Reiseliv i Industriens Vugge

Page 1


Hva er ERIH

ERIH – European Routes of Industrial Heritage ERIH - et europeisk reiselivsnettverk som viser Europas industriarv i et reiselivsaspekt. Nettverket består av: 850 industristeder i europa 32 land 80 Ankerpunkt, hvorav 5 i Norge: • • • • •

Museum Nord – Narvik Norsk Teknisk Museum – Oslo Norsk Industriarbeidermuseum/Vemork – Rjukan Norsk Vasskraft og Industrstadsmuseum – Tyssedal Spillum dampsag, Namsos

Første regionale reiserute klar i 1999 i Ruhr området Nå skal det lages en reiserute mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Velkommen med på laget.



Norsk Vasskraft og Industristadsmuseum - Tyssedal


Odda og Tyssedal

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum gjer eit innblikk i norsk vasskrafthistorie. Vasskrafteventyret i Tyssedal starta i 1906, og den vakre kraftstasjonen Tysso I ligg som eit monument ved fjorden. Tyssedal var ei bygd som pulserte meir enn mange andre bygder i travle sommarmånader, då turistar frå store deler av Europa skulle ha hjelp for å kome seg til Skjeggedal og dei store fossane som var å sjå der. Vinterstid var det derimot stille og roleg i avsidesliggjande Tyssedal. Men dette skulle kome til å bli snudd heilt på hovudet på veldig kort tid. Nokon såg verdien i å utnytte fallhøgda på vatnet frå fjellet og dalen for å produsere kraft. Vatn var ressursen for det samfunnet som vaks fram i Tyssedal og Odda, satt i verk og planlagt av utanlandske kapitaleigarar og bygd opp av rallarar, arbeidarar og ingeniørar. Tyssedal kraftstasjon, teikna av Th. Astrup og Victor Nordan, ligg i dag som ein storslått bygning, 175 m lang, ned mot Sørfjorden og er godt synleg for både sjøfarande og for dei som kjem landevegen på vestsida av fjorden. I sommarsesongen er her daglege omvisingar i kraftanlegget, visning av film og utstillingar. Turar i fjellet langs rallarstien og i dei tørrlagte vasstunnellane. Meir informasjon på www.nvim.no eller på facebook. Sjå og www.vasskrafta.no


Industristadsmuseet og byporten i Høyanger


Industristaden Høyanger •

28.Februar 1916 kom det roande inn fjorden 6 svenskar og to nordmenn. Dette var starten på industrieventyret i Høyanger.

Det budde 120 menneske her inne i fjorden på den tida. Dette snudde opp ned på tilværet deira. I løpet av 1917 var det over 1300 menneske som arbeidde på anlegget her.

Første produksjon var i august 1918, og normal drift kom i gang i 1919. Sidan då har det vore produert aluminium kontinuerleg i Høyanger.

I dag kan du sjå Høyanger si historia på dei to muséa; Høyanger Industristadmuseum og Vasskraftmuseet. Dette kombinert med ein moderne teknologi som i dag vert nytta i aluminiumsproduksjonen, gjev dette eit godt innblikk i nærare 100 års levande industrihistorie.

http://www.hnu.no/?side=44&slide=1#


Bremanger Smelteverk–hjørnesteinen i kommunesenteret


Utvikling av visningssenter i Svelgen/Bremanger

• Svelgen som industritettstad har sin historie tilbake til utbygginga av vassdraga i området i åra kring 1920. Mange industritiltak blei vurdert, men i 1928 kom rujernsverket i gang. I dag blir det produsert silisium i verdsklasse ved verket, og elektrisiteten blir framleis levert frå dei lokale kraftverka, blant anna frå Svelgen 1 som produserer elektrisitet med de originale turbinane og generatorane. • Smelteverket er i dag eigd av Elkem og bedrifta har vist interesse og er opptatt av å få på plass eit visningssenter som vil knytte historia saman med dagens aktivitet og framtidsvyar. Elkem har lokalitetar i utkanten av industriområdet som kan nyttast og som gjer at ein ikkje kjem i konflikt med sikkerhetsprosedyrane på Verket. • Sogn og Fjordane Energi (SFE) eig og driftar Svelgen 1 som er det eldste kraftverket i bygda. Kraftverket er i stor grad originalt, og har vist interesse for å vere med i eit utviklingsprosjekt med fokus på formidling av historie, og industrikulturen i Svelgen. • Det er ein stor fordel at dei to store industriaktørane i Svelgen har vist interesse for prosjektet, og ein vil jobbe vidare med å få på plass ein heilskapleg framdriftsplan for prosjektet


Norsk Kvernsteinsenter


Kvernsteinsbrota vart i 2011 nominerte til UNESCO si verdsarvliste 

 

Her finn du historia om den eldste kvernsteinsindustrien i Noreg; - i fylgje arkeologiske granskingar heilt attende til vikingtida ca. 700 år e. Kr. Avslagshaugar av sundbrotne og mislukka kvernsteinar, og merkje etter hogging i bergvegger, fortel om ”storindustri”. Med sine 27 km2 er kvernsteinbrota i Hyllestad eit av landets største fornminne i utstrekning. Størst aktivitet ser det ut til å ha vore i mellomalderen, frå midten av 1000-talet til ut på 1300-talet, for så å ebbe ut på 1800-talet. Det er ein bergart med kyanittførande granatglimmerskifer som gjorde kvernsteinen, kalla Åfjordstein, eller Hyllestadstein, særs veleigna for kornmaling. Via Bergen vart steinen sendt vidare omkring, m.a. til Danmark, Sverige og kontinentet. Havarerte skipslaster viser farleia for utskiping av Hyllestadsteinen. Langt det største funnet (505 kvernsteinar) vart gjort i Alversund i 1990. Men også lenger sør og på Sørlandet er det lokalisert skipslaster med kvernstein frå Hyllestad. Andre produkt var m.a. steinkrossar, ljoresteinar, steinkar, døypefont og gravheller.


AS Helle fabrikker – Askvoll kommune


AS Helle fabrikker, knivfabrikken i Holmedal

• «Det er menneska og kjærleiken til handverket som skaper produkta på Helle knivfabrikk, ikkje maskinene « Torodd Helle • http://www.youtube.com/watch?v=qGOjyRJz0KE • Bak fleire av dei mest kjente merkevarene våre, ligg det solid handverkskompetanse og god materialkunnskap. Eit ferdig produkt er ofte samansett av fleire ulike handverk og ein lang tradisjonsboren kunnskap. Ved å opne opp for besøkjande, vil handverket og historia komme eit større publikum til gode, reiselivsnæringa får eit nytt opplevingstilbod og verksemdene kan forhåpentlegvis auke si omsetjing. • AS Helle fabrikker har produsert kniver i Homedal i 80 år


Stongfjorden, Aluminiumsindustriens vugge


Stongfjorden, auluminiumsindustriens vugge i Norden • Ein augustdag i 1906 besøkte Murray Morrison frå British Aluminium Company Stongfjorden og bygda vart valt som stad for den første aluminiumsfabrikken i Norden. Ei liten fjordbotn i Sunnfjord vart brått omsnudd fra ei lita landbruksgrend til eit tettfolka industrisamfunn • Då Morrison kom, hadde det regna mykje, så vassmengda i elvane var stor. Gamle kjelder fortel at Morrison vart mektig imponert, og han spurde mannen som rodde dei over Stangsvatnet om det var vanleg med så mykje vatn. Skysskaren svara ja, dei kunne drive kor stor fabrikk dei ville, for vatn var her nok av, og dermed starta eventyret. • Fabrikken ble satt i drift fra i januar 1908 og produserte aluminium fram til 1945 (for tysk krigsindustri i perioden 1940 – 1945) Etter 1945 har fabrikken vore nytta til ulike industrielle føremål.


Hardanger Fartøyvernsenter


Hardanger fartøyvernsenter

• Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av det største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. • Du kan oppleva tradisjonsrike handverk som fartøy- og båtbygging, smiing og reipslaging • Born finn seg til rette i ei aktivitetsløype og små verkstadar der dei kan spkka båtar og laga tau. • Vi leiger ut robåtar • I kafeen kan du velja frå ein meny basert på lokale råvarer.


Salhus Trikotasjemuseum


Det var ein gong ein strikkefabrikk Bli med inn i den gamle trikotasjefabrikken. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter hardt arbeid og lang produksjon. Sjå det gamle karderiet, spoleloftet, strikkeloftet og syloftet og opplev dei gamle maskinane i sving. Norsk Trikotasjemuseum heldt til i gamle Salhus Tricotagefabrik. (1859-1989) og er ein av 13 tekniske industrielle kulturminne med nasjonal status. Trikotasjefabrikken i Salhus vart etablert i 1859 av Johan Ramm og Phillip Clausen, begge frå Slesvig.

Fabrikken var i drift i 130 år. På det meste var her 350 arbeidsplassar. Trikotasje tydar strikka tekstil, og fabrikken i Salhus har mellom anna produsert underty av ull og bomull, sokkar og tjukke genserar. Varemerke for produktet var ei kro og framleis er kronemakko eit kjend omgrep.

I tillegg til omvising har me og skiftande utstillingar med ulike tema innan arbeid, industri og tekstil. Me visar film fra Salhus, kor ein får sjå og høyre ulike arbeidarar fortelje om livet på fabrikken. For borna har me kulturminneløype og aktivitetar. Gå ikkje glipp av vår museumsbutikk, kor du kan kjøpe seg ulike produkt strikka på våre maskinar. I kaféen kan du nyta heimebakst og fantastisk fjordutsikt. Velkommen!


Industriarbeidermuseet / Ă…bø-byen

art


Industriarbeidermuseet / Åbø-byen •

Åbø-byen, Amerika-byen, Villa-byen eller byanlegget er eit relativt stort bustadområde sentralt i Sauda for arbeidarar og funksjonærar ved Sauda Smelteverk, som vart bygt ut frå 1916 og frametter. Anlegget har store arkitektoniske kvalitetar og er berar av viktige kulturhistoriske minne.

Da eigaren ønskte å starta sal av husa tok Sauda Sogelag initiativ til eit arbeid for å søke å verne området. Det vart danna eit bruks- og verneplanutval for Åbø-byen, der Ryfylkemuseet gikk inn, og det vart i åra frå 1981 og frametter lagt ned eit stort arbeid for å utarbeide planar, verneføresegner og rettleiingar og følgje opp vernearbeidet i praksis. Området er regulert til spesialområde for bevaring.

Håkonsgt. 51-53 (seinare Industriarbeidarmuseet) vart overført frå Sauda kommune til Ryfylkemuseet ved skøyte 19. juli 1985. Etter restaurering, innreiing og utarbeiding av ei fotoutstilling blei bygningen opna som industriarbeidarmuseum i 1988. Huset rommar i dag eit husvære innreidd som det såg ut på 1920-talet, da huset var nytt, eit husvære innreidd som det såg ut på 1960-talet, samt ei fotoutstilling.

Dei innreidde husværa er svært gode som miljøutstillingar, da folk som budde i huset har hjelpt til med innreiinga. Det kom også tilbake originalt inventar og gardiner da arbeidet med innreiing pågjekk.

Industriarbeidarmuseet har faste opningstider kvar sommar, og har elles vore ope for omvisingar til grupper ved ønske.


Dale of Norway

art


"Inn i fabrikken - ei levande historieforteljing" Dale of Norway og Dale Garn •

DALE - er eit av Noregs mest særeigne og lengst eksisterande fabrikksamfunn som har vore i kontinuerleg drift sidan oppstarten i 1879 og framleis er det.

Merkevaren Dale of Norway er ei av dei mest kjende merkevarene i utlandet, spesiellt i USA. Det er ei sterk merkevare med produkt som er moderne i materiale og form, men som tek vare på historie og det særeigne uttrykket.

Dale Garn har sidan 1911 levert produkt av utsøkt høg kvalitet. Garnkvalitetane er spunnet av naturens beste råvarer og mykje av det er norsk ull.

Mange turistar oppsøkjer fabrikkutsalet og stiller spørsmål om å det er mogeleg å koma inn i fabrikken og få ei omvisning. Dei er svært interessert i fabrikken og korleis gensarane vert laga.

Det er ikkje mange tekstilindustribedrifter att i Noreg, eller i Europa. Industri og tekstilproduksjon er meir ukjend for folk no enn kva det nokosinne har vore. Mange veit lite om korleis kleda våre vert laga og mange er nyfikne på det.

Me vil formidla denne kunnskapen og visa fram ei levande tekstil-verksemd. Konseptet vert sett saman av 4 delar: -ei omvisning i fabrikken -ei utstilling som fortel historia til fabrikken og tettstaden Dale -eit måltid med lokalmat servert av Bergsdalstunet -eit besøk i fabrikkutsalet der ein kan kjøpa med seg produkter frå fabrikken.