Page 1

Dag Jørund Lønning

NATURNÆRT HØNSEHALD Lærerikt, kjekt, meiningsfylt, nyttig Forlaget Nyskaping ISBN 978-82-997796-2-3 E-publikasjon

1


Naturnært hønsehald Dag Jørund Lønning

ISBN 978-82-997796-2-3 Epublikasjon © Dag Jørund Lønning 2019 Ingen kopiering utan samtykkje frå forfattar. Epost: kontakt@komposten.no

2


Innhald Flokkstorleik og raseval ………………………… 36

Om forfattaren …………………………. 4

Kor mange høns treng du? ……………………. 44

Om boka ………………………………….. 5

Fòring og stell ……………………………………… 48

Kva er naturnært hønsehald? …………………8

Avl og oppdrett …………………………………… 52

Ansvar og gleder ………………………………….14

Sjukdomar og førebygging ……………………. 56

Høns som naturvesen …………………………..22

Året rundt i hønsegarden …………………….. 60

Ei klimaendringsoppdatering ……… 25

Produksjonsidear og verdiskaping ……….... 64

Kva treng du for å starta opp? …………….... 30

Litteraturforslag …………………………. 70

Hanen si mangfaldige rolle ………… 32

3


Hønsehald har alltid vore ein av forfattaren sine store lidenskapar. Han har halde rasehøns i 25 år, og nytta mykje tid på å studera åtferda til desse fascinerande skapningane. Dette skrivet går inn som del av Lønning sitt mangeårige arbeid med eit meir naturnært jord- og hagebruk.

Om forfattaren Dag Jørund Lønning er utdanna sosialantropolog og prosessfilosof, og er til dagleg rektor og professor ved Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) på Bryne. Han er forfattaren bak m.a. dei to salssuksessane Jordboka og Jordboka IIi - bøkene om det fantastiske økosystemet i matjorda og om Den nye grøne revolusjonen. Han er oppvaksen på gard, og saman med kona Anne-Mette og borna Mikkjell og Maia har han opp gjennom åra drive tre småbruk og eitt «minibruk» – det siste er noverande bustad på Jæren.

4


kom raskt til at dette burde ha nytte for fleire. Høns blir berre meir og meir populære hagedyr, og kunnskapsbehovet desto større. Ikkje minst blant dei mange som ønskjer å produsera meir av eigen mat sjølv.

Om boka Utgangspunktet for denne boka er eit kurs eg arrangerte på Stend Jordbruksskule i småskala, økologisk hønsehald. Dette var så langt tilbake som i 1998. Då budde eg og familien på eit nyinnkjøpt småbruk på Sotra der økologiske fjørfe vart ein hovudaktivitet.

Boka er meint som inspirasjon og oppstartskunnskap for den som ønskjer høns i hagen til glede og nytte. Ein gong gjekk det småflokkar med høns på dei fleste tun. Eit betre sjølvforsyningsdyr finst ikkje. Enkelt og triveleg. Tunhøna er no tilbake for fullt, og det er ho denne teksten handlar om. Teksten blei revidert og oppdatert i 2019, 21 år etter at den først vart skriven. For vår del har hønsa vore med oss, i varierande tal, heile vegen i denne perioden. For det er noko særskilt med desse vakre, trivelege og nyttige fuglane. Ein

Teksten blei liggjande på ein gammal harddisk, og dukka ved eit tilfelle opp under ei opprydding. Eg 5


klarar seg ikkje utan dei. Dei høyrer heime i hagen.

Jæren, november/desember 2019 Dag Jørund Lønning

Dette er ein kort tekst, men den er likevel innom det meste av det du treng vita for å gje dyra dine gode liv (og difor få mest mogleg att av verdiskaping og glede). Bilda er også ein svært viktig del av boka. Eg har tatt dei alle sjølv over ein tidsperiode på nesten 20 år. Dei uttrykkjer korleis tunhøna er ein naturleg og integrert del av liva våre på garden og i hagen. Nokre av bilda er reine illustrasjonsfoto, andre kjem med eigen tekst. Eg ønskjer deg lukke til som tunhønshaldar. Du har mange gleder i vente.

. 6


7


Ordet «naturnært» uttrykkjer ei retning, ein vedvarande visjon om heile tida å koma tettare både på dyra og deira behov og på kva positive økosystemrollar dei kan utøva i hagen.

Kva er naturnært hønsehald? Svaret er todelt. For det første skal høna få høve til å leva så tett opp til sine naturlege instinkt og behov som råd. For det andre skal måten me held høns på heller ikkje koma i konflikt med anna liv rundt oss. Snarare tvert om. Me ønskjer at drifta skal vera med og stimulera det biologiske mangfaldet i hagen.

Dette skrivet vil fokusera på småskaladrift, men utan å ekskludera det meir direkte produksjonsaspektet. Allereie her vil eg likevel klargjera at stordrift med tusenvis av dyr er langt utanfor det eg vil definera som «naturnært». Den som vil driva slik, lyt difor søkja kunnskap andre stader. Heller ikkje den som ser på høns som «samleobjekt», vil finna særleg nyttig informasjon her. Eg har vore knytt til rasefjørfemiljø over lengre tid, og diverre kome borti menneske som aldri eigentleg burde halde høns. Dyr står tett i tett i tronge bur inne. Reinhaldet er alt for dårleg og parasittane florerer. Dei offentlege kontrollane 8


er nesten ikkje-eksisterande, og organisasjonane på feltet har ikkje minstestandardar for medlemsskap. Dette er like lite naturnært.

Nokre blir og veldig gamle. Me har ei no som nærmar seg 13 år. Ho er ei slags supermamma for veldig mange andre i flokken. Også fleire av dei andre hønsa våre er godt oppi åra. Dei legg egg endå. Hadde eg tatt livet av dei med ein gong produksjonen byrja å gå bittelitt ned, hadde eg aldri fått høve til å bli kjent med særeigenheiter og spesielle evner. Det er med dyr som med menneske; ein spelar ulike roller i samfunnet i ulike stadium av livet.

Felles for båe desse driftsformene, er at dei i forsvinnande liten grad tek omsyn til at høns er levande vesen med sterk individualitet. Ingen høns er like. Nokre blir fort tamme, nokre aldri. Nokre kjem springande og set seg på fanget ditt, andre kjem aldri nærare enn eit par meter. Nokre et av handa, andre et knappast når mennesket er i nærleiken i det heile. Nokre kjem når du ropar på dei og lærer seg å hoppa opp og ta maten ut av handa di. Andre lærer seg å klatra i tre (!). Nokre er utbrytarkongar og finn ut korleis døra til hønsehuset kan opnast. Nokre lærer seg å fanga mus (me har hatt to som har gjort dette), medan andre att er så glade i kyllingar at dei prøver å ta over alle andre sine (i tillegg til sine eigne). 9


næringsrike plantane er og kor i hagen det er best sjanse for å finna godbitar. Han held flokken samla, og han kan det meste om farar og korleis dei skal varslast. Og nettopp difor er dei i flokken båe to. Både den unge og den gamle hanen. Utgangspunktet vårt må vera at høns er uhyre komplekse vesen med ei lang rekke behov, evner og særeigenheiter. Drifta vår skal løfta fram desse. Høna er i seg sjølv er eit økosystembyggjande dyr om dei rette tilhøve vert lagt til rette. Kunsten er å gjera våre fjørkledde vener til del av garden eller hagen sitt totaløkologiske samspel. Høna må setjast i arbeid! Med å eta insekt, med å utnytta den mat som elles ville vorte kasta eller kompostert, med å produsera nitrogenrik gjødsel, og med - i tillegg til alt dette - å gje oss proteinrike

Hanen Hentur passar på flokken med islandshøns. Han blei 10 år. Høna bakerst, Pica Pica, er no 13 år. Den gode hønseflokken er like mangfaldig som det gode menneskesamfunnet. Den gamle hanen frør ikkje så mange egg. Unghanen er meir effektiv her. Men gamlehanen veit korleis det meste fungerer. Han veit kor dei mest 10


egg, og, for den karnivore, velsmakande og saftig kjøt til grillen.

Maktar me å arbeida fram slike dyr, vil også det økonomiske utbyttet vårt - i form av produkt til oss sjølve eller for sal - bli større. Og, ikkje minst, få ein svært god kvalitet.

Høna likar å jobba for føda! Ikkje nødvendigvis grunna høgt utvikla medvit om korleis dagen skal disponerast, men fordi det som for oss framstår som nyttig arbeid er instinktiv åtferd for høna. Ei høne som skal trivast og produsera innanfor eit breiare naturnært system, lyt ha alle sine naturlege instinkt i behald. Den skal trenga minimalt med kunstig vitamintilførsel, den skal ikkje måtta isolerast bak smittesluser og stellast av folk i kvite frakkar for å unngå å bli sjuk. Den skal produsera i mykje meir enn eitt år, den skal ikkje byrja å hakka på medsystrer, den skal kunna reprodusera seg sjølv, og den skal kunna verna seg mot og/eller flykta frå farar.

11


Alt liv fortener respekt. Det ikkje-menneskeleg liv me inviterer inn på tunet og mobiliserer til å arbeida for oss, fortener særleg respekt. Ein veldig enkel måte å visa slik respekt på er å tildela dyr namn. Me gjer det med hunden og katten. Kvifor ikkje med høna? For hønsehaldaren med den vesle tunflokken bør dette vera ei overkomeleg oppgåve. Dyret som får eit namn får samtidig ein identitet, i menneskeverda. Ein eigen eksistens. Det fangar blikket vårt på ein ny måte. Det finst. Me viser og takksemd for den jobb dyret legg ned. Her er Gulla oppå stolen og Esmeralda under.

12


13


nokre veker eller månader, til dei er akkurat store nok til å bli broilerar. Og berre her i Noreg blir fleire millionar verpehøns avliva og destruerte (det blir hevda at ingen kjøper hønsekjøt) så snart verpinga byrjar å avta. Då er desse produksjonshybridane berre så vidt over årsgamle.

Ansvar og gleder Høns lir av at dei er «billege». Der meir «eksotiske» fjørfe, som t.d. papegøyar, kan kosta tusenvis av kroner i innkjøp pr dyr, får ein produksjonshøns for nokre kronestykke og rasehøns for nokre tiarar (kyllingar). Dette får konsekvensar. Eg har sett nok av døme innanfor rasefjørfehaldet på at dyr blir haldne under uverdige forhold, og først og fremst sett på som ei enkel inntektskjelde. Ein rugemaskin kostar trass alt ikkje mange pengane, og marknaden for kyllingar er veldig stor. Innanfor det storskala profesjonelle fjørfehaldet blir dette lågverdifokuset endå mykje tydelegare. Millionar av fjørfe blir «sjalta ut» alt som nyklekte. Først og fremst fordi dei blir fødde med feil kjønn. Nye millionar av kyllingar får berre leva 14


Billeg produksjon, billege dyr, billeg mat. Levande dyr blir reduserte til vekt og tonnasje, menneske til kravstore og einspora forbrukarar. Sjølve definisjonen på ein vond sirkel. Den er denne sirkelen som må brytast. Dyr er så langt meir enn berre vekt, og mennesket kan vera så mykje meir enn primitiv kravmentalitet. Her eg sit og blar meg gjennom gamle og nye hønsebilde på datamaskin og forlagte harddiskar, tenkjer eg tilbake på mange og rike opplevingar med desse fantastiske fjørkledde dyra. Opplevingar gjennom fleire tiår.

Men den største verdiskapinga ligg ikkje i produkta. Den ligg i glede og trivsel. Glede ved å koma så tett på og læra så mykje om levesettet til desse fantastiske skapningane. Trivsel ved å ha dei rundt seg, og oppleva den positive effekt dei har på samværet mellom menneske og mellom menneske og anna levande.

Dei har gitt oss alt me har trengt av egg, ja (stort sett mykje meir enn me har trengt, slik at også vener og naboar har fått rikelege høve til å smaka på godbitane). Kjøt har me også fått, velsmakande kjøt basert på stort opptak av grønt og insektliv frå naturen. 15


For det å ha dyr gjer noko med ein. Det gjer noko med korleis me omgåst kvarandre og med relasjonane våre til den ikkje-menneskelege verda. Den som opnar augo og sinnet for naturen, slik den også spelar seg ut i åtferda og gjeremåla til husdyra våre, opnar for livslang læring. Naturen er alltid skapande. Den har alltid noko å læra frå seg. Biofili er elsken og kjærleiken til naturen. Biofili trumfar dei to populære samtidsgudane Tonnasje og Mammon, gudane som vil redusera dyr til vekt og pengeverdi. Som menneske er me alle disponerte for å bli forelska i sjølve livet. Alt liv, menneskeleg og ikkje-menneskeleg. Alle sider ved livet. Livet er heilskap og samanheng. Det uttrykkjer seg på mangfaldige, kreative og uventa måtar.

Det er denne djupe elsken, gleda og kunnskapen, nærleiken til desse utrulege dyra kan leia til. Men den kjem så absolutt ikkje av seg sjølv. Dyr må få for å kunna gje. Dei må få høve til å koma så tett på sine eigne potensial som råd. Det er først då du møter overskottet, det sprudlande, spontane, leiken, det utettervende. Det er først då kommunikasjonen mellom deg og dyret oppstår. De ser kvarandre. 16


Dyr sluttar då å vera berre noko du samlar på og kan gå lei av. Heller ikkje kan dei reduserast til kjøttfylde og talet på egg. Dei får individualitet, «personlegdom» og verde. At me menneske finn att den djupe respekten for livet, er ein av dei verkelege nøklane til ei grøn framtid. Høns kan hjelpa oss med dette. Hjelpa oss til å sjå livet sin eigenverdi. Når me held dyr, tek me på oss eit enormt ansvar for å leggja til rette for at det mangfaldige, grensesprengande livet får spela seg ut.

Dette får sjølvsagt alvorlege konsekvensar for trivselen til dyret. Det me ikkje tenkjer på, er at det også slår tilbake på oss sjølve. For når me stengjer det utforskande livet inne, stenger me også av den tovegs kommunikasjonen, naturlæringa, trivselen og gleda.

Som dyreeigarar har me all makt. Me har lagnaden til anna liv i våre hender. Når me stenger livet inne i det tronge buret, er me ikkje medvitne dette ansvaret. Då behandlar me det levande som om det var eit daudt objekt.

Trivsel kan berre eksistera som tovegs. Berre dyret som trivst kan gje trivsel tilbake. Trivsel føder 17


trivsel, mistrivsel føder mistrivsel. Dyr som mistrivst inviterer ikkje til samvær. Dei blir i staden nedprioriterte, noko som gir endå meir mistrivsel. Nok ein vond sirkel.

tilbake. Når dyra der ute derimot mistrivst, tek røktaren denne mistrivselen med seg inn i stova. Ein ser ikkje lenger fram til å gå i hønsehuset. Det blir ei plikt, ikkje ei glede. Dette burde vera eit absolutt krav til alle dyreeigarar: Det levande kan ikkje leggjast bort og nedprioriterast når ein går lei. Det flotte med høns, er likevel at dei eigentleg ikkje krev så veldig mykje av tida vår. Om me legg til rette for det, er dei svært så sjølvgåande. Dei må ha rikeleg med plass, tørt strø, le for kald vind, eit høveleg tal andre høns rundt seg, tilgang på næringsrett fôr og reint vatn. Ingenting av dette treng vera særleg arbeidskrevjande. Desto kjekkare blir det å bruka meir tid saman med dyra. Kvalitetstid. Til observasjon, kommunikasjon, tovegs utforsking og læring.

Så sjølvsagt er dyrevelferd menneskevelferd. Dei to heng tett saman. Det går ikkje lang tid før den opne og læringsvillige hønsehaldaren oppdagar dette. Dyr som trivst gir så uendeleg mykje 18


Og ikkje minst til leik. Me leikar for lite i dag. Homo ludens, det leikande mennesket, er i røynda ein stor del av den me er fødd som. Å leika og læra med naturen er den viktigaste oppskrifta på overleving. Samtidig har leiken sitt eige rom. Den har ikkje i utgangspunktet ein bestemt hensikt. Den vil seg sjølv og gir si eiga løn. Slik er det med dyr og. Dyr blir aldri vaksne, dersom vaksen tyder å slutta å leika.

neste gong. Også opp i fanget ditt, eller opp på aksla di. For deg som røktar er dette ei gyllen stund. Der og då oppdagar du at dette dyret ikkje er «billeg» i det heile. Tvert om; det gir deg minne og opplevingsrikdomar som formar deg som naturmenneske. Rikdomar du ber med deg heile livet.

Gallus ludens, den leikande høne, er ei fryd å observera. Ho er nyfiken, ho utforskar, sjekkar ut: Kva er etande? Kva er spennande? Kva er farleg? Kva er morosamt? Også menneske blir utsette for den prøvande leiken. Høns kan kjenna att opptil 100 ulike menneskeansikt,ii og dei lærer fort å skilja mellom vennlegsinna og mindre vennlegsinna menneske. Finn høna ut at det å koma bort til deg fører godt med seg, kjem ho att 19


også mellom ulike dyreslag. Opp gjennom åra har me hatt både ku, sauer, geiter, ender, gjess og hest saman med hønseflokken. Dei lærer seg alltid ein form for felles kommunikasjon.

Og (bilde neste side) border colliane våre tek meir enn gjerne på seg jobben som kyllingvaktarar..

Tunhøna er ein grensebrytar. Ho inviterer til nye former for fellesskap. Mellom folk og dyr, men

20


21


Høns som naturvesen Høns som ikkje får oppfylt sine naturlege behov vil keia seg. Og då startar uvanane. Dei byrjar å eta egg, plukka på naboen, og, etter kvart, å generelt mistrivast. Om dyra blir haldne på same innskrenka stad utan særlege gjeremål, kan keisemd fort bli eit alvorleg problem. Og sjølv tilgang til den tradisjonelle, inngjerda hønsegarden, treng ikkje gjera situasjonen så mykje betre. Frendur. Islandshøns

For veldig ofte er denne hønsegarden berre eit gjørmehol. Oppbygd som den er av 20 års samantrampa hønseskit, er det lite hønsa kan nytta den til. Ikkje kan underlaget sparkast i, og dessutan vil det truleg ha eit høgt innhald av parasittar og smittestoff.

Konsekvens 1: Sjuke høns som keiar seg. Konsekvens 2: Ein masse ekstra-arbeid for røktar. Problemet her er måten me tenkjer på. Høns treng noko å halda på med. Jobb, rett og slett. Høns som får leva ut instinkta sine, keisar seg ikkje. Og vert sjeldan sjuke. For røktaren vil 22


arbeidet då stort sett avgrensa seg til å plukka egg, etterfylla litt fôr og vatn, og skrapa litt gjødsel under vaglane i ny og ne.

frittgåande vil dei finna store delar av det dei treng sjølve - noko som vil merkast på fôrutgiftene. Ulempa er ein del egg spreidd rundt på meir eller mindre ideelle stader. Svaret då er å konstruera verpekassar som verkar tiltrekkjande, og, ikkje minst, sørgja for at det er nok av dei. Gamle råd om at høns som hakkar på andre lir av proteinmangel kan stort sett gløymast. Ikkje fordi det ikkje er sant, men fordi verkeleg frittgåande høns ikkje vil lida av proteinmangel. Eit anna alternativ er å ha fleire løpegardar. Når den eine er opptrakka, skiftar du dyra over til den neste, og sår att den første. Slik får du nyttiggjort gjødsla, samt hindra gjørmehav og avrenning. Ein tredje måte er såkalla flyttbare gjerde. Det finst fleire typar straumgjerde for fjørfe. Dei er enkle å setja opp og flytta, og du kan leia dyra over arealet ditt i eit spanande skiftesystem som kan inkludera

Korleis oppnår me så dette? For dei som har nok av plass, vil det meste koma av seg sjølv. Med god tilvenning, stikk ikkje høns av. Dei treng difor strengt tatt ikkje gjerde. Totalt 23


både bed og åker etter hausting. Små, flyttbare hus er og lette å konstruera.

Når graset i den nye luftegarden byrjar å bli borte og underlaget byrjar å bli svart, tilfører du eit godt lag med halm på toppen. Ja, eigentleg treng ein berre leggja inn halmballane. Før høna spreier dei meir enn gjerne sjølv. Halm (du kan også bruka tørt lauv og gamle høyrestar) er flott å sparka i. Og med gjødsel på toppen vert dette over tid omdanna til laus, feit og fin kompost. Denne vil tiltrekkja seg hordar av nyttige mikroorganismar og meitemark, og høna får endå fleire grunnar til å sparka. Med andre ord, du har litt jobb å gjera for høna her, men får rikeleg att med det ho gjer for deg. Den kompostjorda du fleire gongar i året kan spa ut av hønsegarden er av fabelaktig kvalitet. Høna, på si side, rekk ikkje å utvikla unotar, og hønsegarden held seg fri for smitte.

Men det finst ei råd også for den som er bunden til ein fast stasjonert hønsegard. Løysinga heiter halmgarden. Gjennom denne produserer me kunstig det skogbotn-miljø som høna i røynda søkjer. Halmgarden fungerer på følgjande vis: 24


Uansett, bruk hønsa dine! Har du beitedyr, så la høna få gå saman med dei og plukka insekt og beiteparasittar. Har du drivhus, så la hønsa få nytta det om vinteren. Då vil ho gjødsla, venda om jorda, plukka ugrasfrø, og utrydda tusselusa. Du finn sikkert på fleire arbeidsoppgåver. Hugs at naturnære høns er arbeidshøns.

Ei klimaendringsoppdatering Aukande rengmengder er ei utfordring også for den som held hagehøns. Det går alvorleg utover trivselen til dyra. Høns likar ikkje fukt og væte! Under slike forhold søkjer dei seg oftare til tørre miljø under tak.

For dei fleste vil kan hende ein kombinasjon av dei to metodane vera det ideelle. I vekstsesongen treng åker og bed vern. Difor held ein hønseflokken borte, anten gjennom å halda dei i halmgarden, eller gjennom flyttbare gjerde. Resten av året, får høna fritt spelerom til å leggja gjødsla der den vil - og som oftast er det på stader den kjem til nytte.

Ei god løysing kan vera å setja sjølve hønsehuset på pælar. Rommet under huset blir fort ein favorittopphaldsstad for dyra når det regnar (OG 25


når dei søkjer seg bort frå den ofte alt for varme sommarsola).

vatnet borte, medan lyset slepp inn. Ei ekstra positiv side ved dette er at behovet for hus blir kraftig redusert. Har ein overbygd utegard, er det eigentleg nok med eit vindtetta hjørne med sitjepinnar. Der vil dyra trivast svært godt på nattestid. (Bur du i eit område av landet der det blir veldig kaldt om vinteren, bør du nok uansett vurdera tett hus.) Ei føremon med taket er også at halmbruken vil gå kraftig ned. Men samtidig vil omdanninga til kompost meir eller mindre stoppa opp. Kompostering krev om lag 50% råme, medan det her blir såpass tørt i strøet at lite vil skje.

Men også halmgarden blir meir arbeidskrevjande når regnmengda stig. Det må snuast meir for hand, og det må tilførast tørr halm oftare.

Ein kan gjera fleire ting for å bøta på dette: spreia litt vatn i strøet i ny og ne, eller ta ut blandinga av halm og hønseskit og kompostera under meir veleigna forhold annan stad. Ein kan også leggja

Blir det for ille, er det berre eitt tiltak som eigentleg hjelper: tak over hønsegarden. Gjennomsiktige plater er ideelle her. Då held ein 26


blandinga direkte i eit tynt lag oppü üker eller bed. Helst nokre veker før utplanting. Flott kompost og god vekst vert det uansett.

27


Høns elskar å sparka. Dei er nyfikne dyr som alltid må finna ut kva som ligg under. Kanskje er det noko etande? Underlaget skal ALLTID vera laust. Fasttrampa underlag med lag av hønseskit oppå er oppskrift på sjukdom og stressa dyr. Du kan bruka halm, høy eller lauv. Du kan gjerne leggja halm i botnen, og så fylla på med lauv etter kvart. Dyra kjem alltid stormande til når du legg inn nytt lauv. Etter kort tid har dei blanda alt. Skal du bruka tremateriale er flis (frå kompostkverna) betre enn tørr spon. Spon kan klumpa seg, støvar lett, og vil også ta lang tid å kompostera. Brukar du flis, må

du likevel rekna inn litt tid til å snu i materialet manuelt av og til.

28


29


Kva treng du for å starta opp? I røynda er det små investeringar som skal til for å byrja med høns. Me har vore innom utegarden. Ei nokolunde trygg inngjerding er to meter høg og litt nedgraven i bakken i tillegg. Eit dekke over bør du alltid ha. Me brukar ei gammal fiskenot. Den hindrar effektivt åtak frå lufta. For hønsehauken vil utegarden framstå som den reine buffeen, og på kort tid kan hauken påføra dyra mykje liding. Med overdekke slepp du dette. Heilt trygg for rovdyr/predatorar vert hønsegarden likevel aldri (eller rettare; den 100% trygge vert veldig dyr!). Det viktigaste her er ein viss menneskeleg kontroll, og at dyra har ein trygg og trekkfri stad til natteopphald. Hønsehuset sin funksjon er å gje vern mot rovdyr, vind og væte. Varme trengst ikkje! 30


Naturleg framavla høns har tjukk fjørdrakt, og produserer meir enn nok varme sjølve til å hjelpa seg. Gløym alle 50-talsmytar om at høna skal stengjast inne om vinteren. Gje den fritt val, og du vil oppdaga at store snømengder stort sett er det einaste som held sunne og friske høns innandørs (dei tøffe i flokken vågar seg ut under slike forhold og!).

Det aller viktigaste er at huset er tørt, men det må heller ikkje vera for lite. 3 høns pr. m2 bør vera absolutt maksimum (utegarden kjem sjølvsagt i tillegg til dette). I tillegg bør du ha minst 25 cm med vaglehøve pr dyr, høve til å samla gjødsel under vaglepinnane (for der kjem det meste), sandbad, og rikeleg med verpekassar - ikkje meir enn 4 dyr pr. kasse.

Kulde har liten innverknad på dyra så lenge vatnet held seg frostfritt. Ei enkel varmeplate på nokre få watt gjer den jobben. Alternativt påfyll med varmt vatn om morgonen. Den energikrevjande varmelampa er ikkje naudsynt for vaksne dyr, men kan elles vera god å ha som «backup» for kyllingar og ungdyr som vart klekte litt seint i sesongen og ikkje er fullt ut frostherda når vinteren kjem. 31


Ideelt sett bør huset også vera ljost. Slik vil du trenga mindre kunstig ljos. Men for all del, det meste går når det gjeld hønsehus. Eg har sett ferdigsnekra og forseggjorde hus på nokre kvadrat til fleire titals tusen. Vit då at nokre plankebitar og eit hjørne i løe eller garasje vil gjera same nytta. Dyre og isolerte hus med oppvarming vil på sikt redusera høna sine naturlege kvalitetar. Og det vil me vel ikkje?

hønsehald er hanen sånn bortimot uunnværleg. Rolla han spelar i flokkfornyinga er berre eitt moment. Like viktige arbeidsoppgåver for den gode hanen er vaktteneste og matleit.

Hanen si mangfaldige rolle Eit spørsmål som ofte dukkar opp er kor vidt ein treng hane. Svaret er «Ja, helst». No klarar jo høna seg utan han (sjølv om det vert dårleg med reproduksjonen). Nokre hevdar og at hanen kan vera smittespreiar ved å overføra eggleiarinflammasjon. Mi røynsle tilseier noko anna. Me har hatt massevis av hanar, men aldri opplevd problem med dette. I eit naturnært

Sjefshanen vår, Kompis, redda ein god del høns for oss. Han var ein meister i å få auga på den lurande hauken, og den spesielle varsellyden han 32


då stemde i med medførte lynrask reaksjon frå hønseflokken. Dei pila inn i løa eller under næraste busk. På eit blunk var alle borte vekk. Sjølv då han, på sine eldre dagar, vart detronisert, heldt han fram i jobben som varslar. Høna kjenner seg friare til å utforska og til å arbeida dersom ho veit at hanefar passar på. Så har du høve til å halda hane, så gjer det. Bestikk heller den hanegalskeptiske naboen din med rikeleg med egg!

33


34


35


Når ein tenkjer over det, er det ikkje så rart. Mange produksjonshybridar er avla fram i bur, eller, alternativt, i golvopplegg som i praksis skil seg lite frå burdrift. Naturleg åtferd har blitt systematisk undertrykt over generasjonar.

Flokkstorleik og raseval «Naturleg avla høns» betyr ikkje nødvendigvis reine rasar. Bastarden kan vera vel så god. Men den gode bastarden er avla frå dei reine rasane, dei som har fått utvikla genane sine i friluft. Såkalla eggeproduserande hybridar kan fungera godt om ein finn fram til særleg hardføre produksjonsliner. Eg kjenner mange som har hatt gode erfaringar med slike i naturnær eggproduksjon. Men du kan også vera uheldig. P.g.a. einsidig avl på produksjon, kan andre nødvendige og naturlege eigenskapar ha blitt nedprioriterte. Det kan oppstå problem med hakking/kannibalisme, med manglande vilje til å vagla seg, med lyst og evne til å finna mat sjølv, med reproduksjon, med tidleg produksjonsavgang. Osv.

For den som skal ha eit mindre tal dyr først og fremst til sjølvforsyning, er ein uansett tryggare 36


med å velja reine rasar. Dei er generelt meir robuste, og dei produserer stort sett på høgt nivå over lengre tid. For også i denne mangfaldige verda av fargar og storleikar finst det ypparlege eggleggjarar.

Desse gamle rasane er framleis med oss, men over tid har dette landskapet blitt atskilleg meir mangfaldig. I vår tid deler me gjerne rasehøns inn i fem kategoriar. Eg nemner nokre rasedøme under kvar kategori, men det finst og veldig mange fleire enn desse å få tak i:

Den store føremona med dei gamle produksjonsrasane, er at dei aldri har vore i bur. Dei veit med andre ord kva dei skal gjera når du slepper dei ut i det fri. Fram til 40-talet - då industrialiseringa og standardiseringa av det norske landbruket tok til var det tunhøna som dominerte på norske gardsbruk. Ho var representert med rasar som Jærhøns, Minorca, Italienarar (dei reinrasa typane), Rhode Island Reds, Plymouth Rock (bilde over) og Lys Sussex.

Dverghøns. Små og ofte ornamentale høns. Fleire rasar legg likevel godt med egg. Dei små dvergegga 37


har sin sjarm på matbordet. Dei siste åra har me hatt ein herleg flokk av rasen Serama, verdas minste hønserase, på tunet (bildet over). Dei er fargerike og morosame, utruleg tillitsfulle, og i tillegg veldig gode leggjarar av egg som er langt større enn det storleiken på dyra skulle tilseia.

mange fargar. Dette er dei ekte vikinghønsa, og ein av dei eldste rasar me kjenner til. Dei er svært hardføre, trivelege å ha med og gjera, og særs gode eggleggjarar.

- Mellomstore høns. Desse er omlag på storleik med produksjonshybridane. Rasar som Jærhøns, Islandshøns, Danske landhøns, Minorca og Italienar er å finna i denne gruppa. Rasen Rhode Island Reds vert og ofte rekna med her, sjølv om den er noko større. Generelt er desse rasane gode eggleggjarar, men mindre eigna til slakt. Rugelyst varierer mellom rasane.

- Kombinasjonsrasar. Her er det og eit stort tal rasar å velja mellom. Felles for dei er eit breitt bruksområde. Fleire er gode eggleggjarar og samstundes svært velsmakande og saftige slaktedyr. Av dei mest nytta er Lys Sussex,

Me har hatt ei rekke av desse rasane opp gjennom åra. Skulle eg halda fram ein av dei som den perfekte tunhønsa, måtte det bli Islandshøns (bilde under). Som dvergrasen Serama kjem dei i 38


Plymouth Rock og Australorps. Den franske rasen Maran kan også nemnast, kjend som den er for sine mørkebrune egg. Innanfor desse rasane er det endå stammar med god rugelyst.

litt å setja tenna i. Rekn med noko ekstra på foret her. Men du får flotte dyr, som ofte er svært rolege. Grunna tjukk fjørdrakt, vil dei og gjerne halda fram med egglegging vinterstid. Fleire rasar her er gode rugehøns, og det trengst ikkje mange dyr for å kunna klekka ut det ein treng for å reprodusera stamma på garden.

Generelt må ein rekna eit litt større foropptak pr. dyr enn tilfellet er blant dei mellomstore. - Kjempehøns. Fleire rasar er å få tak i innanfor denne gruppa: Orpington, Kochin, Brahma, Jersey kjempe. Dette er mindre gode eggleggjarar, men fantastiske slaktedyr. Når vekta går over 5 kilo, er det og

- Prydhøns. Blant raseoppdrettarar finst i dag eit stort tal store eller små høns som vert haldne først og fremst for prydverdi. I utgangspunktet kan dette verka som å strida mot naturnære ideal, men samstundes skal ein hugsa på at også slike kan bli arbeidshøns (den eksotiske Perlehøna er t.d. kjent som ein glimrande flått-utryddar!). Generelt er problemet med rasefjørfeavl - slik eg ser det (og eg tergar nok på meg ein del rasefjørfeavlarar her) - at fleire og fleire gode bruksrasar vert tekne inn i og handsama som del 39


av siste kategori, altså som prydhøns. Då vert det avla først og fremst på eksteriør, medan brukseigenskapane kjem i andre rekkje. Her må eit heilt system vera med og dela på skuld, ettersom brukseigenskapar - m.a. eggproduksjon, slakteverdi, nøysemd, arbeidslyst - ikkje gjev poeng på utstillingar. Eit døme er rasen Minorca, som i første del av førre århundre var ein mykje utbreidd og vel ansett eggleggjar på norske gardstun. I dag finst det framleis Minorca i landet, men først og fremst utstillingsdyr som produserer langt dårlegare.

kombinera ulike rasar til ulike føremål? På sikt er det sjølvsagt ingenting i vegen for å skapa sine eigne høns. Blandingshøns kan vera både spennande og trivelege.

Det naturnære hønseavlet bør ha som mål å gjenreisa den hardføre og breispektra brukshøna. Nyttar me oss av reine rasar, bør det i og for seg vera eit ideal å ta vare på rasetypiske trekk. Men i vårt naturnære totalregnskap er det mange andre avlskriterium å ivareta. Kan hende ynskjer du og å 40


Orpington Dette er store og tunge dyr. Dei legg ikkje så mange egg, men er til gjengjeld veldig lette å få tamme. Dei er også svært gode kjøttdyr. Den nærmaste hanen heitte Guldbrand.

Australorps. Ein av hønseverda sine klassikar-rasar. Blåmann og Kristoffer 41


Rhode Island Reds

Skånske blommehøns

Denne hanen, Kompis, hoppa halvannan meter opp og banka på kjøkenruta for å få godbitar. Han blei reine attraksjonen.

Gammal svensk landrase. Gode eggleggjarar og kjekke dyr. Annika og Esmeralda på utflukt.

42


Sølvranda Wyandott

Lys Sussex

Mina. Denne fargen, sølvranda, er ein av dei vakraste i hønseverda. Ein finn den hos fleire rasar.

Dette er ein av verdas beste kombinasjonsrasar. Dei gir både godt med egg og ypparleg kjøt. Denne unghanen blei sjefen over alle sjefar i hønsegarden då han vaks til, og fekk difor namnet Knogen.

Wyandott blei rekna som ein svært god kjøttrase i si tid. 43


ha så mykje plass at dette individet lenger nede på rangstigen skal ha rom for å stikka så langt bort at dei ikkje lenger blir oppfatta å utgjera eit trugsmål mot rangordninga. Då blir aldri «hakking» noko problem.

Kor mange høns treng du? Når då raseval er gjort, er eit anna sentralt spørsmål kor mange dyr ein treng. Til sjølvberging med egg vil ikkje det vera mange. 4 5 høns og ein hane kan vera eit utgangspunkt. Har du ynskje om sal av egg eller kjøt, trengst det sjølvsagt meir. Hugs likevel at det finst klare grenser for kor mange høns som kan/bør gå saman. Skal me kunna ivareta idealet om dyrehald i pakt med dyret sine naturlege behov, er flokkstorleik eit vesentleg moment. Den berømte hakkeordenen gjer at kvart individ har sin klart definerte plass i flokken og veit korleis det skal oppføra seg overfor både under- og overordna.

Forsking viser at høns kan kjenna att opp til 30 andre individ som del av flokken.iii Går ein over dette talet, og det gjer jo dei fleste som skal

Den lågtrangerte høna eller hanen som «snik i matkøen», vil få seg eit åtvarande kakk av individ lenger oppe i hierarkiet, men då skal dyra alltid 44


produsera egg, vil den naturlege rangordenen gradvis bryta saman. Dyra kan då, tilsynelatande, bli mindre «aggressive» mot andre. Men årsaka er først og fremst at dei i langt mindre grad ser på dyra rundt seg som sin eigen «flokk». Og då er det jo heller ingen grunn til å bruka energi på å læra dyret ved sida av kvar det høyrer heime på rangstigen.. For tunhøns som skal utøva langt fleire funksjonar enn berre å produsera egg, er det sterkt å tilrå at ein held talet dyr i enkeltflokken under 30. Flokken og flokkdynamikken er viktig i hagen: i matsanking, i kunnskapsbygging, i varsling og vern mot predatorar. For tryggleik, rett og slett. Og så er det å oppleva ein velfungerande flokk glederikt i seg sjølv!

45


46


47


Fòring og stell Høns er omnivore; dei et alt! Dette er ei sanning utan store modifikasjonar. Følgjer du ei fri høne gjennom ein dag, vil du sjå at ho tek til seg både grus (til kråsen), skjelsand, insekt, makk, biller, gras, frø, potetskal, brødskalkar, restane med spaghetti i tomatsaus som du sette ut, salathovud (det du nettopp hadde planta ut), og mykje anna i tillegg til kraftfôret. Kraftfôret er sjølvsagt sutalaust. For dei fleste, forfattaren medrekna, er det så alt for lett å ty til. Det gjer ein i stand til å ha mange dyr, det produserer mykje egg, og det er reinsleg og tidssparande. Men, særleg naturnær er den jo knappast denne næringsimporten (heller ikkje den soyafrie med Debio-merke på følgjesetelen). Dyr er den og.

I naturnært hønsehald ønskjer me at hønsa skal behalda sine fantastiske matleitingevner og nytta så mykje av det hagen har å by på som råd. For at dette skal funka, må høna få fridom til å finna så mykje av det ho treng som råd. Dess meir fridom du gjev høna, dess betre vert økonomien. 48


Kraftfôr vil ikkje vera førstevalet til arbeidshøns. Som andre levande vil også ho gjerna ha mangfald i kosten. Matrestar frå kjøkenet er alltid velkomne. Det vere seg alt frå tørre brødskalkar via kjøttkaker i brun saus til lutefisk. Har du høns er det slutt på all matkasting! For å kunna kutta ytterlegare ned på kjøpefôret, og spesielt i delar av året då beitehøva er avgrensa, finst det elles ulike vekstar som kan dyrkast som hønsefôr. Den første klassikaren treng ikkje dyrkast. Brennesla er der stort sett av seg sjølv. Alle naturnære hagebrukarar kjenner denne næringsrike planten. Og det gjer også arbeidshøns. Difor; plukk alt du maktar, tørk, og server gjennom vinteren. Effekten på eggproduksjon og plommefarge er merkbar.

Den andre klassikaren er grønnkål. Vinterherdig som den er, står den klar til plukking også når snøen og frosten tyllar inn landskapet. Hønsa et alt du har av grønnkål, så her er det berre arealet som avgrensar. Dekkvekstar til grønsaks- og blomebed er også hønsefavorittar. Dette kan vera t.d. sennepsvekster, kløver eller andre belgvekstar. 49


Desse står gjerne grøne til langt utover hausten, og vil gje dyra gode grønttilskott.

Eventuelt kan du tilsetja litt melasse. Når dunken er full, skal det tette lokket på. Så skal det heile liggja ei stund til fermentering.

Andre vekster som gjerne vert nytta er kålerabi og poteter. Kålerabien festar du på ein spiker, og let høna få gjera jobben med å dela den opp. Poteta som i følgje gamle landbruksbøker i hylla mi kan stå for opptil 50% (!) av totalt næringsopptak serverer du kokt, eller, som den tradisjonelle varianten, varme-ensilert.

Dette fôret blir søtt og godt. Passar du på at det alltid ligg lake over potetene i dunken, kan du fora frå denne dunken heile vinteren. NB! Unngå grøne poteter, då giftstoffet solanin ikkje forsvinn i denne prosessen.

For å laga varmeensilerte poteter treng du ein stor kjele, ein tett dunk (gjerne ein tjukk plastdunk med tett lokk), ein «stampepinne», og, ikkje minst, mykje poteter, Dette bør vera fråsorterte poteter, gjerne dei som ligg att på åkeren etter hausting (kanskje får du lov av den lokale potetdyrkaren å plukka desse?). Etter kvart som dei er ferdigkokte, skal dei rett oppi dunken. Der stampar du dei til dei dannar eit tett lag.

Orpingtonhøns på matjakt. 50


51


Avl og oppdrett Eit ideal i naturnært hønsehald må vera å kunna gjennomføra brorparten av flokkfornyinga sjølv. Eigenrekruttering er relativt enkelt i fjørfehaldet. Og reint bortsett på naudsynt blodfornying av og til, er det ingenting som tilseier at ein treng nytta store summar på å kjøpa inn høns og kyllingar. Kort fortalt treng du ein hane, og i tillegg ei høne med anlegg for å vilja ruga. I eit småskalaopplegg i tun/hage, er eit par kull i året nok for å halda stamma ved like.

Dei om lag 10 rugeegga (høveleg mengd under ei mellomstor høne) merkar du med merkepenn, og legg samla under ho. Merkinga er viktig slik at du kan ta bort eventuelle nye egg.

Rugehøna steller du godt med. Du ser og høyrer det på ho med ein gong når ho er klukks (rugelysten). La ho då liggja eit par - tre dagar så du er rimeleg sikker på at ho ikkje går av.

Så ser du etter at ho får mest mogleg fred, og ventar dei naudsynte 21 dagane. Verre er det ikkje! 52


Eg kan lova fantastiske opplevingar om du gjev deg tid til å studera høna og kyllingane i hagen vekene etter klekking.

Mitt råd er likevel å satsa på naturleg ruging i byrjinga, til du har fått oversikt over eige behov. Og så er det så mykje meir lærerikt. Høna vil dessutan ta seg av oppdrettet sjølv, og læra kyllingane alt dei treng vita om deg, tunet ditt, vanane dine, katten din, og den plagsame ungen til naboen. Hønemor lærer dei små opp til å bli gode arbeidshøns heilt av seg sjølv.

Ynskjer du å driva oppdrett i litt større skala, så lyt du skaffa deg rugemaskin. Desse finst i storleikar frå 10 til tusenvis av egg.

For deg som klekker i maskin, eller kjøper inn daggamle kyllingar, er for så vidt heller ikkje oppdrettet noko heksekunst. Ei litt større pappøskje, ein varmelampe, og vass- og fortraug er alt du treng. Start med ein temperatur under pæra på om lag 37 grader, og senk med fem grader i veka. Etter 5-6 veker klarar dei seg utan varme om været er nokolunde bra. Gje dei kokte egg, frø, og masse finklipt grønt (graslauk er ypparleg). På dette viset kjem du langt! 53


Bilde neste side: Eit enkelt lite ÂŤdrivhusÂť gir kyllingane den varme dei treng nĂĽr dei er ute.

54


55


småskalaoppdrettar. Utsegna høver godt i vårt driftsopplegg. Det løner seg berre å avla på hardføre dyr, dyr som har utvikla immunitet.

Sjukdomar og førebygging I det naturlege oppdrettet finst det nesten ikkje sjukdom. Høna styrer kyllingane unna stader og situasjonar som medfører helserisiko. I kunstig oppdrett er det derimot fleire meir eller mindre alvorlege ting som kan råka oss. Kyllingar er svært utsette for bakteriesjukdomen koksidiose. Er du uheldig og sølar vatn i strøet deira, så rydd opp med ein gong. Om ikkje får du raskt muggvekst og kyllingdød. Du ser det raskt på kyllingane når dette skjer: Mistrivsel, sturing og hengande venger.

Ein annan velkjend fjørfesjukdom er såkalla hønselamming. Også denne er lett å kjenna. Dyret vert tilsynelatande lam på eine sida, tippar

Det finst medisin å få kjøpt, men eg er såpass «barbarisk» at eg tilrår avliving i staden. «Dei døyr seg friske», sa ein kjend dansk 56


over og vert liggjande å sparka og rala. Også her finst medisin (eller rettare vaksine), men hoggestabben er langt betre. Denne sjukdomen er til ein viss grad smittsam, men også her vil immunitet kunna utviklast.

ruging. Du byttar rett og slett ut egga under rugehøna i nattens mulm og mørke. Ho protesterer ikkje på dette, og tek like vel i mot alle kyllingane. Og vipps er du då kvitt både arbeid og sjukdomsbekymringar!

Alfa og omega er sterke og hardføre dyr og sunne tilhøve. Huset skal vera tørt, og ikkje for varmt. Bruk halm og lauv i hønsegarden, skift botndekket jamleg, og ikkje la det gå for langt tid mellom kvar gong du tek ut møk. Følgjer du desse råda, vil ikkje sjukdom bli noko problem. Velnøgde arbeidshøns har generelt eit sterkt immunforsvar. I dei få tilfelle me har hatt sjukdomar hos oss, har dette alltid vore på innkjøpte dyr. Difor er eg generelt veldig skeptisk til å henta levande dyr utanfrå. Innkjøp av rugeegg er mykje tryggare. Dette kan du enkelt kombinera med naturleg 57


58


Over: Det skjer ofte at to høns deler på kyllingoppdrettet. T.v.: den stor kjæledeggen i Den naturnære hagen, seramahanen Sindre. Under: kylling av rasen Serama.

59


Året rundt i hønsegarden I moderne stordriftsopplegg i bur eller på golv, finst ikkje årstider. Den eine dagen er lik den andre. Alt ljos er kunstig, og dyra går der som vandrande eggemaskinar. I storskala økologisk drift går dyra framleis tett i tett, men no i alle fall med luftegard i tillegg. Hausten og forvinteren bør dyra få kviletid. Då myter dei, og egglegginga går drastisk attende. Men samstundes vil ein få dei første kyllingegga (egg frå ungdyra som vart klekte i vår), og dette kompenserer ein god del. Bruk lite ljos i denne perioden. Gje dyra minimum 12 timars kvile. Då vil dei stå betre rusta til komande vår.

Framleis er det likevel langt fram til optimale tilhøve for naturnære arbeidshøns. For som hjå alle andre vesen, er sjølvsagt også høna sitt indre maskineri kopla opp mot årstidene. Eggproduksjonen følgjer ljoset, og stig sterkt utover våren. Det bør vera legitimt å påverka med kunstig ljos, men ikkje så mykje at sjølve årsrytmen vert øydelagt.

Og denne kan byrja tidleg! Med ein gong effektane av at sola er snudd gjer seg gjeldande i 60


slutten av januar kan ein vera frampå med ei gradvis kunstig auking av ljosdagen. Legg til 15 minutt i veka i byrjinga, og spe på med ekstra vitaminar - brennesle og grønnkål. Du vil snart sjå resultat på egglegginga. Når sola og ljoset tek deg att utpå vårparten, vil det ikkje lenger vera naudsynt med ekstra ljos i eit normalt hus. No kan du rekna med full produksjon til ut i september. Vår er tid for storreingjering i hønsehuset, og skifte av dekke i halmgarden. Har den no fungert i nokre månader, kan du køyra ferdig kompostert næringsrik gjødsel - full av feite meitemark - rett i bed eller åker. Nitrogenrik strø- og vaglepinnegjødsel, legg du til kompostering saman med rikelege mengder karbonrikt materiale (t.d. flis, halm og tørt lauv). 61


Ein peikepinn på kor mange høns du treng i eit naturnært dyrkingsopplegg kan elles vera gjødselmengd. Hønsegjødsel er svært nitrogenrik. Såleis er det vanleg å rekna at 1 høne leverer gjødsel til 70m2 hage i løpet av eit år. Så då er det berre å rekna. Vår noverande hage er på vel 2000m2. Dette gir i nitrogenbehov rom for 30 vaksne høns. I dag har me 12 store og eit tilsvarande tal dverghøns. Saman med kompostert matavfall og aktiv bruk av alt det organiske rundt oss, gjev desse dyra oss det me treng av organisk materiell til eiga dyrking.

62


Høns er stort sett fredelege dyr. Men av og til brakar hanane saman for fullt. Her er det Ove (Brahma) og Blåmann (Australorps) som båe ønskjer seg sjefsposisjonen i tunflokken. Ove gjekk sigrande ut og blei sjef.

63


Produserer du i eit visst omfang, kan det difor vera ein ide å kontakta hotell, restaurantar, osv.

Produksjonsidear og verdiskaping Hønsehald er morosamt, interessant og økologisk nyttig, men målt i klingande mynt skil det seg ikkje ut frå dei fleste andre produksjonar i landbruket: Med andre ord, du blir knappast rik av det! Som attåtnæring bør det likevel vera ein del å henta. Det er for tida stor etterspurnad etter egg frå høns som beviseleg har fått leva tett opp til eigne instinkt og behov.

Direktesal av egg er også i tida, ikkje minst etter at REKO-ringane kom til Norge. Desse finst etter kvart over heile landet, og er ein fabelaktig måte å selja på. Prisane ein kan oppnå er noko heilt anna enn det ein får i storskala samlebandsproduksjon. Det er små vanskar med å bli kvitt det overskot ein måtte ha. Økologisk og dyrevennleg friluftsdrift gjev og grunnlag for ein relativt solid meirpris. Gløym likevel ikkje at arbeidshøns ikkje må drivast for intensivt før det vil gå utover både trivsel og produkt. Og dermed meirprisen. Det har kome relativt klart fram av dette skrivet at eg ser naturnært hønsehald som uforeinleg med 64


stordrift. I staden for færre og større produsentar, treng me mange fleire små. Ein hønseflokk på 25 dyr produserer meir enn nok egg til fleire familiar.

halda fram i det uendelege. Er det noko me verkeleg treng i dag, er det radikal endring.

Også i byområde og burettslag er det rom for høns. Høns høyrer heime i hagen og på tunet. Der kan dei setjast i arbeid, og der gleder dei flest. «Urealistisk!» er favorittinnvendinga mot slike tankar. Dei som kjem med innvendinga, er ofte dei same som hevdar at «Utviklinga må gå sin gang!» Som om denne berømmelege «Utviklinga» var ei naturlov me menneske berre må underkasta oss. I røynda er utviklinga 100% menneskeskapt, også den som på få tiår fjerna den vesle tunhønsflokken frå garden og erstatta den med mange tusen dyr i bur. Det verkeleg urealistiske i vår tid er å tru at denne same «Utviklinga» mot større og færre produksjonseiningar berre kan 65


Og stadig fleire menneske i vår tid arbeider for slike endringar. Makt over eige liv blir tatt tilbake frå den multinasjonale storskalaindustrien. Fleire og fleire dyrkar meir av eigen mat, og husdyret som meir enn noko alltid har vore del av menneskeleg sjølvforsyning, tunhøna, er i ferd med å få sin renessanse. Denne utviklinga er det ei stor glede å observera. Og igjen; den viktigaste verdiskapinga desse fabelaktige dyra gir, kan ikkje målast i kroner og øre. Med klimakrise og katastrofale naturmangfaldstap hengande over oss som damoklessverd, treng me å tenkja og handla heilt nytt i forholdet vårt til naturen og våre ikkjemenneskelege medskapningar.

66


Mennesket kan ikkje halda fram med å øyda og dominera i all framtid. Vår dominans over naturen har ført oss til kanten av ein djup og mørk avgrunn. No treng me kunnskap me ein gong hadde. Me må læra oss å samarbeida med naturen i staden for å byggja den ned. Då kan tunhøna bli ein svært viktig læremeister!

Vakre Snøfrid av dvergrasen Serama. Neste side: Staselege Gullur av rasen Islandshøns.

67


68


69


Litteraturforslag Internett Bøker om landbruk frå før 1940 vil alle innehalda gode tips, også idear om raseval. Dette var før ideen om at fjørfe kunne masse- og samlebandsproduserast.

Det finst massevis, men den engelske sida «Feathersite», har det meste du treng å vita om hønserasar (sjå Bielefelder-hanen min medan du er der – bildet av den vart teke med analogt kamera vinteren 1997!): https://www.feathersite.com/

Det finst og ei svært så lesbar moderne bok: Larsen, Steen, 1996. Hønsehold i hagen. Landbruksforlaget. Denne har kome ut i ei rekke versjonar seinare. Jørgen Liljesjøe si Den Store Hønseboka, gjev eit godt oversyn over rasespekteret. Det same gjer Norsk Rasefjørfeforbund sin standardoversikt.

70


i

iii

www.jordboka.no https://www.onegreenplanet.org/animalsandnature/things-to-loveabout-chickens/

https://poultry.extension.org/articles/poultry-behavior/normalbehaviors-of-chickens-in-small-and-backyard-poultry-flocks/

ii

71

Profile for komposten4

NATURNÆRT HØNSEHALD. Lærerikt, kjekt, meiningsfylt, nyttig  

Tunhøna var ein gong allemannseige. Som frittlevande fann den mykje av det den trengde i hage og på gardstun. Med litt tilskott av matrestar...

NATURNÆRT HØNSEHALD. Lærerikt, kjekt, meiningsfylt, nyttig  

Tunhøna var ein gong allemannseige. Som frittlevande fann den mykje av det den trengde i hage og på gardstun. Med litt tilskott av matrestar...