Page 1

ØY Nummer 5

NYTT

Kyrkjeblad for Øygarden

Oktober 2017

44. årgang

6 Samanslåingsprosessen har starta 3 Er du med i heia-gjengen? 5 Trua, Bibelen og den digitale kvardagen

Nytt K2-kull på overnatting

8

Det er ikkje så mange som har overnatta i Blomvåg kyrkje, men det har etter kvart vorte ein tradisjon at dei som melder seg på K2 startar året med å sove over i kyrkja!

10 Inge Halsteinsen på eldrefesten i Øygarden:

“Bergensdialekten spreier seg som skvaldrekål i Øygarden” Page 4


Gåver til arbeidet For å oppretthalde tilbodet til born og unge er me avhengig av di gåve. Som me har skrive om tidlegare, har nokre flotte unge menneske erstatta teamet i 2017/2018. Kostnaden for oss er omtrent den same som om me hadde hatt eit team. Bruk kontonummer 3628 55 90870 dersom du vil gi til kyrkjelydsarbeidet. Øygarden sokneråd

Felles kyrkjeverje Kyrkjeverje i Øygarden, Olav Martin Vik, er engasjert som kyrkjeverje i Fjell, Sund og Øygarden fram til 2020. Vik vil i tillegg vere prosjektleiar for samanslåing av dei kyrkjelege fellesråda. Fellesråda har gitt kyrkjeverja fullmakt til å organisere sin administrasjon slik det er naudsynt for at fellesråda si verksemd skal fungere på ein god måte fram til 2020. Prosjektorganisasjonen for samanslåinga er likelydande med kyrkjeverja sin administrasjon. Dette vert også mest kostnadseffektivt. I neste nummer av ØyNytt vert kyrkjeverja sin administrasjon presentert nærare. Fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden

Fellesskapskveld Fellesskapskveld i Blomvåg kyrkje torsdag 2. november 19.00 Tema for haustens fellesskapskveld er «Thailand». Ei gruppe ungdomar frå Øygarden har i haustferien vore i Thailand. Dei vil fortelja om deira møte med misjon, kultur og eit anna folkeslag. Det vert song, musikk og godt fellesskap. Denne kvelden vil me servera thaimat. Av den grunn må me ha påmelding og inngangsprisen vert 150,- pr person. Meld deg på til kyrkjekontoret innan 26. oktober. E-post: post.oygarden@kyrkja.no Gå ikkje glipp av dette!

ØyNytt

Kjære lesar av ØyNytt! Me går mot tider med endring. No startar med tyngde prosessen med å slå saman kommunane. Også dei kyrkjelege fellesråda skal slå seg saman. Mange lurer på kva dette vil bety for arbeidet til kyrkja lokalt. Det er viktig for oss å informere etter kvart som prosessen skrir fram slik at du som innbyggjar veit kva som skjer. Det vert endringar og det vert noko nytt frå 2020. Det gir oss muligheit til å skape gode ordningar for framtida i den fasen me no går inn i. I tillegg til ordninga med felles kyrkjeverje for Fjell, Sund og Øygarden har eg fått ansvaret med å leie arbeidet med samanslåinga av dei kyrkjelege fellesråda. Det er eit stort ansvar og ein stor tillit som er gitt meg. Med meg har eg tre flotte kyrkjestabar og nokre menneske som har prosjektarbeidet som ei særskilt oppgåve fram mot 2020. Det er eg glad for. Parallelt med prosjektarbeidet skal me levere tenester og halde drifta oppe som normalt. I alt me styrer med så ligg noko fast og trygt; Gud endrar seg ikkje. Det gjer heller ikkje Guds ord til oss. I bladet kan du også lese om ungdomar som gjerne vil delta i kristen samanheng etter konfirmanttida. Det er flott og dei er mange. Frukta av denne typen arbeid ser me att når unge menneske frå Øygarden no går inn i tenesta som barne- og ungdomsarbeidarar hos oss. Du må ha ein riktig god haust!

Øygarden sokneråd

Morgonmesser i Blomvåg kyrkje i adventstida Tysdag 5. og tysdag 19. desember kl. 6.30 - 7.15 2

Redaktøren har ordet

Olav Martin Vik Kyrkjeverje/redaktør

Johannes 1,1

I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.


Andakt

Er du med i heia-gjengen? Den store norske idrettsstjerna denne sommaren er hekkeløyparen Karsten Warholm. Med nasjonens ære på skuldrane vert han verdsmester i London. I eit intervju svarar han på kvifor han ville verte friidrettsmann: «Eg oppdaga at det var så gøy å verte heia på», svara han. Me treng alle nokon som heiar og støttar oss – om ein er ung eller vaksen. Paulus skriv i Romarane 12: «Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt». Dette gjer våre liv viktige. Me lever ikkje for oss sjølve, og relasjonane våre er viktige. Kyrkja kjenneteiknast av dei relasjonane som er der, og difor er det viktig at me ønskjer kvarandre vel. Kristendomen er relasjonell. Ikkje berre har me relasjonar til dei rundt oss, men me har og relasjon til Gud. Gud har valt å openberre seg for oss når me kjem saman og når me søkjer han. Gud kom til oss, vart menneske, og gjorde avstanden mellom seg og oss lik null. Søkjer ein Gud, leitar ein gjerne i det rasjonelle. Vel så viktig er det å sjå at kristendomen er relasjonell. Jesus inviterer oss til å vandre med han. Dette venskapet hadde ein pris, men Jesus viste i praksis at ekte kjærleik er å setje andre høgare enn seg sjølv. Kostnaden ved frelsa vert dekka då han døyr for oss, sine vener. Dette er eit bodskap som me kan leve og døy på. Nokre kyrkjer er kjende for sin arkitektur, nokre fordi dei er gamle, nokre har flotte bilete over alteret. Men det gjævaste kjenneteiknet ei kyrkje kan ha, er om ho er kjend for at menneska der elskar kvarandre. Då tek me Jesu formaning på alvor. Me kan ikkje bestemme at andre skal gjera vel mot oss, men me har full råderett over eige liv og kan velje å gjere godt mot dei rundt oss. Kan ditt hjarterom ha plass for fleire? Er det nokon du kan heie på?

Illustrasjonsfoto: Olav Martin Vik

Espen Sigve Tveten Sokneprest

ØyNytt kom første gong ut i april 1974. ØyNytt vert fulldistribuert i Øygarden. Det er også mange abonnentar utanfor kommunen. Kontingent og annonsar er avgjerande for produksjon og distribusjon av ØyNytt.

ØyNytt

3


A short resume Page 3 We all need someone who supports us, whether we are young or old. Paul wrote in Romans 12: «Love one another with brotherly affection. Outdo one another in showing honor. Rejoice with those who rejoice, weep with those who weep.» This makes our lives important. We do not live for ourselves, and our relations to others are important. The church is characterized by the relations between the church members, and it is of utmost importance that we wish each other well! Blomvåg kyrkje, ny kledning og nye vindauge. Foto: Kåre Kristoffersen

Nye vindauge Det er skifta vindauge i Blomvåg kyrkje. Dei nye vindauga er godkjent av Riksantikvaren og er tilnærma lik dei opphavlege vindauga i kyrkja. Det er også skifta kledning på veggen som vender inn mot borggarden. Tårntaket og spiret er også reparert. Dette arbeidet vart gjort tidlegare i år. Det er Øygarden kommune som gjennom politiske vedtak har finansiert vedlikehaldet. Sjølve arbeidet er utført av TH Bhas Bygg AS. Øygarden kyrkjelege fellesråd er godt nøgd med vedlikehaldsarbeidet.

Tveit kyrkje på Askøy vart gjenopna og vigsla søndag 20. august 2017

Page 5 When we come in contact with God’s word through the Bible or preaching, it will affect our hearts. There are many good online resources that can help us in our busy schedules. In the end, however, I will encourage you not to leave the paper bible. Despite the fact that the computer and smart phone are good tools, the easily makes us lose focus. It’s easier to get to know the Bible when it’s physically in front of us. Page 8 Young people who wish to attend the church’s teaching program after the confirmation year, recently started their new year with a sleepover in Blomvåg church.

The editor

Tilsyn med taket Det er i sommar gjennomført tilsyn på skifertaket på Hjelme kyrkje. Det er tegn på slitasje og det er behov for at skiferen vert gått over kvart år framover. Enkelte heller deler seg opp og ein ser også at heller må ha bevega seg i sterk vind. Lause heller er festa. Det er viktig for tryggleiken for folk som ferdast i og ved kyrkja.

Kyrkjelyden på Tveit har fåt ei flott kyrkje med vakkert interiøyr. Foto: Olav Martin Vik

Den nye kyrkja er 10 meter lengre og utvida tre meter på kvar side. Det er bygd ny stor kyrkjelydssal i tillegg til den som var der frå før. Kyrkja har universell utforming med m.a. heis frå underetasjen til hovudetasjen. Det er sitteplass til 500 personar i kyrkjerommet. Utbygginga har ei kostnadsramme på kr 32 millionar som kommunal løyving. I tillegg har kyrkjelyden bidratt med utstyr til underetasjen, stolar til kykjerommet og nytt flygel. Redaksjonen

4

ØyNytt

Hjelme gamle kyrkje Kommunen har eit trykk på arbeidet med planlegging av vedlikehaldet av Hjelme gamle kyrkje. I nær framtid vert det gjennomført tilbodsbefaring. Kyrkjeverje Olav Martin Vik


Trua, Bibelen og den digitale kvardagen Bibelen er ein aktuell bok for alle menneske til alle tider. Men tidsklemma og kampen om søndagen gjer at tid til bibellesing og gudstenesteliv vert utfordra. av Espen Sigve Tveten, sokneprest i Øygarden

I staden for å resignera, kan me sjå på nye mogelegheiter som opnar seg i dagens samfunn. I kontakt med Guds ord Difor er det viktig å plassere seg i ein slik posisjon at bodskapen om håp og liv når oss. Når ein kjem i kontakt med Guds ord gjennom Bibel eller forkynning, vil det gjere noko med hjarto våre. Dagens teknologi opnar nye dører. Internett er ikkje berre ein tidstjuv og me kan integrera teknologien inn i vårt eige trusliv. Teknologien kan og hjelpe oss å nå søkjande menneske med den gode bodskapen. Det er anslått at 6 milliardar menneske vil vere på internett i 2020. Eg vil i dette stykket nemne nokre område der me kan la truslivet verte ein del av mediekvardagen vår. La ordet koma til deg Bibelseskapet tilbyr å sende deg ein sms eller epost kvar morgon med dagens bibelvers. Det kan vere ein god start på dagen å la den første meldinga ein les på telefonen eller datamaskina vere eit ord frå Bibelen (www.bibel.no/ Nettbibelen/Dagens-bibelord). Bloggar, Instagram, Snapchat, Twitter og Youtube er også berre nokre tastetrykk borte om ein vil utforska meir å følgje og abonnere på oppbyggeleg stoff. NRK sin morgonandakt er og verd å få med seg. I bilen Mange av oss brukar mange timar i bilen kvar veke. Dette er ein høveleg plass for å ta gode val. Til fordel for radio eller lydbøker, kan ein iblant velje å sette på kristen musikk eller lytte til talar. Mobildekninga er så god at ein kan nytte smarttelefonen dei fleste stader. Mange kyrkjelydar legg ut sine taler som podkast. Podkasting er ein måte å publisere lyd-

eller videoopptak på internett. For å lytte til podkaster kan ein anten abonnere på programma eller oppsøkje nettstader som har linkar til tidligare sende program. Podkaster er og fine å ha på øyret på joggeturar og ved strykebrettet. Det finnes og mykje god kristen musikk. Mange held seg til cd-plater, men det fins

Når ein kjem i kontakt med Guds ord gjennom Bibel eller forkynning, vil det gjere noko med hjarto våre

og gode verdiar i mediekvardagen. Les meir på www.troogmedier.no. Bruk Bibelen Til slutt vil eg oppmode til å ikkje leggje vekk den vanlege papirbibelen. Til tross for at pc og smarttelefon er gode hjelpemiddel, kan dei og føre til at me mistar fokus og raskt trykker oss vidare. Det er lettare å verte kjend i Bibelen om ein har den fysisk til stades og det er lettare å finne ro. Men gje plass i din digitale kvardag til at trua vert styrka og inspirert.

Tro & Medier står til din tjeneste!

mange musikktenester på nett. Mot eit beløp i månaden vert eit breitt utval av musikk tilgjengeleg. «Nettkirken» Sjømannskyrkja og Den norske kyrkja samarbeidar i dag om felles kyrkjeleg nærvær på nett, www.nettkirken.no. Her kan du skrive med nettprestar, tenna lys, be om forbøn og lese teksten for søndagen. «Nettkirken» er ikkje eit fysisk rom, men opnar likevel rom i og mellom menneske. Nettstader Det finst mange gode nettstader som kan gje åndeleg påfyll i kvardagen. Her er nokre døme du kan utforske: bibel. no, omgud.net, mystory.me, jesus.net, itro.no, foross.no. Tro & medier er ein organisasjon som står bak nokre av desse nettstadane. Dei arbeidar for kristen tru

Vi vil hjelpe deg. Oppmuntre deg. Utfordre deg. Utruste deg. Om du er mediebruker, mediemisjonær eller en kristen som arbeider i allmenne medier, så ønsker vi å gå sammen med deg. Dele av vår kunnskap og erfaring. Bruke materiell, personell og kontaktnett til å bringe deg nærmere målet. Men først og fremst har vi et brennende ønske om at du skal følge Jesus. At alt du gjør bærer god og varig frukt. Du er sjefen. De medievalgene du tar i dag, vil gi gjenlyd i evigheten. Velkommen med på laget! troogmedier.no

ØyNytt

5


Samanslåing av kyrkjele Kommunane Fjell, Sund og Øygarden skal slå seg saman frå 1.1.2020. Som følgje av dette vert også dei kyrkjelege fellesråda slått saman med verknad frå same dato. Prosessen med å slå saman fellesråda har starta. Denne prosessen er svært lik den kommunale prosessen. I denne artikkelen vil me informere om det som skal skje framover. Me gir også ei forklaring på dei kyrkjelege råda si rolle. av kyrkjeverje og prosjektleiar Olav Martin Vik

Kyrkjeleg fellesråd

er eit organ i Den norske kyrkja, og finst i alle norske kommunar. Kyrkjeleg fellesråd såg dagens lys i 1997 ved at den kommunale forvaltninga av kyrkja lokalt innanfor personal, økonomistyring, byggdrift og gravplassforvaltning vart flytta frå kommunen til dette nyoppretta forvaltningsorganet. Kyrkjeleg fellesråd vert rekna som ein del av kommuneforvaltninga, men er ikkje ein del av kommunen sin organisasjon ved at det etter utskillinga er to separate rettssubjekt og har kvar sine folkevalgte organ. Rådet vert samansett av representanter frå dei valde sokneråda i kommunen. Kommunestyret vel ein kommunal representant til kyrkjeleg fellesråd Rådet sine oppgåver er å ivareta kyrkjegardar, kyrkjebygg og kontor for kyrkjelege tilsette. Rådet sine daglege verksemd vert leia av av kyrkjeverje. Fellesrådet utarbeidar også planar for det kyrkjelege arbeidet lokalt. Rådet er arbeidsgivar for dei tilsette i kyrkja som t.d. kyrkjetenar, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjelydssekretær, trusopplærar, organist, kontormedarbeidar, diakon; i praksis alle andre enn prestane og dei statleg tilsette kateketane.

Soknerådet

Eit sokneråd er i Den norske kyrkja eit råd samansett av soknepresten og 4, 6, 8 eller 10 medlemmer valde for 4 år av og blant dei som har røysterett i soknet. Soknerådet har ansvar for å leggje til rette for kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni i soknet. Soknerådet uttaler seg ved tilsetjing i kyrkjelege stilingar. Sokna i ein kommune vel representantar til kyrkjeleg fellesråd. Soknerådet i Øygarden Tidlegare var det to adskilte sokneråd i Øygarden, Hjelme og Blomvåg. Dei siste åra har det vore eit såkalla samanslått sokneråd. Det er ei ordning Staten innførte som ei prøveordning og som er vidareført. Det betyr at ein ved soknerådsvalet stiller ei valliste for kvart sokn. Når valet er gjennomført vert Øygarden sokneråd samansett av 3 representantar frå kvart sokn (dei som har fått flest røyster, i rekkefølgje)

Kyrkjeleg fellesnemnd

Kyrkjeverja (kirkeverge) er den øvste administrative leiaren i eit kyrkjeleg fellesråd, som fins i kvar kommune i Noreg. Kyrkjeverje er ein av dei eldste norske profesjonar og oppstod rundt 1150. Stillinga er nemnt allereie i Frostatingslova: “Det skal vera ombudsmann for kyrkjejordene innafor heradet og sokna..” Ein kyrkjeverje har ansvar for personalet, økonomistyring, HMS, bygg- og gravplassforvaltning. Kyrkjeverja rapporterer til kyrkjeleg fellesråd.

6

ØyNytt

Denne nemnda er sett saman av representantar frå fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden og ein representant for biskopen. Det set også ein representant frå den kommunale fellesnemnda i kyrkjeleg fellesnemnd. Nemnda har ansvaret for å slå saman dei tre fellesrådsområda. Nemnda skal ha sitt første møte 18. oktober 2017. Fellesnemnda er samansett slik (faste medlemer): Erling Vik og Gisle Kårbø Rong (Øygarden), Harald Rød, Jan Ragnvald Torsvik og Dag-Olav Bjorøy (Fjell), Brynhild Enerhaug og Anne Grete Hareide (Sund), prost Erling Kopperud (for prestane/biskopen) og Odd Bjarne Skogestad, for kommunal fellesnemnd.


ege fellesråd Samanslåing av dei kyrkjelege fellesråda vil påverke arbeidet i kyrkja lokalt. Det vert viktig å sikre eit godt lokalt arbeid etter 2019.

Kva skal slåast saman I Sund

7 medarabeidarar (heil- og deltidsstillingar). Prestane er ikkje rekna med. 2 kyrkjer med tilhøyrande bygg 3 gravplassar (gamle og nye)

I Fjell

34 medarbeidarar (heil- og deltidsstillignar). Prestane er ikkje rekna med. 3 kyrkjer med tilhøyrande bygg 6 gravplassar

I Øygarden

7 medarbeidarar (heil- og deltidsstillingar). Presten er ikkje rekna med. 3 kyrkjer med tilhøyrande bygg 4 gravplassar For tida er det totalt 48 fast tilsette medarbeidarar som skal gjennom samanslåingsprosessen. I tillegg kjem alt planverk som skal harmoniserast slik at arbeidet vert godt og målretta. Forskjellar skal utjamnast, rutinar må byggjast opp på nytt og ein går inn i ei tid med nye IKT-system som krev opplæring.

Ein må finna gode løysingar som gjer at kyrkja er tilstades lokalt.

Ny nettside for informasjon

Mot slutten av 2017 vert det laga ei ny nettside som vert oppdatert med informasjon etter kvart som prosessen med å slå saman fellesråda skrir fram.

Prosessen med å slå saman fellesråda

I 2017 vil ein vere i ein innleiande fase. I 2018 vil ein med tyngde gå inn i alle detaljar. Det er eit omfattande arbeid. Utover i 2019 må ein sjå konturane av den framtidige organisasjonen. Rett over sommaren 2019 må alt vere på plass.

Prosjektplan

Det er laga ein prosjektplan som er styrande for arbeidet med å slå saman fellesråda.

Prosjektorganisasjon

Kyrkjeverje Olav Martin Vik skal leie prosjektarbeidet. Prosjektorganisasjonen vert presentert i neste ØyNytt.

Kostnadar med samanslåinga

Kommunane som skal slå seg saman har fått midlar til dette frå staten. Kyrkjeleg fellesnemnd skal ha sin andel av desse midlane til samanslåing av fellesråda, etter søknad til kommunal fellesnemnd.

Kva skjer med kyrkja lokalt Dette er eit grunnleggande viktig tema i denne prosessen. Det er viktig å presisere at sokna består. I samanslåingsprosessen vil arbeidet gå som normalt. Det ein må gjere i Øygarden er å ta stilling til om ein skal ha 1 eller 2 sokneråd. Dagens sokneråd har rådd til at det vert 1 råd i «gamle» Øygarden. Namnet bør vere Hjelme og Blomvåg sokneråd.

skal organisere arbeidet lokalt frå og med 2020, i høve til dei tilsette i det nye fellesrådsområdet. I dag er kyrkja og dei kyrkjeleg tilsette tett på folket lokalt. Kyrkja må vere der folk er. Slik vert det også i framtida; - det handlar om korleis dette skal organiserast. Det vert ein del av prosessen og vil også vere tema i sokneråd og i soknemøte.

Det som også vert viktig å diskutere er korleis ein

ØyNytt

7


Nytt K2-kull på overnatti Tekst og foto: : Hogne Berland

Det er ikkje så mange som har overnatta i Blomvåg kyrkje, men det har etter kvart vorte ein tradisjon at dei som melder seg på K2 startar året med å sove over i kyrkja! K2 er trusopplæringstilbodet til dei som går i 10. klasse. Etter konfirmanttida får dei moglegheit til å melda seg på eit år som vidaregåande konfirmant. Året inneheld undervisning ein gong i månaden, nokre turar, og praksis som ledar på leir eller lignande. I tillegg får deltakarane moglegheit for å få ein mentor som dei har samtale med nokre gongar i halvåret. Den 2.-3. september gjekk startskotet for årets kull med oppmøte i Blomvåg kyrkje laurdagskvelden. 21

fjorårskonfirmantar var klare til å fatt på år nr. 2 denne kvelden og stemninga var høg. Bjarne Børve Skjold er ein av dei. «Eg meldte meg på fordi det virka kjekt med konfirmantundervisning eit år til. Det var veldig koselig i fjor. I tillegg er det ofte god mat!» Og ganske riktig så starta også denne kvelden med tacomiddag. Den fortsatte med Mesternes mesterlagkonkurranse. Det vart også tid til kveldsmøte med sang, andakt og bønnevandring.

Hogne har ordet

Hogne Berland, kyrkjelydspedagog

Kvar gong vi har dåp i kyrkja les vi Jesus sine ord om borna frå Lukas-evangeliet: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Jesus held fram borna som eit døme fordi eit barn treng hjelp, og tar tillitsfullt imot den hjelpa det treng. Slik er vår stilling framfor Gud. Vi er born som treng hjelp og skal få lov å ta i mot invitasjonen til Guds rike i tillit!

8

ØyNytt

Kvelden var lang og det var mange spel som skulle spelast og mykje chips som skulle etast før gjengen var klar for å legge seg. Det tar også litt tid å koma seg i seng når ein til dømes skal sova på galleriet i kyrkja. I tillegg så var det alltid ein eller annen som måtte pumpe meir luft i luftmadrassa akkurat då det begynte å roe seg ned! Til slutt måtte det likevel verta ro. Alle skulle tidleg opp neste dag for å ete frokost og pakke saman før gudstenesta.

Etter dåpen startar det vi kallar trusopplæringa. Borna skal få lære meir om kva dei er døypte til. Dei skal få bli kjent med Jesus og Bibelen og dei skal få verta tryggare i trua. I Øygarden har vi e trusopplæringsplan for borna mellom 0 og 18 år. Kvart årskull ska tilbod om å vera med på ei trusopplæringstiltak. Det kan vera alt babysong til leir eller frå konfirmantundervisning til K2, som du k lesa om over her.

Av og til kan nokon vaksne sei at dei framleis har si barnetru. D er noko fint med det å ønskje å ta med seg den trua ein hadde d ein var barn. Samstundes seier Bibelen at når det gjeld trua, så er


Dette skjer!

Leirar på Skjergardsheimen 3.-5. november: 8.-10. desember: 19.-21. januar: 16.-18 februar: 16.-18. mars:

Påmeldingsskjema vert delt ut på skulane.

Ungdomsklubben Refuel

ing i kyrkja

s ein al få t frå kan

Det då r ik-

Leir 3. klasse Adventsleir 4. klasse Leir 7. klasse Leir 5. klasse Leir 6. klasse

Overnattinga vart nemleg avslutta med presentasjonsgudstenesta for dei nye konfirmantane. Kl. 11 hadde utruleg nok alle klart å pakka saman madrasser, klede og chips og kyrkja var klar for gudsteneste. Her vart dei nye konfirmantane presentert og kyrkjegjengarane fekk høyre eit intervju med Simen Jensen Oen, som er ein av dei som no startar på K2. Simen fortel at han syntes konfirmanttida var gøy og at han gjerne vil vera med vidare og læra meir om Jesus. Han syntes det var fint å få ein sjanse til å bygga vidare og styrka trua saman med andre som veljer det same. Han fortel også om godt samhold i gjengen før han oppfordrar alle til å melde seg på K2 etter konfirmantåret sitt!

20. oktober 3. november 17. november

Krik 13. oktober 27. oktober 10. november 24. november

8. desember 15. desember Stad: Toftøy gamle skule Tid: 19.00-21.00

Plussklubben 25. oktober 22. november 2.-3. desember – Lys våken for 5.-6. klasse i Hjelme kyrkje

Stad: Rong senter Tid: 18.00-20.00

Gospelteens 24. oktober 7. november 21. november 29. november 5. desember

kje målet at den skal halda fram å vera ei barnetru. Paulus skriv i sitt første brev til Korint at då han først var i kyrkjelyden måtte det han lærte dei vera som mjølk til spedborn. For dei var jo «nyfødt» i trua og trengte det grunnleggjande. Når det no er gått nokon år, seier han at dei må vera klar for fast føde. Det er naturleg at trua er i vekst og at ein etter kvart kan gå over til fast føde i det ein lærer frå Bibelen. Slik håpar vi trusopplæringsplanen skal kunne verka i Øygarden for borna her. Vi håpar dei skal få voksa og stadig verta betre kjent med Gud, samstundes som dei alltid tar i mot Guds gåver med barnehender.

1. desember 15. desember Stad: Rong senter Tid: 19.30-22.30

Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30-19.30.

Babysong 23. oktober 6. november 20. november 4. desember

Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 11.00

Småbarnssong 17. oktober 31. oktober 14. november

28. november Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30 ØyNytt

9


Fiskebåtreiar Inge Halsteinsen:

Bergensdialekten spreier seg so Fiskebåtreiar Inge Halsteinsen frå Austevoll kom til sine eigne då han møtte øygards-pensjonistane i kulturhuset på Rong under det årlege eldretreffet på eldredagen onsdag den 4.oktober. Pensjonistar 65 + hadde møtt fram pynta til fest. Tekst: Gerhard Vik

Foto: Ottar Vik

Det var Øygarden kommune og Øygarden pensjonistlag som var vertskap. «De ska få mat både for mage og sinn», sa reserveordførar Atle Dåvøy i velkomsthelsinga til dei mange pynta gjestane som hadde teke imot invitasjonen. Først ut var kvartetten: «Klungerrose» som framførde bl.a.: «Gamle Noreg» og Blåmann bukken min» - kjende viser frå barneskulen.

Norge, sa Halsteinsen vidare og peika på at Golfstraumen førde med seg temperatur i sjøen som gjorde havet rikt på fisk. Heilt frå steinalderen har det budd folk her fordi dei fann mat. Dei største fiskeplassane i verda finn me i våre farvatn utan samanlikning med andre hav i verda. Inge Halsteinsen tok ei reis innom fattig-Norge og nemnde 800-tusen

Inge Halsteinsen er lektor av fag, men har heile sitt yrkesliv vore engasjert i fiskerinæringa og utviklinga av havfiskeflåten. Han er fiskebåtreiaren og samfunnsbyggjaren som sterkt har vore med og gjort fiskeflåten til ei stor næring, kopla til Bekkjarvik i Austevoll.

Halsteinsen minna

I festsalen møtte han att fleire som hadde vore skippar og mannskap på båtane hans. Og til festlyden sa han: «Eg kjenner dåke så godt, eller som emisærane brukte å seia: eg kjenner ei god ånd her mellom dåke.»

at du bur i den rikaste

-No har Øygarden sigla frå oss og vi er blitt smågutar i Austevoll. Ein gong var me i same båten, kledde oss likt, åt sild og pala og poteter. Felles fortid eigde me i lag. Men no er dåke knytt til fastlandet og blitt rike av pengar som staten har dryssa ut frå olje og gass. Og så snakkar den nye generasjonen Bergens-dialekt som spreier seg utover som skvaldrekål. Om nokre år kjenner ikkje barna striledialekten, men seier: «hvor skjønt det er her ute». I gamal tid var det kysten vår som var

10 ØyNytt

forsamlinga på at det norske folk no er blitt rike på veldig kort tid. -Hugs delen av verda og i det rikaste landet. -Me har gått

Så kom propellen til båten i 1885 og avløyste segl og årer. Halsteinsen minna forsamlinga på at det norske folk no er blitt rike på veldig kort tid. -Hugs at du bur i den rikaste delen av verda og i det rikaste landet. -Me har gått oppover i tresko og kan fort gå nedover i lakksko. Han knytte vår velstand opp til industrigrundaren og lekpredikanten Hans Nilsen Hauge som sette spor etter seg i vårt samfunn frå tidleg på 1800-talet og heilt fram til 1950. Hauge hadde lært av Jesus å elska nesten som seg sjøl. Det er eit vilkår at me elskar nesten vår for å kunne utvikla vårt heimland og samfunn. Me har eit forvaltaransvar, sa fiskebåtreiar Inge Halsteinsen til slutt i sitt foredrag til festlyden i kulturhuset på Rong. Til slutt i festen hadde Øygarden seniordansegruppe framvising for festlyden til stor applaus.

oppover i tresko og kan fort gå nedover i lakksko.

fiskarar og husmenn som drog til Amerika for å skaffa seg ei framtid. Og han nemnde fisken som i si tid bygde opp Bergen og om silda langs Vestlands-kysten som kunne sysselsetja 30 -tusen personar dei 6 vekene sildefisket gjekk føre seg på vintertid. Maten var sild på havrelefsa. Den rikaste sildeperioden var i åra 1808-1875.

Inge i samtale med manskapet på ringnotsb


om skvaldrekål i Øygarden

båten Sælodden.

Varaordførar Atle Dåvøy (t.h)som leia festen takkar fiskebåtreiar Inge Halsteinsen for eit historisk foredrag.

“Klungerrosa” underhaldt med fin sang. f.v. Einar Torsvik, Sissel Rong, Olav Kobbeltveit, Alis Rong.

Hygge rundt festbordet

ØyNytt

11


NLA med grunnskulelærarutdanning

Strikkekafé – Sosialt og hyggelig, kaffi og flørting

NLA Høgskulen startar med grunnskulelærarutdanning i Oslo i august 2018. Utdanninga er basert på det kristne menneskesynet med fokus på interkulturell forståing. Det er Stortinget som har gitt NLA oppdraget med utvide si utdanning til Oslo. Kjelde: Servus NLA Høgskulen sitt magasin

Ny studentprest ved NLA Tidlegare sokneprest i Foldnes, Petter A. Ekerhovd-Ottersen, er ny studentprest ved NLA Høgskulen i Bergen. Den nye studentpresten er oppteken av å vere ein som studentane kan prate med om alt. Kjelde: Servus NLA Høgskulen sitt magasin

Be for kristne i Irak Irak – Før Saddam Hussein kom til makten på slutten av 70-tallet fantes det opp mot 2 millioner kristne i landet. Da han ble avsatt, var antallet redusert til omkring en fjerdedel. I dag er det kun mellom 200 000-250 000 kristne igjen. Be for dem – at Gud vil veilede dem og gi dem håp om en fremtid i landet. Kjelde: Åpne Dører

Strikkekaféen held til på biblioteket på Rong senter - alle er velkommen seiar Elna. Tekst og foto: Henrik Angermund – Øygarden Frivilligsentral

Annakvar torsdag mellom kl 12 og 15 på biblioteket på Rong senter møter ei gruppe damer kvarandre for å strikke i lag. Men på strikkekaféen er det ikkje berre strikkinga i seg sjølv som står i fokus, seier Elna Haugen med eit glimt i auga. Ho kan fortelje om mykje latter og kos, viktigheita med eit sosialt fellesskap og kanskje ein aldri så liten flørt når nokon av mannfolka kjem innom for ein prat med damene. Damene som kjem på strikkekaféen bur rundt om i heile Øygarden og medan nokon er innfødte Øygardsværingar er andre innflyttarar seier frivillig og kaféansvarleg Elna Haugen (63) som sjølv flytta til Øygarden i 2012. For ho var tilbodet svært viktig for at ho skulle finne sin plass i lokalsamfunnet då ho ikkje kjente nokon i frå før. På den tiden var strikkekaféen relativt nyetablert og for Elna var kaféen eit tilbod som vart med på å gjera ho kjent med og integrert i lokalsamfunnet. Ho beskriv dette som svært viktig for henne men ho trur også andre har same gleda av å bli med på ein sosial og frivillig aktivitet. Kaféen er eit opent og gratis tilbod for

Treng du hjelp frå Småjobbsentralen? - me utfører alt i frå hagearbeid, vasking, handling, maling og liknande. Kontakt Småjobbsentralen på tlf. 902 57 385 eller send e-post til: oygardensmajobb@yahoo.com Ha ein fin dag!

12 ØyNytt

både menn og damer og ein må ikkje vere flink i strikking for å vere med. Tvert i mot, her kan ein lære av kvarandre og det fins mykje kompetanse mellom dei som kjem, seier Elna. Men stort sett er det damene som kjem seier Elna og alderen er alt i frå 40 til 80 år. På kaféen sit praten laust og stemninga er alltid god, men skulle ein av dei lokale mmannfolka komme innom for ein prat og kaffi, ja då stig temperaturen nokon gradar og det blir fort litt flørting på kafeen medan strikkinga kanskje bremsar opp litt. Men det gjer ingen ting meiner Elna, for det er det sosiale som er i fokus og det er ingen krav om anna enn at ein skal kose seg når ein strikkar. Enten det er varme klede til seg sjølv, familie eller klede som gruppa gir bort til barnehagane i kommunen gjer at dei har litt ekstra til dei trengande. Om de vil bli kjend med nye i Øygarden eller berre drikke litt kaffi med nokon medan du kanskje strikkar litt, så kan Elna ønskje nye gjestar hjarteleg velkommen til strikkekaféen og de kan berra kontakte ho for meir informasjon på tlf.nr 905 37 473 eller på mailadressa: post@elnahaugen.priv.no

Datoar for Strikkekafé haust 2017: 26.10. - 9.11. - 23.11. og 7.12 frå kl 12 – 15.

Tjeldstø barnehage er ein av barnehagane som til no har mottatt strikkeklede i frå kaféen. Dette flotte heftet fekk dei som takk for kleda.


Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland

Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

Tlf. 56 38 50 00

Vakttelefon: 922 34 062 www.torsteinsvik.no

• Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS

5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted ØyNytt

13


14 ØyNytt


Til lukke

70 år 14. okt 19. okt 30. okt 31. okt 1. nov 12. nov 16. nov 20. nov 30. nov

75 år 13. okt 21. okt 21. okt 5. nov 26. nov

80 år 11. okt 28. okt 5. nov 28. nov 3. des 6. des

85 år 5. des

90 år 15.okt

Ingvild Gry Solbakk, Grønhaugvegen 131 Aud Margrethe Oen, Myrane 1 Anne Tove Johansen, Torvvikvegen 2 Thora Alice Vik, Markja 15 Olaug Nygård, Ådnevikvegen 72 Terje Nilsen, Storhøyen 12 Håkon Børge Rong, Myråsvegen 12 Laila Gunn Heldal Loftås, Strandavegen 5 Kåre Kristoffer Heggholmen, Øynesvegen 38 Steinar Kurt Hennø, Høghøyen 10 Ingebjørg Liv Dåvøy, Harkestadvegen 43 Kari Ingrid Døskeland, Gjerdhøyen 4 Asbjørn Vik, Helgebrekka 24 Olav Robert Oen, Myrane 1

Hans Andreas Blom, Nygardsvegen 4 Norunn Dagnhild Landro, Raunholevegen 12 Rakel Marie Torsvik, Raudhammaren 12 Lilly Maria Ådlandsvik, Kvalen 3 Inga Reidun Hatten, Sturevegen 199 Marie Pernille Skarveland, Vestrevegen 2 Arthur Einar Knarvik, Garnesvegen 1 Gunvor Hansen, Stormyrvegen 29

Gudstenester / service

Worship is the most important meeting point for Christians. It is the place where Christians become a visible congregation – a fellowship of people who share a faith in God and in the resurrection of Jesus Christ. It is a place where people together come before God. Here is a list of upcoming services in Øygarden

15. okt Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Nattverd. Søndagsskule for borna.

12. nov Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Nattverd. Søndagsskule for borna.

22.okt Hjelme kyrkje kl. 11.00 Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tveten. Utdeling av biblar til 5.klassingar.

19. nov Hjelme kyrkje kl. 17.00 Gospelgudsteneste v/ Espen Tveten. Gospel teens deltek og det er avslutning for konfirmantleiren.

29. okt Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Espen Tveten. Dåp. Nattverd. Søndagsskule for borna.

26. nov Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tveten. Song av Småbarnssongen. Dåp.

5.nov Hjelme kyrkje kl. 11.00 Allehelgensgudsteneste v/ Espen Tveten. 3. des Hjelme kyrkje kl. 11.00 Dåp. Nattverd. Vi minnes dei døde siste Sprell levande gudsteneste år. Søndagsskule for borna. v/ Espen Tveten. Dåp. Deltarar frå Lys Våken vert med på gudstenesta.

Døypte Blomvåg Håkon Njåstad Wollan, Torsvikvegen William Anglevik Turøy, Torsvikvegen Victoria Isager, Vik

Døde

Blomvåg Ragnhild Rundheim, Søre Sæle f. 1918 Elna Nilsen, Torsvik f. 1927 Daniel Kristian Bugge Dale, Dalevegen f. 1930 Nelly Målfrid Andersen, Rong f. 1929 Bjørn Hauge, Rong f. 1966 Else Marie Sæbye Thorsvik, Toftosen f. 1949

10. des Blomvåg kyrkje kl. 11.00 Gudsteneste v/ Helge Unneland. Nattverd. Søndagsskule for borna.

Bibeltimar på Nautnes bedehus Torsdagar kl. 19.00 26.10. v/ Trygve Johannes Hellesøy 23.11. v/ Audun Hjellvik Kveldsmat og høve til samtale. Velkommen! Styret for Hellesøy/Nautnes/Tjeldstø bedehus

Vigde

Blomvåg Camilla Isdahl og Michael Kristensen

Fellesskapskveld Øygarden sokneråd inviterer til fellesskapskveld i haust med fokus på Thailand . TORSDAG 2. NOVEMBER KL. 19.00 Sjå side 2 i dette bladet.

Julefest Øygarden sokneråd inviterer til julefest for alle lørdag 6. januar kl. 16.00 i Hjelme kyrkje.

ØyNytt

15


Du kan også lese om kyrkja si verksemd på: kyrkja.no/oygarden

Distribusjon i Øygarden: Hammer transport, tlf. 92063006

Distribusjon utanfor Øygarden: Posten Norge Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

B

Thailandgjengen klar for tur Bak frå venstre: David Nordvik, Anders Kårbø Rong, Filip Hellesund, Espen Tveten, Ingeborg Børve Skjold. Midten frå venstre: Kate Solsvik, Steffen Rommetveit, Eskil Sjøstrøm, Kristoffer Nordvik, Bjarte Sæle, Christina Vik. Framme frå venstre: Samuel Dåvøy, Ole Martin Solsvik, Miriam Sandøy, Suzanne Mari Rommetveit Ikkje på bildet, men skal på tur: Susanne Steinsland, Emilie Skjold, Hogne Berland Dette er ein misjons- og studietur i regi av kyrkja lokalt i Øygarden. Det kjem ein fyldig reportasje i neste ØyNytt. Du kan også møte ungdomane og reiseleiarane på Fellesskapskvelden i Blomvåg kyrkje 2. november kl. 18.00. Sjå side 2.

Temakveld om sorg Foldnes kyrkje 16. november kl. 19.00 Foredrag ved sjukehusprest

Liv Ingrid Svela

frå Haukeland sjukehus Tema: Sorga sine ulike ansikt

Internasjonal kvinnegruppe i Øygarden Her får du høve til å verte kjent med kvinner frå ulike land som bur i Øygarden. Alle kvinner er harteleg velkomne. Onsdag 25. oktober kl. 19.00-21.00 - Øygarden ungdomsskule Onsdag 6. desember 17.00-19.00 - Øygarden ungdomsskule Arrangør er Øygarden kommune

India under Modi – Økende vold og forfølgelse Hindu-nasjonalistpartiet BJP går inn i sitt tredje år som ledende i Indias nasjonale regjering. I denne perioden har volden mot minoriteter blitt intensivert. India, som er verdens største demokrati, har steget til plass nr. 17 på World Watch List, oversikten over land hvor kristne blir mest forfulgt. Kjelde: Åpne Dører

Morgonmesser i Blomvåg kyrkje i adventstida Tysdag 5. og tysdag 19. desember kl. 6.30 - 7.15

16 ØyNytt

Profile for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øynytt nr 5 oktober 2017  

Øynytt nr 5 oktober 2017  

Advertisement