Page 1

ØY

Nummer 5

NYTT

Kyrkjeblad for Øygarden

Oktober 2016

Flotte born på leir

43. årgang

8

to leirar på to dagar for aldersgruppa 1. og 2. klasse

Nostalgia Gjenbruk er populært. Hos Nostalgia på Rong senter finn du møblar og dekketøy, og mykje anna, fullt brukande og til ein grei pris.

7

3 Tap eller siger 4 Markering av eldredagen 5 Fader vår eller vår far 10 Barnevakten gir råd til foreldre Information in English page 11


Kyrkjekaffi må til Kyrkjekaffien er eit viktig samlande tiltak etter gudstenestene. Det er mogeleg å slå av ein prat med kjente og mindre kjente. Det er her nye som kjem til gudstenesta skal verte kjent med kyrkjelyden og knyte relasjonar. . Det er óg ein møteplass for å dele trua. Kyrkjekaffien har altså ein viktig funksjon i høve til trivsel og det å kjenne seg inkludert. Men, så er det dette med å få laga til kyrkjekaffi. Relasjonsskapande tiltak i kyrkjelyden er eit kyrkjelydsansvar. Utfordringa er at ofte er det dei same som går att i ulike samanhengar når noko skal stellast i stand. Soknerådet ønskjer fleire frivillige som kan legge til rette for kyrkjekaffi i Hjelme kyrkje og Blomvåg kyrkje. Nokre gonger kan det gjerast enkelt og nokre gonger er det hyggeleg med litt meir på bordet. Er det nok folk vert det få gonger i året at ein må trø til. Soknerådet arbeider med å få fleire frivillige til oppgåva. Ønskjer du å vere med, ta kontakt med oss på telefon 56382240 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no Red.

Budsjett for 2017 Tida er komen for å tenkja økonomi for komande år. Kyrkjeleg fellesråd skal sjå 4 år fram i tid når det gjeld budsjett. Kyrkjeleg versemd i Øygarden har tre hovudinntektskjelder. Det er rammeoverføring frå Øygarden kommune, trusopplæringsmidlar frå staten og overføringar frå Øygarden sokneråd, slik som givarteneste og offer til eige arbeid. Den siste posten har auka mykje dei siste åra. Budsjettforslaget er no oversendt Øygarden kommune. Rammeoverføringa frå kommunen er den største inntektskjelda og løyvinga skjer ut i frå kyrkjelova, forskrifter og politiske prioriteringar. Dei totale utgiftene til fellesrådet er budsjettert til kr 6 410 000. Fellesrådet ber kommunen om ei rammeoverføring på kr 5 150 000 for 2017. Saka vert handsama i kommunestyret i desember og fellesrådet vedtek eit endeleg budsjett i januar 2017. Red

Kyrkjene våre I desse dagar vert det gjort vedlikehaldsarbeid på tårnet på Blomvåg kyrkje. Tårntaket får ny kobbartekking. Riksantikvaren har også godkjent utskifting av dei store vindauga i kyrkjeskipet og ny utvendig kledning på søre veggen, med diffusjonstetting. Desse tiltaka har kommunestyret finansiert i inneverande års budsjett. Kommunestyret har i tillegg løyvd kr 230 000 til ein gjennomgang av vedlikehaldsbehovet for Hjelme gamle kyrkje. Dette er midlar som kommunen har fått til å motverke konjukturrnedgong. Denne løyvinga kom overraskande og gjer det no mogeleg å koma vidare i arbeidet med å sikre Hjelme gamle kyrkje for framtida. Takk til kommunestyret! Red

2

ØyNytt

Redaktøren har ordet

Kjære lesar av ØyNytt! Kakemenna er komen i butikkane. Det gir eit snev av jul, sjølv om det enno er ei stund til desember. Bladet denne gongen er også noko prega av jul. Me annonserer for ulike arrangement som høyrer jula til. For oss er det viktig å fokusere på julefeiringa sitt egentlege innhald. Det er noko me gjer heile året gjennom, på gudstenester, leirar og i klubb- og lagssaman- heng. Me vil at menneska skal verta kjent med Jesus. Det er han jula handlar om. Staffasjen rundt jula må ikkje ta Jesus av syne. Me er privilegert med mange unge frivillige medarbeidarar. Nærare 30 unge menneske møtte opp då me arrangerte kurs for leirledarar. Også nokre 8. klassingar møtte opp, sjølv om dei må vente til neste år før dei kan vere leiar på leir. Det er flott. Det er lærerikt å vere frivillig leiar og det er eit viktig arbeid i Guds rike. Med dei mange leirane som er kvart år, treng me desse medarbeidarene. Det trengs også frivillige til å lage kyrkjekaffi etter gudstenestene. Kyrkjekaffien er ein viktig møteplass og det å leggje til rette for kaffi er ei viktig diakonal teneste, langt ut over sjølve kaffien og kakene. Kanskje du kan gi litt av di tid til denne tenesta. Med ønskje om ein fin haust og vinter! Olav Martin Vik Redaktør

Nye e-postadresser Kyrkjekontoret (Øygarden kyrkjelege fellesråd) har fått ny e-postadresse: post.oygarden@kyrkja.no Også våre tilsette har fått ny e-postadresse. Sjå side 16. E-post sendt til dei gamle adressene vil for ein periode verte automatisk vidaresendt.


Andakt ved kyrkjelydspedagog Hogne Berland

Tap eller siger I skrivande stund har Noreg nettopp slått San Marino 4-1 i VM-kvalik på Ullevål. Hadde motstandaren vore ein annan hadde dette vorte rekna som ein svært god kamp, men fleire aviser i dag snakkar heller om at trenar Høgmo bør gå. Noreg skal jo ikkje sleppe inn mål mot San Marino! Ein tilsynelatande solid seier vert rekna som tap. Ein gong i historia skjedde det motsette. Det som såg ut til å vera eit sviande nederlag, viste seg å vera noko anna. Då Jesus døydde på korset for snart 2000 år sidan, såg det mørkt ut. Hadde Jesus tapt og døden og djevelen vunne? For mange såg det slik ut. Kunne Guds son døy? Ein gud som døyr, var vanskeleg å tru på for mange. Var dette ein mektig gud? Også i dag kan det verka rart for dei som ikkje er kristne, at det som ser ut som punktumet for Jesus, vert feira som ein siger for både han og alle som trur. Men slik hadde altså Gud ordna det. Hans eigen son skulle gå frå stort til lite. Ikkje nok med at han skulle frå himmelen og ned til jorda. Han skulle også verta prøvd i det som er vanskeleg med å vera menneske. Til slutt skulle han døy ein audmjukande død. Paulus seier om Jesus i Filipparbrevet at han «gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik». Når han døyr, tek han straffa me skulle hatt. Han gjer opp for synda me har gjort. Det ser skrøpeleg ut. Men denne dagen var ein sigersdag. Då Jesus står opp att, er det ikkje lenger noko tvil. Tap vart til siger, død vart til liv, håpløyse vart til håp! Slik er det med Jesus. Også når han ser ut til å ha tapt, har han vunne. Og det er ein siger vi kan feira om vi trur på Jesus, både kvar søndag og kvar dag! Sigeren er nemleg også vår. Det er godt å tru på ein som er sterkare enn døden! Jesus seier: «Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.» Op. 1,17b-18. Hogne Berland

Ill. foto Pixabay ved Tomasz Mikolajczyk

Fellesskapskveld onsdag 2. november Blomvåg kyrkje onsdag 2. november 2016 kl. 19.00. Tema for fellesskapskvelden er “Bru til tru”. Du er velkomen til ei samling for inspirasjon og fellesskap. Gjest denne kvelden er Gina Gjerme (bilete). Saman med mannen er ho ein av hovudpastorane i Salt Bergenskirken. Ho er ein god formidlar og har nyleg skrive boka “Bro til tro” saman med Siri Kalvatn. Boka er utgangspunkt for det ho vil dele med oss. Det vert song, musikk og lett underhaldning. Kveldsmat. Open samling utan påmelding. Arrangør: Øygarden sokneråd

ØyNytt

3


160 personar møtte opp på festen på kulturhuset. Drøsen gjekk høgt rundt borda.

Koste seg på eldredagen i Øygarden kulturhus Tekst: Gerhard Vik Foto: Ottar Vik Det tiande året på rad innbad kommunen pensjonistane til festleg samvær i Kulturhuset på Rong med festmiddag og minikonsert. Arne Pareli Pedersen var solist med Torgeir Landro ved pianoet, og kåseri av Geir Magnus Nyborg. «Ver med til Øygarden ein liten tur, så skal du sjå kor øygardsfolket bur--. Med denne patriotiske øygardssongen, skrive av Lilly Troland, kom feststemninga på plass i kulturhuset på Rong på den internasjonale eldredagen den 6 oktober. Dette var den 10.gongen kommunen inviterte den eldre garde i kommunen til fest på eldredagen med middag og kaffi og god stemning. Ordførar Børge Haugetun ynskte den festkledde forsamlinga velkomen og loste dei 180 gjestene inn i det kjende og varierte kystlandskapet gjenom songen: -»mellom bakkar og berg ut med havet» som alle dei frammøtte øygardsværingane har eit forhold til. Mediaviter og tidlegare redaktør i Vest-Nytt: Geir Magnus Nyborg var kveldens hovedtalar. Han kåserte over emnet:»Før i tida». Det skapte lått og løye. Dei fleste kjende seg att frå julefestane på bedehusa og andre bygdesamlingar på 1950-talet slik han skildra då han vaks opp på Askøy. Han teikna eit indre blikk frå den tida, og seinare som journalist i møte med bygdekulturen på Sotra og Øygarden, som gjorde at dei fleste i

4

ØyNytt

salen fekk gamle minner tilbake og fekk blankpussa dei. I ettertid var det lett å sjå det komiske i fleire uttrykksmåtar og hendingar frå den tida. Nyborg fekk på ein treffande og karrikert måte illustrert til festlyden litt av det som skjedde i gamle dagar. Leiar i Øygarden pensjonistlag: Knuth Wahl bar fram takk til kommunen og ordføraren for fin og festleg tilstelling som er blitt ein tradisjon for dei eldre i Øygarden på den internasjonale eldredagen. Litt om eldredagen

Sigrun Toft takkar ordførar Børge Haugetun for den fine festen kommunen hadde stelt til.

• 1. oktober er den internasjonale eldredagen. • Øygarden kommune har i 10 år i samarbeid med Øygarden pensjonistlag arrangert eit festleg samvær på kulturhuset i høve eldredagen, i år torsdag 6. oktober. • Tema for den internasjonale dagen for eldre i 2016 er bekjemping av aldersdiskriminering.

Leiar for Øygarden Pensjonistlag Knuth Wahl takkar Arne Pareli Pedersen for fin song.

t.v. Amalie Rong og Johan Alvheim i god prat ved middagsbordet


Soknepresten si temaside Espen Sigve Tveten, sokneprest i Øygarden

Fader vår eller vår far Mange har lagt merke til at det har skjedd nokre endringar i Fadervår. Det mest markante er opninga av bøna. Der me før bad «Fader vår, du som er i himmelen» ber me no «Vår far i himmelen». Nokon synest den nye varianten er god og meir forståeleg, medan andre meiner den gamle var meir høgstemt og vakker. Så kvifor har me fått ein ny versjon?

Gud er både heilag og nær. Begge desse aspekta blir ivaretatt i den nye versjonen. Å omtala Gud som Far, er eit privilegium for oss menneske. Ordet «far» formidlar varmen og nærleiken i vår relasjon mellom far og born betre enn «fader». Gud er vår gode far som veit kva hans born treng allereie før dei ber han om noko. Med Fadervår vil Jesus læra oss å be enkelt og tillitsfullt som Guds born. Samstundes er Gud fortsatt den opphøgde som vi tilber: «For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen».

Ny omsetjing I 2011 fekk me ei ny Bibelomsetjing. Bøna Fadervår finn me i Matteus 6. Skjer det endringar i bibelspråket, følgjer liturgiane som vert nytta i lokalkyrkjene som oftast etter. Dette er ikkje første gongen det har skjedd endringar i Fadervår. Det vart stor debatt då denne bøna kom i ny omsetjing i 1978. Enkelte kyrkjer i Den norske kyrke og nokre Ei annan forbetring både språkleg og teologisk i frikyrkjer brukar enno den gamle omsetjinga frå det nye Fadervår er «Og lat oss ikkje koma i freisting, 1930 (til dømes: Helliget vorde ditt namn og ikkje men frels oss frå det onde». Før bad me «Før oss Lat namnet ditt helgast). I vårt prosti har alle kyrkje- ikkje ut i freisting, men frels oss frå det onde». lydar vedteke å nytta den nyaste versjonen, men me veit det vil ta lang tid å få den innlært. Difor har me Lær bøna den alltid trykt i programarket i gudstenestene. Bibelomsetjingar skjer ikkje ofte, og det vil ta tid i byrjinga å bli fortruleg med den nye versjonen. Eg Det greske ordet for far/fader er «patær». Alt i vil oppmode til å bruka litt tid til å læra seg denne. 1978 brukte ein ordet «Far» og ikkje «Fader» om Gud Såleis kan det verte ei tid for på ny å oppdage rikdodei fleste stadene i det nye testamentet, og alltid men i denne bøna. Lat oss be! når ordet står saman med eit eigedomspronomen som «min» far, «din» far «dykkar» far. Men i Fadervår Vår Far i himmelen! vert «Fader» vidareført. Ordet «fader» er eit ord Lat namnet ditt helgast. som sjeldan vert nytta i vanleg tale. Elles lever det Lat riket ditt koma. i vulgærforma «fader’n» og i avleiingar som «faderLat viljen din råda på jorda slik leg», og i nokre samanhengar kan det brukast som som i himmelen. eit banneord. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg Forbetring tilgjev våre skuldnarar. Sett i lys av den greske grunnteksten og det norOg lat oss ikkje koma i freisting, ske språket anno 2016, er den nye omsetjinga men frels oss frå det vonde. ei forbetring. Bøna bør ikkje verke unødig høgFor riket er ditt og makta og æra i tideleg og bør ikkje vera vanskeleg å forstå. Ho bør all æve. ha ei enkel språkform, utan at ho blir platt eller Amen. barnsleg.

“Med Fadervår vil Jesus læra oss å be enkelt og tillitsfullt som Guds born. Samstundes er Gud fortsatt den opphøgde som me tilber ” ØyNytt

5


NaMu

Frå møtet søndag føremiddag på Fjell-ly

Forsamlingsweekend Helga 26.8. - 28.8. var forsamlinga på Vik bedehus på week-end på Fjell-Ly i Fjell. Føremålet med samlinga var å verte betre kjent med kvarandre og vere saman med Jesus i sentrum. Det var eit rikhaldig program, både for borna og dei vaksne. Bibeltimar, barnemøte, film, sporløp, quizz og delekveld var nokre av ingrediensane i opplegget. Fjell-Ly serverte god mat. Leirstaden har også fine rom for overnatting, noko som dei fleste benytta eg av. På søndag føremiddag hadde Ranveig Vestbøstad Vik (bilete) talen til den samansette forsamlinga, store og små. Ho illustrerte Marta i Bibelen og snakka om Guds kjærleik til oss, bibel, bøn og brød (nattverden). Det er møte på Vik bedehus annakvar søndag og bibeltimar annakvar tysdag. Red.

Dette er ein dør-til-dør aksjon. Våre konfirmantar kjem på besøk og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Det er fint om du har førebudd kontantar som kan leggjast i bøssa. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har blitt arrangert sidan 1967 og har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest, og å forandre årsaker til naud gjennom påverknad på avgjerder. I 2017 og 2018 vil fasteaksjonen fokusere på vatn og menneske sin rett

6

ØyNytt

til vatn. FNs tusenårsmål for 2015 var å “halvere andelen av verdas befolkning utan tilgang til reint drikkevatn” og det har me klart!

Øygarden sokneråd har i møte godkjent ei forlenging på 2 år for NaMu-arbeidet. NaMu står for naturlig menighetsutvikling. I Øygarden brukar me gjerne orda kyrkjelydsutvikling og kyrkjelydsvekst. NaMu handlar om å koma nærare den treeinige Gud, finna ut av kva Gud har på lager for den enkelte og på den måten få til vekst i kyrkjelyden Nærare 50 000 kyrkjelydar over heile verda er ein del av NaMu-fellesskapet. Millionar av menneske er delaktig. Du finn informasjon om arbeidet på www.namunorge.no

Mobilkollekt Øygarden sokneråd har gitt kyrkjeverja fullmakt til å arbeida vidare med løysingar for å gi og betale. Dette gjeld kollekt/offer i kyrkjene og betaling av leirar og andre aktivitetar i regi av kyrkja. Mobilkollekt og betaling med mobil medfører nye rutinar og rekneskapsføring. Det er fleire aktuelle løysingar. Kyrkjeverja kjem til å vurdere løysingar som medfører minst mogeleg ekstrakostnadar for soknerådet. Kyrkjeverja reknar med å kunne presentere dei nye betalingsløysingane i ØyNytt i desember.

Reglar og satsar Øygarden kyrkjelege fellesråd har godkjent nye satsar for utleige av kyrkjene i Øygarden. I tillegg er det tilrådd ei fornying av regelverket for utlån og utleige av kyrkjene. Dette regelverket byggjer på sentrale regelverk Det lokale regelverket må godkjennast av bispedømerådet før det kan takast i bruk. Når det gjeld satsar for utleige gjeld dei etter fellesrådet sitt vedtak med verknad frå 1.11.2016. Satsane finn ein på www.kyrkja.no/oygarden


Nostalgia, gjenbruk på Rong senter Tekst og foto Olav Martin Vik Gjenbruk er populært og ei rekke kristne organisajonar har opna gjenbruksbutikkar kring i Noreg. Butikkane bidreg til friske meirinntekter til organisasjonane.

mellom kl. 17.30 og kl. 20.00. Varene vert sortert og vurdert. Det er butikken som sjølv vurderer om det som er innlevert går til gjenbruk.

På Rong senter finn me gjenbruksbutikken Nostalgia som vert driven i regi av forsamlinga INRI som har forsamlingslokale i same bygget.

Det er nok varer her med affeksjonsverdi og antikvitetsverdi seier Sissel og Thorleif. Me skulle hatt meir plass til møblar seier dei og fortel vidare at det er breidde på kundemassen, alt frå dei som er ute etter noko spesielt til dei som gjerne ikkje har råd til å kjøpe nytt og dyrt og finn ei godt brukande vare til ein overkommeleg pris.

ØyNytt tok turen innom butikken og der vart me møtt av Sissel og Thorleif Hellesøy som denne dagen var ekspeditørar i butikken. Butikken er fint organisert og varene er plassert sirleg i hyllene. Det er noko for ein kvar smak. I kjellaren er det lokale for møblar.

Det er også god kristen tankegong å ikkje alltid bruke og kaste seier Thorleif. Butikken har også kristne bøker for sal.

Det manglar ikkje på tilgong på varer seier Thorleif, men me kan godt få meir. Dei sel mykje så det er viktig å få nye varer inn att. Varemottaket ligg i underetasjen og der kan ein levere inn varer på måndagar

Butikken er open desse dagane: Onsdag kl. 12-18 Fredag kl. 12-16 Laurdag kl. 11-15

Nostalgia sel også møblar

Sissel og Thorleif Hellesøy er to av fleire frivillege ekspeditørar i butikken Nostalgia på Rong senter. ØyNytt

7


Barne og ungdomssidene

På første bibelsamling med eigen barnebibel. 1. klasse.

Tullebilete på sporløpet. 2. klasse

To leirar på to dagar

Tidleg ein laurdag morgon står spente barn og litt spente foreldre i gangen første av to leirdagar er snart i gong. 1. klasse startar og for dei fleste er det f Tekst: Hogne Berland Bilete: Bjarne Børve Skjold og Ann Elise Kiplesund Det går ikkje lang tid før dei er husvarme. Spelrommet med airhockey, bordtennis og fotballspel vert raskt populært. I peisestova når papirforbruket nye høgder i kombinert teiknekrok og papirflybrettekrok. Snart er det tid for fyrste bibelsamling og introdusering av tema for dagen. «Kven er Jesus?» er overskrifta for dagen og dei unge lovande har mange tankar om spørsmålet. Resten av dagen vert fylt med alt ein

skikkeleg leir skal innehalda. Sporløp, god middag, kiosk, underhaldning, fotball, 1-2-3 rødt lys og song. Sidan finveret har lagt seg litt andre stader på året enn sommaren i år, så vart det gode moglegheiter for å vera mykje ute, noko deltakarane visste å utnytta. Leikeapparata som har stått her frå Skjergardsheimen si tid som barnehage kjem dermed til sin fulle rett att. Søndagen er det 2. klasse sin tur. Tema for denne leiren er «Venar for livet».

Korleis er ein god ven? Korleis var Jesus og venane hans mot kvarandre? Kan Jesus vera min ven? Viktige spørsmål med endå viktigare svar! Songen «Jesus er vår venn» vert ein slager i løpet av dagen og kanskje er den også svaret på nokon av spørsmåla? Begge dagane vert avslutta med samling saman med foreldra. Her vert det vist bilete frå leiren og foreldra får høyre litt om kva deltakarane har vore med på i løpet av dagen. Sist, men ikkje minst

Hogne har ordet

Hogne Berland, kyrkjelydspedagog

Forrige laurdag var det leirledarkurs på Skjergardsheimen. 26 ungdomar var samla for taco og kveldsundervisning om å vera ein god leirledar. Mange var med for første gong og det slo meg kor heldig me er i Øygarden både som har ein eigen leirplass og som har så mange

8

ØyNytt

unge som ønskjer å vera med som leirledarar. Med 8 leirar i året på Skjergardsheimen trengs det mange ledarar, og då er det flott å oppleve at mange ønskjer å bidra. Leirane på Skjergardsheimen er ein

del av trusopplæringsplanen i Øygarden. Mange deltek på leirane og dei er viktige for at me skal nå målet vårt om å gjera Jesus kjent for den neste generasjonen. Å vera leirledar er difor eit stort ansvar og eit stort privilegium. Det prøver vi å formidle til ungdomane som deltek på


Dette skjer! Leirar på Skjergardsheimen 2.-4. desember: Adventsleir 4. klasse 20.-21. januar: Leir 7. klasse 10.-12 februar: Leir 5. klasse 17.-19. mars: Leir 6. klasse

Ungdomsklubben Refuel 21. oktober 4. november 18. november

Fornøgde etter besøk i kiosken. 2. klasse.

n på Skjergardsheimen. Den første gong på leir. vert det avslørt kven som er vinnaren av sporløpet. Sjølv om alle var skråsikker på at akkurat dei hadde vunne, så vart det med knapp margin kåra eit vinnarlag desse gongane og. Når to nokså intense leirar skal arrangerast på to dagar er det kjekt å ha med seg flinke ledarar. Det er ikkje berre berre å gje alt ein laurdag og så nullstille seg å vera klar for ny gruppe søndag morgon, men dette klarte dei med glans. Nokre av ledarane var også med for første gong og imponerte med eit energinivå i leiken som til tider nærma seg deltakarane sitt!

Stad: Tid:

2. desember 16. desember

Rong senter 19.30-22.30

KRIK 28. oktober Stad: Toftøy gamle skule 11. november Tid: 19.00-21.00 25. november 9. desember 16. desember Julebord med Refuel

KRIK 18+ 1. november 16. november Stad: Tid:

29. november 13. desember

Toftøy gamle skule 20.00-22.00

Plussklubben 9. november Stad: 7. desember

Oen bedehus Tid: 19-21

Gospel teens 1. november 15. november 29. november 13. desember

Stad: Tid:

Blomvåg kyrkje 17.30

Stad: Tid:

Blomvåg kyrkje kl. 11.00

Babysong 31. oktober 14. november 28. november

Småbarnssong leirledarkurs. Då er det flott å sjå at gong på gong vert ansvaret tatt på alvor, at dei hiv seg ut på nye utfordringar og jobbar for at deltakarane skal få ein best mogleg leir. Ei stor takk går til alle som er med som leirledarar, både unge og vaksne!

25. oktober (27.nov – søndag synge på 8. november gudstenesta) 22. november Stad: Blomvåg kyrkje Tid: 17.30

Barnekantoriet

Øver på Tjeldstø skule kvar tysdag frå kl. 14.00 til kl. 15.00. For 2.-7. trinn.

ØyNytt

9


Barnevakten - gir gode råd om born og medier

Det florerer med spel og digitale medier. Mange born er aktive brukarar, noko som sikkert bekymrar mange foreldre. ØyNytt har intervjua dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vik om Barnevakten si oppgåve og gode råd til foreldre. Tekst: Olav Martin Vik Foto: Barnevakten Leif Gunnar Vik er dagleg leiar i Barnevakten

Kva er Barnevakten si oppgåve? Barnevakten er ein ideell foreldreorganisasjon som jobbar for at born og unge skal bruke digitale medier på ein trygg og bevisst måte. Ifølge FNs barnekonvensjon har alle born rett til å bruke digitale medier, men dei har også krav på å bli beskytta frå skadeleg innhald dei kan bli påført gjennom TV, nettbrett, PCer og mobiltelefoner.

Kven står bak Barnevakten? Barnevakten er ein ideell organisasjon med eige styre. Me jobber ut frå FNs barnekonvensjon og er politisk og religiøst nøytrale. Barnevakten vart starta av organisasjonen Familie og Medier, som fremleis er vår eigar.

Korleis vert drifta finansiert? Inntektene våre kjem hovudsakleg frå medlemskontingent Barnevakten har foredrag og frivillige gåver. Me på Øygarden ungdomsskule får også statsstøtte for å fleire gonger i året, der me «Barnevakten si jobbe med å førebygge underviser elevar og møter hovudoppgåve er å gi digital mobbing og foreldre. I haust har me også foreldre hjelp til å spelavhengigheit. møtt foreldre og lærarar på vere gode rolleTjeldstø skule og i Toftøy Korleis når de ut til folk modellar for borna og barnehage. med informasjon om interessere seg i arbeidet? bornas mediebruk.» Barnevaktens hovedForrige skuleår møtte oppgåve er å gi foreldra hjelp me nærare 100 000 born til å vere gode rollemodellar og vaksne på våre foredrag for borna og interessere seg i bornas over heile Noreg. Nøgde deltakarar på mediebruk. Barn set stor pris på å ha foredraga er våre beste markedsførarar. I vaksne rundt seg som hjelper dei til å tolke tillegg er me partnarar i skuleturneen mot og bearbeide dei inntrykka dei opplever mobbing, Bruk Hue som vert marknadsført gjennom mediene. Det gir borna hjelp til å gjennom våre samarbeidspartnarar Røde utvikle sosial og digital forståing. Kors, Medie-tilsynet og Telenor.

10 ØyNytt

Har foreldre grunn til bekymring for alt borna brukar av spel og det dei ser og les på nettet? Barnevakten ønskjer at foreldre skal møte bornas medieinteresser med eit positivt utgangspunkt. Me vil at born skal oppleve at foreldre er interessert i det dei spelar, og dermed utvikle eit godt samarbeid i familien om kor mykje det er greit å spele og kva spel som vert spelt, eller kva dei ser på YouTube og deler i sosiale medier. Når foreldre har god kunnskap om bornas digitale liv, vil borna oppleve tryggleik og foreldra kan lettere forstå kva som kan gjerast når det oppstår utfordringar i bornas digitale kvardag. 3 gode råd til foreldre og den saks skuld også besteforeldre (i forhold til det Barnevakten driv med)

• Vis interesse • Søk kunnskap • Snakk med andre foreldre Barnevakten si nettside:

www.barnevakten.no


Nytt bedehus på Straume

Information in English The Norwegian church operates campsite Skjergardsheimen in Øygarden (the front page). Many children and young people attending the camps church operates. Here they become more familiar with Jesus. It is part of religious education that the church works with. The picture on the front is from one of these camps now in October. On page 9 you will find the day and time for the next camps. Rong center includes the shop Nostalgia. The store sells used items also furnitures. It costs less than if you buy things in a regular store. You see photos from the store on page 7. if you want to attend a Christian concert so you can find the day and time on page 12 and page 15.

Straume forum på Sotra vart offisielt tatt i bruk helga 23.-25.9. med fleire arrangement. Det er Straume IMF som held til i bygget som har kosta nærare 75 mill. kroner. Mykje arbeid er gjort på dugnad.

På plass i Kenya

Unge menneske som stiller seg til disposisjon som som ledar på kristne leirar.

Leirledarkurs

Ein gong i halvåret arrangerer kyrkja i Øygarden leirledarkurs på Skjergardsheimen. 8. oktober var desse flotte ungdomane samla til haustens kurs. Her fekk dei læra meir om kvifor me arrangerer leir, om å vera eit førebilete og mykje anna. Hogne Berland

Martin Jonas i praksis Gospelgudsteneste

Hjelme kyrkje søndag 20. november kl. 17 Du er velkomen til gospegudsteneste i samarbeid med Gospel Teens. Det vert fullt band og fengande rytmar. Liturgien er henta frå Soul Children. Konfirmantane er óg med på denne gudstenesta.

Martin Jonas Hellesund Nakken (bilete) var i team i Øygarden i fjor. No er han starta på studiet Praktisk teologi og ledelse på NLA i Sandviken. Studiet inneheld mykje praksis og Martin skal sjølvsagt ha sin praksis i Kyrkja i Øygarden. Han vert difor å sjå både i barne- og ungdomsarbeidet og elles dette året også!

Turid og Janesh (på sykkelen) er no på plass i Kenya og har starta sitt arbeid. Soknerådet og ei mannsgruppe på Vik gav pengar til kjøp av ein lett motorsykkel. Sykkelen gjer det lettare for Janesh å koma seg rundt på ein enkel og grei måte. Turid og Janesh er utsendingar til Kenya for Norsk Luthersk Misjonssamband. Janesh arbeider no med å byggja opp kontakten mot nasjonale medarbeidarar.

KPK @ KristeligPresse 3. okt. En fersk doktoravhandling viser at forskjeller mellom @kirken og bedehus er i ferd med å viskast ut: http://bit.ly/2dy3N6w KPK @ KristeligPresse 1. okt. Det norske Misjonsforbund har byttet navn til Misjonskirken Norge. De ønsker å tydeligere fremstå som kirkesamfunn: http:// bit.ly/2dK8Ykn KPK @ KristeligPresse 9. sep. – Kvinners rolle i diakonien har gitt den en lavere status i kirkehistorien, mener professor: http://bit.ly/2bWZ89y @vidhogskole #diakoni

Kyrkjeverje ØyNytt

11


Julekonsert i Hjelme kyrkje Søndag 11. desember kl. 18.00 med Anita Heggholmen og Roy Vorland.

Adventsleir på Fjell-ly

Helgen 2.-4. desember inviterer vi til leir for alle generasjoner på Fjell-ly. Vi har fokus på advent- og julebudskapet, og vi bruker tid sammen på kjekke hobbyaktiviteter og pepperkakebaking. Ta med deg barn og/eller barnebarn og bli med på en innholdsrik helg! For mer info se www.mi-imf.no eller ring 56310440. Arr: Midthordland Indremisjon

"Å, kom nå til lovsang" - ein julekonsert med divisi, musikarar og Telos

Roy og Anita (bilete) har lenge snakka om å musisere saman, og det var vel Roy som spurte Anita våren 2015 om ikkje dei skulle halde julekonsert i Øygarden saman. No skal det skje. Under konserten får ein høyre alt frå gamle norske julesongar/salmar, litt amerikanske julesongar og nokre nyare julesonger. Konserten vil få eit akkustisk preg – der ein vil fylle kyrkjerommet med song og musikk frå få instrument. Ein satsar på at julestemninga vert høg, og at kan få ei fin oppleving, der ro og godkjensla kjem fram. Roy Vorland: Mykje brukt som kyrkjesongar, men har allsidig erfaring. Anita Heggholmen: Kveldens mest lokale songar. Likar godt å syngje i kyrkja, syng gjerne countrysongar som salmar og julesongar. Pianist Kristian Wedberg: Freelancemusiker. Erfaring som kapellmeister, akkompagnatør, konsertpianist, korleiar og musikkerlærar. Pia- Camilla Tømmernes: er ein saksofonist som bevegar seg sømlaust mellom klassisk, house, jazz, latinske rytmar og eit meir elektronika- og klubborientert lydbilete. Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen, og ho har bakgrunn frå både klassisk og jazz,. Bassist Peter Sæverud Freelancemusiker og produsent med eige lydstudio. Faglærer på Musikkdesign. Billettar ved døra. kr 200 for vaksne og kr 100,- for born under 15. Arrangør: Anita Heggholmen/Roy Vorland

Søndag 27.november kl.17 inviterer koret divisi til stor julekonsert i Straume Forum. divisi er eit kor med kring 25 songarar frå heile landet som møtest fem helgar i året til øvingar og konsertar. Koret er har si tilknytning til Bildøy Bibelskule og Indremisjonsforbundet. Ny dirigent i haust er Jostein Myklebust. Med oss på konserten i Straume Forum har vi pianist Tone Synneve Myklebust og strykarar frå det Stavangerbaserte strykeensemblet 1B1. Dei har i løpet av kort tid vorte eit anerkjent ensemble beståande av både profesjonelle musikarar og dyktige musikkstudentar ved Universitet i Stavanger. I 2014 vann 1B1 mellom anna Spellemannsprisen i kategorien klassisk. Vegard Feste blir med som trompetist. I tillegg vil også koret Telos bidra med eiga avdeling. Det er duka for ein variert kveld med både kjende kjære songar frå norsk julesongtradisjon, nyare julemusikk og også smakebitar frå oratoriet Händels Messias. Velkomen til å innleie adventstida i Straume Forum - "Å, kom nå til lovsang!" Billetsal ved inngangen. Billett: 200,- (fullpris), 150,- (student), 500,- (familie)

12 ØyNytt

Biblar til 5-klassingar I desse dagar deler kyrkja ut biblar til alle 5-klassingane i Øygarden. Dette skjer kvart år. Nokre kjem i kyrkja og får bibelen, nokre hentar den på kyrkjekontoret og den vert delt ut til resten når klassen får besøk av Harald Berge Breistein med opplegget “Vandring gjennom bibelen”. Det er eit opplegg som borna likar godt. Red.


Revisjon & regnskap

- ei rein og skjær handleglede ved havgapet!

Ferskvarespesialisten Velsmakende varmmat

Kontakt oss på tlf: 56 38 72 70, eller se mer informasjon på www.fagrevisjon.no Fag Revisjon AS, Bølgekraftvegen 1, 5337 RONG, firmapost@fagrevisjon.no

Fristende frukt og grønt Nydelige nystekte bakervarer Måndag - fredag 8-22, laurdag 9-20 Bank i butikk

SPAR Rong tlf. 56 38 71 40 Tlf. 9185 6258

Vi formidlar blomster til innland og utland Ditt begravelsesbyrå på Sotra. Oppfølgning og veiledning i en tung og vanskelig tid. Vi dekker hele Fjell, Sund og Øygarden

VESTGAR

TLF 56 32 08 90 hele døgnet Skjenet 4, 5353 Straume ( samme hus som Ligningskontoret )

E L E K T R O

Instalasjon industri, bolig Data- og telenett Alarmanlegg Antenne/parabolanlegg Elektroverksted Elektrisk forretning

-din el-kontakt

Tlf. 56 38 50 00

VESTGAR

Vakttelefon: 922 34 062

ELEKTRO

www.torsteinsvik.no

Møllestykket 21, 5360 Kolltveit T: 400 30 210 E-post: post@vestgarelektro.no www.vestgarelektro.no • Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken • Moderne bilverksted m EU/kontroll • Reparasjon av alle bilmerker • V askehall • Kaffiavtale • Gass

BLOM SERVICESENTER AS

5331 RONG - tlf. 56 38 72 80

Godkjent bilverksted

- vi utfører alt det praktiske eller tilrettelegger for pårørende som ønsker å gjøre noe selv

Knut Helge Polden

Espen Polden

Elin Mikkelsen Berntsen

Heine Polden

Tom Wilson

Døgntelefon: 55 21 44 50 • mobil: 917 51 700 AVD. BERGEN Teatergt. 20 5010 Bergen Tlf: 55 21 44 50

AVD. SOTRA

2.etg på Shellstasjonen 5353 Straume Tlf: 55 21 44 50

Annonsar i ØyNytt når heile Øygarden. Ta kontakt med oss for annonsering. Telefon 56382240 E-post: post.oygarden@kyrkja.no ØyNytt

13


Sund kyrkje 22.03.09 Lukas Eikeseth Jenny Marie Rong Kausland kyrkje 5.04.09 Kris Nicholas Forland Laurits Revne Klepsvik Fillip August Breivik Kvilhaug Mathilde Vilhelmsen Martin Kobbevik Fjellanger

Kyrkjekontoret

Bjørn Madsen, f. 1956 Elisabeth Kleppe, f. 1912 Karin Margrethe Jakobsen, f. 1954 Inger Hausberg, f. 1938 Sveinung Høvik, f. 1940 Harald Henry Jacobsen, f.1946 Nelly Fauske, f. 1917 Kirsten Bjøntegård, f. 1912

Sentralbordet er ope: Onsdag .................................... kl. 11.00 - 14.00 Tysdag og fredag ................... kl. 09.00 - 14.00 Du kan ringe direktenummer eller mobil også utanom desse tidene.

Det er vi 56 31 90 80 56 31 90 81 56 31 90 82 som bygger Øygarden 56 33 90 83

Kjøp kjapt, trygt og billig

Telefon:

Sund kyrkje 8.04.09 Benjamin Finsås Januario Kalunga Remy Kristoffer Halvorsen Sjursen Fjell kyrkje 12.04.09 Aron Arnt Vatne Loen kirke 12.04.09 Tobias Sande

56 31 90 84 56 31 90 85

Kausland kyrkje ............................. 56 33 86 89 E-post:

arne.m.engelsen@sund.kommune.no Kyrkjeverja: Soknepresten: harald.gronnevik@sund.kommune.no anette.r.bornes@sund.kommune.no Diakonen:

TIL MIN VEN

Private telefonar: Harald Grønnevik ................................................. 56 33 71 04 sokneprest

Ynskjer å gleda deg med denne anemone som Gud har signa rikt med eit hjarte i si krone.

Måndag er presten sin fridag.

Arne Martin Engelsen ......................................... 56 33 12 42 kyrkjeverje mobil 908 94 530 Anette Rakli Børnes ................................. mobil 482 72 672 barne- og ungdomsdiakon Natalia Medvedeva ................................... mobil 412 80 264 kantor Tlf. 56Fjøren 38 28 00 - Fax 56 38 28 09 Rønnaug .................................................... 56 32 13 44 kontorsekretær Adr. Pålsneset, 5337 Rong Gunnar Langeland ............................................... 56 33 92 62 mobil 997 72 276 kyrkjetenar /www.th-bygg.no kyrkjegardsarbeidar Egil Fosse .............................................................. 56 33 73 18 mobil 906 69 191 kyrkjegardsarbeidar / gravar Torbjørg O. Bakke ................................................ 56 33 90 26 leiar Sund Sokneråd 56 33 82 33 Aslaug Flatråker ......................................... kyrkjetenar Kausland

Kausland kyrkje 13.04.09 Lasse Leander Skagen Helland Når livet synest trist Sebastian Kallestad Iversen med berre gråversdagar Sofie-Malene Guleng Lie Søre Sæle - lat tankane få dansa gjennom anemonehagar. Hovin kirke 19.04.09 Tuva Øvretveit Revhaug

Tlf. 56 38 71 20

Mand – fred kl.07.00 – 23:00 08:00 – 21:00 Kausland kyrkje Lørdagar 3.05.09

Sentralbord ...................................... Telefaks ............................................ Diakonen .......................................... Kapellanen ....................................... Kyrkjeverja ....................................... Soknepresten ...................................

-ingalis

Birk Frostad Stensrud

Melding om dåp:

Alle medlemer av Den norske kyrkja får tilsendt ei helsing med orientering om dåpen straks prestekontoret får fødselsmelding. Av praktiske grunnar ynskjer vi melding om dåp seinast 14 dagar før dåpsgudstenesta.

Vitjing i heimen:

For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan presten halda nattverd i heimen. Det same gjeld om nokon ynskjer samtale/sjelesorg eller skriftemål. Ver frimodig og ta kontakt. Prestane har teieplikt.

Vest Modul AS

• • • •

5336 Tjeldstø

PRESTETENESTA I SUND Tilbygg Normann 958 19 905 Kontakt med prest måndag - fredag kl. 08 - 17: 922 18 817 Nybygg Ingvard 958 10 967 Utanom desse tidene kan ein ved akutt behov for presteRehabilitering teneste som ikkje kan vente, bruke beredskapsordninga i Montering og utleige av brakker Trelastlager Tjeldstø prostiet (sjå nedanfor). BEREDSKAPSORDNINGA I PROSTIET

I tidsrommet 17.00 - 08.00 på kvardagar, og i helgane/ høgtidene frå kl. 08.00, er det alltid ein prest i beredskap i prostiet. Ved behov for teneste frå prest, tenester som ikkje kan vente (dødsbod, soknebod om døyande, sjelesorgstøtte i kritiske situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på: 954 83 655

Sund Sokneblad Utgjevar: Sund Sokneråd

Adresse: Gamle Kyrkjeveg 17 5378 Klokkarvik Konto: 3000.15.98194 Kontingent: 150 kr pr. år Redigering: Olai Otterå

Redaksjon: Olai Otterå ............. 56 33 77 46 Harald Grønnevik .. 56 33 71 04 E-post: sund.sokneblad@hjemme.no

Trykk: Grafisk Trykk A/S, Straume

Opplag: 2.400

Tlf.: 56 38 24 40 Fax: 56 38 24 41 Mobil: 928 41 790 E-mail: post@oygarden-elektriske.no

14 ØyNytt


Til lukke

75 år

13. nov Norvald Johan Blom, Raudnova 7 22. nov Torunn Oen, Krokhøyen 2

80 år

19. nov Ingvald Rolf Pahr, Alvheimsvegen 288

85 år

4. nov Gudrun Ingrid Dåvøy, Dåvøyvegen 39

90 år

31. okt Solveig Theodora Oen, Breiviksvegen 64 29. nov Paul Bertin Torsvik, Arsetlia 16

95 år

21. nov Alette Solveig Fjeldstad, Grønhaugvegen 61

Vigde

Blomvåg • Diana Fjæreide- Haugetun og Bjørn Helge Haugetun • Silje Birkehaug og Nils Arne Solsvik

Døde

Blomvåg • Sverre Rong, Rong f. 1927 Hjelme • Grethe Karin Troland, Hatten f. 1944 • Ninni Renså, Bakken, f. 1932 • Anny Nygård Sture, Tednebakkane, f. 1930 • Bjarne Sæle, N. Sæle, f. 1927

Gudstenester / service

Worship is the most important meeting point for Christians. It is the place where Christians become a visible congregation – a fellowship of people who share a faith in God and in the resurrection of Jesus Christ. It is a place where people together come before God.

23. okt kl. 11.00 i Hjelme kyrkje 13. nov kl. 11.00 i Blomvåg kyrkje Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tvet- Gudsteneste v/ Helge Unneland. Dåp. en. Song av Barnekantoriet. Nattverd. Søndagsskule for borna. 30. okt kl. 11.00 i Blomvåg kyrkje 20. nov kl. 17.00 i Hjelme kyrkje Gudsteneste v/ Espen Tveten. Dåp. Nat- Gospelgudsteneste v/ Espen Tveten. tverd. Søndagsskule for borna. Song av Gospel teens og avslutning av konfirmantleiren. 6. nov kl. 11.00 i Hjelme kyrkje Gudsteneste v/ Espen Tveten. Song av 27.nov kl.11.00 i Blomvåg kyrkje Øygardskoret. Nattverd. Søndagsskule Sprell levande gudsteneste v/ Espen Tvetfor borna. en. Tenner det 1.adventslyset. Song av Småbarnsangen. Utdeling av barnebibel til 5-åringar. Dåp.

Døypte

Blomvåg • Bianca Fjæreide-Haugetun, Flotevegen • Oskar Johan Lorentzen Dølør, Nestun • Noah Havstein, Nesvegen • Håkon Sture, Knappevegen • Emeli Sture, Knappevegen • Jonas Sæle, Blomåsen • Gabriel Sørhaug Harkestad, Klovhøyen (Landro kyrkje) • Sandra Oliva Blom Hjartøy, Raudnova • Camilla Vishakha Eriksen, Pålsneset Hjelme • Eliah Hellesund Rong, Bårddalslivegen • Lukas Andre Svellingen, Nautnesvegen • Romeo Jentoft Akselsen, Blomåsen

Øygardskoret øver kvar tysdag kl. 19.30-21.30 i Hjelme kyrkje. Kontakt er kantor Anne Lise Grøm, tlf. 91881208 .

Det er søndagsskule i Blomvåg kyrkje 30.10, 13.11. og 11.12. under gudstenesta.

Rong Brass

har konsert i Blomvåg kyrkje torsdag 8. desember kl. 19.00.

Me syng jula inn i Blomvåg kyrkje søndag 18. desember kl. 17.00 Me syng dei kjente og kjære julesongane våre. Medverkande er Øygarden skulemusikkorps, Øygardskoret, Barnekantoriet og kulturskulen.

GOSPEL TEENS

har konsert i Blomvåg kyrkje søndag 30. oktober kl. 18.00.

Juletrefest i Hjelme kyrkje laurdag 7. januar 2017 kl. 16.00 Me inviterer til juletrefest for heile Øygarden og alle aldrar. Andakt, bevertning og juletregong.

Eldretreff 2016 Hjelme kyrkje Onsdag 16.11. kl. 16.45

Sorggrupper startar opp i slutten av november. Dato er ikkje bestemt. For spørsmål og informasjon, kontakt diakonimedarbeidar Bjørg Blom, telefon 47816181.

Tednebakkane omsorgssenter Torsdag 17.11. kl. 16.30 ONSDAG 7.12. vert det juleavslutning på Tednebakkane omsorgssenter kl. 15.30. Dette er ei fellessamling for Hjelme og Blomvåg. ØyNytt

15


DEN NORSKE KYRKJA

Øygarden

Returadresse: ØyNytt Postboks 144 5331 Rong

ØyNytt

B

Organ for Den Norske Kyrkja i Øygarden Ansvarleg redaktør Olav Martin Vik E-post: ov769@kyrkja.no Redigering og layout i InDesign Olav Martin Vik Redaksjonen E-post: post.oygarden@kyrkja.no Tlf. 56382240 Hogne Berland, Olav Martin Vik, Kari Sandøy Rong, Espen Sigve Tveten og Anders Vik Kontingent Min. kr 125 innan kommunen. Min. kr 175 utanom kommunen Takkeannonsar Kr 100

Kontonummer for kontingent 3628 07 02557 (også for gåver til ØyNytt) Trykk Bodoni, 5017 Bergen Distribusjon i Øygarden Hammer Transport, tlf. 92063006 Distribusjon utanfor Øygarden Posten

© 2016 Bilete og tekst tilhøyrer ØyNytt og kan ikkje kopierast eller brukast utan godkjenning.

DEN NORSKE KYRKJA Øygarden

Kyrkjekontoret Ekspedisjonstid Besøksadresse Postadresse Telefon Vakttelefon prest E-post Nettside Facebook Organisasjonsnr.

Måndag-fredag kl. 09-15 Rong senter, 2. etasje Boks 144, 5331 Rong 56382240 56382240 (dagtid) post.oygarden@kyrkja.no www.kyrkja.no/oygarden kyrkjaioygarden 976 995 430

Medarbeidarar Kyrkjeverje/ dagleg leiar Olav Martin Vik Teamet 2016-2017 e-post: ov769@kyrkja.no Ann Elise Kiplesund Tlf. 56382243/9326440 Birgitte Haugetun Sebjørnsen Kontorleiar Kari Sandøy Rong Telefon teamet: E-post: kr637@kyrkja.no kyrkjekontoret 56382240 Tlf. 56382240

Kyrkjelydspedagog Hogne Berland Tenester hb369@kyrkja.no Tlf. 56382247 Grav, gravferd, kyrkjegardar Telefon: 56382240 Kantor Anne Lise Grøm E-post: post.oygarden@kyrkja.no E-post: ag537@kyrkja.no Tlf. 91881208 Dåp, vigsel, konfirmasjon Telefon: 56382240 Diakonimedarbeidar Bjørg Blom E-post: post.oygarden@kyrkja.no E-post: bb993@kyrkja.no Tlf. 47816181 Diakoni/sorgarbeid Kontakt diakonimedarbeidar Kyrkjetenar Kåre Kristoffersen Blomvåg kyrkje, tlf. 91105197 Trusopplæring Kontakt kyrkjelydspedagog Kyrkjetenar Christopher Amenya Hjelme kyrkje, tlf. 95834081

Soknepresten i Øygarden Espen Sigve Tveten E-post: et868@kyrkja.no Tlf. 56382240

Beredskapstelefon i Vesthordland prosti Kvardagar frå kl. 17 til kl. 8 neste morgon og heile lørdag og søndag, tlf. 95483655. Gjeld berre for tenester som ikkje kan venta og dødsbod. Legg att beskjed om du kjem til telefonsvarar. Leiar i Øygarden sokneråd/kyrkjeleg fellesråd Erling Vik, tlf. 48210462

Informasjon om arbeidet til Den norske kyrkja Sjå vår nettside www.kyrkja.no/oygarden Gåver til arbeidet (Øygarden sokneråd) Ved gåver til kyrkjelydsarbeidet som t.d. teamet, bruk kontonummer 3628 55 90870 Neste nummer av ØyNytt kjem ut 1. desember 2016

16 ØyNytt

POPULÆRT TEMA: Rundt 200 ville få med seg fforfatter, prest og dikter Hans Johan Sagrusten snakke om Bibelens troverdighet i Stavanger tirsdag. FOTO: Helga Fykse

Seminar om Bibelen si truverd Har de møtt folk som trekkjer i tvil Bibelen si truverd spurte forfattar Hans Johan Sagrusten. Av: KPK Fleire kristne organisasjonar gjekk saman om eit seminar som retta søkelyset på temaet «Bibelen – tomme eller troverdige ord» i Salem menighet i Stavanger. Seminaret var det siste i rekka av ein liten turné som forfattar, prest og diktar Hans Johan Sagrusten hadde tilbakelagt frå Grimstad via Farsund og Feda til Sandnes og Stavanger. Sagrusten, som også er bibelkonsulent i Bibelselskapet, var invitert for å snakke om me egentleg kan stole på det som står i Bibelen. – Har de nokon gong blitt møtt med at folk trekkjer i tvil Bibelen si truverd fordi den er så gamal? At den muntlege overleveringa i begynnelsen har ført til endringer av den opphavlege bodskapen, spurte han forsamlinga. Sagrusten er ein av oversettarane bak den nyeste norske bibeloversetjinga Bibel 2011. Videre har han gitt ut fleire diktsamlingar, samt boka «Det store puslespillet – Jakten på de tidligste manuskriptene i Bibelen», som kom i 2014. Det var denne boken som var utgangspunktet for seminaret. For å belyse desse og andre spørsmål nytta Sagrusten både tale, tekst, teikningar og tonar for å belyse temaet til dei rundt 200 fremmøtte. – Det nye testamentet, som er nedskreve i perioden 50-100 e.kr, er det best bevarte skriftet i verda. Heile 5824 manuskript er funnen, og i tidsavstand er desse frå 30 – 250 år frå sjølve nedskrivinga, fortalte Sagrusten og fortsatte: – Det står i motsetnad til mange andre skrifter frå antikken, blant anna skrifter av Julius Caesar der det bare er funnen 9 manuskript med ein tidsavstand på 900 år, fortalte han. Arrangørane bak seminaret var Norsk Luthersk Misjonssamband, Det norske Misjonsselskap, Normisjon, Israelsmisjonen, Indremisjonsforbundet, Kristen Muslimmisjon og Søndagsskolen og Rogaland krets. KPK

Øynytt nr 5 oktober 2016  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you