Page 8

ANNONSEBILAG UTGITT AV UNIK MEDIA AS

FAMILIETID! THEA (3 ÅR) HAR FÅTT NY BONDEGÅRDS-LOTTO, OG INVITERER FORELDRA MED PÅ LEIKEN.

Med Solhytten som hytteleverandør, og standardmodellen Bergstøl som utgangspunkt, fekk dei arkitekthjelp til å utforme drøymehytta – med gode innspel frå Willy Mjåtvedt hos Solhytten. Bygginga starta hausten 2016, og hytta stod klar vinterferien 2017. PRAKTISK OG FLEKSIBELT – Me ønskte oss eigen fløy nede med soverom og bad. Me ville ha trappa til 2. etasje i gangen, og ikkje inne i stove/kjøkenområdet. I andre etasje er det to soverom, bad og ei lita stove, der dei vaksne borna og deira familie, eller vener, kan ha god på plass når dei er på besøk, fortel Therese og Tor Øyvinn, som begge jobbar i Equinor.

det er fint med kraftige material på veggene. Panelen er ferdigbeisa i Jotun sine fargar, og me brukte litt tid før me landa på fargen Sjøsand, fortel Therese. Tor Øyvinn likar å halde på med snekring og praktiske oppgåver, og ynskte seg eit eige tun. Det har han fått, eit triveleg lite tun omkransa av hytte, garasje, anneks og hundegård. Overbygd terrasse stod også på familien si ønskeliste. Her kan dei nyta utsikt, frisk luft og grillpølser sommar og vinter. DET GODE LIV I MYRKDALEN – Hytta er samlingspunkt for familien, og me får feriefølelse når me kjem hit, seier Therese.

Friluftsfolk veit korleis det er når store og små kjem inn frå skibakken med snø på kle og sko. Difor laga dei eit praktisk vaskerom rett inn til venstre frå inngangsdøra, der kle og sko kan tørke, og gangen kan haldast ryddig og rein.

– Helgene i Myrkdalen er eit godt avbrekk frå jobb og kvardagsliv. Me er på hytta tre av fire helger om vinteren. Og i fjor sommar var me her tre veker i strekk, fortel Tor Øyvinn.

LAGA SITT EIGE TUN Solhytten kunne levera både hytte, garasje og anneks til ein pris som var innanfor familien sitt budsjett. At Solhytten også brukar solide materialer innvendig og utvending, er familien opptekne av.

Myrkdalen har overraska positivt med stort aktivitetstilbod, både i regi av hotellet og ute i det store nærområdet med Voss, Nærøyfjorden og Vik.

– I stova er det takåsar, og dei er ikkje til pynt, dei er bærebjelkar. Me synest

1

2

– På Vikafjellet går me mykje på tur, og det er fint å sykle på grusvegar. Skianlegget i Myrkdalen er bra, og anlegget vert stadig bygd ut. Me håpar den gode trenden her oppe vil halde fram.

3

4

1–AKTIVE: I stova har det blitt kunst av skidestinasjonar familien har besøkt. 2–SOLID: I ei romsleg stove med takåsar og solide møblar er det lett å finna trivsel og tid til familien. Bøker og spel har sin naturlege plass på hytta. 3–PRAKTISK: Ein matbod med eigensnikra hyller kan ein lagra mykje av provianten som trengst til ei helg på hytta. 4–VELKOMEN: Enkelt og stilig på gjesterommet. Hytta er bygd i oppstugu-stil, og loftet har plass til to soverom, bad og stove. V å r 2 0 1 9 – P Å H Y T TA – 8

Profile for Leif Magne Flemmen

PÅ HYTTA - Vestlandsutgave mars 2019  

New
Advertisement