{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

NO

Bergen internasjonale LITTERATURfestival 6.–9. Februar 2020


ONCE THERE WAS A BLANK PAGE THEN THERE WAS A WORD THIS IS HOW SPACE BEGAN Doung Anwar Jahangeer (2019)

2

3


Kvardag Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom frå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden. Men det gjeng an å leve i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkje på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers. Gamle Laertes skar klunger og grov um fiketrei, og let heltane slåst ved Troja. Olav H. Hauge

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur 6.– 9. februar 2020 litfestbergen.no facebook.com/litfestbergen instagram.com/litfestbergen #litfestbergen Litteraturhuset i Bergen Østre Skostredet 5-7 www.litfestbergen.no Tema, 2020: Kvardag

4

5


Administrasjon Teresa Grøtan, festivalsjef og dagleg leiar Britt Kristin Ese, kommunikasjon Helene Hovden Hareide, kommunikasjon(vikar) Sandra Lillebø, program Laia Nùñez Sebastiá, produksjon

Å ta kvardagen tilbake Teresa Grøtan Festivalsjef

Styret Birthe Kåfjord Lange, styreleiar Marta Breen Jørn Øyrehagen Sunde Arne Selvik Gunnar Sørbø

For 20 år sidan, i februar 2000, flytta eg til Durban i Sør-Afrika for å studere. Etter nokre dagar gjekk eg ut for å ete med to nye kjende. Eg hadde budd i USA og syntest det var vanskeleg å oppfatte dei ulike engelske aksentane, så då kelneren snakka til meg, ba eg han om å heller vende seg til dei to andre. Han ga meg eit underleg blikk, og heldt fram med å snakke til meg heile kvelden, sjølv om eg stadig måtte be han om å gjenta.

Kunstnarisk råd, Noreg Pedro Carmona-Alvarez Jan H. Landro Espen Stueland Eirik Vassenden Gunnhild Øyehaug

Først seinare slo det meg kva som kanskje var årsaka: Kelneren var kvit, eg var kvit, mens den eine eg var saman med, i sørafrikansk terminologi, var farga, og den andre var svart.

Kunstnarisk råd, internasjonalt Leila Guerriero (Argentina) Daniel Medin (USA/Frankrike) Jonny Steinberg (Sør-Afrika/Storbritannia) Ece Temelkuran (Tyrkia) Alisa Ganieva (Russland) Festivalens største økonomiske bidragsytarar: Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest, Fritt Ord, Litteraturhuset i Bergen og Kulturrådet. Festivalen er også støtta økonomisk av: H. Westfal-Larsen og Hustru Anna Westfal-Larsen’s Almennyttige Fond, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Bergesenstiftelsen

Denne hendinga starta ei bevisstgjering om korleis politiske strukturar grip inn i folks kvardag, og korleis vanane våre og oppførselen vår i det daglege er langt vanskelegare å endre enn politiske vedtak. Då eg flytta til Sør-Afrika, hadde det gått nærare seks år sidan apartheid hadde blitt oppheva, men for den kvite kelneren var det framleis vanskeleg å servere svarte. Sør-Afrika er berykta verda over for segregasjonspolitikk. Landet har til og med gitt oss ordet apartheid. I festival-

6

7

helga 6.–9. februar feirar vi at det er 30 år sidan den mest berømte fangen i verda, Nelson Mandela, slapp ut av fengselet, og markerte slutten for det rasistiske regimet. I Noreg har vi òg ei rasistisk historie, om enn ikkje like verdskjend. Målet i Noreg var å assimilere samane, urfolket i Sápmi, inn i ein norsk kvardag med norsk kultur og norsk språk. I dag er dei samiske språka i ferd med å døy ut eller svært truga, ifølge FN, og det herskar liten tvil om korleis denne rasistiske politikken har påverka samisk litteratur. For undertrykkande regime verda over har det til alle tider vore ein strategi å hemme og hindre skapande menneske gjennom å øydelegge kvardagen deira. Vi ser det i dag i Hong Kong, i Kashmir og i Russland, alle representerte på festivalen i år. Vår menneskelege eksistens kviler i kvardagen. Ved sjølv å ha makta over det vanlege, det kvardagslege, kan vi skape. Den 6. februar 2020, på opningsdagen til LitFestBergen, feirar vi sámi álbmotbeaivi, samanes nasjonaldag. Med det vil vi òg markere temaet for årets festival – «kvardag».


Kor l eis k jøp er eg bil l e t t ? • Følg billettlenka på litfestbergen.no • Last ned LinTicket programapp. Under “steder” velg Litteraturhuset i Bergen, og klikk på program for å finne billettar. • Før festivalen: Kjøp i Boksalongen på Litteraturhuset • Under festivalen: Kjøp billett på festivalkontoret i Vestre Skostredet 2, rett ved Litteraturhuset.

K va bil l e t t sk a l eg v el je ? Festivalpass: Med eit festivalpass får du inngang til alle arrangement, så langt det er ledig kapasitet. Pris: 1300 NOK (stud. 650 NOK).

Boksalongen har festivalbøkene. Vi arrangerer signeringer hele festivalen

Hugs å byte festivalpasset du kjøper mot eit armband på festivalkontoret før arrangementsstart. Viss du kjøper festivalpass med studentrabatt må du syne gyldig studentbevis når du hentar armbandet.

følg oss:

@boksalongen

Garantibillett: Har du eit festivalpass, kan du sikre deg plass på eit enkeltarrangement ved å kjøpe ein garantibillett. Pris: 20 NOK (unntatt arrangementet “Jorda rundt på 80 minutt”, der ein betalar 200 NOK for garantibillett på grunn av matservering v/Colonialen). Garantibillett kan du kjøpe i LinTicket-appen, på festivalkontoret eller i Boksalongen. Enkeltbillett: Gir inngang til enkeltarrangement.

Opningstider, festivalkontoret: • Onsdag, 5. feb: 11.00–21.00 • Torsdag, 6. feb: 11.00–21.00 • Fredag, 7. feb: 11.00–21.00 • Laurdag, 8. feb: 11.00–21.00 • Søndag, 9. feb: 11.00–15.00

LITTERATURHUSET I BERGEN

8

9

Adresse: Vestre Skostredet 2


torsdag 6. februar

Ungdomsprogram

Lyndas reise

Mor mi og eg

Lynda Blackmon Lowery var berre 15 år då ho i 1965, saman med mellom andre Martin Luther King, marsjerte frå Selma til Montgomery, Alabama for å krevje at også svarte amerikanarar skulle få rett til å røyste ved val. Dette fortel ho om i memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom.

I 2017 tok 593 menneske sitt eige liv i Noreg. Ei av desse var mor til forfattar Tiril Broch Aakre. Kvifor vel nokre av oss å forlate livet? Er det noko ein kan gjere for å hindre at det skjer? Og korleis kjennest det for dei som sit att?

I denne samtalen med elevar frå Rothaugen ungdomsskole snakkar ho om opplevingane frå den gongen, om kva som har endra seg i USA – og kva som er det same.

I romanen Mødre og døtre fortel Broch Aakre om kva som skjedde da mor hennar døydde. I denne samtalen med elevar frå Rothaugen ungdomsskole vil ho prøve å svare på spørsmål om det som kanskje er det vanskelegaste av alt.

Offisiell opning av LitFestBergen 2020 Velkommen til opning av den andre utgåva av Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur. Det blir kunstnariske innslag ved festivalforfattarane Frode Grytten (Bergen), Niillas Holmberg og Mir-O (Sápmi/ Finland) og Tishani Doshi (Chennai), og talar ved festivalsjef Teresa Grøtan og dagleg leiar på Litteraturhuset, Kristin Helle-Valle.

Auditoriet

Torsdag 6. februar 18.00–18.45 Gratis Norsk/Engelsk OPNING (Overføring til Olav H. Hauge)

Lytteposten:

Engelsk litteratur frå heile verda Auditoriet og Ol av H. Hauge

Ol av H. Hauge og Auditoriet

Torsdag 6. februar 09.15–10.00 og 10.15–11.00

Torsdag 6. februar 09.15–10.00 og 10.15–11.00

Gratis (kun for inviterte) Engelsk

Gratis (kun for inviterte) Norsk

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som vil høyre litteratur frå heile verda. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til fire av festivalens engelskskrivande for­f attarar lese frå bøkene sine. Med Tishani Doshi (India), Mary Ruefle (USA), Raja Shehadeh (Palestina) og Jonny Steinberg (Sør-Afrika).

10

11

Alver

Torsdag 6. februar 19.00–19.45 Gratis Engelsk


Kva skjer i Hong Kong? Auditoriet

Torsdag 6. februar 19.15–20.15 150 kr Engelsk

Hong Kong har i fleire tiår vore verdsleiande innan handel og finans. I juni 2019 inngjekk den tidlegare britiske kolonien ei utleveringsavtale med Kina, noko som utløyste omfattande demonstrasjonar, og etter kvart førte til krav om demokratisk reform. Advokatane Antony Dapiran og Jason Y. Ng frå Hong Kong er begge aktuelle med nye bøker om protestrørsla. Dei kjem til LitFestBergen for å fortelje oss kva som skjer, og kva framtida kan komme til å bringe. Styreleiar i Norsk PEN, Kjersti Løken Stavrum, leiar samtalen.

Ol av H. Hauge

Torsdag 6. februar 19.15–20.15 150 KR Norsk

Kvardag i kommunen

Statsautoriserte minne

Kommune blir brukt som synonym til alt som er keisamt, grått og gammalt – som malinga som smuldrar på betongveggane til kommunale bygg over det ganske land. Kvifor blir det så mykje rabalder når landet skal delast opp på nytt?   Kanskje finn vi svaret i poesiboka Hvis du hadde bodd her hadde du vært hjemme nå, som Kjersti Bjørkmo har skrive med utgangspunkt i norske kommuneslagord. Ho møter Jens Kihl, forfattar av Dette er også Noreg. Kommunal feelgood, til samtale under leiing av Trond-Viggo Torgersen.

I ei tid kor den russiske staten forsøker å skape ei pa­triotisk, einsarta framstilling av landets historie, tar Maria Stepanova i si nyaste bok ei heilt anna retning: Gjennom kvardagslege gjenstandar og erfaringar undersøker ho si eiga russisk-jødiske familiehistorie.    Stepanova møter professor i russisk, Ingunn Lunde, til samtale om korleis enkeltmenneskets erfaringar kolliderer med statens monopolisering av det kollektive minnet.

Alver

Torsdag 6. februar 20.00–20.45 150 kr Engelsk

Fo r e d r ag, k va r dag:

Mitt kjære Damaskus Syrarane kallar det al-azma, krisa. Det beskriv ikkje berre krigen i Syria, men òg det kolossale sosio-økonomiske samanbrotet i landet sidan protestane starta i 2011. I dette foredraget, basert på boka Huset i Damaskus. En fortelling om Syria, fortel den britiske journalisten og forfattaren Diana Darke korleis den arabiske våren i Syria enda med ein grusom krig, men òg korleis ein kvardag i krig – for kvardagen finst – artar seg.

12

13

Ol av H. Hauge

Torsdag 6. februar 20.30–21.00 100 kr Engelsk


Dette er også ein flyktning Korleis bli ein vellukka flyktning? Å vere flyktningbarn handlar ofte om å balansere sine eigne behov mot ansvaret for å forvalte familiens ofte dramatiske historie. Etter at Nhu Diep og Pedro Carmona-Alvarez kom til Noreg frå Vietnam og Chile som barn, har dei levd i skvis mellom desse krava, men òg nytta kraften i dei i kunsten og litteraturen.

Torsdag 6. februar 20.30–21.15 150 kr Engelsk

For å skape politisk relevant litteratur, må forfattaren vere merksam på nyansane i vanlege menneskes liv, ifølge Njabulo Ndebele. Hans sjangeroverskridande roman The Cry of Winnie Mandela blir rekna som ei av dei viktigaste bøkene etter apartheids fall. Den fortel historia til tre “vanlege” svarte kvinner, og ei uvanleg: Winnie Mandela, og stiller spørsmålet: Kan Sør-Afrika vere ein heim etter all valden, eksilet, øydeleggingane? Denne festivalhelga er det nøyaktig 30 år sidan Mandela slapp ut av fengselet. Ndebele møter litteraturforskar Tonje Vold til ein samtale om å skape ein kvardag i samfunnet og litteraturen etter apartheid.

Kluss med kunst og klasse Kan ein forfattar skrive om kva han vil og kven han vil, på nøyaktig den måten han vil sjølv? Det er spørsmålet Jens M. Johansson utforskar i sin nyaste roman Lavterskeltilbud. Den handlar om førtiseks år gamle Adam Berg, forfattar, som bestemmer seg for å skrive eit meisterverk om arbeidarklassen. Men korleis? Johansson kjem til LitFestBergen for å snakke om klasse, kunst og representasjon, og kvifor desse spørsmåla er til å le seg fillete av. Intervjuar er Sandra Lillebø. 

Open mik Boksalongen

Torsdag 6. februar 21.00–22.00 Gratis Norsk/engelsk/andre språk

150 KR Norsk

Korleis bli seg sjølv når ein står mellom to språk og to kulturar? Carmona-Alvarez skriv om denne erfaringa i si nyaste bok Refrenger, og Diep arbeider med ei ungdomsbok om temaet. Dei møtest til samtale med Eivind Riise Hauge.

Ein kvardag etter valden Auditoriet

Ol av H. Hauge

Torsdag 6. februar 21.15–22.15

LitFestBergen skal vere ein festival der det kjende møter det ukjende, og den etablerte litteraturen går i dialog med den rykande ferske. Denne kvelden inviterer Fredrik Stenhjem Hagen Bergens – og verdas – etablerte og uetablerte forfattarar til å gripe mikrofonen. Bruk festivalens opne tilbod, og la di røyst bli høyrt. Arrangementet opnar med ei opplesing av den syriske poeten Khaled Khalifa. Påmelding til info@litfestbergen.no

14

15

Auditoriet

Torsdag 6. februar 21.30–22.15 150 KR Norsk


F R E D A G 7. F E B R U A R Den Norske Idealstaten Alver

Torsdag 6. februar 21.30–22.15 Gratis Engelsk/Norsk

Kunstprosjektet “Den Norske Idealstaten” (2017–2020) er ei nyskriving av Platons Staten med det norske folk. Kunstnargruppa Alt Går Bra har diskutert visjonar og draumar for eit betre samfunn med folk over heile Noreg. Inspirert av desse samtalane, har kunstnarane skapt verk som teikningar, måleri, installasjonar, tekstilarbeid og ei bok.

Ungdomsprogram

Kunstnargruppa, som er basert i Bergen, Paris og London, kjem til LitFestBergen for å fortelje om dette unike prosjektet og syne fram nokre av kunstverka i form av kommunevåpen og faner.

Å vekse opp under apartheid

Med andre ord

Då Nelson Mandela blei lauslaten frå fengselet i 1990, var det starten på slutten for apartheid-regimet og fleire hundreår med brutal undertrykking av landets svarte befolkning. For mange unge, som aldri hadde kjent til noko anna, var det ei stor omvelting.

Bergenske skuleelevar blir invitert med på ei svært annleis byvandring med performancekunstnar og arkitekt Doung Anwar Jahangeer frå Mauritius.

Korleis var det å vere barn og ungdom i eit land med strengt raseskille? Leiar av Nelson Mandela Foundation, professor Njabulo Ndebele, møter elevar ved Rothaugen ungdomsskole til samtale.

Ol av H. Hauge

16

Jahangeer tilbyr følget sitt å sjå Bergen, verda, livet, husa og havet – kvardagen – med eit nytt og ope blikk. Bergen blir aldri det same etter at du har vore med på dette.

Festivalkontoret, Vestre Skostredet 2

Fredag 7. februar 09.15–10.00

Fredag 7. februar 09.15–11.15

Gratis (kun for inviterte) Engelsk

Gratis (kun for inviterte) Engelsk

17


S k r i v e k u rs:

Korleis gjere minne litterære? Memoaren er ikkje etablert i Noreg, og blir gjerne gitt ut anten som roman eller som essay. Kva slags sjanger er eigentleg memoaren? Korleis skape om personlege minne til god litteratur? På dette praktiske kurset får du ei kort innføring i sjangeren, og gjennom enkle skriveøvingar får du prøve deg som memoarforfattar. Kurset blir leia av Kjersti Wold, forfattar av Skriv ditt liv og 19 andre bøker i ulike sjangrar.   Kurset er ope for alle. Ingen forkunnskapar naudsynte. Maks. 20 deltakarar.

Å skrive om livet Ol av H. Hauge Fredag 7. februar 12.00–12.45 150 KR Norsk

Gjennom eit langt forfattarliv har Thorvald Steen særleg vore kjent for dei historiske romanene sine. Men dei siste åra har han henta stadig meir stoff frå sitt eige liv og familiehistorie, som i Det hvite badehuset og Det siste fotografiet.

I samarbeid med Norsk faglitterær forfatterog oversetterforening

Kvifor skrive fiksjon når ein skal fortelje om noko historisk? Og korleis kan ein skrive tett opp til sanninga når sjanger­en er rekna som fiksjon? I denne samtalen med Berit Bareksten snakkar Steen om sjukdom, liv og røynd, og korleis litteraturen blir til.

Seminar:

Fo r e d r ag, k va r dag:

fornuft og FORAKT Alver

Fredag 7. februar 12.15–12.45 100 KR Norsk

Kva er retorisk makt? Kva har den å seie for ytringsfridomen? Og kva skal til for at samfunnets stumme skal bli høyrde? Anders Johansen er professor i sakprosastudiar ved Universitetet i Bergen, og kom i 2019 med verket Komme til orde. Politisk retorikk 1814-1913.

Fredag 7. februar 13.00–16.00 200 Norsk

Sørafrikansk litteratur og kritikk Kva tyding får eit omgrep som sanning i eit land der makta har tilhøyrt nokre få på kostnad av dei mange? Kritikar og akademikar ved University of Cape Town, Hedley Twidle, er aktuell med boka Experiments with Truth, der han undersøker den sterke posisjonen til narrativ sakprosa i Sør-Afrika.   I dette foredraget vil Twidle diskutere utviklinga i sørafrikansk skjønnlitteratur, sakprosa og litteraturkritikk etter apartheids fall i 1994. Etter foredraget blir det opna for spørsmål frå salen, leia av litteraturforskar Tonje Vold.    Kritikarar får gratis inngang, og kan reservere plass ved å melde seg til info@litfestbergen.no. 

I dette foredraget snakkar han om retoriske slag i norsk politisk historie, og om kva som avgjer kven som går av med sigeren.

18

Alver

19

Ol av H. Hauge

Fredag 7. februar 13.00–15.00 150 Engelsk


Kvar dag er eit unnatak Auditoriet

Fredag 7. februar 13.00–14.45 Gratis Engelsk

Kashmir er ein stat splitta i to av India og Pakistan. Sidan 1990 har eit brutalt militæregime traumatisert den i hovudsak muslimske befolkninga som bur på indisk side, og titusenar har blitt drepne, torturerte, valdtekne eller forsvunne. I august 2019 mista Kashmir siste rest av demokrati og fritt styresett, og sidan har all kommunikasjon og ferdsel vore kontrollert av det indiske militæret. Forfattarane Sanaah Sultan og Nitasha Kaul er begge frå Kashmir, den eine med muslimsk og den andre med hinduistisk bakgrunn. Dei vil lese frå eigne tekstar og diskutere situasjonen i heimregionen med Salil Tripathi, journalist, forfattar og leiar for PEN International Writers in Prison Committee.   Halvvegs i programmet blir det ein pause på 15 minutt I samarbeid med Norsk PEN og Raftostiftelsen.

P e r fo r m a n c e :

Olav H. Hauge

Med a ndr e or d Festivalkontoret ( Vestre Skostredet 2)

Fredag 7. februar 14.00–16.00 200 kr Engelsk

Published by Vani Prakashan Translated by Rustam Singh

Bli med på ei svært annleis byvandring med performance­ kunstnar og arkitekt Doung Anwar Jahangeer frå Mauritius. I poetisk samspel med forfattar Odd Eirik Færevåg tilbyr Jahangeer følget sitt å sjå Bergen, verda, livet, husa og havet – kvardagen – med eit nytt og ope blikk. Bergen blir aldri det same etter at du har vore med på dette.   Etter vandringa inviterer byarkitekt i Bergen, Maria Molden, og Doung Anwar Jahangeer publikum til ein uformell prat om byen i festivalkafeen Zinken Hopp på Litteraturhuset. Maks. 15 deltakarar

20

21


Fo r e d r ag, k va r dag:

Menneske og museum På 1800-talet var det ein etablert praksis i Europa å vise fram ulike såkalla “eksotiske” folkeslag på utstilling. I boka På ville veger? skriv forskar Cathrine Baglo om korleis også dei norske samane var del av dette.

PEN postkortaksjon Zinken Hopp

Fredag 7. februar 15.00–17.00 Gratis Engelsk/Norsk

Norsk PEN og LitFestBergen inviterer publikum til å skrive ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit fengsla eller er truga og forfølgde over heile verda. Postkort­aksjonen blir opna av Salil Tripathi, leiar for komiteen for fengsla forfattarar i PEN International og Kjersti Løken Stavrum, leiar i norsk PEN. Korta er laga av PEN-medlemmar og fribyforfattarar i Noreg. Opningstider, postkortaksjonen:  Fredag 15-17 Laurdag 12-14 Søndag 12-14 I samarbeid med Norsk PEN

Korleis blei det opplevd for dei involverte? Med utgangspunkt i boka snakkar Baglo i dette foredraget om eksotisering og normalitet, og om at det finst fleire aspekt ved denne historia enn dei som kan verke mest opplagde.

Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen. Khaled Kahlifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana Darke til samtale om kva som skjer når døden blir daglegdags.

Dei unge demonstrantane i Hong Kong Fredag 7. februar 15.15–15.45 100 kr Engelsk

Kven er dei unge menneska som dagleg demonstrerer i Hong Kong? Aktivist, advokat og forfattar Jason Y. Ng har skrive fleire bøker om Hong Kong. Den nyaste, Unfree Speech, har han skrive saman med Joshua Wong, den 23 år gamle studentaktivisten som leiar demonstrasjonane i heimstaden. Kva er det i vår globale samtid som får svært unge menneske til å rope uredd ut om urett? I dette foredraget fortel Ng om Hong Kong, Joshua Wong og dei unge demonstrantane.

22

Fredag 7. februar 15.45–16.15 100 kr Norsk

Døden, kvar dag

Fo r e d r ag, k va r dag: Ol av H. Hauge

Auditoriet

23

Ol av H. Hauge

Fredag 7. februar 16.00–17.00 150 kr Engelsk


Alver

Fredag 7. februar 16.15–17.00 150 kr Norsk

Kva skjedde med mor?

Den vanskelege forsoninga

Utsette barn og skjøre familiar har vore eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Tiril Broch Aakre. I haust gav ho ut romanen Mødre og døtre, eit sjølvbiografisk skriftstykke om kva som hende da hennar eiga mor tok livet sitt i 2016.

Arbeidet med sannings- og forsoningskommisjonen for samane, kvenane og norskfinnane er i gang. I Sør-Afrika valde dei òg ein sannings- og forsoningskommisjon etter apartheid, framfor å nytte domstolane. Kva skal eigentleg til for å gjenreise tillit mellom folk etter hundreår med konflikt og undertrykking? Og kva rolle kan litteraturen spele i ein slik prosess?   Harald Gaski, professor i samisk kultur og litteratur, og Njabulo Ndebele, sørafrikansk litteraturprofessor og leiar for Nelson Mandela Foundation, møtest til samtale om jussen og kunsten si rolle i forsoningsarbeidet. Samtalen blir leia av medieprofessor Kristin Skare Orgeret. 

I denne samtalen med forfattarkollega Selma Lønning Aarø snakkar Aakre om det dobbelte tapet i å ha, og så miste, ei psykisk sjuk mor, og om korleis ein kan snakke om sjølvmord i kvardagen og litteraturen.

K r i t i s k k va rt e t t:

Festival-spesial Auditoriet

Fredag 7. februar 16.30–17.45 150 KR Engelsk

Kritisk kvartett er Litteraturhuset i Bergen sitt faste forum for litteraturkritikk, med eit panel beståande av Ida Lødemel Tvedt, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen. Til denne spesialutgåva av kvartetten får dei besøk av den sørafrikanske kritikaren Hedley Twidle. Desse festival­ aktuelle bøkene blir tatt opp til kritisk og begeistra diskusjon: Raja Shehadeh: Palestinian Walks (2008) Marie Darrieussecq: Our Life in the Forest (2017) Mary Ruefle: Madness, Rack and Honey (2013)

24

Ol av H. Hauge

Fredag 7. februar 17.15–18.15 150 KR Engelsk

Korleis omsette kvardag? Korleis kan kvardagsspråket, som tar utgangspunkt i alt frå det konkrete og tinglege til djupt kulturelle fenomen – som til dømes sjølve omgrepet kvardag – bli omsett frå eit språk til eit anna? Kva om det ikkje er det spesialiserte språket som er vanskelegast å formidle på eit anna språk? Forfattar Laila Stien omsett frå nordsamisk til norsk og Synneve Sundby omsett frå fransk til norsk. Dei møtest til samtale under leiing av forfattar og omsettar Grethe Fatima Syéd.

25

Alver

Fredag 7. februar 17.30–18.30 150 kr Norsk


Mary Ruefle: Kvardagshovud Auditoriet

Fredag 7. februar 18.00–18.45 150 kr Engelsk

“Stad er ikkje viktig. Eg skriv for det meste i mitt eige hovud, som eg kan ta med meg kvar eg enn går,” uttala Mary Ruefle i eit intervju med The White Review. Ruefle har skrive ei rekke diktsamlingar og essay der ho igjen og igjen viser si evne til å bruke språket for å vri om på det som er forventa og skape nye, underfundige og djupe samanhengar.   I denne samtalen med forfattar og kritikar Ida Lødemel Tvedt, snakkar ho om kvifor og korleis ho skriv.

Fo r e d r ag, k va r dag:

Litterær oppdagingsferd Alver

Fredag 7. februar 18.45–19.15 100 kr Norsk

Med boka Å lese verden tilbyr Tonje Vold lesaren ein alternativ måte å forstå verdslitteraturen på. Gjennom nye briller oppdagar vi at det finst andre måtar å lese klassikarane på, og ikkje minst oppdagar vi innverknaden litteraturen kan ha på makt, motstand og frigjering. I dette foredraget snakkar Vold om kva som skjer når våre litterære verdsbilete oppstår og når dei kollapsar. 

26

Olav H. Hauge Forlag: Zuojia chubanshe Oversettere: Harald Bøckman, Baisha Liu og Xichuan

27


Delfinale i NM i poesislam

O p n i n g:

Lydgalleriet: Skrivespill Lydgalleriet, ØSTRE skostredet 3

Fredag 7. februar 19.00–20.00 Gratis Norsk

SKRIVESPILL er ein nyprodusert lydmusikalsk installasjon der forholdet til språk og ulikskapar i vår måte å oppfatte kryssande samtalar i kvardagen står sentralt. Video­ installasjonen inneheld filmsekvensar tatt opp under lunsjen til forfattarstudentane på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Skrivekunsten blir omtala i blant anna speltermar der fiktive dialogar inngår som lydelement i rommet. Kortare dialogsekvensar møter kvarandre som luftige fragmentariske diskusjonar om forfattarmetodar med spørsmål og misforståingar, forvirring og avbrot; med kommentarar om mat som ei stadig insisterande gjentaking. Ingrid Berven har bakgrunn i musikk og visuell kunst og har i SKRIVESPILL invitert forfattar og dramatikar Cecilie Løveid. I samarbeid med Lydgalleriet.

Fredag 7. februar 19.15–20.15 150 kr Engelsk

“Eg begynte seint å danse, men skjønte umiddelbart at dansen ville påverke alle sider av livet, inkludert litteraturen,” skriv den indiske poeten, romanforfattaren og dansaren Tishani Doshi i eit essay trykt i LitFestBergens katalog.

På oppdrag frå LitFestBergen har forfattar og musikar Pedro Carmona-Alvarez tatt med seg musikarkollegaer for å skape ei musikalsk-litterær framsyning basert på Leonard Cohens verk. Songar, dikt, anekdotar og gjenforteljingar avløyser kvarandre for å gi publikum eit innblikk i Cohens liv i kunsten, og vise det skrivande og musiske livet frå vogge til grav.

Cohens signaturdrink Red Needle vil bli å få kjøpt i festivalbaren Zinken Hopp, der det er Cohen-vorspiel frå kl. 19.

Doshis nyaste roman Small Days and Nights er ei historie om sorg, sinne og umoglege ideal for kva ein nasjon kan vere. Basert på denne romanen har Doshi skapt ei ny danseforestilling. Etter framføringa snakkar ho med Tora de Zwart Rørholt om forholdet mellom livet, dansen og litteraturen.

28

Ol av H. Hauge

Fredag 7. februar 19.30–22.30 Gratis Norsk/Engelsk

Leonard Cohen: Kunstnarens kvardag

Musikarar: Annlaug Børsheim, Rune Solberg, Kim Guldbrandsen og Inge Rypdal

Den tilfeldige dansaren Auditorie t

Slam ligg ein stad i krysninga mellom diktopplesning, rap og spoken word. Under denne delfinalen i NM i poesislam framfører deltakarane eigen tekst på norsk eller engelsk. Framføringa tel like mykje som tekstleg innhald.   Konkurransen er open for alle, uansett alder eller erfaring. Kveldens programleiar Heidi Marie Vestrheim vel ut jurygrupper frå publikum i salen – og det er desse som til slutt bestemmer kven som kan smykke seg med tittelen vestlandsmeister i slam. Vinnaren reiser vidare til norgesmeisterskapet i Oslo hausten 2020.   Meld deg på til info@litfestbergen.no

29

Auditoriet

Fredag 7. februar 21.00–22.15 200 kr Norsk


LAURDAG 8. februar

LitFest-mini

Smaksverkstedets sanseløype

Kan du stole på smakssansen din når du ikke kan se hva du spiser? Bli med og test ut sansene dine i Smaksverkstedets gøyale og spennende sanseløype! Kjenner du forskjell på en brokkoli og en blomkål? Klarer du å skille ulike urter og krydder fra hverandre? Smak, lukt og føl deg gjennom ulike stasjoner som utfordrer sansene. Kanskje finner du en ny favorittsmak? Bli med oss og lek med maten!

Bergen Offentlige Bibliotek / UROM

Lørdag 8. februar 11:30–13:00 Gr atis / Passer for alle barn og voksne

L A U R D A G 8 . F E B R U A R på B e r g e n O f f e n t l i g e B i b l i o t e k

Slik lager man en baby

Frøet og drømmen

  Alle mennesker har en gang vært en baby, og hver eneste dag blir det født mange, mange barn over hele verden. Men hvordan lages egentlig babyer? Med hammer og spiker? Med leire? Eller med sædceller og egg? Anna Fiske tegner og forteller om hva som skjer når babyer blir til.   Anna Fiske er prisbelønt forfatter, illustratør og tegneserieskaper og en morsom og lun formidler. Hun står bak en rekke bildebøker og tegneserier som er favoritter hos mange barn og voksne.

  Pi vil så gjerne kjøpe noen mystiske drømmefrø, men de er ikke til salgs. Eller, frøene er ikke til salgs for penger, men hvis hun gir bort lillebroren sin …   Fra frøene vokser det et fantastisk tre som fører rett inn i en magisk drømmeverden. Men uheldigvis finnes det også en dør som går fra drømmer til mareritt. Drømmetreet er en akkurat passe skummel tegneserieroman for de yngste barna. Bjørn Ousland har mottatt en rekke priser for bøkene sine og er en erfaren formidler.

Bergen Offentlige Bibliotek Auditoriet

Lørdag 8. februar 13.00–13.30 Gr atis / Fr a 4 år

30

Bestillingsverk: Kampen om oppmerksomheten

Amalie Holt Kleive er en jazzvokalist som lager elektronisk dansbar og rørende musikk. Hun er en artist som drar med publikum på en vakker reise.   I dette verket, spesielt laget for barneprogrammet under LitFestBergen, undres Holt Kleive over hvordan teknologien i form av nye mobiltelefoner, spill, iPader og liknende påvirker hverdagen til barn. Hva skjer med den fysiske kontakten mellom barna og deres foreldre? Og hva skjer når man må kjempe for oppmerksomheten til hverandre, fordi det man ser på telefoner og nettbrett er mer spennende og fascinerende? 

Bergen Offentlige Bibliotek Auditoriet

Bergen offentlige bibliotek Musikkrommet

Lørdag 8. februar 14.00–14.30

Laurdag 8. februar 15.00–15.30

Gr atis / Fr a 4 år

Gr atis / Fr a 3 år

31


Kven eig naturen? Med klimaendringane blir spørsmålet om fordeling av ressursar sett i eit nytt lys. Når det blir knapt om gode som dyrkbar mark, rein luft og vatn, kan menneska sitt eigedomsforhold til naturen framleis definerast på same måten? Kven eig eigentleg naturen, og kva inneber det å eige den?

Auditoriet

Laurdag 8. februar 12.00–13.00 150 kr Norsk

Sigbjørn Skåden er i sitt forfattarskap svært opptatt av spørsmålet om naturforvalting, sett frå eit samisk perspektiv. Han møter klimaforskar Bjørn Samset til samtale, under leiing av forfattar og journalist Kjersti Sandvik.

PEN postkortaksjon Fo r e d r ag, k va r dag:

Eilert Sundt og den norske kvardagen Alver

Laurdag 8. februar 12.00–12.30 100 kr Norsk

Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi.   Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikar­ roste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform.

Norsk PEN og LitFestBergen inviterer publikum til å skrive ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit fengsla eller er truga og forfølgde over heile verda. Korta er laga av PEN-medlemmar og fribyforfattarar i Noreg. Opningstider, postkortaksjonen:  Fredag 15-17 Laurdag 12-14 Søndag 12-14   I samarbeid med Norsk PEN

Zinken Hopp

Laurdag 8. februar 12.00–14.00 Gratis Norsk/Engelsk

L i v e t er ov er a lt K l as s i k a r fo r e d r ag e t:

”She gather me, the pieces I am” Ol av H. Hauge

Laurdag 8. februar 12.00–12.45 100 kr Norsk

Kva er sjølvkjensle? Kor startar og sluttar eit ”eg”? I sine bøker viser den nyleg avdøde nobelprisvinnaren Toni Morrison at ingen blir seg sjølv heilt aleine. I dette foredraget snakkar forfattar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin om kva innsikter Morrisons forfattarskap gir oss om eg-kjensla og fellesskapet.

32

I den nyaste romanen til franske Marie Darrieussecq, La mer à l’envers, reiser den kvinnelege protagonisten, ein psykolog i 40-åra, på cruise i Middelhavet. Ei natt plukkar skipet opp ein båt med flyktningar, og ho blir kjent med den unge nigerianaren Younes. Korleis kan ein vite om ein gjer det rette for seg sjølv og for andre? Forfattarskapen til Darrieussecq er mellom dei mest lesne i hennar generasjon. Sidan debuten i 1996 har ho skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar, frå det språkleg utforskande, via kunstnarromanar og bøker om kloning til essay om morskap. Ho møter kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad til samtale om forfattarskapen.

33

Alver

Laurdag 8. februar 12.45–13.30 150 kr Engelsk


Festivalkontoret ( Vestre Skostredet 2)

Laurdag 8. februar 13.00–15.00 200 kr Engelsk

Rasisme i USA før og no Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom – og vore med på – store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere svart i USA i 2020?

Ol av H. Hauge

Laurdag 8. februar 13.00–13.45 150 kr Engelsk

Lowery snakkar med kritikar Kaja Schjerven Mollerin om korleis det var å marsjere med Dr. King, og korleis det er å bu i Sørstatane i dag.

Performance: Med andre ord

Mitt beste tiår

Bli med på ei svært annleis byvandring med performancekunstnar og arkitekt Doung Anwar Jahangeer frå Mauritius. I poetisk samspel med forfattar Odd Eirik Færevåg tilbyr Jahangeer følget sitt å sjå Bergen, verda, livet, husa og havet – kvardagen – med eit nytt og ope blikk. Bergen blir aldri det same etter at du har vore med på dette.

Ketil Bjørnstad er i ferd med å avslutte romansyklusen Verden som var min, som like mykje som ei historie om han sjølv, er ei historie om det Noreg han har levd i. Kva slags refleksjonar gjer han seg om tida vi lever i, og tida som har gått? Bjørnstad møter journalist Kari Birkeland til ein samtale om Noreg før og no, om kva tiår det eigentleg var best å leve i – og kva det var best å skrive om.

Maks. 15 deltakarar

34

35

Auditoriet

Laurdag 8. februar 13.15–14.00 150 kr Norsk


Alver

Laurdag 8. februar 14.00–15.00 150 kr Engelsk

Okkupert liv

Ly t t e p o s t e n :

Korleis er det å leve i Palestina etter 50 år med israelsk okkupasjon? Ekteparet Raja Shehadeh og Penny Johnson har i fleire tiår budd i Ramallah. Dei har skrive kvar si personlege forteljing om korleis livet har endra seg – for både menneske og dyr – men òg, til same tid, korleis eit okkupert liv òg raskt blir eit kvardagsliv.   Shehadeh og Johnson møter palestinaforskar Kjersti G. Berg til samtale.

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens franskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Patrick Chamoiseau (Martinique) og Marie Darrieussecq (Frankrike). 

Laurdag 8. februar 14.00–15.00 150 kr Norsk

Auditoriet

Laurdag 8. februar 14.15–14.45 Gratis Fransk/engelsk

V e r da på l au r dag:

Å kome heim til språket Ol av H. Hauge

Fransk litteratur

I fleire tiår blei norske samar utsette for ein brutal og undertrykkande fornorskingspolitikk, og dei blei nekta å bruke sitt eige språk. Kva konsekvensar har dette hatt for bruken av samisk som kvardagsspråk og som litterært språk? Og korleis vel ein som norsk-samisk forfattar i dag kva språk ein skal skrive på?   Forfattarane Risten Sokki og Sigbjørn Skåden møtest til samtale under leiing av litteraturprofessor Harald Gaski. 

36

Europa, kva no? I fleire hundreår har dei europeiske samfunna stått i front av verdas økonomiske og kulturelle utvikling. Men det siste tiåret har pilene peika nedover på fleire område: arbeidsløysa aukar, ekstremismen vinn fram, og reaksjonære krefter pregar verdikampen. Forfattarane Ingrid Brekke, Nazneen Khan-Østrem og Vibeke Knoop-Rachline er aktuelle med bøker om Polen, Storbritannia og Frankrike. Dei møtest til samtale om brexit, migrasjon og terror i Europa under leiing av Kjersti Løken Stavrum.

37

Auditoriet

Laurdag 8. februar 15.00–16.15 150 kr Norsk


Eit eige språk Ol av H. Hauge

Laurdag 8. februar 15.15–16.15 150 kr Fransk/Engelsk

Da Patrick Chamoiseau var ung skulegut på den franske øya Martinique i Karibia, var det lite rom for det kreolske språket som befolkninga brukte til vanleg. Korleis finne sitt eige språk som forfattar, når orda ein bruker ikkje blir anerkjent, og ein tilhøyrer ei befolkning som har blitt undertrykt og heldt som slavar i fleire hundreår? I denne samtalen med omsetjar Synneve Sundby, snakkar Chamoiseau om vegen til skrivinga, om kjønn, kreolitet og kva litteraturen kan bety.

Ly t t e p o s t e n :

Arabisk litteratur Alver

Laurdag 8. februar 15.15–15.45 Gratis Engelsk

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens arabiskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine i engelsk omsetting. Med Khaled Khalifa (Syria) og Mazen Maarouf (Libanon)

Meininga med Mandela Elva og livet Alver

Laurdag 8. februar 16.15–17.00 150 kr Engelsk

Romanen River av Esther Kinsky er som rennande refleksjonar over liv, landskap og menneske. Hovudpersonen går langs elva Lea ved London medan ho observerer vekstar og menneske, og minnest elver ho har budd langs og det som ein gong var.   Esther Kinsky er romanforfattar, poet og omsettar. Ho møter litteraturforskar Daniel Medin til samtale om språk, skrift, litteratur og psykogeografi. 

38

Den 11. februar 2020 er det 30 år sidan Nelson Mandela blei sett fri etter 27 år i fengsel. Sidan har han blitt hylla av ei heil verd som den store forsonaren. Men mange i den såkalla “born-free”-generasjonen – dei som er fødde etter apartheids fall – har ikkje eit like positivt syn på Mandela.    I denne samtalen møtest Njabulo Ndebele, forfattar og leiar for the Nelson Mandela foundation, Jonny Steinberg, sørafrikansk sakprosaforfattar og professor ved Oxford, og Koleka Putuma, sørafrikansk poet og aktivist, til samtale om kven Mandela var – og kva han betyr i dag. Samtalen blir leia av forfattar og sjef for LitFestBergen Teresa Grøtan.

39

Auditoriet

Laurdag 8. februar 16.30–17.30 150 kr Engelsk


Draumar frå krigen Korleis skrive humoristisk om krigens groteske kvardagsliv? Korleis drøyme, når det verkelege trenger seg på? I novellesamlinga Vitser til soldatene skriv palestinsk-islandske Mazen Maarouf med humor og intelligens om krigen. Han møter litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om korleis latteren kan redde oss frå røynda, men også lære oss noko nytt om den.

Laurdag 8. februar 17.00–18.00 150 kr Engelsk

Britiske Leonora Carrington og tyske Paula M. Becker var biletkunstnarar som ofte hamna i skuggen av sine mannlege kollegaer. I to nyskapande kunstnarbiografiar blir liva og kunsten deira utforska – og utfordra – på nytt. Susanne Christensen kom i 2019 med Leonoras reise, eit biografisk essay om surrealismekunstnaren Leonora Carrington. Ho møter den franske forfattaren Marie Darrieussecq, aktuell med bok om Paula M. Becker, Livet her er vidunderlig, i norsk omsetting. Samtalen blir leia av litteraturforskar Kari Jegerstedt.

Penny Johnson har undersøkt den israelsk-palestinske konflikten frå ein høgst uvanleg vinkel: Dyra som forsøker å overleve i dei okkuperte områda. I dette foredraget fortel Johnson om ulovlege kyr, arre­ sterte esel, vakre kamelar og jaga hyenar – og om korleis menneske og dyr i Palestina til tider deler ein skjebne som både er grotesk og absurd. 

Tyskland etter Merkel Laurdag 8. februar 17.15–17.45 100 kr Norsk

150 kr Engelsk

Livet med dyra

Fo r e d r ag, k va r dag: Alver

Laurdag 8. februar 17.45–18.30

Fo r e d r ag, k va r dag:

Mannen, kvinna og kunsten Ol av H. Hauge

Auditoriet

Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel? Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho om korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid.

40

41

Alver

Laurdag 8. februar 18.00–18.30 100 kr Engelsk


Bjørgvin Blod, sveitte og skrift Auditoriet

Laurdag 8. februar 18.45–19.45 150 kr Engelsk

Det er moglegvis berre eitt tema som er eit større kulturelt tabu enn kvinners menstruasjon: fråveret av den. Kvifor er overgangsalderen så stigmatisert? Meksikanske Gloria Gervitz og amerikanske Mary Ruefle skriv seg gjennom livet: I 40 år har Gervitz skrive på langdiktet Migrasjonar, mens Ruefle har gitt ut ei rekke essays og diktsamlingar. Dei skriv om barndom og alderdom, sex og onani, blod og overgangsalder – med djupt alvor og vill humor. Gervitz og Ruefle møter litteraturvitar og kjønnsforskar Kari Jegerstedt til ein samtale om litterære heitetokter.

Drapet i Bethlehem Alver

Laurdag 8. februar 18.45–19.30 150 kr Engelsk

I 1992 blei to menn i Bethlehem, Sør-Afrika, uskuldig dømde for drap. Først i 2011 blei dei lauslatne til eit Sør-Afrika som i mellomtida hadde gått frå apartheid til demokrati.   Jonny Steinberg har skrive ei rekke bøker om vanlege menneske og deira liv og kvardag etter apartheids fall. Han snakkar med Hedley Twidle om si nyaste bok One Day in Bethlehem, og om rase, klasse og representasjon i 2000talets Sør-Afrika.

Innestengd i kvardag Alver

Laurdag 8. februar 19.45–20.45 150 kr Norsk

Kva tyder ordet “kvardag” for ein som sit i fengsel, der kvar dag liknar ein annan, samtidig som ingenting er som normalt? I samarbeid med LitFestBergen har innsette i Bergen og Bjørgvin fengsel det siste året skrive tekstar om kvardag.   Ein av skribentane er Bjørn Dahl. Han er innsett i Bjørgvin fengsel, og møter sin skrivelærar Annette Mattsson og bibliotekar i Bergen fengsel Eivind Riise Hauge, til ein samtale om kvardagslege og litterære stengsel. Nokre av tekstane frå skriveprosjektet blir lesne opp under arrangementet. Samtaleleiar er Ida Lødemel Tvedt.

42

Jeg går over gårdsplassen før gikk galningene her med ledsagere, korte skritt og ansikter tunge av medisin Fra arbeidsværelset ser jeg bjørk og furu bryte mot den snødekte bakken I sør står fjellformasjonene Formiddagssola treffer Breistein hjertet mitt det høye gjerdet som går inn i grunnmuren på hver side av huset

De bygde travbane bortenfor her Skjøt ut fjell og drenerte myra Stalljentene seler på drømmene sine skritter ut i banen med slakke tømmer En hovslager står bøyd med en framfot mellom knærne og kjeften full av søm Ved stallinngangen en rekke sulkyer med armene mot himmelen Den svarte nyimporten skal gå hurtigarbeid Eierne står ved gjerdet og girer seg opp Hingsten varmer gjør tre volter før han rettes opp Han er mjuk og rytmisk i travet flyter forbi karene med vidåpne munner og Solvalla i øynene

43

I det åpne fengslet har fangene egen romnøkkel Enkelte har hoppet gjerdet blitt borte i vrimmelen av stikk og stjerneskudd Du finner en åpning mellom trærne selv de minste kvistene leer seg ikke sola har lagt seg på den blanke fjorden mot Osterøy

Trafikkmelding: En løs hest i vogn er på vei sørover fra Haukås langs Steinestøveien Stor trafikk i begge retninger TL


Sjamanmøte i Sibir I Tyvarepublikken i Sibir er sjamanisme offisiell religion. Forfattar, globetrotter og kampsportutøvar MiRee Abrahamsen har reist for å sjå kva rolle sjamanane speler i dag. Gjennom fleire møte fekk ho innsyn i sjamanisme, strupesong og slakteteknikkar. Dette skildrar ho i reiseforteljinga Sjamanen i stjerneregn – en reise til Asias sentrum.   Abrahamsen møter Jan H. Landro til ein samtale om å reise og skrive, om sjamanisme i Tyva – og om vår eigen rikssjaman, Durek.

Poetisk punkgalla Auditoriet

Laurdag 8. februar 20.00–20.45 150 kr Norsk

Frå stygt og rasande til høgstemt og lovprisande – poetar frå tolv nasjonar møtest i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens poetar: Maria Stepanova (Russland), Yin Wang (Kina), Niillas Holmberg (Sápmi/Finland), Fredrik S. Hagen (Noreg), Tishani Doshi (India), Jason Byrne (Storbritannia), Espen Stueland (Noreg), Gloria Gervitz (Mexico/USA) og omsetjar Helene Hovden Hareide (Noreg), Koleka Putuma (Sør-Afrika), Erlend Nødtvedt (Noreg), Esther Kinsky (Tyskland), Risten Sokki (Sápmi/ Noreg) og Ashur Etwebi (Libya)

Ol av H. Hauge

Laurdag 8. februar 20.00–22.30 200 kr Engelsk og andre språk

Halvvegs i programmet blir det ein pause på 30 minutt. Vert: Heidi Bøhagen Scenografi: Lise Kristensen

Juss og fridom i Hong Kong og Kina I 1997 blei Hong Kong gitt tilbake frå Storbritannia til Kina etter å ha vore britisk koloni i over 100 år. Kor mykje styrer Kina i Hong Kong i dag, og vil det vere noko att av Hong Kongs kultur, språk og fridom etter at Kina for fullt overtar i 2047? Antony Dapiran har budd og arbeidd som forretningsadvokat i Kina, både i Beijing og i Hong Kong, i meir enn 20 år. Dapiran har skrive fleire bøker om Hong Kong, og i den siste, The City on Fire: The fight for Hong Kong (2020) skriv han om kva dagens protestar vil bety for framtida til Hong Kong og Kinas plass i verda. Han møter jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde til samtale om fridom, juss og retts­ staten i vanskelege tider.

44

45

Alver

Laurdag 8. februar 21.15–22.00 150 kr Engelsk


SØNDAG 9. FEBRUAR Spør forfattaren! Auditoriet

Laurdag 8. februar 21.15–22.30 150 kr Norsk

Lurer du på kva Forfattaren et for å bli inspirert? Kor eller korleis hen søv, drikk eller …? No får du sjansen til å spørje! Vertskap for kvelden er dei småfrekke bokelskarane Siss Vik og Frode Helmich Pedersen. Med seg på scenen har dei Jens M. Johansson, representant for den austlandske forfattarstanden og Marit Eikemo, representant for den vestlandske forfattarstanden. Vik og Helmich Pedersen leiar an i spørsmål om stort og smått og inviterer publikum til å ta del i grundige undersøkingar av korleis forfattarkvardagen artar seg.

Fo r e d r ag, k va r dag:

Terrorens ofre

Sa m ta l e i n at ta :

Lars Saabye Christensen og Alf van der Hagen Auditoriet

Laurdag 8. februar 23.00–24.00 150 kr Norsk

I 1990-åra viste NRK den no legendariske programserien “Samtaler i natten” der Alf van der Hagen intervjua nokre av våre mest sentral samtidsforfattarar.    LitFestBergen tar opp tråden, og gir plass til ein djuptpløyande samtale om livet og litteraturen med Lars Saabye Christensen i døgnets siste time.    Arrangementet blir overført til Olav H. Hauge.

Dette er terroren sitt mål: Å skape negativ merksemd, å skape frykt. Korleis pregar terroren dei som blir direkte råka, som skadde, traumatiserte eller som pårørande? Vibeke Knoop Rachline er journalist og forfattar, busett i Paris, og aktuell med boka Terror i Europas hjerte. Med utgangspunkt i denne snakkar ho om dei som fort blir gløymde etter at kamera er slått av: terrorens ofre.

Søndag 9. februar 12.00–12.30 100 kr Norsk

Poetisk aktivisme Den sørafrikanske poeten Koleka Putuma vekker begeistring og sinne i heimlandet med sine konfronterande dikt og intense nærvær på scenen. Ho er ein såkalla born-free, fødd etter apartheids fall, og går rett i strupen på dei som meiner at svarte og kvite, kvinner og menn, no har like rettar. Musikaren, poeten og skodespelaren Niillas Holmberg insisterer på at han kjem frå Sápmi, okkupert av Finland. Samars kollektive tenkesett og kontakt med naturen står sentralt i hans kunstnariske virke. Dei to unge forfattarane vil framføre eigen poesi og diskutere poetikk og politikk med slampoet Michael W. Opara, også kjend som Doriansgrave.

46

alver

47

Ol av H. Hauge

Søndag 9. februar 12.00–13.00 150 kr Engelsk


Noreg: Eit generasjonsportrett Auditoriet

Søndag 9. februar 12.00–13.00 150 kr Norsk

Zinken Hopp

Søndag 9. februar 12.00–14.00 Gratis Engelsk/Norsk

To av Noregs største forfattarar, Ketil Bjørnstad og Lars Saabye Christensen, har skrive kvar sine storstilte romansyklusar og generasjonsportrett. Korleis ser dei tilbake på tiåra som dei sjølve har sett eit så stort kunstnarisk preg på?   Bjørnstad og Saabye Christensen møter forfattarkollega Selma Lønning Aarø til ein samtale om kvardagen som forfattar og kunstnar i Noreg rundt tusenårskiftet.

PEN postkortaksjon

Jorda rundt på 80 minutt

Norsk PEN og LitFestBergen inviterer publikum til å skrive ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar som sit fengsla eller er truga og forfølgde over heile verda. Postkort­aksjonen blir opna av Salil Tripathi, leiar for komiteen for fengsla forfattarar i PEN International og Kjersti Løken Stavrum, leiar i norsk PEN. Korta er laga av PEN-medlemmar og fribyforfattarar i Noreg. Opningstider, postkortaksjonen:  Fredag 15-17 Laurdag 12-14 Søndag 12-14

Bli med på ei litterær og kulinarisk reise jorda rundt. Som Phileas Fogg i den berømte romanen Jorden rundt på 80 dager dreg vi austover. Bli med Thorvald Steen til Istanbul, MiRee Abrahamsen til Kyzyl i Sibir, Susanne Christensen til Sidi Ifni i Marokko og Nazneen Khan-Østrem til London. Til kvart land følger det ein liten rett spesielt tilverka av Colonialen. I samarbeid med restauranten Colonialen.

I samarbeid med Norsk PEN

Lys og mørke Alver

Søndag 9. februar 13.00–14.00 150 kr Norsk

Kva er lys? Kor kjem det frå? Og korleis har jakta på og forteljingane om lyset prega menneska sine liv? Klimaforskar Bjørn Samset har skrive boka Lys, der han utforskar desse spørsmåla.   I boka Mørke spør Sigri Sandberg kva som skjer med oss når lyset står på døgnet rundt, og kva vi går glipp av når nettene blir for korte. Dei to møtest til samtale leia av Jan H. Landro.

Søndag 9. februar 13.30–15.00 350 kr (inkl. fire rettar) Norsk

Fjell og sjø. Poesi frå Shanghai og Bergen Ikkje ulikt Bergen har Shanghai vore den viktigaste byen i Kina for moderne poesi. Shanghai blir rekna som fødestaden for moderne kinesisk poesi, også kjend som “Ny poesi”. Denne sjangeren eksperimenterer blant anna med bruk av fri verseform og munnleg språk, i motsetnad til tradisjonell poesi som blir skrive på klassisk kinesisk. To poetar frå Shanghai, Yin Wang og Sanshu Qin, møter bergenspoetane Kristian S. Hæggernes og Fredrik Hagen for å lese dikt med improvisert musikk av cellist Matias Monsen og guzhengist Yuyue Zheng. I samarbeid med Northing.

48

Ol av H. Hauge

49

Auditoriet

Søndag 9. februar 14.00–15.00 150 kr Norsk/Kinesisk


Eit lyrisk tilsvar I 1991 fekk Aung San Suu Kyi Nobels fredspris, delt ut av Noreg. No meiner FN at Myanmar, landet ho leiar, er skuldig i folkemord på si eiga rohingyabefolkning. Tusenvis er drepne, fleire hundretusen er jaga på flukt. Poet og omsettar James Byrne har saman med Shehzar Doja halde skrivekurs i ein flyktningeleir for rohingyaer i nabolandet Bangladesh. Resultatet har blitt til boka I am a Rohingya. Byrne møter Jacob Silkstone til ein samtale om korleis det vi trur er godt, blir vondt, og kva trøyst lyrikken kan gi.

Rus og religion Alver

Søndag 9. februar 14.15–15.15 Gratis NorsK

Some turn to Jesus, and some turn to heroin, song Joni Mitchell i 1972. I 2019 ga Kristine Hovda og Øystein Skjælaaen ut bøker som kvar på sin måte utforskar levemåtar i ytterkantane av kva som for dei fleste fortonar seg som kvardagslege.   I boka Jeg lever ikke lenger fortel Hovda om ein oppvekst med tungetale, lovsang og misjon, mens Skjælaaen i boka Meningen med rus oppsøker stader som opnar tappekranene på tider andre startar arbeidsdagen. Er desse liva så ulike som dei kan verke? Dei to forfattarane møter Grethe Fatima Syéd til samtale.   I samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Novella som kvardagssjanger Ol av h. Hauge

Søndag 9. februar 15.30–16.30 150 kr Norsk

Stemningsskapande, kort og avgrensa: Kva er det som gjer novellesjangeren så eigna til å beskrive kvardagen? To av Noregs mest leste og kritikarroste novelleforfattarar, Laila Stien og Frode Grytten, møter romanforfattar Marit Eikemo, som hausten 2019 for første gong gav seg i kast med sjangeren, til samtale.   Samtaleleiar er bibliotekar og novelleforfattar Eivind Riise Hauge.

50

Alver Søndag 9. februar 15.30–16.15 150 kr Engelsk

Avs lu t n i n g s f r a m sy n i n g:

Throwing Voices Den siste programposten under LitFestBergen 2020 er ei sjangeroverskridande framsyning av musikk, tekst, strupesong, foto og tale. “Throwing Voices” er eit unikt samarbeidsprosjekt som ser på korleis språk, kultur og tradisjon kan resonnere på tvers av kulturelle grenser. Den svensk-samiske forfattaren Linnea Axelsson og den canadisk-inuittiske forfattaren Taqralik Partridge har skrive tekstar om tre objekt som tyder noko særskilt i deira kulturar. Den skotske folkemusikaren Kate Young har skapt musikkstykke til. Saman med omsettar Saskia Vogel og musikar Pippa Murphy står dei for første gong på scena i Noreg. Etter framsyninga snakkar kunstnarane med festivalsjef i LitFestBergen Teresa Grøtan om å overskride språklege og kulturelle grenser. I samarbeid med Edinburgh International Book Festival, der framsyninga hadde premiere i august 2019.

51

Auditoriet Søndag 9. februar 16.30–18.00 150 kr Engelsk/andre språk


Bergen International Literary Festival www.litfestbergen.no 6–9 FebruarY 2020 52

Profile for litfestbergen

Program LitFestBergen 2020 - norsk  

Advertisement