Page 1

Fylkeskulturkonferansen 2016 20.–21. oktober, Lillehammer


informasjon

Samarbeid som skaparkraft Velkommen til Fylkeskulturkonferansen 2016 – samarbeid som skaparkraft! I kulturstrategi for Oppland 2016–2020 er tverrsektorielt samarbeid eit av dei strategiske måla. Fylkeskulturkonferansen er eit eksempel på ein møteplass, skapt i samarbeid mellom fleire fageiningar. På konferansen ynskjer me at det skal vere tema som inspirerer, historier du ikkje kjenner frå før og at du tek med deg ny kunnskap i bagasjen heim. Men aller viktigast er menneska du snakkar med og møter i løpet av desse to dagane og relasjonar som i fortsetjinga kanskje til og med skapar kraft, skaparkraft. Hjalmar Nørstebø-Solbjør, assisterande fylkesrådmann Kyrre Dahl, fylkeskultursjef i Oppland Tone Nyseter, leiar for Oppland fylkesbibliotek Espen Finstad, konstituert fylkeskonservator


program

Dag 1. torsdag 20. oktober 09.30 Registrering 10.00 Kulturell opning «Yr» Ved FRIKAR Hallgrim Hansegård og Ragnhild Hemsing 10:15 Velkommen Ved leiar i komité for opplæring og kultur i Oppland fylkeskommune, Anne-Marte Kolbjørnshus. 10.30 Fargespill – Heile verda på ei scene Presentasjon av prosjektet fargespill, som er ei eksplosiv og sterk førestilling presentert av barn og ungdom frå heile verda, ved Ole Hamre 11.15 Kulturstrategien til Oppland fylkeskommune Ved fylkeskultursjef Kyrre Dahl 11.45 Ung i Oppland 2016 Presentasjon av kunnskapsgrunnlaget Ung i Oppland, ved Sigrun Tomt Ulset 12.15 Lunsj 13.15

Next practice! Kunnskap, skaparlyst og innovasjon er viktige stikkord for biblioteka. Kva er eit bibliotek i dagens samfunn, og korleis kan vi utvikle oss vidare gjennom nye samarbeidsformer? Ved Mona Myrland, biblioteksjef i Vestre Toten.

13.45

Hallgrim Hansegård Kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård stifta FRIKAR i 2006 for å gje folkedans og andre subkulturar større kunstnarlege moglegheiter. Me får eit møte med personen, kunstnaren og gründeren Hallgrim Hansegård som tek oss med inn i kunstnarskapet, prosjektarbeid og visjonar.


Dag 1. torsdag 20. oktober 14.15 Teater Innlandet Med fokus på samarbeid, ved teatersjef Janne Langaas 14.45 Presentasjon av galleri (S)elswhere Ved Hannah Rosvoll 14.55 Kaffipause med galleritur 15.30 Fløyenfestivalen, ungt, ambisiøst og dristig Ved Kjersti Vikør 15.45 Informasjon frå Oppland fylkeskommune 16.30 Utdeling av kunstnarstipend Arbeidsstipend for etablerte kunstnarar og unge kunstnarar i etableringsfasen ved fylkesordførar Even Aleksander Hagen 17.00 Program dag 1 slutt 19.30 Middag med kunstnarleg innslag av Kristin Sevaldsen Etter prisutdelinga vert det samkome for stipendmottakarane 18.30 Møte for kulturleiarar i kommunane – 19.30 Vertskap fylkeskultursjef Kyrre Dahl

Kristin Sevaldsen


program

Dag 2. fredag 21. oktober 09.00 Kulturell opning ved bandet Fieh 09.15

Gjøvik som universitetsby Gjøvik vart ved etablering av NTNU i Gjøvik universitetsby. Dette gir spanande perspektiv for den vidare utviklinga i Gjøvik og kulturperspektivet er med i Gjøvik kommune si studentmelding 2016. Ved ordførar Bjørn Iddberg og viserektor NTNU Jørn Wroldsen.

09.45 Kunnskapsverket, kven er vi og kva driv vi med? Ved leiar Atle Hauge 10.30 Kaffipause 11.00 Tankeplassar langs Pilegrimsleden Ved prosjektleiar Per Erik Fonkalsrud 11.30

Kulturen si rolle og framtid Eirik Newth er utdanna astrofysikar og har sidan 1990 vore forfattar og formidlar av vitskap, teknologi og framtidstenking, med meir. Å forstå framtida handlar ikkje om å spå, då spådommar oftast slår feil. Langt viktigare er det å forstå dei breie drivkreftene og megatrendane som formar vår tid - og tiåra som skal komme.

12.30

Høye gard i Ringebu TIMBR AS samarbeidar med Snøhetta om korleis dei skal utvikle gudbrandsdalsgården Høye gard, til å bli internasjonal arena for leiarutvikling. Kvifor samarbeide med Snøhetta og er det mogeleg å satse så stort i Gudbrandsdalen? Ved Siv Sviland Høye i TIMBR og Snøhetta AS ved Ingebjørg Skaare

13.30 Lunsj og vel heim Med atterhald om endring i programmet


hallgrim hansegård framfører «Yr» Hallgrim Hansegård, kunstnarnavn «HallGrim», født 1980 er ein koreograf som er dedikert til kunsten å bevege seg. Arbeida hans er framført i meir enn 30 land, sensurert av den katolske kyrkja i Italia og er internasjonalt prisløna. I 2013 fekk han The Silver Prize of Perfoming Arts under Prix Italia og i 2009 fekk han prisen for beste koreografi under Eurovision Song Contest. Han er ein av dei mestvinnande hallingdansarane gjennom tidene med fire norgesmeisterskap og kongepokalen som blir delt ut kvart åttande år.

ragnhild hemsing framfører «Yr» Ragnhild skil seg ut blant dei nye talenta i Noreg som ein uvanleg allsidig artist. Djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen i Noreg, gjer ho til ein av dei første artistane, som på ein vellukka måte, smeltar saman typiske trekk ved norsk folkemusikk og klassisk musikk på ein ungdommeleg, frisk og fullt ut moderne måte. Innanfor samtidsmusikk er samarbeidet med Hallgrim Hansegård det mest interessante ho har gjort. Saman har dei framført «Yr» av den norske komponisten Lasse Thoresen, over heile Noreg. «Yr» er eit møte mellom folke-, klassiskog samtidsmusikk- og dans! Fotograf: Hallgrim Hansegård (Pål Laukli), Ragnhild Hemsing (Cathrine Dokken)


kunstnarar som opptrer

kristin sevaldsen framfører kunstnarleg innslag Kristin er musikar, komponist og produsent. Ho vart tildelt arbeidsstipend for etablerte kunstnarar i 2013 frå Oppland fylkeskommune. Kristin er no i sluttfasen av si 4. soloutgiving som skal lanserast i januar 2017. Dette albumet er produsert saman med gitaristen Ronni le Tekrø. I desember reiser ho til Frankrike for å skrive ny musikk til ei plateutgiving saman med den samiske gitaristen Roger Ludvigsen (MariBoineBand). Utgivinga er planlagt til årsskiftet 2017/18. Ho samarbeidar stadig med filmkomponistar i Lillehammer og har sjølv ei vidareutdanning som filmkomponist.

fieh Ola Øveby (trommer) / Andreas Rukan (bass) / Jørgen Kasbo (gitar) / Ruben Gilje (keys) / Sofie Tollefsbøl (vokal)

I 2010/2011 sat Sofie Tollefsbøl å leika med «Garageband» på jenterommet på Eina i Oppland. Etter å ha produsert musikk ei stund, inviterte ho ein gjeng venner/medmusikantar til prosjektet. Bandet har sidan utvida seg litt etter litt, og det kan i dag væra opp til ti musikarar på scena under Fieh-konsertar. I mai 2016 spelte Fieh på Nattjazz, der Krister Wiberg frå Musikknyheter.no ga konserten 10 av 10 og skreiv: «Uhyre sjelden har jeg blitt så til de grader slått i bakken og blitt så imponert og overbevist av nykommere på scenen.» Fieh har høyrbare røter i soul, hiphop og jazz. Fotograf: Kristin Sevaldsen (Cecilie Owren), Fieh (Solveig Wang)


kunstnarstipend i oppland Oppland fylkeskommune har to stipendordningar retta mot profesjonelle kunstnarar: Stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen og arbeidsstipend for etablerte kunstnarar. Stipendet for unge kunstnarar i etableringsfasen skal støtte profesjonelle kunstnarar under 35 år, busett i Oppland, eller som har som hensikt å etablere seg i Oppland. Kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse krevjast. Kunstnarar som er under utdanning kan ikkje søkje om stipend. Stipenda er på kroner 50 000. Arbeidsstipendet for etablerte kustnare har som formål å gje skapande og utøvande kunstnarar mogleik til å arbeide med større kunstprosjekt, utvikle sine kunstnarlege uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk. Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangre, som bur og har sitt virke i Oppland, kan søkje om stipend. Stipendet for etablerte kunstnarar i Oppland er på kroner 200 000.


kunstnarstipend

Diplom utforma av patrick Huse I 2016 har Oppland fylkeskommune utarbeida eit diplom som vert tildelt mottakarane av kunstnarstipend. Diplomet er eit grafisk trykk laga av kunstnaren Patrick Huse, med tittelen «Langs bygdin». Diplomet vert tildelt kunstnarar som har motteke kunstnarstipend frå 2013 (som er så lenge våre noverande ordningar har eksistert) og framover.

«Langs bygdin» - av Patrick Huse


eigne notatar


Foto framside/bakside: Ella Fiskum og Sudesh Adhana frĂĽ fylkeskulturkonferansen 2014. Fotograf Mariann Bjelle.

Fylkeskulturkonferanse 2016 program nett  

Programmet for FYLKESKULTURKONFERANSEN 2016

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you