a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 194

Anglikansk sommarjobb «Vi kallar det å reise heim, for det er absolutt slik det kjennest», seier John Roden om dei årlege sommarvekene i Balestrand. I 2010 har han sommar­jobb i Engelskkyrkja for åttande gong. Som trekkfuglar kjem dei anglikanske prestane og partnarane deira til St. Olaf’s kyrkje. Frå mai til september held dei gudstenester på engelsk, gjerne fem i veka. Prestane og makane deira tørkar støv og vaskar vindauge og plukkar markblomar. Dei tynne tre­veggene slepp den lyse, engelske salmesongen ut i sommardagen. Store vindauge let sommarlyset sive inn. John Roden smiler fredfullt. «Katten på Midtnes pensjonat har det med å kome inn. På fjorden sig store skip forbi», seier han begeistra. Han og kona Sheila kom til Balestrand som vanlege turistar. Så fekk dei sjå dei norske fjordane. På ein rusletur i Balestrand blei dei var den underlege stavkyrkja som berre var hundre år gamal. Så fekk dei greie på at prestar frå den anglikanske kyrkja tente der kvar sommar. «I rang up as soon as I got back to England!», fortel John med den djupe røysta. Landskapet er den eine grunnen til at den pensjonerte presten elskar Balestrand. Han og Sheila hadde reist mykje, dei møttest då begge underviste i Zambia og har farta verda rundt. Før drog dei ofte til Sveits. «But Norway beats them all», rosar han. «Og så er det dei gjestfrie menneska». Han siktar til dei som bur i Balestrand, familien Kvikne og alle som dukkar opp på gudstenestene: «It’s everything about it, really». Ein søndag for nokre år sidan oppdaga John at han hadde femten nasjonalitetar i kyrkja på ein gong – ungar og vaksne. Til saman kom dei frå ni kristne trusretningar, og alle tok imot nattverden. «Du opplever ikkje slikt mange andre stader», seier John opprømt. «Dette er nokså unikt for Balestrand. And it’s great. I love it!» Neste føremiddag, ein junisøndag, står John klar i Engelskkyrkja i fotsid, kvit prestekjole. Dotter hans, Elizabeth, deler ut salmebøker og program for gudstenesta. Langs benkene sit over seksti personar frå ulike land, mellom anna ei gruppe ungdommar

191

Anglikansk sommarjobb

frå Wisconsin som framførte folkedansar på Kviknes kvelden før. Andre er turistar i fritidsklede og menn i fotballskjorte og skyggehue. John ser letta ut; til gudstenesta fredag kveld kom det ingen, truleg for aller første gong. Lette pianotonar perlar gjennom rommet. John ser faderleg ut der han står under helgenbileta i farga glas. Ærbødig fortel han dei frammøtte kva for ei kyrkje dei er i, at ho blei reist seint på 1800-talet til minne om ein kjær make som gjekk bort altfor tidleg. Eit portrett av Margaret Sophia Kvikne heng ved inngangen – eit spedt ansikt med hole kjakar og store, alvorlege auge. John kan mykje, mykje meir om henne enn det han nemner til forsamlinga. Dei siste åra har han nøsta seg lenger bak i Margaret si historie enn nokon andre. Gudstenesta tek til, og det anglikanske preget trer fram. Presten fører ordet, og forsamlinga svarar: «The Lord be with you», messar John. «And also with you», svarar forsamlinga haltande. «Lift up your hearts», held han fram. «We lift them to the Lord», svarar alle røystene, tryggare denne gongen. Etter ei stund hentar John fram brød og vin. Diccon frå nabokommunen spelar små, mjuke tonar. Dei første reiser seg går fram mot alteret, der dei knelar og etter tur får oblat av presten. «The blood of Christ keep you in eternal life», seier John til kvar og ein. Med ei så internasjonal forsamling har alle sin måte å ta imot brødet på – nokon i handa, andre rett på tunga. Musikken og den djupe røysta held fram til alle er attende på benkene, med den gode smaken av ekte portvin i munnen. Så syng forsamlinga ein glad, svenskkomponert salme som fjell­vandraren Margaret nok ville ha likt. When through the woods, and forest glades I wander, And hear the birds sing sweetly in the trees. When I look down, from lofty mountain grandeur And see the brook, and feel the gentle breeze. Then sings my soul, My Saviour God, to Thee, How great Thou art, How great Thou art. Etter den første sommaren i Balestrand var John sjele­glad for å få kome att. I dag er han ein av dei på prestelista som har vore flest gonger i bygda. «Det er i grunnen blitt meir interessant å vere her, dess fleire eg kjenner», seier han. Dei første tre somrane var han frustrert over at det fanst så lite materiale om kyrkja og Margaret. I dag er han sjølv den beste kjelda til denne historia.

Profile for Knut Bry

BALESTRAND  

A book about the beautiful town by the Sognefjord.

BALESTRAND  

A book about the beautiful town by the Sognefjord.

Profile for knutbry
Advertisement