Page 1

ØY Nummer 2

NYTT

Kyrkjeblad for Øygarden

Mars 2018

Å døypa eller ikkje døypa

8 Engasjerte konfirmantar samla inn kr 47 000 under konfirmantaksjonen

3

Kva kjem Jeus med?

6

Nytt namn på sokna i Øygarden

45. årgang

5

16 Annleis adventskalender i Terna barnehage - les om kva barna gjorde www.kyrkja.no/oygarden


Kva gir du til Ein del gir fast til kyrkjelydsarbeidet. Dei siste åra har mange gitt mykje pengar til soknerådet sitt arbeidet. Det er viktig. Det vert ikkje mindre viktig i framtida skal ein oppretthalde verksemda og alle tilboda i regi av soknerådet. Dine gåver gjer at me kan halde oss med fleire medarbeidarar enn det me kunne gjort. I år har me ikkje team organisert slik det har vore tidlegare år. Men, me har mange flotte ungdomar som tek eit tak, nokre av dei har små stillingar og får løn for arbeidet. Dine gåver vert brukt til dette, i tillegg til å halde oppe leirarbeidet. Dei kristne leirane som me har på Skjergardsheimen er omtrent fulle på kvart alderstrinn. Ungdomane som arbeider hos oss er med på leirane og uten dei ville det vore vanskeleg å arrangert leirane. Så langt har det kome inn kr 17 200 Takk for det du gir! Øygarden sokneråd

Tidleg oppe Mange har stått tidleg opp for å rekke morgonmessene i Blomvåg kyrkje før påske. Det har vore 3 morgonmesser med godt frammøte. Morgonmessene startar kl. 6.30 og sluttar 7.15. Det er andakt og nattverd og eit eige husorkestar. Egil Morland (bildet) var ein av andaktshaldarane på denne serien av morgonmesser. Dei andre var Espen Tveten og Annlaug Børve. Redaksjonen

Uheldig parkering Det er ikkje tillete å parkere på fortau. Det er ein del som parkerer på fortauet ved Blomvåg kyrkjegard (den gamle) når ein besøkjer kyrkjegarden. Det skapar uheldige situasjonar for gåande som nyttar fortauet. Vegen og fortauet er ikkje kyrkja sin eigedom, men det er uheldig for kyrkja når fortauet vert nytta som parkeringsplass av besøkande til kyrkjegarden. Kyrkjeverje

Hundar på kyrkjegardane Det er ikkje alltid så lett å peike på utfordringar. Dette er ei slik sak. Pårørande som besøkjer kyrkjegardane reagerer på at hundar går fritt inne på kyrkjegardane og let vatnet opp etter gravsteinane. Også våre tilsette har om sommaren opplevd hundeskit som fyk rundt under kantslått. Kyrkjegarden er ein stad for stille og sorgbearbeiding. Samstundes som det mange stadar er det einaste parkanlegget som fins og som skal vere tilgjengeleg. Kyrkjeverja har førebels funne det naudsynt å ikkje tillate hundar inne på kyrkjegardane i Blomvåg. Difor også skiltinga som ein del lurer på. Me vil vurdere dette opp mot vedtektene for kyrkjegardane og landa ei endeleg avgjerd. Kyrkjeverje

2

ØyNytt

Redaktøren har ordet

Kjære lesar av ØyNytt! Våren er her. Dagane vert lysare og me får vona at varmen kjem etter kvart. Det er all grunn til å glede seg over årstidene som gir oss variasjon og nokre gonger utfordringar. Me har det godt her i Noreg. Førebels er me spart for dei store utfordringane. Eg tek eit sveip innom nettsidene til Åpne Dører og Stefanusalliansen når ØyNytt skal skrivast. Desse organisasjonane har fokus på kristne sin situasjon ute i verda. Me les om forfølgde kristne verda over. Mange er i ein frykteleg vanskeleg situasjon. Me må lure på korleis trua overlever. Samstundes les me om vekking og stadig fleire kristne i mange land rundt i verda. Det ser ut til at vanskelege kår aukar behovet for Jesus. Det er påske. Det set dette bladet fokus på. Me ønskjer å løfte fram påskebodskapen. Det er ikkje lett. For mange handlar påske om heilt andre ting enn det påska eigentleg handlar om. Framover informerer me om det som skjer i høve samanslåing av kommunane. Det påverkar også kyrkja. Me vil prøve å informere slik at du veit kva som skjer. Det er no forslag om formelt å slå saman Hjelme og Blomvåg sokn. Frå hausten 2019 vert det då eitt sokn. Namneforslaget er Hjelme og Blomvåg sokn. Me informerer meir om dette i kyrkjelyden sitt årsmøte onsdag 25. april. Du finn møtet annonsert i dette bladet. Me ønskjer alle ein fin vår.

Olav Martin Vik Kyrkjeverje/redaktør

Salme 91,11

Han skal gi sine englar befaling om å bevare deg på alle dine vegar.


Andakt

Kva kjem Jesus med? Ingen høgtid er meir konkret enn påska. Jesus kjem inn i Jerusalem på palmesøndag. På eit esel. Men kva har han eigenleg med seg som konkret livshjelp til oss? Me seier at Jesus vil koma til oss og livet vårt, men kva kjem han med? Ikkje hadde han sverd, ingen verdskart, ingen ting som tydde på at han kan fylla nokre sine behov. Han kjem tomhendt, men det han kjem med er … seg sjølv. Ofte peikar me på kva me kan få av Jesus. Kva me kan få er ikkje lite; fred og kraft i vanskelege tider, tilgjeving og ny start, nokon har opplevd under, han gjev tilgjenge til himmelen. Det er mykje vi kan få. Men trua må ikkje berre basera seg på om me opplever desse gåvene eller ei. Det må ikkje verta slik at vi berre ynskjer alt det Jesus gir, men ikkje Jesus sjølv. I kristendomen er «kven» viktigare enn «kva». Det tyder at det viktigaste vi får er Jesus sjølv. På langfredag kjem han til Golgatafjellet med seg sjølv. For å gje seg sjølv for oss. Det er dette som er ankerfestet i trua. Når det stormar, kan vi leita etter fotfeste i oss sjølv. Vi kan spørja om vi er gode nok for Gud og dei rundt oss. Men påska var ei konkret hending som hamra det fast i historia: Jesus Kristus, Guds son, døydde

Illustrasjonsfoto: Pixabay

og stod opp att. Han vann over døden og dødskreftene, og gjennom han har vi liv og frelse. Det er seg sjølv han kjem med til deg og meg. Det er til Jesus me skal sjå i gode og vonde dagar. Der me vaklar, der er han fast som fjell. God påske! Espen Sigve Tveten sokneprest

ØyNytt

- kyrkjeblad for Øygarden Telefon: 56382240 E-post: post.oygarden@kyrkja.no

ØyNytt kom første gong ut i april 1974. ØyNytt vert fulldistribuert i Øygarden. Det er også mange abonnentar utanfor kommunen. Kontingent og annonsar er avgjerande for produksjon og distribusjon av ØyNytt.

Utgjevar: Øygarden sokneråd. Ansvarleg redaktør: Olav Martin Vik. Redaksjonen: Hogne Berland, Espen Sigve Tveten, Anders Vik, Olav Martin Vik og Kari Sandøy Rong. Layout i InDesign: Olav Martin Vik. Distribusjon: Hammer Transport i Øygarden og Posten utanfor Øygarden. Trykk: Bodoni AS, 5017 Bergen Kontingent: kr 125 i Øygarden. Kr 175 utanfor Øygarden. Takkeannonsar: kr 100. Annonsar: Kontakt redaksjonen. Bankkontnummer: 3628.07.02557 for kontingent og gåver. Postadresse: ØyNytt, postboks 144, 5331 Rong. Opplag: 2500 pr nummer. 6 nummer i året. Kjem ut i 2018: 9. februar. 23. mars. 25. mai. 7. september. 12. oktober og 7. desember. Redaksjonen vert avslutta 1 veke før. 2018 ØyNytt

Telefon: 56382240 E-post: post.oygarden@kyrkja.no Øygarden kyrkjelege fellesråd Besøksadresse: Kyrkjekontoret i Øygarden, Rong senter Postadresse: Postboks 144, 5331 Rong Informasjon om våre tenester, kontaktinformasjon til våre tilsette og det som skjer i regi av oss finn du på: www.kyrkja.no/oygarden Facebook

kyrkjaioygarden

Instagram

kyrkjaioygarden

Stab: Olav Martin Vik, kyrkjeverje/dagleg leiar. Kari Sandøy Rong, kontorleiar. Anne Lise Grøm, kantor. Hogne Berland, kyrkjelydspedagog. Bjørg Hindenes Blom, diakonimedarbeidar. Kåre Kristoffersen, Blomvåg kyrkje. Kari Synnøve Bekkenes Solheimslid, Hjelme kyrkje. Diana Fjæreide-Haugetun, kyrkjegardsarbeidar Hjelme. Soknepresten i Øygarden: Espen Sigve Tveten. E-post: et838@kyrkja.no Telefon: 56382240 Beredskapstelefon i Vesthordland prosti: Kvardagar frå kl. 17 til kl. 8 neste dag og lørdag og søndag tlf. 95483655. Gjeld berre tilhøve som ikkje kan vente til ordinær arbeidstid, t.d. dødsbod. Leiar i soknerådet og kyrkjeleg fellesråd: Erling Vik. Telefon: 48210462 Org.nr. Øygarden kyrkjelege fellesråd: 976 995 430 Bankkonto for gåver: 3628.55.90870 (soknerådet sitt arbeid) Gåver kan du også gi ved bruk av appen Vipps.

ØyNytt

3


Maria Tveten

Sitat Om kristendom og påske I kristendomen er «kven» viktigare enn «kva». Det tyder at det viktigaste vi får er Jesus sjølv.

Espen Sigve Tveten Sokneprest

Om dåp Men det er også negative konsekvensar, når dåpstalet går ned. Det mest openberre er at posisjonen til kristendomen mellom folk er svakare enn før. Espen Sigve Tveten Sokneprest

Konfirmantane 2018 Blomvåg kyrkje laurdag 5. mai kl. 10.30

Sara Steinsland Olai Elvestad Rebekka Helen Skråmestø Karoline Lorentze Sangolt Mikkelsen Lars Øyvind Nilsen Håvard Båtevik Schieldrop Mathias Turøy Maria Solsvik Benjamin Berntsen Hovland Simen Hindenes

Blomvåg kyrkje laurdag 5. mai kl. 13.00 Mathias Espenes Mikkelsen Hanne Sæle Noah Dale Sindre Falch Rong Leo Bujakins Christine Askeland Shanette Sæle-Neverdal Michelle Bergstrøm Gjelsvik Amalie Berentsen Fortun Charlotte Fromholz Olsen Sanna Wågen Håvard Haugetun

4

ØyNytt

Blomvåg kyrkje søndag 6. mai kl. 11.00 Victoria Bru Waardal Magnus Kårbø Rong Mathias Hitsøy Martine Øyre Vik Ida Malene Sætenes Martin Borsholm Vik Casper Skarveland Lokøy John Arne Seifried Sofie Knarvik Rong Alma Torsvik Oen Andrine Langhelle Fure Ruben Vestbøstad Vik

Hjelme kyrkje søndag 13. mai kl. 11.00

Madeleine Hellesund Rossnes Ida Harkestad Ruben Nordvik Andrea Tomic Jeanette Skjold Victoria Bakken Ester Kristine Sanden Lisa Eanna Pedersen Bell Karoline Ramstad Indemine Busch Ullaug Kristoffer Dale-Nautnes Nicolai Myrvold Hjønnevåg Marthea Elise Steinhovden Steffen Breivik Emine Taule Soløy

Om å gå ut i verda Me har vel hatt mange nok møte og arrangement, no trur eg tida er inne for å bety ein større forskjell utover våre eigne rekker. Nådegåvene er kyrkjelyden sin arbeidsutrustning, men eg trur ikkje dei var meint berre til innvortes bruk. Torbjørg Oline Nyli Pastor i Fevik Misjonskirke Andakt i Dagen Om NLM skal vere eit kyrkjesamfunn Samtidig er det mange som med god grunn ikkje ser NLM som sitt kyrkjesamfunn. Kanskje er dei aktive i ein lokalkyrkjelyd i Den norske kyrkja eller i ei luthersk frikyrkje, og er knytta til NLM først og fremst gjennom eit familiekor eller ei bibelgruppe. Sjølv om kyrkja skal forvalte dåp og nattverd, er det ikkje noko mindreverdig ved eit fellesskap som «berre» er samla om Ordet (og i bønn). Dette skapar ikkje eit a- eller b-medlemskap i organisasjonen. Espen Ottosen Redaktør i Utsyn Norsk Luthersk Misjonssamband Om årets konfirmantaksjon i Øygarden Det har vore flott å få vera med på å samle inn pengar til folk som treng det,. Maria Solsvik som brukte ein kald kveld på årets konfirmantbøsseaksjon.


Å døypa eller ikkje døypa I Øygarden er det ein lang tradisjon for å døypa barna sine i kyrkja. Likevel går talet på døypte barn ned, også i Øygarden, sjølv om det er meir utprega andre stadar og spesielt i byane.

av Espen Sigve Tveten, sokneprest i Øygarden

I Øygarden er det ein lang tradisjon for å døypa barna sine i kyrkja. Likevel går talet på døypte barn ned, også i Øygarden, sjølv om det er meir utprega andre stadar og spesielt i byane.

me noko vi ikkje får andre stadar. Dåp er grunnleggjande, både for han eller ho som vert døypt, og for kyrkja. Det er i dåpen Gud tek imot oss og frelsar oss. I dåpen vert me medlemmar og ein del av den kristne kyrkja, og trus- og dåpsopplæringa startar. I trusopplæringa utforskar vi gåva som dåp er.

ta kontakt. Det skal også leggjast til at vi sjølvsagt ønskjer velkomen barn og ungdom som ikkje er døypt eller høyrer til i andre kyrkjesamfunn i aktivitetane våre. Og kvart år vert ungdom døypt som vil konfirmerast. Det er høgtidelege og fine dåpsseremoniar.

Ny trend I denne tematikken synest eg å registrera ei ny trend. Før sa ein: «Me døyper barnet vårt og så kan dei sidan velja livssyn Foreldra viktigast Innvandring sjølv». No seier ein oftare enn før: «Me Trusopplæring skjer både i heimen og i Til slutt vil eg leggja til ein faktor om døyper ikkje barnet vårt, fallande dåpstal som er ny i og så kan dei sidan velja samanhengen vår. Eit oversyn frå livssyn sjølv.» Med andre Statistisk sentralbyrå viser at kvart ord har foreldra det fjerde barn i Noreg fødast av ei Trusopplæring skjer både i same ønsket, at barna mor med innvandrarbakgrunn. heimen og i kyrkja. Foreldra er på sjølvstendig grunnlag For dei fleste av desse er det ikkje skal velja trua si, men naturleg å velja dåp i Den norske viktigast, men kyrkja vil bidra så godt konsekvensane vert ulike. kyrkja. Humanistisk namnefest har også vorte eit alternativ til kristen ho kan Ulike innfallsvinklar barnedåp. Men delen barn dette Det er ulike innfallsvinklar til dalande kyrkja. Foreldra er viktigast, men kyrkja gjeld har vore stabil, og litt dalande, dei dåpstal. Det positive kan vera at nybakte vil bidra så godt ho kan. Det er mykje siste åra. foreldre kjenner seg friare, der ein før god trusopplæring i Øygarden frå barna døypte på grunn av forventningane er 0 til dei er 18 år. Å ikkje velja dåp er Eg seier som me alltid har gjort: til familien, og ikkje av eiga tru og difor ikkje eit nøytralt val. Det går ikkje Velkomen til dåp i våre kyrkjer! overtyding. Det er viktig at ein sjølv har an å gje barna våre eit nøytralt syn på tru eit ønskje om at barnet skal døypast. og livssyn. Å ikkje velja dåp vert difor eit Samstundes er det viktig å understreka aktivt val, og barna går glipp av mellom at terskelen til dåp ikkje skal vera for stor, anna opplæringa som skjer i kyrkja. Det og det er heilt legitimt å ha ein vaklande er berre døypte medlemmar som får inngang til dåp. Me døyper barn slik tilsendt invitasjonar og materiell. Etter at dei skal kunna læra seg innhaldet i å ha vore ein del av trusopplæringa, trua, ikkje fordi dei kan det frå før. Og slik som konfirmasjonstida, vil ein som Hjelme kyrkje det å vilja føra barna vidare i den same ungdom og vaksen kunne ta eit meir onsdagar kl. 16.45: tradisjonen ein sjølv er ein del av, er ein informert og gjennomtenkt val i høve til 18. april og 23. mai. viktig verdi. kristen tru.

ELDRETREFF

Negative konsekvensar Men det er også negative konsekvensar, når dåpstalet går ned. Det mest openberre er at posisjonen til kristendomen mellom folk er svakare enn før. Konsekvensen vert dermed at mange går glipp av dåpen. Ein kan sjølvsagt verta døypt seinare, men i dåpen får

Døyp borna Difor vil eg oppfordra til å døypa barna, for så å la dei verta ein aktiv del av trusopplæringa. På denne måten får dei eit fundament til å ta eigne val i forhold til kristendomen. Skulle nokon ha lyst til å samtala om dåp før ein eventuelt døyper barnet sitt, er de hjarteleg velkomen til å

Tednebakkane torsdagar kl. 16.30: 26. april og 24. mai.

Felles busstur i juni som vanleg. Nærare informajon kjem utpå våren. Eldretreffa i Øgarden

ØyNytt

5


Endringstider

Nytt soknenamn som følgje Frå 1.12.2019 vert dei kyrkjelege fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden slått saman til eit nytt fellesråd med namnet Øygarden kyrkjelege fellesråd. Dette medfører også namneendring for sokna i dagens Øygarden. ved kyrkjeverje Olav Martin Vik

I Øygarden er det no eit såkalla samanslått sokneråd med medlemer frå Hjelme og Blomvåg sokn. Dette er ei ordning godkjent av departementet. Ordninga gjeld også for ein del andre sokneråd i Noreg og var ei prøveordning som har vorte forlenge ved fleire kyrkjeval. Soknerådet heiter no Øygarden sokneråd. Dette namnet kan ein ikkje fortsette å ha etter kommunesamanslåinga. Soknerådet har i vedtak tilrådd at det nye namnet vert Hjelme og Blomvåg sokn. Det er fordi ein legg til grunn at mange føler tilhørighet til kyrkjelyden som igjen er knytt til ei kyrkje. Kyrkjene heiter Hjelme kyrkje og Blomvåg kyrkje. Difor Hjelme og Blomvåg sokn. Eit nytt sokn og eit nytt sokneråd Det som no vil skje er at ein formelt sett slår saman Hjelme sokn og Blomvåg sokn til eit nytt sokneråd. Prøveordninga som har vore godkjent fram til no vert altså avvikla (i Øygarden). Det gjer at ein også berre får eitt sokneråd. Kva skjer ved kyrkjevalet i 2019 Fram til no har det vore ei valliste for Hjelme og ei for Blomvåg. Tre frå kvar liste som har fått flest røyster ved valet set i Øygarden sokneråd. Vallister som vert stilt til soknerådsvalet i gamle Øygarden i 2019 vil gjelde for det nye soknet: Hjelme og Blomvåg.

Kva skjer i kyrkjelyden etter 1.12.2019 Arbeidet i kyrkjelyden (og til det som skjer i Hjelme kyrkje og Blomvåg kyrkje) er noko det sitjande soknerådet er opptatt av. I utgangspunktet vil arbeidet gå som før men det er viktig å vere klar over at det som no har vore tre stabar vert slått saman til ein stab. Det er viktig at ein ein i samanslåingsprosessen samordnar seg, både kyrkjelyd, sokneråd og stab. Det vert lagt til rette for samhandlinsarenaer fram mot 2020.

Formalprosess ved samanslåing av sokn 1. Fellesrådet organiserer prosessen. 2. Soknerådet gir ei tilråding til soknemøtet. 3. Soknemøtet gir uttale i saka. 4. Soknerådet fattar endeleg vedtak. 5. Kommunen skal uttale seg. 6. Fellesrådet fattar så endeleg vedtak. 7. Vedtaket og uttalar vert så sendt bispedømerådet via sokneprest og prost som også får uttale seg. 8. Bispedømerådet fattar endeleg vedtak om samanslåing. Talet på medlemer i soknerådet vert fastsett av soknemøtet. Heimel: Kyrkjelova § 9 (6) og § 11 (2) og vidare § 2.

6

ØyNytt

Tidsline for samanslåing av felle

Arbeidet med samanslåing av dei kyrkjelege fellesråd er komen godt i gang. Det er mykje planlegging og mange formelle prosessar. Prosjektleiar har gjort ei vurdering i høve til oppgåver, tid og ressursar. Ein treng tid som er att fram våren 2019 då alt skal vere tenkt på og ferdig planlagt.


FAKTA

e av samanslåing

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden skal slå seg saman med verknad frå 1.1.2020. Dei kyrkjelege fellesråda følgjer med på lasset. For fellesråda gjeld samanslåinga frå 1.12.2019. Det vert tilsaman 5 sokn i det nye fellesrådsområdet. Sund sokn Fjell sokn Foldnes sokn Landro sokn Hjelme og Blomvåg sokn

Samanslåing av fellesråd:

Gruppeleiarar og gruppesekretærar samla til oppstartsmøte i Fjell kyrkje onsdag 7. mars. Det er oppretta 8 arbeidsgrupper som skal sjå på det ein har og det ein har behov for når ein ny organisasjon skal byggjast. Arbeidsgruppene er sett saman av tilsette frå Fjell, Sund og Øygarden.

Fellesrådet vil ha namnet Øygarden kyrkjelege fellesråd

Foto: Olav Martin Vik

SOKNEMØTE

for Hjelme sokn og Blomvåg sokn

esråda i Fjell, Sund og Øygarden

Med heimel i kyrkjelova § 10 vert det kalla inn til soknemøte for Hjelme sokn og Blomvåg sokn

ONSDAG 25. APRIL 2018 KL. 18.00 I HJELME KYRKJE (ved kyrkjelyden sitt årsmøte)

Saker 1. Formell samanslåing av Hjelme sokn og Blomvåg sokn 2. Namn på det nye soknet 3. Tal på medlemer i det nye soknerådet Tidslina ovanfor gir berre eit grovt bilete for nokre viktige fasar og datoar for prosjektet. I perioden fram mot april 2019 må også sokneråda involverast i samanslåingsprosessen. Informasjon om samanslåinga finn du også på www.kyrkja.no/nyeoygarden

Tilråding frå Øygarden sokneråd: 1. Samanslåinga gjeld for kyrkjevalet i 2019 med verknad frå 1. november 2019 (soknerådet trer i funksjon 1. november og fellesråd 1. desember). 2. Namnet på det samanslåtte soknet vert Hjelme og Blomvåg sokn. 3. Det vert 6 faste medlemer i soknerådet med tillegg for soknepresten. Øygarden sokneråd Erling Vik leiar

ØyNytt

7


Magnus og Gudrun Dåvøy får besøk av Rebekka Helen Skråmestø og Ida Malene Sætenes.

Andrine og André Rong får besøk av Michelle Bergstrøm Gjelsvik og Victoria Bru Waardal.

Engasjerte konfirmantar på innsa - Det har vore flott å få vera med på å samle inn

pengar til folk som treng det, seier Maria Solsvik som brukte ein kald kveld på årets konfirmantbøsseaksjon.

mange som ville vera med og bidra. «Det var mange som venta på oss og det var veldig kjekt», seier Maria, som også understreker kvelden var kald, men gøy!

Gisle Kårbø Rong er konfirmantfar og medlem av soknerådet. Han leier komitéen som har organisert årets aksjon. Vi spør Gisle kvifor han har engasjert seg og får med ein gong svar: «Det er viktig å Tekst: Hogne Berland hjelpa, og det er viktig at ungdomane lærer å hjelpa.» Han synes Bilete: Geir Dale og Espen Tveten det er svært kjekt å sjå engasjementet hjå konfirmantane og hjå foreldra som stiller opp som sjåførar. Han understreker også at han Med start og stopp i Blomvåg kyrkje brukte konfirmantane tyshar stor tillit til organisasjonen som skal forvalta pengane og at dag kveld den 13. mars på å gå frå dør til dør i Øygarden. Då dei pengane kjem fram til dei som treng det. «I tillegg er det flott å sjå kom igjen kunne mange fortelja at dei vart tatt godt i mot. Martin at det er liv i kyrkja. Kyrkja kan også brukast på denne måten, ikkje Borsholm Vik, Maria Solsvik og Magnus Kårbø Rong var tre av kon- berre til gudsteneste. Å hjelpe på denne måten som konfirmanfirmantane som var i aksjon. Dei fortel at sjølv om det var litt skum- tane gjer i kveld er kristendom i praksis. Jesus hadde også tanke melt å banke på dei første dørene, så gjekk det fort over. «Vi møtte for livet vårt her og no. Han har lært oss å hjelpa andre!» mange hyggelege folk», seier Martin. Magnus synes det var ekstra kjekt å få ruta som gjekk innom Tednebakkane. Her var det også Årets aksjon gjekk til Stefanusalliansen. Pengane skal gå

Hogne har ordet

Hogne Berland, kyrkjelydspedagog

Når vi høyrer ordet gudsteneste tenkjer vi gjerne på søndag kl. 11, bøn, salmesong og presten som preiker i kyrkja. Det er interessant at den gongen vi kan lese ordet gudsteneste brukt av Paulus i Bibelen, så er det i ein annan samanheng. «Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.» Rom 12,1.

8

ØyNytt

Frelsa vår kjem av trua, men gudstenesta vår kan altså vera å bera fram for Gud kroppen vår, gjerningane vi gjer. Å vera kristen er ikkje berre å ha kunnskap om kva som står i Bibelen. Å leve eit liv som kristen handlar også om kva vi gjer reint praktisk, seier Paulus her. Det er til og med til glede for Gud når vi gjer oss tilgjengelig for å gjera hans vilje, står det her! I Jakobs brev kan vi lese noko om kva som er Gud sin vilje at vi skal gjera, reint praktisk, med livet vårt. «Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til


Dette skjer!

Leirar på Skjergardsheimen 20.-22. april Ungdomsleir 8.-10. klasse 6. oktober Leirdag 1. klasse 7. oktober Leirdag 2. klasse 2.-4. november Leir 3. klasse 7.-9. desember Leir 4. klasse Skjema for påmelding vert delt ut på skulane.

Ungdomsklubben Refuel Lill Grete Stranda, Lydia Sandøy Rong, Cecilie Borsholm Vik og Nora Marie Nilsen står klar til å dele ut bøsser til konfirmantane.

amlingsaksjon

direkte til hjelpearbeidet som dei støttar i søppelbyen i Kairo i Egypt. Her har Mama Maggie og organisasjonen Stefanusbarna drive hjelpearbeid i 30 år. Dei over 100 000 menneska som bur her lever stort sett av å sortere søppel og bur under svært vanskelege forhold. Då kvelden var over og pengane var telt opp, var det kome inn over 47 000 kroner. Dette var eit svært flott resultat og det dobbelte av kva som har kome inn på liknande aksjonar tidlegare. Tusen takk til alle som har vore med og gitt!

Å hjelpe på denne måten som konfirmantane gjer i kveld er kristendom i praksis.

Gisle Kårbø Rong Leiar i innsamlingskomiteen

6. april 20. april 4. mai

18. mai 25.-27. mai Stad: INRI Rong senter Tid: 19.30-22.30

Krik 13. april 27. april 11. mai

8. juni Stad: Toftøy gamle skule Tid: 19.00-21.00

Plussklubben 18. april 18.-20. maI Plussleir

Stad: iNRI Rong senter Tid: 18.00-20.00

Gospelteens 10. april 24. april 8. mai

22. mai 5. juni Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30-19.30.

KRIK 18+ 27. mars 10. april 24. april 8. mai

22. mai 5. juni 19. juni Stad: Toftøy gamle skule Tid: 19.30-21.30

enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.» Jak 1,27. Gud ber oss heilt konkret om å hjelpa dei som har det vanskeleg i denne verda. Det var flott å vera med på konfirmantaksjonen tysdag 13. mars. Då fekk eg sjå engasjerte konfirmantar som var med på å samle inn pengar til nokon av dei fattigaste av dei fattige. Engasjementet var stort og gjevargleda hos folk dei møtte, var også stor. Dette er til glede for Gud!

Babysong Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Måndag 9. april 7. mai på Tedne- bakkane oms.senter

Småbarnssong Blomvåg kyrkje kl. 17.30 Tysdag 3. april 17. april 15. mai ØyNytt

9


PÅSKE ØyNytt utfordra sokneprest Espen til å minna oss på bakgrunnen for vår påskefeiring Påske eksisterte lenge før Jesus. Men etter Jesu død, fekk påska ei ny tyding for dei kristne. Då Jesus vart fødd, hadde jødane allereie feira påske i omlag 1500 år. Jødane var slavar i Egypt, men drøymde om utfriing. Dei ropte til Gud, og Gud høyrde dei. Moses vart vald ut til å føra dei tilbake til heimlandet Israel. Farao nekta, men etter ti landeplager gav han etter. Den siste landeplaga er sentral for å forstå påske. Jødane skulle stryka blod frå eit lam på dørstolpane. Om natta vart alle

førstefødde barn i Egypt drepe, unntatt borna til israelittane. Domen ramma

Men no er det Jesu blod som kan verna oss ikkje dei, blodet på dørstolpane fekk Gud til å gå forbi. Her kjem ordet påske inn i bilete. Det kjem av det hebraiske ordet pesach, som tyder forbigang.

Det er i jødane si årlege påskehøgtid at Jesus vert dømd til døden. Slik vart menneska si synd sona. Jesu blod vert det blodet som reddar oss. At Jesus står opp, tyder at Gud godtek Jesus som det rette offer. Gjennom trua gjev me slutning til at me treng Gud sin frelse. Dei som søkjer tilflukt hos han, vil Gud gå forbi i domen. Då vert det ein ny forbigang, men no er det Jesu blod som kan verna oss. Dette gjev oss verkeleg grunn til å feira den «nye» påska.

KONFIRMANTANE SIN INNSAMLINGSAKSJON Fekk du ikkje gitt ved konfirmantane sin innsamlingsaksjon retta mot kristne i Egypt? Du kan gi via Vipps. #75632 mrk Egypt.

Israel i haustferien Det er enno nokre ledige plassar på turen i regi av kyrkjekontoret i Øygarden. Turperiode: 7. - 14. oktober 2018 Pris for vaksne: kr 16 450 (frå Bergen) Reiseleiar: John Solsvik Kontakt: kyrkjekontoret telefon 56382240 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no kyrkjekontoret i Øygarden

10 ØyNytt

Konfirmantjubileum 2018 50-års konfirmantjubileum Blomvåg kyrkje 3. juni kl. 11.00 Hjelme kyrkje 10. juni kl. 11.00 Jubilantane får tilsendt invitasjon.


Nytt frå Sund og Fjell

Edvard Hoem vitja Sund kyrkjelyd, her saman med assisterande kyrkjeverje Borghild Hustad Berge. Foto: Olav Martin Vik

Edvard Hoem vitja Sund kyrkjelyd Forfattar Edvard Hoem vart gjestetalar på Sund kyrkjelyd sin frivilligfest. Han tok utgangspunkt i sine siste bøker og formidla også ein fin kristen bodskap. Rundt 70 frivillige deltok på festen i kyrkjelydssalen i Sund kyrkje.

Gratis datakurs Øygarden bibliotek og servicetorg inviterer til eit gratis datakurs på Rådhuset

19. og 20. april kl. 9-15 begge dagar Kort om kurset: IKT huset skal arrangere dette og det er plass til 15 deltakarar på kurset. Me stiller med PC-ar og nettbrett til alle 15 deltakarane.

På kurset får ein mellom anna lære om:

John Solsvik frå Øygarden som var pianist for kvelden får ei av bøkene signert av forfattaren sjølv. Foto: Olav Martin Vik

Fjell kyrkjelege fellesråd og Fjell kommune arbeider med utviding av kyrkjegarden på Landro. Foto: Olav Martin Vik

Landro kyrkjegard skal utvidast

Kyrkjegarden på Landro er på det næraste full. Det vert arbeida på spreng med planarbeid for utvidinga og målet er at kyrkjegarden skal vere ferdig utvida sommaren 2019. Det er Fjell kommune som har prosjektansvaret på vegne av fellesrådet.

Redaksjonen

• Verte kjent med tastatur, internett og Office pakken. Kva er kva, og kva muligheter er å finna? • Sosiale medier, nettaviser og finn.no. Kva vert seld og kjøpt. Hald kontakt med barnebarn via nett, les lokalaviser frå heile landet • Sende og motta mail. Korleis motta og sende mail? Sende bilder til familie frå ferien • Nettbank. Korleis bruke den og utnytte muligheitene som finns • Norge.no. Bytt fastlege, send flyttemelding osv • Skatteetaten. Sjekk ditt eige skatteoppgjer • Sjå sjølvmeldinga digitalt • Smarttelefon. Korleis bruke telefonen effektivt? Kamera, sms, mail, sosiale medier, internett osv Begge dager legg me opp til oppgåver, spørsmål og mykje eigentrening i dei ulike programma og funksjonanservert .

Det vert servert lunsj. Kurset er for deg som treng grunnleggande datakunnskap i kvardagen. Dette er for å auka di digitale deltaking og kompetanse.

Påmeldingsfrist er 13. april til servicetorget tlf: 56 38 20 00 Øygarden kommune ØyNytt

11


Om kristne sin situasjon kring i verda Derfor er det ingen kristne barn i Nord-Korea I Nord-Korea, verdens farligste sted å være kristen, holder de fleste kristne foreldrene sin tro skjult for barna sine. Å dele troen kan koste dem alt.

Lampekryssord til påske

Kjelde: Åpne Dører 1. mars 2018 Den iranske våren På tross av alvorlig forfølgelse av kristne, sprer en spirende vekkelse seg i den persisk-talende verden, spesielt blant unge mennesker i Iran. Men mange nye troende er isolert og uten ledelse i sin søken etter å kjenne Gud og forstå Hans ord. Det tvinger dem til å finne nye og alternative måter å samles på for å bli disippelgjort. Kjelde: Åpne Dører 27. desember 2017 Tyrkia I kø for å ta imot nytestamente og lytte til musikk; - I tre år har den evangeliske kyrkja i Antalya i Tyrkia vore nekta å dela ut nytestamente og juleinvitasjonar på gata. Men i jula 2017 opna nye dører seg. Vi har rekna ut at i jula fekk truleg kring 600 menneske høyre evangeliet for aller første gong, seier pastor Ramazan Arkan, som leier kyrkjelyden som er partnar for Stefanusalliansen Kjelde: Stefanusalliansen 28. februar 2018 Iran Iranske kristne bura inne i berykta fengsel. Fleire kristne i Iran er den siste tida sette bak lås og slå i Evin-fengselet som vert styrt av det hemmelege politiet. Kjelde: Stefanusalliansen 2. mars 2018

KRYSSORDLØSNING: Vannrett: 1. PAUL 4. HUSMOR 6. OL 7. TENKE 11. UD 12. TO 13. ÅSNE 14. ELLA 15. BE Loddrett: 1.PULT 2.UMEÅ 3.LO 4.HODE 5.STOL 8.NSB 9.KNE 10. EE

12 ØyNytt

Vannrett: 1. En McCartney 4. Hjemmearbeider 6. Olympiske Leker 7. Fundere 11. Unni Dåvøy 12. Par 13. Jentenavn 14. Jentenavn 15. Anmode Loddrett: 1. Skrivebord. 2. Svensk by. 3. Skrattet. 4. Toppen 5. Møbel. 8. Jernbanen. 9. Ledd. 10. To like Løysing på kryssordet nede til venstre på denne sida.


- ei rein og skjær handleglede ved havgapet!

Ferskvarespesialisten Velsmakende varmmat

Revisjon & regnskap Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no

Fristende frukt og grønt Nydelige nystekte bakervarer Måndag - fredag 8-22, laurdag 9-20 Bank i butikk

SPAR Rong tlf. 56 38 71 40 Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden

VESTGAR

TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )

E L E K T R O

Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

-din el-kontakt

Tlf. 56 38 50 00

VESTGAR

Vakttelefon: 922 34 062

ELEKTRO

www.torsteinsvik.no

Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 E-post: post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no • Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS

5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted

- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv

Knut Helge Polden

Espen Polden

Heine Polden

Cathrine Polden Misje

Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700 www.bergenogomegn.no

AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50

AVD. SOTRA

2.etg på Shellstasjonen Sartor, 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50

ØyNytt

13


Kjøp kjapt, trygt og billig Søre Sæle

Tlf. 56 38 71 20

Mand – fred kl.07.00 – 23:00 Lørdagar 08:00 – 21:00

Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no

Vårt avdelingskontor på Sotra Sartorgården, 2. etg, 5353 Straume

Vest Modul AS

Telefon 55 55 16 16 hele døgnet www.solstrands.no

Vår erfaring - din trygghet

14 ØyNytt

• • • •

5336 Tjeldstø

Tilbygg Normann 958 19 905 Nybygg Ingvard 958 10 967 Rehabilitering Montering og utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø


Til lukke

70 år

31. mars 13. april 17. april 29. april 6. mai 19. mai 27. mai

75 år

28. mars 23. april 24. april 3. mai 14. mai

Alf Sverre Hanstveit, Knappevegen 29 Svanhild Johanne Oen Torsvik, Breivikvegen 220 Freddy Westgaard Scheie, Pålsneset 73 Tor Lyngtu, Vågevegen 10 Hallvard Martin Flåten, Blomåsen 12 Astrid Olaug Bjørkmann, Jensvardvegen 8B Margunn Marit Torsvik, Markja 20 Svenn Henning Sæle, Veslevarden 24 Arne Herdlevær, Nordgardsneset 17 Ragnar Rolf Dale, Neshaugen 8 Arvid Bernhard Solbakk, Grønhaugvegen 70 Oddbjørg Vik, Larsevegen 16

80 år

25. mars Endre Skaar, Pålsneset 59 25. mai Dagny Leonora Sture, Alvheimsvegen 9

85 år

28. mars 13. april 30. april 15. mai 26. mai

90 år 2. april 14. april 14. april 25. april

95 år

30. mars 29. april

Bergit Berit Breivik, Breivikvegen 81 Richard Toft, Vestrevegen 1 Anni Berit Hetlevik, Tjødnarvegen 53 Johannes Olsen, Hanelsen 47 Ruth Gudrun Flåten, Osundet 44 Anna Oliva Berland, Slåttevegen 2 Malvin Rasmus Blomvågnes, Flotevegen 56 Anton Konrad Torsvik, Råkebakkane 17 Arvid Johan Njøten, Flotevegen 42 Sanna Margrethe Hjelme, Utenga 6 Johan Alfred Alvheim, Sørheimsvegen 11

SOKNEMØTE for Hjelme og Blomvåg Sjå side 7

Gudstenester / service

Worship is the most important meeting point for Christians. It is the place where Christians become a visible congregation – a fellowship of people who share a faith in God and in the resurrection of Jesus Christ. It is a place where people together come before God. Here is a list of upcoming services in Øygarden

25.mars Hjelme kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til Misjonsprosjektet i Thailand. Nattverd. Søndagsskule

15. april Hjelme kyrkje kl. 11.00 Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tveten. Dåp. Offer til SkuleLAGET.

Skjærtorsdag 29.mars Hjelme kyrkje kl. 11.00. Gudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Nattverd

22. april Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Dåp. Nattverd. Offer til Bildøy bibelskule. Søndagsskule

Langfredag 30. mars Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Langfredagsgudsteneste v/ Helge Unneland

26. april Hjelme kyrkje kl. 19.00 Samtalegudsteneste med konfirmantane. Offer til kyrkjelydsarbeidet

Påskedag 1. april Hjelme kyrkje kl. 11.00 29. april Hjelme kyrkje kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste v/ Espen Tveten. Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til Song av Øygardskoret. Offer til NormisMisjon uten grenser. Nattverd jon. Nattverd 5. mai Blomvåg kyrkje kl. 10.30 2.påskedag 2.april Blomvåg kyrkje Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen kl. 11.00 Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet Høgtidsgudsteneste v/ Espen Tveten. 5. mai Blomvåg kyrkje kl. 13.00 Song av Øygardskoret. Offer til MisjonsKonfirmasjonsgudsteneste v/ Espen prosjektet i Thailand Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet 8. april Blomvåg kyrkje kl. 11.00 6. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Sprell levande gudsteneste v/ Espen Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen Tveten. Utdeling av barnebiblar til Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidt 5-åringar. Song av Lyskastaren. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet Kristi himmelfartsdag 10. mai Vik bedehus kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Nattverd

Døypte

Blomvåg Jakob Rytter-Hagen, Blomvåg Ingrid Helen Birkehaug Solsvik, Vik Synne Austgarden Rong, Rong Hjelme Laura Toft, Bergen

Døde

Blomvåg Charlotte Stenstad Haugetun, Tjeldstø f. 1992 Ragnhild Nielsen, Blomvåg f. 1923 Inger Margrethe Vestheim, Rong f. 1938 Andrè Langhelle Hovland, Torsvik f. 2018 Borgny Marie Solhaug, Oen f. 1923 Hjelme Bernt Martin Tjong, Tjødnarvegen f. 1920

13. mai Hjelme kyrkje kl. 11.00 Konfirmasjonsgudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet 17. mai Hjelme kyrkje kl. 10.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til kyrkjelydsarbeidet 17. mai Blomvåg kyrkje kl. 11.30 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Offer til deltakande korps Pinsedag 20.mai Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til Norsk Luthersk Misjonssamband. Nattverd. Søndagsskule 2. pinsedag 21. mai Hjelme kyrkje kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste v/ Helge Unneland. Offer til Tro & Medier. Nattverd 27. mai Kulturhuset kl. 11.00 KRIK-gudsteneste v/ Espen Tveten. Gospel teens, KRIK og Refuel deltek. Offer til KRIK og kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjegrill etter gudstenesta

For informasjon om det som skjer sjå vår nettside: www.kyrkja.no/oygarden ØyNytt

15


Du kan også lese om kyrkja si verksemd på: kyrkja.no/oygarden

Distribusjon i Øygarden: Hammer transport, tlf. 92063006

Distribusjon utanfor Øygarden: Posten Norge Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

B

Ella, Daniel og tilsett Anette legg pengar i krukka.

Annleis adventskalendar i Terna I Terna barnehage har dei sjølvsagt hatt kalendar i adventstida, men denne gongen var den litt annleis enn tidlegare. Tekst: Hogne Berland Bilete: Espen Tveten

I Bangkok i Thailand driv NMS to barnehagar. Kyrkja i Øygarden støttar dette arbeidet økonomisk gjennom innsamling og for kyrkjelydane i Øygarden vert onsdag 25. april kl. 18.00 i Hjelme kyrkje Tema: Samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden og konsekvensar for kyrkja lokalt. Sjå annonse for soknemøte på side 7 Årsmelding 2017 Årsmøte for Skjergardsheimen Fellesskap Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida www.kyrkja.no/oygarden og i kyrkjene i slutten av mars.

Årsmøte

Øygarden sokneråd

16 ØyNytt

Bibeltimar på Nautnes bedehus Torsdag 12. april kl 19.00 - Audun Hjellvik Torsdag 3. mai kl 19.00 - Egil Morland Etter bibeltimane vert det kveldsmat og samtale. Styret

Erling Vik leiar

med konfirmantane sitt Thailand-løp kvar haust. I fjor var også ei ungdomsgruppe frå Øygarden på besøk i Thailand og fekk sjå det flotte arbeidet på nært hald. Då dei høyrde om dette i Terna barnehage, tok dei initiativet til den nye adventskalendaren. Kvar dag har borna på kvar avdeling fått lov å legge litt pengar på nokon fine glaskrukker. Alle borna fekk vera med og bidra og då adventstida var over, hadde det vorte mykje pengar i krukkene. Borna i barnehagen fekk på denne oppfinnsomme måten vera med og hjelpe born som lever under ganske andre forhold enn oss her i Noreg. Den 21. februar fekk prest Espen Tveten og Hogne Berland kome til barnehagen for den høgtidelege overrekkinga, tilfeldigvis same dag som det også var eventyrdag i barnehagen. Kvar avdeling fekk kome fram i sine fine kostymer og legge pengane i eit stort glas, før styrar Marita Oen overleverte alle pengane, over 4000 kroner!

Profile for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øynytt nr 2 2018  

Øynytt nr 2 2018  

Advertisement