no er den redusert til 5 meter. Vi kunne fiske opp til 40-50 kg fisk på ei veke, fiskar på opp til ein halv meter. No er det berre småfisk igjen» seier han. «Eukalyptusen kom og gjorde slutt på elvene våre, dei gjorde slutt på alt. Selskapa her er styrtrike, og folket sitter igjen utan rettar, utan levebrød.» Tørrfôr Eg og Ana sit i åkeren og gjer oss klar til å byrje på att med arbeidet. Ho fyller hendene sine med jorda ho har under seg. Den smuldrar opp mellom fingrane hennar, like fin og tørr som sanden
på dei kvite strendene langs kysten i området. «Jorda her er sjuk, den er full av gift. Det same gjeld elvane og fisken. Dyra som beiter på marka blir også fyllt av den same gifta» gifta ho refererer til er sprøytemidla som blir brukt på eukalyptusplantasjane, som forgiftar jorda og elvane i området. «7 år» seier ho og viser på fingrane. «7 år går det før gifta er borte». Ho viser til at vi er ferdige for dagen, det er varmt. «Å nei! Dei er heilt uttørka» seier ho, og går bort til nokre uttørka sukkerrør. «Til grisane» seier ho, og riv dei ned.
11