Page 1




UKJENTE LYDAR Kaia og Karim gjekk i same klasse. Begge to spelte fotball. No hadde dei vore på trening og gjekk heimover frå idrettsplassen. Dei hadde spelt mot kvarandre. - Eg skulle gjerne spelt ein time til, sa Kaia. - Då hadde laget mitt vunne, sa Karim. - Eg skulle akkurat til å skru ballen i mål. - Skrythals, lo Kaia. - Først til brua! Brua gjekk over ei lita elv. Der pleidde ender å symje fram og tilbake og dukke etter planter. Godsaker for ender.



Kaia og Karim måtte over brua for å kome heim. Blokka dei budde i, var på den andre sida. Dei gjekk fort utan å snakke så mykje. Dei var svoltne. Sola hadde gått ned. Det var ikkje mørkt, men den lyse dagen hadde lagt seg. Då skjedde det noko som fekk dei til å stanse. Rare lydar kom frå ein stad dei ikkje kunne sjå. Skraping. Lydar som dei ikkje kjente att. Sakte gikk dei framover. Stille. Varsamt. Lydane kom frå brua. Noko vart drege bortover. Dei høyrte eit brak. Og endå eit brak.


EIT BROTSVERK Kaia og Karim kasta seg ned på bakken. Dei ville ikkje at nokon skulle sjå dei. To menn stod på brua. Mennene løfta ting ned frå eit lasteplan. Dei drog eit kjøleskap bortover brua og lempa det utfor. Bildekk, syklar og pizzaesker gjekk same vegen. - Det der er då heilt ulovleg! kviskra Kaia. - Der går ein PC, sa Karim. - Det er forbode! - Sjå alt dei har på lasteplanet. Går det i elva eller i skråninga, trur du? sa Kaia lågt.

- Det kan eg ikkje sjå, sa Karim uroleg. - Skal vi rope til dei? Kaia var klar. - Nei, nei, vi kjenner dei ikkje! åtvara Karim. Dei laga ikkje ein lyd. Dei våga så vidt å puste. - Vi må ta bilnummeret! Kaia tok fram ein liten blyant frå lomma. - Papir? - Skriv på fotballen! Mennene kjørte vekk.




EIT STYGT SYN Kaia og Karim kunne ikkje tru det dei såg. - For ein haug! Så enormt mykje! stønna Kaia. - Er det mogleg? Det er heilt vilt! ropte Karim. Han stod stille og såg. Hermetikkboksar, aviser, plastposar og kjøleskap, glas og bildekk. Det var eit berg. Han rista på hovudet: - Dei hadde jo bil. Kvifor kunne dei ikkje like godt ha kjørt dette til gjenvinningsstasjonen? Noko så stygt! - Og så grisete! Det er mat også, sa Kaia. - Eg synest eg såg ei rotte.



- Det er farleg avfall her, sa Karim og peika på ein PC. - Kjøleskap også, sa Kaia. - Det kan renne mykje gift ut i naturen her. Ut i elva. - For nokre grisar! - For nokre miljøsvin! - Vi må heim og seie frå! - Vi har jo bilnummeret på fotballen, sa Kaia og greip godt om han. Dei gjekk heim til Kaia. Ho budde nærast. Dei fortalte dei vaksne kva dei hadde sett. Mora ringte politistasjonen. Politiet ville ha rapport neste dag.


PÅ POLITISTASJONEN Dagen etter gjekk Kaia og Karim til politiet og fortalte kva dei hadde sett. - Veldig fint at de kom, sa politibetjenten. - Dette er ei viktig sak. De har oppdaga eit særs stygt døme på miljøkriminalitet. Det var snarrådig av dykk å ta bilnummeret. Vi skal jobbe vidare med denne store saka. Over heile landet er det folk som kastar avfallet sitt i skogen og i vegkanten. Eller i bekkar og elver. Det er heilt utruleg. Alle kommunar har jo plassar kor ein kan levere avfall.

Kaia og Karim rekte stolte fram fotballen. - Her er bilnummeret vi tok, sa Kaia og peika. Å, nei! Dei fleste tala var vekk. Dei såg at det stod DF 93. Resten var forsvunne. - Då får vi ikkje tak i dei! Karim var fortvila. Han hadde vore viss på at dei skulle bli fanga og at dei skulle stoppast. - Det kan hende vi finn fram til dei likevel, sa politibetjenten. - Det kan vere spor i det dei kasta frå seg. Ein del av eit bilnummer er betre enn ikkje noko bilnummer. Vi skal sende dei opplysningane vi har, til patruljane. Takk for at de kom! Hald fram med å følgje med!




NYTTTE

R ITET AVSLØ BARNØKRIMINAL J MIL AR ALLE TAKEK G N U I E D HELTANE POLITIET JAKTAR PÅ FORBRYTARANE

I AVISA Kaia og Karim var på skulen. Læraren kom inn i klassen og såg løyndomsfull ut. I hendene hadde ho ei avis og fleire brev. - I dag kan vi vere stolte, sa ho og smilte. - I klassen vår er det to som blir namngjetne. Ingen skjønte kva ho meinte. Ikkje Kaia og Karim heller. Men det var nettopp dei læraren peika på. - Kom hit og les for oss, sa ho.



Karim las: «Alle takkar dei unge heltane. Det finst menneske som ikkje gidd å levere avfall der dei skal. Dei sleng det frå seg i vatn, elvar, grøfter og skog. Det er stygt, og det øydelegg

naturen. Politiet seier det er sannsynleg at forbrytarane blir tekne, takka vere Kaia og Karim.» Læraren gav breva til Kaia som opna dei. - Det er invitasjonar, sa ho. - Eg trur at vi skal kome og sjå korleis ein lagar ting! - Invitert? Kor? Klassen ville høyre meir. - Det er frå ein fabrikk der dei knuser glas, trur eg, sa Kaia. - Dei vil at vi skal kome dit. Dei vil vise oss kva som skjer med flasker og syltetøyglas etter at dei er samla inn! Det er fleire invitasjonar. - De får fri, sa læraren. - Og de må fortelje, når de kjem tilbake.


TING MED LEIDNINGAR OG BATTERI

Kaia og Karim besøkte ein fabrikk der folk knuste mange ulike apparat og sorterte delane.

PLASTEMBALLASJE

Kaia og Karim såg korleis plast vart smelta og blei til nye ting av plast.




GLAS- OG METALLEMBALLASJE

Kaia og Karim besøkte ein fabrikk som tok imot glas og metall, som det hadde vore mat og drikke i. Ragnhild viste dei omkring. - Vi tek boksane ut, sa Ragnhild. - Vi sender dei til ulike fabrikkar kor dei blir smelta. Nokre blir nye boksar. Nokre blir syklar. - Glaset er knust, sa Kaia. - Sjå på dei små bitane! - Ja, sa Ragnhild. - Vi lyser på dei med eit spesielt lys, og då kan maskinen sortere dei i store og



små og bitte små bitar. Og han kan sortere dei etter fargen. - Kva gjer de med bitane? spurde Karim. - Vi sender glaset til ein fabrikk som smelter det og lagar nye flasker og syltetøyglas. Glasbitane kan bli veldig mange ting. Etterpå besøkte dei ein fabrikk som tok imot drikkeflasker av plast. Flaskene vart rivne i bitar. Korkane gjekk ein veg, flaskebitane gjekk ein annan veg. Bitane blei smelta. Til slutt besøkte dei ein papirfabrikk.


DRIKKEFLASKER

KARTONGAR

Kaia og Karim besøkte ein fabrikk som tok imot kartongar. Kartongane vart rivne i bitar og lagt i vatn. Korkar og anna plast flaut opp og vart fjerna. Papiret sank. Papir og vatn vart ei slags suppe. Ho vart sprøyta på ein duk. Suppa vart til papir.




LEIKER Kaia og Karim fortalte klassen om alt. - Vi må sortere det som skal kastast, sa Kaia. - Då kan dei lage nye ting. Til dømes kan syltetøyglas verte nye syltetøyglas. Glas kan knusast og nyttast om og om att. Då sparer vi naturen. Vi sparer energi. Det er bra for jorda vår. - Er det nokon her som har øydelagde leiker som har brukt batteri? spurde Karim. Alle i klassen hadde. - Vi kan ta dei med hit til klassen. Og leikene og batteria kan vi levere i ein leikebutikk eller på ein gjenvinningsstasjon. Då går dei til den

10

fabrikken som tar frå kvarandre TV-ar og PC-ar og alt som brukar straum og batteri. Alle tok med seg leiker på skulen. Nokre freista å ta dei frå kvarandre. Det var stoff utanpå. Inni var det plast, leidningar, metallbitar og batteri. - Her var det jammen mykje å sortere, sa Kaia. - Ting, ting, ting, sa Karim. - Eg druknar. Det viktigaste er å ha ein fotball. - Og noko som speler musikk, sa Kaia. - Eg sparer til sykkel, sa Karim. - Kanskje han er laga av hermetikkboksar!


EIN LUR PLAN Klassen skulle reise på tur. Dei hadde hengt opp to sekker. Der la dei tomme drikkeflasker og drikkeboksar. Nokre fekk dei heime. Nokre fann dei ute. Dei skulle pante dei og få mange pengar i klassekassa. Kanskje tusen kroner. - Pant alt! Alltid! sa Kaia. Karim hadde nettopp hatt bursdag. Han hadde fått mange leiker, men ingen pengar til sykkel. Han tok med nokre av leikene på skolen. - Sjå her, snakk om å vere godt innpakka, sa han og synte fram den eine etter den andre. - Nesten ikkje til å få ut, sa Kaia. - Plast og papir er limt saman. Det er ikkje

lett å sortere papir og plast i kvar si eske. - Når eg skal ha bursdag, skal vi finne på noko heilt anna, sa Kaia. - Eg treng ikkje gåver. Vi kan heller gjere noko morosamt! - Kva då? spurde Karim. - Sparke fotball? Ja! - Nei, nei, noko heilt anna. Alle må vere med. Kaia spurde dei andre i klassen kva dei ville. Det hagla med framlegg. - Vi kan kle oss ut! - Vi kan ha monsterfest! - Eller detektivfest! - Monsterdetektivfest!

11


FORBRYTARANE KJEM TILBAKE Det vart monsterdetektivfest. Klassen fekk låne klasserommet, berre dei rydda opp veldig fint og det var vaksne med. Og så fekk dei låne kjellaren! Der delte dei seg i to lag. Nokre skulle gøyme seg. Nokre var detektivar. Dei hadde lommelykter. Dei som gøymde seg, var stille som mus. Dei som leita, lista seg sakte gjennom romma. Det var skummelt. Plutseleg kviskra Kaia: - Hysj! Så fortsette ho: - Bilen er her! Monstra kom fram frå krikar og krokar. - Bilen? sa ei kviskrande røyst.

12

- Bilen med dei to mennene! Det er det same bilnummeret! DF 93 og noko! Dei rullar bildekk bort mot søppelkassene våre. - Eg tør ikkje vere her! sa ei monsterstemme. Kaia tenkte seg om litt. - Kanskje vi kan skremme dei! Ja! Vi listar oss opp trappa, og så står vi klare, og så reknar vi til tre og spring brått ut døra, medan vi skrik alt vi kan! - Jaaaaa! kviskra alle monstra oppglødde. - Monstergjengen med monsterbrølet! Dei lista seg opp trappa og stod tett saman. Ikkje ein lyd kunne høyrast. Ikkje ei rørsle kunne merkast.


SKRIKET Bang! Døra gikk opp med eit brak. Krokodiller og vampyrar, hekser og monster kom som ein eksplosjon ut av døra. Frå denne flokken kom eit skrik så uhyggeleg og så høgt og så skremmande at alle fuglane flaug av garde. Alle som budde i husa i nærleiken, sprang til vindauga sine. Dei som hadde vindauga opne, måtte lukke dei. Dei som hadde vindauga att, opna dei. - Uæææuææoææææåiåi - Iiiiiiiimiiimiiimiiimimiiiiiii! - Vræææææææ!!! Hyyyyyyyyyyyyl! - Ååååååååååååiiiiiiiiiiiiiåiåiåiåi! - Grægrægrægrægræ! - Vævææævææææææææævæææææææ!

Mennene la på sprang. Det såg ut som dei hadde to venger på kvar fot. Borte vart dei. - Vi vann! ropte Karim. Alle monstra lo og var glade. - Men bilen står att, ropte Kaia. - Og no skal vi skrive opp nummeret skikkeleg! Foreldra ringte til politiet. Denne gongen vart brotsmennene tekne. No var det ikkje berre Kaia og Karim som kom i avisa. Det var heile klassen. Blir det meir å gjere for monsterdetektivane?

13


14

att

avfall

Legg je

lling

på fy

ne

Bren

Lage eller nytt av b ru lage kom kt post

g om

mindr e

Bruk e tin

Lage

ring

one p e D

Ene

ng ytti n t rgiu

e Mat

ing vinn n e j rialg

ruk

Omb

redu

ls Avfal

ksjon

Dette vil vi ha minst av. Vi vil leggje minst mogleg avfall på fylling.

Vi kan brenne avfall. Då vert det laga varme. Varme er energi. Mange varmar vatn ved å brenne avfall.

Vi bør bruke om att det som tinga er laga av. Vi kan smelte ting som er laga av plast, og lage nye ting. Vi kan lage kompost.

Vi bør ikkje kaste det som kan brukast av nokon. Barn kan gi bort ski, støvlar, syklar og klede, når tinga er blitt for små.

Mindre avfall er det beste. Da meiner vi at vi skal gjere slik at det vert mindre avfall. Da blir det òg mindre av alt det andre.

KAIA OG KARIM LÆRER OM AVFALLSPYRAMIDEN


KVA KAN VI GJERE? Korleis skal vi lage mindre avfall? Sjå på avfallspyramiden. Kva kan vi gjere for at det skal bli mindre avfall? Tenk på kva klassen din kan gjere. Tenk på kva du kan gjere. Tenk på kva familien din kan gjere. Tenk på kva alle kan gjere. Skriv eller teikn.

Korleis sorterer de avfall på skulen din? Skriv eller teikn.

15


ØMERKE ILJ T M

16

Kaia og Karim på forbrytarjakt  

Kaia og Karim oppdagar ulovleg dumping av avfall.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you