__MAIN_TEXT__

Page 1

Tradisjonsmat frå

Åkrafjorden

® ®

®


Det skal meir enn eit fagbrev til for å lage god spekemat! Spekemat er resultatet av ein modningsprosess som på mange måtar kan samanliknast med vinproduksjon. Oppskrifter og metodar har gått i arv og er vidareutvikla gjennom generasjonar hjå Lundal. I følge familietradisjonen tek det 20 år å lære seg faget skikkeleg! Det er trente auge som ser, fintrimma nasar som luktar, følsomme hender som kjenner og kresne ganar som smakar seg til eit førsteklasses resultat – laga av dei beste råvarene som vestlandsnaturen kan frambringa. Men Lundal lagar meir enn spekemat. Ei rekkje kvalitetsprodukt er populære og etterspurde av forbrukarar, storkjøken og restaurantar.


«Det var ein gong ...» Her i denne vakre, men bortgjøymde dalen på nordsida av Åkrafjorden starta soga om Åkrafjordpølsa og dei andre tradisjonsprodukta frå Lundal tilbake i 1870. Johannes Lundal heitte han som tok til med produksjon av spekemat i Londalen, 6 km frå fjorden. Garden var liten, men spekepølseproduksjonen gjorde sitt til at han livberga seg og familien. Kunnskapen om produksjonen og eldhusrøyking lærde han vidare til neste generasjon. I 1925, tre generasjonar seinare, flytta ein annan Johannes Lundal produksjonen til Mosnes ved Åkrafjorden. På 1960-talet blei produksjonen flytta til vegsida av fjorden, på Teigland, like ved der Åkrafjordtunet ligg. I dag har me eit moderne produksjonsanlegg for spekeog tradisjonsmat.

Arbeidsgjengen på Mosnes i 1938


Spekemattradisjonen i Åkrafjorden Alle som har køyrt ein del langs Åkrafjorden knyttar namnet Lundal til førsteklasses kjøtmat. Både Åkrafjordpølsa og Åkerring er kjende og kjære produkt for dei mange som har gjort det til ein regel å stoppe ved Åkrafjordtunet og handle med seg kjøtmat frå Lundal når dei køyrer langs fjorden. Mange stoppar også for å eta middag i kafeen. Her er tradisjonsmat frå Lundal ofte på menyen. Med eit rennomé for god kvalitet og snart 150-års tradisjon å ta vare på, kan ein aldri gå på akkord med kvaliteten. I dag er det fjerde og femte generasjon som fører tradisjonane i familiebedrifta vidare. Eldhusrøyk gir framleis den milde og gode smaken på spekematen frå Lundal.

Butikken i Åkrafjordtunet fører eit stort utval produkt frå Lundal


Moderne produksjon Sjølv om det meste av produksjonen dreier seg om tradisjonsmat er det ikkje slik med maskinpark og anlegg. Hjå Johs. Lundal har me alltid hatt sansen for gode og effektive verktøy. Derfor har me kontinuerleg oppgradert produksjonslokala og maskinparken. Rundt årsskiftet 2014/15 har me fornya heile produksjonsanlegget og installert moderne og effektive energiløysingar.


Produkter Me produserer mange typar tradisjonsmat. Spekematen og pinnakjøtet er det me er mest kjende for. Middagspølsene våre er også veldig populære. I tillegg me har også mykje anna godt å by på – alt med den kjende Lundal-kvaliteten. På dei neste sidene finn du ei oversikt over kvalitesprodukta våre. Bestillingsvarer Me produserer ei rekkje varer på bestilling. Dette er ulike steiker; lammesteik, svinasteik, kalvesteik og bayonneskinke. Me lagar også mange andre produkt for kundane våre. Ta kontakt om du ønskjer at me skal laga noko spesielt for deg.


Spekemat

Åkrafjordpølsa (mild fårepølse) Eldhusrøykt, 80 g. 390 g, 600 g, 1,3 kg

Fjellgo (mager spekepølse) Biffkjøt, eldhusrøykt. 80 g. Heil: 380 g

Stølspølsa (spekepølse av geitekjøt) Eldhusrøykt. 600 g.

Vestlandsmorr Eldhusrøykt 100 g, 200 g

Salami Eldhusrøykt 100 g, 400 g

Kryddersalami Eldhusrøykt 100 g, 450 g

Salami al pesto Eldhusrøykt 100 g, 450 g

Spekesnadder Eldhusrøykt 130 g

Salamisnacks Eldhusrøykt 130 g


Fenalår (eldhusrøykt/urøykt) 100g, stykke ca. 400 g og heil

Spekeskinke (eldhusrøykt) 100g, stykke ca. 400 g og heil

Det gamle eldhuset på Mosnes er framleis i bruk, men no til grilling og kos rundt elden.

Til røyking nyttar me framleis eldhus og oreved for smaken si skuld.


Kjølevarer

Hardangerpølse (grov middagspølse) Eldhusrøykt. Melke- og glutenfri. 335 g

Steikesnabb Eldhusrøykt. Melke- og glutenfri. 500 g

Grynasteik Eldhusrøykt, kokt. 500 g

Grillpølse 480 g

Kjøtpølse 360 g

Karbonader Handsteikte. 360 g

Bacon (tørrsalta, eldhusrøykt) Bacon i skiver, terna, stykke, halv side


Frysevarer

Åkerring (eldhusrøykt, grov pølse) Rå. Melke- og glutenfri. 335 g

Kjøttkaker Handsteikte. 450 g

Elgkarbonader Handsteikte. 360 g

Karbonader Handsteikte. 360 g

Tacoburger Rå, 400 g

Hamburger Rå, 400 g

Komlekjøt (eldhusrøykt) Salta, beinfri svinebog, terna. 500 g

Lapskauskjøt (eldhusrøykt) Salta, beinfri svinebog, terna. 500 g

Lammebog Eldhusrøykt, salt og naturell. 1 kg.


Kjøtdeig 400 g

Biffsnadder Terna. 300 g

Sosakjøt Terna. 500 g

Sesongvarer Røykt svinebog Eldhusrøykt. 100 g

Pinnabog Tørrsalta, eldhusrøykt/urøykt,1 kg

Pinnakjøt Tørrsalta eldhusrøykt/urøykt, 2,2 kg

Bayonneskinke av svin flatbiff, rå ,eldhusrøykt ca 1,3 kg


Storhushaldning

Kjøttkaker Handsteikte

Karbonader Handsteikte

Åkerring Terna grov middagspølse, eldhusrøykt

Bacon Terna og halv side. Tørrsalta, elhusrøykt

Lapskauskjøt Terna, eldhusrøykt, salta, beinfri svinebog

Komlekjøt Terna, eldhusrøykt, salta, beinfri svinebog

Lammebog Eldhusrøykt, salt, naturell

Sosakjøt Terna

Biffstrimlar Terna


Bayonneskinke Eldhusrøykt flatbiff av svin

Røykt svinekam (hamburgerygg) Eldhusrøykt

Steiker av lam, kalv, okse, svin

Salami/Kryddersalami Eldhusrøykt

Åkrafjordpølse Eldhusrøykt mild fårepølse

Spekeskinke Eldhusrøykt

Pinnakjøt Fenalår salta,Eldhusrøykt eldhusrøykt, ?? g

Pinnakjøt Tørrsalta, salta,eldhusrøykt/urøykt urøykt, ?? g

Pinnabog Tørrsalta, eldhusrøykt/urøykt 360 g


Tradisjonsmat Tradisjonsmaten er gjerne kortreist, og basert på råvarer som kjem frå eigen region. Mange av produkta våre er slike som har vore nytta i generasjonar i Lundal-slekta. Dette er velsmakande og næringsrik mat som me gjerne vil tilby til menneska av i dag. Denne matskatten er ein del av vår felles historie og identitet. På nettsidene våre finn du oppskrifter på lokal tradisjonsmat: www.johslundal.no


Johs. Lundal & Sønner AS Teigland, 5596 Markhus Epost: epost@johslundal.no Tlf: 53 77 15 80 www.johslundal.no

Profile for Magne Langåker

Lundal brosjyre interaktiv  

Lundal brosjyre interaktiv  

Advertisement