Issuu on Google+

6982

24

19. des 2016

Bygdeavis for:

Rivedal, Holmedal, Vårdal og Helle

Meir næring i sentrum

På barne-tv Lea Losnegård Pedersen og Holmedal Ungdomslag skal vere med i den populære tv-serien ”Klart eg kan” i januar.

Startar reiseselskap Tove Grimelid og søstera Ranja G. Ljostveit vil ha deg med ut på tur. GOD GJENG: Egil Vårdal og Holmedal Elektriske får no selskap av Henriette Hatlevoll frå Folkeakademiet, historikar Gaute Losnegård, Marianne Furevikstrand i Bygdeavisene (bak kamera) og Peder Tveit (som ikkje var til stades då bildet vart teke).

Holmedal Elektriske pussar opp bygget og fyller det opp med fleire verksemder: Vestnorsk Oppdragshistorie, Folkeakademiet i Sogn og Fjordane, Tveit takst og Bygdeavisene. I tillegg er det fleire Trulsen fekk bygdeprisen Erlend Eikenes har fått andre som er interesserte. bygdeprisen - for å ha vore ein - Det blir kjekt med meir folk og aktivitet i hardtarbeidande heidersmann som har stilt opp for bygda si. sentrum, seier Egil Vårdal.


Naboane, av og til ser eg dei. Verkeleg prima menneske, dei er så, ja.

SÅ HERLEG med EM-gull til Dalsfjorden, folkens! Når ein daling får gull i handball-EM, då blir ho automatisk omtalt som dalsfjording av oss her på nordsida. Eventuelt får vi seie at holmedølingane òg har vore fjalerbuar. For få veker sidan, i samband med at ein fjalerbu var i cupfinalen med Kongsvinger, uttalte Arve Helle at Fjaler hadde hatt med Torodd Helle og Svein Bakke tidlegare. Så då må jo det gjelde andre vegen òg. Vi ropar derfor hurra for Fjaler og Dalsfjorden og ikkje minst for Kjerstin Boge Solås. Dette var verkeleg kjekt!

(Kjartan Hatløy, Den kvite vegen) instruktørane har alltid imponert meg.

MINE SMÅ begynte på danseverkstaden til Dans uten grenser i haust. Det har vore ei positiv oppleving. Begge gler seg til øvingane kvar veke og var ivrige no før framsyninga. Ho eldste øver og gjer det ho skal. Ho minste diggar å danse, men legg gjerne inn nokre eigne «moves» òg. Ho synest dessutan det er heilt greitt å stille seg fremst på scena og prøve å få ut den lause tanna undervegs, og gjerne gjespe med stort gap. Når småflaue foreldre etterpå spør om ho var trøytt, svarar ho berre at «det EI ANNA lokal jente som snart skal på tv-skjermane i heile landet, må no vere lov å gjespe litt utan at ein er trøytt, vel?». Og ja, det er Lea Losnegård Pedersen. Ho bur til vanleg i Stongfjorden, men må vel det? går på skule i Holmedal og er mykje hos besteforeldra i Vårdal. I haust ville ho vere med på teateroppsettinga til Holmedal EG SYNEST det er kjekt med ungar som seier og gjer ting som er Ungdomslag (HUL), og så fekk HUL og Lea spørsmål om å vere litt annleis. Som gir folk noko å humre av. Oftast er det dei med på Klart eg kan. Det er ein herleg barneserie som handlar frittalande og undrande ungane som er kjekkast å intervjue. om ungar som gjer ting for første gong. I Lea sitt tilfelle er det Derfor lèt eg meg sjarmere av ungar som syng av full hals og gjer altså snakk om å spele teater med replikkar. Vi kan røpe så pass rare ting i kyrkja og sånn. Men det blir litt annleis når det er mi at det går fint, og dei som har sett innslaget som kjem på tv eiga dotter. På julekonserten song alle fint, det var stort trykk, 10. januar, seier vi kan gle oss til det òg. Dermed kjem som då Erlend Ona Gjul song med Atløykoret, men også altså også Holmedal Ungdomslag inn i stova til folket. vare augneblink, som då Frida Herland opna konserten. Vi gir ein applaus til HUL for stor ståpåvilje dette Seksåringen min song av full hals med skulekoret, med året, ikkje berre med ei intensiv og vellykka teaterhennar eigen versjon: «Hellige time» vart «heldige helg, men også alt arbeidet dei gjer for å skape time». «Nå ringes julen inn», vart «nå ringer skulen inn». anna aktivitet og pusse opp bygdehuset. Det er Men latter høyrer vel òg med til jula? godt vi har så mange driftige folk her i bygda! FOR DET er altfor mange som har fått tunge beskjedar i DET FEKK vi også sjå i helga, då Henriette Hatlevoll løpet av året. Det er mange som kjenner på sakn når (med litt hjelp frå Folkeakademiet) arrangerjula kjem, eller kanskje redsle for kva som skal te ein fantastisk julekonsert. Flinke skje framover. Media fortel stadig om historier frå songarar og musikarar og proff lyd og lys. krigsherja land - som er så såre at vi ikkje ønskjer For også på det sistnemnde feltet har vi å ta det innover oss. Då er det berre å minne om ein som alltid stiller opp, slik at ting går det viktigaste i jula: Ta vare på kvarandre. Gjer fint for seg: Richard Herland. noko ekstra fint mot nokon. Og for all del: Syng av full hals, ta nokre eigne dansemoves utan å bry HAN SYTTE også for gode forhold undeg – og nyt julefreden viss du finn den. Her i der avslutninga til danseverkstaden huset er eg redd det blir lite julefred. Men latter er førre veke. Før har eg vore innom eg sikker på at det blir. nokre danseshow for bygdeavisa. Denne gongen skulle eg sjå mine eigne opptre. Det vart om mogleg endå meir rørande og artigare enn elles, og det seier litt – for desse små dansarane og 6982 er ei politisk uavhengig bygdeavis for Rivedal, Holmedal, Vårdal og Helle Vi har i tillegg to andre aviser: 6980 (Askvoll) og 696åttre (Dale/Flekke/Straumsnes) Utgjevar: Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Holmedal Bladstyrar: Marianne Furevikstrand Telefon 95 22 95 62. E-post: marianne@bygdeavisene.no Besøksadresse: Aska Næringsbygg i Askvoll sentrum Facebook: Bygdeavisene / Instagram: @bygdeavisene / Webside: www.bygdeavisene.no Trykk: Bygdeavisene, Askvoll. Opplag: 700 Marianne Furevikstrand står bak alle bilete og tekst dersom ikkje noko anna er namngitt. Bygdeavisene rettar seg etter reglane om god presseskikk, som nedfelt i redaktør- og ver varsam-plakaten. Klager rettast til bladstyraren.

Huuuuugs: ...å følgje oss på Instagram: @bygdeavisene. Der får du små kvardagsglimt frå bladstova. ...å følgje oss på Facebook: Bygdeavisene. Vi har over 1000 likarar! ...å tipse alle fornuftige folk om å bestille den knakande gode bygdeavisa di!


Reisegalne søstrer ber deg med på tur Søstrene Tove Grimelid og Ranja G. Ljostveit elskar å reise. No har dei starta reiseselskap og lagar turar for deg òg. - Vi elskar å reise. Det er livet vårt, fastslår Tove Grimelid. Ho har sydd saman fleire gruppeturar tidlegare, mellom anna for hagelaget og skuleklassar. Fleire har nemnt at ho burde starte reiseselskap, men ho har berre slått det frå seg og tenkt at det ikkje var noko ho kunne gjere. Men i sommar sendte ho ei tullemelding til storesøster Ranja om at ho hadde funne ut at ho skulle starte reiseselskap. «Eg er med,» var tilbakemeldinga – omtrent før meldinga var sendt frå Rivedal. - Så bestemte vi oss ganske kjapt. Det første vi måtte ordne var ein reisegaranti på 250 000 kroner, som du må ha for å drive reiseselskap i Norge, fortel dei. Dei har ei mor som også er reiseglad, og foreldra har støtta godt opp, både med lån og gode ord. No er Tora Reiser (etter TOve og RAnja, journ.mrk.) godt i gang med planlegging av turar. For det er altså ikkje eit reisebyrå, men eit selskap som tilbyr ferdige pakketurar, og der dei sjølve stiller som reiseleiarar. - Vi ser for oss fire-fem-seks turar i året. I utgangspunktet skal det vere nytt tema på kvar tur, til dømes yoga, fotturar, mat eller vin, seier Ranja. Tematurar Eldstedottera til Ranja, Jeanett Ljostveit, er mediegrafikar og har laga både heimesida, logoen og stilige gåvekort som er forma som pass. På nettsida torareiser.no finn du meir informasjon og du kan også følgje sida deira på Facebook. Der ser du mellom anna at den første turen går til Sopot i Polen i mars. Det er ei langhelg på spahotell. - Den passar for folk som treng å slappe av og puste ut litt. Det er også lagt opp til ei utflukt til Gdansk og shopping viss ein vil det, seier dei. På dei første turane skal både Tove og Ranja vere med som reiseleiarar. Dei vil vere tilgjengeleg for reisefølget heile døgnet og ordne opp i det som trengst av praktiske ting og kommunikasjon. - Mange kvir seg på å reise aleine, men dei har heller ikkje lyst til å reise på reine charterturar. Då er dette eit fint alternativ. Her kan du reise aleine eller saman med ei venninne eller fleire; du skal uansett føle deg trygg og at du alltid har nokon som er der for deg, seier Tove. Den andre turen går til Azorene, som er ei eksotisk øygruppe i Atlanterhavet. - Klimaet er om lag som Kanariøyane og naturen er vill, vakker og frodig. Her har vi mekka det bra opplegget med fotturar, bilturar, gode matopplevingar, men også eigentid, forsikrar Tove. Dei ønskjer i utgangspunktet å lage turar til stader som er litt mindre tilgjengelege enn dei vanlegaste ferieplassane. - Men vi lagar gjerne fullt opplegg for grupper som vel turmål sjølv, og som vil reise utan reiseleiarar òg, slik som vennegjengar eller firma, legg dei til.

REISEGLADE: - Vi er to reisenissar og har det skrekkeleg moro i lag når vi er på tur, seier søstrene Tove Grimelid og Ranja G. Ljostveit. Her frå ein ferietur til Frankrike i oktober. No vil dei også ha deg med på tur. Foto: Privat

- Er det noko de kvir dykk til når det gjeld å starte firma? - Vi håper jo at det skal bli ein suksess, men det blir spennande å sjå. Det handlar om å utfordre seg sjølv og så finne ut av ting litt etter kvart, seier Tove. - Det er vanskeleg å seie kor mykje tid dette firmaet vil ta, men vi ser at vi bruker mykje tid når vi jobbar med å lage til turane, seier Ranja. Dei er sjølvsagt spente på kva oppslutning turane får. - Nokre målgrupper fiksar heilt fint å lage reiseopplegg sjølv, men det er mange som synest det er godt med litt hjelp. Det er mykje som skal ordnast med både fly, overnatting, reise til og frå flyplassane og anna, seier Ranja. Turane skal i utgangspunktet gå frå Bergen og kanskje Ålesund. - Det fordyrar mykje for oss å reise frå Oslo. Anten går det mykje Spente på oppslutnaden tid vekk på buss dit, eller så går det mykje pengar med på Tove Grimelid gjekk reiselivslinje på vidaregåande og hadde lyst til Widerøe-flyet. Dessutan er det ikkje like mange pakketurar frå å bli flyvertinne, men jobbar no i staden på Askvoll Elektriske og Vestlandet som det er frå Austlandet, seier Tove. bur i Rivedal saman med Jan Ruben Hegrenes på heimgarden Dei har ikkje noko spesiell aldersgruppe i tankane. hans. Ranja bur og jobbar i Førde. Dei har til saman sju ungar, - Når hagelaget reiser i lag på tur saman, til dømes, er vi folk i men dei er så pass store at mødrene no synest dei kan prioritere å alle aldrar. Vi har det utruleg artig i lag likevel, fastslår Tove. prøve seg på eige firma i tillegg til jobbane dei har i handelsstanden.


DOBBEL GLEDE: - Det var ekstra spesielt at vi fekk stipend begge to, seier Tuva Rivedal Tjugen (t.v.) og Pernille Rivedal Hellevik. Dei er både søskenbarn og barndomsvenninner. Foto: Øyvind Hovden

Furorestipend til Rivedal-kusinene Søskenbarna Tuva Rivedal Tjugen og Pernille Rivedal Hellevik trudde dei skulle i kaffislabberas. Så dukka Sparebanken Sogn og Fjordane opp med stipend på 50 000 kroner til kvar av dei. - Eg var heime på ein vanleg helgetur og hadde ikkje snøring på at eg skulle få stipend. Det var overveldane og veldig kjekt, seier Tuva Rivedal Tjugen. Til vanleg bur og studerer 29-åringen i Bergen, men banken og familien hadde alliert seg med sambuaren hennar, slik at dei skulle få til ei overraskande overrekking av Furorestipendet då ho skulle heim. Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut slike stipend til talent i alderen 15 til 30 år, innanfor kategoriane kultur, idrett og open klasse. - I år var det totalt sju vinnarar i fylket, fortel Torunn Mattson i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho dukka opp heime hos familien Rivedal Tjugen på Vindheim med to stipend på til saman 100 000 kroner. For det var ikkje berre Tuva som skulle få stipend, men også kusina Pernille Rivedal Hellevik (27). Dei to søskenbarna held på med ulike fag, men begge har tidlegare imponert innanfor sine felt. Pernille var ferdig utdanna filmregissør og manusforfattar i vår, frå det prestisjefylte filmprogrammet på Columbia NYC. Der fekk ho prisen for «Best Female Director» og fleire andre utmerkingar på universitetet sin filmfestival for filmen

«Kunsten ikkje å innfinne seg». - Vi let oss òg rive med av denne filmen, som åleine var ein god søknad; spesielt med tanke på at Pernille her står bak både manus og regi. Men også gjennom andre arbeid har ho vist seg som ein kreativ og allsidig filmskapar med både tydeleg lokal forankring og identitet, og universell appell, uttaler juryen for Furorestipendet, som består av Firda-journalist Stig Roger Eide, Torill Faleide frå Førdefestivalen, Trude Skarvatun frå Førde kulturskule og Pål Fidjestøl frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

stas at vi fekk stipend begge to. Vi har hatt mange prosjekt saman i oppveksten, seier Tuva. - Det er ganske ulike tema det jobbar innanfor no? - Ja, det er det, men likevel har det noko felles: Det handlar om å skape noko sjølv. Det vi jobbar med gjer seg ikkje sjølv, vi må drive det fram, seier Tuva. Tuva er altså designar med spesialisering i møbel, romdesign og interiørarkitektur. Arbeidet hennar har blitt godt motteke på utstillingar mellom anna i London, Milano og Stockholm, og i 2015 vann ho konkurransen X-WORKS 2.0, som medførte Kusiner, venninner og støttespelarar eit samarbeid med møbelprodusenten - Dette var verkeleg stas. Eg vart veldig, Lammhults. veldig glad då eg forstod - Vi er imponerte av Tuva at vi skulle få stipend. sitt stilsikre uttrykk i dei Det betyr mykje Dette var verkeleg vakre, praktiske og økonomisk, men det at innovative møblane, med stas. Eg vart veldig, ein klar gjennomgåande både eg og Tuva fekk stipend, gjorde det identitet. Vi synest Tuva er veldig glad. ekstra spesielt. Vi vaks ein flott representant for Pernille Rivedal Hellevik opp saman og er veldig fylket, og vi har tru på at ho nære vennar. Vi er djupt inne i det den har mykje meir å tilføre norsk design i åra andre driv med, så eg ringjer alltid til Tuva framover, uttaler juryen. viss det er noko eg treng å diskutere med Tuva trudde at dersom ho skulle få nokon, seier Pernille. Furorestipend, så kom det til å bli over- Eg beundrar Pernille, så det var ekstra rekt i Bergen.


- Så stod Torunn frå banken plutseleg på kjøkkenet heime på Vindheim. Eg vart verkeleg teken på senga, fortel ho. - Eg hadde nett vore ute og leika i oljehyre ved elva saman med niesene mine. Så begynte sambuaren min å snakke om at eg kanskje kunne ta på meg litt finare klede. Vi skulle jo ha familiekaffi med kjente og kjekke folk, så eg tenkte berre å ha på meg noko passeleg pynta. Men eg forstod likevel ikkje at det var noko på gang, eg berre tenkte at «han sambuaren min var no litt løyen i dag», for han bruker ikkje å vere så pertentleg på ting, ler Tuva.

Lammhults. Elles handlar det om å kunne bu her i Rivedal i staden, seier ho. eksponere meg sjølv meir, få dei gode Sambuaren er i same bransje. I ein ideane, jobbe med utvikling og tenkje periode i haust jobba han med ein kortfilm nytt, visualisere ideane og lage protoi Tyskland, men elles har paret halde til i typar. Det handlar òg om å få kontakt med heimbygda hennar. aktuelle produsentar, og det kan du mel- Det er kjekt om eg blir innleigd av nolom anna få gjennom å stille ut på møbel- kon til prosjekt, men i utgangspunktet må messene i London og Milano, seier ho. eg skape mine eigne prosjekt. Eg liker Tuva meiner det er moglegheiter både både å skrive og å ha regien, seier ho. innan det private og det offentlege, i både - Korleis finn du inspirasjonen i Rivedal? stor og liten skala. Ho synest det er kjekt å - Eg er ikkje eit sånt typisk friluftsskape noko på verkstaden og liker å menneske som spring i fjella, men eg liker byggje møblar sjølv. godt å vere ute. Vi er mykje på - Det er liksom gulrota: sjøen, går småturar, jobbar i Det å skape noko og sjå hagen. Det er vanskeleg å Nyttige stipend resultatet. Eg liker Eg liker å byggje seie akkurat kva det blir - Kva skal du bruke dei 50 000 kronene på? sjølvstendig arbeid og å inspirasjon av, men eg møblar sjølv - Dei går nok til fagleg utvikling. Eg held styre kvardagen min sjølv, plukkar opp mykje på med siste året på masteroppgåva på seier ho. undervegs; det kan vere Tuva Rivedal Tjugen Kunst- og Designhøgskulen i Bergen og setningar og ting som dukkar skal vere ferdig til sommaren. Der byggjer Inspirasjon i Rivedal opp, som eg samlar i notateg prototypar innan møbeldesign og det Også søskenbarnet Pernille Rivedal blokka mi og seinare kan bruke til noko, kostar ein del, seier ho. Hellevik jobbar med å utvikle eigne idear. seier ho. - Korleis ser du for deg at framtida di blir For tida bur ho og sambuaren i Rivedal. - Kva vil du bruke stipendpengane til? i dette faget? Det er ikkje berre å søkje på Her finn ho inspirasjon, skriv manus og - Eg vil prøve å spare dei. Eg har framleis ein standardjobb når du er ferdig jobbar vidare med prosjekt. eksamensfilmen min inne til vurdering hos utdanna? - Viss eg skulle ha budd i Oslo, hadde det fleire filmfestivalar. Den har komme på - Nei, men eg har lyst til å få til noko in- vore dyrt å leige, så då måtte eg nok hatt nokre festivalar, men då har eg ikkje nan design, derfor vil eg sjekke ut mogleg- ei 100 prosent stilling ved sida av. Når eg kunne reist. Eg vil gjerne ha moglegheit til heitene og prøve å byggje opp noko sjølv. treng inspirasjon, må eg ha ro rundt meg det om sjansen skulle dukke opp igjen, Kanskje noko i vidare samarbeid med og føle at eg har tid. Då er det deilig å seier Pernille.

Askvoll kommune ønskjer små og store ei retteleg god jul og eit godt nytt år. Vi vil takke kvar og ein for gode opplevingar og godt samarbeide i 2016.


BORTIMOT KLARE: Daniel Kværnes (t.v.) og Dag Roar Fridtun har fått lua på snei og er klare til nye innrykk i Magnusbakken. Berre snøen manglar.

Lagar fart og moro i Magnusbakken I januar var Magnusbakken stappfull av ivrige små og store som ville ake og leike. Eldsjelene lovar lys og varme også denne vinteren, så no kan snøen berre komme. 6982 har testa akeforholda i Magnusbakken saman med Daniel Kværnes og Dag Roar Fridtun, og kan kjapt fastslå at det framleis er litt å gå på. Men så snart snøen er på plass, er karane klare for å tilrettelegge for god vinteraktivitet for sambygdingane. - Det er ingenting som er så kjekt å høyre som barnelatter, fastslår Daniel Kværnes. Førre vinter sat han ein kveld i bua ved verkstaden sin på Kvia saman med Dag Roar. Dei såg lysa frå ungar som aka med

hovudlykt. Då begynte dei å snakke om at Dag Roar hadde ei grillvogn med straum, og Daniel eit aggregat, så kanskje dei skulle trille vogna bort og montere lys til ungane? Slik vart det. - Så vart det litt kaldt for «vårs» som ikkje sprang og aka, så då tok vi like godt bort campingvogna òg. Men den vart i grunnen mest brukt som ammevogn, for dei aller minste måtte jo få mat og varme seg, dei òg, seier Daniel. Med straum på plass kom også

Siste nytt

: Ny min igra

ALT INNAN GRUNNARBEID! Vi leverer også sålda jord, pukk, grus, singel og murstein (ferdig mur eller berre stein).

v/Thomas Lervåg / tlf. 900 79 368

var!

vasskokaren i bruk, slik at dei kunne servere varm drikke til dei frammøtte. Dei baud også på sjokolade. Bruktbutikken til May Iren Vårdal, Loppeliten, sponsa noko av det, men det skal seiast at det også har gått med ein del private kroner. Det var særleg to veker i januar at snøen var stabil og det var mykje aktivitet i bakken. På dagtid vart den snøkledde bakken brukt av skule og barnehage, slik dei også gjorde medan Vik-familien eigde eigedommen. Dette vil dagens eigarar,


FINE FORHOLD: I januar var det ypparlege forhold med snø, kulde og lys i bakken. Foto: Daniel Kværnes

Daniel Kværnes og May Iren Vårdal, at dei framleis skal gjere. Og bakken skal sjølvsagt framleis heite Magnusbakken. - Vi syntest det var kjekt i starten då det var fire-fem personar der og aka på kvelden. Men plutseleg sa det pang, og så var det sikkert 75 personar her. Frå dei heilt små, til ungdommar og vaksne opp i 60-70-åra, fortel Daniel og Dag Roar. - Vi fekk tilbakemeldingar frå foreldre som syntest ettermiddagane vart ganske stressande, men på ein god måte: Ungane hadde knapt tid til å sluke middagen før dei skulle ut av huset igjen fordi dei måtte vidare til Magnusbakken, seier Daniel med eit smil. - Men fleire sa at dei syntest det var kjekt at ungane brukte tida på noko anna enn iPad og mobil, legg han til. Holmedal Vel tilbaud dei å låne bålpanne, dermed var det mange som etter kvart også tok middagen i bakken. Dei to karane prøvde å pakke snøen, slik at det vart skimoglegheiter i tillegg til aking. Dag Roar brukte også snøfresaren for å få mest mogleg snø inn i sjølve akebakken. Det er ikkje for sin eigen del dei gidd gjere dette her. Ingen av dei har eigentleg helse til å drive på med ski- og akeaktivitetar. - Dessutan er eg dansk, og vi er ikkje fødde med ski på beina, konstaterer Daniel med eit smil. Det skal seiast at Dag Roar likevel tok nokre turar i vinter. Han fann fram den gamle gummibåten og sette utfor. - Det var moro. Ungane fekk også bruke den, og båten vart flatare og flatare for kvar tur, ler Dag Roar. Enkelte dagar vart det mange bilar i området, derfor brøyta Daniel ekstra parkeringsplassar ved Hilvang. Utstyret til brøytinga fekk dei låne av arbeidsgjevaren hans, Arve Sagosen, så det er fleire som har vore med på dugnaden. - Det var vanvittig moro. Eg møter stadig folk på butikken som spør om lysa skal opp i bakken i år òg, og då er svaret at «det er det klart dei skal», seier Daniel. På sikt har dei også lyst til å lage ein gapahuk på haugen der treklynga står, litt oppfor krysset. Dei har også lyst til å få opp ein vanleg lysstolpe. - Aller helst skulle vi hatt lyssetjing gjennom heile bustadfeltet, så vi får sjå om vi får lokka inn ordføraren på ein tur når ho høyrer ljomet frå Magnusbakken, seier Daniel og Dag Roar. Viss du lurer på korleis det blir i Magnusbakken utover vinteren, kan det vere lurt å følgje sida deira på facebook: «Magnusbakken».


REKORDTID: Holmedal Ungdomslag sette opp barneteater på berre éi helg. Det imponerte både foreldre og NRK. Til høgre NRK-fotograf Arne Stubhaug, som filma til «Klart eg kan».

Lea på barne-tv Lea Losnegård Pedersen har hovudrollen i barne-tv «Klart eg kan» på NRK 10. januar. Då får vi sjå korleis det går når seksåringen skal spele teater for første gong med Holmedal Ungdomslag. - Eg trur det blir litt flaut når så mange skal sjå meg på tv. Men litt kjekt òg, seier Lea Losnegård Pedersen. Ho er dotter til ikkje heilt ukjende Idun Losnegård og Jeff Pedersen, og barnebarnet til Rolf Losnegård, men denne gongen handlar det ikkje om teaterfamilien. Det handlar om ei seks år gammal jente som skal gjere noko for første gong. NRK er i gang med den sjette sesongen med barne-tv-serien «Klart eg kan». Det er ein serie om barn, som viser korleis dei meistrar store og små utfordringar i livet. Serien er svært populær og har mange sjåarar, og for første gong er det med nokon frå Askvoll kommune. Rosar HUL I programmet følgjer vi Lea når ho skal spele teater for første gong. Det vil seie, ho har vore med på Kinnaspelet ein gong, men då hadde ho ikkje replikkar. No skal

ho stå på scena med mikrofon og replikkar i oppsettinga til Holmedal Ungdomslag: «Flekkmonsteret byggjer harefelle». Saman med tre venninner har Lea rolla som hare. - Det som er kjekt med teater er at eg får spele nokon andre enn meg sjølv, seier Lea. Og ikkje nok med at ho skulle vere med på ekte teater og ha NRK på slep; Holmedal Ungdomslag (HUL) prøvde seg i tillegg på eit heilt nytt opplegg: Barneteater på berre éi helg i staden for over fleire veker. Det kunne verke ambisiøst med tanke på at ungane treng tid på å bli trygge på scena, men det viste seg å fungere godt. - Eg må få lov å skryte av ungdomslaget, med Gry (Losnegård Hansen, journ.mrk.) og Janne (Langeland, journ.mrk.). Dei hadde eit veldig godt og trygt opplegg , og det er så viktig! Det som i utgangspunktet var ei stor utfordring, vart ei roleg og

veldig kjekk oppleving - imponerande! Er så glad for at det finst slike krefter her, seier Idun Losnegård. Frå NRK var det ein journalist og ein fotograf som følgde Lea. Dei snakka saman på førehand, og så kom dei heim til Stongfjorden to gonger der Lea bur: Først då ho skulle på oppstartsøvinga fredagen, og så følgde dei ho søndag morgon før ho skulle på siste øvingsdag og ha premiere. I tillegg var dei sjølvsagt med og filma nokre sekvensar under øvingane i bygdehuset og på sjølve framsyninga måndagen. - Eg las replikkane mine og øvde heime, seier seksåringen, som kunne lese allereie før ho begynte i første klasse på Holmedal montessoriskule i haust. Ein av sekvensane som blir vist på NRK, er når Lea sit på dissa si og øver på replikkane. - Og så filma dei når eg og daddy står ved fossen og øver på å snakke høgt og tydeleg, fortel Lea.


Litt nervøs Harane var på scena fleire gonger, men det er spesielt ei av dei siste scenene dei får hovudfokus. Då går Lea og dei andre opp på ein kasse og seier replikkane sine med mikrofon. - Det gjekk fint å vere på scena og eg gleda meg til å seie replikkane. Men eg var jo spent og litt nervøs òg, fortel Lea. - Kvifor var du nervøs? - Det var første gongen eg skulle ha replikkar på scena. Eg var spent på om det skulle gå bra. Men det gjorde det, smiler ho. Likevel var det ikkje berre enkelt å vere med. Når nokre innspelingar måtte takast opp att, samtidig som dei andre ungane fekk leike, kunne Lea bli litt lei. Men i det store og heile synest ho og familien at det var eit fint opplegg å vere med på. Dei har no fått sett korleis det ferdigredigerte programinnslaget vart, medan vi andre må vente i spenning til 10. januar. - Vi synest resultatet vart veldig bra, seier Idun Losnegård.

LANDSDEKKANDE TV: Lea Losnegård Pedersen skal vere på barne-tv 10. januar. - Å få vere med på «Klart eg kan» var utruleg stas, men òg litt skummelt og litt slitsamt, fastslår Lea. Her med bildet ho fekk frå NRK i etterkant.

NRK svært fornøgde - Vi er kjempefornøgde med episoden om teateret og Lea. Her får sjåarane føle på ekte spenning, seier Stine Kyrkjebø Johansen i NRK. Programskapar for «Klart eg kan», Stine Kyrkjebø Johansen, fortel at tv-innslaget ikkje handlar så mykje om sjølve teaterstykket, men meir om førebuingane og livet rundt. - Her blir det ekte spenning rundt det å vere på teater og å ha replikkar framfor publikum for aller første gong, seier ho. - Og ikkje nok med at det er spennande med teater, så skulle ungdomslaget også setje alt i hop og lære ungane alt på berre éi helg. Eg er veldig, veldig imponert over at det gjekk, legg Stine til. - Var det noko spesielt som gjorde inntrykk under innspelinga, samanlikna med

dei andre «Klart eg kan»-episodane? - Det er snakk om eit barneteater som folk lagar til på fritida; og så verka det likevel så utruleg proft! seier ho. - Og så vart eg overraska over kor kjekt det var i kostymelageret. Det var sånn at eg kunne tenkt meg å prøve ut noko sjølv, ler ho. - Sekvensen frå kostymelageret vart forresten ganske artig i tv-innslaget òg. Det er eit avbrekk frå øvinga og viser meir tøys og moro, legg ho til. - Kva trur du sjåarane vil synast? - Eg trur dei vil føle at dei blir dregne med inn i kulissane: Føle på spenninga når

Lea sit og ventar på sin tur. Vi har alle vore med på noko liknande der vi må stå framfor folk og snakke, kjenne på spenninga og kor glad og letta ein er når ein er ferdig. I Lea sitt tilfelle gjekk det jo veldig bra. Slik veks ein på, og det er jo det «Klart eg kan» handlar om: Det å meistre noko ein ikkje har våga før, noko som kan verke litt skummelt, seier NRKStine. - Vi er kjempefornøgde med resultatet, både fotografen og eg, seier Stine Kyrkjebø Johansen.


PRIS: Det var ein glad Erling Eikenes som nyleg fekk blomst og diplom av Helga Furevikstrand i Holmedal Vel.

«Trulsen» fekk bygdeprisen Erling Eikenes har fått bygdeprisen for at han har vore ein ja-mann og alltid stilt opp for bygda si. Ikkje minst gjennom arbeidet med hytta på Eikenesstølen - som er tilgjengeleg for alle. - Det er no heilt utruleg. Det er at eg skal få prisen, seier Erling Eikenes når heime på Eikenes. forunderleg kva de lagar til. Eg forstår ikkje Holmedal Vel overrekkjer han prisen Vanlegvis blir bygdeprisen delt ut på julebasaren, men sidan Erling ikkje var der, tromma leiar i Holmedal Vel, Helga Furevikstrand, opp på tunet hans seinare på kvelden saman med 6982 og søskenbarnet Sigmund Rivedal. - Du fortener prisen for alt arbeidet du har gjort for bygda, fastslår Helga. Tidlegare på kvelden fortalde ho dei mange frammøtte på julebasaren at Erling får bygdeprisen fordi han har vore ein ja-mann. Men lat oss no først som sist kalle han «Trulsen», for det er det alle kjenner han som. Namnet fekk han fordi det var to erlingar på Eikenes: Erling J. og Erling L. For å skilje desse to fekk Erling

FLITTIG BRUKT: Gapahuken til Erling Eikenes får stadig besøk. Her er ein god gjeng samla i juni 2010. F.v. Asbjørn Drøsdal, Sverre P. Rivedal, Erling Eikenes, Halldis Drøsdal, Svein Eikenes, Odd Hegrenes, Øystein og Kari E. Helle, Arnhild Eikenes og Astrid Johansen. Foto: Liv Eikenes


nytt namn – Trulsen. Det har blitt eit Sigmund. omgrep, nærmast eit heidersnamn. Då Trulsen var ung, gjekk han på yrkes- Trulsen kunne fikse alt som gjekk sundt skulen i Holmedal. Bortsett frå halvtanna år rundt om i grendene. Det vart ofte seine i militæret i Nord-Norge har han budd i kvelds- og nattetimar når heimbygda og vore ein folk ringde han om hjelp. arbeidsam kar. Han Erling sa aldri nei. Han kom har bygt eller vore Det er no heilt med godt humør og sa «ja, innom alle bustadhusa dette må vi få til», sa Helga i Rivedal, og han har utruleg at eg skal under utdelinga. bygt dei fleste fjøsane få bygdeprisen Trulsen kunne det meste òg. Han har sjølvsagt og har vore med på mykje også gjort mykje ”Trulsen” dugnadsarbeid opp gjenarbeid utanfor Rivedal, nom tida. Han er også ein mann som finn både på nye bygningar og med vedlikehald. på ting som kan glede andre – heilt uventa. Etter at han gav seg som snikkar og Eitt av påfunna er å lage ein gapahuk som bonde, har han fått reist meir rundt i alle kan bruke på Eikenesstølen. Det er verda. Han har vore på éin ferietur eller to nærmast for ei hytte å rekne, men Trulsen med buss kvart år, gjerne saman med kallar det for ein gapahuk. kameraten Olav Søreide. Han har også reist - Det er berre å stige på for dei som vil. Det er så koseleg at folk kjem innom. Du kan gå inn og setje på vatn og ta deg kaffi om du vil. Og det er no etter kvart ganske mykje folk som bruker gapahuken. Eg har til dømes sett mange frå Dale og det er no litt moro, seier han med eit smil. Det er om lag ti år sidan han bygde gapahuken på stølsvollen. Samtidig laga han traktorveg opp. Viss du har lyst på ein tur dit, kan du parkere ved Sverre P. på Vindheim. - Vegen er fin å gå på, men eg laga den også med tanke på at eg kanskje ein dag ikkje var så sprek til beins at eg kunne gå inn lengre, seier han. For få år sidan vart han sjuk og han er ikkje like sprek som før. Men med traktor kjem han seg framleis fram til stølen. Og sjølv om han ikkje spring til fjells lenger, kan han sjå tilbake på mange aktive år. Han var ein habil idrettsmann, som særleg likte springing og skigåing. I tillegg dreiv han og Olav Eikenes sirkeltrening for ungdommar. I mange år køyrde Trulsen dei unge på stemne og heia dei fram. Sigmund Rivedal hugsar ei helg i 1965. Han var nett ferdig i militæret og hadde køyrt heim frå Austlandet på natta. Om morgonen skulle Trulsen og Olav ein tur på fjellet, og Sigmund heiv seg med. - Dei to karane sprang over fjella herifrå mot Osland. Eg såg berre hælane på dei. Så nærma vi oss Osland og eg trudde det var stopp der. Men nei, då kryssa dei berre vegen og heldt fram mot Grimelida. Det synet gløymer eg ikkje, ler

med Hurtigruta langs norskekysten. - Han tolte ikkje sjå på at andre tok over arbeidet, så då stakk han like godt av, humrar Sigmund Rivedal, som driv jorda og mjølkekvoten til Trulsen vidare. - Det er bra greier å komme seg rundt litt. Vi har vore mellom anna i Sveits, Austerrike, Italia, Sverige og på Island og Færøyane, fortel Trulsen. Han påstår sjølv at han elles ikkje gjer så mykje lenger, men få dagar etter at 6982 var på besøk, trefte vi han igjen på tysdagsmiddagen på Holmedal eldresenter. Nyleg la han også nytt golv i gamlestova i huset, så han putlar på med litt av kvart. Og no kan han også gle seg over å ha fått eit skikkeleg bevis på at bygda synest han er ein heidersmann. Vi gratulerer!


Treng du nye utelys i vintermørket?

Ring oss: 577 34 100 Holmedal Elektriske AS

e-post: egil@holmedalelektriske.no følg oss pü Facebook!


Overvaking på Skaret Har du lagt merke til kameraet som har komme opp på Skaret? Lurt på kvifor det er der? Det er altså ikkje fartsregistreringar, men ein vêrstasjon til hjelp for dei som skal drifte vegane. 6982 må innrømme det: Vi hadde lyst til å Det er mange vêrstasjonar langs skremme opp nokre fartsbøller med å seie vegnettet i Norge. I haust har det vore ei at vegvesenet og politiet no har overvaka oppgradering med fleire utbyggingar i deg og farten din dei siste vekene. Men, region vest. Dermed er det no 90 stasjonar det er sjølvsagt ikkje slik trafikkovervaking i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordadet er snakk om. Den høge masta med ne, sju av dei i Fjordane. Den nærmaste kamera og fleire måleinstrument er ein herifrå er vêrstasjonen i Åbergsdalen, som såkalla vêrstasjon. har vore der i fleire år. Stasjonen i - Vêrstasjonen har kamera og ein god del Holmedal vart teken i bruk for om lag ein sensorar. Den har månad sidan. nedbørssensorar som - Grunnen til at stasjonen måler nedbørs-type og Publikumstrafikken kom opp akkurat på Skaret, er -mengd og luftsensor at fleire ønskte å ha den der. på webkamera er som måler temperatur Det var eit samspel mellom og fuktigheit. Mange vegvesenet og entreprenørane enorm i periodar har vindmåling òg, som har driftskontrakten. Ofte John Børre Veum men det har ikkje den i frys det litt tidlegare på vegen Holmedal, fortel John der enn på vegane i nærleiken. Børre Veum, som er senioringeniør på Dessutan mangla vi stasjonar i ytre strok, geodata på regionvegkontoret på så det var på tide, seier John Børre. Leikanger. Webkameraet har stor verdi for dei som - Det er også to sensorar i sjølve vegbana. skal sikre gode forhold på vegane, slik som Den eine er ein overflatesensor som måler brøytemannskap, men bilda er også opne temperatur og saltmengd, og så er det ein for publikum. Viss du har lyst til å sjå djupnesensor som viser om det til dømes korleis det ser ut på Skaret, kan du klikke er tele i vegkroppen, seier han. deg inn på nettsida

www.vegvesen.no/trafikkbeta. Her kan du huke av på «vegkamera og vêrstasjonar» og søkje på Holmedal, så kan du gå inn på kartet og finne både overvakingsbilde og informasjon om temperatur og nedbør. - På landsbasis er webkameraet mykje brukt av publikum. I enkelte periodar kan trafikken på nettsida vere enorm, seier John Børre Veum. Vegvesenet og entreprenørane får nye bilde kvart tiande minutt, men det varierer kor ofte det kjem nye bildet på nettet for oss andre. På Skaret er det kvar halvtime. Bilda blir lagra internt, men publikum kan ikkje søkje opp tidlegare bilde – vi ser berre korleis det er nett no. - Målingane må tolkast og då kan det vere eit skikkeleg godt hjelpemiddel, særleg for dei som skal passe på vinterdrifta av vegane, seier John Børre.


FULLT: Det var mange som ville ha med seg den stemningsfulle julekonserten i Holmedal kyrkje. Benkane var fylt opp, ekstra stolar sett inn - og i tillegg måte mange stå.

Skapte julestemning i fullstappa kyrkje Barnesong, vaksenkor, solistar, juleforteljing, korps og eige husband i ei julepynta kyrkje. 470 personar fekk med seg ein fantastisk fin julekonsert siste søndag før jul. - Vi var her ein halvtime før det begynte og trudde vi var ute i god tid, men då var det allereie ganske fullt, kommenterer ein av publikummarane. Til slutt hadde 470 personar fått plass. Då var det fullt både oppe og nede i Holmedal kyrkje, og fleire måtte stå eller sitje i trappa opp til galleriet. Noko av grunnen kan sjølvsagt vere at det ikkje er julekonsert i Askvoll kyrkje i år, men det har også med å gjere at konserten har fått godt ord på seg.

Henriette Hatlevoll, som er primus motor, startar planlegginga allereie i august. For skal du ha med deg så mange gode musikalske krefter siste helga før jul, er det lurt med god planlegging. - Det var god respons på konserten på førehand, så eg tenkte at det kom til å bli mykje folk. Men ikkje så mange, seier Henriette med eit smil. - Det er rørande og sjølvsagt veldig kjekt. Det er flott at folk kosar seg med musikken,

DUETT: 11 år gamle Kristian England (t.h.) sjarmerte mange då han song duett med Erlend Ona Gjul.

at dei syng med på allsongen og at juleforteljinga også slo så godt an, seier ho. Idun Losnegård fortalde med stor innleving Alf Prøysen si historie om «bygda som gløymde at det var jul», akkompagnert av jazzduoen Mats Systaddal og Øyvind Dybvik. Ungane samla seg rundt Idun og fekk peparkaker, men også dei vaksne i kyrkja lo og humra godt undervegs. Julestemning og variasjon var stikkorda som gjekk igjen blant publikum. Det starta

FLOTT: Kom du ikkje i julestemning då Erlend Ona Gjul song saman med Atløykoret, kan du berre late vere å feire jul...


STEMNINGSFULLT: Frida Herland syng saman med husbandet (her ved Egil Furenes og Ove Mjåtveit) og montessorikoret (framme f.v. Tiril M. Yndestad, Oda Vasseth, Lea L. Pedersen, Nanna Furevikstrand, Ingeborg E. Stang og Theo S. Bauge (delvis skjult), midten f.v. Tora M. Yndestad, Håkon Lien, Håvard England, Eivind Øvreås, Kristian England og Jørgen E. Stang. Bak f.v. Emilian Moldestad, Ellen W. Tønder, Ella Furevikstrand, Lukas S. Bauge, Johan Lien og Brage L. Hansen.) Til venstre Henriette Hatlevoll.

stemningsfullt med Frida Herland som så nydeleg song «Eit lys imot mørketida» medan ho gjekk opp midtgangen i kyrkja. Bak ho følgde elevar frå Holmedal montessoriskule som kora og hadde lys i hendene. Montessorikoret heldt fram med «En stjerne skinner i natt» og deretter gjekk det slag i slag med Askvoll musikklag, jazzduoen, Atløykoret, kammerkoret Laetitia, og solistane Erlend Ona Gjul, Kristian England, Ann Katrin Høyvik, Celine Turøy Myklebust, Andrine Bakke og Henriette Hatlevoll sjølv. For å få god flyt, var det eit husband som spelte til fleire av innslaga: Anton Proskurnin på piano og gitar, Ove Mjåtveit på bass og Egil Furenes

på fele og gitar. Det blir ikkje enkelt å trekkje fram enkeltinnslag, for det var så mange fine augneblink, og kanskje er det det samla inntrykket som gir den gode julestemninga. Men ein av dei som var ekstra spent på førehand, var 11 år gamle Kristian England. Han skulle for første gong få syngje duett med Erlend Ona Gjul, som han synest er utruleg flink. - Eg gruar meg litt, men eg gler meg òg, seier Kristian rett før konserten. - Vi skal syngje «Himmel på jord». Det var broren min Martin som meinte den kunne passe bra, og det syntest eg og Erlend òg, seier han. - Vi har øvd mykje. Eller – ikkje sååå

- Kva synest du om julekonserten? Lukas Skarstein Bauge: - Det var gøy å syngje og å få peparkaker. Eg synest Kristian England song bra, og så var bestemora mi i Atløykoret veldig flink.

Odd Hegrenes: - Heilt fantastisk! Det er nesten så eg får tårer i auga. Dei var veldig gode, alle som var med. Eg håper det blir slik julekonsert neste år òg.

mykje, kanskje to-tre gonger i lag. Og så syng eg den liksom inni hovudet mitt av og til, fortel han. Kristian begynte på songundervisning i kulturskulen i haust. Det har hatt god effekt, meiner han sjølv. Og publikum syntest i alle fall duetten med han og Erlend var flott. Folk kom strøymande både frå Fjaler, Førde, Stongfjorden, Atløy, Askvoll og andre stader. Pleiarane i Askvoll kommune ordna det slik at mange frå omsorgsbustadane også fekk vere med på den fine julestunda. Så sjølv om det er lite som minner om jul ute, er det ingen tvil om at julekonserten inne sette folk i rette stemninga.

Tonje og Siv Tønder: Tonje: Eg synest han på fele var flink. Siv: Konserten var fantastisk og variert. Her var mykje fin song og musikk. Og så fekk vi så gode plassar heilt fremst takka vere at vi kom så seint at dei sette fram ekstrastolar, hehe.


SENTRUMSLØFT: Holmedal Elektriske pussar no opp bygget frå 1979. Henriette Hatlevoll og Gaute Losnegård (t.h.) er av dei som får kontorplass saman med Egil Vårdal her til våren. På oppsida av vegen pussar Bjarte England opp postbygget, rett innanfor har ungdomslaget oppgradert bygdehuset, og nedanfor har Holken også fått eit løft. No skal du sjå det blir schwung over sentrumsgata.

Lagar næringshage i sentrum Det oransje bygget blir no kvitt, får nye vindauge og ny inndeling innvending. I mai blir det fylt opp med fleire næringsdrivande som gler seg til å skape meir liv i Holmedal sentrum. - Det har eigentleg ein lang historikk, dette her. Vi snakka om ein næringshage her då vi jobba med bygdeutvklingsprosjektet for meir enn ti år sidan. Men vi er jo i Sunnfjord. Ting tek tid, seier Gaute Losnegård med eit smil. Han har hatt kontoret sitt hos sivilingeniør Edvin Helle i Aska Næringsbygg i Askvoll sidan august 2011. Det har også Bygdeavisene. I fjor kom Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Tveit Takst inn i

kontorfellesskapet, dermed kjenner dei fire aktørane kvarandre godt frå før. Men no skal huseigaren byggje leilegheiter der kontorfellesskapet er i dag, dermed må leigetakarane finne seg nye lokale. Det har vore tilbod om fleire, men gjengen enda altså opp hos Holmedal Elektriske i Holmedal sentrum. Kanskje ikkje så dumt sidan alle dei fire er busette i Holmedal og no får gangavstand til jobb. - Når eg først har komme saman med

desse hyggjelege folka, har eg lyst til å halde fram med samarbeidet, fastslår Gaute. - Det er eit breitt felt som er samla, og det er greitt å ha eit slikt testpanel viss eg lurer på noko. Eg vil heller jobbe vidare saman med denne gjengen enn å sitje på heimekontor og glo i veggen, seier Henriette Hatlevoll, som er dagleg leiar i Folkeakademiet i Sogn og Fjordane. - Heimekontor hadde uansett ikkje vore


aktuelt for min del. Jobben med historieskriving er einsam nok frå før, om den ikkje skal vere endå meir einsam, kommenterer Gaute. Peder Tveit blir også med på flyttinga til Holmedal med takstfirmaet sitt. Det gjer også Marianne Furevikstrand med Bygdeavisene. - Vi har hatt det veldig fint i kontorfellesskapet i Askvoll, og eg er glad for at vi skal vere samla her i Holmedal vidare. Det blir også kjekt med alle dei plystrande elektrikarane i gangane, seier Marianne. Holmedal Elektriske er i dialog med ei aktuell bedrift til, som har fleire tilsette, men om det blir noko av samarbeidet var ikkje heilt avklart då 6982 gjekk i trykken. - Vi har eit generasjonsskifte på gang, derfor treng vi kontorplass til fleire. No byggjer vi ut sju-åtte kontor og det er fleire enn det vi har leigetakarar til på noverande tidspunkt. Men vi veit at fleire andre er interesserte, dermed kan vi bli endå fleire på sikt, seier Egil Vårdal. Den inste delen som tidlegare var bibliotek, men som dei siste åra har vore kostymelager for Holmedal Ungdomslag, blir no teken i bruk av Holmedal Elektriske sjølv. Lokalet som vender opp mot vegen blir omgjort til eit slags showroom, eit mottaksrom for kundane der dei kan sjå lamper, belysning og forskjellig anna utstyr. I midten av lokalet kjem det eit lydtett møterom med glasveggar, prosjektor og moglegheit for videomøte. I mange år var det som kjent butikk i desse lokala. I 1995 flytta dei butikken ut i bygget til Olset og Tangedal i Askvoll sentrum, og seinare til Kystgården, der det er i dag. Etter flyttinga frå Holmedal, fungerte gamlebutikken lenge som lager for Askvoll Elektriske. - No er det berre ein stad der vi midlertidig set alle ting som eigentleg skal stå ein annan stad, så det skal gå greitt å rydde opp i, konstaterer Egil med eit smil. Snikkaren er i gang med arbeidet utvendig. Kledningen og vindauge skal bytast ut. I same slengen er det farvel til den karakteristiske oransjefargen frå 70-talet. - Vi såg oss rundt og fann ut at det meste andre er kvitt her, fastslår Egil med eit smil. På veggen som vender sør mot Dalsfjorden kjem det dessutan opp

større vindauge. Her blir det moderne, lyse kontor med knallutsikt. Mot vest, der Egil og rekneskapsmedarbeidar Laila Karin Hjellum har kontor i dag, skal det lagast eit større møterom eller kantine. Dessutan skal ventilasjon på plass i bygget. - No blir vi mange som jobbar her og det er heilt nødvendig med ventilasjon. Då bygget vart sett opp i 1979 var dei berre eit par personar i lokala her og det var heller ikkje vanleg med ventilasjon, seier Egil.

Totalt blir oppussinga av bygget ei investering på om lag halvannan million kroner. - Vi gler oss til å få meir struktur og at bygget framstår med eit meir profesjonelt miljø, seier han. - Eg trur det blir kjempekjekt med meir folk her. Det er òg kjekt at det blir finare rundt huset og at det blir meir liv i bygda. No blir det meir aktivitet og fleire folk du kan treffe på i sentrum. Det trur eg blir bra, seier Egil.


hen e ditta?

>>

bygdesladder

Vinnar av konkurransen i førre avis, er Gerd Rivedal. Ho såg at vi hadde teke bilde av bommen ved Helgerudhuset, like ved Helle teglverk. Gerd får derfor eit Bygdeavisene-krus av oss til jul. Gratulerer! Ser du hen vi har vore med kameraet denne gongen? Vi let oss alltid fascinere over denne steingarden i brattebakken når vi køyrer forbi med bil. Kanskje du òg har lagt merke til den? I så fall sender du svaret til Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Holmedal, på sms til 95 22 95 62 eller til eposten marianne@ bygdeavisene.no innan 15. februar.

DAB i bilen - treng ikkje vere dyrt! Vi har kampanje på testvinnaren C5* 2990 kr ferdigmontert

Gjekk grisefint Hugsar du Ellen Wik Tønder (9), som 6982 skreiv om tidlegare i år? Ho er så veldig glad i grisar. Mest fordi dei er rosa, men også fordi ho synest dei er søte. I mai fekk ho den rosa grisen Bringebær og den brune grisen Sjokolade. Pappa Jørgen Wik uttalte då at det kunne bli aktuelt med grisar også neste sesong, viss grisehaldet viste seg å vere ein suksess. Og det må det seiast å ha blitt. Mamma Siv Tønder fortel at det faktisk har gått grisefint. - Ellen har vore flink til å mate og ordne for grisane. Derfor får ho truleg endå fleire grisar neste år, kanskje fire-fem-seks grisar, fortel Siv.

I januar 2017 begynner prosessen med å sløkke det analoge FM-nettet, til fordel for det digitale DAB-nettet. Det betyr at over 2 millionar norske bilar utan DAB-radio berre vil kunne motta lokale sendingar på bilradioane sine.

Vi på AutoMarin gjer overgangen enkel for deg: Du treng ikkje kjøpe ny og dyr DAB-radio, berre ein DAB-adapter som passar til bilen din. Så installerer Erlend, Terje, Olli eller Robert den for deg - så lett som berre det!

*TV2 hjelper deg, desember 2016

Askvoll sentrum / post@automarin.no / tlf. 577 33 555


No blir «Posten» bustadhus Bjarte England har kjøpt huset der Posten og banken tidlegare var. No pussar han og sønene opp og skal bruke heile huset som privatbustad. Det er Helgheim-søskena som eigde eigedommen fram til 1. desember, då Bjarte England tok over. - Det er eit bra bygg med tett tak, og leilegheita mot vest er ganske ok, oppsummerer Bjarte kort. Bygget er frå slutten av 1970-talet og har husa næring i første etasje og to leilegheiter i andre etasje og delar av første. Når Bjarte no tek i bruk huset, blir heile andre etasje éi eining, dermed blir det slutt på utleige – i alle fall førebels. Kanskje kan det bli aktuelt med ei leilegheit i første etasje seinare. Totalt har bygget eit bruttoareal på om lag 400 kvadratmeter. - Eg har fått høyre at det er galskap å kjøpe eit så stort bygg når eg ikkje veit heilt kva eg skal bruke alt til. Men eg har alltid drøymt om å ha eit stort hus som eg kan gjere kva eg vil med, seier han. Den siste tida har han leigd leilegheit i Askvoll sentrum, men han gler seg til å flytte tilbake til Holmedal. Det gjer også dei tre sønene, som bur hos han annakvar veke. - No blir eg heilt holmedøling igjen, fastslår Kristian (11) med eit smil. - Så får vi stor plass her. Og kanskje eg kan finne nokre småmyntar nedi banken? undrar han. Bestefar John Lien var siste poststyrar i Holmedal, slik sett er det litt artig at det er barnebarna som no flyttar inn i bygget og tek det i bruk til andre ting. - Der Posten var, står det framleis nokre hyller. Dei kan vi sikkert bruke til å leike butikk og sånt, seier Kristian. Også Bjarte ser fram til å bu i Holmedal igjen. - Eg har gode vennar her og har hatt mykje kaffibesøk allereie, seier han. Han søkjer no om bruksendring, slik at han kan bruke heile bygget som bustad. - I utgangspunktet tenkte eg å leige ut ei

ARBEIDSKARAR: Håvard (t.v.) og Kristian hjelper pappa Bjarte England med oppussinga av det nykjøpte huset i sentrum. Dei er alle tre glade for å bu i Holmedal.

leilegheit, men då vi reiv badet såg eg at det ikkje var brann- og lydskilje her. Det må i så fall på plass, og den investeringa vil ikkje svare seg når ein ser på leigeinntekta, meiner han. Han har derfor sagt opp leigetakaren og kjem til å bruke heile huset sjølv. - Det kan vere kjekt for gutane òg, at dei har ei eiga avdeling no når dei blir større, seier han. Eldste sonen går på ungdomsskulen og har dessutan begynt å interessere seg for mekking. - Eg har derfor lyst til å lage ein verkstad i første etasje her, så kanskje vi kan finne på noko der etter kvart, seier Bjarte med eit smil. Dei store vindauga i første etasje skal vekk, og tre store garasjeportar skal på plass. - Det er både fordi eg treng den eine til garasje og så den andre til verkstad, men

også fordi eg vil at huset skal få meir preg av at det er eit bustadhus, seier Bjarte. Tomta er på heile 2,3 mål, men førebels har ikkje den nye eigaren konkrete planar om kva han skal utnytte tomta til. Nett no bruker han tida på pusse opp inne i huset. Han har rive eitt bad, måla fleire rom og etter nyttår kjem nytt kjøkken på plass. Bjarte er tømrar og har våtromssertifikat, derfor kan han gjere det meste av oppussinga sjølv. - Gutane ville helst at vi skulle flytte inn med ein gong, men det blir nok ikkje før 1. februar, då leigekontrakten min i Askvoll går ut. Men gutane er flinke å hjelpe til, både med måling og anna, fortel han. Tida går elles med til firmaet han starta tidlegare i år, XL3 Bygg, som importerer trefjøsar frå Latvia. - Firmaet går bra. Eg har levert fire fjøsar så langt og har fått fine tilbakemeldingar frå kundane. No reknar eg pris på to-tre nye fjøsar, som eg håper på å få levere neste år, fortel han.

ENDRING: Mange har minne frå den gongen det var post- og bankdrift i dette bygget. No skal det få meir preg av å vere eit reint bustadhus.


DEMMAR OPP: Tor Egil Furevikstrand (t.v.) og Lasse Stenseth lagar ein demning av torv og håper på gode skøyteforhold i vinter.

Lagar trygg skøyteis for alle Ein skøyteis som er trygg og skal vere ein samlingsplass for heile bygda, er no tilgjengeleg i Bakkemarka. Ja, berre kulda set inn, sjølvsagt. For å komme til Myrane når det er frost, parkerer du på Grotmulen mellom Bakke og Engebø, og går nokre hundre meter austover. Området vart også tidlegare brukt som skøyteis, men no er det gjort ein innsats for å betre forholda. - Det var eit myrete og sumpete område. No har det blitt så bra at dyr kan bruke det som drikkevatn, meiner grunneigar Henriette Hatlevoll. Ideen om at det kunne gjerast noko for å få til ein skikkeleg skøyteis, kom opp i fjor då Lasse Stenseth og Tor Egil Furevikstrand hadde med ungane inn dit fleire ettermiddagar. Holmedal Vel skreiv søknad til Sparebankstiftinga Fjaler og fekk 10 000 kroner til prosjektet. No har Alf Ølmheim mudra ut dammen. Arbeidet har Alf gjort på dugnad, men velforeininga har betalt for leige av maskina. - Barnas Turlag vil gje benkar som skal stå der inne, og vi tenkjer på å lage ein gapahuk etter kvart viss området blir brukt, seier Henriette.

- Her er ikkje meir enn ein halvmeter djupt, så det er no ein form for barnesikring. Det er dessutan ei øy i midten, slik at ein kan ta rundetida om ein vil, seier ho med eit smil. Grunneigaren har også drenert eit parti på stien bort til Myrane som var veldig blautt. No er det lagt pukk på, slik at det er fint å gå heile vegen. Planane med skøyteisen var lagt før Henriette tok over som grunneigar etter mora Randi Hatlevoll, men også Henriette er positiv til prosjektet. - Vi har ein tanke om å skape liv i bygda av ressursane vi har på garden. No har ikkje vi dyr, men eit slikt tiltak som skøyteis kan òg vere ein fin måte å forvalte utmarka på, seier ho. Dei vil setje inn eit aggregat på vinteren, slik at bygdefolket får lys der inne når dei går på skøyter. Det kjem elles ikkje til å vere noko organisert tilbod, men heller slik at folk kan gå dit når dei vil, på eige ansvar og sjølvsagt utan at det kostar noko.

- Vi i Holmedal Vel er opptekne av at bygda skal vere god å bu i. Då er det kjekt å få vere med på å leggje til rette for fleire tilbod, seier Helga. Ho rosar Lasse Stenseth og Tor Egil Furevikstrand, som har jobba med handemakt og torv for å forsterke dammen. - Vi har laga ein demning der det tidlegare var eit utløp. Overløpet vil vere på den gamle demninga, som no skal vere solid, seier Tor Egil. - Vi må takke grunneigarane for velvilje og samarbeid. Tre av prosjekta som Holmedal Vel har jobba for siste åra har vore på Randi Hatlevoll, og no altså Henriette; både badestranda i Bakkefjæra, skøyteisen og så Kletten, der dei er ein av fleire grunneigarar. Slik velvilje er heilt avgjerande for at vi kan få leggje til rette for å få endå fleire ut i naturen, seier Helga. - No håper vi at skulen, barnehagen og mange andre i bygda vil bruke området når kulda kjem, seier Henriette Hatlevoll og Helga Furevikstrand.


<<

blyantstubbar

Alle gode ting er tre ALLE GODE ting er tre, song Olav Stedje i førre tusenår og meinte sjølvsagt Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. I dette tusenåret er tre framleis lukketalet, men no drøymer politikarane om noko som er 3 gonger 3 så stort: Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, eller var det Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal? Iallfall eitt eller anna som er større enn Sogn og Fjordane. MEN DET er visst fleire enn Olav Stedje som kan syngje. Sissel Kyrkjebø har alltid sunge så det ljomar, det veit vi, og vi hugsar godt at ho slo gjennom i 1986 med rein vestlandsromantikk. Jenta med anar frå Sogn song klokkereint og vart røysta alle lytta til. Og det spørs om ikkje politikarane høyrer meir på Kyrkjebø enn på Stedje framleis. Iallfall freistar dei å byggje eit storslått vestlandsk drøymeslott; ein vestlandsregion; Å Vestland, Vestland! syng dei. MEN POLITIKARANE syng jo for dauve øyre, og hadde noko spurt kva folket meiner, noko dei sjølvsagt ikkje tek sjansen på, så hadde vi ikkje svara på vanleg vis, men vi hadde laga eit svært banner, kan du vite. Der ville det ha stått: «Store hus er kalde», sa mannen han låg ute julekvelden. Treffsikker retorikk med andre ord. Og vi ville ha sunge ironiske protestviser frå Heksesteinen, framført på Kyrkjebakken i Askvoll, 1998: «Stort er flott, ja. Det er stilig.» Men det er vel langt frå Kyrkjebakken til Kyrkjebø.

MEN ALT dette skal sjølvsagt verte mykje betre berre vi blir større. Vi veit rett nok nesten ingenting om dei nye regionane, bortsett frå at vi skal verte større og alt skal verte betre. Vi sel altså skinnet før vi har sett bamsen, parterer Sogn og Fjordane som eit skadeløyve og lèt slukmåsane forsyne seg grådig av det som før var Trivselfylket. STERKE ORD, men dei er iallfall på nynorsk. For medan vi ventar på at vinden i frå Høgre snart skal snu, forsvarar vi gode fjogningar det vi har kjært. Språket vårt, til dømes. Nynorsken. Kan du tenkje deg Vestlandet utan nynorsken? Og kan du tenkje deg eit nynorsk språk utan Vestlandet? Det heiter visst symbiose. Eller det bør iallfall vere det. Nynorsken er auga våre, det er tunga vår, det er nervane våre, det er handa hans far og heile kostespinneriet. Og trur nokon verkeleg at Vilde og Anna ville ha vunne Melodi Grand Prix viss dei hadde sunge på bokmål?

MEN DET som er realiteten, er at 19 fylke skal verte til 10. Dei seier iallfall politikarane. Stortinget har bestemt det, seier dei. Vi må bu oss som best vi kan, seier dei. I praksis er det eit moderne realityshow sendt direkte frå Stortinget. Her er fylka deltakarar og Jan Tore Sanner programleiar: «Noen må ut!» ropar Sanner. Før han på kreativt viss bruker Ibsen: «Noen må ut! Fullt og helt eller stykkevis og delt!» Og dermed tek han fram kjøtvekta og veg kvar og ein av oss. I denne eine skåla legg han ord som distrikt, bonde og nynorsk, medan han i den MEN OM ingen høyrer på småfolket i denne saka, så ville alle andre puttar ord som robust og innovativt, men på baksida høyre på Vilde og Anna. Dei to jentene frå Eid som vann Melostår det sentralisering og innsparingar i kursiv. Og kjøtvekta di Grand Prix junior, du veit. Vilde og Anna redefinerte kva dei vinn alltid. vil seie å vere vestlending, og dottera mi oppdaga brått at ho var vestlending og at det var viktig. Det var ein del av ho, ein OG MEDAN vi står og ropar No Way 2020, rivnar Sogn og del av noko faren kalla for identitet. Eg tipFjordane rett framfor auga våre. Først langs Sognefjorden, par desse to jentene gjorde meir for vestså langs Nordfjord og til sist langs Dalsfjorden. Og så landsregionen på tre minutt enn politikavert dei ikkje ståande lenger desse tre: Nordfjord, rane vil ha klart med tallause innlegg, Sunnfjord og Sogn. For same kor stor trua, håpet replikkar og replikkar til replikkane. og kjærleiken er, så trumfar pengepungen alle argument. Og dommen fell som då bestefar OG DET til trass for teksten til vinnarringde med kyrkjeklokka: 3 gonger 3 slag, låta er sukkersøt romantikk: «Over skulle det vere. Deretter skulle vi tagalt lytte til eit fjell/gjennom ein tunnel/over ei postludiet og så gå sømeleg heim. Og som bru,/ja, der bur du.» Sanninga er jo gode sunnfjordingar gjorde vi det vi fekk at fjellovergangen er stengd, tunnebeskjed om. Det gjer vi visst framleis. len treng sårt vedlikehald, brua er HA EI stille og fredeleg jul. kjempa fram gjennom generasjonar – og når du først kjem over brua, er vegen steng på grunn av ras og du må snu. Og akkurat då veit du kor heldig du er: Du bur på Vestlandet! Tor Egil Furevikstrand. Teikning: Halvard H. Lunde


LUCIA: F.v. Oddny Enstad, Sidsel Anita Itland, Maria M. Furevikstrand, Tonje W. Tønder, Mali M. Furevikstrand, Ingrid Stenseth-Langeland, Nathalie Frøholm, Eiril Hansen, Olai S. Haugsvær, Embrik Fridtun, Tarje Nesberg, Joel S. Haugsvær, Vida Helle, Robin Rivedal og Turi Frøholm. Heilt bak: Leni Johannessen. Isak M. Furevikstrand, Marcos Vårdal, Vegard Thorsen og Janne Langeland var også med.

Lyste opp eldresenteret Det ljoma av barnesong då Holmedal barnehage gjekk i luciatog til eldresenteret på luciadagen. Dei eldre sette stor pris på både song, dans og nybakte lussekattar. - No skal vi ned på eldresenteret, fordi dei eldre må ha mat, fortel Ingrid StensethLangeland då 6982 kjem innom Holmedal barnehage for å bli med dei på tur på luciadagen 13. desember. Barnehagen bruker å kle seg i kvite kle og gå luciatog i bygda dei åra luciadagen fell på ein kvardag. Undervegs deler dei ut herlege lussekattar som dei har baka sjølve. I år går altså turen til Holmedal eldresenter. Det passar fint at luciadagen kom på ein tysdag, for då er det fleire samla til middag i stova der. - Dei skal få lussekattar av oss, sånn at dei har noko å kose seg med til dessert, seier Ingrid og venninna Maria Mjanger

Furevikstrand. - Kan de luciasongen då? - Mhm. Vi har øvd litt, seier Mali M. Furevikstrand. - Litt masse, seier Ingrid. - Natta går tunge steg kring hus og låve. Sola har gått sin veg, jorda må sooooove, istemmer Isak M. Furevikstrand høgt og tydeleg, og resten av gjengen hiv seg med. - No skal vi gå ned dit og syngje litt. Og så håper vi dei klappar for oss, seier Ingrid og Maria. - Holmedal-besta er der òg. Det er ho som lagar maten. Så ho får sjå oss, ivrar Ingrid. Så tuslar dei ned mot eldresenteret, listar

DELTE UT: Nathalie Frøholm gir lussekatt til Sveinung Kristiansen. T.v. kosar Arvid Sæther, Kjell Ask og Petra Ask seg med julemiddag.

seg inn i gangen og tek av seg ytterkleda. Jentene får glitter rundt hovudet og gutane får stjernestavar. Maria har blitt trekt ut til å ha sjølvaste luciakrona på hovudet. Det er stas. Dei fine luciaungane går inn i stova samtidig som dei eldre får julemiddagen servert. Ungane syng av full hals. Når luciasongen er ferdig, dreg dei like godt i gang to julesongar òg. Dei syng og dansar, smiler og ler, og spreier juleglede til dei som har samla seg til ei triveleg førjulsstund på eldresenteret. - Dette var flott. Verkeleg flott, smiler Olav Søreide. - Og så er jo barnebarnet mitt Tonje med,

HEIMBAKST: Barnehagen hadde baka lussekattar. Tonje W. Tønder og Maria M. Furevikstrand delte villig ut.


det var no ekstra kjekt, fastslår Håkon Vik. - Det er no ikkje berre fantestykke dei lærer oppe i denne barnehagen, humrar Kjell Ask. - Å nei, du, slikt lærer dei i så fall av besteforeldra, svarar barnehagestyrar Sidsel Anita Itland. Tonen er god når gjengen er samla til tysdagsmiddag. Det er ofte dei same personane som tek turen til Holmedal eldresenter kvar veke. Her et dei god middag og pratar i lag. - Vi set stor pris på Solveig Stenseth som lagar middag til oss. Ho er eineståande, seier Olav. - Ho gjer det ho kan for at vi skal trivast her, seier Håkon. - Eg gler meg til kvar tysdag. Det er sosialt og kjekt, fortel Olav. - Og lussekattane smakte godt, forsikrar Magnar Vårdal når han har fått begynt på desserten. - Det er hyggjeleg at barnehageungane tek turen til eldresenteret på luciadagen. Det har dei gjort nokre gonger før òg, og det set vi pris på, smiler «Holmedal-besta», Solveig Stenseth.

bygdesladder Huset på Eikjene Trudde du at huset til Kristin Rivedal Yndestad og Bjørn Klausen no var ferdig allereie? Niks, det er nok ikkje det. Dette er berre ein modell av bygget, laga i eit materiale som er ganske populært for tida. Det stilige peparkakehuset viser altså korleis huset skal bli. Det ser dessutan ut til at dei har mange søte og nysgjerrige naboar, som ikkje lèt dei vere i fred. Kristin meiner dei må jobbe litt meir med peparkakehuset fram mot neste jul. Då har bladstyraren nemleg lyst til lage ein variant av Bakkeneset som peparkakelandsby. For du såg vel innslaget på NRK nyleg? Stardalen har laga heile dalen i peparkake. Skikkeleg stilig! Oppfordringa går sjølvsagt vidare til heile 6982-området: Å lage grenda di i peparkake. No er det litt lita tid til jul, og du har kanskje litt anna som skal gjerast; men neste år – då tek du utfordringa, sant? I Bakkeneset er vi som du ser godt i gang, i alle fall på Eikjene.

Fleire over brua Det er stadig fleire som køyrer over Dalsfjordbrua. Ferske tal frå Statens vegvesen viser at årsdøgntrafikken i november i år er på 651 bilar, mot 602 i november i fjor. Med normal utvikling i desember vil talet bli 672 i desember, mot 643 i fjor og 607 året før. Høyrde vi nokon nemne 45 bilar i døgnet?

Selskap i førjulstida? Vi leverer catering og har mykje å velje i av både buffear og varmmat. Sjå heimesida vår: www.askvolldelikatesser.no

Ønskjer du ein stemningsfull og hyggeleg julehandel? Ta turen innom Delikatessen, vi gler oss til å hjelpe deg.

Opningstider: måndag - fredag: 09 - 16.30 laurdag: 09 - 15 veke 51: 09 - 18 (stengt julaftan) romjul: 10 - 14 (inkl. nyttårsaftan)

...pinnekjøt, sylteflesk, spekepølser og dampepølser frå Kandal ...rakfisk frå Valdres ...lutefisk frå Måløy ..."Kraftkar" frå Tingvoll Hos oss får du

3 brød for 90 kr!

...heimelaga sild, påleggsalatar, konfekt, dessert med meir.

Gåve til dei som har alt? Vi lagar smaksfulle gåvepakkar med alt frå gode oljar, pasta og marmeladar til ferskvarer som røykt laks, ost og spekemat. Vi sel også gåvekort!

www.askvolldelikatesser.no / post@askvolldelikatesser.no / tlf 57 73 22 07


klassebildet

>>

6982 presenterer eitt klassebilde i kvart nummer. Vi vil òg finne ut kva personane no balar med. Her er 1. klasse på Vårdal skule i 1982. Foto: Vårdal foto

F.v. Ronny Fonn, Aina Espedal, Åge Helle og Ole André Klausen. I midten sit lærar Kari Eikenes Helle. Ronny er sambuar med Marianne Ask i Askfjæra i Askvoll. Har to barn: Kristian og Matias. Ronny jobbar som sjåfør hos Råheim transport. Aina er ugift og bur i Lørenskog. Ingen barn. Aina jobbar i AJ Produkter AS og sel kontormøblar, verkstad- og lagerinnreiing. Åge er gift med Veronica Sandnes og har bygt hus på garden på Helle. Har tre barn: Simon (12), Malin (10) og Stian (7). Åge jobbar på Sandnes fiskeoppdrett, familiebedrifta til Veronica. Han har også kjøtproduksjon på garden. Ole bur på Ringstad saman med Turi Frøholm. Har tre ungar: Lars (7), Alfred (5) og Signe (2). Ole jobbar som gruppeleiar i Sweco og er småbrukar.

Vi ønskjer våre kundar, samarbeidspartnarar og du som les 6982 ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Går du med byggeplanar… Vi kan hjelpe deg med nybygg, tilbygg og ombygging. Og treng du hjelp til søknader, ta kontakt med oss. Vi ser fram til nye prosjekt i 2017

Olset Entreprenør as www.olsetentreprenor.no / tlf.90732378 / Følg oss på Facebook


<<

frå støa sett

Dei underjordiske er på ferde no for tida. Dei vonde maktene. Dei gode ser ut til å vere jaga vekk, fordrivne frå verda. I min barndom var det ein eg var særleg redd:

måtte spenne ryggen som ein klave og dra den overlasta sleden gjennom grøne bøen.

Og han vakta over juletreskogen. Vi måtte berre ikkje tru Tussekrånissen! at vi kunne felle kva som helst av dei vakraste trea og drasse det med oss heim. Nei, for det kunne jo hende at Han budde i eit høgt, bratt fjell rett ovanfor huset i det var nettopp det treet som Tussekrånissen hadde Drøsdal, Skifjord i Hyllestad. Der budde eg òg. Skalv i plukka ut til ein av dei sjeldne personane som han av ein buksene kvar einaste mørk kveld no før jul når vinden tuta eller annan merkverdig grunn hadde eit godt auge til. Til og bles og det sjoga og kvein der oppe i fjellet. Då var det dømes Maria på Lybakkjen. Men akkurat det forholdet Tussekrånissen som for omkring og leitte etter uskikkelege kunne forresten forklarast ved at Maria som hadde striksmågutar og jenter som han kunne fange og binde det kemaskin, strikka labbar som ho la ut på trappa om harde tauet sitt rundt og dra dei med seg inn i kvelden i førjulstida, og om morgonen var dei borte. Tussekråfjellet. Der sat dei fanga i tusen år, eller til dei vart Nissen fekk seg nye labbar kvar jul. snille. Og der måtte dei sjå på at nissen drog ut med sleden sin full av gåver til dei ungane som hadde lært seg Tussekrånissen hadde ei sterk makt over meg. Og det endå mor mi hadde prøvd å roe meg ned. Det var berre av med å vere uskikkelege. oppdikta vas. Nissen fanst ikkje. Berre tull. Nissen var ingen godsleg og hyggeleg Santa Claus, som brumma koseleg i skjegget og gav oss alt vi ville og stelte Men det var nett som eg ikkje ville høyre på henne. Det pent med reinsdyra sine. Han hadde ikkje reinsdyr i det var nett som eg ville og måtte vere livredd nissen. Og det heile, ikkje hest ein gong. Han var sint og stolt og sta, var stadig ertelystne onklar som fyrte opp under med nye kryssa ingen og bad ikkje nokon om historier. Når det høyrdest høge døn i isen på vatnet, så hjelp, men steig inn i skjekene og var det nissen som spelte på tromma si til dans inni fjellet. drog sleden sjølv mens han Då måtte ungane som var fanga der inne danse om dei mumla forbitra om julesnøen aldri så mykje var bundne fast. som aldri kom, slik at han Barnemishandling! Men du verden så kjekt og spennande. Grusomt spennande! Vil ungane bli sette fri? Vil dei gode kreftene vinne? Vil det bli jul i år og? Kanskje det var difor amerikanarane valde Trump? Redsle og spenning framfor det trygge. Men eg vel håpet – God jul rolf


studenten (e-postintervju) >>

Cecilie Gjørøy (25)

Kva studerer du? Eg studerer dataingeniør ved Høgskulen i Bergen. Kvifor studerer du dette? Eg ynskja å begynne på studiet fordi eg vart fascinert over kor interessant det verka å jobbe med å utforme teknologiske løysingar. I utgangspunktet var det gjennom å jobbe hjå Enivest eg oppdaga at datastudiet kunne vere noko for meg.

Foto: Privat

Bustad: Nesttun, Bergen Sivilstatus: Sambuar heime og nyt at det er litt stillare og roligare enn i Bergen. Elles tek eg det eigentleg veldig med ro så snart eg er heime. Kan du tenkje deg å flytte tilbake til Vårdal? Eg håpar og trur at eg skal tilbake ein gong, andre plassar er liksom ikkje heilt det same. Til no har eg trivst veldig godt i Bergen, og kjem nok til å verte buande ei stund her.

Kva vil du jobbe som etterpå? Det er eit godt spørsmål. Foreløpig veit eg ikkje heilt kva eg vil, men eg synest det verkar spennande å jobbe med systemutvikling.

Kvifor? Med sambuar, litt familie og gode vener her i Bergen trivst eg godt her. Bergen er ein fin by med litt som skjer, så eg er ikkje heilt klar for å reise heim til ein litt roligare tilvære enno.

Kor mykje er du heime i Vårdal? Skulle ynskje det var mykje oftare, men per no er det gjerne 3-4 gonger i halvåret.

Kva er ditt beste minne frå Vårdal? Det er mange gode minne, men eg tenker fort på late sommardagar heime når ein møttest for å bade i Holmedal eller Vårneset, eller når ein samlast ute med Vårdal skule for å spele fotball.

Kva gjer du når du er heime? Når eg er heime er det kjekt å få besøkt litt familie og vener. Eg likar også å gå turar


Leit og finn

<<

konkurranse

Her skal du finne namnet på 13 personar i 6982-området. Både førenamn og etternamn skal med. Dersom personen har fleire namn, bruker vi berre det første og det siste. Døme: Sander Rivedal Tjugen blir SANDERTJUGEN. Du må leite alle vegar i tabellen, også baklengs og på skrå. Når du har funne alle namna, sender du svaret til Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Holmedal, på e-post til marianne@bygdeavisene.no eller sms til 95 22 95 62. Fristen er 15. februar.

E

S

I

G

R

I

D

E

R

I

K

S

T

A

D

R

R

I

R

E

T

E

S

L

O

E

D

U

R

T

O

O

D

O

N

A

P

U

R

S

A

L

L

V

A

S

E

B

A

H

Å

K

O

N

V

I

K

S

E

B

A

K

L

E

N

E

R

A

S

T

J

O

L

S

E

L

O

A

I

R

E

S

S

A

T

A

R

R

A

H

I

S

D

G

E

T

G

E

S

T

R

A

R

G

N

E

M

E

D

U

D

G

U

V

I

S

K

J

O

E

J

E

V

A

C

R

E

R

J

E

R

A

E

S

T

A

D

I

P

O

P

O

R

Ø

T

A

K

L

E

A

C

E

R

N

E

R

T

S

E

N

R

Y

N

N

G

O

E

N

S

R

A

T

F

Ø

E

N

E

S

S

A

B

R

I

K

K

L

A

S

E

G

N

I

D

U

N

S

E

V

O

P

P

I

O

A

K

N

E

N

N

U

N

I

E

B

R

E

W

I

L

E

L

E

L

G

A

H

J

K

O

Å

G

E

M

T

R

A

L

N

L

E

S

Y

Ø

N

V

A

R

N

N

I

V

D

D

O

S

A

Rett svar i konkurransen i førre avis, var Jostein Størdal, Geir Helle, Frida Helle, Tormod Itland, Åse Nyhaug, Joel Haugsvær, Nora Erikstad, Erna Rivedal, Torni Losnegård, Erlend Eikenes, Sindre Tønder, Lill Olset og Åse Løset. Dette visste mellom andre Lukas Skarstein Bauge og Norman Vik, som får kvar sitt Bygdeavisenekrus til jul. Vi gratulerer!

Ei vurderingssak - Då eg voks opp, bada vi kvar julekveld, viss det var nødvendig. Andreas Engebø


Returadresse: Bygdeavisene Kleppeneset 6982 Holmedal herlege småtassar

>>

6982 ønskjer bilde av alle nyfødde i 6982-området. Det gjeld også dei som har foreldre eller besteforeldre i Holmedal. Send oss eit bilde på e-post: marianne@bygdeavisene.no.

Laurdag 12. november kom vesle Alfred til verda med sine 53 cm og 3736 g. No kosar han seg heime i Høyvika og er svært nysgjerrig på alt som skjer rundt han. Stolte foreldre er Karianne Furevikstrand og Leif Rune Høyvik.

Vi ønskjer alle trufaste lesarar ei framifrå jul. Takk for mange hyggjelege samtaler i året som har gått. Måtte 2017 bli eit innhaldsrikt og kjekt år for alle!


6982 nr 24