Page 1

N E N io SK rd AP bo SF k f O rå RL AG ET KU

Leit i Barnas store blå ordbok, så finn du ut av dette og mykje, mykje meir. Barnas store blå ordbok inneheld meir enn 2000 oppslagsord og er illustrert frå A til Å. Den gir vanlege stavemåtar og bøyingar for nynorsk. Oppslagsorda er forklart med enkle setningar, og døma på korleis orda blir nytta, er henta frå barneverda. Her finn du kjende sitat frå regler og songar og tilvisingar til velkjende figurar som Pippi Langstrømpe, Kaptein Sabeltann og Harry Potter. Lars Rudebjers illustrasjonar gjer boka til ein fargerik fest og ei oppdagingsferd. Teikningane inviterer barna til å vere ord-detektivar. Gå på jakt etter godteriglade gorillaar, kongelege krokodiller og padder som spreier panikk. Oppdag den spennande verda i dei blå ordbøkene! www.kunnskapsforlaget.no

ISBN-13: 978-82-573-2060-7

sk r

Finst det eit anna ord for skummel draum? Kor mange ord finn du gøymd inne i ordet flaggermus? Kva heiter huset som vepsane bor i? Er det verkeleg noko som heiter zorilla?

Barnas store blå ordbok NYNORSK

o yn N

Ei spennande, fargerik og leiken ordbok


© Kunnskapsforlaget H. Aschehoug Co. (W. Nygaard) A/S og Gyldendal ASA, Oslo 2009 ISBN: 978-82-573-2060-7 Prosjektleiar: Bodil Aurstad Markedssjef: Anne Jorunn Skogøy Produksjonssjef: Marianne Norland Redaksjon: Bodil Aurstad, Monica Kaasa, Anne Stuhaug Omsetjar: Janne Olden Illustratør: Lars Rudebjer Design: Lise Mosveen Omslag: Uniform AS www.uniform.no Grafisk ansvarleg: Capella Media As Trykk og innbinding: AIT Otta Trykt i Noreg Denne ordboka er ein tittel i same serie som Barnas store blå ordbok Engelsk-nynorsk, Barnas store blå ordbok Bokmål (tidl. Norsk) og Barnas store blå ordbok Engelsk – bokmål (tidl. norsk). Denne serien byggjer på Oxford First Illustrated Dictionary frå Oxford University Press. Prosjektet har motteke støtte til omsetjinga frå Norsk kulturråd.

Kunnskapsforlaget tek gjerne i mot forslag som kan vere til nytte i det vidare arbeidet med denne ordboka. Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med avtalar om kopiering gjorde med Kopinor (www.kopinor.no). Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatnings- og straffeansvar. www.kunnskapsforlaget.no

BSOB_1-7.indd 2

17.06.2009 09:20:18


Barnas store bl책 ordbok

NYNORSK

Illustrert av Lars Rudebjer

KUNNSKAPSFORLAGET

BSOB_1-7.indd 3

17.06.2009 09:20:19


a b c d e f g h i j

Kk

kaffi substantiv (kaffien) Kaffi er ein mørkebrun drikk. Han blir som oftast drukken varm. Det er mest vaksne som drikk kaffi. kakao substantiv (kakaoen) Kakao er ein varm drikk som smakar sjokolade. Den blir laga av kakaopulver, mjølk og sukker. X Kakaopulver blir laga av kakaobønner som kjem frå kakaotreet. Kakaobønner er det aller viktigaste for å lage sjokolade.

u r u ng e k

kake substantiv (kaka, kaker) Ei kake er noko som blir baka, og som smakar søtt. Mange kaker inneheld egg, sukker og mjøl. Dei fleste kakene blir steikte i omn.

k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

kakle verb (kaklar, kakla, kakla)

Når hønene lagar lyd med stemma si, kaklar dei.

kaktus substantiv (kaktusen, kaktusar)

Ein kaktus er ei plante som treng særs lite vatn. Kaktusen har ofte piggar.

kald adjektiv (kaldare, kaldast)

Når du blir kald, frys du og får lyst til å verme deg. Eg får ikkje sove når eg er kald på føtene. X Det motsette av kald er varm.

kalender substantiv (kalenderen, kalendrar) Ein kalender er eit oversyn over dagar, veker og månader i eit år. Vi har ein kalender på veggen på kjøkkenet. kalkulator substantiv (kalkulatoren, kalkulatorar) Ein kalkulator er ei lita reknemaskin. kalle verb (kallar, kalla, kalla)

Å kalle nokon for noko er å setje eit namn på han eller ho. Eg skal kalle hunden min Oskar. Eg heiter Kristine, men alle kallar meg Tine.

82

BSBO_074-137_NN_2009.indd 82

17.06.2009 09:55:41


kaffi – kano

kalv substantiv (kalven, kalvar) Kalven er ungen til kua. Ungen til elgen og hjorten heiter òg kalv.

kamp substantiv (kampen, kampar) Når nokon slåss eller konkurrerer, er det ein kamp. X I idrett er det ofte kamp: fotballkamp, handballkamp, tenniskamp.

kamel substantiv (kamelen, kamelar)

Kamelen er eit stort dyr med ein eller to puklar på ryggen. Kamelar kan bære tungt, og dei kan gå lenge i ørkenen utan å drikke. X Veit du kva ein kamel med berre ein pukkel heiter? Du finn det på bokstaven D.

kanin substantiv (kaninen, kaninar)

k

kan SJÅ kunne

Even kan spele fiolin.

kanal substantiv (kanalen, kanalar)

kameleon substantiv

(kameleonen, kameleonar) Kameleonen er eit krypdyr som lever i varme strøk. Han kan skifte farge.

kamera substantiv (kameraet, kamera)

Kamera er eit anna ord for fotoapparat.

Ka me

1. Ein kanal er ein smal vassveg som er bygd av menneske. I Venezia er det mange kanalar. 2. Det finst fleire kanalar på TV-en. Kvar kanal sender forskjellige program. Vi får inn ti kanalar på TV-en vår.

a b c d e f g h i j

Ein kanin er eit lite dyr med mjuk pels og lange øyre.

kano substantiv (kanoen, kanoar) Ein kano er ein lang, smal båt som ein padlar framover med padleårer. len aske i prøver å kn se g

ka kt us

en.

l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

83

BSBO_074-137_NN_2009.indd 83

17.06.2009 09:55:49


kanskje – ketchup

a b c d e f g h i j

k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

kanskje

karusell substantiv (karusellen, karusellar) Ein karusell har seter til å sitje på, og han går rundt og rundt.

kant substantiv (kanten, kantar) Den aller ytste delen av ein ting er kanten. I gamle dagar trudde folk at Jorda var flat og at ein kunne dette utfor kanten.

kasse substantiv (kassen, kassar) 1. Ein kasse er omtrent det same som ei eske, men litt større. 2. Kassen er den staden du betaler når du er i butikken.

Du bruker ordet kanskje om noko som kan hende, men som ikkje er sikkert. Kjem du i morgon? Kanskje.

kapittel substantiv (kapitlet, kapitla)

kaste verb (kastar, kasta, kasta)

Eit kapittel er ein del av ei bok. Første kapittelet handlar om ei dame som finn eit skattekart.

1. Når du kastar ein ting, slengjer du han gjennom lufta. Når eg kastar pinnar, spring hunden min og hentar dei. 2. Å kaste noko kan tyde å kaste det i søppelkassen. Denne penna verkar ikkje lenger, så eg kaster han.

karneval substantiv (karnevalet, karneval) Karneval er ein fest der ein kler seg ut. Tonje skal kle seg ut som cowboy på karnevalet. kart substantiv (kartet, kart) Eit kart er ei slags teikning av ein del av verda. X Ei bok full av kart heiter atlas.

katastrofe substantiv (katastrofen, katastrofar) Ein katastrofe er ei frykteleg ulukke.

katt substantiv (katten, kattar) Ein katt er eit lite rovdyr med mjuk pels. Mange har katt som kjæledyr. X På teiknefilm og i teikneseriar finst det mange kattar. Her er nokre av dei: Sylvester, Garfield, Tom, Pestus og Aristokattene.

Kaninen padlar kano.

keisam adjektiv (keisamare, keisamast) Det som er keisamt, er ikkje artig eller interessant. Filmen var så keisam at eg sovna.

kenguru substantiv (kenguruen, kenguruar) Kenguruen er eit australsk dyr som er god til å hoppe. Kenguruen bærer ungane sine i ei lomme på magen. ketchup substantiv (ketchupen)

Ketchup er ein tjukk, raud saus laga av tomatar, eddik og litt anna. Gina sprutar ketchup på hamburgaren sin.

84

BSBO_074-137_NN_2009.indd 84

17.06.2009 09:55:56


Kom og bli m

kilo – kjele ed på karneval!

kilo substantiv (kiloet, kilo)

Kilo er kort for kilogram. Det er eit mål som tyder tusen gram. Talet på kilo seier kor tung ein ting er. Ein liter vatn veg eit kilo.

kilometer substantiv (kilometeren,

kilometer) Ein kilometer er det same som tusen meter.

kinn substantiv (kinnet, kinn)

Kinna dine er dei to mjuke delane på kvar side av ansiktet ditt.

kino substantiv (kinoen, kinoar)

Ein kino er ein stad kor du kan sjå filmar i ein stor sal.

kirsebær substantiv (kirsebæret,

kirsebær) Eit kirsebær er eit glatt, raudt, saftig bær med ein stein i midten. Kirsebær kan vere søte eller sure.

kiste substantiv (kista, kister) Ei kiste er ein stor kasse med lokk. Sjørøvarane grov ned ei kiste med gullmyntar. kjede substantiv (kjeda, kjeder) 1. Ei kjede er eit smykke til å ha kring halsen. 2. Ei kjede er òg noko som driv eit hjul rundt. Kjeda på sykkelen min har gått sund. kjeks substantiv (kjeksen, kjeks) Ein kjeks er ei tynn, sprø, tørr kake. Dei fleste kjeks er søte. kjele substantiv (kjelen, kjelar) Ein kjele er ein rund ting til å lage mat i. Kjelar er av metall. Eg skal koke mange poteter til middag, så eg treng ein stor kjele.

a b c d e f g h i j

k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

85

BSBO_074-137_NN_2009.indd 85

17.06.2009 09:56:02


kjelke – kjenne

a b c d e f g h i j

kjelke substantiv (kjelken, kjelkar) Ein kjelke er til å ake på, akkurat som eit akebrett. Men kjelken er høgare, og han glir på ei slags ski som sit fast på undersida. Desse skia heiter meiar.

kjempe verb (kjempar, kjempa, kjempa)

1. Når ein kjempar, anstrengjer ein seg alt ein kan. Fiskaren måtte kjempe mot vinden for å få båten sin i land. 2. Å kjempe kan òg tyde å slåss. Soldatane kjempa i mange timar.

kjellar substantiv (kjellaren, kjellarar)

Kjellaren er rommet under huset. Det er mus i kjellaren.

kjempe…

Ved å setje ‘kjempe’ i byrjinga av eit ord, gjer du inhaldet i ordet større og flottare. X Du kan setje saman slike ord sjølv. Her har du nokre å starte med: kjempestor, kjempeglad, kjempegøy, kjempegod.

kjempe substantiv (kjempa, kjemper)

Ei kjempe er ein veldig stor skapning. Den snille kjempa på Galtvort heiter Gygrid. X Ein gigant er det same som ei kjempe.

kjenne verb (kjenner, kjende, kjent)

1. Når du kjenner nokon, har du møtt denne personen før. Eg kjenner den guten, han bur i etasjen under oss. 2. Å kjenne kan tyde å merke med sansane. Eg kjenner at det går ein maur på foten min.

k l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

pa em j K

mpestor gryte. ei kje r a h

86

BSBO_074-137_NN_2009.indd 86

17.06.2009 09:56:08


kjetting – klappe

kjetting substantiv (kjettingen, kjettingar) Ein kjetting er ei kraftig lenke av jarn.

kjønn substantiv (kjønnet, kjønn)

kjole substantiv (kjolen, kjolar) Ein kjole et eit klesplagg med skjørt og overdel som heng saman. Det er jenter og kvinner som bruker kjolar.

kjøpe verb (kjøper, kjøpte, kjøpt)

a b c d e f g h i j

Kjønnet til eit menneske eller dyr fortel om det er gut eller jente.

Å kjøpe noko er å betale for å få ein ting. X Det motsette av å kjøpe er å selje.

kjøretøy substantiv (køyretøyet, køyretøy) Eit køyretøy er noko som kan køyre, til dømes ein bil eller buss.

kjæledyr substantiv (kjæledyret,

kjæledyr) Eit kjæledyr er eit husdyr som ein har fordi det er triveleg. Hundar og kattar er vanlege kjæledyr.

kjøt substantiv (kjøtet)

Kjøt er mat som kjem frå dyr som er vorte slakta.

kjærast substantiv (kjærasten, kjærastar)

Når to menneske som er forelska i kvarande, er i lag ofte, er dei kjærastar. Ole er på kino med kjærasten sin.

klappe verb (klappar, klappa, klappa)

k

1. Når du klappar, slår du hendene saman slik at det blir lyd. Da teaterstykket var ferdig, klappa alle. 2. Viss du klappar katten, stryk du han fint over pelsen.

kjærleik substantiv (kjærleiken)

Kjærleik er ei god kjensle som du har for noko eller nokon.

l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

kjøkken substantiv (kjøkkenet, kjøkken) Kjøkkenet er det rommet i huset kor maten blir laga. Det luktar godt på kjøkkenet når vi bakar bollar. kjøleskåp substantiv (kjøleskåpet,

kjøleskåp) Eit kjøleskåp er eit skåp som held maten kald. Hugs å setje mjølka inn i kjøleskåpet!

kjølig adjektiv (kjøligare, kjøligast) Det som er kjølig, er litt kaldt.

Ku

87

BSBO_074-137_NN_2009.indd 87

av

il h

ak men k ake, aka er i kjøle skåp

et.

17.06.2009 09:56:15


klare – klemme

klasse substantiv (klassen, klassar) Ein klasse er ei gruppe elevar som får undervising saman. Vi er 17 elevar i klassen. klasserom substantiv (klasserommet,

klasserom) Eit klasserom er eit rom på ein skole. Elevane får undervising i klasserommet.

klatre verb (klatrar, klatra, klatra)

tin ar a

vK ar i.

Når du klatrar, bruker du armer og bein til å komme deg oppover, til dømes i eit tre eller ein fjellvegg. Johanne elskar å klatre i tre.

klauv substantiv (klauva, klauver)

kle me n

Klauva er den nedste delen av foten til kyr og griser.

kle verb (kler, kledde, kledd)

1. Å kle på seg er å ta på seg klede. 2. Å kle seg ut tyder å ta på seg eit slags kostyme. Helga kledde seg ut som indianar.

å få

l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

Å klare er det same som å greie. Eg er frykteleg sliten, eg klarer ikkje å gå lenger.

for

k

klare verb (klarer, klarte, klart)

Kristian klatrar o pp i t reet

a b c d e f g h i j

klede substantiv (kleda) Klede er ting av stoff som vi har på oss. Genserar, bukser og jakker er klede. klementin substantiv (klementinen, klementinar) Ein klementin er ei lita, rund og oransje frukt. Han er nesten lik ein mandarin, men har ikkje steinar. klemme verb (klemmer, klemde, klemt) 1. Å klemme kan tyde å gi ein kos til nokon. 2. Å klemme tyder òg å trykkje på noko. Oliver sneik seg inn på rommet til foreldra og klemde på julegåvene.

88

BSBO_074-137_NN_2009.indd 88

17.06.2009 09:56:21


klikk – klø

klikk substantiv (klikket, klikk)

1. Eit klikk er ein liten lyd, omtrent som eit knepp. 2. Eit klikk på musa til datamaskina er eit trykk med fingeren.

klippe verb (klipper, klipte, klipt)

Å klippe er det du gjer med ei saks.

klippfisk substantiv (klippfisken) Klippfisk er fisk som er tørka og salta. X Grunnen til at fisken heiter klippfisk, er at han før i tida vart tørka på klippane. Klipper er det same som berg. klo substantiv (kloa, klør)

Ei klo er den skarpe, spisse naglen på foten til mange dyr og fuglar.

k

klokke substantiv (klokka, klokker)

Ei klokke er ein ting som viser tida. Veit du kor mykje klokka er?

klore verb (klorar, klora, klora)

Å klore er å skrape hardt med klør eller naglar.

klovn substantiv (klovnen, klovnar)

Ein klovn har på seg rare klede og gjer tøysete ting for å få folk til å le. Klovnen på sirkuset hadde raud nase og altfor stor bukse.

klut substantiv (kluten, klutar) Ein klut er eit stykke stoff til å vaske med. klø verb(klør, klødde, klødd)

a b c d e f g h i j

1. Viss det klør ein stad på kroppen din, kjenner du at du må skrape litt på huda akkurat der. Myggstikka klødde fælt. 2. Når du klør noko, skrapar du det litt med naglane eller fingrane. Stian klødde hunden bak øyret.

l m n o p q r s t u v w x y z æ ø å

89

BSBO_074-137_NN_2009.indd 89

17.06.2009 09:56:29

Barnas store blå ordbok - nynorsk  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you