglande løyvingar, men dei klarte å fatte eit vedtak om vidare drift.

Ny organisering Sentralbiblioteket i Hordaland administrerte tenesta og kjøpte inn og gjorde istand bøkene fram til 1974. Då vart boksamlinga delt og drifta administrert frå fylkesbiblioteka i Ålesund, Førde og Bergen. Heretter vart bokval og val av kultur gjort lokalt, og bibliotekarar frå dei tre fylkesbiblioteka reiser med bokbåten i eigne fylke.

8

9

Båt på fjorden (foto: Stian Wiik).

Utvida teneste til dei andre Vestlandsfylka Tenesta vart først etablert i Hordaland. Alt seinhausten i 1959 vart det teke initiativ til eit møte i Statens bibliotektilsyn om å utvide tenesta til dei fem fylka frå Rogaland i sør til og med Trøndelag i nord. Planen synte seg altfor ambisiøs då det ville vere for omfattande å skaffe stor nok båt og stor nok boksamling til å dekke dette distriktet. Arbeidet vidare konsentrerte seg difor om å dekke dei tre typiske Vestlandsfylka. Kyrkje- og undervisningsdepartementet med Statens bibliotektilsyn ynskte likevel meir erfaring frå bokbåttenesta i Hordaland før ei sak kunne fremmast for Finansdepartementet og dei lokale fylkesmyndigheitene. I 1962 la departementet saka fram utan at ho vart realitetsdrøfta i Stortinget. Alt i 1963 arbeidde departementet med ei ordning som skulle gjere det mulig å starte eit forsøk for heile Vestlandet.

Biblioteksjef Johannes Bygstad ved sentralbiblioteket i Hordaland var ein entusiastisk forkjempar for å utvide bokbåttenesta til resten av Vestlandet. Han laga eit budsjett på kr 84 000 til denne tenesta, og i januar 1964 løyvde Stortinget dei naudsynte pengane til drift. Stortinget skulle løyve ein halvpart, og dei tre fylka skulle tilsaman løyve den andre halvparten. Den utvida bokbåttenesta vart innleia i september 1964 då Epos la ut på sin tredje tur. Den 23. oktober starta båten sin første tur i Sogn og Fjordane og 17. november i Møre og Romsdal. Det synte seg diverre at boksamlinga ikkje var stor nok. Bøkene måtte rasjonerast og det såg mørkt ut for vårturen 1965. Sjølv om staten, i tillegg til drifta hadde løyvt kr 30 000 til bøker sidan 1963, var ikkje det tilstrekkeleg. I Bergen vart

Plakaten er på plass i Gammersvik (foto: privat).

Bokbåten er eit populært tilbod for skule og barnehage (foto: Stian Wiik).


Bokbåten i dei enkelte fylka Bokbåten i Møre og Romsdal

10

Bokbåten i Sogn og Fjordane

Seinsommaren 1964 kom det beskjed til Sentralbiblioteket i Møre og Romsdal om at det var løyvt pengar til bokbåten for perioden frå 17. november til 17. desember. Ordførarane i aktuelle kommunar vart straks oppmoda om å nemne ut ein kontaktperson på dei stadane båten skulle vitje. Då båten i storm og uver kom til Ålesund den 17. november var det laga ei rute med 129 stoppestadar. Først den 19. november var veret så bra at båten kom seg ut i følge ruteplanen. Bibliotekar Bergljot Alme og bibliotekelev Hjalmar Olsen kunne glede seg over den store interessa publikum synte, men alt første dag måtte ein redusere utlånet av skjønnlitteratur til 1 bok pr. låner. Først var Severin Overaa med og holdt foredrag om FN og synte filmen «Kan det nytte», og seinare på turen kåserte Erik Svendsen om «Dikt og prosa i skjemt og alvor». Oppsummert var nok første tur i Møre og Romsdal ikkje heilt vellukka. Først og fremst gjorde veret gjennomføringa av ruteplanen problematisk, og av dei oppsette stoppestadane vart 24 sløyfa. Det vart lånt ut 4700 bind.

Talet på stopp vart redusert frå knappe 90 til om lag 75 i løpet av få år. Sentraliseringspolitikken tidleg på 1970-talet gjorde at utkantstadar som Grip, Bjørnsund, Haugsholmen, Tautra vart lagde ned fordi folk flytta derifrå. Andre lokale endringar i busetting og samferdsel førte også til at stopp vart lagt ned. Lokalbåten vart mange stadar ertstatta av ferjer, noko som førte til forfall av dei lokale kaiene som Epos brukte.

Andre tur i Møre og Romsdal gjekk frå 29. mars til 28. april i 1965. På grunn av frykt for bokmangel vart 129 stoppestadar redusert til 88 og alle fekk besøk etter oppsett ruteplan. Protokollen frå turen fortel om stort sett god oppslutnad, men på eit stopp står det at eit godt sildefiske er grunn til at folk ikkje kjem ombord. Nok bøker for vaksne var ikkje eit problem, derimot vart det for lite barnebøker og «rasjonering» av lån måtte til. Utlånet og vidareutlån på land var 8400 og talet på lånarar var 1371.

Årets bibliotek – bibliotekprisen i Møre og Romsdal

Turane fekk etterkvart berre mindre justeringar. I årsrapportane kan ein lese at i dei første åra kunne det vere problem med kontaktpersonar som ikkje møter fram, ikkje vil ha vidareutlån og ikkje vil føre statistikk. I periodar var det og problem med å skaffe nok bibliotekpersonale om bord. Kanskje det mest dramatiske desse første åra var melding frå formannen i Sande folkeboksamling hausten 1967 om at båten ikkje lenger var ønska. Kommunen meinte at Gjerdsvika, Hakkalestranda, Haugsholmen, Larsnes, Haugsbygda og Brisingehaug ikkje lenger skulle ha stopp, fordi folkeboksamlinga no hadde mange bøker sjølve. Då sendte sjefsbibliotekar ved Sentralbiblioteket, Konrad Helseth, eit ganske krast brev til ordføraren i Sande. Sidan det framleis er fire bokbåtstopp i Sande, hjalp nok brevet frå Helseth.

I 1973 hadde båten 88 stoppestadar i Møre og Romsdal, og det var utlånt 21 800 bøker. Ti år seinare i 1983 hadde båten 75 stoppestadar og 25 500 utlån. Etter kvart vart det slutt på å registrere vidareutlån lokalt, så direkte samanlikning av utlånstal frå den første tida til i dag er lite relevant. Skolane og barnehagane sin aktive bruk av bøkene kjem heller ikkje fram av statistikken, men vi kan sjå ein positiv trend med auka utlån. I 2012 var det utlånt 12 500 bøker, og 5140 personar var til stades på kulturprogramma.

«Svært mange i vårt fylke har gode minne og sterke forventningar knytt til bokbåten. - Den har vore ein kulturformidlar, begeistrar og inspirator i snart femti år. I medvind og motvind har den sigla i eit geografisk utfordrande farvatn». Slik begrunna Ann Elin Øverbø, leiar i lokallaget til Norsk bibliotekforening, tildelinga av prisen «Årets bibliotek i Møre og Romsdal» i 2012 til bokbåten.

I Sogn og Fjordane var det ein del motstand mot å bli med i bokbåtdrifta. Fylkesmann Nikolai Schei meinte det var betre å byggja ut det nystarta sentralbiblioteket i Sogn og Fjordane. Men i mai 1964, i møte med m.a. fylkesmennene i Hordaland og Møre og Romsdal og bibliotekdirektør Anders Andreassen, let han seg overbevisa og ville leggja saka fram for fylkesutvalet. Bokbåten hadde sin første tur i Sogn og Fjordane hausten 1964. Det vart sendt ut brev til ordførarane med spørsmål om kvar dei ville ha bokbåtstopp og ei prioritering av stoppa. Turen vart gjennomført på 23 dagar og bokbåten hadde 105 stopp.

Besøkstala har vore stabile eller aukande dei siste fem åra. I 2012 var det 2.260 personar om bord, 1.332 barn og 928 vaksne. 1.831 såg kulturprogramma. Også utlånstala har halde seg ganske stabile dei siste 5 åra. I 2012 vart det lånt ut 14.838 bøker, 8.584 barnebøker og 6.254 vaksenbøker. Sjølv om det vert lånt ut flest barnebøker, er utlånet av vaksenbøker stor. Bokbåten er eit tilbod til heile familien.

Frå første dag i loggdagboka 23. oktober 1964: «Ånneland. Ankomst kl 16. Tre barn som velkomstkomité på kaien, flere etterhvert. Stedet har ingen folkeboksamling. Hyggelige folk. Margrete Barstad hadde eventyrtime for ca 12 barn pluss en del vaksne. Filmene «Jegeren» og «Veslefrikk med fela» ble vist. Om kvelden foredrag av Karen Falck-Johannesen: Negermusikk, fra Afrikas jungel til Carnegie Hall. 18 mennesker til stede, disse viste stor interesse for bokbåten.»

11

På den første turen vart det lånt ut 6.046 bøker. Etter den første turen var det trong for å justera kvar bokbåten skulle ha stopp, så på vårturen 1965 var talet på stopp nede i 74. Seinare har talet på dagar og talet på stopp blitt justert litt frå tur til tur, som oftast av naturlege endringar i samfunnsutviklinga elles. Våren 1982 gjekk bokbåten som kulturbåt utan bøker. Personalsituasjonen ved fylkesbiblioteket gjorde at det ikkje var mogeleg å gjennomføra turen på vanleg måte. Sogn og Fjordane er det minste av dei tre bokbåtfylka med færrast dagar, stopp og besøk. Men utlånet har alltid vore høgt, både til barn og vaksne. I Sogn og Fjordane vert innkjøp og formidling av nynorsk barnelitteratur prioritert høgt.

F.v.: Inger Lise, Katrine, Berit, Hilde, Ellen, Vidar og Ann Elin (foto: privat).

I dag køyrer bokbåten 17 dagar to gonger i året i Sogn og Fjordane. Han har stopp rundt 40 stader fordelt på 16-17 kommunar. Nokre stader er det berre utlån, nokre stader er det berre kulturprogram, men dei fleste stadene er det både kulturprogram og utlån.

Sogn og Fjordane har det største utlånet pr. stopp av dei tre fylka.

Forestilling med Klovnen Knut i Sogn og Fjordane (foto: privat).

Bokbåten i Hordaland Bokbåten «Epos» starta si ferd torsdag 2. mai 1963 i Bergen. Den 30. april var det innviingsfest for båten, med bibliotekpersonalet, presse og kringkasting til stades. Ved avreise 2. mai var fjernsynet igjen på plass og gjorde opptak frå utlånssalongen. I tillegg kom skipskontrollen om bord, noko som gjorde at jomfruturen vart 2 timar forseinka. Av den grunn måtte stoppet på Knappskog utsetjast, og gjekk med det frå å vere første til siste stopp på turen. Hanøytangen vart dermed den historiske første stoppestaden i Epos si lange bokbåtteneste. 48 skuleborn kom om bord og lånte med seg 132 bøker.


Rammevilkår Same dag gjekk det første kulturprogrammet av stabelen på Syltøy, 15 til 20 menneske høyrde Erik Svendsen som hadde laga eit «fengslande opplesingsprogram med alvor og skjemt». Bibliotekar på denne første turen våren 1963 var den legendariske bokbåtdronninga Margrete Barstad. På jomfruturen vart det lånt ut totalt 25. 747 bøker og det var 3.732 lånarar om bord. Dei første loggbøkene frå bokbåten er interessante historiske dokument. Frå Lundegrend 21. september 1964 kan ein m.a. lese: «Om kvelden måtte vi avlyse programmet på grunn av publikumssvikt. Det var bare 2 damer, Fru Eikeland og søsteren som kom. De sa fjernsynet nettopp var kommet hit og hadde nyhetens interesse. Dessuten var det midt i potetopptakingen og alle hadde nyttet det fine været til å få potetene i hus.» 12

Fjernsynet får skulda for publikumssvikt fleire gongar utover på 60-talet. Frå vårturen 1968 heiter det seg at «Kontakten sier at det er så mange som har kjøpt fjernsyn i det siste, og nå sitter de bare der og glor.» Ved eit anna høve er det tv-programmet «Åpen post» som dankar ut bokbåten sitt program.

I perioden 1988 til og med 1997 gjekk Epos tre turar i året, både vår, haust og vinter. I Hordaland samarbeider i dag fylkesbiblioteket med Lindås bibliotek om bokbåtdrifta. Fylkesbiblioteket har det administrative ansvaret, i tillegg til å organisere kulturtilbodet om bord. Lindås bibliotek har ansvaret for dei bibliotektekniske oppgåvene. Bokbåten har tilpassa seg skiftande tider i Hordaland. Talet på stopp er redusert, ettersom infrastrukturen og folkebibliotekstrukturen er betra i fylket. Frå å byrja med om lag 300 stopp 1963, er talet no i overkant av 50 stopp. Dermed er også besøket og utlånet redusert med om lag det halve. Men Epos lever godt i den nye tida, med godt utlån og godt besøk.

Frå byrjinga av 1970-talet løyvde Staten 50% av driftsutgiftene til mobile bibliotekteneste, og dette kom bokbåten til gode. Frå 2001 vart det ei gradvis nedtrapping fram til 2005 då det var heilt slutt på den øyremerka statsstøtta. Etter den tid har fylkeskommunane vore den økonomiske ryggraden i bokbåtdrifta. Sogn og Fjordane skil seg litt frå dei andre fylka når det gjeld finansiering. På midten av 1980-talet innførte fylkeskommunen i Sogn og Fjordane ein kommunal eigendel. Kommunane skulle betala ein timepris for bruk av bokbåten. I dei to andre fylka er det fylkeskommunen som finansierer heile bokbåtdrifta.

I 2012 hadde bokbåten 51 stopp i 21 ulike kommunar, både på vår- og haustturen. Det vart lånt ut 18.408 einingar og over 3.000 besøkande var tilstades på kulturprogramma.

Trass i popularitet og entusiasme for bokbåten, har det innimellom kome framlegg i alle tre fylka om nedlegging i periodar med trong økonomi. Sentralbiblioteket i Hordaland var budd på å legge ned bokbåtdrifta frå 1965 på grunn av manglde løyvingar. Dei fatta likevel eit vedtak om vidare drift på vilkår om at dei tre fylka reduserte stoppa med 1/3, og at dei i tillegg skulle be om ekstra løyvingar til bøker frå dei tre fylkesmennene. I Hordaland og Sogn og Fjordane har det vore nære på ei nedlegging fleire gongar, men bokbåten har mange vener og brukarar som har kjempa i det offentlege rom for bokbåten.

13

På den andre sida fortel loggbøkene også om folk som kjem langvegs frå for å vitja Epos, «et selskap på 5 var kommet en hel time i motorbåt i regnet, vinden og nattemørket, og ei mor og ei dotter ignorerte regn og kuling, og rodde i over ein time for å få med seg programmet.» I mange år gjekk livet sin vante gong om bord. Frå byrjinga og langt utover på 80-talet var det filmframsyning om bord, enkelte dagar i tillegg til både barnetime og vaksenprogram. Tidleg på 70-talet vart det eit markant skifte i kva som var gangbart som kulturprogram: føredragshaldarane forsvann meir eller mindre ut, og i nokre år var visesongarane i vinden. I første halvdel av åttiåra kom eit nytt paradigmeskifte, vaksenprogramma såg ut til å forsvinne heilt, og det vart satsa fullt og heilt på familie- og barneprogram.

Skjer i sjøen

Ein kontaktperson kjem med bøker til innlevering (foto: privat).

Høgt utlån og stor aktivitet (foto: Stian Wiik).


Bokbåten i ei ny tid Politikarane på fylkestinga har funne løysingar og sikra bokbåten økonomiske midlar. I Sogn og Fjordane vedtok fylkestinget i desember 2010 å evaluera bokbåtordninga innan tre år. Ei arbeidsgruppe vart oppnemnd med mandat å sjå på behovet for bokbåttenesta, vurdera ordninga og peika på potensial for utvikling og alternative driftsformer. Arbeidsgruppa sin rapport vert lagt fram for hovudutval for kultur september 2013.

Nedlegging i Møre og Romsdal i 2000 Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok på junitinget 2000 at bokbåten Epos skulle leggast ned i Møre og Romsdal som ein følgje av den store spareplanen til fylkeskommunen. Sidan bokbåten var den einaste bibliotektenesta som ikkje var lovpålagd, var det semje om å legge han ned.

14

Haustturen 2000 var ein trist tur for bibliotekarane, mannskap og folket på plassane båten besøkte. Folk kom med både blomar og sterke uttrykk for frustrasjon over å miste besøka av båten. Harmen over å miste nok ein institusjon i desse utkantstrøka tok straks form av ein stille protest. Folket på Bjørke inst i Hjørundfjorden, ved kontakten Jorun Sætre, starta ein underskriftaksjon alt andre dag på denne turen.

Dette utløyste stor glede, både i Møre og Romsdal og hjå dei to samarbeidande fylkesbiblioteka, for ei nedlegging i eit fylke ville nok ha trua tenesta også i desse fylka. Under nedleggingsturen vart boksamlinga om bord gjeven bort til skular og institusjonar, og dette vart problematisk i 2001. Ei heilt ny samling måtte kjøpast inn til båten skulle på ny tur, og det vart difor ingen vintertur dette året. Men haustturen 2001 kom Epos attende til folket sitt. Gleda og velkomsten var enorm. Folket møtte båten med blomar, flagg og kake. Om haustturen 2000 var eit gravøl, var tilsvarande tur i 2001 ein jubeltur!

Bokbåttenesta på anbod

Kampen mot nedlegging i Hordaland i 2007

Ny profilering, bokbåtklubb og sosiale media

Hausten 2007 foreslo det politiske fleirtalet i Hordaland i sitt budsjettframlegg å leggje ned bokbåten. Dette førte til eit aktivt lobbyarbeid og mobilisering av brukarane av båten i fylket. Kampanjen blei fronta av Gunnar Staalelsen og Stig Holmås og fekk stor merksemd både i lokale og nasjonale media. Kristelig folkeparti og Fremskrittspartiet snudde og redda bokbåttenesta i Hordaland på fylkestinget i desember. - Det er reaksjonar frå folk som gjer at vi no går inn for framleis å gje pengar til bokbåten, sa fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg (KrF) til NRK.

«Vi er glade i bøker her i bygda, og vi har sett stor pris på å få vitjing av bokbåten. Vi har etter kvart vorte glade i dei som er om bord og ordnar med bokutlån og kulturinnslag. Eit slikt tilbod er utruleg verdfullt for dei små utkantane rundt omkring. Men no kan vi ikkje med vår beste vilje forstå kvifor dette må takast ifrå oss. Med oljen strøymande opp frå Nordsjøen, skulle vi vel vere mellom dei rikaste land i verda. Men likevel ser vi heile tida at små, men verdfulle ting vert tekne frå oss.» Jorun Sætre, Bjørke Nedlegginga av bokbåten utløyste eit stort lokalt engasjement i form av lesarinnlegg og stor medieinteresse. Dei fleste lokalavisene laga reportasjar frå siste besøk. Ordførar i Tingvoll, Kristin Sørheim kom både med tydelege signal til Aura Avis om nedlegginga som dårleg kulturpolitikk og ho tok initiativ til å sende eit brev om saka til alle dei andre 24 kommunane som kunne miste bokbåten. Kva som gjorde det endelege utslaget veit ein ikkje heilt, men engasjementet vekte tydelegvis fylkespolitikarane, for bokbåten kom tilbake på fylkeskommunen sitt budsjett for 2001 – eit vedtak i «tolvte time» – på fylkestinget 12.desember!

Frå 1963 har bokbåttenesta vore driven med same båt og same eigar. Årleg var det møte mellom eigar og fylkeskommunane der drifta vart drøfta. Nye reglar for offentleg innkjøp kravde at tenesta måtte ut på anbod. Innkjøpsavdelinga i Hordaland fylkeskommune tok i 2003 på seg arbeidet med anbodsprosessen. Det kom inn 5 tilbod, men ingen kunne konkurrere i pris og ingen andre var betre tilrettelagd som bokbåt enn Epos, som no var eigd av Vinnes skyssbåtservice.

I perioden 2000–2003 gjennomførte dei tre fylkesbiblioteka eit felles prosjekt der bokbåten Epos vart brukt til marknadsføring av bibliotektilbod til barn. Prosjektet vart støtta økonomisk av Statens bibliotektilsyn. Ved hjelp av eit designbyrå fekk ein utvikla ny design på fleire produkt, slik som bokmerker, bæreposar og plakatar.

I mars 2009 oppmoda fylkesbiblioteka skolar og barnehagar som brukte bokbåten til å finne på eit passande namn til maskoten vår, bokbåtkatten. Det kom inn mange flotte forslag frå alle dei tre fylka, men det beste var forslaget om at bokbåtkatten skulle heite Epus. Det var Hundeidvik SFO frå Sykkylven i Møre og Romsdal som fann på namnet, og dei vart premierte med ein bokpakke og alle elevane fekk kvar si Epos drikkeflaske då bokbåten kom til Hundeidvik.

Prosjektet førte også til at det vart oppretta ein eigen medlemsklubb, og det vart gitt ut eit medlemsblad 2 gongar i året. Dette inneheldt m.a. omtale av barnebøker, konkurranser, vitsar, og vart sendt til barna før kvar tur. Det var både kostnadsog tidkrevande å lage bladet, og difor vart det naturleg å legge funksjonane som medlemsbladet hadde over til bokbåten sin nettstad. Bokbåtklubben med personlege medlemmar vart avvikla i 2009.

Nettstad. Sangstund med sangpedagog og dirigent Kristin Groven Holmboe (foto: privat).

Innsendt teikning av bokbåten Epos.

I 2007 vart det oppretta ein nettstad for bokbåten, www.bokbaten.no. Han er felles for alle tre fylka. Her vert det lagt ut informasjon om bokbåtrutene og om kulturprogramma. I tillegg ligg her bilete og generell informasjon om Epos. Nettstaden kjem i ny utgåve til jubileet hausten 2013.

15


Lesande barn (foto: Stian Wiik).

Kontakt med skular og barnehagar

16 Facebook.

Bokbåten har side på Facebook, Bokbåten Epos. Denne sida er hovudsakleg i bruk medan bokbåten er på tur, frå september til mai. Det vert dagleg lagt ut bilete og informasjon, og lånarane kan kommentera undervegs.

Båten for barn og lesestimulering Bokbåten har etter kvart retta tilboda sine meir og meir mot barn. Om bord er det fokus på leselyst og leseglede, noko som gjenspeglar seg i boksamlingane. Ein legg vekt på å ha eit godt tilbod av nynorske barnebøker og nye aktuelle bøker for barn. Fylkesbiblioteka prøver å finna nye måtar å formidla litteraturen på, både når det gjeld oppstilling, synleggjering og omtale av bøkene. Terskelen for å låna ei bok, eller helst mange, må vera låg.

Bokbåten har etter kvart fått tettare kontakt og betre samarbeid med skular og barnehagar. Mange skular bruker bokbåtbøkene som nyttige supplement til eiga boksamling og bokbåtbøkene vert brukt aktivt i ulike prosjekt. På stoppa kjem gjerne heile skular og barnehagar, og personalet låner ofte med seg fleire kasser med bøker. Dette er gode bidrag til å styrka barnehagen og skulen sitt arbeid med aktiv språkstimulering og til å etablere gode lesevanar hos barn.

Den kulturelle skolesekken Bokbåten har på mange måtar eit nært «slektskap» med Den kulturelle skolesekken med sin formidling av leveande kultur til barn langs kysten. Etter at Den kulturelle skolesekken vart etablert har fylkesbiblioteka fått ulike roller i dette. Hordaland vert kulturprogramma om bord organisert og finansiert via Den kulturelle skolesekken i fylket, medan bokbåten i Møre og Romsdal er eit ekstratilbod i Kultursekken.

Møre og Romsdal fylkesbibliotek har i samarbeid med Nynorsksenteret og Tennfjord barnehage laga 40 boksekkar, som kvar inneheld ei biletbok og figurarar som høyrer til fortellinga. Poenget med dette er at barnehagetilsette saman med barna skal «spele ut» fortellinga i boka, og leike seg inn i den litterære verda. Vidare har ein laga ein «Stjernesekk» som er tilpassa småskulen (1.-4. klasse), med fokus på universet. 10 stjernesekkar er klare til jubileumsturen, og kvar sekk inneheld bøker, oppblåsbart solsystem og spel.

17

I ekstremvær fungerer heller ikkje hyllesikringane optimalt (foto: privat).

Modernisering av biblioteket I 2006 vart delar av avkastinga frå fylkeskommunen i Møre og Romsdal sitt kulturfond nytta til nye bokreolar på Epos. Hyllene i desse er skråstilte og utstyrt med eit automatisk sikringssystem slik at bøkene ikkje så lett ramlar på dørken i uroleg sjø. Alle tre fylkesbiblioteka har etter kvart innstallert eit automatisert katalog- og utlånssystem om bord. Det er også innstallert trådlaust nettverk om bord, men nettdekkinga er diverre ikkje like god alle stadar.

Boksekken (foto: privat).


Kulturbåten Epos Dei første kulturprogramma

18

Kulturprogramma på bokbåten har alltid vore ein viktig del av tenesta. Kulturbiten av bokbåtdrifta var nok i starten krevjande med omsyn til å finne «kulturar» - som desse folka vert kalla på bokbåtspråket – som kunne vera med båten. I den første tida var eit nært samarbeid med «Samnemnda for studiearbeid» avgjerande, men behovet for fleire samarbeidspartnarar gjorde at båten i 1968 fekk status som eige folkeakademi. «Kontoret for kunst og kultur» gav midlar, men ikkje tilstrekkeleg dei første turane. Difor måtte sentralbiblioteka sjølve løyve midlar til kulturkveldane i sine fylke. Når det gjaldt å engasjera forfattarar og musikarar vart Norsk forfattarsentrum og Rikskonsertane viktige samarbeidspartnarar, ikkje minst økonomisk. Kveldsprogramma for vaksne var dei første åra klassisk folkeopplysing, men det var òg debattar om aktuelle tema. Det er mange kjende forfattarar som har reist med bokbåten, som Zinken Hopp, Terje Stigen, Kjell Askildsen, Astrid Hjertenæs Andersen, Ragnhild Magerøy, Gert Nygårdshaug, Edvard Hoem.

Mange av dei var rikskjendisar, som musikaren Geirr Lystrup og forfattaren Ingvar Moe, og folk som var kjende frå «Barnetimen for de minste» som Helge Sverre Nesheim, Ingebrigt Davik, Anne Cath Vestly og Kirsten Langbo. Andre «kulturar» som tidleg i si profesjonelle karriere var med bokbåten er Jan Eggum i 1978 og Olav Stedje i 1985.

19

Frå loggdagboka til bokbåten laurdag 27. februar 1971: «Søreide (Sogn og Fjordane): Flott fremmøte, kjempefine interesserte mennesker. Var lei av å se de samme fagbøkene om bord!!! Flott utlån – noe plukking i kasse i fellesskap. Barnetime med film: «Reveenka», «Pluto» og «Stoppenåla» og barnerim ved Bjørn (Nilsen). Fint! 8 barn og 9 vaksne. Kveldsprogram om «norsk virkelighet» med Bjørn (Nilsen). 19 fremmøte + hele båtens folk. Fin diskusjon!! Dette angår jo folk – bibliotekarbeid i rette forstand. (Det bor ca 80 personer her.) Diskuterte veisak (geologisk undersøkelse sa tunnel, men utsatt på kommunal prioriteringsplan).» For ungane vart det gjerne synt kortfilmar eller det var song og opplesing. Etterkvart vart kveldsprogramma for vaksne mindre og mindre besøkte, og på byrjinga av 1980-talet vart det heilt slutt på dei. Ragnar Thorseth sine lysbiletekåseri frå turar i Nordishavet var slutten på kveldsprogramtilbodet i Møre og Romsdal, og i Sogn og Fjordane var det siste kveldsprogrammet for vaksne hausten 1982 med arkitekt Sverre Rane sitt lysbiletekåseri: «Hus i norsk natur».

Kulturprogram for barn Frå midten av 1970-talet er det fylkesbiblioteka som sjølve har ansvar for utvelgjinga av «kulturar». Fylkesbiblioteka prioriterte etter kvart «kulturar» som hadde program for barn.

Frå NRK-innspeling i Sogn og Fjordane av Her er eg! Kristianne (foto: provat) .

Fylkesbiblioteka har lagt vekt på kvalitet og variasjon i val av kulturprogram. Det har vore trylling, song, teater, dokketeater, forteljarteater, forfattarbesøk, mm. Kulturprogramma skal gjerne vera for ei ganske spreidd aldersgruppe, og publikumstalet kan variera frå 2 til 80 personar. Det er dessutan intimt om bord, så det kan vera krevjande å ha kulturprogram! Dei tre fylkesbiblioteka har eit tett samarbeid når det gjeld utveksling av erfaringar med dei ulike programma.

Sjantifanten Håkon Vatle (foto: privat).

Klovneri og trylling er også ei viktig og seriøs kulturytring for barn, og Klovnen Knut (Knut Berntsen) er den som har vore mest brukt, han har vore om bord ca 18 gonger. Men også Trond Magnum frå AbrakadabraTeatret, Vibeke Helgesen og Stein Lunde har vore mykje nytta på bokbåten. Bokbåten har ikkje hatt kulturtilbod til ungdomar, men i ungdomsåret 1985 synte fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal spelefilmen «Piratene» på dei minste overnattingsstadene på kveldstid. Sjå oversikt over alle «kulturane» som har vore med på Epos bak i heftet.

Klovnen Knut: Sjonglør og tullekunstnar (foto: privat).

Stor stemning når Teater Fusentast kjem ombord (foto: Stian Wiik).


Folka om bord Eigarar Svåsandfamilien Med Epos starta ein epoke med Svåsandfamilien, som skulle vare heilt til 2003 då båten vart solgt. Knut Svåsand var fast med heilt frå 1. tur til han brått døydde hausten 1984. Kona hans – Dagny – var med som kokke i periodar, og det var også døtrene Jorun og Åse. Sonen Knut Jørgen var med som matros frå slutten av 1960-talet, som skipper frå 1975 og som eigar etter at Knut døydde. I periodar var og den andre sonen, Tore, med som skipper. Knut Jørgen si kone Jorun var kokke om bord i mange år. I det store og heile var Epos ei familiebedrift. Veldig mange av mannskapet var på eit eller anna vis i familie med Svåsand.

20

Svein Ivar Vinnes frå Vinnes skyssbåtservice AS kjøpte Epos, og tok over bokbåttenesta i 2003. Han har i periodar sjølv vore med som skipper.

Ingrid Dræge, Sogn og Fjordane har det praktiske arbeidet med bokbåten i Sogn og Fjordane. Ho var med bokbåten i Møre og Romsdal i 1977. Frå 1982 har ho vore fast med i Sogn og Fjordane, noko som etterkvart har blitt til 60 turar.

Bibliotekarar

I Hordaland har fleire bibliotekarar hatt ansvar for bokbåttenesta, i lange eller korte periodar. Etter Margrete Barstad, var det Siren Steen som styrte tenesta, før Sigrid Kvarekvål hadde jobben i mange år. Seinare har Ruth Ørnholt, Thomas Brevik, Eva Mostraum, Elin Golten og Ritha Helland i kvar sine periodar hatt ansvar for tenesta. I dag samarbeider fylkesbiblioteket med Lindås bibliotek om drift av bokbåten i fylket. Ansvaret for tensta er fordelt på tilsette ved Lindås bibliotek og Sigrid Furnes ved fylkesbiblioteket.

Som regel er det med 2 bibliotekarar frå fylkesbiblioteka. Kvart fylkesbibliotek har ansvar for sitt fylke. Det er mange bibliotekarar som i åras løp har jobba om bord, i kortare eller lengre periodar, men det er nokre av dei som må nemnast her: Margrete Barstad, Hordaland fødd og oppvoksen i Volda i 1922 og døydde i Bergen 2012. Ho var distriktsbibliotekar i Hordaland frå 1957. Margrete er bokbåtens «grande dame» som Holmås karakteriserer ho i bokbåtboka. Ho fekk det daglege ansvaret for bokbåtdrifta frå første tur i Hordaland i september 1959 og dei komande 17 åra.

21

Bergljot Melseter Worren (Alme), Møre og Romsdal var distriktsbibliotekar ved sentralbiblioteket i Møre og Romsdal tidleg på 60-talet. Då bokbåtdrifta vart utvida til heile Vestlandet fekk Bergljot det praktiske arbeidet med drifta og var fast bokbåtbibliotekar fram til 1971. Saman med Hjalmar Olsen var ho med på den første turen i Møre og Romsdal.

Knut Svåsand (foto: Magnar Fjørtoft).

Brødrene Knut Jørgen og Tore i styrehuset på «gamle» Epos (foto: Magnar Fjørtoft).

Grete Thingnæs (Slinning), Møre og Romsdal er bokbåten «par excellence» i Møre og Romsdal. Ho reiste sin første tur hausten 1966 og fekk ansvaret for det praktiske arbeidet med tilrettelegginga av bokbåten nokre år seinare. I løpet av desse 38 åra hadde ho 56 turar i Møre og Romsdal og ein tur i Sogn og Fjordane. Grete fekk Møre og Romsdal sin bibliotekpris i 2004.

Eit nytt bokdepot skal på land, kontakt Oddlaug Øvrevik, Tustna og Grete Thingnæs (Slinning) (foto: Magnar Fjørtoft).

Kontaktpersonar

Vidar Kursetgjerde, Møre og Romsdal. Sidan han var førstereisgut vinteren 1977 har han 60 turar i Møre og Romsdal og ein tur i Hordaland. Katrine Solberg, Møre og Romsdal har det praktiske arbeidet med bokbåten i Møre og Romsdal. Ho tok over etter Grete Thingnæs i 2004, og har hatt 17 turar i Møre og Romsdal og 1 i Hordaland. Gunnvor Schei, Sogn og Fjordane var ein av veteranane på bokbåten og reiste med bokbåten sidan midten på 70-talet til ho døydde i 2011, berre 58 år gamal. Svein Ivar Vinnes ved roret (foto: Stian Wiik).

Margrete Barstad og Nanna Langeland om bord på Abdulla (foto: privat).

Heilt frå starten av såg ein behov for å ha ein lokal kontakt på kvart stopp. Kommunane vart bedne om å oppnemna ein person «som kan syta for at bøkene går på omgang, og som kan ha oppsynet med utlånet og kontrollen med bøkene», som det står i brev til ordførarane i Sogn og Fjordane. Kontaktane heng opp plakatar før bokbåten kjem, dei har ansvar for evt. bokdepot på land og er fylkesbiblioteka sin kontakt på staden. Tidlegare var nok oppgåvene meir omfattande, kontaktpersonane hadde m.a. ansvaret for å samla inn alle bøkene før bokbåten kom. Framleis har fylkesbiblioteka ein kontaktperson på dei aller fleste bokbåtstoppa, men no er det ofte skular som har denne oppgåva.


Nokre av kontaktpersonane har hatt oppgåva i mange år, og det er heller ikkje uvanleg at dette går i arv i familien. Kontaktane er mange, her er nokre frå kvart fylke: Else Unni Bolstad Bjordal, Sogn og Fjordane har vore kontaktperson i Lånefjorden i Balestrand kommune sidan 1970 og ho har framleis denne oppgåva. Trude og Trygve Brosvik, Sogn og Fjordane. Far til Trude, Trygve Brosvik var kontaktperson i Brosvik i Gulen kommune, frå 1964 til 1995, då overtok Trude. Leidulv Wangelsten, Sogn og Fjordane var kontaktperson i Kinsedal i Luster kommune frå 1967 til 2009. Då overtok sonen, Jan.

22

Olbjørn Straume, Hordaland hadde ei tenestetid på 47 år. Han byrja hausten 1960 medan Abdulla framleis var i drift. Olbjørn var kontaktperson på Straume i Radøy kommune, seinare på Nordangervågen då stoppet var flytta dit. I loggboka er det ein kort og nøktern kommentar frå Margrete Barstad den 8. november 1960 «Stedet er nytt og kontaktmannen virker grei». I 2007 tok svigerdottera Veronica Straume over arbeidet. Olbjørn Straume gjekk bort i januar 2013. Sølvi Møgster, Hordaland har vore kontaktperson på Møkster i Austevoll kommune sidan 1986. Ho har dermed hatt vervet i 27 år. Vivi Haraldseid, Hordaland har vore kontaktperson på Rostøy i Austevoll kommune sidan 1976. Ho kallar seg sjølv ein stor bokbåt-entusiast, noko 37 års tenestetid stadfester. Petter Dyrkorn, Møre og Romsdal var kontaktmann på Fjørtoft i Haram kommune sidan første tur i 1964 fram til 1995. Ved sida av å vere kontaktmann var han filialstyrar ved den lokale folkebibliotekfilialen, ein høgt akta autodidakt arkeolog og geolog. Han var også ein framifrå historieforteljar. Han fekk fylkeskulturprisen i 1989. Petter var også med båten tre turar på slutten av 1970-talet der han fortalde korleis steinalderfolket på våre kantar levde, og demonstrerte korleis flintreiskapane vart laga. Svanhild Vestre Hauge, Møre og Romsdal er også ein absolutt veteran. Ho tok på seg vervet i Vestrefjord i Haram kommune i Møre og Romsdal i 1971 og er kontakt framleis. Svanhild er no pensjonist.

Båtmannskapet

Andres Lyngstad, Møre og Romsdal var kontaktmann på Lyngstad i Eide kommune sidan 1967 til 2012. Då han takka av under ein «stor» fest om bord i båten hausten 2012 hadde han vore kontakt i 45 år og er den som har hatt dette vervet lengst i Møre og Romsdal.

Som oftast har eigaren av bokbåten vore skipper om bord, som Knut Svåsand, Knut Jørgen Svåsand og Svein Ivar Vinnes. I tillegg var det, eit mannskap på 2: ein maskinist/matros og ein kokk. Dei seinare åra har mannskapet bestått av ein kokekyndig maskinist og skipper.

«Kulturar»

Kokkane

I løpet av desse 50 åra har 280 «kulturar» vore med som underhaldarar. Med så mange forskjellige personar om bord i eit lite miljø har det oppstått episodar på både godt og vondt, men absolutt mest godt. Dei aller fleste trivst om bord og får ein tur dei aldri vil gløyme. Aranke Sestak, som var med båten i 1996, si helsing frå gjesteboka kan representere alle saman: «Takk for en uforglemmelig uke! Nå er «triumfferden» Kristiansund-Ålesund over, jeg mistet både tids og stedssans. Jeg har ikke ledd så godt og mye på lenge, og ikke spist så god mat på lenge, og ikke sett så flott natur på lenge… Å gjøre 20 forestillinger på 8 dager må være en rekord! Barna var kjempefint publikum, kalte meg både salat, hai, Tyrannosaurus Rex, Smurf etc, så fantasien lever, heldigvis og det var så fint å opptre omgitt av masse bøker. «Hvis dette er en drøm, så vekk meg ikke» (Shakespeare). Hilsen Aranke Sestak, «Herr Artisjokk» altså en grønnsak.»

Våren 1968 var det problem med å få tak i kokk slik at deler av turen måtte besetninga lage mat sjølve og dette medførte at lånarane ikkje fekk den oppfølginga ein ønska. Kokken, maten og forpleiinga er viktig for trivselen og det sosiale livet om bord. Båten har som oftast hatt med dyktige kokkar. Ei vandrehistorie vitnar om unntak: «Ein som aldri før hadde vore kokk, kom om bord med to kokebøker medsendt av dottera, men til ingen nytte. Skipperen måtte trå til, elles hadde dei som var om bord svolte ihel. Mellom anna stormkokte han dei tidlegare faste fine lutefiskstykka, berre sødet låg att i panna. Nokre paprika han fekk beskjed om å kjøpe, la han i fruktfatet, men det morosamaste av alt var fiskebollane i kvit saus, bollen kunne kvelvast utan at ein dråpe saus rann ut!»

Og skodespelaren Roger Hilleren (til avisa Møre): «Eg trur det er viktig for ein skodespelar å kunne gjere ulike ting, og ikkje berre vere med på ting som medfører luksus. Å få vere med på bokbåten gjer at eg ikkje vert blasert, som ein gjerne vert som skodespelar, der alle kjenner ein igjen og ein heile tida vert oppvarta. Det er ingen av barna som bryr seg om kven eg er – og tenk at vi er så heldige med veret!» Geirr Lystrup var den første «populærartist» som var med alt i 1972. Seinare var han med 5 gongar til. Geirr er forfattar av «Bokbåtsangen» som vart innspelt på plate med det «Det Norske kammerkor». Klovnen Knut eller Knut Berntsen som han heiter var med båten første gang i 1982. Han har totalt vore med 18 turar, og gleder stadig nye barn langs kysten. Trond Magnum har vore med 15 gongar sidan 1982, og blir framleis brukt på bokbåten med stor suksess.

Fortellar Amir Mirzai og bokbåtbibliotekar Inger Lise er klare for tur (foto: privat).

Uten mat og drikke, duger Berit, Arne, Svein Ivar, Kristin og Katrine ikkje (foto: Stian Wiik).

23


«Mitt bokbåtminne» Barndomsminne frå Epos, Åsta Vadset frå Runde

24

Her om dagen møtte eg Vidar, og brått er eg ni år igjen, står i vinduet på skulen på Runde og kikar ut i den mørke haustmorgonen. Ventar. På Epos. Og på Vidar og Grete. «Der ser eg lysa!» ropar Hans-Jørgen. Alle ungane spring bort til oss for å sjå. «Ja, der kjem han» seier Agnes, læraren vår. «No kan de gjere dykk klare til å gå nedover». Vi spring! Og står spent klare nede på kaia før skipperen har fått lagt til. Med kvar sine plastnett med bøker, som vi lånte forrige gong vi fekk besøk av bokbåten. «God morgen!» seier ei blid stemme før landgangen vert lagt ut. Vi går om bord. Inn i varmen. Det luktar bøker og båt. Bokbåt. Det kriblar i magen. «Er det noko spesielt du ser etter i dag?» spør bibliotekarane. Vi forestiller oss at dei bur på Epos. Heile året. At dei reiser rundt. Dei er jo her både om våren og hausten. Kvart år. Det kjem fleire folk. Helst pensjonistar. Elen som er på jakt etter bøker om hagestell. Paul som mest er innom for å slå av ein prat. Eg finn «Rasmus på loffen». Den har eg gleda meg til å lese. Igjen. Eller rettare sagt at bestefar skal lese den for meg. Eg rettar meg i ryggen når eg står ved skranken og leverar bøker og seier namnet mitt. «Ka tid han Davik kjeme?» lurer eg på. Vidar svarar at det enno er ei stund til forestillinga. Forrige gong bokbåten var her hadde dei med ein klovn. Gongen før spelte vi skuleungane inn radioprogram saman med Ingebrigt Davik. «Kekkek og Kjia på Kjaholmen». Vi kunne alle songane på rams. Det var stor stas! Eg er spent på kva han vil fortelle om denne gongen. Vi har funne oss store puter som vi sit på. No må han kome snart! Underhaldning er ikkje kvardagskost for ungane på Runde. Forrige gong var det ein film som Redningsselskapet viste då foreninga heldt basar på bedehuset. Vi får saft. Det hjelp på tolmodsløysa. Der dukkar gitaren opp bak ei halvopen dør. Og der kjem han: Ingebrigt Davik. Han er munter og handhelsar på oss. Takkar for sist. Så set han igong med familieforestillinga. Får oss med på ei fantasireise. Han brukar forskjellige rekvisittar. Stiller spørsmål. Vi svarar villig. Han fortel om Flyndre-Fanten som gøymer seg. «Kva er det Flyndre-Fanten gøymer seg bak? Ser de det?» Eldar rettar opp handa. «Det er gniks!» seier han, som den jordnære guten han er. Det forventa svaret skulle vere «tare». Vi ynskjer at det aldri skal ta slutt, men til sist rundar Davik av. Vi finn lånebøkene våre, seier hadet og ruslar oppover til skulen att. Snur oss og vinkar. Gler oss til etter leksetid. Til å starte på nye bøker. Nye eventyr. Vi snur oss og vinkar på gjensyn. Derfor smiler eg kvar gong eg møter Vidar.

Fryd og leseglede (foto: Stian Wiik).

Nokre minne frå Ytre-Standal, Egil Arne Standal Eg voks opp på Ytre-Standal, som ligg i Hjørundfjorden midt på Sunnmøre, 10 km innover i fjorden frå Festøya, der E39 kryssar Storfjorden. Det er ikkje store bygda, berre 5 bruk, men då bokbåten byrja sine reiser i Møre og Romsdal i 1964 kom vi med som ein av stopp-plassane. Her var folk i alle husa då, og mange born – og vi hadde den gode steinkaia frå 1932 som bokbåten kunne ligge ved. Bygda fekk veg til Festøya i 1966, og etter som det høvde var bokbåten også eit tilbod for dei andre som budde langs Hjørundfjordstranda, særleg når det gjaldt program og barnetimar. Bokbåten hadde mange bøker, men det var avgrensa kor mange vi fekk låne med oss direkte. Men viss vi fann spennande bøker, så kunne vi legge dei i bokkassa, som kontaktpersonen i bygda tok vare på. Dei første åra var det Ola-Johan, Johan O. Standal som var kontakt for bokbåten. Kassa med bøker var i stabburet i Ola-garden, og der kunne ein kome og få levere inn dei bøkene ein hadde lese, og få låne nye. Stas! Etter nokre år var det mor mi, Oddlaug Standal, som vart kontakt. Det hadde den fordelen at då kunne eg legge enda fleire bøker i bokkassa, og håpe på å rekke å få lese dei. Eg var ein ivrig lesar. Eg er fødd i 1956, og var dermed berre 8 år i 1964. Det er naturleg nok avgrensa kva eg kan hugse av kva eg lånte dei første åra, men somme bøker har festa seg. Pippi Langstrømpe vart lånt, og var så artig at i alle fall delar av den vart lese høgt for småsyskena mine. Thor Heyerdahl si bok «Aku Aku: Påskeøyas hemmelighet» var ei av dei første bøkene eg las. Mysteriet

med dei store steinstøttene på øya har gjorde inntrykk. Størst inntrykk gjorde likevel Thor Heyerdahl sin tur inn i ei trong hole, saman med ein av dei innfødde, der han måtte kravle og åle seg for å kome fram. Dette måtte prøvast: Kjøkkenstolane i stål vart plassert på rekke, og eg åla meg som ein Thor Heyerdahl gjennom opningane i nedre del av ryggstøa. Eg lånte også André Bjerke si velskrivne og morosame bok «Spillet i mitt liv», om hans store lidenskap, sjakk. Så bokbåten skal kanskje vere medskuldig i at eg sikkert har brukt alt for mange timar på dette vanskelege og interessante spelet. Det beste var likevel populærvitskaplege bøker, om naturvitskap, om fysikk og kjemi, om atomkraft og romfart, om genetikk og biologi, og evolusjon, dinosaurar og fortidsmenneske. Eg plyndra bokbåten for desse, lånte dei eg fekk lov til, og la resten i bokkassa. Fryd og leseglede! Eg kan ikkje hugse så mykje av at her var program og barnetimar. Men for syster mi, Annfrid, som var fødd i 1965, var det stort å treffe Kine Aune frå barne-TV – og få fortelje at ho hadde eit kje som heitte Kine. På 1980-talet budde eg på Ytre-Standal og dreiv gard. Eg hadde fått born, og det var kjekt å ta dei med seg på bokbåten. I 1986 var eldstemann 4 år, og under barneprogrammet vart det spurt om nokon ville synge ein song. Og Karl Ove var viljug, stilte seg opp framme, og song Mikkel Rev, greitt og tydeleg. Gjett om pappaen var kry! Vi flytta frå Ytre-Standal i 1989, og med det stoppar mi bokbåt-tid. Eg har spurt kona mi, Inger, kva ho hugsar av bokbåten: Jau, Ingebrigt Davik hadde hatt barneprogrammet, og etterpå kom han heim til oss og spurde hyggeleg og høfleg om å få låne telefonen. Her var ikkje mange mobilar på 1980-talet.

Ei vise til Deg Epos! av Ingebrigt Davik Her kjem ei vise så lita, men «god»: Ho handlar om Epos og Grete og Co, om Båten som tok meg i voggande famn – bar meg frå hamn til hamn Epos – kvar eg legg min veg, blir du ein del av meg! I 80`ho Grete ho ringde og bad: «Kom og bli med oss! Syng ungane glad!» Og lauvfall og flytur og Kristiansund: Eg møtte båten – ei minnerik stund! Epos – kvar eg legg min veg, blir du ein del av meg! På brua stod Knuten, ein verbarka kall, som losa si skute blant fluer og fall: Eit andlet med styrke, med tryggleik og smil, eit menneske rett i ein Ulabrandstil! Epos – kvar eg legg min veg blir du ein del av meg! I byssa gjekk Dagny og trylla fram mat. Og inn i salongen kom fat etter fat. Ei hyggeleg stund, rundt eit hyggeleg bord, hyggeleg` vener som syng no i kor: Epos – kvar eg legg min veg, blir du ein del av meg! Og aldri eg gløymer dei barna som satt på stolane rundt meg frå Smøla til Stadt. Eg ser tusen andlet som farer forbi, og høyrer ein flokk som stemmer i: Epos – kvar eg legg min veg, blir du ein del av meg! Må bokbåten sigle i hundrede år, og spreie sin kultur langs vestkysten vår! På brygga står jenta og der står ein gut og venter på Vidar og Grete og Knut! (junior)

Ingebrigt Davik var med første gong i 1980. Før han døydde i 1991 rakk han å vere med 7 turar. Denne visa skreiv han på sin siste tur i januar 1985.

Epos – kvar eg legg min veg, blir du ein del av meg!

25


Epos og Bjørke, Magnhild og Enok Kippersund Det var visst i 80-åra Epos kom hit til Bjørke første gongen. Det var stor stas! Ein fossekall i Tussaelva like ovanfor kaien heldt i vaskekte glede ei meisterleg oppvisning i dykking. Det viktige spørsmålet til elevane kom etter at dei har vore om bord: Fann de noko som de fekk lyst å låne? Og dei fleste lånte både ei og fleire. Ein tur om bord skapte appetitt på bøker. I ei periode praktiserte skulen også å låne ei ekstra ladning til skulen. Da kunne fleire, attåt sine eigne lån, få eit påfyll i boktimen, og same boka kunne bli lesen av fleire. Program er populært! Det blir så nær kontakt med artisten, som i ei stove. Så går utviklinga sin gang: Barnetalet har minka og skulen er nedlagt og seld. Vi er takksame for at Epos framleis svingar innom. Det er flott sørvis for oss som ikkje er mange. Bøker blir lånte og lesne! 26

Ei slags oppsummering: Bokbåten har bidratt til leselyst og glede over bøker, underhaldning og kunnskap, for meg og mange andre. Og det kan vanskeleg vurderast for høgt.

Bokbåtbibliotekaren (dette var opprinneleg eit innlegg i bloggen til Thomas Brevik, som er korta ned av redaksjonen) Hei, jeg heter Thomas, er bokbåtbibliotekar, og er offisielt den mest sjøsjuke som noensinne har jobbet på bokbåten. Det er ikke alltid like lett å dra grønnfargen av fjeset og troppe opp i biblioteket ombord idet landgangen smeller ned på kaien og førti cherroxer dundrer ombord, men det er verdt det. Bokbåtbibliotekar er den ultimate bibliotekarjobben og jeg vil ikke bytte for all Postafen i verden. Mannskapet ombord er jo bokbåtens viktigste ressurs. Vi er ikke mange, men svært så forskjellige. To hardbarkede sjøfolk, skipper og kokk/matros/motormann representerer det jordnære, praktiske og tøffe. Så har vi alltid med oss en

kulturell forestilling, som teater, klovn eller en forfatter, disse kalles, kulturen(e), og representerer det kunstneriske, høytflyvende og vare (ikke alltid da). Til slutt har vi kulturens fotfolk, bibliotekarene, som er litt jordnære, litt høytflyvende, litt vare og litt tøffe, kort sagt, litt av begge verdener og brobyggerne i diskusjoner og hverdagens praktiske liv. Bokbåten Epos er en personlighet av de store. Hun er den første, og hittil eneste formålsbygde bokbåten i verden. Hun ble bygd i 1963 (like gammel som meg). Om sommeren gjør hun seg fin for turister og blåturdeltakere, og har nok det som hovedinntektskilde. Jeg dømmer ikke. Men når september kommer, kineserne har vendt snuten hjem og vinden igjen tar seg opp så ingen fornuftig langtveisreisende begir seg ut på sjøen. Da tar hun på seg kulturkjolen og blir den vi elsker og vil leve med. Hun som bidrar til at livet på de ytterste øyer og i de dype fjordarmer blir litt mer levelig og fylt med vide perspektiv og et bredere verdensbilde. Den bok- og kulturmønstrede kjolen har hun på til hun i slutten av april igjen må tjene til livets opphold med en innsmigrende sving på hoften til tilreisende. Havet dukker opp i mange former i løpet av en tur. Fra blikkstille hav i solnedgang, til liten storm og bølgehøyder vi ikke snakker om når det er barn til stede. Mellom disse to ytterlighetene kan det også nevnes at vannet av og til skifter karakter. Det går fra en flytende form som Epos er formidabelt godt tilpasset til, til en hardere substans som kan skape problemer av en uventet art. Da vi i 1996 beveget oss innover fjorden mot Våga, på østsiden av Sveiolandet, dukket det opp først, små isflak, så stadig tettere is, og til slutt et tjukt islag som Epos dunket seg igjennom. Jeg sto i styrehuset og gløttet bekymret bort på skipperen. Kom dette til å stoppe oss? Neida, ta det helt med ro, vi måtte gå med sakte fart, men ville ikke bli noe særlig forsinket til stoppet. På engelsk kalles dette for «Famous last words». For i det ordene var ute av munnen så føk temperaturmåleren på motoren over på den røde siden, lys blinket og alarmer sang og jeg fikk utvidet mitt vokabular med ord jeg ikke engang ante eksisterte. Vi hadde fått is i kjølevannsinntaket. Stoppet ble avlyst og vi fikk en stille dag i isen mens det ble pirket og dunket både innvortes og utvortes og Epos ble snudd med håndmakt og sakte haltet seg tilbake til åpent vann. Ved dårlig vær, surrer vi hyllene. I gamle dager trakk vi tau gjennom hull i gavlene for å sperre for at bøkene skulle hoppe ut. I vårt nå moderniserte bibliotek har vi nye hyller med en

svært smart patent som gjør at et aluminiumsrør hopper ned av seg selv om båten skulle krenge så mye at det er fare for at bøkene vil ta seg en tur. NOT. Den som følger bokbåten på facebook vil raskt se at et stadig gjenvendende tema er rader av bøker som har hoppet ut av hyllene og nå ligger i varierende grad av sirlighet ut over dørken. Vi kaller det fortsatt å surre, og vi gjør det ofte når vi går utaskjærs. Så kommer vi til det som uvergelig er slutten på alle historier, til DØDEN. I mitt tilfelle møtte jeg døden, eller noe som lignet, utenfor en øy som heter Hernar, nord for Øygarden og vest for Bergen. Hernar ligger midt ute i havgapet og er nok det stedet vi oftest må avlyse på grunn av været. Denne spesielle dagen hadde vi allerede lagt ut og var langt ute på fjorden da det blåste opp og jeg fikk mitt livs første møte med en ekte orkan. Da det begynte å huske som verst var det å hive seg rundt, løpe ned i biblioteket og surre etter beste evne. Når man samtidig tar min stadig økende sjøsjuke med i betraktningen var dette noe jeg kun kan omtale som en surrealistisk skrekkhistorie. Etter vel å ha surret, bar det opp i styrehuset for å se på forholdene. Stemningen var det vi kan kalle lettere anstrengt. For første gang så jeg skipperen ha begge hendene på roret og knokene var hvite. Vi hørte på VHF-en at skyssbåten ikke ville legge ut og at redningsskøyta lå i høyeste beredskap. Vi var kommet for langt ut til å kunne snu, bølgene gikk nå over fordekket og salongen. Der nede satt en svært forskrekket kultur bredbent og tviholdt på fruktbollen som var det eneste knuselige som var igjen etter et raid fra kokken da alvoret ble klart. Jeg så meg rundt på bleke fjes og ut på en sjø hvor rokket sto så tett at vi ikke lenger så vårt mål for turen. Da fattet jeg en beslutning. Jeg balanserte med grønnskjær i alle kroppsdeler ned i biblioteket. La meg forsiktig på rygg på gulvet med armene strekt ut til siden og så hvordan bok etter bok hoppet over tauet og dalte i et litteraturens fossefall ned på dørken. Så lukket jeg øynene igjen og tenkte det jeg trodde ville bli min siste tanke: Nå dør jeg som en ekte bibliotekar.

Utdrag frå bloggen til Christin Grilstad Prøis som var kultur i Sogn og Fjordane hausten 2012: 19. oktober – dag 2 på Epos: Den var ikke liten, for å si det sånn, trailer som ankom brygga i Førde, søkklasta med bøker! EPOS går i tre fylker og hvert fylke har sin bokbase som lempes på og av. Men det var ikke bare bøker som dukka opp, men også et helt bibliotekarkorps som tydeligvis har lempa bøker før, for makan til effektivisering skal en leite lenge etter.

27

Alle hjalp til med boklasting, også skipper Alfred (foto: Christin Grilstad Prøis).

Paller med bøker, blå kasser stappfulle av glede, spenning, drama, krim, fagbøker, reisehåndbøker. Bøker for barn, ungdom og voksne. 6000 bøker skal ombord. Noen gang tenkt på hvor tungt det er å bære tre bøker? Ti bøker? 40? 100? Første stoppested Svanøy. 70 innbyggere, halvparten av dem inntok EPOS. Med flagrende sommerfugler rundt øra kom jeg meg gjennom Heksagonprogrammet. Det er alltid litt svett første gangen. Og siden det, naturlig nok, er en stund siden sist jeg hadde førjulsforestilling, var konsentrasjonen skjerpa for å huske tekster og gjøremål underveis. Veldig hyggelig publikum. Ai låvv ju, Svanøyådienss.


Helsingar frå «kulturar» (frå gjesteboka)

Apropos; om noen lurer på hvor stor bokbåten er, kunne skipper Alfred fortelle at den er akkurat så stor at den rekker fra foran til bak!

28

22. oktober – dag 5 på Epos: Og da er vi på vei inn den lange Sognefjorden. Det er kun et stopp i dag; Lånefjorden. Båten kjører i flere timer, tar til venstre et sted og fortsetter i det uendelige før jeg forstår at det snart vil stanse av seg sjæl, for igjen er vi altså innerst i det innerste, og der; mine damer og herrer – TADADA – ligger kaia/bryggeanløpet som ønsker velkommen til Lånefjorden. Jeg ser fire hus. Fjella er blitt merkbart høyere, steilere. En enslig sau har forvirra seg til brygga, en kar med firhjuling og en liten tass på fanget kommer skrensende for å hilse på. Lånefjorden har helt sikkert sin sjarm, men akkurat denne dagen vi anløper, fremstår stedet som spøkelsesaktig med en litt for stor stillhet. Så kommer folket. Det lånes bøker an mass. Kassevis med bøker. Elever fyller bærepo-

Spøkelseskladden hviler over Lånefjorden (foto: Christin Grilstad Prøis).

29

ser med bøker. Lånefjorden lever opp til sitt navn. Det er en bokglad gjeng som forlater EPOS. 23. oktober - dag 6 på Epos: Har ikke så himla mye å melde i dag. Vi er i Vik kommune og besøker Framfjorden og Farnes. Mye folk om bord, mye utlån, morsomme forestillinger; slik det blir når det er skoler og barnehager om bord fordi skravla da går lettere på publikum og det er aller morsomst når publikum deltar. Framfjorden får første plass for publikumsdeltagelse. En suveren gjeng.

Gjestebok Hordaland, Klovnen Knut.


30

31

Gjestebok Hordaland, Ola Bremnes.

Gjestebok Hordaland, Teater Fusentast.


Bokbåten i media Bokbåten har alltid vore mykje omtalt i pressa. Lokalavisene og lokalradioen har vore flittige gjestar om bord. Likeeins Vestlandsrevyen og NRK Møre og Romsdal. Her er ei utval av omtalane bokbåten har fått i riksdekkande media.

• Hegerberg, Helge: Mitt skip er lastet med… Adresseavisa: Ukeadressa 14. oktober 2006 • Holmquist, Tone: Populær og utgått på dato. Kommunal rapport 4. desember 2007 • Bokbåt i budsjettskvis. Klassekampen 7. desember 2007 • Litterære ferjereiser: bokbåten «Epos» symboliserer Norge som kyst og kultursamfunn. Klassekampen 11.desember 2007 • Mitt skip er lastet med bøker. Båtmagasinet nr 1 2008 • Havsalte bøker: på dette biblioteket er du nødt til å sette sjøbein. Dagbladet: Magasinet 24. april 2010 • Bokbåten Epos: med kultur til folk, der folk bor- . SALT: magasinet for kystens næringer og kystens folk nr 1 2010 • Bücherschiff: die Bibliothek, die durch dei Fjorde fährt. Mare: die Zeitschrift der Meere no 89 2011/2012 • Skartveit, Hanne: Frå Sognefjorden til Groruddalen. VG 9. mars 2013

32 Klar til opptak til tv-dokumentaren: Jakten på det fullkomne bibliotek f.v. Jostein Gaarder, Ingrid Dræge, Asle Veien (foto: privat).

Radio og fjernsyn • Bokbåt på Vestlandet. Ukerevy 39, 1959. Norsk Film 1959 •M  itt skip er lastet med… epos. Om bokbåten «Epos» i Sogn og Fjordane. NRK Sogn og Fjordane 1989 • J akten på det fullkomne bibliotek. Med Jostein Gaarder gjennom bøkenes Europa. NRK1 2000 • Her er eg! Kristianne. NRK 2010 •D  et flytande livet. Ei kjærleikshistorie om bokbåten Epos. (Radiodokumentaren). NRK april 2013

Aviser og tidsskrift •S  tigen, Terje: Om brændevin vestpå (en ulykkesmelding). Dagbladet oktober 1967 •V  estlandets flytende bibliotek. Perspektiv: Widerøemagasin nr 4 1999 • Mitt skip er lastet med bøker. VG 17. oktober 1999 Denne er skriven av Zinken Hopp på slutten av haustturen i 1966.

•S  yltebø, Tone: Bok i lasten. Dagbladet: Magasinet 22. november 2003

Bokbåten i litteraturen •B  onde, Kurt: Organisering og drift af bokbåd i Norge, med særlig henblik på forholdene i Sogn og Fjordane. København: Danmarks biblioteksskole, 1976 •H  olmås, Stig: Epos. Boka om bokbåten Stig Holmås og Helge Sunde. - Bergen : Nord 4, 1988. ISBN 82-7326-012-7 (ib.) •Y  oshida, Yuko: Norwegian Libraries Fostering Culture: a Stage for Stories, Languages, and Knowledge. Tokyo: University of Tsukuba, 2013. ISBN-13: 978-4794809414 •M  oe, Ingvar: Med bokbåten i Sognefjorden. [Dikt] Himabrent. Oslo: Samlaget, 1979 •M  oe, Ingvar: Fråflyttingsbygd i Sogn. [Dikt] Himabrent. Oslo: Samlaget, 1979 •L  ystrup, Geirr: Bokbåten. Barbershop på norsk. Oslo: Samlaget, 1980 • Davik, Ingebrigt: Ei vise til deg Epos! 1985 •S  tyve, Jens K.: Teiknaren har ordet [teikneserie om bokbåten]. Smult nr 1 2002 • Tokvam, Finn: Tyl: roman. Oslo: Samlaget, 2005

33


Internasjonale presentasjonar 2000: Anne Marie Øvstegård frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek presenterte bokbåten under IFLA-konferansen i Jerusalem .

2006: Ellen Kristin Molvær frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek presenterte bokbåten på den årlege bokmessa i Herceg Novi, Montenegro.

2004: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek presenterte bokbåten på den svenske bokbussfestivalen i Sundsvall.

2013: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek presenterte bokbåten på Austalasian Mobil Library Conference i Wagga Wagga, Australia.

2005: Ruth Ørnholt frå Hordaland fylkesbibliotek snakka om framtida for mobile tenester i eit nordisk perspektiv – også bokbåten - på Mobile Library Festival i Rijeka, Kroatia.

Oversikt over «kulturane» 34 I desse 50 åra med bokbåt har 280 forskjellige «kulturar» vore med bokbåten i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland. Lista nedanfor inneheld alle. Dei er oppført kronologisk etter når dei var med første gong, og talet på gongar dei var med. Krüger, Victor 1962 2 Thorsteinson, Sigmund 1963 1 Scheer, Eva 1963 3 Svendsen, Erik 1963 4 Larsen, Torkjell 1964 1 Rytter, Olav 1964 4 Falck-Johannesen, Karen 1964 1 Flesland, Magnar 1964 1 Overaa, Severin 1964 2 Klokkarstuen, Ottar 1964 2 Berge, Helga 1964 1 Wollebæk, Per 1965 1 Strømsted, Finn 1965 5 Ebbing, Nanna 1965 1 Eriksen, Anders 1965 1 Hopp, Zinken 1966 5 Haaland, Tove Bryn 1966 1 Schoder, Rolf 1966 1 Halvorsen, Dag 1966 1

Kåsør, Samnemnda for studiearbeid Kåsør Opplesar /barnetime Skodespelar Kåsør, Samnemnda for studiearbeid Forfattar Kåsør Kåsør Kåsør, FN-sambandet Opplesar Opplesar Forfattar Forfattar Kåsør Kåsør Forfattar Kåsør, opplesar Kåsør Kåsør

Krag, Helena Stigen, Terje Bjørnseth, Finn Kristiansen, Kristian Askildsen, Kjell Lie, Arvid Torgeir Bakke, Kari Jensen, Brikt Rønning, Svend Andersen, Astrid Hjertnenæs Gundersen, Gunnar Bull Lønning, Per Henriksen, Hans Groven, Gudmund Pettersen, Arvid Birkeland, Kirsti Cederblad, Johanne Grieg Groven, Gudmund Lybeck, Sebastian Lykkman, Kristin Myrberget, Lasse

1966 1967 1967 1968 1968 1968 1968 1968 1969 1969 1969 1969 1969 1969 1970 1970 1970 1970 1970 1970 1971

10 2 4 1 1 1 1 1 3 1 1 1 3 2 2 4 2 1 1 1 2

Skodespelar Forfattar Forfattar Forfattar Forfattar Forfattar Kåsør Kåsør Forfattar Forfattar Forfattar Foredragshaldar Kåsør Kåsør Foredragshaldar Forfattar Forfattar Kåsør, opplesar Kåsør Opplesar Forfattar

Holth, Åsta 1971 1 Forfattar Elster, Magli 1971 1 Forfattar Magerøy, Ragnhild 1971 1 Forfattar Schwartz, Johanna 1971 1 Forfattar Borgen, Ane 1971 1 Forfattar Nilsen, Bjørn 1971 1 Foredragshaldar Cappelen, Bodil 1972 2 Biletvevar Ødegaard, Knut 1972 1 Forfattar Nygårdshaug, Gert 1972 1 Forfattar Lyhmann, Kristin 1972 1 Forfattar Hoem, Edvard 1972 1 Forfattar Holth, Aasta 1972 1 Forfattar Lystrup, Geirr 1972 6 Visesongar Corneliussen, Kari 1972 1 Visesongar Folkestad, Bernhard 1972 1 Visesongar Utne, Johan 1972 1 Visesongar Mathisen, Mathis 1973 3 Forfattar Bjørlykke, Oskar Stein 1973 2 Forfattar Sagen, Rolf 1973 2 Forfattar Virkesdal, Erling 1973 1 Foredragshaldar Ingstad, Sverre 1973 2 Visesongar Onsaker, Tore 1973 1 Visesongar Gors, Arne 1973 3 Visesongar Mesingset, Toril 1974 1 Dokkespelar Thorseth, Ragnar 1974 5 Eventyrar Nesdal, Sigrun 1974 5 Folkedansar Nesdal, Sigurd 1974 5 Folkedansar, humorist Rød, Åse Katrine 1974 1 Foredragshaldar, Folkeakademiet Høverstad, Torstein Bugge 1974 1 Forfattar Berg, Stein Ove 1974 1 Visesongar Willgohs, J. Fr. 1975 2 Kunstmålar Kellmer, Inger 1975 1 Forfattar Aune, Kine 1975 1 Skodespelar Takvam, Marie 1975 2 Forfattar Langbo, Kirsten 1975 1 Forfattar Tveit, Norvald 1975 1 Forfattar Stang, Jørgen 1975 4 Forfattar Ruud, Edvard 1976 1 Forfattar Helgesen, Vibeke 1976 13 Dokkespelar Moe, Ingvar 1976 5 Forfattar Krossøy, Wenche 1976 2 Forfattar Grimstad, Ivar 1976 2 Forfattar Håland, Karthon 1976 1 Forfattar Dyrkorn, Petter 1976 3 Foredragshaldar Eggum, Jan 1976 3 Visesongar

Öhlin, Berit 1977 1 Eikås, Sigmund 1977 1 Rakeng, Oddvar 1977 1 Engström, Claus 1977 1 Crosby, Jan 1977 1 Bråland, Bjørn 1977 8 Nesheim, Helge Sverre 1978 4 Hesjevoll, Magne 1978 1 Skeide, Gro 1978 4 Asker, Kari 1979 2 Henriksen, Mette 1979 2 Lund, Carl L 1979 1 Torheim, Anne Karin 1980 1 Jonassen, Roy 1980 1 Davik, Ingebrigt 1980 7 Brimi, Rolv 1980 1 Hauger, Torill 1980 1 Vestly, Anne-Cath. 1980 1 Heie, Sigurd 1980 1 Thue, Ove 1980 2 Nilsen, Anne May 1981 3 Barth, Frøydis Alver 1981 2 Belsvik, Rune 1981 2 Bjugn, Sissel 1981 1 Sejersted, Brit 1981 1 Widnes, Marie Lovise 1981 1 Stubseid, Gunnar 1981 1 Stubseid, Hildur 1981 1 Fredheim, Bjørn 1982 1 Overå, Astrid 1982 1 Magnum, Trond 1982 15 Mangerøy, Lillian Claussen 1982 2 Røys, Helga 1982 2 Berntsen, Knut 1982 18 Carlstrom, Tone 1982 1 Carlstrom, Warren 1982 1 Gundersen, Tor 1982 1 Bredal, Peter 1982 1

Skodespelar Folkemusikar Forfattar Kåsør Tryllekunstnar Tryllekunstnar «Teddy Scott» «Barnetimeonkel» Folkemusikar Forfattar Dokkespelar Dokkespelar Tryllekunstnar «Don Carlo» Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater Forfattar Felespelar Forfattar Forfattar Forfattar Musikar Skodespelar,Sogn og Fjordane Teater Forfattar Forfattar Forfattar Forfattar Kåsør Musikar Musikar Skodespelar Skodespelar Skodespelar, Abrakadabra teateret Forfattar Foredragshaldar «Klovnen Knut» Musikar Musikar Skodespelar, Den Nationale Scene Skodespelar, Den nationale Scene

35


36

Digranes, Anne Gullbjørg 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlag Berge, Berit 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlag Jonassen, Roy 1982 1 Skodespelar, Vestlandske teaterlag Zaitzow, Tatjana 1983 3 Dokkespelar, Petrusjka Ringstad, Målfrid 1983 1 Dokkespelar, Ålesund dukketeater Bang, Bjørg 1983 1 Dokkespelar, Ålesund dukketeater Lyngheim, Milly 1983 1 Forfattar Holtskog, Liv 1983 1 Forfattar Rane, Sverre 1983 1 Foredragshaldar Åsland, Karl 1983 1 Musikar Kinn, Terje 1983 1 Musikar Kleppevik, Johannes 1983 1 Musikar Folderøy, Kristoffer 1983 1 Musikar Andersen, Tove Pemmer 1983 2 Skodespelar Davis, Bembo 1983 1 Skodespelar Jostad, Morten 1983 1 Skodespelar Haaland, Agnete G. 1984 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater Uthaug, Gro Ann 1984 1 Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater Dons, Eva 1984 1 Dokkespelar, Musidra Tostrup, Camilla 1984 3 Dokkespelar, Musidra Heining, Ola 1984 1 Kåsør Werring, Giert 1984 10 Skodespelar, Baldrian og Musa Abbeddissen, Vidar 1984 1 Tryllekunstner, «Abbadull» Olsen, Asbjørn 1984 1 Tryllekunstnar Sveen, Gry 1985 3 Skodespelar, Det lille musikkteater Storleer, Inka 1985 2 Skodespelar, Det lille musikkteater Skjølsvik, Per 1985 4 Skodespelar, Musidra Lunde, Stein 1985 17 Skodespelar, Musidra Myrvang, Eli Stav 1985 1 Dokkespelar, Kruska dokketeater Hansen, Bjørg Uhlin 1985 1 Dokkespelar, Kruska dokketeater Larsen, Dag 1985 1 Forfattar Bolling, Jens 1985 1 Forteljar Stedje, Olav 1985 10 Visesongar

Hjorth, Vigdis 1986 1 Forfattar Vabog, Petter 1986 1 Klovn, «Klovnen Melvin Tix» Størseth, Randi 1987 1 Skodespelar, Det lille musikkteater Wexelsen, Vera Rosin 1987 1 Skodespelar, Flaminateateret Christensen, Jan Erik 1987 2 Skodespelar, Sogn og Fjordane Teater, Hordaland Teater Martinsen, Gunnar 1987 1 Dokkespelar, Sogn og Fjordane Teater Byrknes, Ingebjørg 1987 1 Dokkespelar, Sogn og Fjordane Teater Eriksen, Helga Gunerius 1987 2 Forfattar Omvlee, Coby 1987 5 Skodespelar, Studio teater/ Teater Fusentast Fredini 1987 5 Tryllekunstnar Veer, Johanna van der 1988 2 Skodespelar, Studio teater Lorentzen, Gustav 1988 1 Musikar Eide, Randi Fasmer 1988 1 Musikar, Distrikts musikarane i Sogn og Fjordane Turmyr, Siri 1988 1 Musikar, Distrikts musikarane i Sogn og Fjordane Tråsdahl, Heidi 1988 1 Musikar, Distrikts musikarane i Sogn og Fjordane Armand, Yngvil 1988 1 Skodespelar Amundsen, Geir 1988 1 Skodespelar, Gullars og Indigo Gundersen, Tor 1988 1 Skodespelar, Gullars og Indigo Lystad, Ingunn 1988 4 Visesongar Jørgensen, Per 1989 1 Musikar Prestø, Rolf 1989 3 Musikar Fliflet, Gabriel Henrik 1989 4 Musikar Gjerstad, Alf Bugge 1989 4 Musikar Hamre, Magne 1990 1 Biletkunstnar Sandberg, Liv 1990 1 Forfattar Hertog, Jaap den 1990 1 Skodespelar, Teater Fusentast Osland, Erna 1991 1 Forfattar

Hellesøe, Unni 1991 1 Forfattar Tveitane, Olav 1991 2 Musikar Obermayer, Gilles 1991 2 Musikar Anker, Pernille 1991 1 Skodespelar Helgesen, Anne 1991 8 Skodespelar, «Katta i sekken» Sagliocco, Guandaline 1991 1 Skodespelar, Guandaline Sagliocco Ensemble Islinger, Håkon 1991 1 Skodespelar, Guandaline Sagliocco Ensemble Newth, Philip 1992 2 Forfattar Ramstad, Oddbjørn 1992 1 Musikar, Fylkesmusika rane i Sogn og Fjordane Olsen, Ivanir Hansson 1993 3 Gjøglar, Cirkus Sibylla Hamping, Lisbeth 1993 1 Dokkespelar, Dockteaterhuset Tenfjord, Jo 1993 1 Forfattar Haagenrud, Grete 1993 2 Forfattar Olsen, Carl Andreas 1993 6 Gjøglar, Cirkus Sibylla Ludviksen, Vibeke 1993 2 Skodespelar, Dukkenikkerne Moe, Hogne 1994 6 Forfattar, musikar Karoliussen, Tove 1994 3 Skodespelar, Stella Polaris Larsen, Elisabeth Helland 1994 6 Skodespelar, Stella Polaris Markussen, Jack 1994 1 Dokkespelar, Dukkenikkerne Holmås, Stig 1994 1 Forfattar Hansson, Safira 1994 4 Gjøglar, Cirkus Sibylla Isungset, Terje 1994 2 Musikar Seglem, Karl 1994 2 Musikar Røsbak, Ove 1995 1 Forfattar Sestak, Aranke 1996 1 Skodespelar Cunningham, Dee 1996 2 Skodespelar Hovland, Tove 1996 1 Musikar Wang, Ragnhild 1997 1 Skodespelar Hilleren, Roger 1997 6 Skodespelar, Teater Joker Sveen, Helge 1997 4 Skodespelar, Teater Joker Austrem, Liv Marie 1997 1 Forfattar Sortland, Bjørn 1997 3 Forfattar Elling, Lars 1997 2 illustratør Prestø, Rolf 1997 3 Musikar Sirnes, Valborg Maria 1998 2 Forfattar

Kvambe, Sissel 1998 3 Visesongar Huser, Asmund 1999 2 Dokkespelar Aase, Stian 1999 1 Musikar Cranner, Arne Barthold 1999 6 Musikar, ABC-Studio Østgaard Otnæs, Geir 1999 2 Musikar, ABC-Studio Østgaard Forsland, Thor Ivar 1999 9 Skodespelar Sund, Torvald 2000 1 Forfattar Kaldestad, Per Olav 2000 2 Forfattar Svennsrud, Håvard 2000 1 Musikar Hansen, Atle 2000 2 Musikar Borgen, Michelle Anette 2000 1 Tryllekunstnar Fevåg, Bjørn David 2000 1 Tryllekunstnar, «Davido» Isaksen, Karoline 2001 4 Skodespelar, Teater «ViTo» Soltvedt, Thor 2001 2 Forfattar Bergmann, Annette 2001 2 Klovn Bakke, Inger 2002 7 Skodespelar Solevåg, Anett 2002 1 Skodespelar Næsheim, Nina 2002 7 Forfattar Gravdal, Øyvind 2002 1 Musikar Moen, Petter 2002 1 Musikar Hulbækmo, Tone 2002 1 Musikar Andersson, Ann Kristin 2002 1 Musikar Høeg, Kirsten 2003 3 Skodespelar Robsrud, Geir 2003 1 Skodespelar, Alter Ego Maanum, Kirsti 2003 1 Dokkespelar, Dukke teateret Diddi Kirsti Maanum Prøis, Pål 2004 1 Musikar Vatle, Sylvelin 2004 1 Forfattar Prøis, Christin Grilstad 2004 7 Forfattar, barneteater Kaldestad, Roald 2004 3 Forfattar, musikar Ritzau, Nini 2005 1 Musikar Moe, Knut Jørgen 2005 1 Musikar Barry, Adame 2005 1 Musikar, forteljar Bjørkum, Anneka 2005 1 Musikar, forteljar Barth, Gabrielle 2005 2 Skodespelar Mørkeset, Eva 2006 4 Skodespelar Rørvik, Bjørn 2006 2 Forfattar Vatle, Håkon 2006 4 Visesongar, Storm Weather Shanty Choir Skjaker, Kjersti 2007 1 Skodespelar Johnsen, Per Trygve Stevik 2007 1 Skodespelar, Studio teater

37


Skjønberg, Siv 2007 2 Westby, Inger Lise 2007 2 Hølleland, Øistein 2007 1 Saue, Sissel 2007 2 Kolstad, Lars 2007 6 Berntsen, Jarle 2007 1 Larsen, Baard 2007 1 Fosse, Linda 2007 1 Matheussen, Kjell 2008 1 Kjelsen, Reidar 2008 2 Stensrud, Marianne 2008 1 Alfsen, Knut 2009 2 Reinert, Karl Markus 2009 3

Skodespelar, Teater Sirius Skodespelar, Teater Sirius Forfattar Musikar Musikar, Tromme-Lars Skodespelar Skodespelar Skodespelar, songar Skodespelar, Dårekisten Teater Forfattar Skodespelar, forteljar Dokkespelar Skodespelar, Teater Fusentast

Horndal, Sissel 2009 1 Forfattar Høie, Karen 2009 1 Skodespelar, visesongar Aarsand, Per Jostein 2010 5 Forteljar, Fortellerhuset Vestre, Øystein 2010 1 Forteljar, Fortellerhuset Bremnes, Ola 2010 1 Visesongar Tusj, Torunn 2011 1 Skodespelar Bjerke, Vilde 2011 1 Forfattar Mirzai, Amir 2011 2 Forteljar, Fortellerhuset Nesje, Sara Birgitte Øfsti 2011 2 Forteljar, Fortellerhuset Holmboe, Kristin Groven 2011 2 Musikar

Roar Hagen : Med bokbåten Epos i Undredal i Sogn

38

39

Gjestebok, «Kjære Gud» av Reidar Kjeldsen.

Teikninga er laga av Roar Hagen. Han er avisteiknar i VG. Teikninga vart laga til ein kommentar som Hanne Skartveit hadde til Kulturutredninga i VG den 9. mars 2013.


www.eggedosis.no

40

Geirr Lystrup : Bokbåten Smett i sko og trøye, no kjem bokbåten inn, so blå og so fin, no kjem bokbåten inn. Det blir skulefri, ja reine 17.mai når «Epos» glir inn og hiv trossa på kai. Wergeland er skipper og kultursjef om bord: Hei, Lie og Kielland, ta i! og syng ein shanty i kor. I maskinen sløkkjer styrmann Ibsen ein brann som smøraren Hamsun hev rota i stand. Lettmatrosen Bjørnson hev fått landlov klokka fem, so Synnøve pyntar seg til bokbåten kjem. Stig på, i bokkafèen er det blanda kost å få, hardkokt eller rå, det er som det må, for kokka Sigrid Undset ho har mange gryter på, sveittar, saltar og strir med middag til store og små!

Smett i sko og trøye, no kjem bokbåten inn, so blå og so fin, no kjem bokbåten inn. Det blir skulefri, ja reine 17.mai når «Epos» glir inn og hiv trossa på kai. Hemingway er heidersgjest, han nippar vin og kjeks. Når han tek kokka på fang, får Ivar Aasen kompleks. Nedi boksalongen er det Walt Disney Show med Dolly og Donalds American Love. Snart slår skipper Wergeland på klokka: ding ding då, takk for denne gongen, takk for denne gongen, no må bokbåten gå! Geirr Lystrup var med bokbåten første gang i 1972.

ISBN: 978-82-992167-1-5

9 788299 216715


Bokbåten Epos