Issuu on Google+

6980

23 13. feb 2017

Bygdeavis for:

Olset, Straumen, Ringstad, Ask, Askvoll og Eimind

- Lykka er å vere tvilling

Valde det gode liv på bygda Dei sa opp gode jobbar på Haukeland og byta ut bylivet til fordel for Askvoll og pendling til Førde. Likevel har legeparet betre tid no enn før.

Byggjer heilt nytt

DOBBEL GLEDE: - Gleda blir dobbel så stor når den kan delast med andre, seier tvillingane Julie Gjervik Madsen (t.v.) og Jannicke Gjervik.

Hugsar du klassen med dei fire tvillingpara? Vi har spora dei opp. Berre eitt av dei slo seg ned i Askvoll. Men Julie Gjervik Madsen og Jannicke Gjervik er til gjengjeld både bestevennar og naboar i Askfjæra.

Askvoll Eiendom AS ønskjer no å rive det gamle rådhuset på Røyset. I staden byggjer Hedalm Anebyhus til saman 21 leilegheiter.

Livsglede i praksis Det osar livsglede når barnehageungane leikar og ler saman med dei eldre på Askvollheimen kvar fredag.


Ein svolten mage høyrer ikkje på nokon Spansk ordtak

HUGSAR DU alt oppstyret som var rundt klassen med dei fire tvillingpara? I år er det 20 år sidan dei gjekk ut frå Askvoll skule. Vi har teke ein prat med dei om korleis det eigentleg er å vere tvilling og kva dei hugsar frå barneskulen. Svara er svært ulike. Det er ingen tvil om at tvillingparet som har slått seg ned i Askvoll, Julie og Jannicke, har eit heilt spesielt forhold. Dei tenkjer og gjer så mykje likt at det må seiast å vere svært fascinerande.

fotografering, det grafiske oppsettet og trykking, derfor er det ikkje så enkelt å få inn vikarar med tanke på at det også må gå rundt økonomisk.

DETTE MED tvillingar har vore mykje omtalt i media siste tida. Det pågår ein heftig debatt om sjølvbestemt fosterreduksjon ved tvillingsvangerskap, men også filmen om barnestjernene Marcus og Martinus fortel om korleis det er å vere tvilling. Hadde dei vore like pop om det berre var ein av dei? Ville småjentene ha blitt like sjarmert av det?

OG NÅR eg er i gang igjen, finn du meg i nytt lokale i Holmedal. Som 6980 tidlegare har skrive, skal kontorfellesskapet her i andre etasje på Aska næringsbygg byggast om til leilegheiter. Arbeidet startar opp i mai, og då flyttar mesteparten av leigetakarane inn i nyoppussa lokale hos Holmedal elektriske.

DET ER vel heller ikkje til å komme i frå at eg òg har vore oppteken av dette med søskenforhold siste tida. For dei som har lagt merke til den veksande magen; ja, eg er forferdeleg glad i sjokolade, men det er noko anna inni der òg. VI SKAL få ein gut og han har tenkt å poppe ut i starten av juni. Det vil seie at eg går ut i mammapermisjon i midten av mai. Det er førebels ikkje heilt avklart korleis permisjonstida skal avviklast. Då vi fekk yngste dottera vår, som snart er sju år, hadde eg fem-seks månader permisjon medan gubben hadde resten. Denne gongen blir det truleg eg som tek mesteparten av permisjonen. DERMED BLIR denne avisa her det siste nummeret av 6980 før utpå sommaren neste år. Før permisjonen skal eg rett nok ha ut ei avis i Fjaler i mars og Holmedal-avisa i slutten av april, dersom alt går etter planen. Men når eg har permisjon blir det dessverre stopp i avisproduksjonen, noko anna løysing er vanskeleg å finne. Det er eg som gjer alle operasjonar i avisa; frå annonsesal, oppfølging av abonnentar, intervju, skriving, 6980 er ei politisk uavhengig bygdeavis for 6980-området. Utgjevar: Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Holmedal Bladstyrar: Marianne Furevikstrand. Telefon 95 22 95 62 E-post: marianne@bygdeavisene.no Facebook: Bygdeavisene Instagram: @bygdeavisene Webside: bygdeavisene.no Besøksadresse: Aska Næringsbygg, Askvoll sentrum Trykk: Bygdeavisene Opplag: 700 Marianne Furevikstrand står bak alle bilde og tekst dersom ikkje noko anna er namngitt. Bygdeavisene rettar seg etter reglane om god presseskikk, som nedfelt i redaktør- og ver varsam-plakaten. Klager rettast til bladstyraren. Abonnementet blir automatisk fornya dersom ikkje anna er avtalt. Stoppar du abonnementet midt i perioden, må du betale for aviser du eventuelt har fått.

EG BEKLAGAR sjølvsagt overfor lesarane at det blir avisstopp eitt år, men eg lover å bruke permisjonstida også til å klekkje ut gode idear til saker og nye spalter som eg kan setje i gang med når avisproduksjonen startar opp igjen.

DÅ EG starta Bygdeavisene våren 2008, hadde eg heimekontor på Bakke i Holmedal. Då familien min kjøpte hus i Kleppeneset, flytta også bladstova dit. Etter å ha vore her i Askvoll sidan august 2011, skal eg no altså ha arbeidsstad i Holmedal igjen. Det inneber ikkje dei store endringane verken for min eller lesarane sin del, for intervjua føregår så å seie alltid ute i felten. I DAG har eg rett nok utsikt rett ned på politiet og ambulansestasjonen. Det er sjølvsagt ein draum for ein nysgjerrig journalist, men trass alt får eg lite nytte av det i eit medium som bygdeavisa... NO FÅR eg i staden nydeleg utsikt mot Dalsfjorden frå det nye kontoret. Men før det er det altså babyutsikter. Eg håper på forståing for avisstopp, men satsar på at også lesarane nyttar tida til å spare opp gode tips til eg er tilbake igjen. Ha det finfint så lenge!

Huuuuugs: ...å følgje oss på Instagram: @bygdeavisene. Der får du små kvardagsglimt frå bladstova. ...å følgje oss på Facebook: Bygdeavisene. Vi har over 1000 likarar! ...å tipse alle fornuftige folk om å bestille den knakande gode bygdeavisa di!


NORGES HØGSTE: Anne Grethe Lien har tidlegare vore på Galdhøpiggen saman med sønene Martin, Håvard og Kristian. No får ho også med seg ”halve Askvoll”. Foto: Privat

Skyhøg feiring for turglade askvollingar Det er ikkje mange som feirar tiårsdagen på Galdhøpiggen. Men det gjer Barnas Turlag Askvoll. Allereie har om lag 130 personar sagt dei vil vere med på det som truleg blir tur nummer 100 i den aktive klubben. Anne Grethe Lien tok initiativet til å starte opp Barnas Turlag i Askvoll i lag med Kari Ringstad og Anita Rennestraum, då ho flytta heim til Holmedal for snart ti år sidan. Ho har vore leiar i laget heile tida, og ho har hatt med seg eit stabilt styre, som saman har laga kjekke turar i området vårt. Med dseg i styret no har ho Anita Rennestraum, Lill Hege Olset, Heidi Ringstad og Elisabeth Skarstein. Det har vore mange ulike typar turar; skøytedagar, refleksturar i mørke, ski og aking, fjellklatring, padling, turar i marka og på fjellet, på flata og i bakkane. Alltid med matkos og moro både for ungar, foreldre og besteforeldre. På ein av desse turane, til Eikenesstølen for nokre år sidan, vart ungane spurde om kva turar dei hadde lyst til å ha med på årsplanen den kommande sesongen. - Då rekte Lone Follevåg opp handa og sa «eg vil på piggen». Eg forstod ikkje kva ho meinte, før Anita Rennestraum sa at ho trudde Lone meinte Galdhøpiggen. Anita meinte det var ein god idé og føreslo at vi kunne ta jubileumsturen der når vi fyller ti år, seier Anne Grethe Lien. Tanken har modnast og tiårsjubileet nærmar seg. Eigentleg er jubileet 9. september 2017, men datoen for jubileumsturen er sett til helga 11. til 13. august. - No har vi gått 91 turar, så det hadde vore kult om vi hadde fått det til slik at turen til Galdhøpiggen blir tur nummer 100, seier Anne Grethe. Overraskande stor respons Planen er altså å reise med privatbilar fredag

11. august og møtast på Raubergstulen i Lom kommune. Der, tusen meter over havet, ved foten av Galdhøpiggen, skal dei spreke askvollingane overnatte. Laurdag morgon går turen til sjølvaste Galdhøpiggen, 2469 meter over havet. - Kor krevjande er turen? - Om lag som ein Dokka-tur, men ikkje like bratt, seier Anne Grethe. - Vi startar på Juvasshytta, som er 1850 meter over havet. Først går vi om lag ein time i slakk stigning inn til breen. Der blir det ein god pause slik at breførarane får laga klar taua. Så går vi roleg over breen. Deretter går vi ut av taulaget og i individuelt tempo opp til toppen av Galdhøpiggen. Det blir sikkert sprekk i feltet oppover der, men vi skal ha ei god samling på toppen før vi startar på turen ned igjen, fortel Anne Grethe. Dei legg vekt på at jubileumsturen skal vere på ungane sine premissar. - Vi skal ha ein barnevennleg jubileumsmiddag på kvelden, dei skal få leike i klatreparken som er rett ved der vi bur, og vi skal ha tid til å ha det kjekt i lag, seier leiaren i Barnas turlag. - Kva synest du om responsen så langt? - Målet var å få med 100 personar, men no har vi allereie om lag 130 interesserte. At det er så pass stor interesse så tidleg, overraskar meg, seier ho. Og det er ikkje berre ungar og småbarnsforeldre som seier dei vil vere med. Også vaksne utan ungar har lyst. - Fleire ser det som ei fin moglegheit til å komme seg på Galdhøpiggen, og det er det

sjølvsagt rom for, seier ho. Dei fleste ungane som har meldt seg på, er mellom sju og 13 år. - Breførarane seier at nedre aldersgrense er sju år, men det skal eg sjekke ekstra opp, slik at vi veit det heilt sikkert, seier Anne Grethe. Sjeldan markering - Kor mykje arbeid er det å organisere ein slik tur? - Det er nok mest arbeid med å sende søknader. Vi søkjer etter pengestøtte for å få prisane ned, sånn at det ikkje skal stå på økonomien om folk kan vere med. Reisa må du nok betale sjølv, men vi håper å få dekt inn mykje av overnattinga, maten, guidinga og klatreparken. - Kvifor ikkje leige buss, slik at alle reiser samla? - Det er så pass dyrt at det meste av pengane vi klarer å få inn, då vil gå til å dekkje busskostnaden. Vi ønskjer i staden å bruke pengane på overnatting, guide og aktivitetar der. Mange er kanskje på ferie på denne tida, og tek denne helga som ein del av turen, seier ho. - Har du høyrt om andre Barnas turlaggrupper som har laga slik Galdhøpiggenhelg? - Nei. Eg var nyleg på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Turlag, og der var det ingen som visste om liknande. Det synest eg sjølvsagt er kult, smiler ho. - Det er ein happening å få til eit slikt arrangement. Dette blir ei fin markering for turlaget vårt, fastslår ho.


UNIKE: Førsteklassen i 1988 var den største på Askvoll skule sidan 1969. Elevane fekk begynne i heilt nybygd skule, slik at barne- og ungdomsskulen no også vart samlokaliserte. Bak f.v. Aud Kari Steinsland, Laila Furnes, Thorbjørn Dalsøren, Linda Turøy, Julie Gjervik, Jannicke Gjervik, Anders Veland, Harald Veland, Raymond Rørvik, Tom Børge Strømmen og Rune Solheim. Midten f.v. Liesbeth Kroondijk, Frode Helle, Carol Aguilera, Øystein Dalsøren, Irene Torsheim, Renate Heimsæter, Turid Helene Selnes og Siv Frøholm. Framme f.v. Heidi I. Solheim, Grete Helle, Karen Johanne Herland, Ann Kristin Eidem, Erlend Nyhammer, Ronny Heimsæter og Linn Nordanger. Foto: Vårdal foto

Dei landskjende tvillingane Hugsar du klassen med dei fire tvillingpara? Dei kom i kjendisbladet Nå, Firda, Firdaposten, ei tysk avis og på framsida av VG. I år er det 20 år sidan dei gjekk ut av Askvoll skule. - Sjå! «700 besvimte for Prince». Vi fekk større oppslag enn han, ler Jannicke Gjervik då ho tek fram igjen VG-oppslaget frå sommaren 1988. På framsida lyser åtte blide ungar under tittelen «Utrolig skolestart: 8 tvillinger i førsteklasse». Inni avisa uttaler lærar Aud Kari Steinsland at dette nesten er sensasjonelt. Dei fire tvillingpara vart omtalt i fleire blad og aviser. Når dei ser tilbake på det i dag, kan dei ikkje hugse at klassemiljøet var prega av at dei var så mange tvillingar. - Det som skilte seg ut var heller mengda med merksemd vi fekk av media dei første vekene, meiner Ronny Heimsæter. Han trur ikkje det å vere tvilling har så mange fordelar eller ulemper samanlikna med det å ha andre søsken som er nær i alder. Det meiner fleire av dei andre tvillingane òg. - Kanskje har ein litt meir tilknyting til ein tvilling. Eg og Harald leikte naturleg nok mykje saman då vi var yngre, og vi hadde mange av dei same vennane, men så endra det seg. I dag bur eg ved Mongstad og jobbar som seljar på Expert, medan Harald reiser rundt som skodespelar, seier Anders Veland. I kvardagen tenkte ikkje tvillingane på at dei var nettopp tvillingar. - Når du er liten aksepterer du det berre. Sånn er det liksom. Vi har jo ikkje prøvd noko anna, fastslår Harald Veland. Medan han og Anders var mykje saman før, føler Harald at han no har eit nærmare søskenforhold til storesøster Siri, og at han kanskje er mest lik storebror Øystein. Og medan Anders altså har slått seg ned med sambuar på bygda, bur Harald litt i Oslo, litt i Bergen og litt i London. - Eg har gjort mange ting. Akkurat no er eg

skodespelar. Eg vil meg sjølv vondt, med andre ord, fastslår han med eit smil. - Jobben er eigentleg å bli veldig sinna og veldig trist – viss ikkje får du ikkje jobb. Her ein dag var eg på audition og trua ei søt jente på livet. Det er jobb, liksom, legg han til. For å få det til å gå rundt økonomisk, jobbar han som servitør innimellom. - Det er eit rart liv. Eg ser vennar som har streite og stabile liv, men det kan eg eigentleg ikkje tenkje meg. Eg har hatt lyst til å bli skodespelar heilt sidan barndommen. Leik blei til skodespel, og det var frykteleg gøy, seier Harald. Familien Veland flytta etter kvart frå Askvoll, men Harald har gode minne herifrå. Likevel ser han ikkje for seg at han nokon gong flyttar tilbake. Av tvillingane er det i dag berre Julie og Jannicke som har slått seg ned i heimbygda. Heller ikkje Frode Helle trur han flyttar heimover igjen. - Eg kunne på mange måtar ha tenkt meg det, men då måtte eg ha flytta aleine, konstaterer han og ler. - Eg bur på Fagernes saman med Trine, og ho er ganske heimekjær. Ungane går i barnehage og på skule her, og eg trivst svært godt i jobben som idrettspedagog på helsesportssenteret på Beitostølen. Dermed er vi ganske fastlåst i Valdres, seier Frode. Tvillingsøster Grete utdanna seg innan varehandelleiing. Ho har sambuar frå Sotra og bur i Bergen, og trur heller ikkje dei flyttar til barndomsbygda hennar med det første. Sjølv om Frode og Grete gjekk ulike vegar etter ungdomsskulen, meiner dei at dei er ganske like som personar. - Grete har alltid vore aktiv i idrett, også dei seinare åra, medan eg valde idrett som yrkes-

veg, seier Frode. - Vi er nære som søsken flest. Det positive med å vere tvilling er at vi alltid hadde nokon der, seier Grete. - Minuset var når vi hadde prøve på skulen og eg hadde gjort det dårleg og Grete hadde gjort det godt. Då kunne eg ikkje skjule det heime, for foreldra våre visste jo då at vi hadde hatt prøve, konstaterer Frode. - Gjorde vi det dårleg begge to, kunne vi lage avtale om at vi skulle halde det hemmeleg heime. Det var vi som regel einige om – heilt fram til neste krangel. Då rauk det, ler Grete. Ronny og Renate Heimsæter flytta frå Askvoll då dei gjekk ut av ungdomsskulen. Til Firdaposten uttalte Renate då at dei ville ha godt av å få litt avstand til kvarandre. I dag bur ho i Edinburgh i Skottland. Ronny flytta til faren i Førde og begynte på Hafstad vidaregåande skule. Han valde realfagvegen og flytta seinare til Oslo, der han tok ein bachelorgrad som dataingeniør. - Eg har aldri vurdert å flytte tilbake til Askvoll, og eg ser det som lite truleg at eg kjem til å gjere det i framtida. Det finst ikkje gode nok jobbmoglegheiter for meg der akkurat no, og alle i min nærmaste familie har også flytta vekk frå Askvoll, seier Ronny. Anders Veland seier derimot at det har freista han å flytte tilbake til Askvoll. - Askvoll er kjært i hjartet mitt. Det var ein spesiell stad, både for meg og søskena mine. Eg har reist tilbake nokre gonger, og no har eg lyst til å prøve å få til eit gjensynstreff for klassen. Det hadde vore gøy, seier han. Då skal du ikkje sjå vekk frå at dei gamle avisoppslaga om «kjendisklassen» kjem med på mimrebordet.


- Ei utruleg lykke å vere tvilling - Det er to hjarte, men det kjennest ut som vi har eitt felles, seier Jannicke Gjervik. Ho og Julie har alltid vore bestevennar og har eit uvanleg nært søskenforhold. Sjølvsagt vart dei også naboar som vaksne. TRYGGE: Julie og Jannicke ser tilbake på ein trygg oppvekst, mykje fordi dei alltid hadde kvarandre. Foto: Privat

Judith og Håkon Gjervik visste ikkje at dei venta tvillingar før det var seks veker igjen til fødsel. Frå før hadde dei Henriette på nesten to år. Men den 21. november kom det altså to jenter ut. To jenter som skulle vise seg å få eit heilt spesielt forhold heilt frå starten. - Dei utvikla eit eige språk og hadde til og med dei same uttalefeila. Dei diskuterte ivrig seg i mellom og var grådig einige om kva dei meinte, men eg forstod ikkje bæret av det, seier Judith og ler. Julie og Jannicke fekk felles soverom frå dei vart fødde. Meininga med køyesenga var rett nok at den eine skulle liggje nede og den andre oppe, men slik vart det ikkje. Jentene sovna alltid i den same senga. Etter kvart gav foreldra opp og kjøpte breiare seng i staden, slik at dei kunne liggje på sida av kvarandre. Sånn vart det i mange år. Faktisk heilt til Julie fekk kjærast då ho var 15 år. Då vart Jannicke byta ut med Stian Madsen, som Julie har vore saman med sidan. - Det var litt sårt. Etter 15 år så måtte eg plutseleg på eige rom. Eg fekk ikkje sove, fastslår Jannicke.

Dei ser på avisutklippet frå Firdaposten frå våren 1997. Då var dei 15 år, ein alder der du gjerne er i opposisjon og litt tøffare i uttalene. Avisa skriv at dei andre tvillingane vil skilje lag etter ungdomsskulen, men ikkje Gjervik-jentene. Dei vil gå på Dale vidaregåande skule, begge to. Dei takkar heller ikkje ja når dei får tilbod om å gå i kvar sin parallellklasse der, for dei vil jo aller helst berre vere i lag. - Følte de aldri at de konkurrerte? - Eigentleg ikkje. Det var heller sånn at vi hjelpte kvarandre før prøvane på Samtidig følte ho at fekk ein bror, for ho skulen, til dømes. Då laga vi testar til gjekk godt overeins med Stian frå første kvarandre, slik at vi kunne forbetre oss, fortel stund. dei. - Når vi hadde prøver, hadde vi sjølvsagt lyst Alltid trygge til å gjere det best. Men viss den andre ikkje Samanlikna med resten av tvillingpara i hadde fått så god karakter, syntest vi det var klassen, er det tydeleg at det er trasig òg, seier Julie og Jannicke. noko spesielt med forholdet Kvar dag når dei kom heim frå skulen, ville mellom Julie og Jannicke. Dei begge fortelje kva som hadde skjedd i løpet synest rett og slett at det er heilt av dagen. fantastisk å vere tvilling. - Dei var så ivrige. Det var om å gjere å - Vi hadde alltid nokon med oss, komme inn i huset først. Og så vart det sånn seier Jannicke. «Åååh! Det skulle eg fortelje», fortel Judith - Det gjorde oss trygge. Vi med eit smil. spurde faktisk mamma om det hin Etter kvart avtalte dei kven som skulle seie dagen: Kven var vi eigentleg på kva, slik at begge fekk fortelje litt. Dei er besøk til elles? Vi einige om at det kunne bli hadde jo alltid heftig krangel, men at dei kvarandre som aldri var lenge sure på Dei utvikla eit eige kvarandre. bestevennar, seier språk. Eg forstod Julie. Sanninga var Like interesser ikkje bæret... nok at dei var Dei hadde nokså likt forhold Judith Gjervik (mor) mykje saman heitil skulen og faga der; me på Olset, sjølv om dei òg engelsk var ikkje noko særleg, heller ikkje å hadde andre vennar. skrive norskstilar. Matematikk var favoritten, - Vi kjenner kvarandre svært derfor hadde begge matematikk og bedriftsgodt og er veldig like. Vi passar økonomi som valfag på vidaregåande. saman som hand i hanske, meiner Planen etter vidaregåande var at begge Jannicke. skulle vidare til Sogndal for å studere - Men vi kan krangle grådig òg. økonomi og administrasjon. Men i staden Likevel vil vi alltid beskytte flytta Jannicke til Førde og jobba der eitt år. kvarandre dersom nokon andre Deretter jobba ho som lærarvikar i Holmedal seier noko urett om den andre, og fann ut at ho ville bli lærar. legg Julie til. - Kor ofte hadde de kontakt når de ikkje FAKSIMILE: VG 15. august 1988


budde på same stad? spurde eg om å få - Kvar dag, seier Julie kjapt. låne noko, og då sa - Men kor mange gonger om dagen har vi han at det var heilt i ikkje alltid oversikt over, legg Jannicke til og orden for «eg veit jo ler. at eg får det igjen Ein gong då Julie budde i Sogndal hadde ho hos deg», sa han. Då laga seg middag med brun saus. Dei hadde han la til at han også denne dagen telefonkontakt. Hendinga skulle sjekke korleis ved kjøkkenet vart ein del av samtalen. bestillinga på sofaen «Eg brende meg». «Eg òg!» «På brun saus.» låg an, forstod eg at «Eg òg!» «På armen!» «Eg òg!» Så viser det han heile tida hadde seg at det faktisk er på same staden på artrudd at eg var Julie. men. Slike situasjonar har dei mange døme Då tenkte eg at det på. For oss andre kan det verke rart, men var på tide å komme også Julie og Jannicke synest slike episodar er seg ut, ler Jannicke. merkverdige. - Er det noko de har - Vi ser ofte at vi tenkjer veldig likt, seier opplevd som Jannicke. negativt med det å - Ein gong vi hadde sløyd på skulen, hadde vere tvilling? vi i oppgåve å lage ein trebil. Vi var ikkje på - Eigentleg ikkje, same gruppe, og vi passa på at vi ikkje skulle svarer dei. sjå korleis den andre hadde løyst oppgåva. Då - Men eg hugsar bilane var ferdige, pakka vi dei inn og leverte ein gong vi hadde dei i gåve til mamma og pappa. Då dei opna bursdagsselskap. Vi gåvene vart dei svært overraska: Bilane var var sikkert 10-12 år rett nok ulike, men bilnummera på skilta var og feira sjølvsagt i identiske. Det var ikkje alle elevane som lag. Då fekk vi ofte hadde skrive på bilnummer, men på både felles bursdagsgåve, Julie og Jannicke sin bil stod det TV 362. og eg hugsar eg Det hender òg at Julie hiv på seg ein genser tenkte at eg gjerne som ho ikkje har brukt på eit halvt år. Så skulle hatt eiga gåve, møter ho Jannicke – og ho har på seg den seier Jannicke. same genseren, som heller ikkje ho har brukt - Elles tenkjer eg at på lang tid. For dei har sjølvsagt same smak det einaste negative også når det gjeld kle. Når dei går inn i ein er at vi har vore så butikk, kan du vere trygg på at dei går bort til vane med å same klesplagg. Dei vel også dei same bestemme oss for fargane. ting i lag, seier ho. LIKE: På 35-årsfeiringa i vinter stilte Jannike (t.v.) og Julie med same kjole - Viss vi reiste på shopping då dei var yngre, - Det blir litt sånn for å vise at det er slik dei liker å kle seg. Det var sjølvsagt lett å finne måtte vi avtale at den som såg plagget først, «skal du gå?» og så kjole, sidan dei har heilt lik smak og bruker same storleik… Foto: Privat hadde førsteretten til å velje det, fortel blir vi einige om kva Judith. vi skal gjere. Ikkje at - Eg hugsa eg fekk råd frå doktoren om å kle vi er usjølvstendige, men at vi ikkje har teke Øyvind hadde jobb i Bergen. jentene ulikt og kjøpe ulike leikar til dei. Men så mange beslutningar heilt aleine, seier ho. - Så ringde mamma ein dag og spurde om det vart jo ikkje noko bra, for dei ville jo ha ikkje Øyvind ville jobbe saman med ho på det same, legg ho til. Vart naboar Askvoll skiltgravering, for Henriette var gravid Dermed enda det oftast opp med at dei Så, etter to år frå kvarandre, hamna begge på og skulle ha permisjon. Dermed løyste det gjekk likt kledd i oppveksten. Når dei i tillegg same stad igjen. Denne gongen i Bergen, der seg for Øyvind, men sidan eg ikkje hadde er svært like av utsjånad, er det Jannicke tok lærarutdanning og takka ja til jobb, flytta han heim til mamma mange som har teke feil opp Julie studerte på Handelshøg- aleine. Eg fekk jobb i Eivindvik, så eg flytta inn gjennom åra. Men det at andre skulen. Dei leigde eit hus i hos mine svigerforeldre eitt år, fortel Vi ser jo har brukt feil namn eller spør Kalfaret, men no saman med Jannicke med eit smil. galskapen kven som er kven, synest dei Øyvind Undertun, kjærasten til - Men etter kvart følgde eg i fotspora til ikkje gjer så mykje. Jannicke, og bror hans. Julie: Då ho og Stian begynte å byggje hus i i det òg - Viss nokon ropar «Jannicke», I dag bur begge para i Askfjæra, kjøpte vi nabotomta. Då dei flytta Julie og Jannicke så snur eg meg automatisk uansett, Askfjæra. Ein skulle tru det var inn i huset, overtok vi leilegheita dei hadde konstaterer Julie. bestemt frå starten, men faktisk på Askvoll Brygge, fortel ho. Ho tenkjer meir på at andre kan synest det var det litt tilfeldig. Julie hadde i mange år - Då eg vart gravid med Lilly (eldstedottera er ubehageleg viss dei tek feil. Derfor har det tenkt at ho hadde lyst til å flytte heim og at på ni år, journ.mrk.), og skulle på første ultrahendt mange gonger at dei berre lèt vere å ho ville ha tomt i Askfjæra. Då ho og Stian lyd, fekk vi beskjed frå jordmor om at det korrigere folk når dei tek feil. Slik som då vart foreldre i studietida, vart ønsket om å kunne vere to. Då var det sånn at Øyvind sa Jannicke var på ein møbelbutikk i Førde og flytte heim endå sterkare. «Det kan ikkje vere to!», medan eg sa «Tenk såg etter spisebord. «Dette hadde passa Også Jannicke hadde eit håp om å flytte om det er to! Då hadde dei vore heldige, for heime hos deg!» sa ekspeditøren. heim, men ho var ikkje like gira som tvillingdet er jo så fint å vere tvilling», seier Jannicke - Eg hadde rett nok kjøpt nokre møblar der søstera. Ho søkte etter kvart på lærarjobbar, og ler. for tre-fire år sidan, men eg vart no litt mellom anna i Askvoll og omegn, men takka - Korleis er det eigentleg for Stian og Øyvind forundra over at han hugsa meg så godt. Så nei til å jobbe i distriktet fordi sambuaren at de er så nær kvarandre?


- Stian heldt ei artig tale om det då vi feira 35-årsdagen vår tidlegare i vinter: «Vi bur i lag heile året. Så reiser vi på ferie til Tyrkia. Tyrkia er kjempestort, men kven dukkar opp på nabohotellet? Nettopp!» Han hadde mange liknande døme og vi ser jo galskapen i det, ler dei. Undervegs i ferien enda dei forresten opp med å sove på same hotellrom ei natt, og alle dei vaksne måtte sove i same senga. Berre fordi jentene vart deppa av tanken på at den eine snart skulle reise heim til Norge. Då hadde dei vore saman frå morgon til kveld også i Tyrkia. - Hehe, er det mogleg? - Ja, vi innser at vi har eit spesielt forhold. Stemninga vart så laber ved tanken på at den andre familien skulle reise tilbake på sitt hotell. Ungane har det jo så kjekt i lag òg. Men alt botnar i éin ting: Kjærleik, konstaterer dei. Den samansveisa familien vart endå meir samansveisa etter vinteren 1998. Faren Håkon døydde i ei tragisk båtulykke, og Judith og dei tre døtrene sat tilbake med ei enorm sorg. Dei hadde gjort så mykje saman og no var den eine brikka brått vekke. - Håkon var alltid veldig oppmuntrande og støttande overfor jentene, seier Judith. - Vi var ofte på dei same festane òg. Det var ikkje slik som mange andre ungdommar hadde det; at dei ikkje ville gå ut der foreldra var på laurdagskveldane. Jentene ville vere saman med oss. Forholdet var alltid ope og nært, fortel Judith. - Det vi var gjennom gjorde nok at vi vart endå tettare. Vi følte på dette med at mamma vart aleine så tidleg. Vi hadde lyst til å vere nærmare ho, slik at vi kunne ha dagleg kontakt, seier Julie og Jannicke. Så kanskje var det like greitt at dei to tvillingjentene bygde hus vegg i vegg i Askfjæra. Dei vil jo uansett helst vere der for kvarandre heile tida.

Har ditt idrettslag planar om eit nytt idrettsanlegg, eller har de eit anlegg som må oppgraderast? Har velforeininga lyst å etablere eit anlegg for å skape meir aktivitet i nærmiljøet? Eller har turlaget lyst å lage ein ny tursti? Askvoll kommune skal revidere Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Framlegg til planprogram er lagt ut på høyring i tidsrommet 06.02.17 – 21.04.2017. Dokumentet ligg på Askvoll kommune sine heimesider www.askvoll.kommune.no, under «Kunngjeringar». Planprogrammet er òg tilgjengeleg i papirformat på rådhuset i Askvoll. Vi ønskjer å få innspel både til planprogrammet og til innhald i kommunedelplanen som skal utarbeidast. Merknader og innspel skal sendast innan 21. april 2017 via elektronisk skjema «Høyringsuttale» som du finn på heimesida vår under «Sjølvbetening og skjema». Du kan òg sende e-post til postmottak@askvoll.kommune.no, eller brev til Askvoll kommune, postboks 174, 6988 Askvoll.

Siste nytt

: Ny min igrav

ALT INNAN GRUNNARBEID! Vi leverer også sålda jord, pukk, grus, singel og murstein (ferdig mur eller berre stein).

v/Thomas Lervåg / tlf. 900 79 368

ar!


PÅ ØYRA: Astri Rege, Thomas Fjermestad og ungane Åsmund, Asbjørn og Signe trivst godt på Øyra. Her er det nydeleg utsikt og kort veg til skule, barnehage, fritidsaktivitetar - og besteforeldre.

Fekk betre tid i Askvoll Thomas Fjermestad og Astri Rege hadde gode jobbar på Haukeland Universitetssjukehus, men dei ville ha meir tid til familie og praktisk arbeid. Det får dei i Askvoll. Astri Rege er vaksen opp ved Øyra i Askvoll vere 70-80 ungar fordelt på to-tre vaksne. sentrum, men flytta herifrå då ho var 18 år. - Dessutan såg vi at nesten alle Ho tok fysioterapiutdanning, før ho kollegaene våre på Haukeland kom inn i ein bestemte seg for at det var lege ho trommel som vi ikkje ønskte å vere i: Skal eigentleg ville bli. ein kjøpe seg eit hus i byen kostar det - Og det er eg glad for, for vi mykje, og dermed måtte møttest då vi begge starta på ein jobbe mykje, og Vi liker betre legestudiet i Tyskland, smiler samstundes er det eit stort Thomas Fjermestad. press på at ein lyt forske ”Sogn og Han er oppvaksen i Sandnes i ved sidan av. Dermed får Fjordane-ånda” ein Rogaland. Dei to var vennar eitt lite tid til overs, slik at Thomas Fjermestad år før dei vart kjærastar, og nesten alle hadde både ausidan har dei budd fem-seks år på kvar pair og vaskehjelp, fortel Astri. plass: Først i Tyskland, deretter i Nord- Vi ville litt vekk frå det. Vi liker betre Norge og så i Bergen. For to og eit halvt år «Sogn og Fjordane-ånda» der du har betre sidan flytta dei altså til heimstaden til Astri. tid og kan ordne ting sjølv i staden for å Det var fleire grunnar til det, mellom anna kjøpe alle tenester, seier Thomas. fordi dottera Signe skulle begynne på Derfor flytta dei i staden til Askvoll og skulen då. I klassen hennar i Sandviken kjøpte nabohuset til foreldra hennar på skulle det gå 33 elevar, og på SFO ville det Øyra. Der har Thomas og svigerfar Finn

sjølve byta ut vindauga og pussa opp dei fleste romma. Men legeparet var litt usikre på flyttevalet. Astri var spent på det sosiale, medan Thomas var mest spent på arbeidskvardagen. Første halvåret pendla Thomas til jobben på Haukeland, men etter det har begge jobba på Førde sentralsjukehus. Kirurg og gynekolog - Korleis får de kvardagen i hop når begge jobbar i Førde? - Faktisk er det berre éin dag i veka der vi jobbar begge to. Det er luksus, fastslår Astri med eit smil. Tysdagen er derimot stress, men då får dei hjelp av mora Anna Rege til å hente dei to yngste i barnehagen. Thomas er overlege på kirurgisk avdeling og har stort sett berre planlagde


operasjonar. Han er i Førde tre eller fire dagar i veka og har ein halv dag heimekontor i Askvoll. - I Førde er dei flinke til å leggje til rette med fleksible arbeidsplanar, så det fungerer bra og eg liker meg godt, seier han. Thomas er spesialist i plastisk kirurgi og i Førde er dei to største pasientgruppene brystkirurgi inklusive kreftbehandling, samt korrigerande etterbehandling av personar som har teke overvektsoperasjonar. - Eg er aleine om desse oppgåvene i Førde, så det kan vere litt einsamt. Men eg har med meg ein assistentlege på kirurgisk avdeling til opplæring, så det hjelper på, seier han. Thomas trur ikkje han hadde orka å køyre til Førde på jobb kvar dag, men ofte blir det berre tre dagar i veka og det er ok. Astri har på si side 24-timarsvakt kvart sjuande døgn, og har fri måndag og onsdag. Dermed er ho heime når Signe har skulefri på onsdagar, og begge gutane i barnehagen får også kvar sin dag fri i veka. - Totalt sett har vi ein greiare kvardag her enn i byen, men vi saknar gode vennar og kollegaene frå Bergen, seier Astri. Det er få av barndomsvennane hennar som har flytta heim igjen til Askvoll. - Kanskje er det enklare å flytte hit for dei som kjem heilt utanfrå. Det blir lett slik at ein tenkjer at dei som er herifrå har mange kjende frå før. Men eg skal ikkje klage altså, seier ho med eit smil. - Eg synest det har vore kjempefint å flytte til Askvoll. Eg har eit styreverv, spelar old boys-fotball og er fotballtrenar. Eg trivst veldig godt. Men så har kanskje eg meir kvardagskontakt med folk her, seier Thomas.

Det er sjølvsagt noko av bakdelen med å ikkje overbelaste dei med barnepass, for ha jobben og kollegaene så langt unna som dei har jo også sine interesser og ting å Førde. Det blir meir å organisere viss ein halde på med, seier Thomas. skal finne på noko etter arbeidstid. Av legeSigne, Åsmund og Asbjørn set stor pris på jobbar i nærleiken er det Haugland å ha besteforeldra i nabohuset. Åsmund (6) rehabiliteringssenter og legesentera i diggar å vere med besten på tur. Dei køyrer Askvoll og Fjaler, men det er ikkje aktuelt ofte traktor til det dei kallar «bålplassen på på noverande tidspunkt i alle fall, sidan det Fristad». ikkje er dei felta Astri og - Å hogge ved og køyre Thomas er spesialistar i. traktor er det kjekkaste som - Det blir nesten som at ein finst, seier Åsmund. Det har vore rørleggjar skal jobbe som Eigentleg vil han bli bonde, kjempefint å snikkar. Eg er jo ikkje og han fortel at han dagen spesialist i allmennmedisin; flytte til Askvoll før var med kompisen på eg er gynekolog og har knapt Ringstad og såg på kyr, oksar Thomas Fjermestad sett inn i eit barneøyre, til og sauer. dømes, fastslår Astri med eit smil. - Det er veldig gøy med dyr, seier han. På ettermiddagane liker han også å vere Aktiv fritid med på barneidrett og fotball. Til hausten Men sjølv om dei trivst godt i Askvoll, og har han tenkt å begynne på dans, slik storebegge har sagt opp jobbane i Bergen, har søster Signe gjer. Også ho er ei aktiv jente, dei ikkje bestemt seg heilt for kva dei skal som i tillegg til dans får med seg både gjere vidare. Det vesle huset dei kjøpte var fotball, pianoundervisning og Yngres. tenkt som ei midlertidig løysing, og dei har - Fotball og Yngres er det aller kjekkaste. heller ikkje selt leilegheita si i Bergen. På Yngres får vi lage mange ting, og så er - Huset her er faktisk mindre enn det mellom anna bowling og bingo der, leilegheita vår i Bergen, det har berre to fortel ho. små soverom. Dei skulle ønskje det kom Ein av fordelane med å bu på Øyra viser fleire hus til sals i Askvoll. Viss ikkje, kan seg også her: Ho kan sykle trygt både til alternativet etter kvart bli å flytte. Dei skulen og fritidsaktivitetane heilt aleine. leikar også med tanken om å byggje på det Mykje av fritida bruker familien saman dei har. på Hindøy utanfor Herland. Det var eigent- Men korleis er det eigentleg å bu så nær leg Anna og Finn Rege som hadde ei sjøbu svigerforeldra, Thomas? der, men for nokre år sidan kjøpte også - Det er veldig bra. Dei har verkstad i kjel- Astri og Thomas ein eigedom på den gamle laren og der finn eg alt som eg ikkje finn i handelsstaden. Dermed har dei no to gammin eigen bod, seier han kjapt med eit smil. le tømmerhus, eit bakeri med stor bakar- Anna og Finn er inkluderande, og vi har omn, ei kjempestor sjøbu og ei smie som hatt eit godt forhold heilt sidan eg møtte skal takast vare på. Dei held på å totalrenodei første gongen. Finn er glad i å ta vere eine huset og har gjort mykje med ungane med i traktoren, men vi prøver å sjøbua, men elles har det handla mest om å redde bygningane frå å dette ned. - I jobben opererer vi mykje, så vi er jo eigentleg handverkarar, fastslår Astri. Og i Askvoll får dei heldigvis tid til det på fritida òg.

Torills fotklinikk

HINDØY: Familien Rege Fjermestad bruker mykje tid på idylliske Hindøy vest for Atløy. På den gamle garen er det nok å gjere på for store og små. Foto: Privat


FØRSTEKLASSE: Framme f.v. Emina Grimelid Hegrenes, Luca Kongshaug, Celina Flaten Vårdal, Loji Alchawich og Ella Mjåseth Kindblad. Bak f,v. Jenny Kristin Selvik, Martine Holmelid Solheim, MaIne Gjervik, Mille Rivedal Andersen, Tobias Gabrielsen Breidvik og kontaktlærar Ole Vidar Haugen.

Hærlæg gjæng Bygdeavisa gløymde å skrive om førsteklassingane ved Askvoll skule i haust, så vi tok ein tur innom hin dagen. No har elevane allereie komme til bokstaven Æ. I heimelekse skulle elevane derfor finne ein ting som har Æ i ordet. Elevane gøymer tingen under genseren, og vi får vere med når medelevane skal gjette seg fram til kva det er. MaIne: Eg har med noko som er klissete. Det kjem ut når ein har ete. Dei andre: BÆSJ? Ole Vidar: Eh, har du med deg ein bæsj? Har du vore ute med hunden i dag tidleg då, eller? Ella: Det er no sikkert ein leikebæsj. Og det er det. Vi andre pustar letta ut. Emina: Eg har med noko vi kan bruke i mat. Det løyser seg opp i vatn. Martine: Bæsj? Emina: Har du det i maten? Celina: Nei, eg tippar det er gjær. Og det er det. Ella har også med seg ein ting som kjem i matkategorien. MaIne: Er det æddærkopp? Ella: Det er vel ikkje mat? Martine: Bær, kanskje? Loji: Pære? Ella: Ja! Det er ei pære. Mille: Eg har med ein kvit ting. Du finn det i taket. Tobias: Lampæ? Mille: Nehei. Ole Vidar: Men han var vel ganske nær? Celina: Då må det vere lyspære! Nettopp. Turen går vidare til Martine, som fortel at ho har med seg ein fugl. MaIne: Ein ærfugl? Ole Vidar: Har du med ein fugl? Martine: Eg har den i pennalet. Det er ei teikning altså. Gjengen i førsteklasse har altså lært ganske mange bokstavar no. Ella fortel at det som er viktig på skulen, det er å lære seg nettopp bokstavane, og det å skrive og lese. Ella: Viss vi skal bli lærarar eller lese for barna våre ein gong, så er det viktig. Journalisten: Er det nokon som har tenkt å

bli lærar, då? Emina: Eg har. Fordi. Då kan eg lære vekk ting til andre. Tobias: Eg vil heller jobbe med å køyre lastebil. Fadderen til Tiril (søstera, journ.mrk.) gjer det. Lastebilane er store! Og eg har faktisk fått køyre hjullastar. Ella: Eg vil bli sportslærar. Lære andre å bli gode i sport og karate. Celina: Eg vil bli dyrlege. No har eg ein hund som heiter Pepsi. Journalisten: Er han glad i cola eller? Celina: Nei, hihi, han berre snusar litt på det. Journalisten: Kva er det kjekkaste de gjer på skulen? Mille: Eg har ein hund, ein katt og to marsvin. Journalisten: Marsvin? Er ikkje dei litt sånn…eh, ekle? Mille: Nei då. Eg kosar mykje med dei. Og så må eg bade dei, vaske buret og gje dei mat. Journalisten: Er du flink til å gjere dei jobbane eller er det foreldra dine som må gjere det? Mille: Det er eg og Sivert (storebroren, journ.mrk.) som gjer det. Journalisten: Så fint. Men kva er det kjekkaste på skulen? Tobias: Gå i skogen. Disse. Finne pinnar. Av og til byggjer vi hytte. Men no var alle plankane blitt vekke. Men eg og Luca skal byggje opp hytta igjen, sant? Luca: Mhm. Men det kjem til å ta skikkeleg lang tid. MaIne: Det er ingenting som er kjekt på skulen. Men eg har ein hamster som heiter Bruno. Og så har vi ein rasehund som bjeffar når det kjem folk. Jenny Kristin: Eg synest det er kjekt å vere i sandkassen og å disse. Og så er det moro å finne nøtter i skogen.

Emina: Det er kjekt i bassenget òg. Vi hoppar frå stupebrettet. Celina: Sjå! Eg og Luca tok på oss sju tatoveringar i går. Luca: Det var så mange at vi ikkje fekk plass til alle på armane, vi måtte ta nokre på beina òg, hehehe. Journalisten: Men er det ingen som kan svare på kva som er kjekt i skuletimane, då? MaIne: Det er kjekt i friminutta. Martine: Kunst og handverk er no gøy. Journalisten: Ikkje noko anna? Fleire: Neeei. Journalisten: Kor lenge har de eigentleg gått på skulen no? Tobias: Eitt år. Ella: Og så skal vi nok gå her i eitt år til. Journalisten: Korleis er det å vere på skulen i staden for barnehagen? Noko de saknar? Emina: Mormor! Men eg ser ho av og til på skulen òg, når ho er med barnehageungane hit. Ella: Familien. Mamma og veslesøstera mi er nemleg i barnehagen. Altså, eg har to mødrer, to hestar, ein hund, to kaninar og… Emina:…og eg har to hestar, to kattar, kyr, før hadde eg hund og så skal eg ha barneselskap på laurdag. Journalisten: Men det må no vere noko som er betre på skulen enn i barnehagen? Tobias: Ingenting! Celina: Jo, det er no kjekt å få ha med eigen mat. I barnehagen hadde vi heller ikkje klinkekuler. Martine: Ja, klinkekulene liker eg òg! Ole Vidar tek klinkekuler oppå eit glas når vi er flinke til å høyre etter og er stille. Journalisten: Er de det nokon gong, då? Ella: Ja! Eller nei! Ikkje sååå flinke, kanskje. Celina: Vi var i alle fall så flinke at vi klarte å fylle det opp éin gong. Då fekk vi peparkakehus som premie.


SAME STIL: Det gamle rådhuset på Røyset blir truleg rive, til fordel for eit nytt og moderne bygg med ni leilegheiter.

Riv det gamle og byggjer nytt Går alt etter planen, blir det lagt ut mange nye leilegheiter på Røyset for sal til hausten. Det gamle rådhuset skal etter planen rivast og eit moderne Hedalm Anebyhus skal setjast opp. For fem år sidan skreiv 6980 om nye planar for rådhustomta på Røyset. Den gongen var det snakk om å rehabilitere det gamle rådhuset, lage leilegheit av uthuset og i tillegg byggje tre nye bygg på austsida. No er det endring i planane. Eigar er framleis Askvoll Eiendom AS, med Asgeir Hansen i spissen, men selskapet har fått med seg andre aktørar og laga eit nytt prosjekt. No er det Sweco som arbeider med reguleringsplanen og Hedalm Anebyhus som skal stå for bygginga. Rehabiliteringsplanane vart for kostbare å gjennomføre. No vil utbyggar i staden rive det gamle rådhuset og byggje eit heilt nytt bygg på same staden. Måla på det nye hovudbygget er tilnærma likt huset som har stått der sidan 1938, men høgda blir litt lågare. I tillegg kjem det to tomannsbustader og to firemannsbustader på tomta. Utbyggaren fortel at dei har vore i møte med kommunen om prosessen, bygging og godkjenning. Det er ein reguleringsplan for området som Askvoll Eiendom i si tid fekk godkjent, men dei må søkje om ei mindre endring for å tilpasse dette prosjektet til den.

prosjekt også for utbyggaren. - Men sjølv om dette med tre etasjar er litt nytt for oss, har vi gjort det nokre stader før, så det er gjennomprøvd, forsikrar Ragnar. Han fortel at det berre er ytterveggane som kjem som ferdige element frå fabrikken. - Elementa har utvendig kledning, grunning, vindauge og isolasjon på plass. Det er dette som skil Hedalm Anebyhus frå andre. Elektrikarar og rørleggarar gjer monteringsarbeidet på staden. Med det klimaet vi har her, har det mange fordelar at vi får ytterveggane fort opp og dermed får bygget raskt under tak, seier Ragnar.

askvollingar og andre tek godt mot prosjektet og at det blir vellykka for alle partar, seier Ragnar. I beste fall, viss alt går greitt vidare i planprosessen, meiner han det er mogleg å komme i gang med bygginga allereie til hausten. Asgeir Hansen seier han er fornøgd med å ha fått Hedalm Anebyhus med på prosjektet. - Det kjennest tryggare for Askvoll Eiendom som byggherre. Hedalm Anebyhus er ein erfaren aktør med over 50 års fartstid, og dei har profesjonelle folk som gir kjøparane svært god oppfølging i salsprosessen både før og etter, seier han.

Totalt 21 leilegheiter Det gamle rådhuset blir altså erstatta av eit bygg på tilnærma same storleik. I tillegg er det lagt opp til fleire mindre bygg i same feltet, slik at det er snakk om 21 leilegheiter totalt. Leilegheitene i to- og tremannsbustadene har om lag 90 kvadratmeter i bruksareal. I det største bygget er leilegheitene frå 60 til 100 kvadratmeter. Asgeir Hansen i Askvoll Eiendom AS trur det største bygget kjem opp først, men det kjem òg an på interessa frå Elementbygg kundane. Dei fleste assosierer nok Hedalm Anebyhus - Kva målgruppe har leilegheitene? med såkalla kataloghus. - Med den storleiken leilegheitene har, vil - Det er rett at vi tek utgangspunkt i husa vi dei passe både for nyetablerte familiar og dei har i katalogane, men vi tilpassar dei alltid som har store einebustader, men no vil ha ei tomta og ønske frå kunden. Vi har ei eiga enklare løysing, meiner Ragnar Myklebust. arkitektavdeling, og arkitektane våre har - Askvoll har fin plassering med tanke på teikna dette bygget eksklusivt for tomta på feriebustader. Er det aktuelt her? Røyset, seier prosjektleiar for Hedalm - Det kjem an på reguleringsplanen, men vi Anebyhus, Ragnar Myklebust. ser i utgangspunktet for oss fastbuande. Men Hedalm Anebyhus byggjer oftast ein- og det kan vere mogleg at nokon ønskjer å toetasjes hus. Den tre etasjar høge nimanns- bruke det som ferieleilegheit òg, seier han. bustaden som no skal erstatte det gamle - Det er jo ei utruleg fin tomt, med flott rådhuset på Røyset, er derfor eit spesielt utsikt og grøntareal framfor, så vi håper

Liknar det gamle - Kva reaksjonar trur de vil komme når folk får vite at de vil rive det gamle rådhuset og byggje opp noko heilt nytt? - Eg har forstått det sånn at dette er eit bygg som har gått gjennom mange fasar historisk sett, og at det derfor nok er mange som har kjensler rundt det, seier Ragnar. - Men det hadde blitt eit betydeleg prosjekt om ein skulle ha sett i stand det gamle med tanke på krava som er til bygg i dag når det gjeld lyd, brann, tilkomst og slike ting. Eg håper folk heller ser fordelen med at det kjem eit heilt nytt bygg og at tomta blir utnytta godt. Dersom nokon har innspel, får dei sjølvsagt sjansen til å komme med dei i planprosessen. Det blir også sendt ut nabovarsel når den tid kjem, seier han. - Vi satsar på at sjela er der framleis. Det er jo eit arkitektteikna hus dette òg, med nesten same uttrykk som det eksisterande bygget, seier Asgeir. I førre runde var det naboar som ønskte vegen lenger vekk frå hekken og dei eksisterande husa. Dette blir no teke omsyn til.


- Det er fleire som har planar om å byggje leilegheiter i Askvoll for tida. Mellom anna er det snakk om mange leilegheiter ved den gamle hermetikkfabrikken. Kva trur du om marknaden? - Vi trur det er positivt for Askvoll at fleire byggjer ut, og eg trur det er plass til både dette prosjektet og det på hermetikk-

fabrikken. Vi har lagt ned nokre millionar kroner i prosjektet allereie, mellom anna på arkeologar, regulering og arkitekt, og no ser vi at det kan nærme seg utbygging. Inntrykket vi har så langt, er at det er eit etterlengta og kjærkomme prosjekt, seier Asgeir Hansen.

Endå fleire leilegheitsplanar I førre nummer av 6980 skreiv vi at fem ulike aktørar hadde planar om å byggje leilegheiter i Askvoll. I ettertid skreiv lokalavisa Firda om ein sjette aktør: Sentrum Eigedom. Selskapet, som er eigd av Leif Vagstad, Rune Berge og VestBygg, ønskjer å setje opp eit nytt bygg mellom Aska Næringsbygg og samfunnshuset. Planen er å ha tannlegekontor i første etasje og leilegheiter i andre og tredje etasje. Saka skal opp i formannskapet måndag 13. februar, dagen etter at 6980 gjekk i trykken. I framlegget til rådmannen står det at han tilrår at detaljreguleringa no blir lagt ut til offentleg ettersyn. Politikarane skal også sjå på to av sakene 6980 omtalte sist: I framlegget tilrår rådmannen at Aska Næringbygg får bruksendring, slik at Edvin Helle kan gjere om andre etasje til leilegheiter. 6980 skreiv også om utbyggingsplanane til Ann-Helen H. Ask Aidoni og Ibrahim Shaib, som vil byggje på parkeringsplassen ved sentrumshamna. Rådmannen frårår sal av tomt i denne omgang, men tilrår at forkjøpsretten blir forlenga fram til 1. juli i påvente av meir konkrete planar. Utfallet i desse sakene vart altså avgjort etter at avisa gjekk i trykken.

Nytt Askvoll-kart Mykje har endra seg i Askvollmarka sidan 1980-talet. No er eit nytt orienteringskart teikna og manglar berre godkjenning frå krinsen før det kan takast i bruk. Kartet blir presentert palmelaurdag 8. april, med Finn Fram-dag og sesongopning for turorienteringa. Det nye kartet har ein totalkostnad på 162 000 kroner. Trim- og orienteringsgruppa får 54 000 kroner i spelemidlar, 15 000 kroner i sponsorstøtte og resten dekkjer gruppa inn med eigenkapital som dei sit att med mellom anna etter det store Fjord-Oarrangementet som dei hadde i 2014. - Sidan 80-talet har det komme store endringar mellom anna med utbygging i Storehaugen, nye skogsvegar, endringar i landbruket og stisystemet. Før var det opptrykte kart, medan det nye kartet er digitalt. Det gjer at det er enklare å korrigere det viss det skulle komme endringar, seier Edvin Helle, som sjølvsagt er glad for at oppdatert kart no er på plass. Kartet blir brukt av dei som spring orientering, dei som går turorientering, folk som vil gå tur i marka, på opplæring i skulen, Barnas turlag og fleire. Då er det sjølvsagt ein fordel at kartet stemmer overeins med naturen. Første løpet på det nye Askvoll-kartet er 23. april. Då arrangerer Askvoll/Holmedal krinsløp med utgangspunkt ved gapahuken. Same helga er det dessutan leir for orienteringsungdommen.


FIN KONTAKT: Nora Erikstad (t.h.) viser ivrig Helga Rivedal kva ho har i trillekofferten.

Små ungar spreier stor glede Kvar fredag er det mange store smil og takknemlege blikk å sjå. Då kjem barnehageungane på besøk og vil leike med dei eldre på Askvollheimen. Røverompa barnehage tek turen til Askvollheimen kvar fredag. Ideen kom opp då dei skulle starte uteavdelinga Maurtua for halvtanna år sidan. - Då vurderte vi ulike måtar å bruke nærmiljøet på, og då var det nærliggjande å tenkje på Askvollheimen, seier førskulelærar Anne-Tove Sande. Gjensidig glede Vanlegvis er det tre-fire ungar som får vere med på oppdrag livsglede for eldre. Det fører til at dei får gå til Askvollheimen kvar femte eller sjette veke. «Kor tid er det min tur?» spør ungane ofte. Særleg etter at dei fekk gule t-skjorter og trillekoffert føler dei oppdraget som ein viktig jobb og rettar seg opp i ryggen. Frampå t-skjortene står det «eg er livsglede for eldre» med raud skrift, og bakpå står det «gledesspreiar». I den gule trillekofferten har dei med seg leik og spel som kan føre til ulike aktivitetar. - I dag er det ballongar vi har med oss, fortel Eline Vilnes spent. Ho går nedover i retning Askvollheimen saman med venninnene Nikke-Marie Ringstad Olset, Ea Helle Lindenskov og Nora

Erikstad. Denne fredagen er det desse fire som skal muntre opp bebuarane på dementavdelinga. Nokre blir nesten som barn igjen når ungane inviterer til forskjellige små aktivitetar. Dei har prøvd ut rim-lotto, der dei skulle finne ord som rimar på kvarandre. Dei har leika med perler og

LER GODT: Konstanse Tysse (t.v.) viser fram huset ho har teikna. Jentene synest ho har vore flink.

testa finmotorikken, vore med og pynta juletre og mykje anna forskjellig. - Og så er det nokre av ungane som har oldeforeldre og tippoldeforeldre her, og då går vi gjerne innom og helsar på dei, fortel Anne-Tove. Ein gong hadde dei med seg handdokker.


anna har ho plaster, som ho kan bruke på dokkene. - Den fekk eg av besta i stad, då eg hadde slått meg, fortel ho. For Nora har nemleg besta Marit i administrasjonen, og ho kom springande til då Nora grein ein skvett fordi ho hadde falle på asfalten før ho kom inn på Askvollheimen. Helga Rivedal stryk Nora på kjaken og tøysar litt med det lange håret hennar. Når barnehagejentene etter kvart går vidare for å vere med på bingo, blir Helga med. - Ja, du må vere med! Vi hadde jo vinnarbordet med tre gevinstar sist, fastslår AnneTove Sande med eit stort smil. Dei gulkledde tek med seg kofferten og tuslar fort bortover korridoren. Helga og Konstanse kjem etter og slår seg ned ved same bordet. Dei ser på ungane og følgjer BALLGUTAR: Alf Kvamme (t.v.) og Kjell Krogenes synest det moro å kaste ballongar med barnehamed på bretta. gejentene. - N for Nora, seksogtredve, seier bingovert Ein unge hadde ei dokke som var bie og laga blir dei ivrige på kastinga. Fleire av Erna Eikemo i mikrofonen. rollespel med denne og susa rundt. Eine bebuarane viser gode balltakter. Det er stille i stova. Bebuarane er bebuaren trudde det var ei levande bie, - Det er veldig kjekt at ungane kjem. Moro konsentrerte og legg brikkene kjapt på plass rulla saman avisa og prøvde å slå i hel bia. å kaste ballong, seier Kjell Krogenes med eit etter kvart som tala blir lesne opp. Dei heldt på lenge. «Bia» susa rundt og smil. - Sjå der. Der skal du leggje på, peikar dama slo stadig etter den med avisa. Både Også Alf Kvamme smiler godt når han får Helga. ungar, eldre og tilsette lo godt, og då det sjansen til å dra av nokre skot. Ballongane 99-åringen blir ein god hjelpar for vesle etter kvart gjekk opp for den eldre dama at susar gjennom lufta frå dei eldre til dei Nora. det berre var ei dokke, vart det endå yngre. - Har eg det talet? spør Nora stadig, og festlegare. Etter ballongkastinga set jentene seg ned Helga svarer tolmodig. - Det er så kjekt at barnehageungane rundt bordet med dei eldre. Dei teiknar, Og jammen får ikkje Nora bingo etter ei kjem, seier Bjørg Vilnes, som jobbar på Kår, fargelegg og forklarer. Konstanse Tysse stund. Det gjer også Eline og Nikke-Marie, så avdelinga for demente. følgjer med på ungane som teiknar, før ho det var visst eit vinnarbord denne gongen - Mange av bebuarane sit mykje i ro her, hiv seg med sjølv. Det blir eit hus i ein dal, òg. og då er det ekstra fint med besøk. Av og til med røyk frå pipa. Ungane synest ho har - Det er kjempekjekt på bingo, forsikrar blir dei eldre veldig gira og sprudlande, for teikna fint. Nora med eit stort smil. det er ikkje så mykje ungar innom vår - Det er huset mitt heime i Bulandet, fortel - Ja, bingoen var aller kjekkast, seier Ea. avdeling, sidan den er meir lukka enn dei ho med eit smil. - Mhm, bingoen, istemmer Nikke-Marie. andre, seier ho. - Eg budde i «Nikjøyna». Har de vore der? - Men det var ikkje på grunn av premiane Bjørg fortel at dei eldre ofte snakkar om Der er det fint, fastslår ho med eit stort smil. altså, legg ho kjapt til. barnebesøka lenge etterpå. Helga Rivedal set seg ned og studerer den gule kofferten. Nora kjem kjapt til, og Helga Ufarleggjer Kastar ballongar forsikrar med eit smil at ho ikkje var tenkt til Ein ting er at det er kjekt for dei eldre når I dag er dei små litt skeptiske i starten. Dei å stikke av med den altså. Då viser Nora i dei små kjem og lyser opp. Ei anna side ved leverer ballongane forsiktig, men etter kvart staden fram kva ho har i sekken. Mellom det er at dei unge blir vane med å vere på ein sjukeheim. Mange har ikkje familie der og synest nok det kan verke litt skummelt dei første gongane. - Eg var faktisk ikkje på ein gamleheim før eg vart vaksen. Eg trur det er bra at dei unge får eit naturleg forhold til eldre folk og det å vere her på Askvollheimen. Kanskje gjer det til at det ikkje verkar så skremmande seinare, seier Erna Eikemo. Ho styrer bingoen og synest det er flott at barnehageungane kjem innom kvar fredag. DER ER DET: Nora - Så det må de berre halde fram med, seier Erikstad (framme f.v.), ho med eit smil. Ea Helle Lindenskov, - Det skal vi, forsikrar Anne-Tove. Nikke-Marie Ringstad - Det er ingen tvil om at dette gir glede for Olset, Anne-Tove Sande (bak f.v.) og Eline Vilnes dei eldre. Og det er jo eigentleg ein enkel gler seg alltid til å ting, så dette burde fleire barnehagar gjere, besøkje Askvollheimen. oppmodar ho.


Lagar friluftsskule for første gong Fridykking, klatring, skyting og padling er noko av det du kan vere med på når Barnas Turlag og Ung-gruppa i Askvoll lagar til friluftsskule for første gong. Første veka i skuleferien, frå tysdag 20. til fredag 23. juni, blir det friluftsskule i Askvoll for gutar og jenter i 4. til 8. klasse. Arrangementet er gjennom Den Norske Turistforening og det er første gong Barnas Turlag og Ung-gruppa her i Askvoll lagar til ein slik friluftsskule. - Deltakarane kan vere med på ulike aktivitetar i løpet av veka: padling, fridykking, terrengsykling, luftgeværskyting, fisketur, orientering, klatring og bogeskyting, fortel Anne Grethe Lien. Ho er instruktør saman med Jørn Magne H. Larsen, Lill Olset og Anita Rennestraum. - Vi spelar på det vi er gode på, og så trekkjer vi inn enkelte andre instruktørar der det trengst, seier Anne Grethe. Friluftsskulen startar på morgonen og varer til ettermiddagen og har base på Øyra i Askvoll. Her skal deltakarane

FRILUFT: Padling er ein av aktivitetane på friluftsskulen i juni. Her er Lukas S. Bauge og Kristian England utpå sjøen og padlar med Barnas turlag i august. Foto: Barnas Turlag

overnatte éin gong i løpet av veka. Kvar dag får dei dessutan vere med på å lage mat på bål. Prisen for å vere med på friluftsskulen blir ein stad mellom 1000 og 1500 kroner. Påmeldinga startar truleg i april, men dette blir offentleggjort når det nærmar seg. Då er det førstemann til mølla.

- Vi har sett ei grense på max 25 ungar. Eg trur oppslutnaden blir stor, men vi må avgrense talet på grunn av tryggleik og organisering, seier Anne Grethe. - Friluftsskule er eit tilbod vi har tenkt på i fleire år, og i år får vi det endeleg til, fastslår Anne Grethe Lien med eit smil.

Dagtilbod på Haugland Har du behov for rehabilitering, men ynskjer å bu heime? Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har vi tilbod om dagopphald. Du får spesialisert rehabilitering med undervisning og tilpassa aktivitetar både ute og inne. Vi har eige tilbod med fokus på tilbakeføring i arbeid om det er aktuelt for deg. Lengde på opphaldet vert bestemt ved innkomst. Du betaler eigendel på kr. 138,- pr. dag. Fastlege må søkje for deg og merke søknaden med «Dagopphald».

For meir informasjon, ta kontakt på tlf. 57 73 71 00 eller sjå www.rkhr.no. Følg oss på Facebook: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS


TRENG FLEIRE: I dagens styre er Eirene Bauge (f.v.), Monica Nordeide Kjørvik, Ragnhild Holmelid og Connie Heggøy, i tillegg til Ann Elise Gjervik og Ivan Arancibia som ikkje var til stades då bildet vart teke.

Lyst på eit flottare samfunnshus? Det er mykje flott aktivitet i Askvoll samfunnshus med dans, bridge, eldretrening, ungdomsklubb og arrangement. Men det er behov for fleire som engasjerer seg i styret og på dugnader. Kanskje du vil vere med? Alle legg merke til Askvoll samfunnshus, der det står sentralt plassert i kommunens knutepunkt. Dagens styre synest det er trasig at huset stadig forfell. - Innandørs er det småflikking som må til, men vi er fortvila over forholda utandørs, seier Eirene Bauge, som er leiar i Askvoll samfunnshus. - Noko må gjerast med muren, og vi skulle hatt lik farge på heile huset, konstaterer Connie Heggøy. Samfunnshuset har fått ein del tilskot siste året: 190 000 kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og 50 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Den største summen er øyremerkt arbeidet med gesims, vindauge og trappeheis, som totalt er kostnadsrekna til 570 000 kroner. - Vi må derfor ut med 400 000 kroner sjølv dersom vi skal bruke tilskotet, og det er mykje. Berre tiltaket med trappeheisen i seg sjølv har ein kostnad på 270 000 kroner. I tillegg kjem serviceavtale i etterkant, seier Connie. På årsmøtet 8. mars går fleire av styre-

medlemmane ut, men minst to av dei vil vere med og gjere ein jobb vidare: Ragnhild Holmelid og Eirene Bauge. Eirene har vore leiar i ei årrekkje, men seier ho kan ta på seg vervet vidare viss det er eit ønske. - Det er greitt å vere leiar når du har med deg eit godt styre, seier ho. - No treng vi å få inn fleire folk som er interesserte i huset og som har lyst til å gjere ein jobb, seier Ragnhild. Ho fortel at det er meir aktivitet i bygget no enn då ho kom inn i styret for nokre år sidan. Likevel går desse inntektene med til faste utgifter som straum, forsikring og nedbetaling av lån. Derfor er det ikkje så godt å vite korleis ein skal få pengar nok til nødvendig vedlikehald. Det har blitt fleipa med at ein kanskje like godt skulle ha jamna huset med jorda. Men det synest dei er for gale. Huset er mykje i bruk og dei trur innbyggjarane eigentleg ønskjer å ha eit samfunnshus i Askvoll. Ikkje minst set ungdomsklubben stor pris på det. No gjeld det å få inn dei rette folka som kan vere med på å dra lasset vidare. Trass alt

har det skjedd mykje siste åra: Mellom anna har det komme nye vindauge på plass, og lokala som ungdomsklubben leiger, har fått solid oppgradering med nytt kjøkken, nye fargar og nye møblar. - Styret treng å få inn litt ulike folk, som kan gjere forskjellige oppgåver. Kanskje er det nokon som ønskjer å vere med på dugnader, men som ikkje har lyst til å sitje fast i styret; då kan vi lage til ei liste, slik at vi har nokon å ringje til når vi treng hjelp, seier Connie Heggøy og Monica Nordeide Kjørvik. Det er også til stor hjelp om du vil støtte huset med ei pengegåve. Då kan du setje inn pengar på kontonummer 3740.25.01325. - Hugs også på å støtte samfunnshuset med grasrotandelen når du tippar på pengespel, legg Connie til med eit smil. 26. mars er det dessutan basar i samfunnshuset. - Då er bygdefolket alltid flinke til å stille opp med gode kaker og fine gevinstar. Slik håper vi det blir i år òg, seier Eirene.


Lèt naturen inn i stova Sarah Gabrielsen og John Anders Kvinge har ribba heile huset og opna opp med store vindauge. No får familien hjorten og naturen så å seie inn i stova si på Follevåg. Det er berre vel eitt år sidan Sarah Gabrielsen og John Anders Kvinge kjøpte garden som ligg mellom Ove Follevåg og Bjørn Follevåg, men dei har fått gjort enormt på den vesle tida. Særleg med tanke på at paret til vanleg bur på Søfteland utanfor Bergen. - Vi var her kvar helg i heile fjor. 2016 var eit relativt hektisk år, konstaterer dei. Sarah Gabrielsen flytta til Askvoll då ho var ti år og budde her til ho var 16. Då flytta ho tilbake til Bergen for å gå på vidaregåande skule, men familien er framleis på Nes. Likevel var det ikkje gitt at ho skulle finne seg «landsted» akkurat her. - Vi såg først etter noko som var maks ein time frå Os. Men det meste som var interessant gjekk langt over takst, fortel dei. Etter kvart fann dei ut at dei ville sjekke ut ein eigedom som var til sals på Follevåg. Huset var frå 1920 og det hadde ikkje budd folk der på fleire år. Eigedommen var ganske gjengrodd. - Men vi var i grunn på jakt etter noko som vi kunne ta tak i og skape til vårt eige, seier John Anders. Dei såg potensialet i garden og kjøpte den 70 mål store eigedommen for 1,3 millionar kroner. I ettertid har dei brukt nokre hundre tusen på oppussing. Heile huset er mottbehandla, dei har rive ned fleire veggar for å opne opp mellom dei to stovene og kjøkkenet, dei har pussa opp badet, byta golv, isolert, byta alle vindauga, byta kledning, målt alle vegger og tak, rive eine pipa, fått på plass nytt kjøkken, sett inn varmepumpe og heilt sikkert noko meir som vi ikkje har fått med i farten. Med andre ord: Dei har pussa opp relativt grundig. - Vi har slite ut høvdingen på Nes (svigerfar Sven Bjarne Gabrielsen, journ.mrk.), og fått mykje hjelp frå vennar og familien elles, seier John Anders. Paret er heller ikkje redde for å ta i eit tak sjølv. John Anders har gjort det meste av arbeidet bortsett frå det elektriske. Då oppussinga stod på som verst, og dei ribba rom for rom, sov han i ein sovepose på ein madrass og var utan både vatn og straum. Sarah har også stått på frå tidleg morgon til

IDYLL: Ulrik kan sitje ved det store vindauget og følgje med på hjorten som går forbi.

sein kveld, sjølv om mykje av arbeidet vart gjort medan ho var gravid. Ho er flink med interiør og har teke det meste av slike val. God planlegging er noko av nøkkelen for å komme så fort i hamn som det dei har gjort. - Vi hentar inn prisar og gjer bestillingar heime i vekene, slik at ting står klare til vi kjem hit opp i helgene, seier Sarah. Og når planen er å byte vindauge og kledning i påskeferien, må det gjennomførast – sjølv om det sluddar og det kjennest som at vinden bles storm i kasta. Og sjølv om hovudhuset nærmar seg ferdig oppussa, verkar det ikkje som dei har tenkt å slappe av så mykje framover heller. Dei har nemleg ein plan om å bli ferdig med alt til 2019. Det vil seie å få lagt grus på heile tunet, ordne uthuset, slik at det kan brukast som garasje og uteplass, pusse opp fjøsen, slik at den kan brukast som privat selskapslokale, få fjerna dei store grantrea, slik at utsikta mot

sjøen blir endå betre, pusse opp naustet, og så satsar dei på å få ei bryggje og båt på plass, og kanskje ordne litt ved stranda. På oppsida av vegen er det ein gammal, freda steinfjøs. Her vil dei søkje om midlar til restaurering. - Vi liker denne plassen kjempegodt. Vi eig også Breivika, som ligg litt lenger ute her, og der er det strand og gode solforhold. Vi må nok ordne litt der òg, seier Sarah. Nemnde vi at dei no òg skal søkje om å få byggje terrasse på huset? Med tempoet dei har hatt så langt er vi ikkje i tvil om at det kjem på plass. Men deretter håper vi dei får tid til berre å nyte det. For når bladstyraren er invitert på hyggjeleg frukost ein tidleg laurdag morgon, kjem hjorten tuslande rett utanfor vindauget. Eller vindauga er rettare å seie. For ei kolle og ein kalv kjem hoppande over gjerdet og stiller seg opp utanfor det eine vindauget og et frukost,


dei òg. Og utanfor kjøkkenglaset, på hi sida av huset, ser vi ein annan hjort som strekkjer hals og lurer på kva som skjer på garden i dag. Slike naturopplevingar får familien no tett på, etter at dei har gjort både huset og eigedommen meir open. For der det tidlegare kunne verke litt innestengt på grunn av store tre, er no mykje teke vekk, slik at eigedommen framstår mykje lysare og trivlegare. - Eg innser at de sikkert ikkje er dei rette folka å spørje om slikt; men det hender ikkje at de blir litt leie, då? Og berre får lyst til å sitje ned og nyte roen? - Jo, vi kan bli leie, vi òg. Men stort sett er det berre ein av oss som blir det, og då får den andre motivasjonen opp igjen. Vi liker å slappe av, men vi synest det er kos å skape ting, seier dei. - Vi er nok litt rastlause begge to. Sit vi i ro i ti minutt, blir det fort til at vi begynner å tenkje på kva tak vi skal velje, kva for ein kledning vi skal gå for og sånt, fastslår Sarah med eit smil. Og det er ikkje sånn at dei er arbeidsledige heime på Søfteland heller. Dei har stort hus der, men det er ganske nytt og treng derfor mindre vedlikehald. I kvardagen jobbar Sarah som anestesisjukepleiar på Kysthospitalet i Hagevik og John Anders jobbar med HMS innanfor shipping. Derfor er eigedommen på Follevåg førebels tenkt til helge- og feriebruk, men dei leikar med tanken om å bu her eitt år for å sjå. - Vi har lyst, men eg trur ikkje vi er tøffe nok enno, smiler John Anders. Sonen Ulrik er fem år og skal begynne på skulen til hausten. Han liker seg også godt på Follevåg. - Eg har fått trøbil, fortel han stolt. Og vi kan love at det går unna i bakkane når fetter Tobias kjem på besøk. Det gjer han forresten ofte. For det er stadig mykje folk innom, både familie, vennar og folk som er på ferie i nabolaget. - Faktisk har vi meir besøk her enn heime på Os, fastslår Sarah. - Og det er alltid ei god kjensle når vi kjem fram hit. Vi er kjempefornøgde så langt, seier John Anders. ARBEIDSFOLK: Sven Bjarne Gabrielsen (f.v.) og Tobias G. Breidvik besøkjer ofte Sarah Gabrielsen, vesle Louise, John Anders Kvinge og Ulrik på Follevåg. Det hender dei må ta i eit tak òg.


Gamlegutane imponerte på KM Old boyskarane til Askvoll/Holmedal meldte seg på KM berre for moro skuld, men kom heim med ein finfin tredjeplass. I midten av januar reiste Frank Ask, Jan Kjøsnes, Gisle L. Hansen, Stian Nilsen, Helge B. Solheim, Rudi Aalen, Thomas W. Fjermestad, Øyvind Undertun og Jan Erlend Haugen til Sande på krinsmeisterskap for futsal old boys. Det er første gong det blir arrangert her i fylket. - Det har vore andre typar old boysturneringar, men Askvoll/ Holmedal har aldri vore med på desse tidlegare, seier Frank Ask. - All ære til Thomas Fjermestad. Det var han som meinte vi burde melde oss på. Så då sanka vi i hop ein gjeng, seier Øyvind Undertun. - Vi hadde null ambisjonar då vi reiste inn. Ingen hadde trua på oss – aller minst vi, konstaterer han. Men allereie i første kampen merkte dei at noko var på gang, då dei klarte uavgjort mot Førde. Deretter gjekk AHIL frå siger til siger. Semifinalen tapte dei med liten margin mot Høyang. Det vart ikkje spelt bronsefinale, men sidan AHIL tidlegare på dagen hadde vunne innbyrdes oppgjer mot Anga, som tapte den andre semifinalen, slår vi hermed fast at AHIL fortener å seie at dei vart nummer tre i KM.

TREDJE BEST: Framme f.v. Thomas W. Fjermestad, Øyvind Undertun, Jan Erlend Haugen og Frank Ask. Bak f.v. Gisle L. Hansen, Jan Kjøsnes, Stian Nilsen, Helge B. Solheim og Rudi Aalen. Foto: Privat

Det er dei sjølvsagt godt fornøgde med utifrå ambisjonane dei hadde før KM. Ingen av spelarane er med på seriefotball lenger, men alle har spelt A-lagsfotball for AHIL tidlegare, bortsett frå Thomas Fjermestad – som rett nok har spelt på Sandnes Ulf. No held dei hobbyen ved like gjennom old boystreningar. - Old boys er no gjerne slik at hovudet framleis vil mykje, men kroppen ikkje alltid heng med. Då hender det ein må ta i bruk andre triks, men vi har det grådig kjekt, fastslår Øyvind med eit smil. Old boyslaget trenar kvar torsdag frå klokka 21 og «til dei ikkje orkar meir». Det er godt oppmøte på treningane, mellom anna er fleire av syrarane med. Det gjer at dei kan spele på stor bane på treningane.

Går du med byggeplanar… Vi kan hjelpe deg med nybygg, tilbygg og ombygging. Og treng du hjelp til søknader, ta kontakt med oss. Vi ser fram til nye prosjekt i 2017

Olset Entreprenør as www.olsetentreprenor.no / tlf.90732378 / Følg oss på Facebook


TRYGT OG MORO: Trivselsleiarane lagar aktivitetar som fører til meir aktivitet, betre samhald og mindre mobbing på skulen. Bak f.v. Truls Wik Tønder, Ine Høyvik Landøy, Malin Helle, Emilie Eimhjellen, Dennis Herland, Robert Landøy Nilsen, Odin Larsen, Sofie Krumsvik, Ingeborg Rennestraum Lilletofte og Magnus Rennestraum Lilletofte. Framme f.v. Tale Follevåg, Andrea Mattevik Vilnes, Leander Solheim Kongshaug, Frida Herland og Mia Hegrenes Vindenes (Eline Vårdal var ikkje med då bildet vart teke).

Skaper trivsel for medelevane - Vi liker å få andre til å smile, seier trivselsleiarane på Askvoll skule. I matfriminuttet lagar dei kjekke aktivitetar som alle kan vere med på. Trivselsprogrammet starta i Norge i 2009 og er no det største aktivitetsprogrammet i Norden. Målet er å løyse sosiale problem og få til meir og variert aktivitet i friminuttet. Håpet er at det kan byggje gode vennskap og redusere konfliktar. - Det handlar om verdiar som inkludering og samhandling; at alle skal få vere med uansett, seier Anne Grethe Lien, som er trivselsansvarleg på Askvoll skule saman med Jørn Magne H. Larsen. Askvoll skule starta opp programmet i haust. Elevane som er såkalla trivselsleiarar, har ifølgje Anne Grethe teke rolla veldig bra. - Dei er motiverte og har fått til stor aktivitet, fastslår ho. Trivselsleiarane er frå 4. til 10. klasse, men alle elevane på skulen får vere med på aktivitetane dei lagar til. Det er aktivitetar utandørs, innandørs, med eller utan utstyr, aktivitetar der elevane blir skikkeleg slitne, der dei må vere raske, men òg aktivitetar der dei må sitje heilt stille, konsentrere seg og hugse ting - eller berre har det veldig moro. Trivselsleiken er kvart matfriminutt fire

dagar i veka. Trivselsleiarane kan då gå ti minutt tidlegare frå timen for å lage til aktiviteten, finne fram utstyr og eventuelt låse opp lokalet viss dei skal vere inne. Dette ansvaret har dei éin gong i veka kvar. - Vi skal passe på at alle har noko å gjere på i storfriminuttet. Vi legg til rette for ulike aktivitetar, fortel Emilie Eimhjellen. - Så vi engasjerer dei som ikkje har noko spesielt å gjere på, seier Odin Larsen. Aktivitetane skal vere eit ekstra tilbod. Derfor er det ikkje slik at dei organiserer aktivitet i ballbingen til dømes, for der er det alltid nokon som held på frå før. - Vi ser etter om nokon er aleine. Så spør vi om dei vil vere med på trivselsleiken, fortel Ine Høyvik Landøy. Då blir det laga til éin aktivitet på barneskulen og éin på ungdomsskulen. Sjuande klasse får sjølve velje om dei vil vere med dei yngre eller dei eldre elevane. - Uansett er det fleire aldersgrupper som leikar i lag. Det er sjølvsagt positivt at elevane blir kjent med fleire, seier Anne Grethe. I starten var det ikkje så mange av dei eldste elevane på ungdomsskulen som var med, men etter kvart har stadig fleire vist

interesse. - Eg trur trivselsprogrammet er eit bra opplegg. Vi ser at det er meir aktivitet no, og forhåpentlegvis har det også skapt meir samhald, seier Jørn Magne. - Miljøet har blitt meir inkluderande og trivselsleiarane har blitt flinkare til å variere aktivitetane, seier Anne Grethe og Jørn Magne. Truls Wik Tønder fortel at trivselsleiarane har vore på to samlingar i haust. Til saman var dei om lag 50 elevar frå Askvoll, Holmedal montessoriskule og skular i Solund, Hyllestad og på Våge. - På desse samlingane har vi lært mange nye aktivitetar som vi kan bruke. Men vi har også tradisjonelle aktivitetar som handball og fotball, seier Truls. - Og så kjem vi opp med nokre forslag til aktivitetar sjølv òg, legg Ingeborg Rennestraum Lilletofte til. - Eg synest det er gøy å vere trivselsleiar, seier Tale Follevåg. - Det er kjekt å lære vekk aktivitetar til andre folk. Og så er det gøy å sjå at dei held fram med leiken som eg har lært dei også i andre friminutt, smiler ho.


Foto: Marianne Furevikstrand

Treng du elektrikar? Ring oss!

Holmedal Elektriske er ei solid familiebedrift, grunnlagt i 1942. Vi er ekspertar på kvart vårt område, men har service-innstillinga og humøret til felles.

Holmedal Elektriske AS tlf. 577 34 100 / e-post: egil@holmedalelektriske.no / følg oss på Facebook!


I kvart nummer presenterer 6980 ei historie frå boka ”Askvoll. Kommunesenteret ved Sunnfjordleia”. Arvid A. Follevåg er forfattar av boka, som kom ut i 2006.

<<

sentrumshistorie

Prestegarden Prestegarden - hus, hage og tun Prestegarden har ei omfattande samling av historikk. Presteskapet har - i kraft av utdanning, stand og stilling - tidleg hatt ei sentral rolle i samfunnsutviklinga. Ikkje minst gjeld dette i grisgrendte strok som Askvoll. Mellom anna ser vi at Askvoll sin første ordførar (1837-39) var presten Harbitz, og så seinare presten Christie (1842-57 og 1863-67). På prestegarden vart også dei kommunale møta avvikla den første tida under det kommunale sjølvstyret. Her i prestegarden fekk bygda også sin første faste skulestad, i bruk heilt til «nyeskulen ved bruna» kom i 1920. Prestegarden har også stått sentralt i posten si historie i Askvoll. Det var her Askvollbygda sitt første «postopneri» vart lokalisert, då det i 1863 vart flytta frå Sauesund. Det hovudhuset på prestegarden vi har i dag vart reist av staten i 1905, etter at den tidlegare prestegarden frå 1842 var riven. Ifølgje Bernt Askevold var dette ein «uvanleg ven og hugnadsam hovudvåning og hage» som han og andre meinte burde ha vore teken vare på. Hagen var svært stor og i god stand, og det vart planta ei mengd tre både i hagen og utanfor «ja heilt opp i utmarka». Det meste var lerk og løn. «På båe sider av vegen til Øyra, der landgangsbryggja var, planta han (presten Christie) ei rekkje med ask og bjørk og ein og annan rogn». Frå min eigen barndom hugsar eg dei store trea både i Prestehagen og ikkje minst den allé av storvaksne tre vi hadde

STOR OG SENTRAL: Prestegarden med sin fine og store hage på 1920-talet.

på begge sider av bygdevegen frå «Prestelvbrua» og inn til Øyra, og oppover langs vegen til Prestemarka. Det sto her, langs prestehagen, også kastanjetre, der vi ungane fann store mengder av kastanjenøtter når desse fall av om hausten.

kyrkjelege medarbeidarane utanfor presten sin bustad. For Askvoll skjedde dette stegvis, ved at kallskapellanen fekk seg mellombels kontor i rådhuset på Røyset. Kyrkjeverjestillinga (oppretta i 1990) fekk biblioteket som arbeidsstad, då vedkommande også jobba der – med andre høgda i Kyrkjekontoret Dalsøren sitt forretningsbygg som lokalitet. I hovudhuset hadde presten sitt kontor, der Så i 1994 vart alle, også organisten, samla i alle kyrkjelege og embetsmessige eitt og same lokale – det tidlegare likningshandlingar og saker vart førebudde eller kontoret i «Heradsheimen» (det gamle følgde opp. Slik var det heilt opp til på 1980 kommunehuset frå 1923). -/90-talet, då kommunane etter kvart tok ansvaret for å skaffe kontorstad til dei Gardsdrifta – paktaren I Bernt Askevold sine skrifter finn vi også mykje interessant frå den viktige delen av << hen e ditta? kvardagen på Prestegaren som gjekk på gardsdrift og husdyrhald. Så langt attende som vi kan finne har Prestegarden hatt Sist gong hadde vi med eit bilde av den eigen paktar og tenarar, med husvære i gamle løa på Slettevollen, som ligg på eigne hus eller rom på prestegarden. Frå lensmannsgarden på Røyset. Ifølgje ein av 1918 hadde paktaren hus på austsida av innsendarane gav løa ofte ly for vegen til Prestemarka. Det vart bygt av svermande par i fine måneskinskveldar på materialane frå den såkalla «Bispestova», Eimindsvegen. Mange kjende igjen uteløa på bildet, og då den vart riven. Paktarhuset vart ståande vi har trekt ut Leif Thuland (Husnes) som heilt til tida for utbygging av sjukeheim og vinnar av Bygdeavisene-krus denne aldersbustader gjorde at den laut rivast, på gongen. Gratulerer! slutten av 1980-talet. Den store Ser du hen vi har vore no? Bildet er teke prestegardsløa sto om lag der Røverompa ein stad i 6980-området. Rett svar sender barnehage er å finne i dag. du til Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Prestegardspaktarar har det gjennom Holmedal, på e-post til tidene vore mange av. Ein av dei paktarane marianne@bygdeavisene.no eller på sms som mange i dag framleis hugsar er til 95 22 95 62 innan 1. april. Mathias Solheim, som kom hit i 1923.


kl 09.00

kl 09.30

kl 09.30

pasientspinning og styrke

pasientspinning

(påmelding)

pilates

kl 15.00

basisferdigheiter barn kl 16.00 (påmelding)

pilates kl 19.00 (bak Askvollhallen)

utetrening kl 19.30

spinning kl 20.00

kl 20.00

kl 20.00

basisball center-core

basisball raw

spinning

Hos oss er det stor aktivitet. Bli med, du òg! Følg oss på facebook: Trening Askvoll Fysioterapi


<<

blyantstubbar

Kra, kra, kra! Tenk om Kjerstin Boge Solås var gut. Tenk om ho spelte fotball. Tenk om ho som 18-åring var europameister i fotball. Tenk, berre tenk! Ein tanke: media. Dei journalistiske kråkene hadde elska ho. Dei hadde sett klørne i ho, lyfta ho til vêrs og skrive soga om Kjerstin på himmelbogen med sine krøkte kråketær: «Den nye Ødegaard». Freidige kråker hadde landa i tuntreet hennar og stole med seg alt som var av interesse, slik kråker gjerne gjer. Stort eller litt, livet ditt blir livet mitt. Slik er den kråkevisa.

samanlikning hadde fotballandslaget fått 28 millionar kroner på deling berre for å kvalifisere seg til EM. For ingen vert styrtrike av spele handball. Norges beste handballspelar, Nora Mørk, tener om lag 1,5 millionar. Dei fleste langt mindre. Viss Ronaldo, verdas beste fotballspelar, hadde takka ja til å spele fotball i Kina, ville han sikkert ha tent ein milliard i året. Snittløna i Kina er forresten 4300 kr per år. Eller 232558 gonger meir. Berre til orientering.

Ein annan tanke: ny klubb. Kråkene ville sjølvsagt ha flaksa Men Kjerstin er jente, ho spelar handball og skal heim til rundt i heile Europa på leiting etter ein ny klubb. Spania? Tertnes for å trene hardt. Ho skal verte endå betre. Ingen England? Tyskland? United eller City? Barca eller Real? Bayern agentar bankar på døra, og journalistane luskar ikkje attom München? Kra, kra, kra! Ingen klubb er for stor. nova. Men skurken kjem alltid inn frå høgre. For få spør etter kva Kjerstin gjere – før Agentens ørneblikk. Gullpennen som rampelyset tennast i neste meisterskap. Tralala! glimar i nebbet. Ørnen som klør etter at Alle spør derimot etter Martin Ødegaard – spelaren skal signere. At klubben skal døgnet rundt, året rundt. Kra, kra, kra! punge ut, og han skal cashe inn sin del av byttet. Ein siste tanke: Tru kven som har det best? Fleire tankar: salssum og løn. 18 år. Europameister. Tidenes yngste. Wonder kid. Skal vi seie 300 millionar i overgangssum? Nokon høgare? Skal vi seie 1 million i veka i løn? Eller om lag 100 kr for kvart minutt som går? Er det nok? Nokon høgare? Kra, kra, kra! Ein strøtanke: Er fotballen berre brød og sirkus for massane? Nokre tankar mot slutten: Kjerstin fekk 75000 kr i bonus for EM-gullet. Pengane kjem sikkert godt med. Til

graving

sveising

Tor E. Furevikstrand. Teikning: Halvard H. Lunde

transport

reparasjon Vi knuser også stein, tek service på landbruksutstyr og anleggsutstyr og pressar hydraulikkslangar. Vi har røyr, røyrdelar og underlagsduk på lager.

følg oss på

Holmedal Maskin og Sveis DA tlf 412 26 486 / 996 97 411 e-post knutbj@hotmail.no


studenten (e-postintervju)

>>

Namn: Emilie Rotihaug (20) Bustad: Bergen Sivilstatus: Singel tilbringar tid saman med familien. Kan du tenkje deg å flytte tilbake til Askvoll? Ja, eg kunne tenkt meg å flytte heim ein gong, men ein får sjå kva framtida vil bringe.

Kva studerer du? Eg studerer interkulturell forståing på NLA, det er eit årsstudium. Eg har om Madagaskar, og skal vere der i fem veker i februar/mars. Kvifor studerer du dette? Eg studerer interkulturell forståing fordi eg trengte eit år til for å tenkje på kva eg vil begynne å studere. Kva vil du jobbe som etterpå? Eg er usikker på kva eg vil bli, men eg veit eg vil ha ein jobb der eg jobbar med menneske. Foto: Privat

Kor mykje er du heime i Askvoll? Det varierer, kanskje ein gong i månaden. Kva gjer du når du er heime? Når eg er heime jobbar eg eller

DAB i bilen - treng ikkje vere dyrt! Vi har kampanje på testvinnaren C5* 2990 kr ferdigmontert

Kva er ditt beste minne frå Askvoll? Eg må nemne to minne: Fotballtreningane ilag med trenarane Rolf Arne Norstrand og Skule Jacobsen. Dei gjorde fotball for laget vårt utruleg kjekt og stilte alltid opp for oss! Mitt beste minne frå då eg var yngre: At eg kunne springe frå meg og bort til tante og onkel, og vidare til besta og bestefar. Veldig godt og kjekt å vokse opp med familie rundt seg.

I januar 2017 begynner prosessen med å sløkke det analoge FM-nettet, til fordel for det digitale DAB-nettet. Det betyr at over 2 millionar norske bilar utan DAB-radio berre vil kunne motta lokale sendingar på bilradioane sine.

Vi på AutoMarin gjer overgangen enkel for deg: Du treng ikkje kjøpe ny og dyr DAB-radio, berre ein DAB-adapter som passar til bilen din. Så installerer Erlend, Terje, Olli eller Robert den for deg - så lett som berre det!

*TV2 hjelper deg, desember 2016

Askvoll sentrum / post@automarin.no / tlf. 577 33 555


<<

Leit og finn

konkurranse

I denne konkurransen skal du som vanleg finne namnet på 13 personar som bur i 6980-området. Både førenamn og etternamn skal vere med, men dersom personen har fleire namn, bruker vi berre første og siste. Døme: Signe Frøholm Klausen blir SIGNEKLAUSEN. Du må leite alle vegar i tabellen, både oppover, nedover, bakover, på skrå osv. Send svaret til Bygdeavisene, Kleppeneset, 6982 Holmedal, på e-post marianne@bygdeavisene.no, på sms til 95 22 95 62 eller stikk oppom bladstova i Aska Næringsbygg i Askvoll sentrum. Du blir då med i trekninga om nye Bygdeavisene-krus. Frist er 1. april. Rette namn i konkurransen sist gong, var Arild Wåge, Harald Ask, Trude Bentås, Anne Iversen, Audun Hersvik, Kari Gjørøy, Robert Rivedal, Ine Ryland, Helge Håland, Arne Hansen, Marie Grane, Atle Frøholm og Roy Fristad. Vi har også fått ein del spørsmål om namnet Leiv Hov, som hadde snike seg inn i tabellen. Det er heilt tilfeldig at bokstavane danna eit ekstra namn i tabellen, og som fleire har påpeikt så er det ingen som heiter Leiv Hov i 6980-området. Vi ser at konkurransen derfor vart litt meir utfordrande enn vanleg, men dei aller fleste har likevel sendt inn rett svar. Blant dei som fann dei rette namna, er Rolf Kjøsnes (Askvoll sentrum) og Erna Torsheim (Dørhella), som får kvar sitt Bygdeavisene-krus. Vi gratulerer!

T

E

R

J

L

A

D

E

V

I

R

A

T

I

N

A

R

I

A

E

A

D

M

E

R

T

A

S

N

O

E

N

E

O

S

S

B

A

N

E

K

L

A

G

Å

M

S

N

D

D

E

I

R

S

E

A

C

E

R

A

M

T

U

E

A

D

K

E

R

N

I

L

L

I

V

A

S

K

A

B

T

S

Y

S

T

I

R

E

D

A

V

A

K

E

L

B

S

O

T

T

A

E

N

F

A

K

K

I

L

E

K

K

I

L

J

E

D

N

R

E

N

E

V

R

I

M

E

N

R

H

E

R

T

Ø

R

R

S

E

F

F

A

E

N

I

F

E

D

D

Y

R

Ø

Ø

R

B

G

H

E

D

G

W

Y

I

M

E

N

J

A

B

J

R

E

S

S

E

I

R

L

M

N

I

B

L

E

L

A

B

I

R

E

T

S

V

L

Å

G

E

T

S

Ø

N

H

J

E

P

G

Y

T

A

I

N

E

G

Å

W

E

D

L

I

H

V

Ø

R

J

A

W

I

N

C

E

C

F

R

O

D

A

M

M

U

N

N

E

S

K

J

E

L

L

F

R

Ø

H

O

L

M

A

S


Returadresse: Bygdeavisene Kleppeneset 6982 Holmedal herlege småtassar

>>

6980 ønskjer bilde av alle nyfødde i 6980-området. Det gjeld også dei som har foreldre eller besteforeldre i Askvoll. Send oss gjerne eit bilde på e-post: marianne@bygdeavisene.no.

Den 17. august 2016 kl 23.57 kom Louise til verden med sine hele 4000 g og 52 cm. Hun er en blid og veldig sosial jente som elsker å bli pratet med. Ulrik er en flink og stolt storebror. Han får alltid lillesøster til å smile og le. Ulrik og Louise bor på Os utenfor Bergen sammen med mamma og pappa, men reiser ved hver anledning til landstedet på Follevåg. Der trives vi veldig godt. Vi hilser til hele familien i Askvoll. Stolte foreldre er Sarah Louise Gabrielsen og John Anders Kvinge

Nr 1 på ønskelista i mange år var ein lillebror og 14. november (same dag som oldemor Else hadde) gjekk ønsket i oppfylling til stor glede for Thomas. Henrik var 3346 g og 49 cm og veldig lik på storebroren. Gutane har allereie stor glede av kvarandre og koser seg veldig saman. Namnet var det Thomas som valde. Henrik liker veldig godt trilleturar med vogna og han og bestefaren har rokke å legge mange kilometer bak seg på tur i all slags vêr. Henrik og Thomas helsar til mormor og bestefaren, beste og bestemor på Sola, søstrene Sofie og Sara i Stavanger og alle onklane og tantene. Bente Dalsøren og Rolf Eivind Øyan

Desse to sjarmørane er siste tilskot i familien Masdal Mandelid. Filip blei fødd 16.04.2014 så det var på høg tid han fekk vist det blide fjeset sitt i 6980. Felix blei fødd 05.04.2016 på Stavanger Universitetssjukehus og har allereie vokse seg til ein god klump på 10 kg. Han er ein kjempeblid gut som stort sett kun har vore fornøgd med mat frå mor, men har endeleg funne ut at det finst mange godsaker å smake på. Han er også heldig som har tre snille søsken som dillar og dallar med han, og veit å nyte godt av det mens han kan. Sidan sist har vi flytta frå Stavanger til Bergen, så no er det mykje lettare for Besten og Besta i Askvoll å komme på besøk, og ikkje minst kortare veg å komme seg på hytta i Staveneset, så no skal det bli hyppigare besøk framover. Stolte og fornøgde søsken og foreldre, Mathias og Mathilde, Merete og Frode.


6980 nr 23