Page 1

ANDRE VIKTIGE OMRÅDE: I det fullstendige fylkesvalprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne Sogn og Fjordane kan du lese meir om politikken vår knytt til desse overskriftene: • • • • • • • • • •

Samferdsle for framtida Vidaregåande opplæring Kommunesamanslåing Fiskeriressursane – fellesskapet sin eigedom Ein miljømessig berekraftig oppdrettsindustri Landbruk, ei framtidsnæring i Sogn og Fjordane Førebyggande folkehelse Mangfald i kulturlivet Natur og livskvalitet Sogn og Fjordane – ein mangfaldig region i ei mangfaldig verd

TOPPKANDIDATAR TIL FYLKESTINGET Stein Malkenes (63) frå Florø er Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesordførarkandidat. Stein er sjølvstendig næringsdrivande og gründer og har arbeidd som miljørådgjevar i inn- og utland i 20 år. Han er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd som lærar og rektor i Floraskulen. Stein har vore leiar i Norges Naturvernforbund, i Norsk Fyrhistorisk Foreining og er no styreleiar i organisasjonen SalmonCamera. Han har også småbruk der han førebur villsaudrift.

Monica Gjesdal Larsen (45) bur og jobbar i Aurland ved Sogn Jordog Hagebruksskule, den Foto: Monica Løvdahl einaste heiløkologiske jordbruksskulen i landet. Her har ho ansvar for grønnsaks- og urteproduksjonen og er praksislærar i dette. Monica hadde si grøne omstilling i 2004 då ho tok til på si utdanning som agronom i økologisk Les heile programmet på: landbruk, med eksamen i 2006, og har vidare www.sognogfjordane.mdg.no pedagogisk utdanning frå NMBU i tillegg til studiar innan mat og agronomi. Frå tidlegare er ho utdanna innan kunstfotografi og kunsthistorie Følg oss på Facebook: MILJØPARTIET DE GRØNNE | DESIGNMANUAL frå Kunsthøgskulen | 20.08.2014 i Bergen. facebook.com/pages/Miljøpartiet-DeiGrøne-i-Sogn-og-Fjordane Les heile fylkeslista på våre heimesider

FYLKESVALPROGRAM 2015-2019

TENK NYTT. STEM GRØNT.


TID FOR GRØN OMSTILLING

EIT FRAMTIDSRETTA NÆRINGSLIV

KLIMA-, MILJØ- OG ENERGIPOLITIKK

Fylkeskommunen har eit breitt samfunnsansvar, også på miljøområdet. Dette gjeld særleg overordna planlegging og samfunnsutvikling. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil nytte denne utviklingskrafta til å gjere Sogn og Fjordane til det fyrste fylket i Noreg som tek steget ut av fossilsamfunnet og inn i fornybarsamfunnet. I dette biletet er omstilling i næringslivet sentralt. Fylket har i dag ein mindre del av næringslivet knytt til olje- og gassindustrien enn resten av Vestlandet. Dette gjev fylket eit forsprang i omstillinga samfunnet må gjennom for å unngå klimakrisa.

Miljøpartiet Dei Grøne vil mellom anna:

Miljøpartiet Dei Grøne vil mellom anna:

• At fylkeskommunen saman med

• Stimulere til gründerverksemd og fleire

I dette flygebladet kan du lese om Miljøpartiet Dei Grøne sine viktigaste politikkområde, og kva vi vil jobbe for i Sogn og Fjordane i perioden 2015– 2019 :

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane må samarbeide med kommunane i fylket slik at dei får kartlagt forventa konsekvensar av klimaendringar i løpet av neste fireårsperiode Øyremerke kraftinntekter som fylket får til eit klimafond der kommunane kan søkje om tilskot til reduksjon av klimagassutslepp og energibruk Krevje at alle kommunar har laga ein handlingsplan for reduksjon av energibruk og utslepp av klimagassutslepp og kan dokumentere at tiltak i planen er gjennomført i løpet av neste kommunestyreperiode Stanse alle planar om vidare utbygging av vindkraft og vasskraft, og heller bruke samfunnet sine ressursar til å effektivisere dagens energibruk Prioritere om midlar frå ferjeavløysingsprosjekt til elferjer, ras-sikring og støtte til kollektivtransport

• •

• • • • •

grøne arbeidsplassar Vidareutvikle industri- og kompetansemiljø innan eksisterande og nye næringar i fylket i grøn retning Utarbeide eit fylkesprogram for lokal vidareforedling av fornybar energi frå fylket og eit fylkesprogram for energisparing i private hushald, næringsliv og offentleg verksemd Lage eit fond for omstilling av arbeidsplassar som i dag er knytte til oljeog gassverksemd Arbeide for å få omgjort regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet Arbeide for at produkt vi treng for å forsyne næringsverksemder og hushaldningar lokalt vert produsert lokalt Innføre eit øvre tak på tal turistskip og stille krav til lågt energibruk og utslepp Avvikle ordninga med fylkeskommunal oljekonsulent i Florø og erstatte denne med ei ny stilling som rådgjevar for grøn næringsutvikling

Flygeblad  

Miljøpartiet Dei Grøne Sogn og Fjordane sitt flygeblad for valkampen 2015

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you