Issuu on Google+

2013 Kvinnheradferie

GRATIS FERIEAVIS


2 KVINNHERAD-FERIE

Ein treng ikkje vera nokon erfaren ryttar for å kosa seg her Trygve Øv st og kjenne ebø har vakse opp i Åkra, r både fje ll o Hatten er fast følge g fjord ut og inn. svein på tu rane.


KVINNHERAD-FERIE 3

P

å hesteryggen i Åkra

Tordis, pus og Trygve – Inne i stallen har kattane sin eigen krok. Tordis viser fram ein av dei små. Trygve står bak.

På heimturen frå Vikastølen kunne me sjå Åkrabygda bada i dei siste solstrålane for dagen. Hestane nytta pausen til å eta fjellgras.

I mange år har Trygve Øvstebø og Bodil Solheim hatt mykje aktivitet på garden i Åkra. Med Smiedal Gardsferie tilbyr dei både overnatting og turar, og skreddarsyr opplegg etter turistane sine ynskje.

lenge sidan isen på vatnet ved stølen var 90 cm tjukk, og isflaka låg framleis store då me kom fram. Eit stille, naturskjønt område som understreka kvifor denne turen er ein av dei mest populære. Trygve kunne fortelja om turar vidare innover i Åkrafjella, som overnatting i lavvo, og lengre rideruter over fleire dagar. – Me har sju hestar, men me kan ha med oss større grupper og. Me byter på å ri, eller hestane ber utstyret på kløv, so går me tobeinte. Me legg vanlegvis opp turar etter kva turistane ynskjer, og etter kva form dei er i. Det er folk i alle aldrar som kjem, og for ikkje lenge sidan hadde me ei gruppe pensjonistar. Nett denne ruta passar for alle, ein treng ikkje vera nokon erfaren ryttar for å kosa seg her, fortel han. Turen til Vikastølen er på om lag sju km frå bygda. Kor lenge turen varer kjem heilt an på om det vert stelt i stand med mat på stølen. Trygve stiller gjerne med pannekaker eller anna god mat. – Ein drar ikkje på tur for å servera Toromat, så me lagar til skikkelege måltid, og blir verande her oppe så lenge turfølgjet ynskjer.

Eit av dei mest nytta turtilboda deira er ridetur langs den gamle stølsvegen til Vikastølen. Underteikna vart plassert på ein roleg fjording, Juniper, og følgjet på fem menneske og like mange hestar la i veg.

Til Vikastølen Borna på garden sat på tre av dei firbeinte, der Tordis (12) er den som balar mest med hest. Ho reid på Tinto – ein kvit islandshest, sjølv om ho vanlegvis helst held i tøylane til ein meir vilter gamp. Søstera Solveig (11) rir ikkje like mykje, men slike fjellturar som denne er av hennar favorittar. På ryggen til Pinoccio bar det elegant over både elv og røys. Mikal (13) er mest interessert i fotball, men var også med på turen til Stølen. Han reid på Fleigur, medan faren, Trygve, leia an på Garpur – sjefshesten. Langs stølsvegen, som starta på ein nyrennovert grusveg, og enda i ein sti i terrenget, var det enno ikkje heilt sommar. Det var ikkje

Mange tilbod Anna som vert tilbydd på garden er overnatting i gamlahuset frå 1790. Huset vart bygd på i 1860, og er no både isolert og renovert, slik at ein kan bu der til alle årstider. Innlagt i huset er

det både straum og wifi, noko gjestene set stor pris på. Utanføre står ein badestamp, som er godt brukt av gjestene. Elles er det mange kattar i tunet. Jentene fortel om tolv, som dei kjem på. Nokre herlege kattungar med finurlege namn sprett rundt i stallen, til både deira, naboane og gjestene si store glede. – Det er ein attraksjon i seg sjølv berre å besøka kattane. Ungane som kjem her, bruker mykje tid med dei i stallen, forklarar dei. Ein sofa står klar i kroken der kattane bur, der både menneske og dyr kan kosa seg. Siloen på garden held på å bli bygd om til klatrevegg, og dei håpar denne er klar i fellesferien. Elles ligg elva blank og freistande på nedsida av tunet, og er klar til å bli bada i, eller prøva fiskelukka.

Frå 26 nasjonar Oppsummert er det stor aktivitet både i bygda og på tunet, i fjellet og på fjorden. Dei har til no hatt besøk frå 26 ulike nasjonar og tykkjer det er fantastisk og rikt å treffa så mange ulike menneske. All den tid dei har så mange ulike besøkande, tykkjer dei det er rart det ikkje er fleire kvinnheringar innom. – Dei er hjartans velkomne dei og, smiler Solheim blidt. Av Jorun Larsen


4 KVINNHERAD-FERIE

NORGE I MINIATYR

Draumedag i Kvinnherad

9 8

Tre kvinnheringar fortel i årets Sommaravis for Kvinnherad om draumedagen i Kvinnherad. Og berre ved å lesa desse sakene forstår vi at Kvinnherad har enormt mykje å by på. Langt meir enn vi klarar å få med oss på ein dag. Om du er turist eller fastbuande, så er ein dag altfor lite for å oppleva noko av det Kvinnherad har. Men det kan og vera eit artig forsøk. Sjå om det er mogleg å gjennomføra Arne Torget sin draumedag på ein dag, eller Gøril Guddal sin dag. Det skal kanskje bli vanskeleg, men det vil bli ein kongeleg dag i Kvinnherad, berre du får med deg halvparten av det desse nemner i sine forslag. Litt enklare og absolutt til å tilrå er det og å prøva turen til Marie Schille. Etter ein relativt svart sommar i Kvinnherad i fjor, med tanke på veret, så er draumen at sola i sommar vil skina kvar einaste dag. Vi kan få nokre ettermiddagsbyer i blant, slik at gras og blomar får litt vatn. Utanom det vil vi ha sol, sol og atter sol, då vi kan bada og nyta den vakre naturen, dyppa tærne i havet i kveldssola og nyta Kvinnherad frå si aller beste side.

10

6

7

Kvinnheradferie BILAG TIL KVINNHERINGEN 19. JUNI 2013 Distribuert til alle husstandar i Kvinnherad, Stord, Odda, Jondal, Tysnes og Skånevik Opplag: 25.000 Utgjevar og grafisk produksjon Redaktør: Tomas Bruvik Epost: redaksjon@kvinnheringen.no Rotasjonstrykk: Schibsted Trykk

Framsidefoto: Harald og Kristina kosar seg på Halsnøy Kloster. (Foto: Bodil Haga).

Kvinnherad er eit Norge i miniatyr. Her er utsnitt av det meste av natur, med fjell- og fjordlandskap. I sør duvar holmar og øyar på fjorden, med vikar og vågar med grøne bøar og husklyngjer under furutoppane. Lenger inne i fjorden reiser landskapet seg meir på ende, fjelltoppane strekkjer seg over 1200 meter til vers. I nordaust breier Folgefonna seg utover landskapet, ligg der som ei kvit dyne og skjuler eit landskap ingen kjenner under ei 300-400 meter tjukk iskappe. Her er gammal busetnad, like frå

steinalderen. Jordbruket er om lag 5000 år gammalt på våre kantar. Fast bre-is set sjølv dei største gravemaskinar i skuggen. Isen har i nokre tusen år forma landskapet. På det djupaste går Hardangerfjorden ned til 900 meter. Isen grov ut dalar og fjordar. Fjordane er ikkje anna enn dalar som er fylte med vatn. Svartavatnet i fjella ovanfor Rosendal er 167 meter djupt, det djupaste i Hordaland. Bre-isen er altså i stand til å bora seg djupe holer i landskapet, sjølv i det hardaste fjellet. Me har hatt fleire istider. Somme


ATTRAKSJONAR I KVINNHERAD

KVINNHERAD-FERIE 5

6

1 Halsnøy Kloster 2 Fjelberg Prestegard, Fjelbergøy 3 Den Stavangerske Posttour, Ølfernes - Herøysund 4 Bygdetunet Rød, Uskedalen Dønhaug-samlinga, Uskedalen 5 Nistovetunet, Omvikdalen 5 Jens Tvedt-stova, Omvikdalen 5 Bakkastova, Omvikdalen 6 Baroniet Rosendal 6 Vangssago, Rosendal

6 Skaalurensamlinga, Rosendal 6 Ænes kyrkje 6 Folgefonna Informasjonssenter, Rosendal 6 Kvinnherad kyrkje 6 Steinparken, Rosendal 7 Helleristning, Ølve 8 Furebergfossen 9 Gjerdetunet,Austrepollen 10 Bergmåling, Årsand

5 4

3

3

1

stader ser me dalar som går på tvers av ein djupare dal. Det er dalar som er laga i ulike periodar i jordhistoria. Isen grev u-dalar, vatnet lagar vdalar. Somme stader er det råd å sjå at vatnet har grave vidare i ein u-dal og laga ein v-dal i botnen. I Ølve finst dei eldste kjende gruvene i Hordaland. I 1642 vart det gitt kongeleg privilegium for eit jernverk på garden Lilledal, eller Vetle Dale. Fem år seinare vart eit liknande privilegium gitt til eit koparverk på same garden. Men det vart ikkje noka

langvarig drift, det var slutt alt i 1673. Så gjekk det 80 år med stillstand. Mangel på ved var ei viktig årsak. Dei tende bål i berget, og når det var skikkeleg varmt, skvetta dei på vatn så berget sprakk. Dei fyrde og med ved i smeltehyttene. I 1750-åra kom gruvedrifta i gang att. Kongen påla bøndene å levera ved og å køyra malm frå gruvene. Bøndene let ille over det, sidan dei måtte arbeida for lita betaling. Gruvene var første spede starten på industri på våre kantar. Sunnhordland og Kvinnherad har

2

solide industritradisjonar. Her har folk bygt båtar i tusen år. Dagens skipsbyggjarar byggjer dei mest avanserte farkostar i verda, for transport, oljeutvinning og livberging. Vått og bratt lende gir grunnlag for omfattande vasskraftproduksjon. I Mauranger og Matre finst to middels store kraftverk i norsk målestokk. Aluminiumsverket på Husnes er storforbrukar av elkraft, og kan produsera om lag 160.000 tonn per år. I det moderne samfunnet tek folk seg tid til meir enn mat og arbeid. Opp-

leving og det gode livet er ein viktig del av tilveret. Her er gode restaurantar, natur, flotte hamner, pittoreske bygdebyar, einaste baroniet i landet, klosterruinar, mellomalderkyrkjer, badestrender og bratte isbrear for dei som er ute etter grensesprengjande opplevingar. Her finn du det meste av det som det moderne bygde-Norge har å by på. Ikkje Broadway og skyskraparar, men vide dalar og høge nutar, og fossefall som inga fontene kan måla seg med.


B

åtliv

For dei som ferierer i båt kjem ein til mange flotte båthamner langs heile Kvinnherad. Husnes og Rosendal satsar mest på turistar. Uskedalen også tek i mot desse, men har sitt hovudfokus på dei faste medlemmane.

Uskedal Hamnevert i Uskedalen, Kåre Rød, fortel at dei har plass til seks til ti båtar i gjestehamna. – Båtturistane får i tillegg nytta plassane til dei av medlemmane våre som er ute, me har ei skiltordning der ein kan leggja seg til der det er eit ledig-skilt, informerer han. Han legg til at hamna er godt besøkt etter storleiken. Hamna har til saman plass til om lag 110 båtar, og det er mellom anna leikeplass, tilgong til dusj, vaskerom og toalett på staden. Like ved ligg restauranten Systrene Nilsen som har ope heile sommarsesongen, samt ein Sparbutikk, Thaimat og den nye restauranten Saja, som serverer litauisk mat. Ved kaien nedanføre Spar vert det også selt diesel og bensin frå pumper med kortautomat.

Husnes Hamna på Husnes har i fleire år markert seg i toppsjiktet på gjestehamner i Noreg. Det er plass til om lag 60 båtar ved kaien, men hamna er romsleg, og det er gjerne plass til fleire i breidda, melder leiar Egil Mikal Johansen. Dei har også ti bubilplassar, og har eit tilbod som spenner frå storsjakk og sandvolleyball til grillhytter og strender. – Me har også gratis sykkel- og trillebagutleige, slik at gjestene våre kjem seg rundt. Husnes Storsenter er

Vakre Rosendal. (Foto: Bjarne Øymyr)

ikkje langt unna, og mange vel å gå bort dit, seier Johansen. Ein av dei store prioriteringane i denne båthamna er å halda staden rein og innbydande for gjestene, og Johansen understrekar at dei ynskjer å yta best mogleg service til alle som vitjar hamna. Elles har dei også dei vanlege fasilitetane som dusj, vaskemaskin, drivstoff med døgnopen kortautomat, samt heis på kaien, slik at gjester som treng ekstra hjelp til å koma seg til eller frå land er hjelpne.

Rosendal I 2009 fekk Rosendal ei ny gjestehamn med plass til om lag 60 båtar. Ifølgje dagleg leiar Øyvind Lernes er hamna godt besøkt sidan den tid. – Her har dei tilgong på straum, vatn, internett, vaskemaskin og dusj. Me har bensin og diesel, og gjestene

har tilgong på det dei treng, fortel Lernes og held fram: – Dei fleste gjestene våre nyttar seg av dei tilboda som finst her, går på turar, vitjar Baroniet og Putballparken. Det er også fleire badestrender like ved kaianlegget. Det er stor aktivitet heile sommaren. Hamnevert Remi Nerhus tek i mot gjestene og deler ut brosjyrar og anna informasjon. På kaien ligg også turistinformasjonen, som gjestene kan nytta seg av. Lernes kryssar fingrane for ein sommar med godt ver og godt med turistar, og informerer om at ein av denne hamna sine fordelar er at dei kan ta imot båtar i alle storleikar. Juli pleier vera ein stabilt bra månad i gjestehamna, men dei utnyttar gjerne meir kapasitet heile perioden frå mai til september. Av Jorun Larsen


SUNDAL: Å leggja til kai, og bli ei natt i Sundal er absolutt å tilrå. (Foto: Atle Helland)

Båthamner i Kvinnherad Hatlestrand: Straum, vatn, diesel og bensin 200 meter unna. Varaldsøy: Straum, vatn og diesel ved kai, bensin 30 meter unna. Sundal Camping i Mauranger: Straum, vatn, vask, dusj og slipp. Snilstveitøy: Straum og vatn. Røynholm Båthamn, innanfor Rosendal. Straum, vatn, diesel, slipp og usettingsrampe. Rosendal Hamn: Bensin, diesel, vatn, trådlaust internett, dusj, toalett, tømeanlegg for kloakk. 60 gjesteplassar. Rosendal Fjordhotell: Straum, vatn, vask, dusj, hotell. Dimmelsvik: Straum, vatn, 200 meter til diesel.  Uskedalen: Straum, vatn, diesel ved kai, bensin 300 meter unna, vask, dusj, slipp. Herøysund: Straum, vatn, vask, dusj, slipp. Husnes: Straum vatn, vask, dusj, slipp, opphaldsrom med internett, biljard og tv. Sykkelutleige, tennis-, golffotball- og volleyballbanar. 15 min. gange til Husnes sentrum. Sunde: Straum, vatn, vask, dusj, slipp. Sæbøvik: Straum, vatn, bensin, vask, dusj, slipp. Larsstø: Straum, vatn, diesel, slipp, verkstad. Eidsvik: Straum, vatn, diesel, bensin. Arnavik: Straum, vatn. Høylandsbygd: Straum, vatn, diesel, bensin, vask, dusj, slipp. Valen: Straum, vatn, slipp. Fjelbergsund: Straum, vatn, diesel, bensin, vask, dusj, slipp. Utåker: Straum, vatn. Åkra: Straum, vatn, diesel, vask, dusj, kafé.

Utanom dei faste hamnene er det mange gode uthamner i Kvinnherad. Løkjelsøy, Kolsøy, Ånuglo (Tysnes), Sild, Kalvsundet, Nordhusvågen, Breivika, Fjelbergøy, Borgundøy, Toftekalven og Hidle er nokre av plassane der ein kan ankra eller finna feste i land.


D

...draumedag med Arne Torget I kvinnherad kan du velja og vraka i eventyrlege opplevingar. På denne og dei neste to sidene har bedt Arne Torget, Marie Schille og Gøril Guddal om å dela deira draumedag med lesarane.

raumedagar i Kvinnherad Arne Torget (47) kjem frå Husnes, og er veldig stolt av bygda si og kommunen generelt. Som poet, revyartist og skribent har han fått dei fleste kvinnheringane til å trekkja på smilebandet. Han jobbar også med andre band; Kvinnherad Breiband i Dimmelsvik. Gjennom begge desse jobbane fartar han mykje rundt i heile kommunen, noko han tykkjer fleire også skulle gjort. Draumedagen til Arne byrjar med frokost på Rosendal Fjordhotel. – Eg må ha ein kopp kaffi med Arne Havnerås. Det er ein fin start på dagen. Vidare går turen til Årsnes, og med ferja over til Varaldsøy. - Der ville eg køyrt ein tur til Haukanes og til Øyerhavn. Køyra på grusvegane med vindaugo opne. Haukanes ligg slik at ein ser rett over til Ænes, like ved øya Sild, informerer kjentmannen. Han tykkjer det er dumt at Varaldsøy vert oversett av så mange kvinnheringar, og oppmuntrar til å gjera øya til ein stoppestad, ikkje ein mellomstasjon. Etter ei tid med synfaring på Varaldsøy, går turen Rosendal, og Peder Bakar i Skålagato. – Eg måtte hatt meg ein baguette der, eit maishorn, fortel Torget. – Men hadde eg hatt tid, ville eg teke meg ein tur til Hellebergshillaren i Ølve for å fått med meg ein konsert der, legg han til. Kanskje denne draumedagen har litt fleire timar enn vanlege dagar. På Hellebergshillaren kan ein i år få med seg Ole Paus. Med ein deilig baguette i magen, fer Torget til Gjetingsdalen, som i hans auge er ein av dei flottaste dalane i Kvinnherad. Dalen ligg heilt ytst i kommunen, og han tykkjer alle skulle teke turen til Gjetingsdalen. – Det er ein fantastisk flott dal! Og medan eg var der, ville eg køyrt opp til Jukla. Ja, og eg trur forresten eg måtte hatt med meg nokre bollar frå Peder Bakar hit. Nistepakke må ein ha. Og medan han er i Mauranger, tek han ØVST – DRAUMEDAG: Arne Torget meiner stopp i Mauranger absolutt høyrer med når ein skal ha ein draumedag i Kvinnherad. (Foto: Atle Helland) KRY: Arne Torget (klovnen) er stolt og kry over det nye uteområdet som er kome mellom Husnes Storsenter og Kulturskulesenteret på Husnes.

turen til Olaløo for ein liten lunch. Der er vertskapet eit trekkplaster i seg sjølv! Vel ferdig i inste Kvinnherad, ber turen utover mot Husnes. Eit stopp på vegen tillet han seg. – Eg stoppar i Uskedalen hos Elins Matgleder for å ta med meg eit tapasbord. Det tek eg med til Bremstølen i Husnesfjella, det er ein veldig fin og mykje nytta tur for alle på Husnes. Der er det perfekt med eit tapasmåltid på berga! Arne Torget slår eit slag for kortreist mat, men også kortreist kultur. Vel nede frå Bremstølen, med nypirra smakslaukar, ber det i veg til Husnes sentrum. Han er kry over uteområdet i Husnes sentrum og dreg mellom anna fram trappene der, – Det er jo nett som i Roma! Det er tid for middag på kinarestauranten der verdas kjekkaste kineserar jobbar. På menyen står «General Taos favorittkylling». Meir kortreist kultur står på dagsplanen. – Etter middag ville eg hatt ei konsertoppleving i den nye amfisalen i Kulturskulesentertet, med lokale aktørar, fortel han engasjert. Det er eit tydeleg hjartebarn - den lokale kulturen, og han fortel vidare om Jonas Lie, som er ein av Husnes sine store søner. Lie skreiv i si tid ein roman som heitte Gaa Paa, og Torget tykkjer det nye kultursenteret i Kvinnherad burde heita Gaa Paa Senteret. Tenk på det! Gå på kino, gå på biblioteket, gå på konsert! Det er Torget sin draumedag, så me seier at konsertopplevinga skjer i Gaa Paa Senteret. Men dagen er langt frå over. Etter lokal kultur, ber det i veg til Halsnøy og mot Sjøvangen. – På toppen der er eit lite vatn med sitjeplass og nokre små hus langs vatnet. Der har dei bok å skriva seg inn i, og det skulle eg gjort, smiler han og held fram. – Eg har tatt med mange opp der for å visa fram staden! Frå det fine vatnet på toppen av Sjøvangen tek han turen til Borgundøy for å eta reker i sjøståvo til Nils Arne Fosse. I løpet av sommaren er det ein del arrangement der, vert eg fortalt. Og sjølv om det lir mot kveld på ein alminneleg dag, har poeten sjølvsagt mange fleire timar med moro framføre seg. Frå Borgundøy tek han båt til Ølfernes, for å trø postvegen heim att til Husnes. Der skal han finna seg ein robåt, og ro ut på Opsangervatnet og over til Jonas Lie-holmen, som vart freda i 1934. – Å ro til Jonas Lie-holmen i måneskin er ein perfekt slutt på dagen, avsluttar ein tydeleg nøgd Arne. Ein får gjort mykje på ein dag, smiler han.


KVINNHERAD-FERIE 9

Frå Handeland til gamlestølen ... draumedag med Marie Schille

Marie Schille (35) jobbar som sjukepleiar på Valen Sjukehus. Ho bur på Sandvoll og har fått meir og meir sansen for friluftsliv dei siste åra.

Bading i saltkjelen: Det er fleire som tek seg ein dukkert i Saltkjelen. Marie ville helst hatt kjelen for seg sjølv på ein ekte draumedag. Gamlestølen: Oppe ved gamlestølen er det flott utsyn mot fjorden. Ein kan sitja lenge der og nyta livet før ein går vidare.

Draumedagen hennar kjem garantert til å bli gjennomført i løpet av sommaren, og Kvinnheringen fekk vera med på ein etappe - frå Handeland til Gamlestølen. Dagen hennar startar fint med kaffi, frukost, Facebook og Spotify. Deretter vert sekken pakka med plenty godsaker til turen. Det tek nokre minutt i bil frå Sandvoll til Handeland, der det ventar ein grei parkeringsplass oppe ved stien. På veg inn dalen stoppar ho for å lukta på tømmerstokkane; den herlegaste lukta ho veit om. Første matpausen er ved Gamlestølen, om lag midtvegs opp mot Handelandshorgjo. På vår etappe vart det fleire småstopp av typen, «Sjå hakkespetten!», «Høyr, ei nøtteskrike!», «Åh, sjå, ein frosk!». Og under den merkverdige bergskrenten ved stølen dreg ho fram både jordbær, rundstykke og kvikklunsj. - Frå gamlestølen går turen forbi dei skumle straummastene som kikkar ned på meg. Eg er sikker på at dei har sjel

og vil ta meg, så eg unngår blikkontakt, og held augo godt festa på stien. Varden på Horgjo kjem alltid kjappare på enn ho ventar, og ho klarer ikkje setje prislapp på kjensla som møter ho då landskapet opnar seg der oppe. Utsynet går heilt innover til Åkra, til Mjelkhaug og utover i Sunnhordlandsbassenget. Ho fortel vidare. - Nasjonalromantikken har godt fotfeste hos meg, og eg klarer som regel ikkje å halde det inne, om eg er åleine eller i lag med andre; «Jammen, sjååå kor fint!». Namnet må sjølvsagt i boka før eg går vidare forbi Småstølsvatn og vidare opp mot Sitauten. Sjølv om far hennar sine føringar går vidare over Skårafjell og over mot Mjelkhaugsteinen, til Mjelkhaug, trassar ho kanskje desse og leitar seg fram til stien ved Vetledalen, mot Valedalsdammen. Vel nede igjen i dalen ventar ein ny liten biltur, til Saltkjelen i Handelandselva for eit lite bad. Her er draumen å vera heilt åleine, slik at badekleda kan liggja att på land. Avsluttinga på draumedagen brukar ho med dei ho er glad i. - Då skal eg strengt tatt ikkje be om meir. Eller kanskje ei kald Heineken og litt Fruktnøtt...


10 KVINNHERAD-FERIE

Draumedagen til Gøril Guddal inneheld sanselege opplevingar for både kropp, sjel, gane og øyre

...ro ut til Valeøya Gøril Guddal (52) driv Galleri G Guddal i Rosendal, og har mykje aktivitet der i løpet av året. Hennar draumedag inneheld ein heil del sanselege opplevingar, og aktivitetane strekkjer seg over store delar av kommunen. – Først må eg ha meg ein morgontur innover i Guddal, til Lovatnet med hunden. Eg slenger meg på sykkelen det første stykke. Der er det om lag to kilometer med grusveg, og så til fots resten, fortel galleristen. Ho forklarar at turen tek halvanna time når ho har sykkelen med, tur – retur. Og med litt guff i kroppen etter turen vil ho køyra til Handeland Gard. På førehand har ho bestilt mat av Beate

Hannisdal, som etter Gøril sin gane lagar den beste lunsjen i verda. – Gjerne noko sjømat på terrassen, under ein parasoll. Det er sjølvsagt varmt, vindstille og sol frå skyfri himmel denne dagen, smiler ho lurt. Ein draumedag er trass alt ein draumedag. Frå Handelandsterrassen er det ei nydeleg utsikt, og den skal nytast før turen går vidare til Sandvoll. – Eg ville parkert like bortanfor skulen, og gått postvegen til Ølfarnes. Dette er den flottaste delen av postvegen, med små bruer, benker og bord, fortel Guddal engasjert. Ho er veldig begeistra for arbeidet som er lagt ned i postvegen, ein tur som absolutt er ein draumedag verdig. Frå Ølfarnes går turen tilbake til bilen på Sandvoll, og vidare til kaien på Valen. Der skal ho leiga seg ein robåt, og ro ut til Valøyo og i området rundt. – Då eg var ungdom hadde eg

...draumedag med Gøril Guddal

sommarjobb på Valen, og budde på søsterheimen der. Då var me ofte ute og rodde i området rundt Valøyo. Det er eit fantastisk flott område, ein stad der eg ville tatt meg god tid! Ho vil deretter ta bilen til Halsnøy. På draumedagen skulle det naturleg yra av liv i Sæbøvik, utan at det var noko arrangement der. Og vel forbi det naturleg vrimlane turistlivet, går turen til Halsnøy Kloster. Der skal ho få med seg fotoutstillinga med internasjonale kunstnarar som har vore på kunstnaropphald der. Dette er utstillingar som gjentek seg år etter år, definitivt verd ein kikk ifølgje kunstkjennaren. Etter å ha nytt både kunst og anna estetikk på Halsnøy, ber det heimover att til Guddal for eit klesbyte og ein kopp kaffi på terrassen. Utsikta frå huset hennar, inst i dalen, er ei oppleving i seg sjølv, informerer ho, og forklarar korleis sola blenkjer i sjøen

til gjevne klokkeslett. Heilt nydeleg. Middagen vert innteke på Rosendal Turisthotell, frå eit bord der ho kan sjå på vrimmelen i kaiområdet. Her skulle ho på ein ekte draumedag fått beskjed om at kommunestyret hadde hatt møte medan ho var i ytre luten på tur, og vedteke at Galtung Døsvig skulle få forskotera parkeringsplass på oppsida av vegen. Dermed kan han starta bygging av 18 leilegheiter midt i sentrum av Rosendal! – Det ville vore fantastisk å fått beskjeden om at kommunestyret hadde gjort dette vedtaket som verkeleg fremjar næring, vekst og smittsam optimisme! drøymer ho. Ein flott konsert på Baroniet i Rosendal set eit kulturelt punktum for ein innhaldsrik draumedag, signert gallerist Gøril Guddal. Av: Jorun Larsen


KVINNHERAD-FERIE 11

Vakrast i verda!

Aerofoto Viestad

Vi tør påstå at Kvinnherad er

VERDAS VAKRASTE KOMMUNE. Det er ikkje rart når ein ser den fantastiske naturen vi har rett utanfor stovevindauga vårt. Kvinnherad Kommune er ein kommune vi er stolte av. Besøk Kvinnherad i sommar og la deg imponera, du òg!

Visste du at: Kvinnherad er den største hjortekommunen i Noreg?

Kvinnherad kommune Sentralbord 53 48 31 00 5470 Rosendal


12 KVINNHERAD-FERIE

Sommarbygda

Uskedalen

–bygda med liv i!

Beskytt håret mot sol og sjø! Vi har gode hårpleieprodukt!

Poon Tips Thai Takeaway Ope ons. - søn. kl 14.00 - 21.00

970 68 597

Uskedalen Tlf. 53 48 65 66

V/grana i Uskedalen. Du finn oss óg på Facebook.

U SKEDALEN

TERRASSEBORD Tilboda varer til 1. august

Mør Møree Ro Royal yal 28x120 mm TTrykkimpregnering rykkimpregnering med “miljøvennlig” impregneringsmiddel - uten en krom og o arsenikk.

29,90 PR.LM

• BANK I BUTIKK

• DIESEL SALG • BENSIN SALG

• TIPPING

OPE

• POST I BUTIKK

• RIKSTOTO

8-21(9-20)

Les meir om produktet på www www.outliving.talgo.no .outliving.talgo.no

Vi set alltid kunden i sentrum og gjer vårt aller beste for at kunden skal vera fornøgd. Du finn oss i vakre Uskedalen. Velkommen til ein hyggjeleg handel.

Byggeriet Usk Uskedal edal TTrelastlager relastlager www.spar.no – spar.uskedalen@ngbutikk.net – Tlf. 53 48 61 37

5463 USKEDALEN - Tlf: 53 48 61 01

b byggeriet.no yggeriet.no


KVINNHERAD-FERIE 13


ENGASJERT: Få kjenner Halsnøy Kloster slik Helén Petersen gjer. Ho er avdelingsleiar og prosjektkoordinator for klosteret og elskar jobben sin.

Halsnøy Kloster:

Kulturhistorisk stad med mykje sjel I Kvinnherad har vi ein kulturhistorisk skatt: Halsnøy Kloster fyller 850 år i år.

Vi møter ei av dei som har arbeidsplassen sin i dei vakre omgivnadene blant klosterruinane. Helén Petersen er avdelingsleiar og prosjektkoordinator for klosteret, tilsett av Sunnhordland museum. Det kan alle som set pris på historie, kunst og kultur vera veldig glade for – Helén har berre 70 prosent stilling her, men jobbar truleg langt over 100! Den engasjerte dama gjer alt frå å vaska toaletta til å stå i finstasen og ta imot publikum – og alt imellom.

Kultursenter – Det er ein veldig allsidig jobb, og eg har lært enormt mykje. Eg må vera open, og la menneske få utfalda seg med sine eigne uttrykk. Eg treffer mange flotte og spesielle menneske, både aktørar og publikum, og løna mi er å sjå andre menneske få ei spesiell oppleving. For meg er dette ein magisk arbeidsplass! Eg trur altfor få kvinnheringar veit om denne skatten i sin eigen heimkommune. Mange av dei har nok aldri vore på klosteret, det gjeld halsnøybuen og! Ho har vore tilsett i 13 år, men har jobba her i 16-17 år, og veit kva ho

snakkar om. Ho har budd på Halsnøy i mange år, men no bur ho på Stord og pendlar. Vi spør om ho synest det er utfordrande å introdusera nye ting innanfor kunst og kultur her ute i distrikta? – Ja, av og til. Eg meiner kunst er for alle. Det er ikkje sagt at du treng lika den, men som med mat må den smakast på før ein veit kva ein liker. Halsnøy Kloster er eit museum, men det er så mykje meir enn det og! Vi skal vidareføra det klosteret stod for før, men vi skal og leva i samtida. Vi skal vera eit lite kultursenter og virvla opp litt kjensler rundt om kring. Folk seier vi må ha noko for alle, ikkje berre høgkultur. Eg meiner vi har begge delar, og eg gjer ikkje jobben min viss eg ikkje introduserer nye ting. Vi prøver å ha ein balanse.

Travelt år Som du skjønar, har Helén ein travel jobb, og dette året har kanskje vore ekstra travelt. Ho er den som skal planleggja og organisera alt som skal skje gjennom sesongen på klosteret, som primært varer frå påske til oktober. Dei har rundt fem kunstutstillingar i

året, og innimellom blir lokala leigde ut til ulike ting som dåp, konfirmasjonar, bryllup og til bedrifter. Kvart år arrangerer dei festivalen Klosterdagen, i år den 9. juni, og i haust blir det jubileumsmarkering. Den kjem vi tilbake til, men først spør vi Helén om ho ikkje blir sliten: – Det kan vera slitsamt i periodar, spesielt då ungane var små. Eg har fire, og alle har vel nærmast vakse opp her på klosteret. Eg jobbar med så mange prosjekt samtidig at det er veldig viktig å halda tunga beint i munnen. Eg kjenner meg som edderkoppen i nettet som drar i nesten alle trådane. Men så har eg mange gode hjelparar også! Utan dei frivillige i Venelaget for Halsnøy Kloster hadde ikkje dei største arrangementa våre gått rundt, fortel Helén.

Unikt Venelaget for Halsnøy Kloster vart stifta i 1986. Laget har i dag om lag 100 støttemedlemmer og eit aktivt arbeidsstyre, som syter for praktisk organisering og hjelp til ei rekkje av dei kulturelle tilskipingane ved Halsnøy


Halsnøy Kloster er eit museum, men det er så mykje meir enn det og!

Kloster. Prosjektet deira no er ei kulturløype med mange fornminne i området rundt klosteret. På dugnad har dei rydda og gjort klart, og under Klosterdagen 9. juni opna første del av løypa. Eit anna prosjekt basert på frivillig innsats er kunstnaropphalda, leia av fotokunstnar Øyvind Hjelmen. Det var først eit prøveprosjekt som starta i 2010, men no har styret vedteke at det skal fortsetje i alle fall i tre år til. Pengestøtte på 35.000 kroner i tre år frå SKL gjer det mogleg. – Kunstfotografar frå heile verda

kjem hit til klosteret og bur og arbeider her gratis. Tilbake får vi ein presentasjon av arbeida deira i ei eller anna form, som vi kan dela med publikum. Kunstnaropphalda er det einaste av sitt slag i Norge for fotografar, og Øyvind gjer ein fabelaktig frivillig innsats, fortel Helén. Kunstnarane som til no har fått bu på klosteret, kallar det paradis. Det er dei nok ikkje åleine om å synast.

Jubileumsmarkering og bok I år er det 850 år sidan Halsnøy Kloster blei grunnlagt i 1163. Søndag 1.

september skal jubileet feirast på skikkeleg vis. Planen er ei festframsyning ute i hagen nedanfor klosteret, dersom vêret er bra, viss ikkje, har ein booka samfunnshuset. – Vi ønskjer å presentera ein del av dei kunstnariske kreftene vi har i regionen, og vi vil og spegla klosteret si historie og dei ulike epokane gjennom musikk. Framsyninga blir ein konsert med Sunnhordland kammerorkester med dirigent Lars Erik ter Jung, Tore Kloster med solistkvartetten «Membra», og avslutninga blir samtidsmusikk av Knut Vaage, fortel


KVINNHERAD-FERIE 17

Petersen. Forfattar Per Olav Kaldestad skal vera konferansier saman med Helen, og i tillegg framføra eigen tekst basert på bokverket og historia om Halsnøy Kloster. Boka går i trykken i desse dagar: – Dette er den mest komplette boka som nokon gong er laga om Halsnøy Kloster si historie, både før og etter klosteret var i drift. Den er skriven av arkeologar og historikarar og er på 300-400 sider, fortel Helen. Ho har vore bilderedaktør saman med fotograf Øyvind Hjelmen for dei mellom 200-250 bilda i boka, mange

av dei har dei teke sjølve. Boka er forhåpentlegvis ferdig til jubileumsmarkeringa. Det blir også kunst under jubileumsmarkeringa. John Cunningham får frie tøylar når han skal ha såkalla «performance»-kunst. I kjellaren på klosteret blir det samtidsutstilling, og i tillegg opnar ei permanent historisk utstilling med til dømes gjenstandar frå klostertida. Har du ikkje vitja Halsnøy Kloster enno, bør du ta turen i sommar! Mona Grønningen • Foto: Bodil Haga mona@kvinnheringen.no


18 KVINNHERAD-FERIE

HUSNES PANORAMA 18 moderne leiligheter på taket av nytt kjøpesenter. Heis, carport og gode kvaliteter! Husbankfinansiering.

18 eierleiligheter BRA Areal fra 76 - 153 m2, Faste priser fra 2.355.000

Kontakt: DNB Eiendom Stord / Bergen Nybygg er Henriksen tlf. 97 08 25 25 Megler: Kristofffe www.husnespanorama.no dnbeiendom.no

SALGET HAR ST TA AR RTET! T

ALDRI REKKEHUS OG STASJONSVOGN. ELLER. TJA. VI ER HER. SPV Vi har vært her for vestlendingen i hundre og ørten år. Det skal vi fortsette med. spv.no / 05555

NEOLAB FOTO: PAAL AUDESTAD

Husnes Panorama ag for o å melde din interesse! Kontakt megler i dag


KVINNHERAD-FERIE 19

GODE REDSKAP ER HALVE JOBBEN 1390,STIGA

Multiclip 50S Sjølvgåande klyppar med Stiga sin unike mulch-teknologi. Gjer gras om til gjødsel på få dagar. 48 cm klyppebreidde.

3290,-

STIGA

STIGA

Combi 48S Sjølvgåande klyppar med 3 klyppesystem i same maskin: Multiclip, bakutkast og oppsamling. 46 cm klyppebreidde.

Combi 53S

STIGA

Sjølvgåande klyppar med 3 klyppesystem i same maskin: Multiclip, bakutkast og oppsamling. 51 cm klyppebreidde.

Grastrimmar ST 28J

2690,- 3590,KNALLGODE TILBOD PÅ IMPREGNERT TRELAST

BOSCH

Drill PSR 18 LI-2 Kraftig batteridrill for den kresne. Vert levert med 2x1,5 AH batterier og koffert.

Bensindreven trimmar. 5,5 kg.

• Terrassevaskar • Kloakk og røyr-rensar med 15 meter slange • Skumsprayar • Tornadolanse • Powerspeedlanse • Vert levert med hjul og 8 meter høg trykksslange.

BOSCH

NILFISK

Kapp-/gjærsag

Høgtrykksvaskar

PCM 8S

125 bar, C 125.3 8 PCD

Kraftig 1200 W motor for dei tøffaste oppgåvene. Trekkfunksjon m/ dobbel sponføring. for bearbeiding av breie emne. Kutthøgde 70 mm.

Ein kraftig, kompakt og riktig utforma høgtrykksvaskar, med ekstra mykje utstyr.

1790,-

1490,- 2290,STIGA STANLEY

Trillebåre

Motorsag SP 375

Sjølvbyggar

1,2 kW. Bensindreven motorsag – perfekt for kvisting og anleggsarbeid. 1,5 HK. 24 L, 8 bar. Oljefri. 35 cm sverd. Automatisk oljepumpe og kjedestramar på sida. 4,5 kg.

575,Ope: Mån.-fre. 7-18 Laurdag 9-15

239,Trillebåre Hage TrallNor.

Kompressor

1390,- 849,-

Teigen Bygg & Trelast AS, Husnes Telefon 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no


20 KVINNHERAD-FERIE

Halnøy

Ei perla i Kvinnherad – –kloster, festival, landsby og båtliv

Halsnøy Kloster

Badeliv

Fiskefestivial

SÆBØVIK BÅTLAG

sk fakti n a k E Du HEIL a p ø j få k ikken! but Landsbyen – Sæbøvik, tlf. 53 47 63 07

Sommar på Klosteret Ope 19. juni – 11. august: Onsdag til søndag 11–16.30 Open kafé, blide omvisarar og utstilling.

NÅR DU ER PÅ SÆBØVIK, LIGG BÅTEN DIN TRYGT I BÅTHAMNA PÅ SÆBØVIK!

Ope i heile sommar! KOMLE kvar torsdag i sommar 13–17 Ope kvardagar 11-15. Vi har óg CATERING! Kafè • Selskapslokale • Frivilligsentral Adr: Halsnøytunet Tlf: 53 46 15 24 / 53 46 15 58 / 416 90 425

UTSTILLINGAR I KJELLAREN: Måleri av METTE TORVUND Utstillinga varer frå 09.06. – 11.08. 2013 Omvisning/utstilling kr 40,- pr. pers o. 12 år.

HALSNØY KLOSTER Tlf. 53 47 62 53 Mob. 481 30 020

Beskytt håret mot sommarsola!

Merethe & Camilla Tlf. 53 47 30 00

Du finn oss i Halsnøy Senter 2. etg. • EVO (ny) • SP professional • LD • id Elements (ny) • Bed head (ny) • HH Somonsen • Joico • Biosilk


GÅVER kaffi

Glede

Byggevarer, graving, transport, tømrer, snikker, 3D tegning og prosjektering. Ledige hyttetomter!

VELKOMMEN

Tlf. 53 47 30 10

www.htrelast.no

VELKOMMEN TIL BUTIKKEN VÅR I LANDAMARKA! • Alt i byggjevarer • Jernvarer • Maling • Hagemøblar • Hageredskap m.m.

NYBYGG •TILBYGG •REPARASJONAR

f

k l e d e INTERIØR

Din maling- og jernvarebutikk på Sæbøvik

SÆBØVIK, TLF. 53 48 00 00

SUPERMARKED!

stemning NYHETER

S Æ B Ø V I K TLF 53 47 62 07

Vi serverer både NORSK og ASIATISK MAT TAKE AWAY, BUFFE, CATERING/SELSKAPSLOKALER Vi har også TIPPEHUSET OVERNATTING For bestilling av rom eller mat, ring oss: på tlf. 53 48 78 70 • 934 33 517 • 452 71 288

SÆBØVIK, HALSNØY

REKEBORD OG FAMILIEFEST fredag 19. juli frå kl 18.00 v/Halsnøy Senter.

• POST I BUTIKK • TIPPING • RIKSTOTO • APOTEK

DANS I TELTET

Sæbøvik Mat OPE: 8-20(18)

fredag 19. og laurdag 20. juli.

Tlf. 53 47 61 02

Billettar på Spar.

Ein liten snål butikk!

Frisørsalongen midt i sentrum i landsbyen Sæbøvik

GARN & SKO STOFF & TEKSTIL M.M.

Vi ønskjer alle våre kundar god sommar! Sæbøvik – Tlf. 53 47 81 60

Tlf. 53 47 65 80


22 KVINNHERAD-FERIE

Som plomma i egget Grethe og Magne Djuve har budd på Sandvoll sidan -65. For tretten år sidan fann dei seg til rette på Enes Camping, og no bur dei der meir eller mindre heile året.

– Ein treng ikkje reisa langt for å senka skuldrene, seier Magne overtydande. Med fingrane rundt ei gåve han fekk av ein polsk ven, Kapteinens Krus med bilete av han sjølv, står han og ynskjer velkommen til gards. Grethe smiler og finn straks fram ein raud termos med kaffi. Bak oss står linerla og nippar i brødsmulane dei har lagt ut, og det er ikkje lenge før eg får kikka på fugleboka deira. Ein populær gjenstand for dei besøkande ungane på campingen, med bilete og lyd av alle fugleartane me har her. – Høyr her, smiler Magne, og trykker på knappen med gauken. Grethe fortel at dei alt har høyrt den på Ænes.

Aktivt campingliv Ekteparet er pensjonistar, men dei ligg ikkje på latsida på noko måte. Det kriblar for mykje i fingrane, og dei hjelper til med mange ulike oppgåver på campingplassen. Magne vert kalla for både vaktmeister og nestkommanderande av campingeigar Leif Sverre Enes. – Eg gjer det meste, vatnar blomar, maler hytter, graving av grøfter, reparering og snikring, og Grethe står i kiosken, fortel den smilande altmoglegmannen. Grethe legg til at ho tykkjer det er greitt å sitja litt ned og løysa kryssord, men at det beste er å halda kroppen i sving. Det er ikkje berre ekteparet Djuve som er aktive, dei fortel om gjestene, som stort sett er friluftsmenneske. Med både fiskemoglegheiter og turar i nærområde, er dei ikkje i tvil om at Ænes er ein fenomenal stad å tilbringa tid. – Det er jo mykje bær og sopp oppe i Enesdalen, og ein gong var det ei her som var galen etter å plukka sopp. Ho hadde fleire fat med sopp til tørk utanføre, ler Magne. Dersom nokon skal plukka bær, har dei utstyr som dei gladeleg låner vekk. Det er vist ikkje alle som har bærplukkarar slik som me har her. Dei har mange historier å koma med etter tretten år på Enes Camping. Om sine tyske vener som kjem attende år etter år, og som dei

– Her på Enes camping har me det bra! Ekteparet nyt dagane ute på terassen, som elles er full av blomar og pyntedyr.

sender postkort og julekort med. Om italienarane som kom køyrande med sin Ford Fiesta for å fiska då lakseparken eksisterte, men som ikkje fekk start på den att før Magne kom med sprayboksen og ordna biffen. Om den spesielle kattungen som vart sett av ved campingen som nyfødd, og som dei adopterte som sin eigen. – Me kallar han berre campingkatten, fortel Grethe blidt.

Kreative løysingar Eg vert vist rundt på plassen, og får demonstrert fleire av deira smarte løysingar. Sjølvvatnande blomekassar, gjenbruk av søppelkassar, smarte løysingar til å løyva for vind og ver. Alt vitnar om kreative menneske. Problemløysarar. – Og her nedi, der Lakseparken var, er det no lagt til rette for bubilar. Det er blitt ein kjempeplass, fortel Magne engasjert, og fortel vidare om bålpanne og langbord med tak over. – Det er ein fantastisk plass for dei som

reiser med bubil! Ekteparet trur det kjem til å bli meir populært med bubil framover. Sjølv har dei ei campingvogn frå 2001 og eit tilbygg på nøyaktig 15 kvadratmeter, heilt etter føreskriftene til kommunen. Ein fin uteplass har dei også, med planter, pynt og bruksgjenstandar. «Kuo på Ænes» ligg i hengekøya si, og kan nok reknast som ein av dei fastbuande. 60 vogner står fast på campingplassen, og det er seks hytter til utleige, samt plass for telt. I følgje ekteparet er det sol frå tidleg morgon til sein kveld, og dei skryt staden opp i skyene – sjølv om himmelen omlag er skyfri denne dagen. Lovorda vil ingen ende ta. – Dette er ein nydeleg plass. Det er fjord og fjell her, og både folka som bur her, og dei som reiser hit er kjekke. I tillegg er det veldig kjekke folk som eig her, legg dei til. Av Jorun Larsen


Somma

…DET SKJER PÅ HUSNES! 10–19 (16) Gratis parkering

Gratis lading av elbil

Sykkelparkering

Hundeparkering

Distriktets største og flottaste senter


rshopping ...berre nyt det!

KLE, SKO OG REISEEFFEKTER Catch Bagorama Cubus Eurosko Jack & Jones/ Vero Moda Senter Woman Skoringen You Who KappAhl MAT, DRIKKE OG SERVERING Peppes Pizza China Plass Yngves konditori Mix kiosken Eurospar Rema 1000 Kiwi Vinmonopolet ANDRE BUTIKKAR Baronessa Elkjøp Europris Expert Fargerike Husnes Fjord`n Blomster Gullfunn Husnes Husnes møbler/ Møbelringen Husnes Frisør Husnes sport/ Sport1 KID interiør Kvinnherad Libris/ Ringo Leker MEKK Mona Lisa hud og spa MX Sport Husnes Nille Parfymelle Record World Solsenteret Sunn&Smart Sparebank1 SR-bank Sparebanken Vest Specsavers Sunn & Smart/ H-naturkost Tilbords Travelnet Arriva Trim X - Trimstudio Tropehagen Zoo Vitus apotek

Butikkane bugnar av gode tilbod, og mengder av varer. Kafear og restaurantar freistar med gode smaksopplevingar inne i triveleg omgjevnader eller ute på den flotte Torgplassen. Velkommen til strålande sommardagar på Husnes storsenter.

Huser meir enn du trur


26 KVINNHERAD-FERIE

STORT UTVAL LAVE PRISAR

Handelstaden

Husnes – Her finn du det meste

INTER DAB ONETT, G RADIOFM

•Helsekost •Vitaminer og mineraler •Hudpleie/solkrem •Proteinpulver •Stort utvalg i te, røkelse, stein m.m. HUSNES STORSENTER – TLF. 53 47 11 32

999,-

OPE: Mün.-tors. 10-22.00 Fre.-laur. 10-01.30 Søndag 13-22.00

SJEKK PRISEN SUPERSOUND II , DABRADIO SVART • Internett, DAB+ og FM radio • Lekker glossy finish • Meget god lyd • Output 5W og djup bass • AC tilkobling og fjernkontroll

HUSNES STORSENTER

22 22 55 55

POPULÆR MINIHĂ˜GTALAR MUSIC ANGEL FRIENDZ

• LESESTOFF • KART • LEIKER

Vi har alle fargar! • Passar til iPod/Pad/Mobil/laptop • 2X3 Watt, meget god lyd.

Husnes Storsenter Tlf. 53 47 16 26

TERNINGSKAST 6

199,-

kvinnherad@libris.no

Vi har stort utval i • maritimt

INKL. GRATIS KARTOPPDATERING Kjøpt laust: 799,-

1.299,-

SJEKK PRISEN

4,3’’ TOUCHSCREEN

fartskamera

varsling

KART

BILNAVIGASJON NUVI2495LMT

LA SUPERG EIT T GRIL MĂ…LTID LM FUTUR ED GRILL !

3.499,SJEKK PRISEN

• 3 kraftige brennarar • Rist og brennarar i støypejern • Grillplate i støypejern • Sidehylle med skyllekum • Kraftig sidebrennar

HUSNES STORHANDEL OPE:10–18(16) TLF. 53 47 16 08

Husnes Storsenter tlf. 53 48 01 00

EUROPA-

• 4,3’ ’ berøringskjerm • Stemmestyrt navigasjon • Fartskamera • Garmin Guidance 2.0 • Europakart

TRIO DE LUX

utstyr • bilrekvisita • maling og beis • utstyr til hus & heim!

  

            



    



NYBAKT kvar dag til og med laurdag! • Soft-is • Slush • Milkshake

Husnes Storsenter Tlf. 53 47 22 13

HUSNES www.pizzabakeren.no


KVINNHERAD-FERIE 27

Velkommen til største sportsbutikken i Kvinnherad. Når fagkunnskap og utval tel!

Summer 2013 Stort utval frå kjente merke-leverandørar

G-Star Levis Giovani Wrangler Ricco-Vero Moods of Norway Peak Performance Meyer Bjørn Borg Dovre

STORT UTVAL I KJENDE MERKEVARER

Husnes Opningstider: Måndag – fredag: 10.00–19.00. Laurdag: 10.00–16.00 HUSNES STORSENTER, tlf. 53 47 14 04 husnes.sport@sport1.no

TILBUD PÅ SOLPLEIE! Jo høyere faktor – desto høyere rabatt!

2. etasje Husnes Storsenter T 53 47 29 10

LAG DITT EGET FERIEAPOTEK! Vi hjelper deg med å finne de riktige produktene til din ferie.

FAKTOR RABATT

Ope: Man.-fre. 10-18. Lør. 10-15

Ope: Man.-fre. 10-18. Lør. 10-15

Husnes Storsenter. Tlf. 53 48 43 80

Husnes Storsenter. Tlf. 53 48 43 80

GODE TILBUD


28 KVINNHERAD-FERIE ™

HUSNES Treng du:

• Avskorne • Potteplanter • Sommarblomar • Rosetre • Bærbuskar • Vintergrønt • Jord • Gjødsel m.m

Lonavegen 15, Husnes vis á vis Storsenteret, tlf. 53 47 81 91

Vi køyrer til HALSNØY og frå Uskedalen til Utåker.

www.annemariesblomster.no

J. Lyngnes Bensinstasjon AS

På Husnes Tannlegesenter får du hjelp til dette og meir.

MATRE – TLF. 53 47 91 15

• Implantatbehandling Husnes • Snorkeskinne Tannlegesenter • Profesjonell tannbleiking Tlf. 53 47 70 00 • Akuttbehandling Stabburshaugen 5, Husnes

• Daglegvarer • Drivstoff • Alt innan dekkservice Opningstider: måndag – fredag: 8–19 laurdag: 9–18, søndag: 14–17

Ope: 7-23 (9-21) Husnes storhandel, v/Expert og Møbelringen

Spar Seimsfoss Daglegvarer • Bakevarer • Tipping

Ope: 8–21(20)

Kort avstand frå Husnes Båthamn!

Senterkiosken Husns Storsenter – Tlf. 53 48 60 35

«HAMBURGERSPESIALISTEN» - over 20 ulike menyar

Multixautomater

VARMMAT:

KIOSKVARER:

• Kylling • Løvstek • Kyllingnuggets • Biffsnadder

• Softis/Braincooler • Telekort • Ukeblad og Aviser

OPE: Mån.-fred.: 10-21 Laur.: 10-21 Sønd.: 12-22

STORT UTVAL Opningstider: 10.00–19.00 (16)

• Nysteikte brød/bollar • Pølser/Hamburger • Kiosk/Daglegvare • DVD-utleige

• Sal av DVD/Musikk • Inne-/Uteleiker • Gass • Drivstoff

• Maskinvask • Sjølvvask • Støvsuger

offer: d Coinrpølse m/brø Wine

Kr

10,-

OPE: Mån.–fre. 7.30–23.00 Laur.–søn. 9.00–23.00

HUGS! Propan til gassomnen! Husnes, tlf. 53 48 65 00

av kjende merkevarer til lave prisar

Fagbygget – Tlf.: 53 47 17 77 husnes@akraelektriske.no


No kan du utfordra deg sjølv eller vener og familie i den store sommarquizen vår!

FASIT

1. Frå kva land kjem Nemjana Vidic? 2. Og kvar kjem Thomas Morgenstern frå? 3. Kva sykkellag kjem Edvald Boasson Hagen frå? 4. Han ferierer ofte på Husnes og har spelt flest a-kampar for Brann? 5. Kva fotballag spelar Jan Vertongen for? 6. Kvar kjem Sjur Røthe frå? 7. Kven spelar heimekampane sine på Ellen Road? 8. Kva by spelar Juventus fotball i? 9. Kva land kjem Usain Bolt frå? 10. Vann Aksel Lund Svindal verdscupen i alpint i 2012/2013? 10. Kva er minste landet i Europa?

Geografi 1. Kva by vert rekna som eldst i Norge? 2. Kva by har kråke i byvåpenet? 3. Kva land grensar til Peru? 4. Kva heiter einaste hovudstaden som byrjar på F? 5. I kva park ligg Speakers Corner? 6. Kva heiter største øya i Hellas? 7. Kva heiter største isbreen i Europa? 8. Kvar står «Manneken Pis»? 9. Kvar ligg Olavsvern? 10. Kvar er Tblisi hovudstad?

Lokalt 1. For kva klubb spring Frida Berge? 2. Kva fotballklubb spelar Kjetil Berge for? 3. Kva heiter lokalavisa som har hovudkontor i Odda? 4. Kva fargar er det i Kvinnherad sitt kommunevåpen? 5. Kor mange isbrear i Norge er større enn Folgefonna? 6. Kor mange tunnelar i Norge er lengre enn Folgefonntunnelen? 7. Kva heiter største lokalavisa i Kvinnherad? 8. I kva divisjon spelar Halsnøy sine fotballherrar? 9. I kva bygd finn du restauranten Systrene Nilsen? 10. Kva heiter direktøren ved Søral?

Ymse 1. Wenche Myhre. 2. 1973. 3. Ringo Starr. 4. Boyzvoice. 5. 1978. 6. Finland. 7. Baker Street 211 b 8. Safran. 9. Karve. 10.1912 (5.april)

Sport

1. Kven song «Jeg og du og vi to»? 2. Kva år vart Morgan Kane fødd, ifølgje Benny Borg? 3. Kva heitte trommeslagaren i The Beatles? 4. Kva heitte Espen Eckbo sitt «boyband»? 5. Kva år vart Carl I. Hagen leiar i Framstegspartiet? 6. Frå kva land kom Jean Sibelius? 7. Kvar bur Sherlock Holmes? 8. Kva er det dyraste krydderet i verda? 9. Kva krydder blir brukt i nøkkelost? 10. Kva år sokk Titanic?

Geografi 1. Tønsberg. 2. Moss. 3. Bolivia, Chile, Ecuador, Colombia og Brasil. 4. Freetown 5. Hyde Park i London 6. Kreta. 7. Vatnajøkull. 8. Brussel 9. Ramfjordnes i Tromsø kommune. 10. Georgia.

Ymse

Sport 1. Serbia. 2. Austerrike. 3. Sky. 4. Tore Nordtvedt. 5. Tottenham. 6. Voss. 7. Leeds. 8. Torino. 9. Jamaica. 10. Nei.

IDYLL: Ingen tvil, det er vakkert i Herøysundet. (Foto: Jorun Larsen)

Lokalt 1. Gular. 2. Sarpsborg 08. 3. Hardanger Folkeblad. 4. Kvitt og blått. 5. To. 6. To 7. Kvinnheringen. 8. 4. 9. Uskedalen. 10. Per Øyvind Sævartveit.

SOMMAR quiz


30 KVINNHERAD-FERIE

R

FLOTTASTE: Ved Baroniet Rosendal finn du den flottaste rosehagen i landet. (Foto: Atle Helland)

osene kjem for fullt i juli

Sommarstid står rosehagen i Baroniet i full blom. Urtehagen bognar med ulike planter, dammane er reinska og speglar parkens store eiketre. Sauene er på beite under Hattebergfossen og understrekar idyllen: Det vert arrangert konsertar, førestillingar og utstillingar inne i slottet og ute i hagen. Dei flittige arbeidarane gjer ein enorm jobb med å stella i stand, sesong etter sesong. Kvinnheringen møter fem driftige kvinner i lunsjpausen. Det er berre då dei har tid til å snakka. Elles skal kantar skjerast, roser klippast, bed lukast, med meir. Etter ein kald vinter vart det eit stort innhogg i rosebudsjettet i år. 1200 av 1500 rosebuskar må bytast ut. – Det er den same stoda i år som for to år sidan. Då måtte me bestilla like mange nye roser på grunn av frosten, fortel Christine Dekke. Ho har jobba med hagen sidan 1991 og har lang erfaring.

– Kvifor blømer ikkje rosene? Med seg på laget har ho Ellen Blytt, Ingebjørg Kjærevik, Merethe O. Tveit og Elsbet Mikkelsen. Ellen har ordna i hagen på Baroniet sidan 2000, og Ingebjørg er der på fjerde året. Merethe og Elsbet er inne for å hjelpa til meir eller mindre denne sesongen, og saman er dei dynamitt. – Me legg jo sjela vår i dette arbeidet, og ynskjer at dei som kjem hit får ei flott oppleving, fortel Ellen. Christine fortel vidare om kor

mykje arbeid det faktisk er å halda rosehagen flott gjennom sesongen. Fleire timar kvar dag med samling av roser. Ingenting skal falla på bakken. Og om den gongen då det kom folk til sesongopninga og lurte på kvifor ikkje rosene blømde. Ho fortel med eit smil om munnen og legg til at rosene kjem for fullt i juli.

Vaktmeister og altmoglegmann Hagearbeidarane dreg kjapt fram vaktmeister Helge Løyning blant fleire som fortener å bli dregen ut av kulissane. Eg finn han på kne for å ordna til siste rest av rammeverket til ei av utstillingane som er å sjå denne sesongen – fotoutstillinga «Jovisst skal jeg frem!». Helge har hatt ein travel sesong så langt, mellom anna har han hjelpt 215 lam til verda, og enno var det fleire lam som skulle takast i mot då Kvinnheringen vitja garden. – Kva oppgåver har du her eigentleg? – Eg er vel rundt om det heile, unnateke i rosehagen, der held eg meg vekke, smiler han. Me er på veg til lamma nede på Avlsgarden. Det er snart tid for fôr, og dei skjøne lamma breker i mot oss når me kjem. Helge smett inn og fortel om dei ulike rasane, medan han behandlar dei mjuke ulldottane med stor omsorg. Med seg på laget har han Egil Øvstebø, og dei to avlastar kvarandre med både det førefallande og det livgjevande arbeidet på Baroniet. På utsida av slottet frå 1665 kryr det altså av arbeidarar. Men vel innanføre dei kvitkalka veggene er det også nokre gode hjelparar. Eg vert ført opp til Den raude sal av

Reidar Nedrebø. Klavèrtonar kling i mot meg i gongen, og vel inne sit Odd Aanstad med eit skrujern i handa. Han har stemt flygel for Baroniet sidan 1984 og er ei viktig brikke for at dei storslåtte klaverkonsertane skal bli fullkomne. – Me seier at pianostemmarane er med på å gjera verda til ein meir harmonisk stad; eitt instrument om gongen, smiler han lurt. Odd er ein av 65 autoriserte pianostemmarar i landet, og han gir seg ikkje før alt er perfekt. Av Jorun Larsen

F

akta I 1658 stod det bryllup mellom Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz. Dei fekk garden Hatteberg i gåve. Der bygde dei seg eit lite slott, som stod ferdig 1665. Slottet vart opphøgd til Lensbaroni i 1678, og i dag er Baroniet Rosendal ein kulturskatt, som syner stilepokar frå fleire periodar. Sidan 1927 har baroniet vore eigd av Universitetet i Oslo, og det er Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS som i dag har eigaransvaret for både Baroniet og parken rundt. Hageanlegget består av den 300 år gamle renessansehagen - rosehagen, kjøken- og urtehagen frå 1700-talet, og landskapsparken frå 1850 og husmannsplassen Treo.


ROMANTIKK: Paddetårnet ligg vakkert til i baronihagen, og hagen innbyr til romantiske rusleturar. (Foto: Atle Helland)

Odd Aanstad skal gjera siste finpuss på klaveret før morgondagens konsert.

VAKRASTE: Truleg den vakraste blåregnen i Norge. (Foto: Atle Helland) Årets guide er Magnus Bjørlo Lysbakken. Han gjer seg klar til sesongen med å lesa om historia til slottet, og gler seg til å jobba i rolege omgivnader på bygda. Magnus er ein av femti sesongarbeidarar ved slottet i år. Tjueåringen kjem frå Bergen og har planar om å bli regissør.

Helge Løyning held opp eit lam av den skotske rasen Blackface. Han tykkjer dei er flotte og dreg også fram gammalnorsk sau som spesielt fin.

Ellen Blytt og Merethe O. Tveit jobbar i 1700-tals-hagen, der alle kjøkenplantene kjem. Desse vert nytta i matlaginga på Baroniet.

INNGANG: Å koma inn i baronihagen er som å gå mange hundre år tilbake. Stille og vakkert.


32 KVINNHERAD-FERIE

Ledige båtplasser Sunde Sunde Båtlag har båtplassar ledige for sal og utleige. Pris kr 47.000,- standard plass. Avbetaling kan ordnast. For nærare info, kontakt formann tlf. 404 44 762.

HUSNES CAMPING Hytteutleige & campingplass ved Opsangervatnet! Restaurant ope: 12-23 A lá Carte og alle rettar! Tlf. 53 47 32 52

Din personlige reserådgiver Bestiller du ferien hos oss får du verdifulle tips og råd.Vi hjelper deg med alt fra charter, cruise, fly, hotell og leiebil.

• Halsnøy: • Husnes: • Rosendal:

917 83 000 917 82 000 917 81 000

Berg-Hansen Arriva

Tlf. 55 08 8000 Email: arriva@berg-hansen.no

Service fleste bilmodellar t•Service på på dei dei fleste bilmodellar Vi held Vi held t•Karosseriog m verkstad ekanisk Karosseriog mekanisk verkstad feriestengt: feriestengt: t Serviceverkstad for Volvo og Renault 21.07. – 10.08. Billakering t•Billakkering 15.07.–04.08. Besøksadresse

Telefon

Tlf. 53 472041553 47 1115 11 Onarheimslio Du reiser ikke alene

Byrå på Husnes, Odda, Norheimsund og Austevoll

HARDANGERFJORDEKSPRESSEN BERGEN - ROSENDAL

5460 Husnes204, 5460 Husnes Onarheimslio

www.mecacarservice.no www.mecacarservice.no

Velkomne til Helgatun! Helgatun 40 år i 2013! Jubileumshelg 10. – 11. aug. Helgatuntreff m/busstur til Lillehammer 12. -17. aug. Sunnhordlandstreff 18. – 22. aug. Bibel- og fjelldagar 6. – 8. sept. Kvinnehelg 11. – 13. okt.

Daglige avganger Bergen-Rosendal hele året, se www.rodne.no

Sommerrute fra 1/5-30/9.

Overnatting m/frukost ved gjennomreise. Helgatun ligg ved foten av Vikafjellet, 32 km nord for Voss sentrum. Flotte naturopplevingar sommar og vinter. Velkomen !

5713 Vossestrand Du får fleire opplysningar ved å ringa Helgatun på tlf. 56 51 98 98

Billetter kan kjøpes om bord og hos Turistinformasjonen i Bergen.

Sumarturar 2013

Foto: Harald Sætre

Uforglemmelige opplevelser på Baroniet Rosendal, i Folgefonna nasjonalpark og videre innover i Hardangerfjorden.

Hardangerfjordekspressen -

M/S‹Granvin›

den raskeste veien mellom Bergen og Hardanger!

• «Ut mot havet» cruise frå Bergen fredagar 5., 12., 19., 26. juli. Frå Bergen kl. 09.00 via Bekkjarvik, Brandasund og Kuleseidkanalen til Leirvik 19.00. Tilslutning med snøggbåt fra Skånevik 05.40, Sunde 06.00, Leirvik 06.20 – Bergen 08.10.

• «Espeværturane» laurdagar 6., 20., 27., 28. juli. Frå Leirvik 10.00 via Moster og Kuleseidkanalen til Espevær. Tilbake på Leirvik 18.15

• «Bremnesruta» søndagar 7., 14., 21. juli og 28. august. Frå Leirvik kl. 14.30 via Fitjar og Austevoll, og Flesland kai 20.00 til Bergen 21.00

mail@rodne.no www.rodne.no

Billettar ved ombordstigning. Brosjyrer på snøggbåtterminalen eller på www.fjordabaaten.no


Nye sommarisar

SOMMER Vaniljeis med bringebærsorbet og sjokoladespinn. Også denne fekk greie kritikkar. – Den var veldig god, ser stilig ut, kommenterer Lena. – Det var ein veldig sterk smak av bringebær, og snurren var kul, supplerer Hilde. Ingrid Marie tykkjer isen er god, men at Moodi var betre. – Eg tykkjer bringebærsmaken vart litt for sterk her, men utsjånaden er veldig kul og kreativ, seier ho. Terningkast Ingrid Marie Hilde Lena

svak 4 4 4

Kjem du til å kjøpa isen seinare i sommar? Ingrid Marie: – Veit ikkje, kjøper heller noko anna. Hilde: – Ja, eg trur det. Lena: – Kanskje.

Soft Shake Macchiato Eit nytt tilskot til Soft Shake-familien, mjølkeis med kaffismak. Kanskje litt på kanten å gi kaffiis til tenåringar som enno ikkje har fått smaken på denne drykken enno, men panelet rynka ikkje på nasa av denne nykomaren. – Eg hadde ikkje så store forventingar til denne, men den var betre enn eg trudde, fortel ei litt overraska Ingrid Marie. Ho legg til at det i grunnen er lite å seie om utsjånaden på denne isen: – Eg tykkjer den var god, den smakte litt karamell-kaffiaktig, bryt Hilde inn og held fram. – Dei som er glade i caffelatte liker sikkert denne, men eg tykkjer den smakar meir søt karamell enn kaffi. Lena er samd, men er ikkje overbegeistra. Terningkast Ingrid Marie Hilde Lena

3 4 4

Kjem du til å kjøpa isen seinare i sommar? Ingrid Marie: – Nei, det trur eg ikkje. Eg er ikkje så glad i kaffi. Hilde: – Eg kjem kanskje til å kjøpa den, eg har smakt kaffien til pappa. Lena: – Kanskje, eller eg veit ikkje heilt.

Moodi Ein fargerik fruktis med vaniljekjerne. Testpanelet sin dom er at denne isen er veldig frisk og god. – Gode, friske smakar, både sur og søt, tykkjer Ingrid Marie. Hilde stemmer i: – Det var ekstra godt med vaniljeis blanda med dei friske smakane. Lena informerer om smakane, som er kiwi, bringebær og vanilje. Ein saftig is med ein søt utsjånad, den ser veldig god ut, noko som gjer den freistande å kjøpa.

Sommar er istid. Kvinnheringen samla nokre tenåringar for å testa nokre av dei nye isane denne sommaren. Testpanelet kan minna om Charlies Angels, men det er altså Ingrid Marie (12), Hilde (12) og Lena (11) frå Rosendal. Dei er biletkunstelevar med stor interesse for matlaging, og kunne dermed bedømma både smak og utsjånad. Dei fekk også spørsmål

om kva som er den absolutte favorittisen. Ingrid Marie sin favoritt er Oreo, Pæreis er Hilde sin favoritt og Lena liker best Oreo- og Snickersis. Av: Jorun Larsen

Terningkast Ingrid Marie Hilde Lena

5 5 5

Kjem du til å kjøpa isen seinare i sommar? Ingrid Marie: – JA. Hilde: – JA. Lena: – JA.


F

antastiske turmål

Varden, Varaldsøy

Nordfjell, Valen

Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i furuskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng. Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover til Granvin. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs. Høgdeskilnad: 240 – 600 moh. Ca. 3 timar

Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen på Valen ca. 200 m til vegdele. Skogsvegen til venstre går etter ca. 1 km over i sti via Kokkelberg til Nordfjell. Retur same veg eller via stien om Olderbotn som ein kjem inn på ved fyrst å følgja stien ca. 500 meter frå Nordfjell mot Vardhaugselet. Høgdeskilnad: 80 – 559 moh. 3 timar t/r.

Tursti til Stussvikhovda, Ølve På skogsveg opp til hytta ved Synnevågstølen, 210 moh. Vidare på god sti vestover ut lia, og etter kvart opp det litt brattlendte terrenget mot Stussvikhovda. Utsikta frå toppen er fantastisk, med Tysnesfjella, Onarheimsfjorden og dei majestetiske Kvinnheradfjella med Folgefonna bakom. Høgdeskilnad: 40 – 323 moh. 2 timar t/r.

Malmangernuten, Rosendal Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotell tvers over riksvegen til skilt og merking langs gangvegen til Skeie der stien startar bratt opp lia. Før tregrensa går stien i utmark og blandingsskog. Flott utsyn over Rosendal og nabobygdene i grenselandet mellom Sunnhordland og Hardanger, med hav, fjordar, vassdragsnatur og mektige fjellområde. Høgdeskilnad: 0 – 890 moh. Tidsbruk: 4 timar t/r.

Solfjell, Uskedalen Følg grusa gangveg gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug. Frå Storhaug og inn mot Mannsvatnet kan ein sjå dei karakteristiske moreneryggene. Ta av frå stien til Mannsvatnet ved skilt til Solfjell. Bratt stigning siste del av turen. Vakkert utsyn i alle retningar frå toppen. Høgdeskilnad: 20 – 900 moh. 5 timar t/r.

Bremstølen, Husnes Følg skogsvegen 1 km til skarp venstresving. Herfrå på sti gjennom skogsområde til Bremstølen. Flott utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio. Høgdeskilnad: 40 – 460 moh. 2 timar t/r.

Toftåsen, Halsnøy Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sæbøvik. Etter 40 meter, ta av på veg opp mot høgre, rett etter opphøgt fotgjengarfelt. Vidare på bein veg mot Toftåsen, ikkje sving til høgre. Følg skilting til parkering ved tømmeropplagsplass. Gå 200 meter attende frå Pplassen på vegen du kom, og ta inn på vegen til høgre. Følg denne vegen 500 meter til god sti opp til toppen. Ta gjerne ein tur opp i speidartårnet og nyt utsikta. Nedfart vidare på sti mot aust og skogsveg til parkeringsplassen. Høgdeskilnad: 65 - 195 moh. 1.5 time som rundtur. Kjelde: Kvinnherad Turlag. Fleire turar finn du på: http://tursti.kvinnherad.no/

Tur i Bondhusdalen Kvar søndag i juli tilbyr Folgefonno Breførarlag gudia tur i Bonshusdalen. Arrangøren omtalar Bondhusdalen på følgjande vis: Bondhusdalen er eit av dei flottaste dalføra på Folgefonnhalvøya. Bli med kunnskapsrike guidar innover dalen og lær om historia og naturen i dalen. Turen startar på kaien i Sundal og går oppetter Isvegen, til Bondhusvatnet, der ein ser Bondhusbreen. Det må vera seks deltakarar kvar gong for at turen skal bli arrangert. (Foto: Atle Helland)


Det skjer

KVINNHERAD-FERIE 35

i Kvinnherad

i sommar!

Juni 1.–29. Eva Harr, måleri og grafikk. Stad: Galleri G Guddal, Rosendal. 21. Konsert «Kvinner og klaver» – Ingrid Andsnes og Tina Nilssen. Stad: Baroniet Rosendal. 22. Utstilling, Kvinnene kommer! Ei utstilling av utvalde maleri av sju kvinnelege kunstnarar – alle aktive i åra rundt 1913. Stad: Baroniet Rosendal. 23. Stølsdag, musikk, matsal, leikar, dyr, føredrag og Kvinnherad-meisterskap i skitstøvelkasting. Stad: Kjeldestøl. 25. Konsert med Leif Ove Andsnes og Vilde Frang. Musikk av bl.a. Beethoven. Stad: Baroniet Rosendal. 27. Bjørn Eidsvåg med band held konsert. Stad: Baroniet Rosendal. 28. Bjørn Eidsvåg med band held konsert. Stad: Baroniet Rosendal. 29. Tur til Fonnabu. Arrangør: Kvinnherad Turlag. Juli 1.–6. august: Ørnulf Opdahl. Stad: Galleri G Guddal, Rosendal. 3. Kari Bremnes med band. Stad: Baroniet Rosendal. 4. Kari Bremnes med band. Stad: Baroniet Rosendal. 5. Kjell Arild Pollestad. Føredrag, Livsglede. Stad: Baroniet Rosendal. 7. Dokketeateret Kaspar presenterer to førestillingar: Kaspar og heksa og Det spøker på slottet. Stad: Baroniet Rosendal. Konsert. Håvard Gimse, klaver. Musikk av Debussy, Rachmaninov, Grieg, Tveitt og Sæverud. Stad: Baroniet Rosendal. 10. Konsert: Odd Nordstoga & Ingebjørg Bratland. Stad: Baroniet Rosendal. 11. Anne Tafjord-Kirkebø. Føredrag: Ei rose er ei rose er ei rose. Stad: Baroniet Rosendal. 11. Vangssago i drift. Stad Rosendal. 12. Sondre Lerche. Konsert i Den Røde Sal. Stad: Baroniet Rosendal. 18. Ketil Bjørnstad. Konsertføredrag i Borggarden. Edvard Munch (1863-1944) Jubileum 2013.150 år sidan meisteren vart fødd. Stad: Baroniet Rosendal. 18. Vangssago i drift. Stad Rosendal. 19. Konsert med Ole Paus i Hellebergshillaren. Stad: Ølve 19.–21. Den store reke- og krabbefesten. Stad: Sæbøvik. 19.–21. Romeo & Juliet. The Festival Players frå London framfører Romeo & Juliet av William Shakespeare på originalspråket. Stad: Baroniet Rosendal. 20. Anne Grete Preus. Konsert i Den Røde Sal på slottet frå 1665. Stad: Baroniet Rosendal. 21. Sjur Hjeltnes og Dei nye Tenorane. Konsert. Stad: Baroniet Rosendal. 24. Wolfgang Plagge. Musikk i rørsle. Musikk frå John Dowland til Claude Debussy. Stad: Baroniet Rosendal. 25. Elisabeth Aasen. Føredrag, Camilla Collett (1813-1895). Stad: Baroniet Rosendal. 25. Vangssago i drift. Stad Rosendal. 26. Karoline Krüger og Sigvart Dagsland. Stad: Baroniet Rosendal. 26.–28. Mytologifestival, konsertar med Evawagar, Kjell Braathen, «workshops», marknad, barneleik, turar. Stad: Lundahorgi Naturpark, Hatlestrand. August 2. Kåre Conradi; Hans Mathisen, Kjetil Bjerkestrand, konsert. Stad: Baroniet Rosendal. 2. FESTIDALEN: Konsert med The Darkness, Blood Command, Razika, Death Letters, Yuma Sun. Stad: Uskedalen. 3. FESTIDALEN: Konsert med Marit Larsen, White Lies, Cazadores, Oslo Ess og Lars Vaular. Stad: Uskedalen. 7. Terje Nordby, dramatikar/forfattar/mytolog. Gudar, heltar og muser i Antikken og i dag Stad: Baroniet Rosendal. 9. Ingrid Andsnes. Musikk av Mozart, Haydn, Chopin og Rachmaninov. Stad: Baroniet Rosendal. 10. Vangssago i drift. Stad Rosendal. 9.–11. Fjellstreif. Fjellturar, foredrag, dans med mellom anna Tomboy. Stad: Rosendal. 21. Åshild Ulstrup. Det gjekk so god ein veg. Stad: Baroniet Rosendal. 24. Folgefonna opp. Motbakkeløp arrangert av Mauranger og Ænes bygdalag saman med Folgefonna IL. 29. Gunnar Danbolt, Edvard Munch (1863-1944). Stad: Baroniet Rosendal. 30. Eldbjørg Hemsing og Jie Zhang. Fiolin og klaverkonsert med musikk av bl.a. Mozart, Paganini, Liszt, Martinu og Prokofiev. Stad: Baroniet Rosendal. 31. Historisk seminar om kvinnene si stilling frå mellomalderen fram til 1913. Stad: Baroniet Rosendal. September 6. Herborg Kråkevik, konsert. Stad: Baroniet Rosendal.


Ein aktivitetane under årets Fjellstreif er lagt til Andersfjell. Det er den lågaste av toppane som ruvar bak primus motor, Jostein Hatteberg.

F

jellfest i Rosendal

For åttande gong vert Rosendal Fjellstreif arrangert. To dagar til ende vert det fokus på friluftsliv og flotte opplevingar både i naturen og på kulturarenaen.

Årets festival er komprimert frå tre til to dagar. Den offisielle opninga vert om kvelden laurdag, etter ein dag med program på Møsevatnet ved Blådalen og Andersfjell – eit av fjella i Rosendalsalpane. Jostein Hatteberg styrer festivalspakane og informerer om hendingane denne helga. – Me samarbeider med fleire aktørar, og i år har me fått med oss mellom anna Wilderness Norway, som tilbyr kajakkpadling. Dei skal ha med seg ei gruppe til Møsevatnet, for ei spektakulær oppleving der. Elles vert det fjelltur til Andersfjell, som med sine 1211 meter over havet er vetlebror til Melderskin. Turen startar i Hattebergsdalen, eller Muradalen på folkemunne. Begge desse turane er lagde til laurdagen, då festivalen startar. Seinare på ettermiddagen vert det

offisiell opning med lysbiletframvising og inspirasjonsføredrag med Kenneth Birkenes, kjend frå programmet «Ingen grenser». Der var han ein av deltakarane som tok seg til toppen av Snøhetta saman med Lars Monsen. Han har sidan programmet vart sendt halde føredrag over heile landet om livet med kreft, eller om å leva eit godt liv med sjukdom. Vidare på laurdagen vert det fleire musikalske innslag, mellom anna det lokale bandet Passenger kjem på scena, og ikkje minst Tomboy med Torhild Sivertsen og Per Hansmark. Soul- og popbandet hadde si stordomstid på det glade 80-talet, og stiller med nokre gode gamle under Rosendal Fjellstreif. – Søndag vert det NutenOpp, som også i år er ein del av noregscupen i motbakkeløp. Me ventar difor at det kjem både nasjonale og internasjonale

idrettsøvarar, informerer Hatteberg. Dette vert det avsluttande motbakkeløpet i noregscupen Necon. Malmangernuten er 892 meter over havet, og løypa er 3,7 km lang. Arrangementet vert avslutta etter motbakkeløpet med premieutdeling. Det er fleire lag som steller i stand Rosendal Fjellstreif. Omvikdalen Bygdekvinnelag står på for at publikum skal få skikkeleg lokalmat å eta, Rosendal Turnlag og Omvikdalen Idrettslag er medarrangør på fjellaktivitetane. I tillegg er det også her ein stor dugnadsgjeng som er med for å stella i stand festivalen. Hatteberg tykkjer dugnadsånda i Rosendal og bygdene rundt er utruleg god, og til eit arrangement som treng opp til 100 hjelpande menneske, er slike gode å ha. Av Jorun Larsen


KVINNHERAD-FERIE 37

TRENE I SOMMER ? Det er ingen grunn til ĂĽ ta ferie fra treningen i sommer. Vi selger dagskort, mĂĽnedskort og ĂĽrskort til gunstige priser i hele sommer. Med ditt medlemskap hos TrimX har du i tillegg mulighet til ĂĽ gjestetrene pĂĽ andre treningsssenter i inn- og utland. SOMMERMEDLEMSKAP

x PnQHGNU- (Spar kr. 200,-) x PnQHGHUNU- (Spar kr. 500,-) SOMMERKAMPANJE - VERDI KR. 850,- *

x Gratis innmeldingsavgift og innevĂŚrende mĂĽned .DPSDQMHQJMHOGHUYHGWHJQLQJDYPnQHGHUVPHGOHPVNDSLSHULRGHQWLO og verdi avhenger av type medlemskap og tidspunkt for tegning av avtale.

Telefon: 53 48 46 42 E-post: post@trimx.no Internett: www.trimx.no

Stopp Stopp brannen brannen før før det det tar tar fyr fy r Kontakt oss for et godt tilbud: 5MG tFQPTUQPTU!LFMOP w w w.k vinnheradelektro.no

Tø ørrkoking og glemte kokeplater er ürsaken til 10-15 prosent av alle boligbranner i Norge. Med komfyrvakt fra Eaton skrus komfyren av automatisk før ø br b annen bryter ut. Komfyrvakten er grundig testet av SINTEF og tilgjengelig fo or veggmontasje eller for o kjøkkenøyløsninger


38 KVINNHERAD-FERIE

• SANITÆR

- nybygg og rehab.

• VANNBOREN VARME

• VARMEPUMPE • VEDFYRING • PELLETSFYRING

Tlf. 975 99 280

www.a-r-v.no

Bruk din lokale

Effektive og trygge totalløysningar innan avfallshandtering for private og næringsliv.

KRAFTLEVERANDØR!

Næring AS

Alt innan transport, avfall, farleg avfall og attvinning! SIM Næring AS

Ingen gebyr og alt på ein faktura

Eldøyane Næringspark N-5411 Stord

telefon 53 45 66 00 telefaks 53 45 66 01 e-post sim.naering@sim.as

www.sim.as

Hellesøy Verft A/S N-5474 Løfallstrand

Verftsanlegg for store og små oppdrag innan: • Ombygging og reparasjon av skip 20 – 120 m • Industriproduksjon Eit kraftsenter for kunden og samfunnet! www.kraft.kvinnherad-energi.no Kundeservice tlf. 53 47 56 50

Har du bruk for både

• Nybygg og utrustning av skip og offshoremodular

Hellesøy Verft A/S – 5474 Løfallstrand Telefon 53 48 26 00 – Fax 53 48 26 01 E-post: hellesoy@hv.no

VI HAR BEGGE DELER!

ELEKTRIKAR OG RØYRLEGGJAR? Når du byggjer nytt eller pussar opp er det som oftast trong for både elektrikar og røyrleggjar. Då er det berre å ta ein telefon til oss, så hjelper vi deg med planlegginga og arbeidet. Slik blir det mykje enklare når du berre har eitt firma å forhalda deg til.

Sundsvegen 77, 5450 Sunde • Telefon 53 48 20 30 • E-post: tore@intoelektro.no • thomas@intoroyr.no

Me blandar dei fargane de ynskjer

Ein ekte byggevarebutikk! Byggevare, trelast, maling,verktøy, hushaldningsprodukt, arbeidsklede, grasklypparar, jord, bark, gjødsel m.m.

Velkommen innom til ein hyggjeleg handel!

SANDVOLL - Tlf. 53 47 05 00 www.sandvollhandel.com


KVINNHERAD-FERIE 39

Den andre mytologifestivalen 26. til 28. juli blir det Mytologifestival på Hatlestrand, den andre i rekkja. Tema i år vert «Landet bortafor Nordavinden». – Det skal handla om norrøn mytologi, seier festivalgeneral Knut Johan Nerhus. Festivalen startar fredag med føredrag og ein intimkonsert, i samarbeid med Senioruniversitetet i Kvinnherad. Historikaren Maria Kvilhaug frå Universitetet i Oslo kjem, og hobbyarkeog Johannes Vik Seljebotn frå Øystese blir med som føredragshaldarar. Dei har som tema heilage stader i naturen. Kvilhaug vil og presentera boka si «The seed of Ygdrasil». Musikk vil Eliwagar stå for om kvelden i kjellaren på ungdomshuset. Laurdag blir det open dag som i fjor ved Lundarhegni naturpark. Då blir det marknad, workshops, barneleikar og mat, og gratis å koma innom. Om kvelden vert det konsert med Kjell Braaten, og etter han kjem Eliwagar tilbake. Ho er fransk og bur i Hålandsdalen. Om kvelden laurdag har ho med seg fullt band i Lundarhegni Amfi.

Søndag Søndag føremiddag inviterer festivalsjefen Knut Johan Nerhus til tur frå Ungdomshuset Samhald til Gamlelunden. – Eg vil ta folk med og fortelja litt om korleis eg trur historia til denne lunden kan ha vore. Tomas Bruvik tomas@kvinnheringen.no

FØRSTE: Her frå den første Mytologifestivalen i Kvinnherad.

Sæbøvikfestivalen Helga 19.–20. juli blir det tradisjonen tru Sæbøvikfestival på Sæbøvik. – Her held vi på tradisjonane, og fredagskvelden dekkjer vi til stort sjømatbord med reker, krabbe og lubbesild og mange andre delikatesser, seier Sverre Bjørnevik. Fredagsarrangementet er for heile familien, med masse underhaldning av

LIV: Sæbøvikfestivalen er eit årleg høgdepunkt på Halsnøy. (Arkivfoto)

lokale krefter. Kvelden vert avslutta med dans med bergensgruppa Bris. Laurdag blir det tradisjonell frukost i sentrum, også då med underhaldning. Denne gongen i enno større telt enn tidlegare år. Den gamle dampbåten Stord I kjem òg innom og inviterer folk på to timarsturar. Fiskekonkurranse og aktivitetar blir det på samfunnshuset. På Pub 13 og i teltet blir det dans om kvelden. Til vanleg pleier festivalen opna med kaijazz om torsdagen, men det blir det ikkje i år. Årleg pleier det vera rundt 1000 menneske innom både om kveldane og til frukosten. Tomas Bruvik tomas@kvinnheringen.no


40 KVINNHERAD-FERIE

DEN STERKESTE ROBOTKLIPPEREN

VIKING ME 340 ELEKTRISK

INTRODUKSJONSPRIS!

G ENDA BEDRE U O Y TFØ IN R RE E L LG

GRESSKLIPPER

SE!

VIKING ME 339 C ELEKTRISK

BES TSE

GRESSKLIPPER

NYHET!

GRESSKLIPPER VIKING MB 448 T

NYHET!

GRESSKLIPPER VIKING MB 248 T

2 990,-

GASSGRILL

FUTUR TRIO STEEL

3 495,GASSGRILL

FUTUR QUATRO ALPES

FK TOPPBARK

MED 4 BRENNERE + SIDEBRENNER!

50 LITER X 5

VÅR EGEN KVALITETSBARK!

GASSGRILL REBEL 4

3 995,-

PLANTEJORD FK 40 LITER X 3

VÅR EGEN KVALITETSJORD!

FK butikken Dimmelsvik KVINNHERAD Tlf. 99 38 48 70

adsign.no

HUS OG HAGE VÅRKLART MED FK BUTIKKEN!

ROBOMOW® RS 630

Toppmodell fra ROBOMOW®, meget støysvak. helautomatisk gressklipper, inntil 3000 m2


Golfbanen ved fjorden Kvinnherad har ein av landets flottaste golfbanar. Undarheim golfbane med sine ni hol opna den 1. juli 2002. Grøne, flotte fairways og greenar skapar vakre kontrastar til landskapet rundt. Dette er ei natur- og golfoppleving av dei sjeldne. Bana er plassert ytst i Hardangerfjorden, berre 300 meter frå Husnes Båthamn, som vart kåra til Noregs beste gjestehamn av Båtmagasinet sine lesarar i 2006 og 2009, ogi Dagbladet i 2005. SØRALparken er òg ein del av aktivitetstilbodet i same område. Kjelde: Kvinnherad Golfklubb

Vangssaga Flott restaurert (ferdig 2005) oppgangssag frå rundt 1875. Opprinneleg bygd på Vang i Rosendal av Marcus G. Rosenkrone – no finn du Vangssaga like ovanfor den tidlegare HSD-garasjen i Rosendal. Ein gjeng eldsjeler har stadig større eller mindre prosjekt gåande. No blir staden òg nytta til kulturarrangement.

Steinparken Berre eit lite steinkast frå Vangssago finn du Steinparken. Ein idyllisk park der du kan sjå og kjenna på vakre steinar. Om du vil, kan du òg lesa informasjonsskilt som fortel om konglomerat, krystallar, koronitt og mykje anna. Steinparken er òg ein idyllisk stad for piknik i det fri, til lyden av elvebruset frå Melselva.

Kvinnherad kyrkje Vakker middelalderkyrkje bygd i 1250, også kalla Kvinnheradskatedralen. Svært god akustikk gjer kyrkja til ein flott konsertsal med sitjeplassar til om lag 320. Den første baronen, Ludvig Rosenkranz, familien hans og seinare baronar, ligg balsamerte i gravkapellet.

Rosendal Putballpark Kryssinga av golf og fotball er overraskande moro, anten det er tale om beinhard konkurranse fotballvener imellom, eller uskuldig moro for eit lystig lag. Ballen skal stort sett i eit hol i bakken ved hjelp av færrast mogleg spark. Innimellom dukkar det opp hinder av ulike slag. Passar både for glade amatørar og fotballproffar.

Golf – Ein sport for store og små. (Foto: Jonn Karl Sætre)

Folgefonna Ein isbre i fjella mellom ytste Hardangerfjorden og Sørfjorden. Breen ligg i følgjande kommunar: Jondal, Ullensvang, Etne, Odda og Kvinnherad. Breen er delt i tre parti av Blådalen og Kvitnadalen. Søre, midtre og nordre del utgjer til saman 212 kvadratkilometer. Breen er 34 km lang (nord–sør), breiast på den søre delen (16 km) og høgaste parti (1662 moh) finn ein og i sør, aust for Fonnabu. Kjende utløparar er Buarbreen, Bondhusbreen og Juklavassbreen. (Kjelde: SNL).

ett frå ovnen R

Sæbøvik & Rosendal Sentrum – 5454 Sæbøvik , Skålagato 35 – 5470 Rosendal, tlf. 53 47 61 26 • Fax: 53 47 12 80


42 KVINNHERAD-FERIE

Kulturbygda

Rosendal

–museum, festivaler, kunst & natur.

Kjøkkenet vårt serverer tradisjonsmat, smårettar, lunsj og kaker. Alle rettighetar i bar. Gruppetilbod. Kvar fredag og laurdag musikk.

Sommarbøkene får du her!

Galleri Rosendal, Snikkeriet har tre vestlandsutstillarar i sommar:

Jarl Hugo Låstad Roald Tellnes • Arne Mæland • •

Kontakt Eli på tlf.53 48 14 00/ 414 06 991. eller gå inn på www.snikkeriet.no

Din elektrobutikk i Rosendal Rosendal– Tlf. 53 48 12 80

Alt til hagen! Vi har bra utval i sommarplanter, buskar, urter, tre, jord, bark, gjødsel, hageredskap, m.m.

Einaste lågprisbutikken mellom Husnes og Odda

OPE: 7–23 (8–21)

Ope i som mar: Mån.-ons . 10–16.3 0 Tors.-fre . 10–18 Laur. 10 –15

Rosendal

Tlf. 53 48 42 20

Rosendal - Tlf. 53 48 12 20, www.bogront.no


KVINNHERAD-FERIE 43

Baroniet Rosendal

Sundepøls

a & festiva

l

p

Nuten Op

Sommarglede - noko vakkert til huset - ei fin gĂĽve til festen - ein kaffe lattĂŠ eller nytrekt te

Skaaluren skipsbyggjarsamling 22/6–18/8: Ope kvar dag kl 11–15 Bygdetunet Rød, Bøkkerverkstaden og Haugland skulemuseum: Ope etter avtale.

Gave – Interiør

Tlf. 915 31 487 Epost: kristian.olav.bringedal@kvinnherad.kommune.no

Rosendal tlf. 53 48 65 82

G

Galleri G Guddal – ved büthamna i Rosendal Ope: G A L L E R mün.–fre. 10–16.30 (17 i juli) torsdag 10–18 laurdag 10–15 U D D A søndag 12–16 (juli) G $UXSabS^ZOaaO`“RWSaSZ“PS\aW\“P`SWPO\R“eee`]aS\ROZVO[\\]

G

I

G

Alt dette og meir fĂĽr du hos oss!

Rosendal tlf. 53 48 19 55 - www.galleriguddal.no

Vi har klede til alle anledningar, aldrar og fasongar, str. 34-50! Vi har ogsĂĽ strikkegarn!

Rosendal

Norges fyrste fotballgolfbane. Kom og prøv!

53 48 19

Mob. 905 48 000 / 959 67 797

Tid for bĂĽtpuss, sol & sommar,

DET ER UTETID!

DIN FRISĂ˜R Ă˜ I ROSENDAL NDAL

Vi har det meste av utstyr til:

Velkommen V elkommen ttil il et ggrønt rønt aalternativ! lternativ!

•Büt & fiske •Hus, heim & fritid •Müling

Vi tilbyr fargebehandling med Elumenfarge, Elumenfarge, av hĂĽr hĂĽr farging av den aller ypperste teknologi for farging toff ffeer. som ikke inneholder kjemiske stoffer.

Ring ü bestill estill time time i dag! dag! 979620066 5470 ROSENDAL – TLF. 53 48 10 94

L


44 KVINNHERAD-FERIE

A

Festidalen 2013:

ll time high

Seigemenn var eitt av dei store trekkplastera i fjor. I år er det The Darkness og White Lies som står øvst på plakaten.

Med tiårsjubileum gjeld det å finna den største og feitaste stortromma, og denga laus på den. Det gjer Festidalen i år.

Festivalleiinga er svært nøgd med breidda og balansen i årets program, og lovar ei herleg oppleving på jordet varmt, variert og fullt av kjærleik. Og me snakkar om store namn på plakaten. The Darkness song seg inn i mangt eit hjarta med glamrockhiten «I Believe in a thing called love» tidleg i millenniumet, og White Lies hadde ein meir stillferdig entre med «To Lose My Life» og «Farewell To The Fairground». Med slektskap til mellom andre Depeche Mode er dette heilt feitt!

Fleire av årets Festidal-artistar står også på dei andre store scenene denne festivalsommaren. Bergensbandet Blood Command er mellom anna å oppleva på Roskilde og Malakoff. Med låten «High five for life» har dei rulla herleg på radioen i lengre tid. Razika kjem frå same byen, og spelar i år også på Øya og Slottsfjell. Desse unge damene står bak låtane «Vondt i hjertet�� og «Oslo» og har i det siste turnert og sjarmert store delar av verda. I same sommarfeststil stiller Oslo Ess, bandet som verkeleg vart kjendt då det kjempa om å bli årets urørt i 2011, og

som deretter tok landet med storm. Med låtar som «Bislett Stadion» og «Caroline» vert stemninga lagt, det vert gladpønk og allsong i dalen. Meir øydemarksleg rock kjem på banen med Yuma Sun, som tidlegare i vår spela på 100 dagar på Stord, til stor jubel frå massane. Cazadores vert gjerne samanlikna med mellom anna The Killers eller The Strokes, og sannsynet er stort for at du iallfall har høyrt låta dei slo gjennom med på radio, «Islands». Det er fleire der den kjem frå. Lars Vaular og Marit Larsen er godt etablerte artistar i kvar sine sjangrar, og


Frivillige er limen

For at Festidalen skal vera på høgste merket, trengs det mange hjelpande hender og vesen. Om lag 200 menneske er i sving når ein reknar med stort og smått, og dei flittige hjelparane er ei essensiell brikke i spelet. No frir styret til alle eldsjeler rundt om; det er på tide å melda seg til dyst. Karina Solheim er i år ansvarleg for denne gruppa, og kan fortelja om fleire som har meldt seg allereie. Med smått og stort,treng dei samanlagt rundt 200 frivillige. Sara Arnesen var ein av dei frivillige i fjor, som vakt på området. Uskedelingen stiller med glede opp i år også. Ho tykkjer det er kjekt å kunna hjelpa til når det er så mange som heile året legg sjela si i å få festivalen på beina. – Det er jo positivt for både bygda og kommunen at det vert skipa til festival, og det er kjekt at så mange står samla. Det kjem jo frivillige frå heile kommunen, og frå andre kommunar også! fortel ho ganske imponert. Ein som har vore med i frå byrjinga, er Robert Haugland. Han har sine oppgåver rundt det elektriske, og er etter kvart blitt meir og meir involvert i Festidalen. – Det er vanvittig kjekt å vera frivillig! Dei siste åra har me vore heldige med vêret og, og når ein står og ser på scena, lyden er fantastisk og alt klaffar – då betaler all jobben seg. Ei kjensle som er kjempegod, seier han engasjert. Han understrekar at alle frivillige er med på å bidra til den suksessen Festidalen er blitt. Sjølv stiller han i år òg, på eitt av dei absolutte høgdepunkta i Kvinnherad sitt årlege kulturprogram, i følgje han sjølv.

Uvurderleg støtte Her er eit lite knippe av gjengen bak Festidalen. Frå venstre: Anbjørn Høivik, Odd Steinar Arnesen, Eirik Sævareid, Kjetil Johnstad, Åsmund Lilleaas, Robert Haugland, Karina Solheim, Bjørn Olav Tveit og Kristian Bringedal. Tre jenter framme på traktoren: Anne-Grethe Høisæther , Silje Bråtun og Hege Digranes.

fellesnemnaren er god stemning og høg gjenkjenningsfaktor på låtane. – At Lars Vaular og Marit Larsen speler hjå oss, viser at me ynskjer å representera meir breidde, utan å på nokon måte inngå kvalitets- eller identitetskompromiss, forklarar bookingansvarleg Daidalos Dahle. Ein av underteikna sine favorittar kjem strake vegen frå Nederland med sin alternative pønk/rock. Death Letters får strålande kritikkar der dei ferdast, og dei nyfikne kan gjerne sjekka opp låtane «Easy Moments» eller «Schizophrenic» - begge snop for øyro.

Her vert det presentert alt frå glamrock, hiphop, new wave, indie pop, pønkrock med meir. Leiinga i festivalstyret oppsummerer: – Me har jo gode band her, og me trur me har eit jamt godt program begge dagane. Me ynskjer at det skal vera noko for ein kvar smak, og at publikum dermed ynskjer å koma tidleg for å bli verande til siste slutt. Ta med strandstolen og kom! Dei legg til at bookingansvarleg verkeleg har røska i hop ei knakande digg og breid lineup, vel verdig eit tiårsjubileum.

Heile samfunnet er med på laget, og styret meiner festivalen også er eit knutepunkt mellom alle bygdene i kommunen. I tillegg til eldsjelene, berømmer festivalleiinga næringslivet og kommunen for støtta dei får i arbeidet. Ei slik satsing som Festidalen er blitt, er med på å utvikla heile kommunen. Og det er ikkje berre ovanfor avisa styret er takksamt, dei arrangerer turar og festar for dei frivillige og skreddarsyr sponsorpakkar til støttespelarane sine. – Utan deira støtte og hjelp ville det ikkje vore mogleg å skipa til festival på denne måten, fortel ein tydeleg takksam leiar, Bjørn Olav Tveit. – Dei som hjelper til skal også ha det gøy. Litt jobb, mest sosialt og kjekt, supplerer marknadsansvarleg, Hege Digranes. Ho fortel vidare at eitt av sprella dei skal arrangera er promotur til Haugalandet. Med stopp i Haugesund og Stavanger ynskjer dei å invitera utflytta kvinnheringar og sjølvsagt også rogalendingar med på pubcrawl og anna moro 14. og 15. juni. – Aller helst skulle me jo hatt ein karaokebuss, smiler Digranes. Dei gler seg tydeleg til å koma ut i felten for å gi litt tilbake til dei frivillige, og samstundes få marknadsført seg utanfor kommunegrensene. Av Jorun Larsen


11

12

10

8

3

9

6 1

7

2 4

1. Festivalkor 2. Klatring

3. Film 4. Grafitti

5. Småstjerner 6. Brettspel

F

7. Foto og teikning 8. Skriveverkstad

5

9. Hiphop 10. Camp

11. Festifjellet 12. Festivalområde

estidalen – i heile dalen Som ein kjærkomen konsekvens av at dei ynskjer å bli betre og betre, utvidar Festidalen tilbodet i år. Med Festidagen ynskjer dei eit yrande folkeliv og mykje aktivitet i bygda, og Festifjellet frir særskilt til dei musikkinteresserte fjellgeitene.

Festidagen Begge arrangementa har vakse fram frå ein ide om å skapa stor festivalstemning i heile Uskedalen, fleire dagar til endes. Det er lagt opp til aktivitetar som gir tilbod for ein kvar. Aktivitetane rettar seg mot både born, ungdom og vaksne. Blant aktivitetane er miniføredrag, ulike workshops, festivalkor, med meir. Mellom andre Asbjørn Slettemark stiller engasjert med

sin musikkunnskap, og festivalutsmykkar Gaute Haugland skal dela av sine grafittiskills. På kveldane vert det matservering og sosialt samvær på Systrene Nilsen, med mellom anna «Småstjerner» på open scene om laurdagen.

Festifjellet Med Festifjellet lagar dei eit sjølvkonkurrerande arrangement, og dei er spente på korleis det vil gå. Turen går til Låganåso, der publikum får seg ein intimkonsert i fjellet. – Oslo Ess reiser tideleg til oss for å rekka å spela ein akustisk konsert i fjella våre før dei speler på scenen vår seint på kvelden. Dette er me veldig stolte av! Her flyr me opp band og utstyr, og inviterer presse frå nært og fjernt til å foreviga denna augneblinken - med kvinnheradsfjell og fjord som kulissar. Dette vert ein deileg turpause

for folk som går løypa vår, fortel Daidalos Dahle engasjert.

Større og betre Summa summarum vert det folkefest i Uskedalen frå torsdag til søndag. Festivalleinga strekar under at ein kan koma til staden via båt, buss eller bil, til fots eller per sykkel – uansett er det ingen problem. Festidalen skal ta i mot med opne armar og ikkje minst ein fenomenal camp. Større, flottare, flatare og betre enn i fjor. – Dette er eit prøveår, me får sjå kor det ber. Så kan me gjera det mykje betre til neste år, seier Bjørn Olav Tveit optimistisk. Han legg til at det er mange som ynskjer å nytta fine augustdagar til givande aktivitetar, og desse arrangementa legg til rette for at folket skal få i pose og sekk. Av Jorun Larsen


KVINNHERAD-FERIE 47

SOMMARKAMPANJE KYPROS SPISEGRUPPE

8.995,-

KYPROS SPISEGRUPPE 3-setar + 2 stolar + bord 145272. Kunstrotting brungrå, beige pute. 8.995,-

Ved kjøp av sofaeller spisegruppe til hage:

BISTROSETT PANORAMA

50% på parasollar og uteteppe.

SETTPRIS

595,-

BLOMSERPOTTER ASS. UTVAL

SETTPRIS

11.995,FIRENZE SPISEGRUPPE m/HØGT BORD

PUTEKASSAR FRÅ 1.499,-

• SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMMER • SOMME

UTSETT BETALINGEN

12 MND GEBYR 499,-

HUSNES HUSNES STORHANDEL – TLF. 53 48 80 50

10-18(16)


SOMMAR Send bilde Har du eit glitrande bilde frå sommaren din i Kvinnherad? Anten du er turist eller fastbuande i Kvinnherad, kan du senda oss sommarbilde. Nokre av bilda vil koma på trykk i papiravisa, andre vil bli lagde ut på nett. Vi trekkjer ut eit vinnarbilde som blir premiert med 10 flaxlodd. Send til: redaksjon@kvinnheringen.no

i Kvinnherad

Tinga MENT ABONNE SOMMAR på avisa for berre

50

9

Pr. avis

21 30 fon 53 48 le te å p a • Ting «KVABO» kodeord S M S d n e •S 097 asjon til 2 og inform til ost n.no • Send e-p nheringe ent@kvin m e n n o b a


Kvinnheradferie 2013