Page 1

FØRSTE TERMIN

PTF RAPPORT Nienke | 1MKA 2013/14


Innhald Dette har eg jobba med i PTF i første termin: > Barnebok > WWF-plakat > Rapport

s 4-7 s 8-9 s 10-11

> Logg/arbeidsplan

s 12-13

3


Barnebok • Bruke og vurdere tekstelementer i sammenheng med bilder og grafikk. • Forklare og ta hensyn til samspillet mellom estetikk, form, farge, bruksområde og budskap i arbeid med idéutvikling og komposisjon. • Bruke og vurdere tekstelementer i sammenheng med bilder og grafikk. • Bruke bilder som hovedkomposisjon og som effekt- og atmosfæreskapende virkemiddel og begrunne valgene. • Forklare og bruke digital arbeidsflyt og følge kravene som stilles ved digitalisering av originalmateriell til ulike mediebærere. • Utføre og forklare fargekorrigering og bildebearbeiding. Å begynne produksjonen av ei bok viste seg å vere mykje meir arbeid enn eg først hadde trudd. Målet mitt var å skrive ei barnebok med born i 7-9 års alderen som målgruppe. Det tok mange timars grubling å utvikle historia, og først etter mykje eksperimentering sat eg igjen med noko eg var nøgd med. Boka handlar om ei jente som heiter Luna. Ein kveld fortel bestefaren hennar ho om at ho kan ønske seg noko dersom ho ser ei stjerne falle, og tilfeldigvis hender nettopp dette når ho ser ut vindauget når ho skal legge seg. I augneblinken klarer ikkje Luna bestemme seg for kva ho skal ønske seg, så ho listar opp mange forskjellige ting. På grunn av dette rasar alle stjernene ned frå nattehimmelen, og ho blir nøydd til å finne ut korleis ho skal få dei opp på plass att. Tittelen er ikkje 100% publiseringsklar, men arbeidstittelen eg har heldt meg til så langt er «Luna på stjernejakt». ENKEL STIL Så snart eg hadde sagt meg ferdig med teksten, var det på tide å begynne å illustrere. Stilen eg har brukt er enkel og har ikkje overflødig med detaljar. Runde hovud, store auger og enkle, dokkeliknande kroppar. Enkle bakgrunnar med geometriske former. Dette gjorde å hindre at teikningane skulle ha for mange unødige forstyrrande faktorar. Det var også eit val eg gjorde for å spare tid.

4

BERRE 2 KARAKTERAR ENNO Boka inneheld 6 sentrale karakterar. Eg har berre designa 2 av dei så langt: Luna, som er hovudpersonen, og bestefaren hennar – sidan han er med i forteljinga heilt på starten. Eg synest det blir unødig å bruke mykje tid på karakterdesign på begynnarstadiet, og ventar difor heller til karakterane skal «dukke opp» etter kvart som eg teiknar. STORYBOARD SOM MAL Neste steg var å lage storyboard. Eg har skreve teksten til boka på ein slik måte at eg har nummerert kvar bit med tekst som skal ha ein illustrasjon. Så eg laga veldig grove skisser som hadde tilsvarande nummerering som tekstbitane. Desse skal berre fungere som eit grovskissa utkast, og blir gjerne veldig annleis så snart eg begynn å utforme dei til teikningar. Eg føler eit storyboard er til stort hjelp når ein skal planlegge utforminga av eit stort prosjekt, og det gjev ein framtidsutsikter på kva ein kjem til å jobbe med framover. PAPIR TIL PC Med karakterane og storyboard på plass, var det på tide å begynne det verkelege teiknearbeidet. Eg teikna i om lag den storleiken som eg hadde planlagt at sidene skulle ha (21x21 cm). Kvar gong ei blyantteikning var ferdig, skanna eg den inn på dataen. Eg kunne også ha laga teikningane på da-

taen heilt frå starten av, men eg føler ikkje eg mestrer digital teikning i same grad som på papir. PHOTOSHOP ER FAVORITT Programmet eg brukte til å vidare arbeide og digitalisere teikningane er Adobe PhotoShop. Eg likar å bruke PhotoShop til å teikne og fargelegge fordi eg føler eg har nok kjennskap med verktøya i programmet at eg kan arbeide mest mogleg sjølvstendig med det. Å teikne med datamus synest eg er svært vanskeleg, så difor brukar eg eit Wacom teiknebrett. Dette er eit verktøy som eg har litt erfaring med og har brukt ein del til private prosjekt. LIKAR FINE LINJER Sjølv om det går an å bruke dei teikna blyantstrekane frå skanningane i PhotoShop valde eg å teikne opp att på dei med brush tool. Eg synest at det ser betre og reinare ut når strekane er teikna digitalt, og vel alltid å gjere dette sjølv om det er den mest tidskrevjande delen av arbeidsprosessen. Så snart laget med linjene er ferdig, legg eg det heilt øvst slik at eg har moglegheit til å fargelegge fritt på laga som ligg under utan å risikere å øydelegge linjene. LIVLEG FARGEPALETT Eg har måtte tatt ein del val når det kjem til


fargelegging. Luna, som er hovudpersonen, har veldig lys hud og platinablondt hår. Desse fargane har eg vald å gi ho fordi dei skal minne litt om månen (Luna betyr måne, og månen er sentral i historia). Elles har eg brukt ein livleg fargepalett. Den første teikninga er mykje lysare enn dei to siste, og dette er fordi den første teikninga er i ein setting som har kunstig lys (lyspærer) som lyskjelde, medan dei andre to berre er lyssett av det svake lyset frå månen og stjernene gjennom eit soveromsvindauge. Til dette prosjektet brukar eg ein veldig lett teknikk for å fargelegge. Ein farge til lyse flater, og ein mørkare variant til skuggane. NYE TEKNIKKAR Etter kvart som eg jobba med prosjektet, vart eg introdusert for teikne- og fargeteknikkar i programmet Adobe Illustrator. I dette programmet er det mogleg å jobbe med vektorgrafikk, som ein lett kan «resize» til alle storleikar utan at kvaliteten blir øydelagt. I tillegg kan ein lett jobbe med eit verktøy som heiter pen tool, der ein guider programmet til å teikne linjene for deg, heller enn å gjere det for hand med brush tool. Sjølv om dette programmet utan tvil var mykje raskare å jobbe med, bestemte eg meg for å halde meg til å teikne i PhotoShop, for å hindre at stilen på illustrasjonane skulle endre seg i løpet av boka.

er illustrasjon når ein ser på ei dobbeltside. Eg har vald å la illustrasjonane dekkje heile sider, for å få mest mogleg ut av plassen. Tekstsidene har enkle bakgrunnar som består av ein farge, som er henta frå fargepaletten til illustrasjonen ved sidan av for å skape harmoni. Typografien er i ein enkel, lettleseleg font. Den skal vere plassert midt på sida (utanom sidetala som er i hjørna). For å gjere tekstsidene meir spennande, laga eg små dekorasjonar som skal danne ei lita ramme rundt teksten. Dekorasjonane består av små stjerner og planetar i sprikande fargar. LANGT I FRÅ FERDIG I løpet av denne PTF-økta fekk eg lage designet til 3 ferdige dobbeltsider. Eg er glad for at eg fekk moglegheit til å jobbe med dette prosjektet i PTF i år, og at eg har eit veldig godt grunnlag til å jobbe vidare. Eg har fått vidareutvikle dei digitale teikneferdigheitene mine mykje medan eg har jobba med prosjektet. I tillegg har eg for første gang skrive ein tekst som har born som målgruppe, noko eg aldri har prøvd før. Det kjem til å ta lang tid å gjere boka ferdig, spesielt sidan eg mest truleg ikkje kjem til å jobbe med den på skulen noko meir. Eg vil tru at den sannsynlegvis ikkje kjem til å vere produksjonsklar før tidlegast på slutten av 2014.

1: Storyboard

2: Skann

3: Digital teikning

ENKELT OG DEKORATIVT Formatet på boka er 21 x 21 cm. Høgre side er tekst, venstre

5


Barnebok

Myriad Pro er ein lettlest, grotesk font. Ei fantasiskrift kunne hemma noko av lesbarheita, og hadde trekt unødig mykje merksemd. Illustrasjonen skal ha mest fokus.

Enkle dekorasjonar skapar balanse mellom illustrasjonssida og tekstsida. I tillegg er dekoren med pĂĽ ĂĽ forme eit seriepreg gjennom heile boka.

6


Slik ser linjene ut utan fargelegging. Her har eg büde teikna for hand og brukt geometriske formverktøy.

Desse fargane er brukt pü Luna i denne teikninga. Dei mørke fargane til venstre indikerer skuggar.

7


WWF-plakat • Bruke og vurdere tekstelementer i sammenheng med bilder og grafikk. • Vurdere hvordan ulike bilder egner seg til bruk i utforming av medieprodukter. • Bruke bilder som hovedkomposisjon og som effekt- og atmosfæreskapende virkemiddel og begrunne valgene. • Visualisere informasjon ved å bruke grafikkelementer og begrunne valgene. Ganske seint i PTF-økta bestemte eg meg for å gjere ei oppgåve til for å hindre at eg gjorde det same opp att og opp att medan eg jobba med bokprosjektet. Denne oppgåva var gjeven av faglæraren. Målet var å lage ein plakat for truga dyreartar med WWF (World Wildlife Fund) som avsendar. Formatet på plakaten er A3.

INSPIRASJON FRÅ NETTET

Det første eg gjorde var å bla gjennom den offisielle nettsida til WWF, på jakt etter inspirasjon. Eg fant ei side om utryddingstruga elefantar, der ein kunne melde seg på som ‘elefantfadder’ og donere pengar til WWF. Eg valde å lage ein plakat for denne aksjonen.

ELEFANTEN I MIDTEN

Eg valde å bruke eit bilete som illustrasjon til plakaten. Eg fann eit høgoppløyseleg bilete av ein elefant på google. Den står i eit naturlandskap som består av stort sett brunt og grått. Det går bilspor mot elefanten, men dei svingar bort frå han like før dei

8


når han. Dette synest eg kan verke som eit symbol for at elefanten har fått fred frå menneskelege forstyrringar. Elefanten står midt i biletet. Det er risikabelt å plassere hovudfokuset på ein annan stad enn i det gylne snitt, men eg synest det fungerer fint i denne komposisjonen. Det tomme landskapet som omringar elefanten kan tolkast som at den er aleine. Elefantar er naturlege flokkdyr og er ikkje ofte til å sjå aleine. Dette kan understreke bodskapen i reklamen: talet på ville elefantar reduserast kraftig.

sjå ut som eit gjennomsiktig utsnitt i det kvite. På denne måten kan ein sjå biletet med elefanten på gjennom logoen i staden for svartfargen.

TYDELEG BODSKAP

På typografien brukte eg ein enkel, svart font med tynne linjer. Det er ikkje typografiens utsjånad som er hovudfokus – det er bokskapet. Eg valde å bruke teksten «HVERT

GJENNOMSIKTIG LOGO

Logoen til WWF fant eg på brandsoftheworld.com, så den var i vektorgrafikk. Dette gjorde det lettare å resize logoen til eg var nøgd med plasseringa. Nedst på plakaten har eg plassert ein kvit boks til typografien, og eg la logoen over denne på venstre sida. Boksen rundt logoen er også kvit, noko som gjer at det ser ut som den høyrer til tekstboksen. I staden for å la logoen vere svart, brukte eg clipping mask for å få logoen til å

plakaten, under logoen. Eg forstørra 25 000 ein god del, slik at det vart hovudfokuset i teksten. Eg valde å bruke denne teksten fordi den er kort og informativ, og difor eigner seg godt til ein plakat. På høgre sida har eg brukt teksten «Stopp utviklingen», «Bli elefantfadder i dag!» og eg har laga ein QR-kode som leder til nettsida der ein kan lese om å vere og elefantfadder, samt melde seg på. På denne måten får mottakaren moglegheit til å lese vidare etter han har gått frå plakaten. I øvre høgre hjørne er det også ei lenkje til nettsida, meint både som kjelde og for dei som ikkje kan eller ønskjer å bruke QR-kodar.

GOD TRENING

ÅR BLIR OPPTIL 25 000 ELEFANTER DREPT I AFRIKA», noko eg fant på nettsida til WWF. Den er plassert på venstre side av

Denne oppgåva har mange likskapstrekk med ein del oppgåver vi har jobba med tidlegare i år, så eg har ikkje lært nokre nye teknikkar av den. Likevel er det alltid god trening å arbeide med visuell og informativ kommunikasjon.

9


Rapport

10


• Bruke og vurdere tekstelementer i sammenheng med bilder og grafikk. • Bruke komposisjonsprinsippene for skrift, bruke typografi som selvstendig komposisjon og begrunne valgene. • Visualisere informasjon ved å bruke grafikkelementer og begrunne valgene. • Lagre medieprodukter i ulike formater på egnede lagringsmedier. Mitt siste prosjekt i denne PTF-økta var å lage denne rapporten. Den inneheld ei samling av refleksjonar eg har etter arbeidet eg har gjort i faget dei siste månadane. Til desse tekstane har eg stort sett skrive etter ein generell mal for refleksjonsnotat. MINIMALISTISK Eg bestemte meg for at eg hadde lyst å bruke ein minimalistisk stil på layouten. Enkle farga flater i kontrast mot kvite. Likevel har gjort utrykket meir spennande ved å legge inn små, dekorative detaljar rundt omkring på sidene. Eg har dekorert med små silhuettar som anten er friskjert frå bileter

eller er silhuettar av teikningane eg har brukt i samanheng med barnebokprosjektet. BRUKTE TEXT WRAP På nokre av sidene har eg også brukt bileter som ein del av det visuelle utrykket. Desse har eg også friskjert. På side 4-5 har eg brukt text wrap for å få teksten til å leggje seg rundt biletet av teiknebrettet. Dette er ein teknikk som eg synest var vanskelig å bruke før, men som eg no syns er veldig nyttig. Når ein bruker text wrap kan ein fjerne luft på sida som ikkje ser estetisk fin ut, og samtidig utnytte plassen godt.

LITE TID Det største problemet eg støtte på ved denne oppgåva var det knappe tidsrommet å utføre den på. På ei veke skulle eg skrive alt innhaldet i rapporten, samt ha designen heilt ferdig. Dette har ført til at eg har brukt mange timar utanom PTF for å klare å bli ferdig. Likevel er eg nøgd med måten eg har løyst oppgåva på, og det er ikkje mykje eg ville ha gjort annleis dersom eg hadde hatt meir tid.

11


Logg

Veke 48: Klassen fekk ei kort innføring i PTF-faget og kva slags individuelle prosjekt vi kunne arbeide med. Veke 49: Denne veka skulle eg velje ei oppgåve eg vil jobbe med framover. Eg valde å skrive eit manus til ei barnebok som eg vil illustrere til sjølv. Eg vil lage illustrasjonar i PhotoShop og bruke teiknebrett. Veke 50: Eg har skrive ferdig eit utkast til teksten i boka. Fekk hjelp av lærar til å rette. Veke 51: Storyboardet til boka er ferdig. Har designa 2 karakterar som skal vere med tidleg i historia. Fekk så vidt tid til å begynne på første illustrasjonen. Veke 1: Gjorde ferdig første illustrasjonen. Scanna den inn på pc’en for å arbeide vidare med den digitalt. Fekk ei kort innføring i å fargelegge digitalt. Veke 2: Ferdig med å fargelegge første illustrasjonen. Nummer to klar på papir.

12

Veke 3: Scanna og fargela andre illustrasjonen. Designa små dekorasjonar i form av stjerner og planeter som skal dekorere tekstsidene. Veke 4: Teikna og scanna tredje illustrasjon. Laga ein mal for korleis dei ferdige sidene i boka skal sjå ut. Storleik og fontar er på plass. Veke 5: Ny oppgåve: Lage plakat for WWF. Bodskapen var at elefantar i Afrika er truga, og at fleire burde støtte WWF ved å melde seg på som elefantfadder. Henta bilete frå google og tekst frå WWF sine nettsider. Laga i InDesign og Photoshop. Veke 6: Finpuss på bokprosjektet. Sette saman sidene og lagra dei PDF-format. Begynte også å planlegge rapporten som skal skrivast i etterkant av PTF-økta. Veke 7: Skreiv ferdig rapporten. Laga design (inkludert omslag) i PhotoShop og sette det saman med teksten i InDesign. Levering av barnebok, WWF-plakat og rapport denne veka.


13


Nienke Bruyning 2K14

Rapport PTF 13/14  

School work. Meant only for my teacher's eyes.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you