__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 3

KVINNHERAD-FERIE 3

P

å hesteryggen i Åkra

Tordis, pus og Trygve – Inne i stallen har kattane sin eigen krok. Tordis viser fram ein av dei små. Trygve står bak.

På heimturen frå Vikastølen kunne me sjå Åkrabygda bada i dei siste solstrålane for dagen. Hestane nytta pausen til å eta fjellgras.

I mange år har Trygve Øvstebø og Bodil Solheim hatt mykje aktivitet på garden i Åkra. Med Smiedal Gardsferie tilbyr dei både overnatting og turar, og skreddarsyr opplegg etter turistane sine ynskje.

lenge sidan isen på vatnet ved stølen var 90 cm tjukk, og isflaka låg framleis store då me kom fram. Eit stille, naturskjønt område som understreka kvifor denne turen er ein av dei mest populære. Trygve kunne fortelja om turar vidare innover i Åkrafjella, som overnatting i lavvo, og lengre rideruter over fleire dagar. – Me har sju hestar, men me kan ha med oss større grupper og. Me byter på å ri, eller hestane ber utstyret på kløv, so går me tobeinte. Me legg vanlegvis opp turar etter kva turistane ynskjer, og etter kva form dei er i. Det er folk i alle aldrar som kjem, og for ikkje lenge sidan hadde me ei gruppe pensjonistar. Nett denne ruta passar for alle, ein treng ikkje vera nokon erfaren ryttar for å kosa seg her, fortel han. Turen til Vikastølen er på om lag sju km frå bygda. Kor lenge turen varer kjem heilt an på om det vert stelt i stand med mat på stølen. Trygve stiller gjerne med pannekaker eller anna god mat. – Ein drar ikkje på tur for å servera Toromat, så me lagar til skikkelege måltid, og blir verande her oppe så lenge turfølgjet ynskjer.

Eit av dei mest nytta turtilboda deira er ridetur langs den gamle stølsvegen til Vikastølen. Underteikna vart plassert på ein roleg fjording, Juniper, og følgjet på fem menneske og like mange hestar la i veg.

Til Vikastølen Borna på garden sat på tre av dei firbeinte, der Tordis (12) er den som balar mest med hest. Ho reid på Tinto – ein kvit islandshest, sjølv om ho vanlegvis helst held i tøylane til ein meir vilter gamp. Søstera Solveig (11) rir ikkje like mykje, men slike fjellturar som denne er av hennar favorittar. På ryggen til Pinoccio bar det elegant over både elv og røys. Mikal (13) er mest interessert i fotball, men var også med på turen til Stølen. Han reid på Fleigur, medan faren, Trygve, leia an på Garpur – sjefshesten. Langs stølsvegen, som starta på ein nyrennovert grusveg, og enda i ein sti i terrenget, var det enno ikkje heilt sommar. Det var ikkje

Mange tilbod Anna som vert tilbydd på garden er overnatting i gamlahuset frå 1790. Huset vart bygd på i 1860, og er no både isolert og renovert, slik at ein kan bu der til alle årstider. Innlagt i huset er

det både straum og wifi, noko gjestene set stor pris på. Utanføre står ein badestamp, som er godt brukt av gjestene. Elles er det mange kattar i tunet. Jentene fortel om tolv, som dei kjem på. Nokre herlege kattungar med finurlege namn sprett rundt i stallen, til både deira, naboane og gjestene si store glede. – Det er ein attraksjon i seg sjølv berre å besøka kattane. Ungane som kjem her, bruker mykje tid med dei i stallen, forklarar dei. Ein sofa står klar i kroken der kattane bur, der både menneske og dyr kan kosa seg. Siloen på garden held på å bli bygd om til klatrevegg, og dei håpar denne er klar i fellesferien. Elles ligg elva blank og freistande på nedsida av tunet, og er klar til å bli bada i, eller prøva fiskelukka.

Frå 26 nasjonar Oppsummert er det stor aktivitet både i bygda og på tunet, i fjellet og på fjorden. Dei har til no hatt besøk frå 26 ulike nasjonar og tykkjer det er fantastisk og rikt å treffa så mange ulike menneske. All den tid dei har så mange ulike besøkande, tykkjer dei det er rart det ikkje er fleire kvinnheringar innom. – Dei er hjartans velkomne dei og, smiler Solheim blidt. Av Jorun Larsen

Profile for Vidar Håland

Kvinnheradferie 2013  

Kvinnheringen sitt sommarmagasin for 2013

Kvinnheradferie 2013  

Kvinnheringen sitt sommarmagasin for 2013

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded