Page 10

10

Friluftsskule Friluftsskule er eit tilbod på dagtid i sommarferien til barn i alderen 8-11 år (født 2005-2008). I 2016 vil YST arrangere skular i Matre i 27.-29. juni og 1.-3. august og i Solund i 25.-27. juli og 1.-3. august. Skulane er eit samarbeid med Norsk Kystkulturakademi og Berg Fritid. Kvar skule er tre dagar, med ei valfri overnatting siste natta. HOVUDAKTIVITETANE PÅ FRILUFTSSKULEN VERT: •Kajakkpadling

•Fisking

•Allemannsretten

•Fjelltur

•Mat frå sjøen

•Matlaging ute

•Roing

•Leirslagning

•Kart og kompass

Det langsiktige målet med friluftsskulane er at dei skal vere med å gjere lokal ungdom i stand til å bruke kysten til eit aktivt og spanande friluftsliv. Kortsiktig vonar vi at det skal bli naturleg å fortsetje i DNT-Ung gruppa i YST. Deltakaravgifta er 950 kroner per person og skule. Påmelding ved e-post til ytresognturlag@gmail.com eller på tlf. 950 28 232. Maks 16 personar per skule. Tidsfrist for påmelding er to veker før kvar skule. Påmeldinga er bindande.

Profile for Mark Elvevåg

Ytre Sogn Turlag - Turhefte 2016  

10 turmål for store og små i Gulen og Solund.

Ytre Sogn Turlag - Turhefte 2016  

10 turmål for store og små i Gulen og Solund.

Advertisement