Page 7

ANNONSEBILAG UTGITT AV UNIK MEDIA AS

HYTTEFRYD OG FAMILIEGLEDE I MYRKDALEN Tor Øyvinn og Therese ville ha kort veg til hytta og god plass til å samle storfamilien. Myrkdalen vart eit naturleg val. Her stortrivst dei både sommar og vinter.

Når familiebilen svingar inn til Britahaugen 144, jublar vesle Thea (3 år) i baksetet. Ho frydar seg over å vere på hytta i Myrkdalen, med herleg boltreplass inne og ute. – Me hadde klare ønske for korleis me ville ha det. Sidan eg har tre vaksne born frå før, og nokon av dei har eigne born, ville me ha ei hytte med god plass til at alle kan trivast, seier Tor Øyvinn Andersen, som saman med Therese Johanson har bygd drøymehytta for heile familien. RASKT Å KØYRE TIL HYTTA Tidlegare hadde dei leigd hytter i Hemsedal og Hallingdal, og då dei ville ha sitt eige, drog dei først til Golsfjellet på visning. På heimvegen vart dei ståande i kolonne-kø over fjellet. Dei såg på kvarandre og spurte: er det slik me skal ha det kvar helg? Same kveld, i 2013, gjekk dei inn på nett og søkte på Myrkdalen, og vips hadde dei gjort avtale om å kjøpa leilegheit i fjellandsbyen. – Me brukar halvannan time til Myrkdalen frå huset vårt i Arna. Kort reisetid betyr mykje. Og me kjende godt til skianlegget her, seier Therese Johanson. SKIANLEGG OG SYKKELSTIAR Når storfamilien er samla, tel dei sju vaksne, fire små barn og ein hund. Dei ynskte seg etter kvart større plass, og sidan alle trivdes godt i Myrkdalen, såg dei seg om etter hyttetomt her. Tomta dei fann, ligg ganske langt nede og ytterst i feltet, i eit roleg område i fjellandsbyen. Frå hytta ser ein både Myrkdalsvatnet og Lønahorgi. – Her er lite trafikk, og me har eigen skitilførsleveg til anlegget, seier Tor Øyvinn fornøgd.

V å r 2 0 1 9 – P Å H Y T TA – 7

Profile for Leif Magne Flemmen

PÅ HYTTA - Vestlandsutgave mars 2019  

New
Advertisement