LUSTER ARBEIDARPARTI
Valprogram
Sterkare fellesskap
2019-2023 Kortversjon
1
BRUK STEMMERETTEN
Me står sterkare saman Politikk handlar om val som får innverknad på kvardagen din. I dette programmet ser du kva me i Arbeidarpartiet meiner er viktig for at Luster kommune skal vera ein framtidsretta og god kommune å leva og bu i. Det er fellesskapet sitt ansvar å stilla opp for dei som strevar, fell utanfor og som treng hjelp. Me vil alltid ha merksemda på dei svakaste, enten det er sosiale, fysiske eller psykiske utfordringar ein slit med. Luster kommune er ein stor arbeidsgivar, og me vil jobba for at arbeidstakarane sine rettar og behov vert møtt. Me vil prioritera heiltidskultur, rekruttering og gode arbeidstilhøve. Barn og unge er den viktigaste ressursen me har for framtida. Og førebygging mot utanforskap er det viktigaste me gjer. Skulemåltid, leksehjelp, inkludering og auka samarbeid med helsestasjonen er tiltak som vil redusera til dømes sosiale skilnader og fråfall i vidaregåande skule. Om du tenkjer at dette vil ha noko å seie for din kvardag, då er Arbeiderpartiet rett å stemma på. Bruk stemmeretten din. Godt val! ELIN HAUGE ORDFØRARKANDIDAT
2
Barn og unge er den viktigaste ressursen me har for framtida. – Elin Hauge
3
DEI FIRE NESTE ÅRA
Det viktigaste 1 2 3
BARNEFATTIGDOM kjempa imot barnefattigdom i Luster
DESENTRALISERT TILBOD sikra eit godt desentralisert tilbod med god kvalitet i barnehage, skule og helse- og omsorgstenesta
VELFERDSTILBOD alltid prioritera velferdstilboda til borna, ungdomane og dei eldre
4
FØREBYGGJING satsa meir på førebyggjande arbeid
5
TILFLYTTING satsa på tilflytting - særleg ved å leggja til rette for bustadbygging og barnehageplassar
4
KORTVERSJON
Valprogram 2019-2023 BARNEFATTIGDOM • jobba for å auka openheit og kunnskap om barnefattigdom • ha særleg søkjelys på psykisk helse, rus og minoritetar blant dei føresette • sikra gode og inkluderande fritidsaktivetar. BARN OG UNGE • leggja til rette for gode oppvekstvilkår og utvikla gode fritidstilbod for alle barn og unge • prioritera det førebyggjande arbeidet på helsestasjonen OPPVEKST OG OPPLÆRING • innføra eit femårig prøveprosjekt med obligatorisk leksehjelp med pedagog, som eit alternativ til heimelekser
5
• •
innføra gratis skulemåltid på alle skular i Luster utvida opningstida i barnehagen ved å auka bemanninga
KULTUR, IDRETT OG FRILUFTSLIV • vidareføra dagens gratisprinsipp for lag og organisasjonar ved bruk av kommunale bygg. • ha gode tilskotsordningar med særleg vekt på aktivitetar for barn og unge ARBEIDSGJEVARROLLA • styrka den unike trepartsmodellen tillitsvald – politisk nivå – arbeidsgjevar • gje rett til heile stillingar i alle stillingskategoriar • ha eit vikarbyrå i eigen regi, med faste tilsette, som kan brukast i heile kommunen NÆRINGSLIV • bidra til fleire lærlingplassar i Luster og vidareføra støtta til sysselsetjingstilbod for ungdom
6
•
•
bidra til at Sogndal vidaregåande skule har eit opplæringstilbod som er tilpassa behova i Luster og dei andre kommunane i regionen krevja at interkommunale og nye regionale arbeidsplassar også vert plasserte i Luster kommune
REISELIV • støtta utvikling av ei heilårs, berekraftig reiselivsnæring • sikra at Luster kommune har særleg god kontakt med næringsaktørar i reiselivet og tek ansvar for å vidareutvikla Luster som turistmål • føra ein politikk som tek omsyn til verdsarvstatusen til Urnes stavkyrkje
«me vil vurdera å kutta ut eigedomsskatt på private bustadar.» LANDBRUK • halda på støtteordningane i landbruket, som tilskot til kjøp av mjølkekvote, vatningsanlegg, skogsvegar og tilskot til planlegging av driftsutviding • arbeida for støtte til beitedyr for å halda på kulturlandskapet, spesielt innanfor verneområda • frukt og bær framleis skal vera eit satsingsområde for Luster • støtta opp om Lustramat og satsa på kortreist og lokal mat
7
HELSE, TRYGGLEIK OG TRIVSEL • ha eit godt og framtidsretta legevakttilbod • etablera framtidsretta eldreomsorg ved å tilby velferdsteknologi, og sikra at tilboda vert tilpassa behova til den einskilde • fylgja opp barnevernet • styrka helsetenestene i skule og barnehage KLIMA OG MILJØ • arbeida for eit betre kollektivtilbod i kommunen og regionen • byggja fleire gang- og sykkelstiar • ha sterkare og aktiv politisk styring av SIMAS • stilla miljøkrav i alle offentlege anskaffingar • styrka den kommunale beredskapen ved alvorlege naturhendingar TILFLYTTING OG FOLKETALSVEKST • til ei kvar tid ha ledige bustadtomter over heile kommunen. • sikra heilskapleg vidareutvikling av Hafslo som tettstad, særleg sentrum. Me vil leggja til rette for sentrumsnære bustadar for alle livsfasar • gjennomføra vedtekne planar for sentrumsopprusting • sikra at tilgang til barnehage ikkje vert til hinder for rekruttering og tilflytting • vurdera å kutta ut eigedomskatt på private bustader
FULLSTENDIG PROGRAM
luster.arbeiderpartiet.no/politikken 8
Frå vegarbeid på Veitastrondsvegen i 50-åra. Grunnlaget for Luster Ap er dei mange arbeidar- og småbrukarlaga stifta tidleg på 1900-talet i kommunen. Det var organisasjonar for småkårsfolket, lausarbeidarar, anleggsarbeidarar og ikkje minst for husmenn og andre plassfolk. Luster Ap er stolt av å framleis tala saka for dei som treng det mest.
NYSKAPING • auka satsinga på IKT og digitale tenester sterkt • jobba for utbygging av fibernett og høghastigheits mobilnett til alle innbyggjarar i kommunen • revitalisera arbeidet med kommuneplanar og ha meir medverknad frå innbyggjarane, næringslivet og ungdommen spesielt SAMFERDSLE • jobba for raske og gode pendlarruter til og frå Gaupne, Sogndal og Leikanger, og internt i kommunen. • arbeida for opprusting av fylkesveg 55 gjennom kommunen, med strekninga Nes– Luster som førsteprioritet • vera pådrivar for å halda fram, og om mogeleg forsera rassikringsarbeidet på fylkesvegane • vera pådrivar for regional samferdsleutvikling. Særleg med tanke på god vegstandard, vegvedlikehald, utvikling av flyplassen i Sogndal og ferjetilbodet 9
Kandidatane våre
1. ELIN HAUGE 1976, Skjolden
2. MORTEN VIGDAL 1973, Jostedal
3. ODD ATLE STEGEGJERDET 1958, Gaupne
4. VIVIAN KVAM 1980, Hafslo
5. LARS JØRGEN KJÆRVIK 1995, Gaupne
6. ELI HANSEN MOEN 1973, Skjolden
7. ØYVIND Å. MØLLER 1989, Hafslo
8. SVEIN TORE HELTNE 1975, Luster
9. ANNETTE S. NORBERG 1986, Gaupne
10. SIGFRED HAUGEN 1947, Solvorn
11. BJØRN ANDRE SKJÆRET 1973, Jostedalen
12. MAY IREN LUND 1960, Gaupne
13. EIRIK HOEM 1979, Hafslo
14. ANNE MARIE BOLSTAD 1978, Skjolden
15. GUNN BEATE THORSNES LEFDAL 1968, Gaupne
16. KÅRE HØNSI 1971, Gaupne
10
17. BJØRG ÅSARMOEN 1959, Hafslo
18. THERESE HILLEREN 1978, Veitastrond
19. JONNY GJERDE 1965, Skjolden
20. CHRISTIN SØNNESYN 1976, Gaupne
21. BENTE KARIN MYKLEBUST 1972, Jostedal
22. JAN ØLNES 1979, Hafslo
23. ASTRID SKARE MARTINSEN 1945, Luster
24. DANIELL FOSSHEIM 1991, Gaupne
25. LILLIAN BOLSTAD 1971, Skjolden
26. PALMAR KJÆRVIK 1954, Gaupne
27. LAILA IRENE RØNEID 1967, Gaupne
28. AUD JORUNN HELLEN 1969, Gaupne
Les meir om kandidatane luster.arbeiderpartiet.no
29. ANNE BRITT FREDHEIM 1981, Hafslo
30. JOHANNES F. FINSTAD 1992, Hafslo
11
31. GEIR ARNE KVAM 1960, Hafslo
facebook.com/LusterAp instagram.com/lusterarbeidarparti twitter.com/lusterap
luster.arbeiderpartiet.no
Presentasjon av listekandidatane
luster.arbeiderpartiet.no/representanter
Fullstendig valprogram 2019-2023 luster.arbeiderpartiet.no/politikken
VIL DU BLI MED PĂ… LAGET? SEND <AP> TIL 2077 ELLER ARBEIDERPARTIET.NO/BLIMEDLEM
Valprogram for Luster Arbeidarparti 2019-2023
Published on Aug 11, 2019
Valprogram for Luster Arbeidarparti 2019-2023