Øynytt nr 5 oktober 2016

Page 6

NaMu

Frå møtet søndag føremiddag på Fjell-ly

Forsamlingsweekend Helga 26.8. - 28.8. var forsamlinga på Vik bedehus på week-end på Fjell-Ly i Fjell. Føremålet med samlinga var å verte betre kjent med kvarandre og vere saman med Jesus i sentrum. Det var eit rikhaldig program, både for borna og dei vaksne. Bibeltimar, barnemøte, film, sporløp, quizz og delekveld var nokre av ingrediensane i opplegget. Fjell-Ly serverte god mat. Leirstaden har også fine rom for overnatting, noko som dei fleste benytta eg av. På søndag føremiddag hadde Ranveig Vestbøstad Vik (bilete) talen til den samansette forsamlinga, store og små. Ho illustrerte Marta i Bibelen og snakka om Guds kjærleik til oss, bibel, bøn og brød (nattverden). Det er møte på Vik bedehus annakvar søndag og bibeltimar annakvar tysdag. Red.

Dette er ein dør-til-dør aksjon. Våre konfirmantar kjem på besøk og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Det er fint om du har førebudd kontantar som kan leggjast i bøssa. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har blitt arrangert sidan 1967 og har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest, og å forandre årsaker til naud gjennom påverknad på avgjerder. I 2017 og 2018 vil fasteaksjonen fokusere på vatn og menneske sin rett

6

ØyNytt

til vatn. FNs tusenårsmål for 2015 var å “halvere andelen av verdas befolkning utan tilgang til reint drikkevatn” og det har me klart!

Øygarden sokneråd har i møte godkjent ei forlenging på 2 år for NaMu-arbeidet. NaMu står for naturlig menighetsutvikling. I Øygarden brukar me gjerne orda kyrkjelydsutvikling og kyrkjelydsvekst. NaMu handlar om å koma nærare den treeinige Gud, finna ut av kva Gud har på lager for den enkelte og på den måten få til vekst i kyrkjelyden Nærare 50 000 kyrkjelydar over heile verda er ein del av NaMu-fellesskapet. Millionar av menneske er delaktig. Du finn informasjon om arbeidet på www.namunorge.no

Mobilkollekt Øygarden sokneråd har gitt kyrkjeverja fullmakt til å arbeida vidare med løysingar for å gi og betale. Dette gjeld kollekt/offer i kyrkjene og betaling av leirar og andre aktivitetar i regi av kyrkja. Mobilkollekt og betaling med mobil medfører nye rutinar og rekneskapsføring. Det er fleire aktuelle løysingar. Kyrkjeverja kjem til å vurdere løysingar som medfører minst mogeleg ekstrakostnadar for soknerådet. Kyrkjeverja reknar med å kunne presentere dei nye betalingsløysingane i ØyNytt i desember.

Reglar og satsar Øygarden kyrkjelege fellesråd har godkjent nye satsar for utleige av kyrkjene i Øygarden. I tillegg er det tilrådd ei fornying av regelverket for utlån og utleige av kyrkjene. Dette regelverket byggjer på sentrale regelverk Det lokale regelverket må godkjennast av bispedømerådet før det kan takast i bruk. Når det gjeld satsar for utleige gjeld dei etter fellesrådet sitt vedtak med verknad frå 1.11.2016. Satsane finn ein på www.kyrkja.no/oygarden


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.