Page 54

924166

ARNE HJELTNES 101 NORSKE TURAR

9 788248

Med tog, bil, båt, buss, sykkel og til fots Arne Hjeltnes viser fram sine favoritturar. 101 norske reiser alle kan oppleva. Ikkje dei dyraste, ikkje dei mest strabasiøse, men dei flottaste. Arne Hjeltnes har reist over heile landet sidan han vart fødd. Dei siste åra har han hatt som mål å vera innom alle norske fylke kvart år – og klart det. Han kjenner dei små trivelege hotella, dei flinkaste kokkane og dei artige opplevingane du bør få med deg. I eit gamalt slagord frå 1980-talet heitte det «Norge ditt nærmeste ferieland». Den gongen ville nordmenn helst ut i verda til Gran Canaria, Thailand eller Miami. No vil heile verda hit. Til nordlyset, fjordane, fjella og dei trivelege byane våre. Gong på gong kan me sjå at store utanlandske medier peikar på Noreg som det mest spanande reisemålet. Og nordmenn har absolutt oppdaga sitt eige land. Turane går like ofte innanlands for mange norske turistar. Det er eit fantastisk land å reisa i. Aktivitetar og opplevingar står i kø. Perlene er mange. Maten er strålande og naturen spektakulær. God tur!

Innbundet kr. 399 ISBN 9788248924166 Kagge Forlag September

ARNE HJELTNES har vore programleiar i TV 2, fiskeriutsending i Asia og turistsjef i Amerika. Han har tidlegare gitt ut 19 bøker, mellom anna åtte reisebøker, to kokebøker, ei bok om ost, tre diktsamlingar og romanane Ivar Nimme og Stupetårnet. GAVE OG FAKTA 49

Profile for Kagge Forlag

Alle bøker 2019  

Alle bøker 2019  

Advertisement