Page 1

Kløverknekten Medlemsblad for 4H Sogn og Fjordane – nr 2 – 2017 – 37. årgang

Friluftsliv aktivitet på Fylkesleiren

Les meir om: Superhelg 2. – 4. februar 2018 Haustfestar i 4H-klubbane Fylkesleir på Mo Og mykje meir 

Foto: Rune Hegrenes


Utgjevar: 4H Sogn og Fjordane Hafstadgården Fjellvegen 11

Frå fylkesstyret

6800 FØRDE Tlf: 960 96 782 www.4h.no/sognogfjordane/ Redaktør: Hilde Sværen Redaksjonen avslutta 4. desember 2017

På 4H-kontoret i Hafstadgården i Førde finn du:

Tusen takk for et flott år! Regionleiar 4H Nordvest

Åge Avedal 960 96 775 e-post: aage.avedal@4h.no

Organisasjonsrådgjevar

Hilde Sværen

I forkant av plakettfesten hadde fylkesstyret ein hyttetur der vi fekk besøk av leiar i landsstyret til 4H, Siri Myhre. I tillegg til at vi blei betre kjent med kvarandre, så snakka Siri om strategien for 4H framover, som er ein av tinga landsstyret jobbar med. Gratulerer til alle medlemmene som har gjennomført 4H året, spesielt til alle flotte plakettmottakarane våre.

960 96 782 e-post: hilde.svaeren@4h.no

Og ikkje minste ein stor takk til alle klubbrådgjevarane og føresette for den hjelpa og støtta de gir til medlemmane.

Organisasjonsrådgjevar

Kari Anne G. Årset 960 96 782 e-post: kari.anne.aarset@4h.no

Prosjektleiar 4H-gard i vekst

Kristin Haanshuus e-post: kristin.haanshuus@4h.no

Tusen takk til alle som har delteke på Superhelga på Skei, Fylkesleiren på Mo, Nordisk i Østfold og på Storkurset på Vassenden. Det er ufattelig gøy at så mange ønske å delta på ting som skjer. Ikkje minst ein stor takk til våre flotte tilsette som gjer ein veldig god jobb, og som alltid er behjelpelige for medlemmane eller klubbrådgjevarane, og når vi i fylkesstyret treng det Til slutt vil eg på vegne av alle i fylkesstyret ønske dykk ei riktig god jul og godt nytt år. Også håpar eg å sjå flest mulig av dykk på superhelga i februar

Prosjektleiar Samspel og Draumeplassen

Dag Vea e-post: dag.vea@4h.no

2

Helsing Eirik Hortemo Vikøren leiar i 4H Sogn og Fjordane


Vi fikser alt – Eikås 4H pussar opp

Ei gruppe i Eikås 4H har pussa opp i Ungdomshuset som sitt 4H-prosjekt og kunne invitere til haustfest på nyoppussa scene og garderobe bak scena.

3


Superhelg 2018 på Skei 2. – 4. februar 2018

2. - 4. februar er det på ny klart for SUPERHELG I 4H. Du som er i klubbstyret eller er vaksen ressursperson i 4H er invitert. Superhelg er Styrekurs for alle som sit i styret i 4H-klubben Inspirasjonssamling for vaksne i 4H Fylkesårsmøte Melder du deg på superhelg styrekurs får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. Superhelg styrekurs blir på Skei skule, der vi har kurs, et, søv og har artige aktivitetar i lag. Melder du deg på superhelg inspirasjonssamling får du lære om ulike tema og får mange nye idear og impulsar i lag med andre vaksne i 4H. Superhelg inspirasjonssamling blir på Skei Hotel fredag og laurdag. Fylkesårsmøtet på søndagen er på Skei Hotel. Årsmøtet er også ope for klubbar eller medlemsorganisasjonar som ikkje er med på superhelga.

4


Superhelg styrekurs Vi har fem ulike kurstilbod for deg som skal på superhelg styrekurs: Ny i klubbstyret: For deg som er fersk i styret i klubben. Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar. For deg mellom 10 og 13 år. Leiar / nestleiar: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4Hklubben. Kasserar: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar. Sekretær: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet. Ringrev: For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før og vil lære meir om klubbdrift og synleggjering av klubben. Felles program: Fredag kveld lærer vi om årsmøtet og blir kjende med kvarandre. Laurdag blir det middag med litt meir om årsmøtet. De får òg i oppgåve å planlegge underhaldninga om kvelden i grupper. Ta med: Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede (inne og ute), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar mm.

Superhelg inspirasjonssamling Dette er samlinga for deg som er klubbrådgjevar, alumn eller vaksen ressursperson i 4H. Samlinga er fredag 2. og laurdag 3. februar. Få nye idear, ny kunnskap og møte andre kjekke vaksne i 4H. Samlinga blir på Skei Hotel. Cidi Nzita er ansvarleg for integreringsprosjektet «Alle skal med – et lysglimt i hverdagen», og skal snakke om inkludering og motivasjon på Superhelga. Han er 21 år og kom til Florø som einsleg mindreårig frå Angola i 2003. Seinare har han budd i Bergen. Allemed er eit verktøy for inkludering av barn og unge, vi skal lære om dette verktøyet. Klubbrådgjevaren si rolle og om å vere klubbrådgjevar. Samspel er eit prosjekt der 4H, Røde Kors og Idrettskrinsen samarbeidar og målet er inkludering og å hindre utanforskap. Nytt frå 4H Sogn og Fjordane: Her informerar vi om aktuelle saker og det er høve til å spørje om det ein lurer på.

5


Praktisk informasjon: Pris: Superhelg styrekurs: kr 900,- per deltakar. Superhelg inspirasjonssamling: - Fredag – søndag: Kr 2500,- per deltakar i dobbeltrom / kr 3000,- per deltakar i enkeltrom / kr 1400,- for dagpakke (utan overnatting, inkl. alle måltid). - Fredag – laurdag: Kr 2100,- per deltakar i dobbeltrom / kr 2500,- per deltakar i enkeltrom / kr 1000,- for dagpakke (inkl. middag fredag og lunsj laurdag). Ein kan også tinge trippelrom til ein litt rimelegare pris. Fylkesårsmøte: Er inkludert i prisen for superhelga. Dei som berre deltek på årsmøtet betalar kr 400,-. Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert. Påmelding: Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord. Merk: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på styrekurs melder deg på «Superhelg styrekurs» og det delkurset du skal delta på (leiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, ringrev eller Gjer klubben din synleg). Du som skal på inspirasjonssamling melder deg på «Superhelg inspirasjonssamling» og kva dagar du skal delta, type rom eller om du skal ha dagpakke. Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna. Manglar passord? Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4Hkontoret om å legge adressa inn for deg. Påmeldingsfrist: Innan 18. januar. Reise: Vi sender ut forslag til bussruter til dei som har meldt seg på. Meir informasjon om superhelga blir sendt på e-post eller i posten til den enkelte deltakar 1-2 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut på www.4h.no/sognogfjordane. Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. Du finn kontaktinfo på heimesidene våre.

6


Årsmøte i 4H-klubben - Arbeid etter årsmøtet Etter å ha gjennomført årsmøte i 4H-klubben, må alle hugse å gjere litt papirarbeid. Siste frist for å registrere årspapir i medlemsregisteret er 15. desember. Alt klubben registrerer er automatisk også søknad/rapport om momskompensasjon og støtte frå frifond-drift. Årsmeldingen i medlemsregisteret er delt inn i fem deler (faner/kulepunkt): • • • • •

Arrangement i klubben Amatørteater og underhaldning Volleyballaktivitet Årsregnskap Årsmelding i ord

Årsplan for det neste arbeidsåret. Så snart årsplanen for klubben sin aktivitet det neste året er vedteken på årsmøtet, sender du denne inn til 4H-kontoret i fylket ditt. Legge inn nye verv. Er det nokon som er nye i 4H må desse først meldast inn som medlemmar. Endre verva i klubben (nokre frå det gamle styret må gjere dette - f.eks sekretær) Årsrapport (dato for årsmøte). Det er berre nyvald leiar som kan gjere dette. Derfor er det viktig at verva er endra og oppdatert. Årsrapporten er ei godkjenning/underskrift av leiar for at det som står i årsmeldinga er korrekt. Det skal skrivast inn årsmøtedato og årstal. Alle oppgåvene er også godt forklart i møteboka, kassaboka og året rundt.

7


Røde Kors – som 4H-prosjekt Hafslovatnet 4H har hatt Røde Kors som fellesprosjekt i år, og haustfesten vart litt annleis.

Me hadde ikkje noko personleg utstilling. Me stilte ut noko av utstyret som me har brukt gjennom året (sambandutstyr, selar til klatring mm) Me la også fram nokre eksemplar av intervjuet medlemane hadde med medlemar frå Hafslo Røde Kors Hjelpekorps.

I staden for underhaldning frå scena var det ulike stasjonar der medlemmane synte kva me har lært. Medlemane synte oss hjarte og lungeredning, spjelking og bandasjering. Foreldre, besteforeldre og andre vart imponerte.

Tekst: Ann Elisbeth Skjerven, Foto: Ivar Kvalen

8


Snøklokka 4H sin Haustfest Snøklokka 4H hadde Haustfest på Haugtun søndag 22.10.17. Det var fullsett sal og god stemning, og heile 27 medlemmar i alderen 9 – 19 år hadde laga kreative og spennande utstillingar. I 4H kan ein velje nesten «kva som helst» i oppgåve, og i år har medlemmane hatt m.a. Friluftsliv, Trening, Lyd&Lys, Jakt og fangst, Gravemaskin, Baking, ja til og med «New York» var ei oppgåve! Vi har intervjua dei 4 yngste medlemane i klubben. Dei starta i 4H hausten 2016, og har no vore med eit år. Dette er ein sprudlande og kreativ gjeng, som har mykje å fortelje. «Vi starta i Snøklokka 4H fordi det høyrest kjekt ut, og fordi vi får vere saman med vennane våre», seier Sunniva Øren Leirgul og Leah Støylen McCall. Birgit Bjotveit fortel at «Eg starta i 4H fordi storesøstra mi var med, og ho sa at det høyrdest kjekt ut». Og Torborg Almenning Voll fortel at «Eg starta i 4H fordi eg viste at nokre av venane mine skulle begynne. Og Oddmund, storebroren min, går i 4H og han har sagt at det er kjekt.» På spørsmålet om kva dei syns har vore kjekkast dette 4H året, svarar Birgit kort og greitt «ALT». Sunniva var ganske einig, og seier at «Å vere saman med alle folka» har vore det kjekkaste. Torborg fortel at «Det kjekkaste har vore å vere med vennane mine og jobbe med 4H-oppgåva». Og Leah syns at «4H-festen var det aller kjekkaste». I 4H vel ein ei oppgåve kvart år. Alle desse 4 jentene er Aspirantar. Og på spørsmålet om kva dei har gjort i oppgåva dette året får vi mange svar. «Eg hadde om hunden min, og baking i år», seier Sunniva. Også Birgit har laga mat. Torborg fortel at ho har strikka eit skjerf, ei veske og eit panneband. I tillegg laga ho «Stop-motion-film». Leah seier at i oppgåva som Aspiranten, «Har eg leika med Buddy (hunden til Sunniva). Eg har laga keramikk og så har eg fiska med pappa». 22.oktober hadde 4H-klubben stor Haustfest, og aspirantane var nokon av dei ivrigaste på scena, med fleire innslag. Fortel litt om kva de gjorde på Haustfesten. «Vi hadde ein skulesketsj, og var med på sketsjen «Prinsessa som ikkje kunne le», og so song eg «Vestlandet» saman med Leah» seier Sunniva. «Det var både kjekt, morsomt, spennande og litt skummelt på same tid», seier Leah. Birgit fortel at ho var med på to sketsjar, «Prinsessa som ikkje kunne le» og «På skulen. «Det var både gøy, morsomt og skummelt!» Torborg fortel også om showet dei yngste hadde på scena, og at ho song ein song. Også dei eldre medlemmane hadde flotte innslag frå scena, m.a. film, sketsjar, og til og med eit eige 4H-band. Men høgdepunktet på festen var utan tvil då 8 nesten heilt frivillige fedre og storebrødre måtte på scena og framføre ein spontan-sketsj! Publikum låg tvikrokete av latter! Tekst og foto: Ingunn Nyheim

9


Samspel i Sogn og Fjordane Korleis skal vi ta i mot folk som flyttar hit frå andre land på ein god måte? Korleis hindre at folk blir einsame og fell utanfor? Dette søker 4H, Røde Kors og Idretten svar på. Denne hausten har 4H, Røde Kors og Idrettskrinsen i Sogn og Fjordane invitert frivillige, leiarar, innvandrarar og andre interesserte til møte fleire stadar i fylket. - Vi har så langt kome i gang med samspel-arbeidet i Eid, Førde og Flora. Møta her har gitt oss mange svar og vi har fått fram mange av utfordingane. Eg håpar vi kan starte opp med samspel-samlingar nye plassar til våren, seier Dag Vea, prosjektleiar for Samspel. Barnefattigdom - Det å vere utanfor er eit av Norges største samfunnsproblem. Utanforskap fører til einsemd, og det må vi ta tak i. Vi er flinke til å inkludere i Sogn og Fjordane, men har framleis ein jobb å gjere for at alle skal bli med, meiner Dag Vea, og held fram: - Vi har hatt gode møte dei tre stadane der vi har sett i gang. Når vi set oss ned i lag og snakkar saman skjer det spennande ting mellom folk og organisasjonar. Vi finn løysingar i lag. Dag Vea har vore leiar for Samspel sidan i mars. Gjennom prosjektet har han erfart at det er mange barn i Sogn og Fjordane som lever under barnefattigdomsgrensa. - Dette er eit problem, og gjer til at mange ikkje kan vere med på fritidsaktivitetar. Myndigheitene i Norge har vedtatt ei Fritidserklæring som seier at alle skal vere med på minst ein aktivitet. Då må vi legge til rette slik at økonomi ikkje fører til at nokon ikkje får vere med.

10


Lære av kvarandre

Åge Avedal, regionleiar i 4H Nordvest, er ein av dei som tok initiativet til å få i gang Samspel. Prosjektet skal i første omgang vare i eitt år, og er støtta av Gjensidigestiftelsen. 4H, Røde Kors og Idrettskrinsen har no søkt om nye midlar for å kunne halde fram i to år til. - Det er veldig spennande og nyttig å jobbe i lag fleire organisasjonar. Vi har alle mål om at flest mogleg skal bli inkludert og ikkje falle utanfor, men jobbar på ulike måtar for å nå målet. Vi har mykje å lære av kvarandre. I tillegg meiner eg det er veldig viktig at det offentlege, som skulane, frivilligsentralane og dei som jobbar med opplæring av innvandrarar i kommunane jobbar i lag med oss for å inkludere alle, seier Åge Avedal. Språk og kommunikasjon er ei av utfordringane ein jobbar med i Samspel. Til våren vil det derfor komme flyerar og brosjyrer om aktiviteten i 4H, Røde Kors og Idretten på seks ulike språk. Desse vil bli presentert på nettsida www.samspel.info. Dei som har spørsmål om Samspel, eller som ønskjer å få til lokale Samspel-møte i kommunen sin kan ta kontakt med prosjektleiar Dag Vea på e-post dag.vea@4h.no eller på telefon 451 80 885.

Tekst og foto: Åge Avedal

Regionleiar Åge Avedal og prosjektleiar Dag Vea.

11


Fylkesleir på Mo Nærare 300 glade 4H-arar storkoste seg på vakre Mo i Førde under årets fylkesleir. Bogeskyting, pizzabaking, kajakk, paintball, gokart, hest og volleyball var berre nokre av aktivitetane på menyen. Under open leir vart det både rockekonsert, rodeookse-riding og «Farmen»-leikar, og trass regn under leiren var det også i år god stemning med gamle og nye vener!

Torsdag 22. juni starta Fylkesleiren på Mo med rigging av teltleir, tunbygging og opning av leiren. Leirsjef Gunhild Sandal og Huldra ordna det. Etterpå var det tryggleiksøving.

12


Fredag var det aktivitetsdag og Open leir der Drusar hadde konsert og det var mange artige aktivitetar å vere med på. Aspirantleiren starta også fredag. Alle aspirantane var på omvisning på jordbruksskulen. Det var eit kjekt opplegg!

Alle foto frå fylkesleiren: Rune Hegrenes

13


Laurdag var det tevlingsdag og heimreise for aspirantane. Dei andre deltakarane var pü leiren til søndag. Dü var det finalar i volleyball og tautrekking – og opprydding pü teltomrüdet.

Tevlingsresultat Mostafetten – Troda 4H vann med Gabriel, Johan, Petra Marie og Emil pü laget Landkreditt Volleyballcup – Eid vann turneringa og tok med seg vandrepokalen heim for eit ür. Pü laget var Brynjar, Emil, Karoline, Martin, Mical og Anette. Tautrekking – Tun 1 og 2 med leirdeltakarar frü Jølster var dei sterkaste pü Mo.

Eksteriørdømming av hest Beste 3-mannslag kom frü FjÌrland 4H med Evi Susann, Sigrid og Anette pü laget. Beste aspirant va Olav Hoff Hana frü Flink 4H. Beste junior var Johanne Støfring frü Eiküs 4H. Beste senior var Malin Yttri Voldum frü Audhumbla 4H.

Takk for fine leirdagar, alle saman! Her var det kjekke deltakarar, hjelpsame vaksenleiarar og flinke folk i leirkomiteen đ&#x;˜Šđ&#x;˜Š

14


Storkurs – Vassenden 8. – 10. september

Storkurset samla over 100 deltakarar og det var ei helg full av kjekke kurs og aktivitetar. Nytt og populært kurs i år var konditor for ein dag, men det var god deltaking på dei andre kursa også.

15


1000 år på sju dagar

Inntogsmarsjen er ein viktig del av leiren, der ein konkurrerer mot dei andre fylka i heiarop og utkledning. Foto: Katrine Sægrov

Årets høgdepunkt for ein 4H-ar er å reise på leir. I år går turen til Østfold og Kalnes VGS, der over 1250 ungdommar frå heile Norden samlast til ei draumeveke. Her er nesten 80 deltakarar frå Sogn og Fjordane med på ei reise på 1000år, frå vikingtida til framtida! Allsidig program Programmet består av mellom anna vikingdag, vitskapsdag, volleyballturnering, aktivitetar, turar, speed dating, førstehjelpskurs, science-show og rockabilly-kveld. Eila-Amalie Nordnes (16) frå Flora er på storleir for første gong. -Alt har vore kjekt! Eg har vore med på klatring, blomsterdekorering, swing og har allereie fått mange nye venner.

Stemningsbilete frå tun 3. Her budde Sogn og Fjordane, Hedmark og Oppland saman denne veka. Foto Guro Øksendal Henriksbø

16


Allsong og tevlingar Mottoet til 4H er «å lære ved å gjere», og det får dei prøvd seg på under leiren. Øksekast og bogeskyting, volleyball og rævkrok, og kunnskap og flørting er ferdigheiter som vert testa. Songstemma vert òg sett på prøve med fengjande konsertar på leirområdet, i tillegg til ein tur til Halden for å vere publikum på «Allsang på Grensen». Minner for livet Det å samlast i lag om sommaren og treffe gamle og nye vener frå heile landet er utruleg kjekt. Når ein då i tillegg får moglegheita til å bli kjend med 4H-arar frå mellom anna Sverige, Finland, Danmark og Asia, vert leiren til eit minne for livet.

Tekst: Erik Førde

I 2018 er det landsleir i Rogaland, og alt du treng å vite om leiren finn du på nettsida deira 2018.4hlandsleir.no 4H Sogn og Fjordane ordnar med vaksenleiarar og set opp tilbod om fellesreise til leiren med buss.

17


Marita på USA-eventyr Marita Holen Leirdal frå Bergrosa 4H (til høgre på biletet) var på utveksling i 4 veker i sommar. Dette reisebrevet sende ho medan ho var i USA.

Det er no snart to veker sidan den norske gruppa med 4H-arar møttest på Gardermoen for USA-utvekslinga 2017. Me var 18 ungdommar og to reiseledarar og kjente kvarandre frå før frå samlinga i Stavanger i februar. Me hadde to kjekke dagar saman i Washington DC før me reiste ut til kvar vår vertsfamilie i ulike statar.

18


Eg bur med ein kjempekosleg familie på fem i Missoula, Montana. Så langt har me mellom anna vore på badeland, farmers market, baseballkamp, indiansk pow wow og 4. juli party. Eg har prøvd Missoulas kjente karusell, paddleboarda i ein innsjø i Rocky Mountains, sett fyrverkerishow og høyrt historiar om brennande ekorn.

Eg har hatt det supert så langt og gler meg til enda 2 veker her.

Helsing Marita, for tida norsk 4H-ar i USA

Har du lyst til å oppleve verda med 4H? Søknadsfristen for å delta på utvekslingsprogrammet IFYE i 2018 er utvida til 15. desember. Ta kontakt med 4H-kontoret eller send søknad til 4H Norge ved å bruke søknadsskjemaet du finn på 4h.no. Du og familien din kan også vere vertsfamilie for ein ungdom frå eit anna land nokre veker i sommar, ta kontakt med 4H-kontoret om du tykkjer det høyrest spennande ut.

19


Draumeplassen Innbyggjarane på Atløy, Bryggja, Stårheim, Aurland og Sunde i Førde kan no byrje å glede seg til å få ein Draumeplass i nær-naturen. 4H Sogn og Fjordane har med støtte frå Gjensidigestiftelsen kåra dei fem vinnarane av Draumeplassen, ein konkurranse der ein vinn 100 000 kroner og prosjekthjelp til å realisere ein naturmøteplass. - Opne for alle - Naturmøteplassane skaper auka aktivitet i lokalsamfunna og får fleire ut i naturen. Dette er plassar som er opne for alle, og er kanskje spesielt viktige for unge og vaksne som ikkje er med på så mange andre aktivitetar, seier Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen og medlem av juryen for Draumeplassen. Dei fem stadene er spreidd over heile fylket, og vinnarane har søkt tett samarbeid med andre lokale lag og organisasjonar som vil hjelpe til med å realisere naturmøteplassen. Dei fem som står som hovudsøkjarar og vinnarar er Hei og Hå 4H på Bryggja i Vågsøy, Freidig 4H på Stårheim i Eid, Nærøyfjorden Verdsarvpark i Aurland, Fjellklang 4H på Sunde i Førde og Atløy 4H i Askvoll. Lokalt engasjement – Årets fem vinnarar er gode eksempel på grasrotmobilisering! smiler Dag Vea, som er prosjektleiar for Draumeplassen i 4H Sogn og Fjordane. Han held fram:

Jarand Veka som er sekretær i Atløy 4H har teke i mot sjekken som er det synlege beviset på at 4H-klubben er ein av vinnarane av Draumeplassen.

gjennomført fleire større prosjekt, som mellom anna har resultert i nettsida www.naturmøteplass.no, der det finst gode eksempel på naturmøteplassar, byggepakkar og gode tips til bygginga. Med dei nye Draumeplassane vil det vere 50 naturmøteplassar i 4H si eige i Sogn og Fjordane.

20

– Vinnarane står fram som svært energiske og klare til innsats. Dei har dyrka fram eit sterkt lokalt engasjement og knytta mange gode samarbeid. Dette meinar eg er nøkkelen til at ikkje berre prosjekta vert realisert, men at plassane òg vert godt tatt vare på og flittig brukt i mange år framover. 4H-klubbane i Sogn og Fjordane har dei siste åra skapt mange naturmøteplassar i fylket. Fylkeslaget har også

Fjellklang 4H hadde haustfest og opning av naturmøteplassen sin – og er heilt klare til å lage sin Draumeplass!


Plakettfest

Framme frå venstre: Frida Dragsund – Loen/Rake 4H, Synnøve Berstad – Trekløveret 4H, Lene Førde – Eggenipa 4H, Katrine Vedvik – Heggrosa 4H, Ingebjørg Frislid – Heggrosa 4H, Ida Falkgjerdet Svåi – Bergrosa 4H, Mariel Hov Molland – Vårliv 4H, Helén Baartvedt Flatjord – Bukta 4H. 2. rekkje frå venstre: Olina Roset – Bukta 4H, Oda Søreide – Bukta 4H, Inger Lise Sveinsdotter Høylo – Fjærland 4H, Line Standal – Standal 4H, Hilde Gunn Bråstad – Sjøstjerna 4H, Sandra Yndestad Engen – Guddalstoppen 4H, Embla Kristine Engesæter – Erla 4H, Magnhild Frislid – Heggrosa 4H, Frida Vallestad – Driva 4H, Hilde Sværen – organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane, Elin Aaland – plakettutdelar og Sparebanken Sogn og Fjordane. 3. rekkje frå venstre: Sivert Flaten Espeseth – Flink 4H, Thomas Sundal – Trekløveret 4H, Tor-Kristian Eikenes – Krunhjorten 4H, Joachim Dreyer – Krunhjorten 4H, Jørgen Myklebust – Krunhjorten 4H, Veslemøy Øvrebø – Kransen 4H, Annika Fimland Dvergsdal – Von 4H, Oda Vik Fløtre – Bukta 4H, Lea Marie Glomnes – Snøklokka 4H, Ingeborg Aasebø – Snøklokka 4H, Malin Leirnes – Ungbjørka 4H, Aleksander Øren Heen – plakettutdelar. 4. rekkje frå venstre: Even Hunshamar – Vårliv 4H, Gjert Klakeg Mulen – Soltind 4H, Nikolai Kårstad Støfring – Eikås 4H, Kristen Slåtten – Eikås 4H, Markvard Årset – Blåklokka 4H, Marte Åsnes Gjesdal – Blåklokka 4H, Ida Sofie Gjesdal – Blåklokka 4H, Emilie Hamn – Steintøff 4H, Maithe Rixt Eilander – Eggenipa 4H, Eirik Johannes Eldal Skilbrei – Framsyn 4H. Bak frå venstre: Andreas Støfring – Eikås 4H, Steffen Fjellestad – Hauk 4H, Are Dale Erikstad – Eikås 4H, Martinus Vallestad Årskaug – Framsyn 4H, Olav Svortevik – Neptun 4H, Stian André Farstad Westby – Standal 4H, Jonathan Vallestad Årskaug – Framsyn 4H, Stein Rune Bakke – Trekløveret 4H, Eirik Hortemo Vikøren – leiar i 4H Sogn og Fjordane, Brage Klakeg Mulen – Soltind 4H, Magnus Kårstad – Hakkespetten 4H.

Plakettutdelarane Aleksander Øren Heen og Elin Aaland trekte fram erfaringane som plakettmottakarane har samla seg gjennom 4H-programmet i helsingane sine. Aleksander brukte uttrykket samfunnsbyggjarar, medan Elin minte om at det er viktig å skrive 4H-plaketten på CV-en sin når ein søkjer jobb.

21


Kva skal vi ha med i sekken? Dette var temaet på regionmøta i september, og 4H-medlemmene visste godt kva som er lurt å ta med og kva ein kan leggje att heime.

Driva 4H, Freidig 4H, Bergrosa 4H, Dalane 4H, Loen/Rake 4H og Havgula 4H var vertskap og sytte for varme på bålpanna.

Det er lurt å ta med mat og drikke, varme klede og tørre sokkar. Chipsen og colaen kan derimot vente heime. Det er konklusjonen til 4H-medlemmene når dei diskuterte kva som skal vere med i sekken på tur. Regionmøta var ein del av prosjektet Fritt fram i friluft som 4H Sogn og Fjordane har no. I tillegg til regionmøta har vi hatt friluftskurs på Storkurset. Vi ynskjer også å invitere oss til ein del 4H-klubbar og gjere friluftsaktivitet saman med dykk. Alle 4H-klubbane får dessutan eit tipshefte, som vi har laga saman med 4H Møre og Romsdal, med idear til aktivitetar, ting å lage og oppskrifter til mat på bål.

22


Frå jord til bord –

fellesprosjekt for medlemmene i Fossekallen 4H

Bilde nr 1 Vi sår frø til åkeren vår Bilde nr 2 Utplanting i åker Bilde nr 3 Vi fòrer fram griser (av desse skal det bli pæreskinke ) Bilde nr 4 Griseslakting Bilde nr 5 Heile gjengen i arbeid med å skrelle grønnsaker til betasuppe på haustfesten. Vi har hatt eit interessant 4H år. Heile klubben har vore engasjert i felles prosjekt og alle har fått lære noko nytt. Tekst og foto: Wenche Nesheim

23


Nærmiljøet mitt I 2018 startar satsingsområdet Nærmiljøet mitt. Dette satsingsområdet handlar om å ta vare på kvarandre og skape gode opplevingar i fellesskap. Alle er del av eit lokalsamfunn, eit nærmiljø, enten vi bur i byen eller på bygda. I desse nærmiljøa finn vi grunnlaget for 4H.

Glad i å lage film? 4H Sogn og Fjordane har fått YouTubekanal, men har førebels berre ein film der. Det må vi gjere noko med! Vi lyser derfor ut ein filmkonkurranse der du kan sende inn ditt bidrag. Alle som får filmen sin publisert vinn ei 4H-selfiestang eller valfri 4H-artikkel til same prisen.

Konkurransereglar: • Filmen må handle om 4H og gjerne om satsingsområdet til 4H i 2018-2019, Nærmiljøet mitt. • Dei som er med på filmen må ha gjeve løyve til at den blir brukt. Er dei som er med i filmen under 16 år må foreldra ha gjeve løyve. • Filmen må vere på minimum ½ minutt, maks 3 minutt. • 4H Sogn og Fjordane må få lov til å publisere filmen på YouTube og i andre aktuelle medium. Send inn bidraget ditt i filmformat (t.d. mp4) til hilde.svaren@4h.no. Og du: Abonner på kanalen vår, då!

24


Kystdagen i Florø

Søndag 3. september var det klart for årets Kystdag i Florø. Dette er eit samarbeidsarrangement mellom 4H-klubbane i Flora og 4Hnemnda er arrangør. I tillegg til 4H-klubbane deltek også andre organisasjonar med aktivietar. Som alltid var Kystdagen på Kystmuseet, og området aula av barn og vaksne som deltok på aktivitetane, smakte på mat frå havet og kosa seg i det fine veret.

25


Revy som 4H-prosjekt –

fellesprosjekt i Loen/Rake 4H

Etter hard arbeid heile hausten kunne medlemmene i Loen/ Rake 4H vise fram 4Hprosjektet sitt. I ein heil time spelte dei sketsj, song og dansa. Eit flott 4Hprosjekt med eit flott resultat!

26


Årsmøte & julebord Her kjem ei lita oppsummering frå årsmøtet og julebordet! Den 2.- 3. desember var 14 alumnar og plakettmottakarar samla på Kaupanger til årsmøte og julebord i SOFA. Årsmøtet vart gjennomført på ein god måte av ordstyrar Ole-Andreas Førde, og der var gode diskusjonar! Etter at eit nytt styre var valt, tok vi på oss finstasen for å ha julebord. Utsøkt julemat gjorde alumnane stumme av begeistring, før kvelden held fram med talar, litt konkurranse, julemusikk og brettspel.

Eg er særs takksam for å ha fått tillit som leiar i eitt år til! 4H-året 2018 ser ut til å bli eit kjekt år, og eg håpar eg treffer DEG på 4H-arrangement! Julehelsing frå Eirik Førde

Attvalt leiar i SOFA

27


Å vere vertsfamilie Kvar sommar kjem det ungdommar knytt til 4H eller samarbeidande organisasjonar pü utveksling til Norge. Dei er her for ü oppleve Norge frü innsida – korleis er det ü leve i ein heilt vanleg familie i Norge? I sommar var eg og familien min vertsfamilie for Pauline frü Tyskland i tre veker. Ho budde hos oss i SvÌren og var med pü det som vi gjorde. Det vi jobba mest med var ü müle lüven. Pauline var med ü sette opp stillas, müla – og pü slutten torde ho opp pü øvste høgda pü stillaset. Men vi gjorde ogsü kjekke ting, plukka blübÌr og baka blübÌrmuffins, besøkte turistattraksjonar og gjekk tur pü fjellet. Pauline hadde sitt eige soverom hos oss, og hadde rettar og plikter som vi andre. Ho forsynte seg frü kjølesküpet nür ho var svolten, og mütte vere med ü ta husvasken.

Det som ogsĂĽ er kjekt med ĂĽ vere vertsfamilie er at, i alle fall eg, fĂĽr eit spark bak til ĂĽ gjere ting i nĂŚromrĂĽdet som eg sjeldan eller aldri gjer. Pauline og eg var til dømes pĂĽ Rib-bĂĽttur pĂĽ Sognefjorden. Kjempegøy, men eg hadde neppe gjort det om ikkje Pauline var pĂĽ besøk. SĂĽ ta sjansen de ogsĂĽ, til sommaren kjem det ein ny ungdom som treng nokon ĂĽ bu hos for ei veke eller opp til tre. Ta kontakt med 4H-kontoret for meir informasjon. P.S. Det aller beste Pauline fekk ĂĽ ete i Norge var rømmegraut, sĂĽ det mĂĽtte ho lĂŚre ĂĽ lage. Etter at ho kom heim til Tyskland har ho laga rømmegraut og servert det til familien sin đ&#x;˜Šđ&#x;˜Š

28


Oppslagstavla FYLKESLEIR 2018 Velkommen til Kjølsdalen i Eid 5. – 8. juli. Der blir det fire dagar med leirliv, aktivitetar, tevlingar og mykje anna gøy! Det kjem meir om leiren i neste Kløverknekten og på heimesidene våre.

TRIVSELSAGENT 2018

Trivselsagent er eit kjekt 4H-prosjekt for deg som vil ha eit annleis 4H-prosjekt der du kan gjere noko for klubben din og 4H Sogn og Fjordane – samtidig som du opplever kjekke ting saman med kjekke 4H-arar. 4H-prosjekt er for seniorar mellom 16 og 18 år. Det vert to samlingar, den første er 2.- 4. mars, og den andre 6. - 8.april. Påmeldingsfrist 15. februar til Hilde på 4H-kontoret. Les meir på heimesida til 4H Sogn og Fjordane, 4h.no/sognogfjordane

GPS-KOORDINATAR PÅ NATURMØTEPLASSEN I Kløverjakten-appen kan du finne alle naturmøteplassane som 4H-klubbane har laga. Men no viser det seg at ein del av GPS-koordinatane har falle ut av medlemsregisteret. Det er fint om 4H-klubbane som har ein Naturmøteplass kan sjekke om deira plass ligg inne med rette GPSkoordinatar, eller om det må leggjast inn på nytt. Ta kontakt med Hilde på 4H-kontoret om de treng hjelp.

Bli ven med 4H Sogn og Fjordane på Facebook! No har vi over 1550 vener, men vil gjerne ha fleire.

Legg oss til på Snapchat, 4H Sogn og Fjordane, og få oppdateringar når vi har arrangement.

Heimesida vår er 4h.no/sognogfjordane – der finn du oppdatert informasjon.

29


30

Kløverknekten 2 2017  
Kløverknekten 2 2017  
Advertisement