Page 1

ØY Nummer 3

NYTT

Kyrkjeblad for Øygarden

Mai 2018

45. årgang

Martin Olai Torsvik og Even Olsen Begge har vendt blikket ut mot den store verda der behovet for materiell og åndeleg hjelp er svært stort.

6

Barndoms-kameratane frå Vikavågen 3 Refuel nr. 100 fekk besøk av ordførar Børge Haugetun

8

Ser du Gud?

5 Vårens vakraste eventyr 12 Vil du vera med å gjera ein forskjell 17

Kyrkja si årsmelding for 2017 www.kyrkja.no/oygarden


Givarteneste 2018 Det er budsjettert med kr 180 000 i gåver utanom offer i kyrkjene. Prognosen viser førebels at ein vil ende på kr 100 000. Takk til alle som gir til arbeidet. Pengane kjem godt med i barne- og ungdomsarbeidet i regi av kyrkja. Øygarden sokneråd

Mange på fellesskapskveld Mange møtte opp på fellesskapskvelden like før påske. Opplegget hadde fokus på påske og det var ein bolk der forsamlinga song kjente og kjære songar. Magnus Vik var ein av solosongarane. Det var påskevandring i og utanfor kyrkja og på dei ulike stasjonane markerte me Jesu lidingsveg til Golgata og til slutt oppstoda. Redaksjonen

Regulering i Blomvåg Øygarden kommune arbeider med ein reguleringsplan i Blomvågområdet som også tangerer grensene til Blomvåg kyrkje og gravplassane som ligg i tilknyting til kyrkja. Det vert vurdert om kyrkja og gravplassane skal inngå i reguleringsområdet, noko fellesrådet meiner kan vere positivt. Planarbeidet vil også sjå på om det er mogeleg å få meir parkeringsareal til kyrkja. Parkeringsplassen er ofte full. Kyrkjeverja

Hjelme gamle kyrkje Hjelme gamle kyrkje skal vedlikehaldast. Det er Øygarden kommune som står for dette arbeidet. Det er ikkje mange signalbygg med historisk verdi i Øygarden. Det må vel seiast at Hjelme gamle kyrkje er eit slikt bygg. Det er ein god del førebuingsarbeid og planlegging som må gjerast. I tillegg må arbeidet godkjennast av Riksantikvaren og det skal vere innanfor ei økonomisk ramme som kommunestyret har godkjent. Arbeidet vert starta i 2018 og skal vere sluttført rundt sommaren 2019. Kyrkjeverja

2

ØyNytt

Redaktøren har ordet

Kjære lesar av ØyNytt! Gratulerer til våre konfirmantar med familie. Snart er det eit nytt kull med konfirmantar. Det er viktig at me ikkje avgrensar fokuset til berre å gjelde konfirmanttida. Me ønskjer å sjå dei unge i våre samanhengar også etter konfirmanttida. Konfirmantåret skal ikkje vere pliktløp, men ein stad for å bli betre kjent med Jesus og kva det betyr å vere ein kristen. Truslivet tek ikkje slutt når konfirmasjonen er unnagjort. Det er viktig at foreldre, besteforeldre og fadrar minner dei unge om å søkje til kristne fellesskap også etter konfirmanttida. Me er inne i endringstider. Kommunane slår seg saman og kyrkja følgjer med på lasset. Det er viktig å presisere at soknegrensene vert ikkje endra. Heller ikkje sokneprestane vert «slått saman». Me som har ansvaret for samanslåing av fellesråda har eit stort fokus på å ta godt vare på alt det gode arbeidet som skjer ute i kyrkjelydane. Det er likevel viktig å poengtere at me er inne i ei krevjande tid, særleg for våre tilsette som både skal tenkje dagleg verksemd og tenkje utforming av framtida. Styrken ligg i motiverte medarbeidarar. Du vil etter kvart kunne lese litt i dette kyrkjebladet om det som skjer i Sund og Fjell i regi av kyrkja. Det er fordi me meiner det er viktig etter kvart å bli litt betre kjent med kvarandre og fordi det kan inspirere kyrkjelydande på tvers av soknegrenser. I første nummer i haust vil me presentere alle som no arbeider i kyrkja i Sund og seinare dei i Fjell. God sommar!

Olav Martin Vik Kyrkjeverje/redaktør

Salme 91,11

Han skal gi sine englar befaling om å bevare deg på alle dine vegar.


Andakt

Ser du Gud? Eg kjenner ein 14-åring som har det med å koma med utfordrande spørsmål. Eg har kjent ho sidan ho vart fødd og eg har jobba med foreldra hennar som misjonær i Thailand. For litt sidan var ho på besøk, og ho spurde: «Høyrer du Gud i kvardagen?». Før eg rakk å svara, held ho fram: «For du veit det Espen, det er ikkje Gud som har slutta å tala, det er berre vi som ikkje lyttar». Og så heldt 14-åringen fram å fortelja kor viktig og flott det var å tru på ein Gud som seier noko til oss. Har du lett for å høyra Guds stemme? Har du lett for å kjenna igjen Jesus? Disiplane kjende ikkje Jesus igjen, då han ein morgon stod på stranda etter oppstandelsen. På same måte har vi vanskar med å skjønna og forstå det når Jesus kjem og vil oss noko. Ofte er det i det heilt daglegdagse Jesus kjem, slik han kom på stranda ved Genesaretsjøen. Der hadde han vore utalde gonger før. Og han tende bål og laga mat, slik som så ofte før. Plutseleg forstod disiplane kven han var og dei utbryt «Det er Herren» (Joh 21, 7). Me kan sjå etter Jesus i det vanlege kvardagslivet. Han er interessert i oss, han vil gje oss råd og hjelp, og han kjem med frelse og omsut. Vêr glad for at vår Gud ikkje er taus. Me kan bruka ulike ord; høyra Gud, sjå han, forstå han, kjenna han, oppleva viljen hans. Alt dette er ein annan måte å seia med disiplane: «Det er Herren». Me kan iblant trenga å snakka

Genesaretsjøen. Foto: Pixabay.com

med nokon om tilhøvet vårt til Gud. I samtale med andre kan me byggja kvarandre opp og få hjelp til å kjenna att Gud. Men me kan gjera det same på eigenhand. Kanskje du skal sjå deg rundt etter Gud akkurat no? Espen Sigve Tveten sokneprest

ØyNytt

- kyrkjeblad for Øygarden Telefon: 56382240 E-post: post.oygarden@kyrkja.no

ØyNytt kom første gong ut i april 1974. ØyNytt vert fulldistribuert i Øygarden. Det er også mange abonnentar utanfor kommunen. Kontingent og annonsar er avgjerande for produksjon og distribusjon av ØyNytt.

Utgjevar: Øygarden sokneråd. Ansvarleg redaktør: Olav Martin Vik. Redaksjonen: Hogne Berland, Espen Sigve Tveten, Anders Vik, Olav Martin Vik og Kari Sandøy Rong. Layout i InDesign: Olav Martin Vik. Distribusjon: Hammer Transport i Øygarden og Posten utanfor Øygarden. Trykk: Bodoni AS, 5017 Bergen Kontingent: kr 125 i Øygarden. Kr 175 utanfor Øygarden. Takkeannonsar: kr 100. Annonsar: Kontakt redaksjonen. Bankkontnummer: 3628.07.02557 for kontingent og gåver. Postadresse: ØyNytt, postboks 144, 5331 Rong. Opplag: 2500 pr nummer. 6 nummer i året. Kjem ut i 2018: 9. februar. 23. mars. 25. mai. 7. september. 12. oktober og 7. desember. Redaksjonen vert avslutta 1 veke før. 2018 ØyNytt

Telefon: 56382240 E-post: post.oygarden@kyrkja.no Øygarden kyrkjelege fellesråd Besøksadresse: Kyrkjekontoret i Øygarden, Rong senter Postadresse: Postboks 144, 5331 Rong Informasjon om våre tenester, kontaktinformasjon til våre tilsette og det som skjer i regi av oss finn du på: www.kyrkja.no/oygarden Facebook

kyrkjaioygarden

Instagram

kyrkjaioygarden

Stab: Olav Martin Vik, kyrkjeverje/dagleg leiar. Kari Sandøy Rong, kontorleiar. Anne Lise Grøm, kantor. Hogne Berland, kyrkjelydspedagog. Bjørg Hindenes Blom, diakonimedarbeidar. Kåre Kristoffersen, Blomvåg kyrkje. Kari Synnøve Bekkenes Solheimslid, Hjelme kyrkje. Diana Fjæreide-Haugetun, kyrkjegardsarbeidar Hjelme. Soknepresten i Øygarden: Espen Sigve Tveten. E-post: et838@kyrkja.no Telefon: 56382240 Beredskapstelefon i Vesthordland prosti: Kvardagar frå kl. 17 til kl. 8 neste dag og lørdag og søndag tlf. 95483655. Gjeld berre tilhøve som ikkje kan vente til ordinær arbeidstid, t.d. dødsbod. Leiar i soknerådet og kyrkjeleg fellesråd: Erling Vik. Telefon: 48210462 Org.nr. Øygarden kyrkjelege fellesråd: 976 995 430 Bankkonto for gåver: 3628.55.90870 (soknerådet sitt arbeid) Gåver kan du også gi ved bruk av appen Vipps.

ØyNytt

3


Eitt sokn og nytt namn Onsdag 25. april var kyrkjelyden i Øygarden samla til årsmøte og soknemøte. Årsmøtet handla om året 2017 og framtida, medan soknemøtet handla om å formelt slå saman Hjelme sokn og Blomvåg sokn. Fram til no har det vore ei prøveordning godkjent av departementet (også for ein del andre sokneråd i Noreg) med eit såkalla samanslått sokneråd. Soknerådet rår til at ein no slår saman formelt Hjelme sokn og Blomvåg sokn til eitt sokn og at namnet på det nye soknet vert Hjelme og Blomvåg sokn. Dette slutta soknemøtet seg til. Det vert 6 faste medlemer i soknerådet med tillegg for soknepresten som er lovfesta medlem i rådet. Kommunen kan gi uttale og saka er no oversendt Øygarden kommune for uttale. Det er Bjørgvin bispedømeråd som endeleg godkjenner endringane. Det er kyrkjeval i 2019 og endringane skal gjelde frå hausten 2019. Årsmøtet sa seg godt nøgd med arbeidet som kyrkja har drive i 2017 og ein er innforstått med at det kan skje endringar framover som følgje av kommunesamanslåinga noko som også vil gjelde for kyrkja. Kyrkjeverje Olav Martin Vik orienterte om arbeidet med å slå saman dei kyrkjelege fellesråda og sokneprest Espen Tveten orienterte om arbeidet med å skape gode kristne småfellesskap i kyrkjelyden.

Sitat Om møtet med konfirmantane Det er eit privilegium som prest å få koma tett innpå ungdomane i kommunen på denne måten. Undervisinga me gjev dei er sjølvsagt viktig, men viktig er òg den første halvtimen vi et middag saman, tida for spørsmål og tida for leik. Espen Sigve Tveten Sokneprest Om kva som er det viktigaste -Det er viktig å kunne hjelpa på alle plan, men det aller viktigaste er å læra folk Jesus å kjenna for å setja arbeidet inn i ein endå større samanheng. -Materiell velstand er viktig, men ikkje det aller viktigaste. Evangeliet om Jesus kan løysa ut eit håp som rekk forbi dette livet». Martin Olai Torsvik Ordførar Børge Haugetun om Refuel Han heldt særleg fram den førebyggjande effekten det har for ungdomane i Øygarden å ha eit slikt positivt tilbod å gå til på fredagskveldane.

Frå årsmøtet i Øygarden kyrkjelyd. Foto: Ottar Vik

Skjergardsheimen med 10255 overnattingsdøgn Skjergardsheimen har no sitt årsmøte som ein del av kyrkjelyden sitt årsmøte. Det er Øygarden sokneråd som eig Skjergardsheimen og som utgjer generalforsamling og peikar ut styre. Skjergardsheimen har høg aktivitet gjennom året med 10255 overnattingsdøgn i 2017. 62 tilsette gjorde teneste ved Skjergardsheimen i 2017.

Om Jesus og Gud Me kan sjå etter Jesus i det vanlege kvardagslivet. Han er interessert i oss, han vil gje oss råd og hjelp, og han kjem med frelsa og omsut. Ver glad for at vår Gud ikkje er taus. Espen Sigve Tveten Sokneprest Hogne Berland om Refuel Weekend siste helga i mai Det vert tettpakka med kjekt program for ungdomane, men også for dei vaksne trur me. Medan opplegget på dagen på laurdag er for ungdomane, ønskjer me på kveldane å samle både unge og vaksne

Dagleg leiar er Jan-Owe Jensen. Styreleiar er Audun Sæle. Skjergardsheimen driv leirskule, sommarleirar, helgesamlingar for ulike organisasjonar og kyrkja i Øygarden har sine leirar på Skjergardsheimen.

Om å skriva brev til Gud «Kjære Gud. Eg veit ikkje kva eg skal skriva. Kva skriv ein i eit brev til Gud? Ein konfirmant

4

ØyNytt


Vårens vakraste eventyr Me har nettopp avslutta årets konfirmantsesong. I kyrkja kan me kalla det «Vårens vakraste eventyr» - festpynta menneske rundt ei høgtideleg handling der konfirmanten står i sentrum.

«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» Dette spørsmålet stilte Jesus til den blinde tiggaren Bartimeus. Jesus gav han synet igjen og han fekk ein frimodig tru. Rom for spørsmål, men òg svar Konfirmantane fekk svara på det same Dette er fullverdige og djupe spørsmålet. Her er nokre døme på kva refleksjonar. Ujålete og oppriktige. Livet dei svara på kva dei ynskte Jesus skulle er intenst for ein 15-åring, og forsking gjera for dei: meiner at vi er på vårt mest religiøse i Vis meg vegen til deg der eg kan kvila. den alderen. Men spørsmåla tenåringen Hjelp meg å tru på deg, sjølv om eg grunnar over, er gjerne dei same vi kan feilar. bera med gjennom heile livet. Hjelp meg å oppnå draumane mine. Hjelp meg å finna Gud. Vêr grei mot meg og familien min. Kan du gjera meg syndfri? Fjern all religionskrig. Der mykje er nådelaust i meg å få eit godt liv. samfunnet rundt oss, vil Bibelen gi oss eit Hjelp Kan du gjera det slik at jorda ikkje vert forureina? møte med ein nådefull Gud som er eit Kan du fjerne alle bekymringane solid fundament i liva våre. mine?

Det er eit privilegium som prest å få koma tett innpå ungdomane i kommunen på denne måten. Undervisinga me gjev dei er sjølvsagt viktig, men viktig er òg den første halvtimen vi et middag saman, tida for spørsmål og tida for leik. På denne måten vert vi ofte vist tillit til å koma inn i tankeuniverset til ungdomane. Der føregår det mange refleksjonar rundt sorger, gleder og gåter. Brev til Gud På tampen av året fekk konfirmantane ei utfordring om å skriva brev til Gud. Heilt anonymt kunne dei fritt formulera tankar og spørsmål til Gud. Her kjem to utklipp frå desse breva.

Espen Sigve Tveten, sokneprest i Øygarden

«Kjære Gud. Eg veit ikkje kva eg skal skriva. Kva skriv ein i eit brev til Gud? Eg kan spørja deg om hjelp og støtte i livet, men det veit eg at eg har allereie, eg burde vel vera meir takknemleg. Eg har ikkje gjort nokon ting for å fortena deg, men det er vel greia di. Eg håpar berre at du kan hjelpa meg med å berre fortena litt av din godheit? Takk for alt, du har gjeve meg så mykje, og eg vil vera takknemleg.» «Kjære Gud. Eg har mange spørsmål til deg, men dei fleste kokar i grunn ned til eitt ord. Kvifor? Kvifor skapte du menneske med så mykje hat? Så mykje vondt i seg. Kvifor skapte du menneske som hatar andre menneske? Menneske som hatar seg sjølv. Kvifor skapte du splid mellom menneske? Eller kanskje

du ikkje gjorde det. Kanskje hat er skapt av menneska sjølv. Eg veit ikkje, men eg treng svar.»

Samstundes som det er viktig at konfirmantane, og alle andre, skal kunna koma med spørsmåla sine, skal det heller ikkje vera slik at det ikkje finst svar. Alle spørsmål skal takast på alvor, og alt kan ikkje svarast på. Men oppriktige spørsmål skal ikkje berre møtast med «kva meiner du sjølv?» Mange svar finst allereie i Bibelen. Viss alt vert sett på som like gyldig, vert det til sist likegyldig. Det er frigjerande å kunna tenkja at ikkje alt er opp til oss sjølv, ikkje alt står og fell på om vi er på vårt beste. Der mykje er nådelaust i samfunnet rundt oss, vil Bibelen gje oss eit møte med ein nådefull Gud som er eit solid fundament i liva våre.

Det ligg mykje tru og lengsle i desse spørsmåla. Konfirmantane kan vera førebilete for oss til å formulera trua vår konkret og som spørsmål og med von om svar.

ØyNytt

5


Even Olsen (22) og Martin Olai Torsvik (21):

Barndoms-kameratane frå Vikavågen

Even Olsen (t.v.) og Martin Olai Torsvik

Begge har vendt blikket ut mot den store verda der behovet for materiell og åndeleg hjelp er svært stort. Og der ute har dei begge møtt folk og folkeslag som har prega dei og forma tanken deira. Tekst: Gerhard Vik Foto: Ottar Vik

6

ØyNytt


Begge er dei oppvaksne på Vik med Vikavågen, sjøen og båtlivet tett innpå seg. Dei er beste-kameratar frå barndommen og har vore aktiv med på bibelundervisning i regi av kyrkja og i barne- og ungdomsarbeidet på Vik bedehus. Der fekk dei tidleg med seg at me lever ikkje berre for oss sjøl. Begge har vendt blikket ut mot den store verda der behovet for materiell og andeleg hjelp er svært stort. Og der ute har dei begge møtt folk og folkeslag som har prega dei og forma tanken deira. Krabbefiske Me møter Even og Martin Olai ved havna på Vik då dei var på heimlege trakter i påskehelga. Dei fortel med glimt i auga om då dei dreiv småfiske og krabbefiske i heimlege farvatn med utror frå Vik, og selde krabben på den frie marknaden. - Me sette opp skilt ved Øygardsvegen om krabbe til salgs. Og etterspørselen var stor. Men Vegvesenet fjerna skiltet av omsyn til trafikken, og då måtte me endra strategi og rykkja inn annonse i Vest-Nytt. Det vart litt lommepengar av den aktiviteten, fortel dei to kompisane og mimrar litt om fiskeriet og båtlivet i barneåra i heimlege strok. Data og bibel Even og Martin Olai har ført det gode kameratskapet frå barndomen vidare. Begge studerer no i Oslo og bur på hybel saman. I barndomen valde Even data som sin hobby, og var trufast lydteknikar på Vik bedehus. Denne datakunnskapen utviklar han no vidare gjennom eit 3-årig studie i Oslo. Men kva han skal bruka denne utdanninga til, veit han ikkje sikkert i dag. Han er open for det som legg seg til rette, seier han.

Etter Vidaregåande skule gjekk Even bibelskolen i Grimstad. -Denne tida fekk eg eit opphald i Uganda over 5 månader som har gjort meg meir moden til å vurdera framtida mi, seier Even som ikkje utelukkar fleire opphald i utlandet. -I Afrika arbeidde eg blant barn og ungdom gjennom Kristen Idrettskontakt. Me lærde dei samhald og venskap gjennom sport, nettball og dansekurs, og å setja dette inn i ein større samanheng. Møtet med dette folket har gitt meg eit større perspektiv over livet. Gjennom KRIK fekk me formidla ny kultur der eg såg lysglimt som nådde fram, og at pengar åleine ikkje er det mest viktige for å gi folk håp. Fiolin, fotball og misjon Martin Olai valde musikken og fiolinen som sin hobby i barndommen. Den har han gledd forsamlinga på Vik bedehus med i fleire høve. Og han var aktiv fotballspelar i Skjergard IL. I Oslo studerer han no teologi og misjonsfag ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole der han tek sikte på ein master over 5 år. Han ser for seg eit arbeidsfelt der han kan få formidla kristen nestekjærleik og evangeliet om Jesus til folk som lever på skuggesida.

Der hadde folk i det minste mat som dei dyrka sjøl; poteter og grønsaker, men det var så visst ingen luksusliv, og helsetilbodet var skrale greier. Sykkel og potte Me budde i hus med rotter som sprang innpå oss og held oss vakne om natta. Magesjau var vanleg og me måtte alltid ha maten i lukka boks. Bananplantasje og poteter var grunnlaget for å leva på desse øyane. For oss var det viktig å ha ein sykkel og ei potte. Me som kjem frå det rike Noreg vil ha vanskeleg for å forstå korleis levevilkåra er i desse områda. Opphaldet blant dette folket har nok gitt meg ein retning for livet vidare, og så får tida visa kva utslag dette konkret vil få for meg, seier Martin Olai som har fleire studieår framfor seg. Even nikkar samtykkjande. -Me må hjelpa både materielt og åndeleg», seier han.

-Det er viktig å kunne hjelpa på alle plan, seier Martin Olai, men det aller viktigaste er å læra folk Jesus å kjenna for å setja arbeidet inn i ein endå større samanheng. -Materiell velstand er viktig, men ikkje det aller viktigaste. Evangeliet om Jesus kan løysa ut eit håp som rekk forbi dette livet». Martin Olai har arbeidd i organisasjonen: Ungdom i Oppdrag på øyane ved Australia og Ny-Guinea. På desse øyane var det ein utprega stammekultur med 900 stammespråk.

-Materiell velstand er viktig, men ikkje det aller viktigaste. Evangeliet om Jesus kan løysa ut eit håp som rekk forbi dette livet.

ØyNytt

7


Barn og unge

Vinnarlaget «Latskap» frå fotballcupen

Stemning rundt borda

Refuel nr. 100 Ungdomsklubben Refuel er snart fem år gamal. Den 11. mai var det tid for samling nr. 100 sidan oppstarten. Det vart feira skikkeleg med KRIKcup, grilling, kake og ordførarbesøk!

av med sigeren og gratispass til Refuel Weekend. Etter kvart fyrte flinke ungdomar opp grillar nede i garasjeanlegget og serverte hamburger og pølser til alle.

Då klokka nærma seg ni var det tid for jubileums-Refuel oppe i lokalet til INRI-kyrkja på Rong senter der klubben no heldt til. Her vart det vist film frå det første året med Refuel og ein kunne konstantera at sjølv om lokalet var eit anna, så var programmet for ei Då klubben starta opp på bedehuset på Rong i september 2013 samling mykje likt. Ein har framleis møte først med andakt, lovsang, vart den første samlinga annonsert som Refuel nr. 1. Sidan har ein deretter kafé med godt utval og til slutt underholdning. I andakten haldt fram med nummer på samlingane, litt for moro skuld. Når no denne dagen fekk ungdomane høyra om kor viktig det er med tida var komen for samling nr. 100, var det eit ypparleg høve til å bensinstasjonar på vegen til himmelen. Ein treng «refuel». I Bibelen feira litt. KRIK Øygarden ville vera med på feiringa og stelte i stand får vi gode tips til slike stasjonar. I Apostelgjerningane kan vi melfotballcup i garasjeanlegget under parkeringsplassen på Rong lom anna lesa om at dei første kristne «heldt seg trufast til læra frå senter på ettermiddagen. Etter intense kampar og stor innsats var apostlane (Bibelen), til fellesskapet, brødsbrytinga (nattverden) og det laget med det litt misvisande namnet «Latskap» som stakk bønene.» Tekst: Hogne Berland Foto: Linda Blom og Suzanne Rommetveit

Hogne har ordet

Hogne Berland, kyrkjelydspedagog

Til helga skal Refuel Weekend arrangerast i Øygarden for femte gong. Det er kjekt å kunne avslutte sesongen med eit slikt storarrangement på Kulturhuset. Det vert tettpakka med kjekt program for ungdomane, men også for dei vaksne trur me. Medan opplegget på dagen på laurdag er for ungdomane, ønskjer me på kveldane å samle både unge og vaksne. Dette er ein flott sjanse for dei vaksne til å sjå litt kva som går føre seg i det kristne ungdomsmiljøet i Øygarden.

8

ØyNytt

Refuel weekend har også vorte ei helg der me får samla det som er av kristent ungdomsarbeid i kommunen og alle bidreg på sin måte. Ungdomskoret Gospel Teens er med både laurdag kveld og på søndag. KRIK står for kjekke aktivitetar ute både lørdag og søndag. I år skal leiar i IMF Ung, Andreas Evensen, tala. Me gler oss til å høyra han tala om temaet for helga, Frihet. Eit fint ord som gjev oss gode assosiasjonar. Men kva tyder frihet i eit kristent perspektiv. Kva er vi fri frå? Kva er vi fri til? Og korleis kan kristne snakka om frihet når dei har motgong? Dette skal vi høyre meir om denne helga.


Dette skjer!

Leirar på Skjergardsheimen 6. oktober 7. oktober 2.-4. november 7.-9. desember

Leirdag 1. klasse Leirdag 2. klasse Leir 3. klasse Leir 4. klasse

Skjema for påmelding vert delt ut på skulane. Påmelding: post.oygarden@kyrkja.no

Krik 8. juni

Stad: Toftøy gamle skule Tid: 19.00-21.00

Me annoserer her for leirar i Sætervika og på Raknestunet Ordførar Børge Haugetun helsar

Ordførar Børge Haugetun ville gjerne vera med på Refuel nr. 100 og helsa med gode ord og skryt av arbeidet. Han heldt særleg fram den førebyggjande effekten det har for ungdomane i Øygarden å ha eit slikt positivt tilbod å gå til på fredagskveldane. I tillegg hadde han med seg både blomster og ei flott pengegåve til klubben!

Leirar i Sætervika 15.-17. juni Maksleir 2.-4. klasse 22.-25. juni 2Be 8.-10. klasse 28. juni – 1. juli Tweensleir 5.-7. klasse

6.-8. august Maksleir 2.-4. klasse 9.-12. august Tweensleir action 5.-7. klasse Påmelding: www.setervika.no

Leirar på Raknestunet 16.-17. juni 2.-5. august Minileir 1.-2. klasse Betweenleir 6.-8. klasse 22.-24. juni 6.-9. august Yngstes 3.-4. klasse Dyreleir 4.-6. klasse 26.-29. juni 10.-12 august Sommarferieleir 4.-6. Yngstes dyreleir 3.-4. klasse klasse 1.-4. juli 13.-15. august Ball- og aktivitetsleir 5.-7. Ungdomsleir 10. klasse klasse og oppover 6.-9. juli Tenleir 8.-10. klasse Påmelding: www.nordhordlandsbua.no

Helga vert avslutta med ei stor KRIK-gudsteneste på Kulturhuset kl. 11. Her håpar vi både store og små tek turen. I tillegg til eit flott program på gudstenesta, vert det grilling og aktivitetar utanfor Kulturhuset etterpå. Eg håpar at akkurat DU kjem innom Kulturhuset denne helga!

ØyNytt

9


Gratulerer til konfirma

Me gratulerer konfirmantane våre og takkar for ei flott tid saman med de Foto: Torgeir S Johannesen/tsjfoto.no

Blomvåg kyrkje laurdag 5. mai kl. 10.30 Bak frå venstre: Hogne Berland (konfirmantlærar), Espen Tveten (sokneprest), Lars Øyvind Nilsen. Midten frå venstre: Lill Grete Stranda (ungdomsarbeidar), Olai Elvestad, Håvard Båtevik Schieldrop, Simen Hindenes, Mathias Turøy, Benjamin Berntsen Hovland, Lydia Sandøy Rong (ungdomsarbeidar). Framme frå venstre: Karoline Lorentze Sangolt Mikkelsen, Maria Solsvik, Amalie Berentsen Fortun, Rebekka Helen Skråmestø.

Blomvåg kyrkje laurdag 5. mai kl. 13.00 Bak frå venstre: Lill Grete Stranda (ungdomsarbeidar), Hogne Berland (konfirmantlærar), Espen Tveten (sokneprest). Midten frå venstre: Leo Bujakins, Sindre Falch Rong, Mathias Mikkelsen, Noah Dale, Håvard Haugetun, Lydia Sandøy Rong (ungdomsarbeidar). Framme frå venstre: Christine Askeland, Hanne Sæle, Michelle Bergstrøm Gjelsvik, Sara Steinsland, Charlotte Fromholz Olsen, Sanna Wågen, Shanette Sæle-Neverdal.

10 ØyNytt


antane - 2018

dei. Helsing kyrkjestaben i Øygarden.

Blomvåg kyrkje søndag 6. mai kl. 11.00 Bak frå venstre: Lill Grete Stranda (ungdomsarbeidar), Ruben Vestbøstad Vik, Espen Tveten (sokneprest), Hogne Berland (konfirmantlærar), Magnus Kårbø Rong. Midten frå venstre: Andrine Langhelle Fure, Mathias Hitsøy, Casper Skarveland Lokøy, Martin Borsholm Vik, Lydia Sandøy Rong (ungdomsarbeidar). Framme frå venstre: Ida Malene Sætenes, Sofie Knarvik Rong, Victoria Bru Waardal, Alma Torsvik Oen, Martine Øyre Vik.

Foto frå Hjelme: Jonas Stenehjem

Hjelme kyrkje søndag 13. mai kl. 11.00 Bak frå venstre: Espen Tveten (sokneprest), Hogne Berland (konfirmantlærar), Kristoffer Dale-Nautnes, Ruben Nordvik, Steffen Breivik, John Arne Seifried, Nicolai Myrvold Hjønnevåg, Emine Taule Soløy, Marthea Elise Steinhovden, Lill Grete Stranda (ungdomsarbeidar). Framme frå venstre: Indemine Busch Ullaug, Karoline Ramstad, Jeanette Skjold, Ida Harkestad, Andrea Tomic, Madeleine Hellesund Rossnes, Victoria Bakken, Lisa Eanna Pedersen Bell, Ester Kristine Sanden, Lydia Sandøy Rong (ungdomsarbeidar).

ØyNytt

11


VIL DU VERA MED Å GJERA EIN FORSKJELL? Ekteparet Steinar og Evy Helene Hellesund, er saman med May Iren Fjeldsaunet Sæle det siste tilskuddet til Øygarden frivilligsentral. «Dette er starten på kommunen sitt nye satsningsområde - å rekruttere fleire frivillige til aktivitetar og brukarar innan helse og omsorg», seier Liv Edel Mikkelsen, dagleg leiar ved frivilligsentralen.

Våre nye frivillige: Frå venstre Steinar Hellesund, Evy Helene Hellesund og May Iren Fjeldsaunet Sæle.

Tekst og foto: Øygarden kommune «Me ønskjer eit tettare samarbeid- ja eit levande fellesskap med lokale resursar og frivillige i våre tenester. Dei frivillige skal vera eit naturleg supplement, ikkje ei erstatning for kommunale helse og omsorgstenester. I ein travel kvardag ser me at dei tilsette skulle hatt meir tid til å gjere sosiale og kulturelle aktivitetar med brukarane. Mange har lite nettverk, er einsame og kjem seg sjeldan ut. Og det er her dei frivillige kan koma inn og gjera ein stor skilnad», seier styrar Britt Jorunn Landro. «Då Steinar si mor fekk demens og kom på Tednebakkane, såg ekteparet Hellesund eit behov. Me tenkte her kan me vera med på å skapa meir variasjon og aktivitet i kvardagen til brukarane. Når me tok mor ut på tur, slo det oss at kanskje andre og hadde hatt glede av å vera med», seier han og smiler. «Det er viktig at brukarane får fortsetja å leva eit mest mogleg aktivt og sosialt liv, sjølv om dei har fått endra livssituasjon», skyt Evy inn. Ho har sjølv jobba som hjelpepleiar før ho vart pensjonist, og føler at det å vera frivillig berre er ei fortsetjing av genet ho ber på av omsorg. «Det er så meiningsfylt å gje og å få», seier Steinar. «Ofte er det så lite som skal til for å skapa eit varmare lokalsamfunn.» May Iren har nett teke frivilligkurs i Fjell, gjennom Nasjonalforeininga for Folkehelse, også kalla «Aktivitetsvenn». Der har ho lært mykje om det å kommunisere på ein god måte med dei som har demens, og fått ei betre forståing av rolla som frivillig. May Iren er no frivillig for ei dame med demens kvar veke. «Det er så kjekt! Eg brenn for at fleire skal engasjere seg som frivillig for demente. Me veit at det å kunna få vera i aktivitet og ha fellesskap med andre kan bremsa sjukdomsutviklinga.»

12 ØyNytt

Ekteparet Hellesund har planar om å starta opp ei eiga pårørande gruppe på Tednebakkane, og dei håpar at fleire pårørande vil engasjere seg. Saman håpar dei å kunna laga til arrangement, sosiale og kulturelle treff for brukarane ved heimen. Steinar har sjølv mange jern i elden og er aktiv i fleire lag og organisasjonar. Dette gjeld og May Iren, ho er gift og har to born, men det er ikkje til hinder for å vera frivillig. Dei synest det er positivt å kunna gjera noko for andre. Dei fortel også at dei har vorte svært godt teken imot av dei tilsette ved sjukeheimen. «Ja, hos oss ønskjer me alle frivillige velkomen! Me skal ta imot dei med opne armar! Det treng ikkje berre vera brukarar på intuisjon, det er mange som bur heima som også kunne fått ein frivillig på besøk», seier styrar Britt Jorunn Landro. «Frivilligsentralen hjelper dei frivillige vidare inn i den aktiviteten dei sjølv ønskjer. Det kan vera helse, omsorg, kultur, idrett, friluftsliv, integrering osv. Å vere frivillig kan vera så mykje!», avsluttar dagleg leiar i Frivilligsentralen Liv Edel Mikkelsen. VIL DU OGSÅ BLI FRIVILLIG – TA KONTAKT MED FRIVILLIGSENTRALEN PÅ TLF. 904 15 771


Nytt frå Sund kyrkjelyd

VÅRMARKNAD I KAUSLAND KYRKJELYDSHUS I mange år har det vore vårmarknad i Kausland. I 2017 kom det inn over 80 000 kroner. Pengane skulle gå til naudsynt utstyr i Kausland kyrkjelydhus med særleg fokus på trådlaust nett og audiovisuelt utstyr i forsamlingsrommet.

Yngvild Mørner Sørheim

Personalnytt

Mykje folk møtte opp på vårmarknaden i år og det kom også denne gongen inn over 80 000 kroner. Målet er no å få trådlaust nett i sjølve kyrkja.

Anne-Kari Vik som no arbeider som informasjonsmedarbeidar i kyrkjeverja sin stab, skal ha permisjon frå si stilling frå og med mai 2018 til og med februar 2019 i samband med fødsel. Yngvild Mørner Sørheim (28) skal vikariare som informasjonsmedarbeidar i 50 % stilling i første omgang ut 2018. Yngvild skal arbeide med Fjell kyrkjeblad og nettsidene til Fjell, Sund og Øygarden kyrkjelege fellesråd samt utforming av brosjyremateriell og anna informasjon også i høve samanslåinga av fellesråda. Olav Martin Vik kyrkjeverje

Var klar til å bli martyr då IS kom

Eg var så heldig å bli invitert til vårmarknaden og kunne gjere nytte av nytt audiovisuelt utstyr; - prosjektor og eit stort lerret på 3 meters breidde. Det trådlause (via fiber) nettet i kyrkjelydshuset er også på plass. No er det berre å starte planleggingsarbeidet for fiber til sjølve kyrkja. I åra som kjem er det viktig at sokneråda lokalt har forkus på eigen økonomi, innsamling av pengar og givarteneste. Olav Martin Vik Kyrkjeverje

IS-terroristar var berre fire kilometer frå det 1600 år gamle klosteret. Fader Yusuf (bildet) ville ikkje flykta dersom dei hadde nådd fram. Fader Yusuf kom som munk frå Mosul til klosteret Mar Mattai tidleg i 2006. I mai same året blei broren skoten ned og drepen av islamistiske terroristar i heimbyen. Heile familien flykta til Kurdistan, eit sjølvstyrt kurdisk område i Nord-Irak. Drap på kristne i 2006 og 2007 både i Mosul og Bagdad førte til at mange kristne drog frå landet. I 2007 og 2008 bygde Mar Matti-klosteret tre nye landsbyar for kristne som hadde flykta, like nedanfor klosteret. Fader Yusuf meiner at om 5 år er Irak tømt for kristne om ein ikkje finn ei løysing som vernar kristne. Kjelde: Stefanusalliansen

TRENG DU NOKON Å SNAKKE MED? Nokre som ringer tenkjer på å ta sitt eige liv, andre er usikre, einsame eller redde. Nokre treng berre å slå av ein prat. Ring eller skriv: Vi er her. Alltid. kirkens-sos.no

ØyNytt

13


Med Trond Haukedal på sommarfest Fleire år på rad har Øygarden sokneråd invitert frivillige medarbeidarar i kyrkja til frivilligfest (sommarfest). Dette året var festen lagt til Hjelme kyrkje, av praktiske årsaker. Tidlegare år har festen vore på Kystmuseet. 60 frivillige deltok på festen i Hjelme kyrkje onsdag 2. mai. Trond Haukedal som er psykolog og ein av landet sine ypperste kurs- og foredragshaldarar var gjest denne kvelden. Han motiverte og inspirerte forsamlinga.

Trond Haukedal

Det er mange frivillige som har forskjellige oppgåver i kyrkjelyden. Her er det diakonimedarbeidar Bjørg Blom som presenterer frivillige som er med i besøkstenesta og frivillige som er med og arrangerer eldretreffa i Øygarden. Tekst: Redaksjonen Foto: Espen Sigve Tveten

Koste seg på sommaravslutning

Dei koste seg, borna som deltok på siste småbarnssongen før sommarferien. Her er dei samla i solveggen på trappa framfor Blomvåg kyrkje Det er småbarnnssong i Blomvåg kyrkje annakvar tysdag, om ettermiddagen. Foto: Kari Sandøy Rong

14 ØyNytt


Gravplassane i Blomvåg - planlegging for framtida Med Trond Haukedal på frivilligfest

Kyrkjeverja vurderer å opne for gravlegging på den vestre delen på Blomvåg nye gravplass. Det er det enkelte kyrkjelege fellesråd som på vegne av stat og kommune er gravferdsmyndigheit og på det grunnlag har ansvaret for gravlegging av døde uavhengig av tru og livssyn. Det er også kyrkjeleg fellesråd som forvaltar gravplassane i kommunen. Som sikkert mange har lagt merke til, er snart den austre delen av Blomvåg nye gravplass snart full og kyrkjeverja må difor snart vurdere å opne opp den vestre delen for gravlegging.

I fjor haust rasa delar av muren som går rundt gravplassen ut. Kyrkjeverja hadde i utgangspunktet bestemt at muren skulle reparerast. Når ein no skal vurdere å opne opp den vestre delen av gravplassen for gravlegging er det naudsynt å gjere ei vurdering av djupna. Dersom det vert aktuelt med etterfylling av masse må ein ha tilkomst, noko som no er mogeleg igjennom den delen av muren som har rasa ut.

ein har fått avklart alle tilhøve. Dersom det skal gjerast anleggsarbeid så må det avklarast med Øygarden kommune. Det er også kommunen som må finansiere eit eventuelt arbeid slik at denne prosessen vert ein del av busjettarbeidet. Olav Martin Vik kyrkjeverje

Meininga er no å rydde opp og lukke att opninga i muren med gjerde inntil

Om kristne sin situasjon i Kina Sentrale myndigheter har satt i verk undertrykkende tiltak mot både katolske og protestantiske kirker, og har, ifølge UCAN, økt i styrke den siste tiden. Det rapporteres at kirker er «ødelagt og plyndret, i tillegg til at hundrevis av bibler og hellige tekster har blitt konfiskert» i syv av provinsens ti bispedømmer.

Anonyme kilder sier aktiviteten mot kirkene kan settes i sammenheng med utnevnelsen av en ny partileder for kommunistpartiet, Wang Guosheng, i midten av mars. «[Han] har vært meget aktiv og sier det kun vil ta et år å rense provinsen» for uregistrerte kirker, forteller en kilde.

I den nordlige byen Anyang har tjenestemenn hindret barn fra å komme inn i katedralen med et skilt ved inngangen som sier «Mindreårige får ikke komme inn i kirken». Kjelde: Åpne Dører ØyNytt

15


REFUEL WEEKEND Øygarden kommune løyver pengar til opprustning av Vik bedehus

Kommunestyret i Øygarden vedtok samrøystes å løyva 323.000 kroner til opprusting og rehabelitering av Vik bedehus. Moderniseringsarbeidet er kalkulert til 3,23 mill. Bedehuset som har 166 medlemmar tar opp lån for å utføra rehabiliterings arbeidet. Arbeidet startar i mai 2018 og skal vera ferdi utpå hausten. Ein del av arbeidet vert utført på dugnad. I den tida bedehuser er under opprusting vert møter og barne/ ungdomsarbeidet flytta til NLM barnehagen på Toftøy. Foto og tekst: Ottar Vik

Velkommen til storsamlingar Fredag 25. mai kl. 19.30 - Refuel night Lørdag 26. mai kl. 19.00 - Gospel teens minikonsert Lørdag 26. mai kl. 20.30 - Refuel night Søndag 27. mai - KRIK gudsteneste kl. 11.00

• Arv/gaver • Familierett • Testamenter/samboeravtaler • Ektepakter • Samlivsbrudd • Kontrakter/kjøp- og salg • Trafikkrett/transportrett

Advokatfullmektig Bernhard Hauge

15 % rabatt til nye kunder fra Fjell og omegn. Hjemmebesøk om ønskelig. E-post: bernhard.hauge@agbergen.no Tlf: 920 41 950 www.agbergen.no Sandviksboder 1H, 5035 Bergen

TAKK Hjertelig takk for all vennlig deltakelse og blomsterhilsener ved vår kjære, gode mor, -

RAGNHILD NIELSEN sin bortgang. En spesiell takk til personalet ved Tednebakkane Omsorgssenter. FAMILIEN

16 ØyNytt


- ei rein og skjær handleglede ved havgapet!

Ferskvarespesialisten Velsmakende varmmat

Revisjon & regnskap Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no

Fristende frukt og grønt Nydelige nystekte bakervarer Måndag - fredag 8-22, laurdag 9-20 Bank i butikk

SPAR Rong tlf. 56 38 71 40 Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden

VESTGAR

TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )

E L E K T R O

Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

-din el-kontakt

Tlf. 56 38 50 00

VESTGAR

Vakttelefon: 922 34 062

ELEKTRO

www.torsteinsvik.no

Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 E-post: post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no • Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS

5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted

- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv

Knut Helge Polden

Espen Polden

Heine Polden

Cathrine Polden Misje

Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700 www.bergenogomegn.no

AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50

AVD. SOTRA

2.etg på Shellstasjonen Sartor, 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50

ØyNytt

17


Kjøp kjapt, trygt og billig Søre Sæle

Tlf. 56 38 71 20

Mand – fred kl.07.00 – 23:00 Lørdagar 08:00 – 21:00

Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no

Vårt avdelingskontor på Sotra Sartorgården, 2. etg, 5353 Straume

Vest Modul AS

Telefon 55 55 16 16 hele døgnet www.solstrands.no

Vår erfaring - din trygghet

18 ØyNytt

• • • •

5336 Tjeldstø

Tilbygg Normann 958 19 905 Nybygg Ingvard 958 10 967 Rehabilitering Montering og utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø


Til lukke

70 år 27. mai 5. juni 15. juni 15. juni 25. juni 2.juli 4. juli 16. juli 19. juli 22. juli 6. aug 11. aug 17. aug 22.aug 23. aug 24. aug 30. aug

75 år 6. juni 4. juli 4. aug 13. aug 18. aug 24. aug 3. sept

80 år 10. juni 16. aug

85 år

26. mai 30. juni 26. aug

Margunn Marit Torsvik, Markja 20 Rune Notnæs, Raudhammaren 14 Unni Halland Hjellum, Vågsmunnen 6 Aud Eli Dale, Dalevegen 19 Gunnleif Kjell Norvald Herdlevær, Langhomen 16 Edvard Solbakk, Grønhaugvegen 131 Sissel Alise Vik, Markja 14 Anders Træen, Toftosen 35 Håkon Karl Herdlevær, Buknappen 2 Else Gjøen Madsen, Dynntjørna 5 Olaug Marie Hellesund, Sæløyvegen 162 Laila Dåvøy, Jensvardvegen 8G Kåre Kristoffersen, Garnesvegen 29 Sjur Osmund Meling, Hellesundvegen 19 Jens-Petter Asdal, Toftosen 26 Oskar Inge Vik, Ingervegen 51 Ingvard Øksnes, Blomgangstø 42 Kari Skaar, Pålsneset 59 Magnus Hermann Svellingen, Sandråsvegen 3 Paul Magnus Troland, Bulegsvegen 3 Reidun Lillemo Dale, Dammane 23 Svein Lars Monsen, Storhøyen 13A Per Edvin Pedersen, Vågevegen 7 Hans Solberg, Øynesvegen 35

Trygve Johannes Hellesøy, Methøyen 22 Oddlaug Ellingsen, Kollsnesvegen 4 Ruth Gudrun Flåten, Osundet 44 Mons Nikolai Torsvik, Raudhammaen 12 Randolf Skaar, Arsettunet

95 år

27. juni Karoline Torsvik, Jervhella 1 29. aug Aslaug Husebø, Tjødnarvegen 53

100 år

16. aug Helena Johanna Rong, Arsetlia 30

Gudstenester / service

Worship is the most important meeting point for Christians. It is the place where Christians become a visible congregation – a fellowship of people who share a faith in God and in the resurrection of Jesus Christ. It is a place where people together come before God. Here is a list of upcoming services in Øygarden

27.mai Kulturhuset kl. 11.00 KRIK-gudsteneste v/ Espen Tveten. Gospel teens, KRIK og Refuel deltek. Offer til KRIK og Kyrkjelydsarbeidet. 3. juni Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Jubileum for 50års-konfirmantar. Offer til For Livsrett og Menneskeverd. Dåp. Nattverd. Søndagsskule. 10.juni Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Jubileum for 50års-konfirmantar. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Dåp. Nattverd. Søndagsskule

Døypte

Blomvåg William Torsvik Monssen, Gjervhella Katina Kleveland Alvheim, Museumsvegen Lukas Mortensen Torsvik, Rossnesvegen Isak Mortensen Torsvik, Rossnesvegen Jostein Teigen Elde, Vikatoppen Silas Andersen Torsvik, Torsvikvegen Gudmund Gabriel Cervas Myren, Ådneviksvegen Live Jess Fjeldstad, Jensvardbrekka Adrian Jensen Trygg, Bårddalslivegen Aksel Toft-Ryland, Fyllingsdalen Odin Strandheim-Dahl, Tollbuvegen Hjelme John Arne Seifried, Toftosen Jørgen Økland, Arsettunet

Døde

Blomvåg Jan Sture Oppedal, Rong f. 1950 Solveig Theodora Breivik, Breivik f. 1926 Eivind Jensen, Thailand f. 1950 Magnhild Djupevåg, Tjødnarvegen f. 1935 Magnus Martìn Dåvøy, Dåvøy f. 1932 Hjelme Håkon Albert Hellesund, Hellesund f. 1933 Borghild Marie Johannesen, Tjødnarvegen f. 1917

17.juni Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til Normisjon. Dåp. Nattverd. 24. juni Gløvrebu kl. 11.00 Friluftsgudsteneste v/ Espen Tveten. Bok til 6-åringar. Song av Øygardskoret. Ta gjerne med niste og drikke 1.juli Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Dåp. Nattverd 8.juli Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Nattverd 15. juli Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til Åpne dører. Nattverd. 22. og 29. juli – Messefall (ikkje gudsteneste) 5. aug Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til Stefanusalliansen. Nattverd 12. aug Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til Norsk Lærar Akademi. Nattverd 19. aug Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unnealnd. Offer til Normisjon. Nattverd 26. aug Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste med konfirmantpresentasjon v/ Espen Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet 2. sept Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste med kofirmantpresentasjon v/ Espen Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet 9. sept Kystmuseet kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Gospel teens.

Vigde

Heidi Andersen og Alexander Torsvik Dale

For informasjon om det som skjer sjå vår nettside: www.kyrkja.no/oygarden ØyNytt

19


Du kan også lese om kyrkja si verksemd på: kyrkja.no/oygarden

Distribusjon i Øygarden: Hammer transport, tlf. 92063006

Distribusjon utanfor Øygarden: Posten Norge Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

B

Tilsette i kyrkja i Fjell, Sund og Øygarden samla til seminar. Foto: Olav Martin Vik

Samanslåing av dei kyrkjelege fellesråda Ella, Daniel og tilsett Anette legg pengar i krukka.

Arbeidet med å førebu samanslåing av dei kyrkjelege fellesrådsområda er i godt gjenge. 8 arbeidsgrupper arbeider med å utforme eit grunnlag for framtidig organisering.

Kyrkja er ein kulturberar og ein viktig samfunnsaktør. Dette er viktig å løfte fram i kommunesamanslåinga.

Det er ingen endring i soknegrenser, men arbeidet som kyrkjestaben gjer heng saman med soknerådet sine prioriteringar. Det er difor viktig at det i samanslåingsprosessen er god samhandling mellom sokneråda og prosjektleiinga. Det er lagt opp til eit møte med representantar for sokneråda i juni der arbeidsgruppene og prosjektleiinga vil presentere arbeidet og også skissere løysingar for framtida med omsyn til organisering og lokalisering. Det vert eitt slikt møte til utpå hausten.

Utover i 2018 vil kyrkjestabane i Fjell, Sund og Øygarden arbeide seg meir og meir saman, gjennom gruppearbeid på tvers av fellesrådsgrensene, i planlegging av framtida og i felles samlingar. Målet er at det meste skal vere planlagt ferdig innan 1. mai 2019.

Framtidas økonomi er eit viktig tema og arbeidet med ein økonomiplan for det nye fellesrådet er i prosess. Ein er avhengig av ein dialog med kommunal fellesnemnd slik at ein tidleg kan får avklart prosessen for budsjettering og økonomiske rammer.

Våre tilsette er inne i ein krevjande fase, der ein skal arbeide med daglege gjeremål, arbeide i prosjekt og til tider bruke energi på; - korleis vert framtida for meg? Det er viktig at kyrkjelydane er klar over dette. Olav Martin Vik Kyrkjeverje og prosjektleiar

Nokre milepælar i arbeidet med å slå saman fellesråda (overordna)

6. juni 2018 Orienteringsmøte om status for arbeidet. Målgruppa er soknerådsleiarar, nestleiarar i sokneråda, prost og prestar. 1. oktober 2018 Arbeidsgruppene skal oppsummere og legge fram sine tilrådingar om framtida. Det er prosjektleiar som er mottakar av resultatet. Prosjektleiar gir si tilråding til kyrkjeleg fellesnemnd. 1. desember 2018 Kyrkjeleg fellesnemnd har gjort vedtak om framtidas organisering. 1. mai 2019 Førebuinga til samanslåinga skal vere ferdig. Alle formalitetar skal vere på plass. 1. september 2019 Organisasjonen i det nye fellesrådet er operativ. 1. desember 2019 Det nye fellesrådet er vald og eit nytt fellesrådsområda er etablert.

20 ØyNytt

Profile for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øynytt nr 3 mai 2018  

Øynytt nr 3 mai 2018  

Advertisement