Issuu on Google+

HAVSALT SOMMAR VÅGSØY EID SELJE BREMANGER VANYLVEN

SOMMARMAGASIN 2013


VELKOMMEN TIL EIN HAVSALT SOMMAR

Majestetiske fjell og draumestrender i storslått natur, unike fyrog gardsopplevingar blanda med kunst, kultur, eit rikt festivalliv og fantastiske turmoglegheiter. Det er noko av det ein kan finne i Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven. Om ein vender blikket lenger sør og aust i Sogn og Fjordane er det ikkje langt mellom reiselivsmåla som lett konkurrerer i global samanheng. Isbrear, ville fjordar og togreiser som tek pusten frå deg, meir kunst, fleire festivalar og ein natur som lokkar tilreisande frå alle verdas hjørne. I Havsalt sommar har vi plukka ut eit knippe av dei mangfaldige attraksjonane i regionen og håpar det kan lokke tilreisande til fylket. Kanskje kan ein også lokke fastbuande til å vere turist i eige fylke? Velkommen!

Ansvarleg redaktør: Erling Wåge Magasinredaktør: Jo Carlson Marknadsansvarleg: Ståle Tennebø Tekst/foto: Janne Weltzien Listhaug Foto: Thomas Bickhardt, Arne Loftheim/Keipen Turlag, Trond Lødøen, Stadt Naturguiding, Norway Adventures, Harpefossen Skisenter,

Nordfjord golfklubb, Atle Midtbø, Finn Loftesnes, Arne Stubhaug, Trond J. Hansen, Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, privat, arkiv og pressefoto, Seinsommarfestivalen, Normann/ Reisemål Stryn og Nordfjord, Stein Sandemose Bårdsen, Olav Standal Tangen/Stryn Sommerski, Morten Rakke/Visit Flåm, C.H./Innovasjon Norge. Framsidebilde: Anja Midttun. Trykk: Polaris Trykk Trondheim

flytedress Før kr 1900,-

oppblåsbar flytevest SO

Vi er en av Nordfjords største leverandører av arbeidstøy og verneutstyr!

K

Havsalt sommar er utgjeven av Fjordenes Tidende i mai 2013 i eit opplag på 20.000.

om

lig handel! en hygge n til e m Trenings- og fritidstøy fra:

Gate 1, Måløy, tlf. 415 35 660

2

HAVSALTSOMMAR2013

Vi har også mottak for vask og rens.

VÅGSØY ti ting du kan gjere

k r:

P:

999,-

M E R PR I S :

699,-

Neoprenestøvler til barn og voksne. Fra

lk Ve

M

UP

399,-

Jakka ungdommen bare «må ha». Stort utvalg i allværsbekledning til barn og voksne.


VÅGSØY TI TING DU KAN GJERE

HELSAR VELKOMEN TIL ØY-IDYLL

1

På øya Silda på austsida av Vågsøy tar Jarle Silden imot deg i den gamle saltebuda Skjærbuda. Buda frå 1856 har sidan midten av 1980-talet fungert som pub og restaurant, og feira i fjor 25-årsjubileum. Den er svært populær blant fastbuande og ikkje minst tilreisande. Silda har ikkje mange fastbuande, men er ei reell sommarperle og ein populær utfartsstad allereie frå påsketider. For å komme til den bilfrie øya kan ein bruke eigen båt eller rutebåt. Skjærbuda har gjestebrygge, i tillegg finst det gjestehamn med alle fasilitetar nord på øya, bare ti minutts gonge frå Skjærbuda. Elles er det fine turstiar på øya og privat utleige av hytter. Skjærbuda er open kvar dag frå 28. juni til og med 11. august. Nokre av helgane diskar Skjærbuda opp med levande musikk og helga 16.–18. august rundar av sesongen.

3


NATURENS KUNSTVERK

BOWLING MIDT I BYEN

2

4

Etter å ha blitt slipt av havet gjennom tusenvis av år har Kannesteinen fått si spesielle form. Eit av dei mest ynda fotoobjekta i Vågsøy står blant rullesteinar, berg og spesielle steinformasjonar i fjæra i Oppedalen på vestsida av Vågsøya.

Thierry Weemol ved Brunsvik Bowling ønsker deg velkomen til å teste ut bowlingferdigheitene dine i Gate 1 i Måløy. Bowlinghallen har seks baner og alt av nødvendig utstyr. Hallen har ope kvar dag og arrangerer vekescupar og turneringar i løpet av sommaren. På turneringane kan alle frå 6 år og oppover delta, og dei tilsette kjem gjerne med eit bowlingtips eller to. Mellom rundane på bowlingbanen kan ein også teste ut bilspel og airhockey, eller smake på ein skikkeleg amerikansk pizza. Baner leigast også ut til arrangement som barnebursdagar. Brunsvik Bowling er også ein av tre plassar i Måløy som har filmutleige.

Ein rasteplass, gangveg og ei plattform er laga til slik at ein kan nye synet av den over 3 meter høge steinen med utsikt vestover til storhavet. Scener frå Kannesteinen blei nyleg brukt i innspelinga av ein indisk storfilm. Kannesteinen har i tillegg sin eigen konjakk og frimerke, samt vore brukt i fleire reklamesamanhengar.

VÅGSØY

3 1 7

5 2

10

9 4 6 8

EIN TUR I VINDPARKEN

3

Mehuken vindpark finn ein på fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes. I tillegg til dei imponerande vindmøllene på fjellet har området ei fantastisk utsikt. Rett vest i havet, til Stadhalvøya i nord og Bremanger i sør får ein ei overveldande utsikt.

Det er grusveg frå hovudvegen og det er sett opp bord og benker på toppen.

TI ÅR MED FYRKAFÉ

Totalt 13 vindturbinar er bygd i parken, høvesvis i 2001 og 2010.

4

HAVSALTSOMMAR2013

5

Kafeen ved Ulvesund fyr er ti år i år. Ved fyret kan ein slappe av i hagen, helse på geitene eller ete Sølvi Hopland Aemmer sin heimelaga blåbærpai, rabarbrakake eller den populære fiskeburgaren i kafeen som har ope kvar dag frå midten av juni. Utegudstenesten 11. august set punktum for sommarkafeen. Fyret er populært blant tilreisande som overnattar. Dette kan ein også kan gjere på turfyret Skongenes som ligg ein times spasertur i lett terreng frå Halsør. Der får ein nydeleg utsikt over Stadhavet. Ein kan prøve fiskelykka, og om vêret tillet, er det moglegheiter for bading.

VÅGSØY ti ting du kan gjere


VISER FRAM KOMMUNEN

9 6

UTVIDAR REPERTOARET

Restauranten Kraftstasjonen drive av Rita og Arne Andal har alltid hatt fersk fisk som sitt kjennemerke. I sommar blir menyen utvida med mellom anna antipasti som ein også får kjøpe i eit eige lite koloniutsal saman med andre varer av god kvalitet. Menyen vil også gjennomgå ei anna forandring til sommaren og innehalde meir rawfood og ferskpressa juice, klippfisk og blåskjel. Kunst av lokale kunstnarar blir å finne på veggene og restauranten har i tillegg ei intim scene med instrument til dei av gjestene som ønsker å prøve seg. Arne, som er ein habil musikar, tar også gjerne fram gitaren og skapar ekstra god stemning.

Om ein interesserer seg for krigs- eller lokalhistorie, tar lokalhistorikar Terje Sølvberg deg gjerne med på historisk vandring i fiskeribyen Måløy. Utvikling, historiske hus og hendingar kan han mykje om. Dersom ein vil sjå meir av kommunen, kan også Sølvberg leigast inn til guiding Vågsøy rundt. Ein slik tur gir innblikk i både bygdelivet og naturen i området. Med den utbetra sjark- og gjestehamna i Måløy, ønsker Terje Sølvberg å sette opp buss til båtturistane som ønsker seg ein fin tur rundt Vågsøy.

POPULÆR STRANDPERLE

7

1,5 kilometer med kritkvit sandstrand og blå sjø med utsikt mot storhavet i nord. Kan ein be om meir på ein solfylt dag? Draumestranda i Refvik har vore kåra til Norges finaste fleire gonger, og ikkje utan grunn. Til Refviksanden nord på Vågsøya kjem vågsøyværingar og andre tilreisande med ein gong gradestokken kryp oppover og sola kjem fram. Bading, ballspel, grilling eller bare avslapping i sola kan ein gjere nesten uforstyrra på den store sanden. Om ein vil nyte solnedgangen i havet kan ein overnatte på campingen på marka over sanden. Der finn ein også parkeringsplass, kiosk og sanitæranlegg for gjestene.

LINEFISKE PÅ LEKTEREN

EIN AV DEI BEST BEVARTE

8

10

I sommar kan ein ta eit djupdykk i historia om linefisket. Utstillinga kan ein sjå i det spesielle åttekanta rommet der veggene er vindusflater med utsikt til hamna i Måløy.

Vågsberget ligg i sjøkanten ved Vågsvåg og er rekna som ein av dei best bevarte handelsstadene langs norskekysten. Anlegget omfattar krambu, arrestlokale, eldhus, stabbur, gjestgjevarhus, sjøhus med eldre båtar og fiskeutstyr, samt hovudhus og driftshus.

Ei miniutgåve av det tidlegare Fiskerimuseet i Måløy blir stilt ut på lokalet på lekteren midt i Måløy. Etter at eldsjeler i fjor pussa opp lokalet på hamna har delar av museet sine gjenstandar vore utstilt sidan Måløy Havfiskefestival i fjor i påvente av eit større lokale.

Miniutstillinga held ope kvar laurdag fram til 1. oktober, samt etter behov eller ønske.

Vågsberget Handelsstad er den eldste handelsog gjestgjevarstaden i ytre Nordfjord. Drifta går heilt tilbake til 1600-talet. Plasseringa nært rike fiskefelt gjorde dette også til den viktigaste handelsstaden fram til slutten av 1800-talet.

Det vil vere enkel kafé og guiding i tunet og husa i sommar. Handelsstaden opnar for sommaren med open dag og kunstfotoutstilling sankthansaftan. Bilda som blir vist er frå den kjende amerikanske fotografen Robert A. Robinson. Han tok bilde på kysten av Sogn og Fjordane og utstillinga skildrar sildefiske og miljøet på kysten. Det er Kystmuseet i Florø som har sett saman utstillinga. Det er også museet som i lag med Kultursmia står saman om å halde Vågsberget ope.

5


Tar vare på tradisjonane 27. og 28. juli blir det ope hus ved Hagevik Tønnefabrikk. Magnar og Per Henrik Gillesvik har begge lært seg bøkkarfaget og inviterer folk inn for å sjå korleis ein lagar tønner. I tillegg til tønnemaking, blir det historier og enkel servering på loftet. Tønnefabrikken er også ein del av Vågsøy kommune si feiring av 250 årsjubileet til Sogn og Fjordane fylkeskommune. I denne anledning skal raudebergar og professor i historie ved Høgskulen i Bergen, Karl Egil Johansen, halde foredrag. «Snurpenot til ringnot, vintersildeventyret i 1950-åra og overgangen til nordsjøfiske», er arbeidstittel på foredraget.

Håpar på 1.000 besøkjande Finn Melsether og Odd Arne Mulelid vil ifrå Måløydagane siste helga i juni og ut i august ta i mot båtfolket på den nye sjark- og gjestehamna i Måløy. Dei som kjem sjøvegen til Måløy vil kvar morgon bli møtt med rundstykke, den ferskaste utgåva av Fjordenes Tidende, reiselivsmagasinet Havsalt sommar samt informasjonsmateriell frå Måløy. Gjestehamna vil ha offisiell opning i månadsskiftet mai/juni. Gjestehamna har blitt over 200 meter lang og rundt 100 båtar kan ligge der samtidig. Eit nytt sanitæranlegg er også på plass på kaia.

Markerer 62 grader nord På fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes finn ein bautaen som markerer 62 grader nord. Steinen er plassert der 62 breiddegrader kryssar 5 grader aust. Bautaen står ved ein veglomme og har blitt ein populær turistattraksjon.

Kastar snøret på ny Måløy Havfiskefestival såg dagens lys i fjor, og etter ein suksessfull fiskefest blir det i år arrangert ein ny. 9.–11. august blir det norgescup i havfiske på sjøen i regi av Nordfjord Havfiskeklubb, samtidig blir det fullt av aktivitetar og underhalding i sentrum av Måløy. Ekstra folkeliv kan det bli med cruisebåten Braemer med nesten 1.000 passasjerar som ligg til kai i Måløy laurdagen.

Viser fram samlinga Måløy Kunstlag vil vise bilde av mellom anna Tove Strømme, Knut Rumohr og Ørnulf Opdahl i lokalet «Den blå hesten» i sommar. Bilda er frå samlinga som kunstlaget har bygd opp gjennom 30 år. Galleriet skal ha ope ein dag i veka i sommar og er også ein del av Kunstløypa for 2013.

Lovar større folkefest Det er ingen sommar utan dei tradisjonsrike Måløydagene som i år blir arrangert 28.–30. juni. Arrangørane satsar større i år og har mellom anna fått Olav Tufte og Timbersport til Måløy. For første gong blir det også arrangert veteranbåttreff under Måløydagene. Lokale og nasjonale artistar held konsertar på Torget, og Måløy Musikklag står tradisjonen tru for underhaldninga i teltet laurdagskvelden. Fredag blir det MOT-arrangement i teltet, og komiteen lovar både retro konkurransar, tivoli og mykje liv og røre til Måløydagene. I båt rundt Vågsøy Frå sjøsida kan ein i sommar oppleve Vågsøy og ytre Nordfjord i fartsfylte rundturar. Den hurtiggåande RIB-båten til Vågsøy Adventure og Thomas Hagen kan ta deg og ni andre med Vågsøya rundt. Eller kanskje freistar ein kjapp tur til Silda, fyrsafari i Vågsøy eller ein tur innover nordfjorden til stader som Hornelen eller Rugsund? Ein kan også få skreddersydde turar.

Rolege dagar på stormfyret Kråkenes fyr på Kråkenes har eit helseoppbyggande fokus med konseptet SlowTur, som er eit overnattingstilbod over fleire døgn der ein kan senke skuldrene med massasje. Det har blitt populært å leige brudesuiten eller heile anlegget til eigne arrangement. Det er også mogleg å bestille omvising på det gamle fyret.

Tar deg med til havs Rolf Aare og sonen Harald Aare driv den over 60 år gamle redningsskøyta Olav Ringdal Jr. Sidan 2004 har dei tilbydd turar på havet med den restaurerte og verneverdige redningsskøyta. Mat frå havet blir servert om bord på skøyta som kan ta 36 passasjerar med på tur. Skøyta har alle rettar og har også fiskeutstyr om bord til dei som ønsker å fiske. Skøyta har også hatt både barnedåp, bryllaup og jubileum om bord.

6

HAVSALTSOMMAR2013

VÅGSØY LITT AV KVART SOM SKJER

Minnast dei falne I Lingeparken i Måløy står minnesmerke over kaptein Martin Linge. Krigshelten falt under «Operation Archery», også kjent som Måløyraidet, 27. desember 1941. Operasjonen, som var utført av allierte styrker beståande av 576 kommandosoldatar med betydeleg støtte frå luft- og sjøstridskrefter, har i ettertid blitt omtalt som eit nøkkelpunkt i krigens vidare utvikling. Monumentet over Linge, utført av Ståle Kyllingstad, blei avduka i Måløy i 1966. På Moldøen er det også reist ein bauta til minne om dei 52 allierte soldatane som falt under Måløyraidet. Også dei fire som omkom då allierte fly blei skotne ned under frigjøringskampane i april 1945 er heidra med ein stein like ved. På Torget i Måløy står bautaen som minnast dei fire falne frå Sør-Vågsøy under andre verdskrig og dei falne frå Nord-Vågsøy er heidra med minnesmerke ved Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg.


Nyhet i Måløy sentrum! Forteljingar i Kunsthuset Skulpturelle uttrykk og installasjonar, tremateriale og japansk tresnitt har lenge vore Gerd Endestad sine føretrukne arbeidsmetodar. Ho har stilt ut i både USA, Japan og Norge. I sommar er fokuset fotoarbeid og Endestad ønsker velkomen til Kunsthuset som sidan 2006 har vore hennar arbeidslokale. Om Forteljingar Funne gjennom Fotografi er fotoutstillinga som viser smakebitar ifrå siste års reiser og residenceopphald i Ny-Ålesund og Roma. Spennvidda i materialet er stort og ein vil også finne innslag av japansk reinleik og røtene på Vestlandet om ein tek turen til Rimstaddalen på Bryggja. Dei tre første helgane i juli blir det ope og Endestad lover også kaffi og kaker til sommaropplevinga i Kunsthuset.

HOBBYFISHER - norskutviklet teine- og garnhaler. Elektrisk eller bensindrevet. Inntil 220 kg trekkraft.

Stadtteina Kanskje markedets beste krabbe/ hummerteine

Vågsøy Parkering etablerer bobilparkering, i sentrum av Måløy, med flott utsikt over havna. Bobilparkeringen er utstyrt med lekeapparater, så her blir det også kjekt for barna. I tilknytning til gjestehavnen finnes sanitæranlegg, med toalett og dusj. Også vaskemaskiner og tørketromler er tilgjengelig i sanitærbygget. Velkommen til hyggelige feriedager i idylliske Måløy.

Boks 89, 6701 Måløy, Tlf. 57 85 30 75, Faks 57 85 15 04, Mobil 907 87 328

Service i sentrum Vi utfører reparasjoner og vedlikehold av båter opp til 100 fot midt i Måløy sentrum. - Bestill slipp-plass i dag så kan du utføre alt vedlikeholdet i romslige omgivelser - Leverer alt av bunnstoff/zink/lakk m.m. - Stort utvalg i verktøy og båtutstyr

Service

Telefon 57 85 59 04

57 85 11 77 90 91 91 96

Service

Industrivarer Spesialvarer Båtslipp Jernvarer Mek. verksted

7


8

HAVSALTSOMMAR2013

VÅGSØY


Besøk

www.mglass.no for aktuelle kampanjer / tilbud, nyheter og mer. GLASSMAGASINET BRIO LEKELAND PARFYMELLE MOTEHJØRNET MÅLØY GLASSMAGASIN AS

Vitusapotek Måken Måløy tlf. 57 84 98 80 Dere finner oss på Måløy Brygge. Reduserte åpningstider i sommer: Fra man. 17.06 til lør. 17.08: Man-fredag kl. 09:00-16:00 Lørdager kl. 10:00-14:00 Velkommen innom!

Måløy gir deg sommerminner for livet! Måløy er en flott liten kystby nordvest i Sogn og Fjordane. Full av sjarme og historie. Med Stadthavet som nærmeste nabo inviterer Måløy til mange gode opplevelser. Badestrender, båtturer, havfiske, fjellturer og fine sykkelstier. Slikt blir det gode sommerminner av. Hos oss får du gratis sommerpass som gir deg hver 6. natt gratis og Biker Pass som gir deg 15% rabatt på beste pris. Passet kan brukes i hele Skandinavia.

BEST WESTERN Måløy Hotell Pb. 223, N- 6701 Måløy Tlf: +47 57 84 94 00 maloy@bestwestern.no bestwestern.com/no/maloyhotel

9


Skjær buda Ytterst i havgapet utenfor Måløy, finner du Skjærbuda. En gammel saltebud fra 1800-tallet som nå er en restaurant, idyllisk plassert på den lille øya Silda i Vågsøy kommune.

Matkultur og musikk på Kraftstasjonen

Midt i Måløy finn du ein av kystens 10. august beste fiskerestaurantar. Her serverar er det havfiskefestival vi lokalmat med fisk i fokus. Vi har i Måløy, og på Kraftstasjonen a la carte med fisk og kjøt, lunsjmeny blir det spesialmeny og og dagens fisk. Vi har ramslauksmør frå konsertar denne helga. eigen hage, eigne instrument til gjestane våre, husmusikar, konsertar og kunstutstillingar.

Restauranten har: - rikholdig ala-carte meny, - egen gjestebrygge - utleiemuligheter av hytter. Restauranten er åpen 17. mai og pinsehelga. Hver helg fra fre. 7. juni. Hver dag fra fre. 21. juni t.o.m. søn. 11. august. Siste helg blir 16. -18. august.

Nytt av i år er vårt lille marked Følg med Her kan du kose deg med m.a. tapas, fish&hips, på facebooksidene kringle, god kaffe og dagsferske supersmoothies. våre for oppdaterte Om du ikkje har tid til å sette deg ned, kan du kjøpe nyhende. med deg ein av våre ferdige småretter. Her sel vi óg delikatessar som spennande ostar, skinker, gode oljer, fikenpuré, rå sjokolade og mykje meir.

Musikk noen av helgene. Krabbefest blir det også i år. Den går av stabelen 12. oktober.

For bordbestilling: 57 85 12 60 www.kraftstasjonen.no

Velkommen! Vil du overnatte, søv du best på Torget Hotell, eit steinkast frå restauranten. www. torgethotell.no

Tlf. 932 99 903 E-post: ja-silde@online.no www.skjaerbuda.com

Åpent: Mandag: 11 - 16 Onsdag - fredag: 11 - 16 Lørdag: 11 - 15

For første gong vert det omvisning i hovudhuset på Vågsberget, det eldste og best bevarte handelstedet. Ope tys.søn. kl 12 - 18. www. vaagsberget.no

Fyr i Nordfjord

tre lyspunkt

Kråkenes Fyr Stormfyret www.krakenesfyr.no

Nyt ditt måltid hos oss! Vi tilbyr alt fra lunsj til komplett catering av selskap. Kontakt oss for et godt tilbud.

Velkommen! Tlf. 57 85 12 63

E-post: kristian_simensen@bjorgsmat.no

Kvalitet til superpris: MTD RS 125/96 m/ 12,5 hk motor KampanjeKa amp panje pris: pr p ris is:

SlowTur®. Flere døgn overnatting ved havet. InnerLifeMassasje® og naturopplevelser. Brudesuite i hovedhuset og 5 dobbeltrom i stormhuset. Tlf +47 57 855527 Mobil +47 95023668

Ulvesund Fyr Kulturfyret www.ulvesundfyr.no Overnatting på fyrloftet, i Maskinhuset og Uthuset. Fyrkafé kvar dag om sommaren 13-18. Sjarmerande fyrbutikk med handarbeid. Fotoutstilling. Tlf +47 57851777 Mobil +47 95240487

Skongenes Fyr Turfyret www.turistforeningen.no/ynt

Vi kan også levere: Nyhet: Robotklippere og Nilfisk høytrykksspylere. Bensindrevne, elektriske og traktorgressklippere. Motorsager, jordfresere, vedkløyvere og kompostkverner.

10

HAVSALTSOMMAR2013

Lokal forhandlar: Bjørn Inge Oppedal Besøksadr.: Gt. 1 nr. 15. 6700 Måløy Tlf. 913 89 696

VÅGSØY

Ein times spasertur frå Halsør i lett turterreng. Flott utsikt mot Stadhavet. Utleie overnatting for turgåere. Ikkje bilveg. DNT hytte. Nøkkel må hentast. Mobil +47 93854398 +47 93854398


EID TI TING DU KAN GJERE

34 GRADER ÅRET RUNDT

1

I det romerskinspirerte Badehuset på Nordfjord Hotell er det sommar året rundt med terapibassenget som alltid held temperaturen 34 grader. Spaet tilbyr heile spekteret av velværebehandlingar, det vere seg kinesisk, klassisk, aromamassasje eller massasje med varme steinar, innpakningar, kosmetisk akupunktur og ansiktsbehandlingar. I tillegg til behandlingane er det populært å bruke treningsrommet, for deretter å innta saunaavdelinga med både finsk, tyrkisk og infraraud badstue. Etter ein isdusj kan ein ta hydromassasjebad eller hoppe i det utandørs boblebadet med saltvatn. Elles kan kanskje ein honning- eller sjokolademassasje freiste? Nordfjord Hotell har blitt ei familiebedrift og Eli Førde Aarskog karakteriserer Badehuset som blei bygd i 2010 som 50 prosent velvære og 50 prosent rehabilitering. Kombinasjonen trening og varmebasseng er ypparleg for rehabilitering og Badehuset har universell utforming.

11


YRANDE LIV I GATA

2

Sommaren på Nordfjordeid byr på eit rikt folkeliv i Eidsgata. Frå 22. juni og ut juli er det Sommarshopping i Eid.

GIR UTSIKT UT FJORDEN

5

På toppen av Trollenykjen sine 898 meter får ein ei praktfull utsikt over Nordfjorden og Nordfjordeid.

Kvar laurdag blir Eidsgata stengt for trafikk og boder og stands poppar opp. Underhaldning, kultur- og musikkinnslag betyr ekstra moro i den brusteinslagde gata som blir besøkt av lokale så vel som tilreisande. Det er også noko for dei minste og barneaktivitetar som ballongslepp vil også arrangerast i år.

Turen startar rundt 100 meter frå Skipenes bru med traktorveg over dyrka mark. Her finn ein ein godt merka sti som etter kvart går gjennom lauvskog og vekslande myrog jordgrunn til ein får fast fjell under beina. Vanleg turtempo tar deg til toppen på cirka to timar. Om ein vil prøve å nå toppen raskare, blir det i sommar arrangert Trollenykjen Opp for fjerde gong. Motbakkeløpet har hatt rundt 150 deltakarar og rekorden er på 35 minutt og 10 sekund.

MØT FJORDHESTEN

6 STOR SJANSE FOR STORLAKS

3

17 kilo var den største laksen som blei tatt i den berekraftige Eidselva i fjor og 1. juni opnar sesongen på ny. I dei totalt ni sonene i elva blei det i fjor drege opp 3.102 kilo laks og 311 kilo sjøaure. Leiar Svenn Morten Eikeset i Eid Sportsfiskarlag fortel at sjansen er stor for å ta ein laks på rundt 9–10 kilo, men at ein sjeldan får laks større enn 15–16 kilo, altså langt mindre enn rekorden på 27 kilo ifrå 1944. Eidselva har gode oppvekstvilkår for laksen som reproduserer seg sjølve. Dette gjer at elva har mange tilreisande fiskarar som også brukar fiskesporten som rekreasjon. Fiskekort får ein kjøpe på sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid.

NASJONALROMANTISK KYRKJE

4

Nordfjordeid er etter Selja rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord. Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre som blei fullstendig restaurert i 1915 av kunstmålaren og treskjeraren Lars T. Kinsarvik. Han omgjorde kyrkjerommet til eit prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg. Kyrkja er kjend som den rosemåla kyrkja og er rikt dekorert i tak, på vegger og på søylene. Det særmerkte er i tillegg at tårnet på kyrkja er plassert over midtskipet. Kyrkja er også den romslegaste i Nordfjord med 750 sitjeplassar og er open kvar dag i sommar. Om ein ønskjer å sjå innsida av dei tre andre kyrkjene i Eid: Kjølsdalen, Heggjabygda og Stårheim kan kyrkjekontoret kontaktast.

12

HAVSALTSOMMAR2013

EID ti ting du kan gjere

Ein av Norges nasjonalskattar er fjordhesten og ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid kan ein både teste ut og tileigne seg meir ridekunnskapar. Turistriding ved senteret, der folk i alle aldrar kan prøve seg på ein rusletur med ein hjelpar ved sidan, er populært. Ein kan også få ridetimar i hallen eller lengre turar tilpassa ferdigheitsnivå. Fjordhestsenteret arrangerer også rideturar på fjellet gjennom sommaren der ein får oppleve fjordhesten i sitt rette element . Senteret har eit nært samarbeid med Harpefossen Skisenter om turar i flott terreng i Hjelmelandsdalen. Norgesmeisterskapen i Fjordhest blir arrangert på Nordfjordeid 6.- 13. juli og i denne forbindelse blir det arrangert dagleirar der aktivitetane mellom anna er fôring og stell av hest, sprang og dressur.


NATUROPPLEVINGAR PÅ TO HJUL

7

SLAG I SLAG PÅ GRØNT GRAS

9

Stokkenes Golf Park er ei 9-hols bane som ligg fint til langs Eidselva. Bana som opna i 2006 har ein høg standard, og både bane og driving range kan brukast dag og kveld.

Med snø i bakken byr Harpefossen Skisenter i Hjelmelandsdalen på mykje ski- og vintermoro. Men også sommarstid er det ting å finne på i Hjelmelandsdalen. I sommar blir det mellom anna klart for downhillsykling i trasé laga til på austsida av Kjenndalsheisen på Furuhogane. Om ein vil nyte naturen i eit litt rolegare tempo finst det mange turmoglegheiter i Hjelmelandsdalen. Skisenteret blei i fjor ferdig med merking av alle turløyper og har noko for ein kvar smak. Turane som går via Furuhogane passar for dei litt trente medan turane som går i Hjelmelandsdalen og postvegen til Tippadalssida passar for dei fleste. Turane byr på fine omgjevnader og er attraktive for lokale så vel som turistar. I tillegg er det gode fiskemoglegheiter i elva Hjalma og fiskevatn innover fjellet. I lag med Norsk Fjordhestsenter tilbyr Harpefossen også hesteriding i dalen.

Bana er relativt kort, men har naturlege terrassar for kvart hol. Det er også moglegvis den einaste bana i landet kor ein kan spele golf og fiske etter laks samtidig. Den er godt halde ved like av medlemmene i Nordfjord Golfklubb. I fjor opna eit nytt øvingsområde for alle med green, bunker og rangetrening. Nordfjord Golfklubb arrangerer turneringar i løpet av sommaren der den største av desse er Maurstad Open.

EID

7

10

6 1 2 4 8

KULTURHUSET I GATA

8

Midt i Eidsgata finn ein den tradisjonsrike Gamlebanken. Dette er den kulturelle møtestaden på Nordfjordeid. Kunst over tre etasjar, med turistinformasjon i midten og Bankpuben i kjellaren inviterer deg til å ta turen innom i sommar.

Gamlebanken er ifrå 1881 og var nytta til bank heilt fram til 1963. Seinare har den vore nytte til bibliotek og administrasjonsbygg for Stiftinga kulturhuset Gamlebanken, som i 1998 tok over. Huset har sidan vore ein oase for kunst- og musikkinteresserte, og ein får også «rockestæsj» til Malakoff Rockfestival i huset. I tillegg til sommarutstillinga finn ein bilde frå faste kunstnarar i Gamlebanken, som mellom anna Finn Egil Eide, Tommy Bredesen, Ien Klaver, Åge Steinset, Kjeld Stub, Ørnulf Opdahl, Olav Storø og Roy Dahl.

9 3

KJEM TILBAKE MED NY UTSTILLING

10

Sommarutstillinga ved Holmøy Arbeidsskule er det Svelgen-kunstnaren Åge Steinset som står for i år. Det er det tiande året med sommarutstilling ved arbeidsskulen som held ope laurdag og søndag frå 15. juni til 11. august. Tiårsjubileet skal markerast ved opninga.

Åge Steinset har tilknyting til arbeidsskulen og hadde sommarkurs i kunstmålarfaget i tolv år. Holmøy Arbeidsskule var den første arbeidsskulen eller snikkarskulen i Skandinavia då den blei skipa i 1858. Då den blei lagt ned i 1972 blei undervisninga flytta til yrkesskulen på Nordfjordeid. På førespurnad kan ein få omvising på arbeidsskulen og den unike samlinga som fortel historia til garden og skulen. Holmøy Arbeidsskule er også med i Kunstløypa 2013.

13


Maurstad på sokkel Alfred Maurstad frå Bryggja var ein av dei fremste scenekunstnarane i det 20. hundreåret, og har fått sin eige statue i Maurstadparken på Nordfjordeid. I Eid finst det også statuar av matematikaren Sophus Lie, overlege Hans Chr. Wennevold og kunstmålar Eilert Mehl. I tunet til Orheim Orheimstunet på Stårheim har tatt vare på samlinga som var igjen etter den kjende salmediktaren og forkynnaren Mathias Orheim. I tillegg til overnatting i gamlefjøsen som er ombygd til overnatting og selskapslokale, kan ein få omvising i tunet.

Klemmebenken i Eid Klemmekroken i Eidsgata er kanskje det mest fotografterte objekta i Eid og gir deg moglegheita til å ta ein pust i bakken og gje nokon ein klem. «Klemming er sunt, året rundt» står det på skiltet over den koselege benken. Ein god klem skal mellom anna seinke blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen, ifølgje skiltet. Endå større Malakoff Malakoff Rockfestival blir arrangert for ellevte gong 18.- 20. juli og byr i år på mellom anna Biffy Clyro (UK), The Hives (S), Kaizers Orchestra, First Aid Kit, Morten Abel, Lars Vaular, CC Cowboys, Black Debbath og Eva & The Heartmaker. Festivalen har kvart år sidan starten sett publikumsrekord. I fjor var ikkje eit unntak med 17.000 tilskodarar. Kultur i høgsetet Teater, opera, musikk og spel har fått boltreplass i Operahuset Nordfjord som stod ferdig i 2009. På sommarens kalender står mellom anna sommaravslutning med kulturskulen, konsert med St. Hallvardguttene og Vestlandsk sommarsymfoni.

Feirar 100 og 150 år 21.–23. juni blir det nye framsyningar av spelet Elskhug og eksis. Spelet er sett til 17. mai 1895, ei stund prega av unionen med Sverige og lokale hendingar på plassen. Fredagen blir det jubileumsframsyning i Operahuset Nordfjord og her deltek Forsvarets divisjonsmusikkorps Vestlandet saman med Eid Musikklag som feirar 100 år, Eid IL si turngruppe som feirar 150 år og skodespelarane frå Elskhug og Eksis. Laurdag og søndag blir det framsyningar i amfiet på Eksersisplassen. Regissør for Elskhug og eksis er Marit Grytnes Dullaert og regiassistent er Erlend Ona Gjul.

DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER OG BRILLER? Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar Ta T kontakt for meir informasjon og referansar!

Perfekt syn på eit augneblink Lurer du på om du skal hoppe i det og kvitte deg med briller og linser for godt? Vi kan hjelpe deg ved å gje deg perfekt syn, men første steget må du ta sjølv. Ta turen innom og sjå kva vi kan gjere for deg.

Motormania i Eid I staden for Amcar-treff i Svelgen, arrangerer Svelgen Amcar-klubb i lag med bilentusiastar frå Eid, Motormania på Nordfjordeid 15. juni. Dette er eit eindagstreff med utstilling og samling av alle typar bilar: Amcar, veteranar, traktorar og MC. Det blir bilslalåm, bilfotball og motorsprenging som Svelgen Amcarklubb etter kvart er kjende for. Det heile skal skje på utstillingsplassen ved stadion på Nordfjordeid.

14

HAVSALTSOMMAR2013

EID LITT AV KVART SOM SKJER

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

Reklamebyrået Inform Media

Synskirurgi er ei tillitssak


SELJE TI TING DU KAN GJERE

UNIKE SURFEMOGLEGHEITER

1

Ein av dei beste surfeplassane i landet er det ytre Stadlandet i Selje som byr på. Hoddevik er staden for surfing både i finvêr og under meir ekstremt vêr sidan stranda er skjerma av dei høge fjella rundt. Kombinasjonen av god surfing og storslått natur gjer at surfarar frå heile verda finn vegen til Stad for å leike i bølgjene. Fleire operatørar på staden tilbyr sal og utleige av surfeutstyr, samt kurs. Det er også moglegheiter til å overnatte i Hoddevik og både surfecampar og yogakurs er verdt å få med seg. Campingplass er det også rett ved sanden i tillegg til eit relativt nytt sanitæranlegg til bruk for bade- og surfegjester. På Erviksanden, berre tre mil unna, er det også gode moglegheiter.

(Foto: Seinsommarfestivalen)

15


7

TILBYR SPA FRÅ HAVET

1

10

2

Gerd Kjellaug Berge er direktør ved Selje Hotel som etter kvart har fått Selje Spa Thalasso som sitt varemerke. Spaet ligg rett ved Seljesanden og det unike med tilbodet er bruken av sjøvatn henta frå Stadhavet og varma opp til 40 grader i behandlingane. «Well-being» er eit viktig stikkord for hotellet. Algeinnpakningar, undervassmassasje, dusjspyling, badstue, hud- og kroppsmassasje er bare nokre av behandlingane ein kan oppleve. Det er også symjebasseng, sauna, oppvarma utebad og treningssenter ved hotellet som kan brukast om ein er hotellgjest eller båtturist. Selje Hotel er eit godt utgangspunkt for natur- og kulturopplevingar i regionen.

1

5

4 3

2 8

6

9

TA TUREN TIL HISTORISK KLOSTERGRUNN

3

Legenda fortel at den irske kongedottera Sunniva på flukt kom i land på Selja på 900-talet og gøymde seg i ein hellar for å sleppe unna heidenske nordmenn under Håkon jarl. Følgjet blei bønhøyrt då fjellet begravde dei i eit steinras. Sunniva blei seinare funnen uskadd og ho blei vernehelgen for Vestlandet og den einaste kvinnelege helgen i heile landet. Benediktinarklosteret blei grunnlagt om lag år 1100. Selja var eitt av dei tre første bispeseta i landet og var bispesete fram til relikviane av Sta. Sunniva blei flytta til Bergen i 1170. Ruinane etter klosteret er blant dei best bevarte i landet og er vel verdt eit besøk. Ein tur på øya tek deg tilbake til benediktinarane si tid. I sommarsesongen er det guida turar til klosterøya frå Selje.

REINDYRKAR SÆRPREGET

4

I naturskjønne område tar kunstnaren Kjell-Stig Amdam i mot besøk i Galleriet mot Storhavet. I tillegg til eigne bilde og grafikk har Amdam med sin faste stall av kunstnarar: Ingunn Dahlin, Grethe Berge og Marius Amdam. Kanskje dukkar det også opp nokre overraskingar i løpet av sommaren. Den slåande vakre naturen utanfor stovedøra gjer besøket ved atelieret til ein komplett opplevingspakke. Fornying og reindyrking av særpreget er stikkord for galleriet og styrken hos Atelier Amdam er at arbeidet til dei fire kunstnarane ikkje er å finne mange andre stader. Eplekaka til galleriet, som blir servert kvar dag frå juni til midten av august, har også blitt viden kjend.

16

HAVSALTSOMMAR2013

SELJE NATURLEGE OPPLEVINGAR

5

Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding kjenner naturen og historiene på Stadlandet som få og tilbyr guida fotturar i heile Selje, ein kommune som er rik på naturopplevingar.

Dei ulike stadene har mykje spennande historier og det er historieforteljinga som gjer turane med Grete spesielle. Guiden lagar skreddersydde pakkeløysingar for ein eller fleire dagar for grupper, gjerne med mat inkludert. Det blir lagt til rette ut ifrå alder, interesse og kor fysisk aktiv ein ønskjer å vere. Transport, mat og overnatting kan også ordnast. Grete organiserer også andre aktivitetar som kunstkurs og yoga i lag med andre lokale aktørar. Kunstaktivitetar kan òg leggast opp som teambuilding.

SELJE ti ting du kan gjere


ACTIONFYLT UTSTILLING

6

Nordfjord i action! er tittelen på utstillinga til Thomas Bickhardt i Bickblikk. Galleriet finn ein i ei raud løe rett før Selje sentrum. Utstillinga består av fotografi av menneske i aktivitet i Nordfjord. Det er alt ifrå uteaktivitetar som ski og surfing, til motiv frå næringslivet i regionen. Galleriet er også eit interaktivt galleri som mellom anna viser bilde på flatskjerm innfelt i golvet. Galleriet er ope frå 14. juni.

GOLF VED SENTRUM

9

Selje Golfklubb si 9holsbane er å betrakte som ei rimeleg vanskeleg bane sjølv om den ikkje er av dei aller lengste. Den har mange vasshinder i nærleiken av greenane og er den einaste heilårsbana, dersom vêret tillet spel. Bana har par 3- og par 4-hol, der lengste holet er 310 meter. Den naturskjønne og utfordrande bana ligg rett ved Selje sentrum og er ei av få heilårsbaner som køyrer turneringar også vinterstid. Om ein ikkje har utstyr kan ein leige dette, men ein bør då ta kontakt på førehand.

UTSIKT SOM TAR PUSTEN FRÅ DEG

7

Spektakulær utsikt ventar den som tar turen til Vestkapp, på toppen av Kjerringa heilt vest på Stadhalvøya. Der kan ein oppleve 360 graders panoramautsikt over hav, fjell, fjordar og øyar. Stadhavet er kjend som ei farleg farlei og for uvêret. Utsiktspunktet på toppen nesten 500 meter over havet gir følelsen av å stå på toppen av verda. Toppen av Kjerringa byr på eit ope landskap med restar etter gamle steingardar. Det er bilveg heile vegen opp der Meteorologisk institutt har sett opp vêrradar. Det kjende Vestkapphuset blei rasert av vinterstormen Dagmar i 2011 og akkurat dette området er sperra for publikum.

MINNAST SVITHUN-FORLISET

10

STRAND I LE

8

Ikkje mange stader kan skilte med å ha ei sandstrand bare eit steinkast ifrå sentrum. Det finn du i Selje. Den 500 meter lange stranda ligg mellom hotellet og kyrkja i Selje og den flotte sanden gjer at den raskt blir fylt opp på fine sommardagar. Seljesanden ligg i le for storhavet og har utsikt til heilagøya Selja. Stranda er svært populær blant bygdefolk, så vel som turistar når sola kikkar fram. Servicebygg med toalett og dusj ligg rett ved sanden. Og det er kort veg til butikkar og kafé.

Ervik kyrkje, tidlegare Ervik kapell, står rett ved den gamle kyrkjegarden i Ervik frå rundt 1550. Langkyrkja er frå 1970 og blei bygd som eit minnekapell for dei over 50 menneska som drukna under forliset av hurtigruteskipet Sanct Svithun i 1943. Skipet blei søkkt av engelske jagarfly sidan ein trudde det var tyske soldatar om bord. Lokalbefolkninga redda 78 menneske frå ulykka. Skipsklokka til Sanct Svithun heng i klokkartårnet i kyrkja og ankeret er plassert utanfor. Altertavla, laga i mosaikk, er inspirert av forliset og viser ei kvinne som held rundt ein kross med ein båt i stor sjø i bakgrunnen. Ervik kyrkje fekk i 1996 status som vegkyrkje og har dermed betening i kyrkja sommarstid.

17


Byr på mykje Sentralt i Selje ligg villaen Doktorgarden frå 1917 som har mykje spennande å by på. Sommarutstillinga i Galleri Salen opnar 22. juni og har mellom anna måleri frå Petter Eide, Hanne Bringager / Eva Malmstrøm og Kazimierz Twardowski. Sistnemnde er ein polsk målar som kjem til regionen før utstillinga for å måle frå området. Doktorgarden blei pussa opp i fjor og har i tillegg til kunsten butikken Noko Anna, samt Kafe Claus med heimelaga mat. Doktorgarden har også overnatting og er ein del av Kunstløypa 2013. Fram til 18. august har Doktorgarden ope kvar dag.

Sunnivafeiring på Selja Selje kommune i lag med Festspela i Bergen arrangerer 1. juni ei storstilt sunnivafeiring i Selje. Ei reise som startar i Bergen og ender opp på kloster- og helgenanlegget på Selja der bestillingsverket «Heilage Sunniva - ein hyllest» blir framført. På Selja vil publikum bli møtt av eit myldrande folkeliv, sang og musikk der omgjevnadene får ei sentral rolle.

Ferskvassfiske på Barmen Mellom Stadhalvøya i nord og Vågsøy i sør finn ein øya Barmen, kjend for godt ferskvassfiske. Fjellvatnet ligg rett ved bilvegen og om ein liten trimtur freistar kan ein gå til Heidavatnet. På Nesjane kan ein desinfisere fiskeutstyret og der får ein også kjøpe fiskekort. Rakved og saueskinn Denne sommaren flyttar Rita Borgundvåg frå galleriet på Leikanger til fjøsen i Borgundvågen. 1. juli skal fjøsen vere gjort om til verkstad som gir meir plass og ei meir autentisk ramme til møblane Borgundvåg lagar. Naturmateriale er det som blir brukt til å lage møblar og andre ting som lykter og hageskulpturar. I tillegg blir det akrylbilde og skinnfellar av kystgeit- og villsauskinn laga lokalt. Det blir ope kvar dag og ein kan sjølv gå i fjæra og finne materiale og prøve seg i verkstaden.

St. Hallvard-guttene til Seljumannamesse Seljumannamesse blir arrangert 6. -7. juli i Selje. Det blir samtidig markering av stemmerettsåret, markering av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane, Ungdomsåret i Bjørgvin bispedøme, offisiell opning av Sunnivaleia og avduking av Sunnivastatuen. I år blir det preses, biskop Helga Haugland Byfuglien, som er predikant. Og St. Hallvard-guttene skal halde konsertar og delta i sjølve messa på søndagen.

Rett vest på Stadlandet Stadlandet Rett Vest er fjelløpet som går langs ryggen av Stadlandet frå Dragseidet til Ervik. Det 16 kilometer lange løpet blir av arrangørane karakterisert som Norges vakraste fjelltrim. Den åttande utgåva av løpet blir arrangert søndag 9. juni.

18

HAVSALTSOMMAR2013

SELJE LITT AV KVART SOM SKJER


Dragseidspelet og Krossen Dragseidspelet «På Sverdeggja» er eit friluftsspel med bakgrunn i Kong Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som ifølgje historia skal ha funne stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000-årsjubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter segna skal ha funne stad og spelet blir i år framført for ellevte gong 1. og 2. juni.

Gir utsikt over Selje Trappa til Risnakken tel 226 steg og startar vel 50 meter frå Selje Hotel. Toppen gir utsikt over Selje sentrum, Selja og storhavet. Selje kyrkje Kyrkja i Selje er ei langkyrkje frå 1866 bygd i enkel nygotikk og sveitserstil. Den ligg i retning sagaøya Selja og er omkransa av ei naustrekkje i fjæra.

Idylliske Runderem ligg 15 km sør for Selje Sentrum. Vi leiger ut 5 hytter og 4 leiligheter med god standard, som ligg flott til ved sjøen. Vi leiger også ut båtar som kan nyttast til fisketurer i et område med mange gode fiskeplassar. For meir informasjon/bestilling, kontakt oss på

a r m m o S på Selje Hotel Gode sommarprisar på overnatting. Restaurant, sommarmeny, bar. Symjebasseng, utebad, treningsrom. Spa/thalasso-avdeling med herlege sommartilbod - hugs å bestille behandling før du kjem. Frimannsbua sommarpub midt i sentrum

Velkommen til 6740 Selje, tlf. 57 85 88 80, post@seljehotel.no, www.seljehotel.no

tlf. 57 85 82 12 eller gå inn på www.rundereimhytter.com.

6750 Stadlandet Tlf. 57 85 87 80

19


tett p책 der du bor

20

HAVSALTSOMMAR2013


BREMANGER TI TING DU KAN GJERE

DEN VARIGE HANDELSSTADEN

1

Omkransa av vakker natur på austspissen av Rugsundøya, ligg Rugsund Handelsstad. Familien Skaar driv i dag handelsstaden som stammar frå midten av 1600-talet. I 1924 blei staden kulturminnefreda av Riksantikvaren. Det har i alle tider vore drive handel ved staden, og Anne-Johanne og resten Skaar-familien har i dag landhandel, selskapslokale, overnatting, gjestehamn og dykkarsenter. Frå slutten av juni til første helga i august er det også open kafé for turistane som både kjem landevegen og sjøvegen til idylliske Rugsund. Familien er oppteken av å ta vare på bygningsmassen, stemninga og kulturopplevinga i Rugsund. Mange båtturistar tek også turen innom den fredelege hamna.

21


TAR IMOT DEG PÅ KAIA

GIR LØN FOR STREVET

2

4

LAR FISKEN GJERE JOBBEN

JUBILERANDE GALLERI MED BREITT UTVAL

På kaia midt i hjertet av Kalvåg tar vert ved Knutholmen Svein Inge Fosse og dagleg leiar Jan Fredrik Fosse i mot gjestene sine. Stikkordet er kystkultur og Knutholmen sørger for at ein får oppleve akkurat dette gjennom overnatting, utflukter og ikkje minst maten. Knutholmen er kjend for den gode maten og har fersk fisk og skaldyr frå havet rett utanfor døra som spesialitet. Mellom sjarkfiskarar og sjøbuer kan ein overnatte i leilegheiter og rom spreidd utover heile den vesle vågen. Om ein kjem båtvegen får ein oppleve ei av dei finaste og best besøkte gjestehamnene på Vestlandet. Sommaren 2012 var det registrert over 3.500 overnattingar på bryggene i Kalvåg.

3

Carola Strandberg Vestby driv Carolas Buaspa & sol på kaikanten i Kalvåg og kan garantere sol og 30 grader. Om ein blir lei av å kjenne sand under føtene og slappe av i solsteiken i det unike solrommet utforma som ei strand kan ein få ei rekkje behandlingar. Ein kan til dømes sette seg i oksygenbaren eller få fiskespa der fiskar reinsar huda for døde hudceller. Heilt nytt er ein avgiftande urtewrap for kroppen. I tillegg tilbyr Carola ulike massasjar med aromaoljer eller varme steinar, kroppspeeling, algeinnpakning eller ein tur i infraraud badstue. Om ein vil ha det enkelt, kan ein nyte utsikta til hamnebassenget i Kalvåg frå boblebadet ute i det fri, med eller utan tak. I juli er det ope kvar dag utanom søndag. Elles behandling etter avtale.

Heilt aust på Bremangerlandet ragar Hornelen 869 stupbratte meter over havet. Nord-Europas høgaste sjøklippe gir ei fantastisk panoramautsikt over det varierte landskapet regionen byr på. Fjellet kan bestigast frå fleire kantar og det øvste partiet har nesten loddrette vegger. Om ein tør kan ein legge seg på kanten av den framoverlente toppen og sjå omtrent loddrett ned på båttrafikken gjennom Skatestraumen. Det segnomsuste fjellet er eit av det kjende «heksefjella» i fylket, og overtrua ville ha det til at heksene samla seg både jonsoknatta og julenatta for å halde fest med fanden.

5

Galleriet feirar i år 10 år og Sommarakademiet 15 år. 5. juni opnar jubileumsutstillinga med Wenche Sunde og Roy Albrigtsen som stilte ut akvarellar og maleri på opninga for ti år sidan. I tillegg stiller Rita Borgundvåg ut sine naturmateriale. I juli kjem Ingrid Berge Reimers med sine måleri til galleriet. Det blir også fleire kurs, mellom anna med Ruth Brownlee frå Shetland på akryl. Aud Rye som har vore med i Sommarakademiet i alle år er jubileumsinstruktør. Kunstnar og gallerist Karin Flatøy Svarstad har kreativ bruk av ull som sitt hovudmateriale. Og det blir også kurs i ull med Moy MacKay frå Skottland og Ann Blockley frå Storbritannia. Ingeborg Eliassen held det første skrivekurset i Sommarakademiet, noko som har vore etterspurt lenge. Galleriloftet, Galleributikken og takterrassen er også verd eit besøk.

8 1

6

4 10

7

2 3 5

22

9

BRE HAVSALTSOMMAR2013

BREMANGER ti ting du kan gjere


MED KANONUTSIKT

6

På Rugsundøy finn ein Tongane kystfort der ein kan studere kanonstillingar frå andre verdskrig på nært hald. Kanonstillingane står på vestspissen av Rugsundøya med god utsikt til innseglinga til Måløy og Nordfjorden. Elddåpen fekk det tyske festningsverket under Måløyraidet 27. desember 1941 då kystbyen blei angripen av britiske styrkar.

Området er ikkje busett, men ein kan finne fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon som fortel historia om festningsverket. Hovudkanonen og mannskapsbrakka står framleis. Fleire hustufter og grunnmurar, bunkarar, dekningsrom og våpenstillingar er også intakte.

NATUREN SOM LEIKEGRIND

8

Rogier van Oorschot og Norway Adventures tilbyr opplevingar til fjells og til havs. Naturmannen har base på Davik og skreddersyr program etter ønske for grupper og bedrifter eller enkeltpersonar. I vill og vakker kystnatur kan ein mellom anna oppleve fjellturar, kanopadling, fiske, segling, klatring og kurs i havkajakk. Turar kan organiserast med full forpleiing med overnatting i alt frå lavvo, telt, rorbuer eller på gard. Norway Adventures tilbyr også teambuilding og leiarutvikling og tar i bruk naturen som verkemiddel til dette.

LAR BARNA UTFOLDE SEG

9

BLANT NORD-EUROPAS ALLER STØRSTE

7

Det unike Vingenfeltet i Frøysjøen er eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa. Feltet inneheld minst 2.000 ulike helleristningar frå cirka 4000–2000 år f.Kr. Feltet og omkringliggande landskap blei i 2002 freda av Riksantikvaren og det er sett forbod mot ferdsle utan særskilt løyve. Men sjølv om det er sett avgrensingar på besøk, er det muleg å oppleve helleristningane dersom ein har avtale med turistkontoret i kommunen. Dei arrangerer guida turar til feltet, som bare delvis er ope for publikum. Det var fjellklatraren Kristian Bing som i 1912 oppdaga feltet, og i anledning 100 årsmarkeringa i fjor blei det mellom anna gitt ut ei praktbok om feltet.

Galleri Øyratunet i Svelgen byr også i år på sommarutstilling frå starten av juni. I tillegg får barneskuleelevar boltre seg i kunstverda. Før elevane sluttar på skulen før sommaren, skal dei halde utstilling i galleriet. Som tidlegare vil galleriet halde ope i helgane fram til rundt midten av august. Dette var populært i fjor, og mange var innom. Galleriet held til i det som er det eldste huset i Svelgen bygd i 1850. Huset var i dårleg forfatning då Svelgen kunstlag tok over og pussa det opp. På dugnad blei huset omgjort til utstillingslokale og i 2011 opne kunstlaget si første utstilling.

IDYLL MELLOM SVABERGA

10

Opne svaberg og silkemjuk sand gir Grotlesanden sitt særpreg. Stranda i ytre Bremanger ved bygda Grotle er ein attraksjon i finvêr, men kanskje endå meir fascinerande når stormen bryt innover land. Stranda som no ofte blir brukt i profileringa av kommunen var i mange år ein lokalt bevart løyndom. På sanden er det badeflåte, sandvolleyballbane, toalett og dusj. Det er forbod mot motorisert ferdsel, men det er mogleg å ankre opp lenger ute og ro inn.

MANGER

Elles er småbåthamna i Iglandsvik bare ein tre kilometers spasertur unna.

23


Gardsmat og lokale kunstnarar Pamela Dunbar Nødset lagar kle og tilbehør i naturfiber, materialet ho har jobba med heile livet. I butikken sin Holmen Atelier har ho verkstaden som blir pakka vekk om sommaren for å gjere plass til utstilling. Årets utstillarar er Trud W. Nybø med akryl på lerret, Wenche Torvanger med kunstglas og Laila Storaker med airbrushmåling. Atelieret som har ope kvar dag frå midten av juni til ut september har tiårsjubileum i år. I tillegg til kunst, sel Pamela gardsmat og kokte krabbeklør gjennom sommaren og har sykkelutleige.

Svelgen Hotell ligg idyllisk til ved sjøen i kommunesenteret Svelgen.

Turboktrim dekker heile Bremanger Keipen turlag arrangere i sommar ein rekke turar, mellom anna til Vetvika 16. juni, Hornelen 21. juli og Ålfotbreen 18. august. Nytt av året for turlaget er turboktrimmen, der turboka og kartet som Bremanger kommune har laga er utgangspunkt for turmåla. Denne boka dekker heile kommunen og målet er at dei som bur i indre skal bli betre kjend i ytre og omvendt. Som det einaste turlaget i fylket har også Keipen turorientering og Barnas turlag i indre og ytre arrangerer turar i løpet av sommaren. D.D.E. til Kalvåg Det tradisjonelle kystkulturstemnet i Kalvåg er i år utvida med konsertar med Kurt Nilsen, D.D.E. og Steinar Engelbrektson. Det er Kalvåg Kystlag, Knutholmen og Aktiv Kalvåg som står bak Kalvåg Kystfestival som blir arrangert 2.–4. august. I tillegg til konsertane, mykje liv og moro, kan ein besøke tradisjonsbåtar, stands, utstillingar og Eliasbåten for dei minste.

Vi har 40 nyrenoverte rom, også store familierom med ekstra soverom. Restaurant og kafe med god mat. Eit unikt turområde med merka turstiar. - Kort veg til startpunkt for tur til Hornelen (nordauropast høgste sjøklippe). Mange fiskevatten med sprek fjellaure. Utleige av kano, kaiakk, og båt for fiske på fjorden. Velkommne til Bremanger og Svelgen hotell Kontakt oss på tlf. 57 79 65 20 Mail: post@svelgenhotell.no

Musikk på Havly 11.–14. juli blir MusikkWeekend i Bremanger arrangert av Havly Pensjonat & Kafé for sjette gong. Tradisjonelt sett har festivalen starta med quiz onsdag og jam torsdag før det blir konsertar med både lokale og nasjonale band resten av helga. Gøymd strandperle Vetvik var i si tid ei velstandsbygd busett med rundt 40 menneske på tre større gardar på slutten av 1800-talet. No krevs det ein fjelltur eller båt for å komme seg til den avsidesliggjande stranda. Terrenget ned mot Vetvika er tidvis krevjande og for å finne den beste vegen bør ein ha med seg kjentfolk. Keipen turlag arrangerer tur dit 16. juni. Frå fjære til fjell Vetenløpet blir i år arrangert 13. juli 2013. Løypa er ca 4,6 km med start på Grotlesanden og målgang på Veten 527 moh. Total høgdestigning er om lag 575 høgdemeter på grunn av litt nedoverbakke oppe på Vetenplatået. I snitt har løypa stigning på 12,5 prosent. Gloføykje Om ein vil nyte synet av den mektige Hornelen, er Gloføykje ein ypparleg plass. Her er det laga til rasteplass. Arkeologiske utgravingar viser at det har budd folk på staden i 7.500 år, og helleristningsfeltet i Vingen var busetjarane sin kultplass.

24

HAVSALTSOMMAR2013

DET ER HER DET SKJER - KVAR SOMMAR - HEILT SIDAN 1860! • Restaurant/pub • Uteservering på brygge • Overnatting i sjøhus/rorbu • Gjestebrygge • Båt og kajakkutleige • Familietur, firmatur, blåtur, bryllaup, kurs og konferanse – vi fiksar det meste!

Tlf. 57 79 69 00 • Fax 57 79 69 01 • E-post: post@knutholmen.no www.knutholmen.no • Ope alle dagar!

BREMANGER LITT AV KVART SOM SKJER


VANYLVEN TI TING DU KAN GJERE

APP VISER VEG

1

Ane Malene Søvik Nygård og Vanylven Utvikling har gått nye vegar for å orientere både innbyggarar, potensielle tilflyttarar og turistar i kommunen. Ei alternativ turistbrosjyre i form av ein app som ein lastar ned på smarttelefonen sin, gir informasjon om det meste av sjåverdigheiter i kommunen. Appen inneheld eit kart, der attraksjonar, turløyper og tenestetilbod er merka av. I alt 90 turløyper i den flotte Vanylven-naturen er merka av i kartet. Og ein finn både familievennlege og meir utfordrande turar. Attraksjonane er ikkje bare merka i kartet, appen gir også utfyllande informasjon om sjåverdigheitene. Og om ein legg ut på tur i ein del av kommunen, kan ein sjekke appen for å sjå om det er attraksjonar ein vil få med seg eller om det finnast butikk eller bensinstasjon i nærleiken.

25


10

HISTORISK STEINKYRKJE

7 6

2

St. Jetmundkyrkja på Åheim frå cirka år 1150 kan vere blant dei eldste i landet. Med guide kan ein oppleve mellomalderkyrkja bygd i marmor og gråstein i enkel romersk stil.

Kyrkja har namnet etter den engelske kong Edmund som etter legenda kom reisande over Maurstadeidet og meinte Åheim ville vere ein god stad å byggje kyrkje. Edmund blei drepen av vikingar og blei seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkje. På norsk er han kalla St. Jetmund. På 1930-talet blei gamle skisser tatt i bruk i gjenoppbygginga av kyrkja som blei riven i 1863. Den blei vigsla på ny i 1957. Preikestolen er frå 1630 og alterskulpturen er laga i Tyskland på 1400-talet.

9 1

2 3 4

BEVARER LOKALHISTORIA

3

Valborgsamlinga på gamle Thue skule på Åheim har lenge bydd på ei rik samling av eldre bruksgjenstandar samla saman av Valborg Kroken. Ho såg nytte i dei fleste ting og hadde samla over 500 gjenstandar i eit stabbur på garden ho budde, som kommunen fekk då ho gjekk bort. Nytt av året er gjenstandar som kassaapparat, disken og gamle varer frå Grubse-butikken. Det var ei gamal sjøbud som var landhandel på Åheim. Det er Brit Løvold og Marit Margrete Berget som har halde fram i Valborg Kroken si ånd. Dei to har også samla kyrkje- og organisasjonshistorie. Dei ønskjer å bevare den gamle skulen og har samla gamle skulebøker og klassefoto. Ein finn også telefoni- og kysthistorie i lokalet.

MED SYVDE I KUNSTEN

5

Rammeverkstaden er ryggrada i Galleri Brødrene Vik i Syvde, men Birger Vik byr på mykje meir. To av kunstnarar ein kan finne bilde av i sommar er Hilde Brunvoll og Inger Giskeødegård. Ingen av dei har lokal tilknyting, men har likevel lagt sin elsk på bygda. Brunvoll har bygda som motiv på fleire bilde og Giskeødegård har Blåfelden, fjellet som ragar over Syvde, i sine oljemaleri. Av andre kunstnarar kan ein nemne Tone Thingnæs, Hans Normann Dahl, Helge Bjørnsen, Eva Langaas, Stein-Kåre Nygård, Per Flatøy og Roald Tellnes. Den lokale multikunstnaren Ansgar Leiten er også representert i galleriet, i tillegg til at det finst ei eiga utstilling ved biblioteket som opnar på førespurnad.

SER VERDIEN I STEIN

4

Gullsmed Bjørnar Ekremsæter viser fram den verdskjende edelsteinen peridot, kjend for sin intense grønfarge og reinheit, på Norsk olivinsenter i gamle Thue skule på Åheim. Dei største mineralmusea i inn- og utland har eit eksemplar frå Åheim i sine samlingar. Du kan sjølv plukke din eigen på Peridotplassen om lag 6 kilometer frå Åheim sentrum og få den omgjort til smykkestein. Senteret har Norges største olivinkrystall og peridot frå dei heilt ubehandla til smykkestein. Peridot er krystallisert rein olivin danna under enormt trykk i nærleiken av mantelen i jordas indre. På senteret blir det omvising på torsdagar, laurdagar og søndagar frå 25. juni.

26

HAVSALTSOMMAR2013

FINKORNA SANDSTRAND

6

På Hakallestranda, lengst vest i Vanylven, finn ein Sandviksanden. Dette er plassen å nyte strandlivet på solrike dagar. Med utsikt til Stadhavet er Sandviksanden ein populær badeplass for både lokale og tilreisande sommarstid. Ein liten spasertur frå sanden ligg Hakallegarden og rett ved sanden finn ein småbåthamna.

VANYLVEN ti ting du kan gjere


SOLA I SENTRUM

9

Verdas største solsikke i stål finn ein i Vanylven. I ein park ved kommunesenteret Fiskåbygd står den.

8

Statuen ragar heile 13,96 meter i vêret og er 996 kilo tung. Solsikka står som eit symbol på optimisme, trivsel, vekst og godt samhald i kommunen.

5

7

TILBYR NÆRMØTE MED ALLE DYRA

I tillegg til alpakkaene som vandrar rundt på Hakallegarden i lag med mellom anna kalkunen Konni og flaskekjea Josef og Sofie kan ein også i sommar ri på lamaen Lillian. Mellom 7.000 og 8.000 personar besøkte den fargerike garden i løpet av våren og sommaren i fjor. Og etter suksessen med open gard kvar dag gjennom sommaren, blir dette gjenteke i år. Aina og Olav Moldskred Krakset har hatt open gard dei siste sju åra og frå 20. juni held dei ope kvar dag. I tillegg til å helse på mangfaldet av dyr på garden kan ein også nyte kortreiste matopplevingar. Dette er eit satsingsområde for garden som i fjor fekk Nils Henning Nesje frå «Nesje-mat med hjerte» med på laget. Han utarbeidde då ein meny for Hakallgarden som har planer om å utvide meir på matfronten.

VANYLVEN GOLF MED UTSIKT

8

Om ein tar med seg golfkøllene til Vanylven ventar ei flott 9-hols golfbane med utsikt over Syvdsfjorden. Klubben er stolt over å ha kunstgras som underlag på alle greenar. Som utfordring kan Vanylven Golfklubb by på par 68 og vel 3.900 meter frå gul tee. Smale fairwayar, utfordrande bunkarar og ei bane som er omgitt av elvar og skogar gjer dette til ei spennande oppleving. Bana har driving range med ballautomat som er open kvar dag i sommarmånaden. Golfklubben har eige klubbhus på staden, arrangerer kurs og har utleige av køller.

VISER MARITIM HISTORIE

10

70 ulike modellbåtar er utstilt på Modellbåtmuseet på Åram. Den rike samlinga byr på miniatyrar av Titanic og Noahs ark, så vel som færingar, jekter, dampskip, rutebåtar, redningsskøyter, orlogsskip som Wasa, Bounty og Victory, klipparar som Cutty Sark og polarskipa Gjøa og Fram. Lokalhistorikar Helge Kragset eig 60 av modellane sjølv, og er den som gladeleg viser rundt i utstillinga som er del av Åram sogelag si samling. Modellbåtmuseet som ein finn i enden av Hakallestranda ser utviklinga av båttypar knytt til lokalhistorie og verdshistorie. Kragset har bygd opp samlinga over ein periode på over tjue år og har i museet samla modellbåtane etter skipstype.

27


Laksen i gamle sentrum I tillegg til den store solsikkestatuen på Fiskå, finnast det også ein unormalt stor laks. Denne spesielle midtrabatten står i Fiskå gamle sentrum. Laksen er innekransa av eit gjerde forma som ein båt.

Rett opp på Blåfelden 1. juni blir motbakkeløpet Blåfelden rett opp arrangert. Mellom 150 og 200 deltakarar prøver seg på bakkeløpet kvart år og løyperekorden er på litt over 37 minutt. Odd-Bjørn Hjelmeset tok tredjeplassen i løpet i fjor. Fjellturen til toppen på 842 meter er like fin også resten av sommaren. Frå fjorden følgjer ein ein morenerygg gjennom open bjørkeskog, før ein kjem i ope landskap. Over ryggen mot Svartetua blir det meir luftig før ein når Blåfelden. Starten og ruta er godt merka og i vanleg turtempo vil ein bruke omtrent to timar.

Middag med utsikt Kvilehytta finn ein på toppen av Maurstadeidet. Og med ei fantastisk utsikt over Åheim kan ein innta eit godt heimelaga tradisjonsmåltid. Kvilehytta har også utleige av hytter, catering og selskap. Frå Maurstadeidet er det fleire fiskevatn og Kvilehytta sel fiskekort til desse vatna.

28

HAVSALTSOMMAR2013

Dagsland til Kosterikjedagane Kosterikjedagane blir i år arrangert helga 31. mai - 2. juni og eitt av høgdepunkta er kyrkjekonsert med Sigvart Dagsland på søndag med etterfølgjande utegudsteneste på den gamle kyrkjegarden. Fredag er det Syvde klang som står for den lokale kabareten og det lokale storbandet The Times underheld. Laurdag er det Blåfelden rett opp og stordans på samfunnshuset.

VANYLVEN LITT AV KVART SOM SKJER


Kurt skal råkke Vanylven Kurt Nilsen som i år feirar ti år som artist kjem til Vanylvsråkk. Det gjer også AdmiralP, Postgirobygget, Blodsbrødre, Staut og Let’s be Light. Festivalen går av stabelen 5. og 6. juli på Eidså.

Velkomen til Kvilehytta Her får du nydeleg mat og ei fantastisk utsikt. Du finn oss mellom Bryggja og Åheim. Opningstider: Utanom sesong: Tors., fre., lør. og søndag: 12.00 - 18.00 Torsdag: Ball-buffe. Søndag og alle raude dager: Middag- og dessertbuffe (13.00-17.00).

VANYLVEN KOMMUNE

Turkart, med omlag 79 ulike fjellturar i Vanylven. På turkartet er det avmerka turar, med gode forklaringar for både parkering, normal gåtid, terrengtype o.l. Turkartet er til sals på Servicetorget og i fleire butikkar i kommunen. Foto: Synste Møre

Skattejakt, Sundalen, Åheim. Finn den krystalliserte edelsteinen peridot på Peridotplassen i små haugar av knust masse og stein. Her kan du drive med skattejakt heile året - heile døgnet! Steinsenteret på Åheim har ope laurdagar, i sommarsesongen har dei óg ope torsdagar. Vanylven golfpark, Eidså 9-holsbane i flott omgjevnader. Open kvar dag.

Sesong 24. juni til og med 4. aug.: Ope 12.00 - 21.00 alle dager. Torsdag: Ball-buffe 12.00 til 18.00. Søndag: Middag- og dessertbuffe 13.00 til 18.00. Dei andre dagane: Mini-buffe 12.00 til 18.00. Ellers heile året: Catering, møter, selskap og utleigehytter. Telefon: 900kvile / 900 58 453. Foto: Synste Møre

Hakallegarden, Hakallestranda. Ope kvar laurdag/søndag 12-18. Sommarope kvar dag 12-18 frå 20. juni til 20. aug. Gardsbesøk med gode opplevingar, kortreist mat, kunst og mykje spennande i lødebutikken!

... og som næraste nabo har dei Sandviksanden Flott badestrand med toalettfaselitetar.

Foto: Synste Møre

Bli kjent med Vanylven, last ned vår mobil-app for iPhone og Android.

Velkomen til gard

s!

• Opplevingsgard for heile familia • Kortreist mat • Vestlandet sin gladaste interiørbutikk • Ope kvar dag frå 20. juni til 20. august • Telefon 900 68 996 www.hakalle.no

www.vanylven.no

29


hele døgnet på fjt.no

30

HAVSALTSOMMAR2013

SOGN OG FJORDANE


SOGN OG FJORDANE TI TING DU KAN GJERE

ISKALD ATTRAKSJON

1

Briksdalsbreen, ein arm frå Jostedalsbreen Nasjonalpark, er ein av dei største naturattraksjonane i Norge. Kvart år valfartar fleire hundre tusen menneske til breen som er ein del av den største breen på det europeiske fastlandet. Breen slynger seg ned den tronge Briksdalen frå 1.200 meters høgde og ligg i enden av Oldedalen i Stryn. Frå Briksdalsbre fjellstove er det ein om lag 3 kilometer lang grusveg til breen. Trollbilane har tatt over for hest og kjerre og kan køyre deg til breen. Det går også brebussar frå Stryn i sommarsesongen. Ein kan oppleve padling blant isfjella i vatnet framfor breen, eller brevandring frå to av dei andre brearmane Bødalsbreen og Brenndalsbreen som også ligg i Stryn. I Oppstryn finn ein Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, eitt av tre bresenter i fylket. Dei to andre er Breheimsenteret i Jostedalen og Norsk bremuseum i Fjærland.

(Foto: Normann/Reisemål Stryn & Nordfjord)

31


I TUNET TIL NIKOLAI ASTRUP

2

EI AV VERDAS FINASTE TOGREISER

Ein av Norges mest framståande biletkunstnarar Nikolai Astrup har heimstaden Jølster som motiv i mange av bilda. Astruptunet var heimen til Astrup som ligg ved Sandal på sørsida av Jølstravatnet i Jølster kommune. I kunstnarheimen kan ein sjå den unike og nærast komplette samlinga av trykkplater etter Astrup i tillegg til bilde. Ein annan av dei sentrale biletkunstnarane frå siste halvdel av 1900-talet er Ludvig Eikaas. Jølstrakunstnaren er representert med over 800 verk i Eikaasgalleriet på Ålhus. Eikaas er kjend som ein av dei første som laga nonfigurativ kunst i Norge.

5

Ei av verdas brattaste jernbanestrekningar på normalspor der nesten 80 av togreisa ligg på 55 promille stigning går mellom Flåm i Aurlandsfjorden til høgfjellstasjonen Myrdal. Den 20 kilometer lange togreisa byr på noko av det mest spektakulære norsk natur kan by på og eitt av stoppa er ved Kjosfossen som bare kan nåast med tog. Vendetunnelen på reisa som går i spiral inn og ut av fjellet, er eit resultat av det noko av det dristigaste og mest dugande ingeniørkunsten i norsk jernbanehistorie. Høgdeforskjellen er på 865 meter. Om ein vil lære meir om historia til togreisa som snirklar seg gjennom den tronge Flåmsdalen kan ein besøke Flåmsbana Museet.

(Foto: Stein Sandemose Bårdsen)

SOMMARSKILEIK

3

På den nasjonale turistvegen Gamle Strynefjellsvegen, bygd med handkraft for over 100 år sidan, finn ein Stryn Sommerski ved Tystig. Vegen som lenge var einast veg mellom Stryn og Skjåk blei i 1978 avløyst av ein heilårsveg med tunnelar. Vegen med storslåtte naturopplevingar er vinterstengd til slutten av mai og det er på desse tider at sommarskisenteret opnar. Frå basen ved Stryn Sommerski på 1.080 moh. tar stolheis deg vidare til 1.300 moh som derfrå tar deg i T-heis til 1.600 moh. Skianlegget har mellom tre og fem preparerte nedfartar og rundt fem langrennsløyper på breen. Om ein ønskjer seg ut om anlegget sine løyper kan ein avtale topptur- og freerideguiding.

7

(Foto: Olav Standal Tangen/ Stryn Sommerski)

Snowboard-NM 2013 blir arrangert 6. - 8. juni på Strynefjellet og det blir øvingar i Slopestyle og Big Air, ifølgje skisenteret sine nettsider.

10

SOGN OG FJO

VILL OG VAKKER FJORD

4

32

HAVSALTSOMMAR2013

DEI MEST SÆRMERKTE

6 (Foto: Morten Rakke/Visit Flåm)

Ein av dei mest dramatiske og fjordane i verda er Nærøyfjorden som på sitt smalaste er 250 meter. Den verdskjende fjorden står i lag med Geirangerfjorden på UNESCO si verdsarvliste og er ein fjordarm av Sognefjorden, verdas lengste og djupaste fjord. Fjorden byr på vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, frie fossefall og fjell som strekk seg 1.761 meter over havet. Norges minste postkontor finn ein på den veglause garden Styvi på austsida av fjorden som ein kjem til ved å gå den gamle postvegen langs fjorden. Fjordsafari eller guida kajakkturar er nokre av aktivitetane ein kan delta på. Inst i den 17 kilometer lange fjorden finn ein Gudvangen, ei populær cruisehamn. Der kan ein besøke vikinglandsbyen eller dei kvite grottene i anortositt-fjellet.

Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune er den mest særmerkte og best bevarte av dei totalt 28 stavkyrkjene i landet. Den blei bygd i 1180 og den karakteristiske utsjånaden med sponkledning, svalgang, drakehovud, tak over tak, kross på mønekammane og takryttar med spir har blitt brukt som førebilete ved andre stavkyrkjerestaureringar. Besøkssenteret ligg rett ved og viser mellom anna historia til stavkyrkjene. Den eldste stavkyrkja i Norge er Urnes stavkyrkje i Luster og den einaste i sitt slag som står på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja blei bygd i 1130-åra og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Kyrkja er eit eksempel på svært godt handverk og urnesstilen, som er kjenneteikna ved flotte utskjeringar av svært høg kvalitet, har namn frå denne kyrkja.

SOGN OG FJORDANE ti ting du kan gjere


EIN TUR BLANT FOSSEFALLA

8

Likholefossen langs Fossestien er eitt av 14 store fossefall på den 21 kilometer lange naturstien frå Gaularfjellet til Viksdalen. Brua over denne fossen er eit populært utkikkspunkt og utgangspunkt for turar langs stien. Den er i lag med Torsnesstølen, Longestølen og Eldal stadene på stien som er orga(Foto: C.H/Innovasjon Norge) nisert med skilt, kart og parkeringsplass. Stien følgjer den viktigaste delen av det verna Gaularvassdraget og byr på ville stryk og fossar i tillegg til sju vatn på vegen. Naturstien er ein lett tur som byr på eit rikt natur- og dyreliv, frodig landskap og kulturlandskap med aktive gardsbruk. Fiske kan ein gjere langs elva, men ein må då kjøpe fiskekort.

3 (Foto: Morten Rakke/ Visit Flåm)

KILOMETERVIS MED BØKER

9

1 2

9

8 6

6

4

ORDANE

5

KUNSTENS STORSTOVE

7

Midt i Førde sentrum finn ein Sogn og Fjordane kunstmuseum som opna i 2012. Samlinga til kunstmuseet tel i overkant av 800 verk og har eit særleg stort tilfang frå regionen. Den nasjonale kunsten frå det siste hundreåret, særleg frå 1970-talet og framover er også ein del av samlinga. Museet har også driftsansvar for Anders Svor-museet i Hornindal, Astruptunet og Eikaasgalleriet i Jølster og Sogn Kunst- senter. Då museet opna i 2012 hadde det ein kostnad på 93 millionar kroner.

Ferjeventerom, fjøs, bank og postlokale er blant dei titals originale bokutsala i bokbyen i Mundal i Fjærland. Om lag fire hyllekilometer med bøker er til sals i bokbyen som blei grunnlagd i 1995. Bokbyen reddar kvar år tonnevis av bøker frå å bli kasta og syter for at dei ikkje blir gløymde. Litteraturen blir også formidla på ein original og entusiastisk måte. Bokbyen ønsker å trekkje til seg fleire ungdomar og barnefamiliar og lovar i sommar mykje nytt. Ein har mellom anna Bokbystien, ein «natursti» gjennom bokbutikkane med morosame spørsmål for store og små. Boknatti blir i år arrangert 22. juni. Denne dagen betyr bokmoro for store og små i ein stor marknad der ein kan selje eigne bruktbøker til den lyse morgon. I tillegg blir det konsertar, opplesingar, forfattarar, mat og drikke. Den norske bokbyen er open kvar dag frå mai til september.

MED KONGELEG VELKOMST

10

Ved innseglinga til Sognefjorden er det statuen av Kong Olav V som helsar deg velkomen. Kongestatuen er laga i granitt av kunstnaren Knut Steen. Landemerket er plassert på Skjerjehamn, nord på Sandøya i Gulen kommune. Statuen var eit bestillingsverk frå Oslo kommune, men kommunen ville ikkje ha den og av fleire interessentar enda statuen opp på Skjerjehamn. Granittmonumentet blei avduka i 2007 under Utkantfestivalen som i år blir arrangert for sjuande gong siste helga i juli. I tillegg til kongestatuen og festivalen er Skjerjehamn kjend for handelsstaden frå gamal tid. I 2005 kjøpte lakseoppdrettaren Ole Braanaas Skjerjehamn og rusta opp handelsstaden frå 1600-talet til eit moderne reiselivsanlegg. Perla i knutepunktet for skipstrafikken er utgangspunkt for mange opplevingar, som havfiske, dykking, RIBturar og kunstopplevingar med skiftande utstillingar i Sveitservillaen der det også er overnatting.

33


Film i fjellheimen Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim Turisthytte har i år tiårsjubileum og blir arrangert 13. -15. september. Fjellfilmfestivalen er Norges største filmfestival for fjellfilmar. Alt frå naturfilmar, dokumentarar og spelefilmar til kortfilmar, ekstremsportfilmar og TV-seriar blir vist på Fjellfilmfestivalen, saman med inspirerande foredrag frå ekspedisjonsfararar og friluftsfolk frå hele verda. I år kjem mellom anna Baffin Babes og Leo Houlding.

Fleirkulturell musikkfest 4.–7. juli går det største fleirkulturelle musikkarrangementet, Førdefestivalen, i Norge av stabelen. Årets tema er Musikk og Natur og publikum kan velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer. I år byr Førdefestivalen på alt frå spellemannsvinnar Ottar Kåsa og Gabriel Fliflet sitt tretakts Valseria-verk, til ørkenblues frå Mali og eit futuristisk Balkan-bryllaupsband frå Ungarn. Festivalen var først arrangert i 1990, og sidan den tid har over 4.000 musikarar frå heile verda stått på scena. Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda og ønsket er å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikkulturar og – tradisjonar som finst på kloden vår.

Jazz i Balestrand Mezzoforte, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland, Arild Andersen Trio, Sondre Bratland & Annbjørg Lien, Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad, Hanne Boel og Arve Henriksen & Jan Bang er blant namna til Balejazz som blir arrangert i Balestrand helga 10.–12. mai. Balejazz har vore arrangert kvart år sidan 1990.

350 meter med sild I juni vert verdas lengste sildebord arrangert i Florø. Eit bord på om lag 350 meter blir dekt i Florø sentrum, og der blir det servert fleire gode silderettar, som banansild, rømmesild, fruktsild og yoghurtsild. Sildebordet er arrangert på dugnad og er sponsa av det lokale næringslivet. I år blir det dekka til sildebord fredag 21. juni. Bordet er ein del av Himmel og Hav Kystfestival, som også omfattar laksens dag, konsertar og Kinnaspelet. 1.848 meter motbakkeløp Det blei i fjor deltakarrekord med 1.780 utøvarar i konkurranse- og mosjonsklassa i motbakkeløpet Skåla Opp i Loen. I år er datoen laurdag 17. august og løpet vert omtala som det tøffaste motbakkeløpet i Nord-Europa. Skåla er rekna som den høgaste fjelltoppen som har fot i sjøen. Ahmet Arslan tok i fjor rekorden på ny sti med tida 1 time, 7 minutt og 6 sekund. Laurdag 10. august er det Fanaråken opp med start frå Turtagrø. Løpet er på 8,6 km med ein høgdeskilnad på 1.200 meter til Fanaråken på 2.068 meter. NM i motbakkeløp i år blir på Storehesten Opp i Sunnfjord 29. juni.

34

HAVSALTSOMMAR2013

SOGN OG FJORDANE LITT AV KVART SOM SKJER


Hellbillies til Breim I 2013 blir Norsk Country Treff arrangert for 19. gong. I løpet av helga 11.–14. juli vil 24 artistar og grupper stü pü scena pü fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg pü Norsk Fjordhestgard pü Breim i Gloppen kommune. Nokre av namna til ürets festival, som finansminister Sigbjørn Johnsen offisielt skal opne, er Hellbillies, Bellamy Brothers, Gene Watson, Steffen Jakobsen, Rita Eriksen og Hanne Sørvüg.

Spel i storslĂĽtt natur Ved ei av dei best bevarte middelalderkyrkjene i landet blir det historiske Kinnaspelet – Songen ved det store djup – arrangert for 29. gong 22.– 23. juni nedanfor dei storslĂĽtte Kinnafjella. Ă˜ya Kinn ligg heilt vest i Flora og det naturlege amfiet ved utescena har plass til tusenvis av menneske. Ramma rundt spelet er innføring av reformasjonen i 1537, samt eit ÂŤspel i speletÂť som fortel legenda om Sankta Sunniva som kom i land pĂĽ Selja. Spela er blant dei best etablerte historiske spela i landet.

Ă…RETS VIKTIGSTE BILNYHET NYE AURIS OG AURIS HYBRID

Lanseringstilbud

Nye Auris Active Toyota Touch & Go Navigasjon uten tillegg i prisen

Verdi 6 400,Veil pris Auris fra 222.200.- Auris Hybrid fra 265.500,- inkl. frakt og lev. omkostninger. Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: Auris VVT-i: fra 0,55 l/mil, fra 128 g/km, fra 10,2 mg/km. Auris D-4D: fra 0,42 l/mil, fra 109 g/km, fra 118 mg/km. Auris Hybrid: fra 0,38 l/mil, fra 87 g/km, fra 5,7 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.

Toyota Førde AS

Toyota Nordfjord AS

Steinavegen 10, 6802 Førde Tlf: 57 72 10 00 - www.toyota-forde.no

MĂ…LĂ˜Y: Deknepollen - 6718 Deknepollen - Tlf: 57 85 26 50 STRYN: Hegreveien 16 - 6783 Stryn - Tlf: 57 87 60 00

       

35


Faste, lave priser

på alt du trenger til sommerfesten! Maiken Nordbø Butikksjef KIWI Måløy

Anne-Petrin K. Kvalvåg Butikksjef KIWI Deknepollen

Marit K. Wik Butikksjef KIWI Raudeberg

KIWI Deknepollen • KIWI Måløy • KIWI Raudeberg KIWI Deknepollen KIWI Måløy KIWI Raudeberg

36

7-23 mandag-lørdag 7-23 mandag-lørdag 8-21 mandag-lørdag

HAVSALTSOMMAR2013


Havsalt sommer 2013