Issuu on Google+

     

 

         

Innhold:   1. Innledning Side 1:10


Innhald 1. Innleiing 2. Mål 3. Målgruppe 4. Kva er stadsutvikling? 5. Kurs- og arbeidsform 6. Kursinnhold 7. Prosjektoppgave, veiledning og valgfri høskoleeksamen 8. Evaluering 9. Utvikling av kurskonseptet 10. Foreløpige pensums- og litteraturlister 11. Veiledere og annen relevant informasjon

Side 2:10


1. INNLEIING Mange av dei som jobbar med stadsutvikling på kommunenivå er sjølvlærde i høve til korleis arbeidet skal bli utført i praksis, og brukar mykje tid på å føle seg fram. Dette kurset tek sikte på å gje fagleg påfyll og ny kunnskap til kommunalt tilsette om prosessar og prosessleiing i høve til stadsutvikling. Kurset ”Prosessleiing i stadsutvikling” skal vere utviklande og kunne brukast i utvikling av arbeidet med stadsutvikling i kommunane. Gjennom teoretisk og praktisk kunnskap skal kursdeltakarane utvikle sine evner om prosessar og prosessleiing som dei kan nytte i eige utviklingsarbeid. I tillegg til forelesingar og innføring i teori, vil det bli lagt stor vekt på praktiske øvingar og utveksling av erfaringar. Som ei gjennomgåande øvingsoppgåve skal deltakarane utarbeide ei prosessplan relatert til stadsutviklingsarbeid. Denne skal ta utgangspunkt i situasjon og utfordringar i eigen kommune. Dei som ønskjer det, kan ta dette som eit komeptansegivande kurs med avsluttande heimeeksamen i regi av Høgskolen i Volda. (Se pkt 6).

2. MÅL Føremålet med dette kompetansetilbodet er å setje fokus på oppfølging av arbeidet med stadsutvikling gjennom å tilby utvalde kommunar auka prosesskompetanse, rettleiing i arbeidet med prosessplanane og styrkje nettverk mellom kommunane. Prosessplanane som blir utarbeidd som ein del av kursopplegget, skal kunne nyttast i praksis som grunnlag for det vidare arbeidet med stadsutvikling i kommunen. Husbanken har som mål at kurset skal: • Gje kommunane eit reiskap til å arbeide strukturert og målretta med utfordringar knytt til stadsutvikling. • Gjere det lettare for kommunane å starte opp med konkrete utviklingsprosessar når det gjeld stadsutvikling. • Vere ein arena for nettverksbygging og utveksling av erfaringar. Kriterium som blir lagt til grunn for gjennomføringa av kurset: • Prosessplanane som blir utarbeidd som ein del av kursopplegget, skal kunne nyttast i praksis som grunnlag for eigne utviklingsprosessar i kommunane. • Prosessplanane som blir utarbeidd skal i tillegg til å vere styringsverkty for dei enkelte utviklingsprosessane, vere grunnlag for løpande rettleiing og for evaluering av prosessen. • Kursa skal bli lagt opp slik at dei legg til rette for utveksling av erfaringar og nettverksbygging.

3. MÅLGRUPPE Målgruppa for kurset er kommunar (i Finnmark/Troms/Nordland) som ønskjer å jobbe med stadsutvikling. Målgruppa for kurset er nøkkelpersonar i kommunane og lokalsamfunnet, ildsjeler, planleggjarar, kulturarbeidarar, næringsutviklarar/entreprenørar, utviklingaktørar (byggesaksbehandlarar/handsamarar) og politikarar. Tverrfagleg og tverrsektorielt arbeid er ein av nøkkelfaktorane for å lukkast med dette. For å leggje til rette for dette, vil det vere mogleg for kommunane å sende fleire deltakarar, max 3 og min 2. Det vil

Side 3:10


vere eit fortrinn at deltakarane kan utfylle fagfeltet til kvarandre, og at både dei fysiske og dei sosiokulturelle tilnærmingane til stadsutvikling er representert.

4. KVA ER STADSUTVIKLING? Stadsutvikling er meir enn berre dei fysiske rammene rundt ein stad, stadsutvikling må òg sjåast i samanheng med både næringsutvikling, kultur, miljø, arealplanlegging og samferdsel. Det er ei utfordring å skape attraktive og miljøvennlege tettstadar der menneske i alle aldrar trivst og kan fungere på tilnærma lik linje, og spesielt er det viktig å utvikle stadar slik at nye generasjonar ungdom finn det attraktivt å busette seg. Der det er attraktivt å bu, gror det lett fram ny næringsverksemd, som gjer at områda kan tiltrekkje seg kvalifisert og motivert arbeidskraft. Stadsutvikling handlar om meir enn arbeidsplassar. Det handlar om å skape attraktive buområde. Det handlar om å legge til rette for felles møteplassar og varierte kulturog naturopplevingar. God stadsutvikling har som mål å skape bulyst, noko som i neste omgang kan skape investeringslyst. God stadsutvikling kan òg vere god næringsutvikling. Stadutvikling krever leiing og kreativitet, ein må utløyse eit samspel mellom ulike aktørar, som kvar for seg og saman, er avgjerande for å skape aktivitet. Samhandling mellom aktørar og bruk av det eksisterande handlingsrommet, er ein av dei viktigaste faktorane for å skape utvikling. Utvikling av attraktive tettstadar er ein viktig strategi for å fremje identitetskjensle, og på den måten gjere lokalsamfunna attraktive for tilflytting og lokalisering av bedrifter.Gode samfunn blir skapt gjennom folk sitt engasjement, at folk tek ansvar og har lyst til å yte noko til det lokalmiljøet dei er ein del av. Satsing på kultur og utvikling av kulturnæringar kan spele ei viktig rolle i regional og lokal utvikling. Eit mangfald av kulturtilbod og møteplassar kan vere med på å styrkje fellesskap, livskvalitet og kompetanse hjå innbyggjarane. Attraktive og særprega stader, med folk som er stolte av staden sin.

5. KURS- OG ARBEIDSFORM Kurset vil gå over åtte dagar fordelt på tre samlingar (2½ +3+3).For at reiseutgiftene til kursdeltakarane ikkje skal bli så store, vil det bli teke omsyn til reisetid og kostnad ved endeleg val av kursstad. Kurset blir organisert som ein kombinasjon av kurssamlingar, sjølvstudium og gruppearbeid. I tillegg til ordinære førelesingar, vil det bli lagt stor vekt på at deltakarane skal lære å knyte teorien til eigne ergaringar og arbeidsoppgåver gjennom gruppearbeid, øvingar og utveksling av erfaringar. Det vil bli brukt forelesarar med god teoretisk og praktisk fagkompetanse, og ei prosessverkty for utarbeiding av prosessplaner går inn i kurspakken. Meir informasjon om kurs- og arbeidsform er lagt ut på www.utviklingskompetanse.no

Side 4:10


6. KURSINNHALD ”Prosessleiing i stadsutvikling” består av 3 kurssamlingar som går over 2 + 3 + 3 dager. Det er lagt vekt på ein tydeleg samanheng mellom kurssamlingane, som til saman skal gi ein god heilskap. Desse hovudtemaa vil bli presentert:

Samling 1 Stadsutvikling- kva er det? Dialogbasert utviklingsarbeid Prosjektorganisering og prosessplanlegging

Samling 2 Kreativitet og kreativ problemløysning i samarbeidsprosessar

Samling 3 Veiledningsseminar Organisasjonsmodellar Prosessleiing Kommunikasjon Teamarbeid Konflikthandsaming

Gjennomgåande gruppeoppgave: Det blir utarbeidd ei prosessplan med fokus på ei sjølvvald utviklingsoppgave innan arbeidet med stadsutvikling i kommunen.

Valfri eksamen på bachelor- eller mastergradsnivå ved Høgskulen i Volda

I tilknyting til kvart tema, er det sett av tid til øvingar og gruppearbeid, relatert til case som blir presentert på kurset. På 3.samling blir første dag sett av til rettleiingsseminar, kor Utviklingskompetanse AS i samarbeid med Husbanken vil gje gruppene rettleiing i arbeidet med eigne prosessplaner/case. Samling 1 - Innføring i dialogbasert utviklingsarbeid Føremålet med denne bolken er å gje deltakarane kunnskap om dialogbasert utviklingsarbeid relatert til stadsutvikling, samt ei innføring i prosessdesign og målretting av utviklingsprosessar. Læringsmål: • I tillegg til forståing av aktuelle utfordringar knytt til arbeidet med stadsutvikling, skal deltakarane etter denne samlinga ha forståing for omgrepa mobilisering, medverknad, forankring og oppslutning til utviklingsprosessar. • Deltkarane skal ha innsikt i kva ei prosessplan er, og korleis utviklingsprosessar kan utformast og bli tilpassa kvar enkelt kommune sine utfordringar i høve til arbeidet med stadsutvikling. Samling 2 - Kreativitet og kreativ problemløysing i samarbeidsprosessar. Prosessdesign. Føremålet er å sette deltakarane i stand til å nytte praktiske arbeidsmetodar for medverknad, mobilisering, forankring og samarbeid. Innføringa i prosessdesign og målretting av utviklingsprosessar i samling 1 blir vidareført. Læringsmål: • Deltakarane skal ha kjennskap til grunntrinna i kreativ problemløysing (KPL) og ha erfaring med bruk av dei. • Deltakarane skal gjennom øvingar relatert til eige prosjekt ha kjennskap til arbeidsmetodar som interessentanalyser og prosessdesign i utviklingsarbeid.

Side 5:10


Samling 3 – Leiing av utviklingsarbeid Føremålet er å sette lys på sentrale problemstillingar knytt til leiing av utviklingsarbeid, korleis denne innsikta kan gjere utviklingsarbeid lettare i praksis, og korleis denne innsikta kan føre til større grad av iverksetting og gjennomføring av strategiar. Læringsmål: • Deltakarane skal gjennom denne samlinga ha fått innsikt i prosessleiing i utviklingsarbeid i eit mellommenneskeleg perspektiv. Det blir spesielt fokusert på ny organisering av kommunane, teamarbeid, kommunikasjon, forståing av roller, konflikt og handsaming av konflikter. Målet er at denne skal kunne vere til hjelp i deltakarane sitt arbeid med å leie utviklingsarbeid. På denne kurssamlinga blir òg politisk og administrativ toppleiing i deltakande kommunar invitert. Intensjonen er å leggje til rette for nye og spanande innfallsvinklar i arbeidet med stadsutvikling gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. I tilegg er denne samlinga ei særs god moglegheit for å tileigne seg nye teorier innafor leiing og kommunal forvaltning.

7. PROSJEKTOPPGÅVE, RETTLEIING OG VALFRI HØGSKULEEKSAMEN Kursdeltakarane skal utarbeide ei prosessplan relatert til stadsutvikling i eigen kommune som ei obligatorisk gruppeoppgåve. Her skal mål, føremål, organisering/avklaring av roller, inndeling i fasar og milepæl-plan, kven som skal involverast og arbeidsmetodar vere definert. Som hjelp i denne oppgåva får deltakarane tilgang til eit prosessverkty som går inn i kurspakken, samt 3 timar rettleiing i løpet av kurset.

Kursdeltakarane kan velje kor mykje arbeid dei legg ned i kurset ut i frå tre alternativ: • Kurset blir gjennomført, prosessplan blir innlevert, ingen eksamen. Deltakarne får kursbevis. • Valfri eksamen på bachelornivå- tel 10 studiepoeng • Valfri eksamen på mastergradsnivå- tel 15 studiepoeng Eksamen blir tilbudd av Høgskulen i Volda, og blir gjennomført desentralisert (heimeeksamen). Evalueringa av eksamensresultata vil skje på grunnlag av: • Prosessplan med arbeidslogg, godkjend av kursleiar, tel 50 %. • Individuell essay/fagleg artikkel, tel 50 %. I samband med eksamensoppgåvene, vil kandidaten kunne få inntil 2 timar nettbasert rettleiing frå fagansvarleg ved høgskulen. Det blir gjeve karakterar på ein skala frå A til E, med F som ikkje bestått. OPPTAKSKRAV For dei som ønskjer å ta kompetansegivande eksamen på høgskulenivå, er det krav om formell studiekompetanse. For deltakarar over 25 år, vil erfaring frå relevante arbeidsområde òg kunne erstatte kravet om teoretisk kompetanse.

Side 6:10


8. EVALUERING Det vil bli gjennomført intern evaluering etter kvar samling og av heile kurset. Føremålet er å gje grunnlag for løpande forbetring av kurskonseptet. Det skal òg bidra til å engasjere og gjere kursdeltakarane meir ansvarlege i høve til eiga læring.

9. UTVIKLING AV KURSKONSEPTET Kurset ”Prosessleiing i stadsutvikling” er utvikla av Utviklingskompetanse AS i samarbeid med Husbanken regionkontor Hammerfest, med utgangspunkt i kurskonseptet ”Prosessledelse” som er eigd av Utviklingskompetanse AS. Første utgåve av kurset ”Prosessledelse” vart utvikla våren 2002 på oppdrag frå Kommunenes Sentralforbund, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet, Sosialdepartementet, Landbruksdepartementet og Fiskeridepartementet. Utviklingskompetanse AS har i samarbeid med Høgskulen i Volda det faglege ansvaret for kurskonseptet.

10. FORELØPIGE PENSUMS- OG LITTERATURLISTER Endelige pensums- og litteraturlister utarbeides av Utviklingskompetanse AS, forelesere og HiVolda, og vil foreligge til høsten.

Hovedtema 1. samling: Innføring i dialogbasert utviklingsarbeid 2. samling: Kreativitet og kreativ problemløsning, prosess og prosessdesign

3. samling: Ledelse av utviklingsarbeid

Foreløpig pensums- og litteraturliste for prosessledelseskurset og bacheloreksamen (Under utvikling) Eksamenspensum - ”Kommunikativ planlegging” Kap.1-9 (side 11-263) Roar og Jørgen Amdam, Det norske forlaget 2000 Anbefalt litteratur: Eksamenspensum - ”Verksted som verktøy - prosesslederens grunnbok” Asle Farner, Kommuneforlaget 2002 - ”Prosjektarbeid - utviklings og endringskompetanse” Kap. 1-10 H. Westhagen, Universitetsforlaget 1991 Anbefalt litteratur - ”Fellesskap for utvikling - PLA medvirkning i praksis” Liv Aune m.fl. Eksamenspensum Kompendium sammensatt av kapitler fra bøkene: - ”Makt og avmakt” - Rolv Lyngstad m.fl., 2003 - ”Gruppeprosesser” - Steensåsen/Sletta 1996 - ”Boligsosialt arbeid” - Paul A. Thynes (red) 2004 ”Perspektiver på bolig” - Dype, Solheim, Ytrehus 2004 Anbefalt litteratur - ”Arbeid i team – Læring og utvikling i team” Morten Levin og Monica Rolvsen, Fagbokforlaget 2004

Samlet antall sider pensum for bacheloreksamen

Side 7:10

Sidetall

250

200 140

100

690


Pensum/Aktuell litteratur for mastergradseksamen (under utvikling) Aktuell litteratur (Under utvikling):  Amdam, J. og R. Amdam (2000): Kommunikativ planlegging. Samlaget. Oslo. Del I og III.

Sidetall



Farner, Asle (2003): Verksted som verktøy i plan- og utviklingsprosesser. Kommuneforlaget. Oslo. S. 16 til 182  Friedmann, J. 1992: Empowerment. The Politics of Alternative Development. Blackwell publishers. Cambridge MA & Oxford UK.  Westhagen, H. (1995): Prosjektarbeid. Styring Organisering Ledelse. Universitetsforlaget.  Lorentzen, Håkon (2004) Fellesskapets fundament – sivilsamfunn og individualisme. Pax.  Kompendium sammensatt av kapitler fra bøkene: ”Makt og avmakt” - Rolv Lyngstad m.fl., 2003 ”Gruppeprosesser” - Steensåsen/Sletta 1996 ”Boligsosialt arbeid” - Paul A. Thynes (red) 2004 ”Perspektiver på bolig” - Dype, Solheim, Ytrehus 2004 Utdrag fra blandt annet:  Putnam: 1993: Making Democrasy Work 

  

100

Putnam 2000: Bowling Alone

Eksempel på samfunnsutviklingsprosjekt - evaluering:      

Haram kommune i partnarskap : evaluering av prosjektet Haram på kartet / Roar Amdam, Geir Tangen. Møreforsking Volda. 2001. "Levande bygdeutvikling?": ein studie av Bygdeutviklingsprogram- met i Sogn og Fjordane og prosjektet Levande bygder / Øyvind Glosvik. 2002. Høgskulen i Sogn og Fjordane. Stöhr, W.B. (red.): Global Challenge and Local Response. London and New York: Mansell. Farner, Asle – Usynlig arbeid og skjulte ressurser. Ressurser for og i lokalt utviklingsarbeid. NIBR-rapport 1988:15 Holck, Giske – Levende lokalsamfunn – Prinsipper og strategier for områdeforvaltning. Kommuneforlaget 1995 Neumann, Iver: 2001: Mening, materialitet, makten innføring i diskursanalyse. Fagbokforlaget.

200

Artikler: 

Healey, Patsy et. al. 1999: Institutional Capacity-building, Urban Planning and Urban Regeneration Projects. I Futura vol. 18. no. 3.

Modulen har et pensum på om lag 1200 sider.

Side 8:10

20 Ca 1200


11. VEILEDERE OG ANNEN RELEVANT INFORMASJON

Veiledere og relevant informasjon -

Rundskriv fra Justis- og politidepartementet, Regionaldepartementet og sosialdepartementet: ”Boligsosialt arbeid – bistand til å mestre et boforhold” Brukerpanel – Notat av Asle Farner, St.meld.nr.23 (2003-2004) Om boligpolitikken St.meld.nr 6 (2002-2003) Tiltaksplan mot fattigdom ”På vei mot egen bolig” Nasjonal strategi mot bostedsløshet 2005 – 2007

Side 9:10


Prosessledelse i Stedsutvikling