Solundavisa 2015

Page 50

50 SOLUNDAVISA 2015

ARRANGEMENTER

Møte i fjøra 6.–7. juni Har du prøvd å ete tare, kråkebollar, sniglar og andre ting du finn i sjøen? Helga 6.–7. juni held Børje Møster frå Manger kurs i Straumen der ein sankar i fjæra etter vekstar og dyr ein kan ete. Helga byr òg på utstillingar, sal av varer, spanande matserveringar, kulturminnetur, og mogelegheit for å prøve på fri­dykking. Meir informasjon om arrange­ mentet finn du på www.solund.kommune.no.

Villsaufestivalen 26.–28. juni I år arrangerer Norsk Kystkulturakademi Villsaufestivalen for tredje gang. Festivalen byr bl.a. på fagkonferanse, kurs, villsausanking, klipping og spinning av ull. Dessutan blir det marknad med m.a. lokalprodusert mat, ostsmaking med Pascalle Baudonnel, kurs i grindebygging, kulturminnetur til Utvær, allsong hos Roar Moe, utstillingar og konsertar. Mykje moro for store og små! Tema i år er berekraftig liv. Les meir på www.nkka.no.

Foto: Trude Søilen

Cubansk kunstutstilling 26.–28. juni Under Villsaufestivalen stiller den cubanske biletekunst­ naren Ramón Eduardo Haití Filiú ut sine verk på Solund Grendahus. Ramón har kunstfagleg utdanning frå det mest kjente kunstakademiet på Cuba: San Alejandro i Havanna. Han ynskjer å bringe meir varme og lys til oss nordbuarar med sine fargesterke maleri, fulle av afrocubanske symbol som også gjev oss skandinavar meining og gjenkjenning. Ramón bur og arbeidar i dag i Bergen og har tilknyting til Solund gjennom kona Norunn Kalgraff som opphavleg kjem frå Kolgrov. Meir informasjon om Ramón finn du på www.ramonhaitifiliu.com.

Familiedag

Familiegudsteneste

på Indrøy 18. juli

på Indrevær 19. juli

Om du er i Solund 18. juli må du ikkje gå glipp av familiedagen på Indrøy. Det blir omvising av Indrøy handelstad og grilling av bl.a. kvalbiff. I 2014 kom over om lag 200 personar og det går båtar frå Hardbakke og Ytrøy.

Ynskjer du ein kulturoppleving utover det vanlege? Då skal du bli med på familiegudsteneste på Indrevær bedehus 19. juli. Dette er det einaste bedehuset i Solund og ligg heilt ute i havgapet. I fjor kom det om lag 110 personar. Det går båt frå Hardbakke, Kolgrov og Utvær.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.