Ola N. Nedrelid Noko av det viktigaste i livet er heimen. Der du er deg sjølv, kanskje skaper familie, ser barn vakse fram. Alle kvardagane. Festdagar. I 60 år har Total-Bygg Hjørungavåg AS bygd husa folk har flytta inn i og levd liva sine i. Dette er historia om ei av dei aller viktigaste bedriftene i Hjørungavåg.
ISBN: 978-82-303-3868-1
I livd for nordvesten Med Total-Bygg i 60 år
I livd for nordvesten Med Total-Bygg i 60 år Hjørungavåg, 2018
Utgivar: Alltid før deadline Ola N. Nedrelid Tekst: Ola N. Nedrelid, Tone Rudberg og Berge Hjørungnes Fotoredaktørar: Ola N. Nedrelid og Tone Rudberg Omslagsbilete: Per Eide Utforming: Aller Best Tekst Papir: 120 g Serixo Trykk: Artko AS Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova og fotografilova eller i strid med avtalar om kopiering inngått med Kopinor. Alle spørsmål om denne boka skal rettast til Ola N. Nedrelid, ola@nedrelid.as ISBN: 978-82-303-3868-1
Ola N. Nedrelid er forfattar av denne boka. Gründer og tidlegare ansvarleg redaktør av kraftbransjens blad Energi, lang erfaring også som omsetjar og språkkonsulent.
Tone Rudberg er medredaktør av boka. Har bakgrunn frå feature- (Aller Media) og nyheitsjournalistikk. Tidlegare blant anna innanriksog utanriksleiar i NTB. Berge Hjørungnes er sivilarkitekt og har skrive den stilhistoriske artikkelen i denne boka, Total-Bygg: Ei historie om stil og arkitektur. Hjørungnes har bakgrunn som arkitekt og rådgivar i offentleg forvaltning og som privatpraktiserande arkitekt. Bilete framsida: Jostein Nedrelid (fremst) med ein gjeng husbyggjarar. Dagleg leiar i Total-Bygg, Josteins son Thor Ove Rekdal Nedrelid, nummer to frå høgre. Bilete baksida: Biletet er frå 1960-talet og viser Ytrebø i Hjørungavåg, familieheimen som Knut Nedrelid bygde i 1953.
Ola N. Nedrelid
I livd for nordvesten Med Total-Bygg i 60 ĂĽr
Alltid før deadline
3
Innhald Forord............................................................................... 5 Det starta med ein snikkar..................................6 Hjørungavåg i vekst.................................................8 Folk treng hus............................................................ 12 Etterkrigstid: Småjobbar og husbygging i Ålesund .........................................14 Nesten faste takstar...............................................16 Kva skal barnet heite?..........................................16 Nye måtar å tenkje hus på..............................18 Ville byggje i Hjørungavåg..............................20 «Safen» i soveromsveggen................................22 Forelda brotsverk....................................................22 Knall og fall.................................................................22 Travelt på jobb og heime..................................24 Jostein tar over........................................................ 26 Som far, så son........................................................ 28 Konkurranse mot ferdighusa..........................30 Nytt namn og nye ambisjonar .....................32 Tredje generasjon tar over .............................34 Trivst som plommen i egget ...........................36 Sterkare ut av oljebremsa ...............................38 Glade bustadeigarar..........................................40 Nytt byggefelt i Hareid .......................................42 Store ambisjonar framover..............................42 Far Jostein den dyktigaste ..............................42 Heime best: – Det beste valet eg har tatt ..........................44 Den store motivasjonen ................................... 46
Forord Denne boka fortel historia til Total-Bygg Hjørungavåg AS eller Hjørungavåg Byggelag, som føretaket heitte då det vart registrert for 60 år sidan, ettersommaren 1958. Dei fleste kundane har vore naboar i Hjørungavåg, men har også komme frå ei rekkje andre stader i Sør-Noreg. Sunnmørskysten er vêrhard. Skal hus og folk klare seg gjennom vinterstorm og orkan, må det dimensjonerast deretter. Det har Total-Bygg alltid visst og hatt kompetanse til. Ingen av husa deira er tatt av vinden eller skadde på nokon måte, heller ikkje då orkanen 1. nyttårsdag 1992 råka kysten med eit ul. Orkanen lét etter seg skog, båtar og bygningar som pinneved og ikkje minst 50 000 fortvilte huseigarar. Heller ikkje har det vore større konfliktar med nokon kunde. Og det er tale om ei næring der det er ein prestasjon i seg sjølv for eit føretak å runde seks tiår. Imponerande nok omsette bedrifta for vel 37 millionar kroner i 2017. Dei mange husa frå Total-Bygg har prega landskapet mange stader. Men bygga som er oppførte, er godt tilpassa landskapet til glede for samfunna dei er ein del av. Tre personar frå tre generasjonar har i kvar sin periode vore garantistar for kvalitet i framveksten av Byggelaget: Knut Nedrelid som medgründer og drivar fram til 1980, sonen Jostein Nedrelid fram til 2013, og son til Jostein, Thor Ove Rekdal Nedrelid, som er leiar for føretaket no. Men dei har ikkje vore åleine, ei rekkje personar har vore med og sett sitt merke på bygginga: Ove Liaset hadde bygningskompetanse som var avgjerande for å komme i gang. Andre som må nemnast frå oppstart og frametter, var Bjarne Korshamn, Leif Liaset, Laurits Liaset, Rolv Pilskog og etter kvart Karl Strande og Olaf Sellereite, somme var med når dei ikkje var på fiske eller fangst. Dessutan har Johannes Liavaag som viktig byggherre i ein avgjerande oppstartfase fått ein særskild plass. Viktig var det og at byggmeister Olav-Sindre Pilskog kom inn på driftssida rundt 1981 og seinare kjøpte seg inn som eigar med 50 prosent. Han gjekk ut av selskapet i 2013. Josteins eldste son, advokat Audun Nedrelid, gjekk inn som styreleiar i 2000 og sat fram til 2006. Noverande styreleiar er Hans Otto Øvrelid. Redaksjonen har møtt mykje velvilje i arbeidet med boka. Vi takkar dei mange som har gjort ein innsats – både liten og stor. God lesing! Ola N. Nedrelid Redaktør Tone Rudberg Medredaktør
300 hus og eitt tårn, ei byggoversikt gjennom 60 år ........................................................48 Total-Bygg: Ei historie om stil og arkitektur Av sivilarkitekt Berge Hjørungnes................50 Slik bur folk Av sivilarkitekt Berge Hjørungnes................54 Arkitektens illustrerte kortversjon.................64
4
Ove Liaset hadde bygningskompetanse som var avgjerande for at Hjørungavåg Byggelag kom i gang. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid
Bjarne Korshamn var med i Byggelaget frå starten av, og var med meir eller mindre heile sitt yrkesaktive liv. Foto: Privat
5
Det starta med ein snikkar Knut Nedrelid vaks opp i Hjørungavåg med ei formidlarglede som gjorde at han like gjerne kunne ha blitt lærar som snikkar.
KNUT NEDRELID Knut Nedrelid var ein røynd snikkar då Hjørungavåg Byggelag vart etablert i 1958. Han dreiv Byggelaget fram til 1980 då sonen Jostein overtok. Han rakk ikkje å oppleve at sonesonen Thor Ove gjekk inn som tredje generasjons leiar av familiebedrifta. Fotograf: Lorents Jønsson 6
«Skodespelar, tømmermann og bonde» var tittelen på omtalen som Ivar Grimstad skreiv i Vest-Posten då Knut (1917–2003) fylte 70. Snikkar vart han nok likevel fordi han likte å forme og lage ting med hendene, og i gjenreisingstida rett etter krigen prega av bustadmangel var det også eit stort behov for faglærte husbyggjarar. Dessuten var han sosial, kjend med alle i bygda, og det var inga ulempe i yrket. I 1937–1938 gjekk han på Møre Folkehøgskule i Ørsta. Han passa også på å få seg fagutdanning som snikkar og bygningsarbeidar frå Sunnmøre og Romsdal Arbeidsskule i Molde. Arbeidsskulen fekk problem med å avslutte semesteret, og Knut og dei andre elevane vanskar med å få med seg tinga sine, då dei måtte røme på grunn av krigen som brått vart ein realitet i april 1940. Deretter arbeidde Knut ei tid på ein møbelfabrikk i Sykkylven og gjekk etter kvart gradene i bygningsfaget frå læregut blant anna på huset
til ishavsskipper Stille-Jon (Jon Nedrelid) i Hjørungavåg i 1940. Knut var omtykt i Hjørungavåg og gjorde blant anna ein stor innsats for den frilynde ungdomsrørsla. Han var aktiv korsongar i 16 år, var ein dyktig amatørteatermann, og han og medspelarane turnerte i bygdene og i Ålesund med spelstykke og fekk gode kritikkar. Av mange vart han kalla Fele-Jan etter hovudpersonen i spelstykket Bjørnefjell av Olav Hoprekstad. For bygdamannen og samfunnsbyggjaren Knut var det viktig å delta i aktivitetar som kunne samle folk og grupperingar. Han var med i styre og stell blant anna på kulturfeltet. Som husbyggjar hende det at han tok mindre betalt når han visste kunden satt trongt i det. Sjølv om han var samfunnsengasjert, ville han ikkje drive med partipolitikk, og han sa nei takk til Bjartmar Gjerde, seinare AP-statsråd og kringkastingssjef, då han ville ha han med i politisk arbeid. 7
Oversiktsbilete av Hjørungavåg frå tidleg 1960-tal. Vi kan sjå sju– åtte båtar rundt Vågen. Foto: Ola N. Nedrelid
Hjørungavåg
i vekst Hjørungavåg er ein tettstad i vekst i Hareid kommune. Næringslivet er variert med jordbruk, fiske og industri.
8
Liavågen formar ei naturleg og god hamn mot både nordvesten og vind frå andre retningar. Det kom tidleg – allereie i 1917 – ein etter måten stor reparasjonsverkstad for båtar, Hjørungavaag Mek. Verksted, med opptil 150 tilsette, fordelte på ulike fagfelt. Der var også eit par mindre mekaniske verkstader, notbøteri, sjøbuer, ein produsent av takstein, fiskemottak og ein byggvareprodusent som laga kjøkkeninnreiingar og tropper. Den gode hamna har frå gammalt av gjort Hjørungavåg til ein ideell ankringsstad for båtar mellom fiske- og fangstturane. Det var vanleg at maskinisten eller skipperen hadde ansvaret for båtane mellom ekspedisjonane/ turane. Då var det ein fordel å bu i bygda som tidleg hadde ein større prosentdel av skipperar og maskinistar enn knapt nokon annan stad, og der endå fleire flytta til. I 1946, rett etter krigen, var det byggjeboom i Hjørungavåg. Men ettersom tida har gått, har båtane har blitt færre og større og meir spesialiserte og bruker meir av tida til fiske og fangst og mindre til landligge. Likevel har Hjørungavåg
framleis mykje industri, men reparasjonsverkstaden er borte, på staden den var har enn så lenge Rolls Royce tilhald. Fiskemottaket har utvikla seg til eit leiande innfrysingsanlegg for fisk, Pelagia Liavåg, taksteinfabrikanten som no heiter Spenncon AS, produserer betongkonstruksjonar for bygging av store hallar osv. Tilflytting har det også vore til kommunesenteret Hareid og endå meir til nabokommunen Ulstein. I Hareid har det vakse fram ein god del moderne industri som Jets (verdsleiande innan vakuum-teknologi), men også tradisjonell industri som elektrokonsernet Hareid Group. På same måten er det i Ulstein dei siste 50 åra etablert ein stor og tung maritim industri som konkurrerer på verdsmarknadene. Ulstein, Kleven og Rolls Royce er internasjonalt velkjende namn. Verksemdene har stadig behov for arbeidskraft. Folketalet har auka kraftig dei siste åra, til om lag 5150 i Hareid og 8500 i Ulstein, og dei mange tilflyttarane har hatt behov for og etterspurt bustader. Total-Bygg AS har satsa på å vere med og dekkje dette behovet. 9
Dette biletet er frå 1990-talet. I Hjørungavåg er det no mindre av båtar og mykje meir industri. Foto: Knut Johan Nedrelid
10
11
Det er klart at ein må signere når ein har bygd eit hus! Denne fjøla vart funnen då huset til Anton og Berta vart rehabilitert i 2018. Foto: Jostein Nedrelid
Folk treng hus Då andre verdskrigen slutta i 1945, var det bustadmangel. Krigen hadde kravd store ressursar. Det var kamp om alt.
Knut gifte seg i 1947 med Jorunn Sundalsfoll, som han vart kjend med då ho var i teneste hos tanta Solveig Hjørungdal i Hjørungavåg. Det skulle bli ein kamp for å få etablert seg! Utdanninga til Knut gav von om husrom. Det var mangel på alt, byggjeløyve og materialar var rasjonerte samtidig som behovet for husvære var stort. I heile landet vart det bygd «einebustader» med to leilegheiter. Praksis var at for å få tildelt byggjeløyve, eller kjøpe materialar og byggjevyrke, måtte byggherren leige ut delar av bustaden, gjerne andre etasje av bygget. For Knut og Jorunn hasta det med å finne ein stad å bu; dei hadde fått ein son, og inntil vidare budde mor og son hos foreldra hennar i Austefjorden i Volda kommune. Det var åtte mil frå Hjørungavåg med vanskelege kommunikasjonar. Anton Pilskog, skipper på fangstskuta 12
Aarvak, og kona Berta Pilskog var blant dei som skulle byggje i Hjørungavåg, og Knut og Jorunn skulle flytte inn i andre etasje. Olav N. Pilskog og Knut førte opp huset. Knut og Jorunn var elles moderne innstilt, og var blant anna først i bygda med elektrisk komfyr. Dei kjende nokon hos komfyrprodusenten Grepa i Ørsta. Etter kvart vart det avgjort å byggje eigen bustad på Ytrebø (noverande Torsenvegen 17). Litt tilfeldig vart då Knut første kunden som bestilte materialar til eit heilt hus frå Hareid Trelast. Det vart også først flytting til bror til Knut, Andreas Nedrelid. Han hadde bra med buareal og budde berre eit par hundre meter frå det nye bygget som stod innflyttingsklart i 1953, og som vart den nye heimen for Knut og Jorunn med borna Ola, Elin og Jostein. Saman med gode kollegaer skulle Knut etter kvart starte eige byggjeføretak.
Knut Nedrelid og Olav N. Pilskog bygde det nye huset til Anton Pilskog, ishavsskipper på fangstskuta Aarvak, og kona Berta på slutten av 1940-talet i Hjørungavåg. Andre etasje i huset vart den første felles bustaden for Knut og Jorunn og borna. Foto: Berge Hjørungnes
m Bygger’n i Hareid heitte tidlegare Hareid Trelast. Litt tilfeldig vart Knut Nedrelid første kunden som bestilte eit heilt hus frå Hareid Trelast då han skulle føre opp sin eigen bustad på Ytrebø i Hjørungavåg. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid
Aarvak hadde fast ankringsplass like nedan-for huset til Anton Pilskog i Hjørungavåg. Skuta er teken vare på og er sjølve praktstykket i Ishavsmuseet i Brandal, som vart etablert i 1981. Foto: Ishavsmuseet 13
Etterkrigstid: Småjobbar og
husbygging i Ålesund Det var ujamt med arbeid etter krigen, og ein måtte ta på seg det arbeidet som vart tilbode og ein kunne få.
Knut bygde sjølv på Ytrebø i Hjørungavåg, som vart heimen til han, kona Jorunn og borna Ola, Elin og Jostein. Huset er eit klassisk døme på etterkrigsmodernismen under gjenreisingsperioden etter andre verdskrig. Familien flytte inn i 1953. På sitt eige hus laga Knut eit tilbygg for å få plass til bad i hovudetasjen. Foto: Ola N. Nedrelid
Simon (då Helge) Flem Devold var profilert journalist og musikar og seinare landskjend som Simon i Aftenpostens spørjespalte for barn gjennom nesten 30 år, På Skråss. Han fann også stoff i husbygginga si og publiserte føljetong i Sunnmørsposten av kva snikkarane – blant dei Knut – sa og gjorde på nybygget hans. Foto brukt med løyve frå Sunnmørsposten 14
Oppdraga kunne vere bygging av benker til lasteplanet til bilen til Arne Giske som ville konkurrere i turmarknaden, og det kunne vere vedlikehald eller oppføring av nybygg. Men det kunne også vere behov for å ta på seg arbeid for treavdelinga på verkstaden, hjelpe til litt med oppføringa av «nyeskulen» i Hjørungavåg som var ferdig i skuleåret 1954–1955, eller vere med på å bøte ei not når sildefisket stod på som travlegast vintrane tidleg på 1950-talet. Det var også slik at nybygga og bustaden «måtte» vere ferdige til innflytting til jul. Det vil seie at det vart dårleg med sommarferie – og ufrivillig ferie frå rundt jul og frametter. Slik vart det årvisst god tid til vedhogging frå nyttår av. I ein periode med lite bustadbygging på Hareidlandet arbeidde Knut og andre i Ålesund med å føre opp nybygg. Huset til Helge (seinare Simon) Flem Devold vart sett opp i samarbeid med byggmeister Kårstad. Helge var profilert
musikar og journalist i Sunnmørsposten og fann også stoff i husbygginga. For snikkarane var undringa stor då dei dagen etter byggjestart fann gjengitt i Sunnmørsposten det dei hadde snakka om på arbeidsstaden dagen før. Bustadmangel, restriksjonar og rasjonering av byggjematerialar og byggjeløyver var nesten dagleg omtalte i Sunnmørsposten, så husbygginga til Helge Flem Devold hadde meir enn berre kuriøs interesse. Det var vanleg at snikkarane hadde teikningar med seg; dei lånte av kvarandre og tilpassa dei til nye hus. Kårstad likte teikningane dei hadde med til Ålesund, men var ikkje nøgd med plasseringa av badet i underetasjen eller kjellaren, som var det vanlege. Det meinte han måtte plasserast i hovudetasjen. Knut adopterte ideen til sitt eige hus på Ytrebø der badet vart plassert i hovudetasjen, medan hovudsoverommet vart plassert i eit eige tilbygg til hovudetasjen. 15
Nesten faste takstar Då huset til Stille-Jon (Jon Nedrelid) skulle byggjast i Hjørungavåg i 1940, fekk snikkarane til saman 1000 kroner i betaling.
Det såg ut til å vere nesten faste takstar for husbygging på Hareidlandet. Då huset til Stille-Jon skulle oppførast i 1940, fekk dei tre snikkarane, Isak Molvik, Petter Ulset og Oddvin Garshol, 300 kroner kvar, læreguten Knut Nedrelid fekk 100. På same måten greidde ikkje Pella (Peder Ulstein) å prute ned timelønna på huset sitt med ein 25-øring, slik han hadde sett føre seg då han skulle byggje hus i 1956. Han måtte gå heile runda rundt utan å lykkast. Det såg ut til å vere nesten faste takstar. Mot slutten av 1950-talet, på det tidspunktet huset til Johannes Liavaag, tannlegen i Hareid, vart oppført, var det mest vanleg i bygdene lokalt at byggherren heldt materialar, men leigde snikkarar til å utføre jobben. Men Johannes gjorde det annleis. Han var ein oppteken mann og mykje med i styre og stell, og ville vel ikkje bruke tid på å renne rundt og leite etter bygningsfolk. Han ville ha ein totalentreprise og betale for den. Dette vart etter kvart ein vanleg måte å organisere bygginga på. Johannes fortel at Knut tok imot husteikningar og arbeidsteikningar og ville komme med tilbod. Anbodet var på nokre og nittitusen kroner og vart akseptert. I tillegg kom kjøkkeninnreiing og utgifter til rørleggar og murarbeid. Føresetnaden var då at Knut Nedrelid og dei andre snikkarane etablerte eit føretak, og slik var det at eit nybygg førte til at Hjørungavåg Byggelag vart skipa. For Ove Liaset var huset til Johannes det siste han var med på saman med Byggelaget. Han reiste deretter til Stavanger for å gå på Elementærteknisk skole. 16
Kva skal barnet heite? Det vert fortalt at det var dagleg leiar Endre Hareide i Hareid Trelast som gav namn til Byggelaget. Føretaket hans var nystarta, og han hadde så mykje å gjere at han knapt hadde tid til å handtere bestillingane. Fakturaene måtte vente. Men på den måten vart kassa tom, og fakturaene måtte ut på raskaste vis. På det nystarta Byggelaget mangla han namn og fastsette det der og då til Hjørungavåg Byggelag. Og slik vart det ståande. (Samtale Ove Liaset, 2017.)
Den aller første rekneskapsboka til Hjørungavåg Byggelag. Summane for utført arbeid tilhøyrer definitivt ei anna tid. Foto: Tone Rudberg
Fin logo! Men det heitte nok ikkje logo den gongen Hjørungavåg Byggelag vart skipa. o Huset til Jon Nedrelid, også kalt Stille-Jon, var det første huset Knut var med på å byggje. Det vart oppført i Hjørungavåg i 1940. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid 17
Huset til tannlege Johannes Liavaag vart fint og noko for seg sjølv i 1958, bygd i noko som kanskje kan kallast bungalowstil. Knut Nedrelid var stolt og glad for at Hjørungavåg Byggelag fekk byggje huset. Foto: Berge Hjørungnes
Johannes Liavaag gjekk nye vegar då han skulle byggje hus i heimbygda, men brukte snikkarar han kjende som pålitelege og dyktige. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid
Nye måtar å tenkje hus på
Nye rammer for husbygginga var i ferd med å vinne fram. Etter kvart vart det meir og meir vanleg med konkurranse om totaltilbod for både arbeidet og materialane.
18
Huset til Johannes Liavaag markerte eit tidsskilje på dette og fleire område. Huset var eit praktbygg, utstyrt til og med med eigen vinkjellar – teikna av arkitekt utanfrå, Olav Severin Solheim frå Ålesund, og med arkitektteikna hage. I bygginga kunne det fort ha oppstått kollisjon mellom arkitekt og andre som hadde med impulsar utanfrå, og dei som var vane med lokalt og tradisjonelt handverk. Men bygginga gjekk særdeles greitt. (Samtale Johannes Liavaag, 2017.) På eitt punkt vart det likevel diskusjon: Det var ikkje lenger uvanleg å bruke isolasjon i bygg. Samtidig var isolasjon noko nytt etter krigen, og heller ikkje dei som arbeidde på den nye skulen og skulle bruke isolasjon der, hadde sett isolasjon. Byggmeister Mathias Bratset som hadde hytte i nærleiken, tok derfor med seg vareprøver frå Ålesund og viste fram. Den nye skulen vart bygd med steinull som isolasjon.
Men arkitekt Solheim hadde ikkje tru på isolasjon, og mange år etter då huset til Johannes vart oppført, valde Solheim i staden tjukke, porøse huntonittplater. Bygget innneheldt elles tekniske nyvinningar og nye produkt: For første gong vart Leca brukt lokalt. Murarbeidet var sett bort til murmeister Kjell Hansen frå Brandal. – For meg var det naturleg å kontakte bygningsarbeidarar i bygda som eg kjende til og var på talefot med. Det var ein gjeng som hadde ord på seg for å vere dyktige og pålitelege, og som etter kvart tok namnet Hjørungavåg Byggelag AS, fortel Johannes Liavaag. Knut Nedrelid var både stolt og glad for at Hjørungavåg Byggelag fekk snikkaroppdraget for huset til Johannes Liavaag. Han var fornøgd både med det og med gjennomføringa og vog på om han skulle be Johannes om ein attest. Den kunne han bruke for å vinne nye kundar. 19
Ville byggje i Hjørungavåg Eit tragisk forlis i Vestisen påska 1952 der ei rekkje båtar med mannskap vart borte, fekk mykje å seie framover for Johannes Liavaag. Bror hans, Sigurd, var ein av dei som ikkje kom tilbake. Johannes som var nyutdanna tannlege, la andre planar til side og bestemte seg for å slå seg til i heimekommunen og vere til støtte for familien. Han fekk etter kvart bygd opp ein tannlegepraksis med nytt kontor og topp utstyr på Hareid. Så vart det tale om husbygging. Foreldra tykte vel om at han ville slå seg til ro i heimekommunen. Han fekk den tomta han ønskte seg, Holen, og skyldskifte vart halde 15. februar 1952. Neste steg var då å kontakte arkitekt, og valet fall på arkitekt Solheim i Ålesund. Han teikna eit romsleg hus med full kjellar med vaskerom, hobbyrom, kjellarstove, lagerrom og vinkjellar. Første etasje har kjøkkeninngang med garderobe, hall med tropp til loft, kjøkken, spisestove, salong og tv. Loftsetasjen fekk plass til baderom, fire soverom og eit godt lagerrom. Bustaden har eit bruttoareal på nesten 400 kvadratmeter.
Hagen var eitt og eit halvt mål; fylkesarkitekt Amdam teikna inn ein hageplan, kommuneingeniør Olav Eilertsen stakk ut tomta, og Andreas Varhaug stod for utgravinga. Murmeister Kjell Hansen frå Brandal fekk murarbeidet, medan Hareid Elektriske stod for elinstallasjon, eit Ørstafirma fekk VVS-arbeidet, og Arnljot Sørheim utførte fint målings- og tapetserararbeid. Snikkararbeidet gjekk til Hjørungavåg Byggelag: Råbygget stod ferdig før jul 1959. Knut og Bjarne tok etter jul til med innreiingsarbeidet. – Godt å sjå at desse karane slapp å trivle etter metermål eller hammar for å utføre eit dyktig handverk. Det var sanneleg kjekt å kome heim etter endt arbeidsdag og oppdage korleis arbeidet gjekk framover, seier Johannes. Timeprisen auka elles med fire og eit halvt øre i byggjeperioden. Huset stod ferdig til innflytting jonsokkvelden 1960.
Saman med mange andre vart Sigurd, bror til Johannes, borte på Ishavet påska 1952, då Buskøy og fleire andre fangstskuter gjekk ned i storstormen det året. Johannes bestemte seg for å busetje seg i heimkommunen for å vere til støtte for familien. Foto: Ishavsmuseet
Tomt på slåttemarka Laurdag 15. februar 1952 vart det halde skuldskifte på gnr 70 bnr 5. Faren Josef Liavåg gjekk i førevegen, og det såg ut som om han ville gi Johannes ei drusteleg tomt, men Johannes fekk nappa faren i busserullen og presisert at han måtte ta vare på slåttemarka si. – Det vart eit særmerkt praktbygg, og eg kan ikkje anna nemne at folk, endå 20
til frå Trondheim, kom for å sjå på huset og interiøret. Både arkitekt Solheim, Hjørungavåg Byggelag og medarbeidarar var særs stolte av og nøgde med byggverket – og sjølvsagt han som fekk flytte inn i huset. Dette sa Johannes og karakteriserte bygget slik: – Romsleg hus for ein stakkars ungkar!
Selfangst var ein viktig næringsveg på Sunnmøre i tiåra etter krigen, og i Hjørungavåg budde mange ishavsskipperar. Biletet viser fangst i Vestisen. Foto: Ishavsmuseet 21
«Safen»
i soveromsveggen Noreg var eit kontantsamfunn, men i Byggelaget tok ein seg ikkje råd til å bruke pengar til safe. Ventilen i veggen på soverommet i Knut og Jorunn sin bustad på Ytrebø måtte gjere nytta. Sonen Ola, som var 11 år i 1958, hugsar godt at han var sett til å hente pengar frå kundar og leggje dei i «safen». Det kunne vere tale om mange 1000-lappar om gongen.
m I periodar av året var det mindre tilgang på byggjeoppdrag, og Knut fekk tid til alt som skulle gjerast heime – som å hogge ved, gjerne i selskap med barnebarn. Her er vesle Audun, som seinare skulle bli styreleiar i Total-Bygg i fleire år. Foto: Privat
o I soveromsveggen på Knuts gamle hus på Ytrebø eksisterer framleis ventilen han brukte som «safe» for kontantane han fekk for oppdrag. No bur sonesonen Thor Ove med sambuaren Ingeborg i huset. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid 22
Forelda brotsverk For å få byggjestraum var det for nokre tiår sidan vanleg å feste koparstrengar på ei fjøl og hengje strengene opp på straumledninga. På dette viset henta ein straum til saga, fortel Jostein Nedrelid: – Ein dag skulle far sage ved, og her var det enkel tilgang til kabelen – ein kunne gå rett opp på soveromstaket og hengje koparstrenga på inntaket i husveggen. Men denne gongen small det, og eine inntaksstrengen gjekk rett av. Far måtte ringje til everket og fortelje kva han hadde gjort, og vart førespegla ei kraftig bot pluss kostnaden med å setje det heile opp att.
Men det gjekk ikkje mange minutt før han fekk telefon frå everksjefen, som gav beskjed om at det var ein liten hake ved dette: Everket hadde ikkje lov til å ha uisolerte kablar over taket fordi folk då kunne gå på taket og komme borti dei. Karane vart samde om å halde stilt og gløyme heile greia. Storebror Ola hugsar og at snikkaren sat på ein planke i vindaugsopninga då han spikra kledning over vindauga til mørkeloftet på Ytrebø. Kanskje heller ikkje heilt i samsvar med dagens arbeidsmiljølov og HMS?
Knall og FALL Etter kvart vart det fastare rammer for bygginga, men likevel kom det av og til overraskingar: Då Knut midt på 1960talet fall ned frå ein stige og fekk hovudskade, viste det seg at fordi han var arbeidsgivar, hadde han ikkje forsikring. Han måtte saman med familien greie seg utan inntekt eit heilt år før han kunne ta til med arbeidet igjen. Det kom som eit sjokk og var ei hard tid for familien og ikke minst kona Jorunn. Han vart aldri heilt frisk igjen: – Eg kjenner framleis på etterverknadene frå eit stygt fall i ein stige, fortalte han då VestPosten i 1987 intervjua han som 70-åring. 23
Travelt på jobb og heime Det var ikkje akkurat regulert arbeidstid. Arbeidsveka varte til og med utpå laurdagen. Administrativt arbeid og planlegging måtte skje om kvelden heimefrå. Det gjekk mange år før det var snakk om kontor. Svogeren Andreas Hjørungnes tok på seg å føre rekneskapen som deltidsarbeid. – Enten fem eller femti, sa Knut då Byggelaget på det meste gav brød til ti tilsette, og visste at dette med femti tilsette ikkje ville vere realistisk. Det var ikkje berre som snikkar at Knut hadde mykje å gjere. På fritida var han framleis aktiv i ungdomslag og amatørteater. Dei som ville lære teater (særleg sminking), dukka gjerne opp på Ytrebø laurdagskvelden, medan dei som skulle planleggje husbygging, gjerne møtte opp tidleg på søndag. Vart det for mykje, kunne det vere greitt for familien å kome seg tidleg av garde på bærplukking eller tur.
På jobb. Her skal det bli hus! Knut i forgrunnen. Yngsteson Jostein Nedrelid, som seinere skulle ta over som leiar i Total-Bygg, er allereie med på laget, her heilt bak. Foto: Privat 24
25
Jostein tar over
I periodar på 1950-, 1960- og 1970-talet var det lite nybygging. Ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald sikra likevel inntektene. Etter kvart kom Knuts yngste son Jostein med i drifta, først som snikkar.
JOSTEIN NEDRELID Etter kvart vart den svarte luggen kvit, men biletet viser utan tvil bygningsingeniør Jostein som tok over som dagleg leiar i Total-Bygg etter Knut. Foto: Per Eide 26
Etter kvart la Byggelaget om frå å ta enkeltoppdrag til å prosjektere og føre opp ferdige bustader. Det vart feltutbygging i Vågsleitet i Hjørungavåg i 1993. Deretter utbygging av ei tomt i Pilskog–Overå-feltet, og så vart det kjøpt tomter i Pilskog og bygging der. Men sjølv om det vart bygd hus også i Kaldholen, og huset til Karl Johan Jonsen vart ført opp på Overå, var dette eit tidsskifte med mindre aktivitet. Det var i gang eit generasjonsskifte: Knut ville trappe ned og var på veg ut. Knut fekk kjøpt garden med buskap etter bror sin, eit halvt årsverk, noko som gav han ein triveleg kvardag dei neste åra. Etter kvart vart det også tid til hobbyen tredreiing. Samtidig var sonen Jostein Nedrelid (fødd 1953) på veg inn. Rundt 1980 vart han i realiteten dagleg leiar. Stor velvilje vart til glede for eldste bror Ola, som fekk realisert byggjeplanar i Venåsvegen i Oslo i 1981 med byggjehjelp frå far og bror i Hjørungavåg.
Seinare sa dei også ja til søster og dotter Elin og hennar mann Leiv på Røa i Oslo med ombygging og utviding av huset deira. Ei utfordring var at det var vanskeleg å få tak i arbeidskraft. I 1995 blir Jostein og Olav Sindre Pilskog intervjua av bladet Søre Sunnmøre. Dei seier at dei kunne ha dobla drifta etter tilbod og oppdrag, men at rekrutteringa av snikkarar var svært dårleg. Dei hadde ringt yrkesskulane for å få fatt i lærlingar med tømrarlinja, men fekk til svar at berre to personar frå distriktet hadde gått den linja. Sjølv om det var ei vanskeleg tid, var det også noko optimisme. Jostein og Knut tenkte framover og kjøpte blant anna med seg ein tenleg varebil frå Oslo etter fullført bygging hos Ola. Avgjerande for vidare drift var det nok at Jostein var interessert i å ta over. Han var utdanna bygningsingeniør som det var stor etterspørsel etter i regionen, men valde Byggelaget framfor tryggare alternativ. 27
Som far, så son For Jostein var det tanken på å skape noko interessant som fekk han til å gå i spora til faren og satse på husbygging.
Ingen arbeidsdag var lik den neste, og kravde både skaparevne og disiplin på same tid. Jostein var blåruss i beste meining av ordet og kunne med andre ord ein god del om økonomi. Men han var også utdanna bygningsingeniør, ei utdanning som gjorde han godt rusta til å drive eit mindre føretak. Jostein var ferdig med økonomisk gymnas i Ålesund i 1974 og hadde då eit grunnlag for å søkje jobb. Men ein vanskeleg kabal måtte gå opp: Han og kona Tone, som var nyutdanna frå Volda Lærarskule, ønskte jobb same stad, og det var ikkje så flust med jobbar. For Jostein vart det ein forløpig jobb i Hjørungavåg Byggelag. Det gav meirsmak: – Eg tenkte at dette måtte det kunne gjerast noko meir ut av. Så eg søkte på Ingeniørskulen i Ålesund og kom inn på linje for bygg og anleggsteknikk. Tone var ferdig med lærarskule i 1976, og den vesle familien flytte til Ålesund, der Tone hadde fått jobb. – Ved avslutta utdanning var eg inne på tanken om å søkje jobb i eit eksternt firma, men akkurat då var det ein liten svikt i marknaden, så det vart til at eg starta i Hjørungavåg Byggelag igjen. Eg hadde då tankar om å utvikle firmaet vidare, fortel Jostein. Som far sin er også Jostein ei kraft i lokalsamfunnet. Han hjelper til der det trengst, om det så er i speidaren, i kyrkja og bedehuset eller om det er en nabo som treng ei handsrekning. Her går bygdamannen Jostein i spann med kone og lærar Tone, og i 2012 fekk dei ein prestisjefylt pris for alt dei har ytt til lokalsamfunnet. – Dei får Hareid kommunes Kulturpris for tretti års arbeid i speidar og søndagsskule og elles i heimbygd og kommune. Dei har alltid vore tru mot verdiane sine og stilt opp når dei har fått spørsmål om det, sa ordførar Anders Riise då han delte ut prisen.
Jostein i førarhuset! Her på traktorsetet, med Knut og ungane på slep. Foto: Privat 28
29
Olav Sindre Pilskog vart ein sentral byggfagleg ressurs i Total-Bygg. I tre tiår hadde han ulike roller som tømrar, bygg-meister og eigar. Her bokstaveleg talt på «golvet» tidleg på 1980-talet. Foto: Privat p Saman med son og styreleiar Audun Nedrelid tok Jostein opp konkurransen mot ferdighusa med oppkjøp av tomter og utvikling av bustader. Biletet viser Vågsleitet i Hjørungavåg i forgrunnen, den første store utbygginga. Dei fleste husa i Pilskogane i bakgrunnen er også oppførte av Total-Bygg. Mellom vegen og kaia har Total-Bygg kontor, tidlegare også butikk. Foto: Nanseth Media
Konkurranse mot ferdighusa
Ei utfordring er at byggjebransjen har alltid gått litt i bølgjedalar, meiner Jostein. Han ville finne eit konsept som ikkje andre kunne tilby. 30
Ein idé var å konkurrere mot ferdighuskonsept i ein avgrensa marknad. Total-Bygg gjekk inn i samarbeid med sivilarkitekt Berge Hjørungnes om teikning av hus til kundar. – Vi følte også behov for å komme med i eit større felleskap for å kunne tilby større breidd av hustypar, tilgang til teikningsarkiv og teiknetenester og betre innkjøpsordningar. Valet fall på det som i dag er Byggmann-gruppen. Med dette vart TotalBygg ein meir proff aktør, meiner Jostein. Frå tidleg 80-tal kom også byggmeister Olav Sindre Pilskog med på eigarsida og som tilsett, noko som styrkte kompetansen og konkurransekrafta til Total-Bygg. Han arbeidde først fleire år som innleigd tømrar, men kjøpte seg seinare inn som eigar med
50 prosent, og han var ein sentral fagressurs. I 2013 gjekk Olav Sindre ut av selskapet ved at Jostein kjøpte aksjane hans, og Thor Ove kjøpte deretter ein del av desse slik at eigarforholdet var 60–40 i favør av Jostein. Totalt har Olav Sindre vore engasjert i Total-Bygg i meir enn 30 år. Han har såleis vore ein av dei aller viktigaste personane i bedrifta. Byggelaget tok no for alvor opp konkurransen mot ferdighusa. Jostein og Olav Sindre følgde med i byggforsking og nye trendar. – Kvalitet også teknisk er vi nøye med. Vi ser ofte typehus som ikkje høver her i distriktet. Til dømes held som regel ikkje typehus tiltenkt austlandsmiljø mål i nedbørsklimaet på Sunnmøre, sa dei til
bladet Søre Sunnmøre i 1985, der det også kom fram at dei bygde fire–fem hus i året. Lidvard Liaset var også inne på eigarsida. På tidleg 2000-tal vart det fusjon med byggmeister Kjell Alme i Hareid. Josteins son Audun Nedrelid var som styreleiar på denne tida sentral i arbeidet med å strukturere og utvikle selskapet. Stikkord: bygging av lager, opning av butikk, oppkjøp av tomter, vidareutvikling av feltutbyggingar. Men å tilby teikning og tilpassing av hustypane til kvar enkelt kunde kravde mykje tid og ressursar. Og det var slett ikkje alle det kom noko ut av, hugsar Jostein og fortel: – Det enda med at vi heller ville prøve å tilby kundane gode konsept der vi sjølve stod for utviklinga av hustypane på eigne tomter. 31
Nytt namn og
nye ambisjonar Ein meir ambisiøs strategi med ny logo og namnet Total-Bygg Hjørungavåg AS signaliserte at firmaet no tok mål av seg til å stå for heile produksjonsløpet fram til ferdig bustad.
Ei stor satsing med ny logo og nytt namn var nødvendig. Total-Bygg Hjørungavåg AS gav signal om offensiv tenking. I 2005 blir det fusjon med konkurrenten byggmeister Kjell Alme med Total-Bygg som overtakande selskap. Ein satsar breitt og overtek «gamlebutikken» i Hjørungavåg som gir gode kontorfasilitetar, og kan flytte frå dei meir primitive kontorlokala ved det gamle fryseriet – alt lokalisert ved kaia inst i Liavågen. I tillegg vert det i 2004–2005 oppført eit rasjonelt tilbygg på 350 kvadratmeter til lageret. Då det stod ferdig, var det ei stor opningsmarkering med servering av heimelaga lefser og sveler. Byggelaget vart medlem i Byggmanngruppa, tanken var at det skulle gje marknadsfordelar og stordriftsfordelar og rimelegare kostnader. Jostein satsa vidare på både feltutbygging og utsalg av byggvarer i eigen butikk med lang opningstid. Tidlegare vart det også starta 32
eigenimport av golv- og veggflis frå Tyskland. Det var Josteins jobb å lage strategiar for å møte utfordringane. Han prøvde med l nye produkt, import av vegg- og golvflis l butikk med lang opningstid l fusjon og fleire tilsette l feltutbygging
Total-Bygg har stått for alt frå vanlege bustadhus i åra etter krigen til moderne hus og leilegheitsbygg. Her reiser bygget seg på Brekkebakke i Hareid på 2010-tallet. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid
I 2005 hadde Total-Bygg i alt 13 tilsette. Kjellrun Nedrelid var ein av dei; i eit kvart hundreår var det ho som møtte kundane på kontoret og i butikken. Eit kjent ansikt for alle kundar var også Frank Nykrem, som i 16 år hadde ansvar for både lagersal og prosjektoppfølging. Men mange tilsette gav etter kvart store faste kostnader og lite fleksibilitet. Butikken kravde fast bemanning og gav ikkje nok tilbake, og i 2013 vart butikken stengd. Leveranse direkte til kvart bygg vart meir vanleg og medførte mindre behov for lager. Det var utsal av lagervarer i 2017, og lagerlokala vart vurdert selde eller utleigde.
p Året er 2005, og Total-Bygg tel i alt 13 tilsette etter fusjonen med Kjell Alme. Vikebladet samla 12 av dei framfor kontora i Hjørungavåg. Bak frå venstre Jon Anders Liaset, Bjørnar Liaset, Richard Hunstad, Olav Sindre Pilskog, Dan Marius Skeide og Kjellrun Nedrelid. Framme fra venstre Jostein Nedrelid, Kjell Dimmen, Johannes Liavåg, Kjell Alme, Tony Nykrem og Frank Nykrem. Svein Erling Hjørungdal var ikkje til stades. Foto: Vikebladet Vestposten, Synnøve Overå Hide 33
Tredje generasjon tar over Frå 2013 tar Thor Ove Rekdal Nedrelid, yngste son til Jostein, over som ny dagleg leiar. Han er økonom og statsautorisert revisor, og legg vekt på å rasjonalisere drifta.
THOR OVE REKDAL NEDRELID Thor Ove Rekdal Nedrelid bestemte seg for å hoppe av ein karriere som økonom i Oslo for å gå inn i familieføretaket i Hjørungavåg. Han tok over som dagleg leiar i 2013. Foto: Per Eide
34
Han satsar nesten utan fast tilsette og med konkurranse blant underentreprenørane. På få år lærte han seg bransjen å kjenne, og sosial som han er, viste han også raskt at han hadde naturlege givnader som seljar. Thor Ove tok til i fast stilling som dagleg leiar i august 2013 – far Jostein heldt fram som prosjektutviklar. Men allereie frå 2005 var Thor Ove (fødd 1983) involvert i drifta, først i ei meir uformell økonomirolle, seinare i meir formelle roller med ansvar for prosjektoppfølging og rekneskap. Han har også styreerfaring og har vore styremedlem frå 2008, då han starta med å kjøpe opp aksjar i selskapet. Han eig no halvparten av aksjane i Total-Bygg. Thor Ove valde å flytte heim til Sunnmøre frå Oslo og hoppa av ei karriere i det prestisjefylte revisjons- og advokatfirmaet Ernst & Young for å satse på familiebedrifta. Med seg hadde han omfattande revisjonserfaring frå bygg og anlegg som revisor av Mestakonsernet (entreprenør, drift, asfalt, stein, elektro og
verkstad). Spesielt vart revisjonen av Mesta Entreprenør ei særdeles relevant erfaring fordi han jobba med prosjektrevisjon på prosjekt som E6 (Hovinmoen–Dal, Dal–Boksrud), Kvivsvegen, Bybanen i Bergen, Kveøybrua, Borlaug–Smedalsosen (Filefjell) og eit 50-tals større og mindre prosjekt over heile landet. Han har master i rekneskap og revisjon (tidlegare Høgre Revisjonsstudium) frå Norges Handelshøgskole (NHH) og også ei bachelorgrad i finans frå Trondheim Økonomiske Høgskole (TØH). – Medan du har ei tung og solid utdanning, har far din god utdanning og farfar din ei mest praktisk retta utdanning (rett nok med folkehøgskule i tillegg). Ei gjenspegling av det norske samfunnet? – Ja, sjølv om eg har vore gjennom ei lengre utdanning, så har andelen med like høg utdanning generelt kanskje auka tilsvarande på desse 60 åra. Såleis er det ikkje uvanleg med ei slik utdanning lenger, og eg trur resonnementet er rett, meiner Thor Ove. 35
I Hovsetsvingane reiste det seg midt på 2010-talet hus på hus med moderne, barnevennleg design og flott utsikt over Ulsteinvik og havet utanfor. Innflyttarane var storfornøgde, fortalte dei til Vikebladet Vestposten i 2016. Foto: Ragnhild Vartdal, Vikebladet Vestposten
Trivst
som plommen i egget Thor Ove fortel at han hadde sterk interesse for Total-Bygg allereie før 2013, og han brukte mykje av fritida på bedrifta. 36
Ytrebø, som besteforeldra bygde, er den nye heimen til Thor Ove og sambuar Ingeborg. Med ny farge, oppussing og nokre nye element blir det gamle etterkrigshuset (eldre utgåve på side 15) moderne og passar til ein ny smak. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid
– Det var inga hemmelegheit at eg også kunne tenkje meg ei jobbforandring etter å ha arbeidd mykje med revisjon i Ernst & Young i fem år. Samtidig hadde eg lyst til å bruke kunnskapen eg hadde fått. Eg visste i stor grad kva eg gjekk til, og visste også at eg skulle jobbe med noko eg beint fram elskar og trivst med. Eg visste at trivselen ville skyte i vêret. Og sanneleg hadde eg rett! Opplevinga av at verksemda og bransjen var mindre stabil, var noko Thor Ove var førebudd på etter lang involvering i familiebedrifta frå før han vart tilsett. – Sjølv om eg ikkje hadde jobba som fast tilsett, hadde eg erfaring frå nedturane
både i 2008 (finanskrisa) og frå starten av 2000-talet, seier han. Han hadde god kunnskap om kor ekstra merkbare konjunkturpåverknadene er på Sunnmøre med ein høg andel tilsette i maritim industri: – I Total-Bygg har vi som sjølvstendig næringsdrivande alt ansvar for resultata vi skaper, og det er ingen som skaffar oss korkje lønn eller utbytte om vi ikkje skaper resultat. Såleis er kanskje den største skilnaden frå den tidlegare jobben min at eg då fekk lønna mi kvar månad uavhengig av kva som hende, og at eg var ei langt mindre brikke i eit stort system. 37
Sterkare ut av oljebremsa
Thor Ove hadde på nyåret 2018 selt 50 bustader på fire år. Han vedgår at han er nøgd, ettersom han i 2013 ikkje hadde erfaring med sal i det heile. Kort etter at han tok over i 2013, kom oljebremsa som i 2014 og 2015 råka næringslivet og arbeidstakarane på Vestlandet særleg hardt. Bedrifter som lever av å selje hus, er avhengig av kundar som har jobb og inntekt, og Total-Bygg måtte igjennom ei reorganisering for å overleve. Frå å vere eit byggfirma med tilsette snikkarar, lager og butikk vart talet på tilsette skore ned til eit minimum, og alle sideaktiviteter som til dømes butikk vart borte. – Store omstillingar er ugreitt for dei som har mist jobben. Men omstilling har vore nødvendig for å vere med vidare. Eg meiner vi har komme styrkte ut. Det har vore ei hard, men naudsynt omstilling, og eg er takksam for at vi fekk gjort grep tidleg, seier Thor Ove. I 2014 hadde Total-Bygg ifølgje Thor Ove på det meste 14 oppstarta og uselde hus, både ferdige og uferdige, på grunn av oljebrems og lågkonjunktur på Vestlandet. I 2015 tok firmaet store kontrollerte tap for å bli kvitt hus. Oppryddinga varte ved heile 2016. Trass i alt dette seier han at han ikkje har angra eitt minutt på at han gikk inn i familiebedrifta. – Eg tente godt i den tidlegare jobben min, men ville heller bruke fine ungdomsår på noko eg verkeleg brann for. I 2017 meinte Thor Ove at marknaden var friskmeld: – No er utfordringa å byggje fort nok, sa han i eit intervju i Vikebladet i april 2017. – Eg meiner at Total-Bygg og andre selskap vil kome styrkte ut av oljebremsa. For vår del opplever vi stor interesse frå folk i bransjar og selskap som vi ikkje har selt til dei siste to og eit halvt åra. Vi tolkar det slik at framtidstrua i 38
viktige sektorar er i ferd med å komme tilbake. På nyåret i 2018 hadde Total-Bygg selt 25 hus i Hovsetsvingane ovanfor Ulsteinvik, og 26 til var i start- eller planleggingsfasen. Det er i hovudsak einebustader i rekke på 148–240 kvadratmeter, men også frittståande einebustader i same storleik pluss mindre frittståande leilegheiter på ca 70–84 kvadratmeter. – Eg trur vi i hovudsak sel på kvalitet, til ein noko høgare pris. Andre kan selje til låg utgangspris og ha høge prisar på oppgraderingar. Vi har forsøkt å levere verdi ved å inkludere mest mogleg i standarden, og gjere eventuelle oppgraderingar rimeleg. Det er noko vi har blitt kjende for, som kundane forstår å setje pris på, og som vi sel på.
Oljebremsa kom rett etter at Thor Ove hadde teke over i 2013, og råka næringslivet og arbeidstakarane på Vestlandet særleg hardt. I 2018 er utfordringa å byggje fort nok. Bilete frå utbygginga av Hovset-svingane. Foto: Nanseth Media
Friskmelding Drifta i Total-Bygg kunne i 2018 seiast å vere friskmeld etter krisa. I 2017 omsette Total-Bygg for 37,1 millionar kroner, mot vel 33 millionar i 2016 og knappe 29 millionar i 2015, då botnlinja også viste eit underskot på vel 2 millionar kroner. Før oljebremsa noterte Total-Bygg seg for ei omsetning på 43 millionar kroner.
o Storegjerdet var eit av dei første områda i åsen ovanfor Ulsteinvik der Total-Bygg reiste moderne leilegheiter og hus med storslått utsikt. Jostein Nedrelid (til venstre) viser fram området til forfattaren av denne boka, Ola N. Nedrelid. Foto: Berge Hjørungnes
39
Glade bustadeigarar Like før og under oljebremsa gjorde Total-Bygg noko heilt nytt og førte opp eit leilegheitsbygg på tre etasjar i Brekkebakke i Hareid sentrum. Det viste seg å vere populært.
Innflyttarar framfor leilegheitshuset i Brekkebakke i Hareid. – Eg leita etter nytt husvære i omtrent fem år. No har eg funne det, sa ei nøgd Anne Marie Vaagen Hareide, ein av kjøparane (i forgrunnen). Foto: Vikebladet Vestposten
o Eit lite eventyrslott i kveldsmørket. Brekkebakke rommar 15 praktiske og sentrumsnære leilegheiter. Foto: Thor Ove Rekdal Nedrelid 40
Bygget hadde i alt 15 treroms bueiningar på 78–82 kvadratmeter med heis. Målgruppa var først og fremst godt vaksne folk som kunne tenkje seg å selje einebustadene sine og satse på noko enklare og meir sentrumsnært i form av ei leilegheit. Det var ikkje tilfeldig at bygget vart plassert som næraste nabo til sjukeheimen med dei kommunale tenestene der, sjølv om det også var fleire yngre kjøparar som likte både leilegheitene og den sentrale plasseringa. Prosjektet vart til i samarbeid med Hareid kommune: – Vi er veldig glade for å få fleire leilegheiter som ligg nær støttefunksjonane under kommunal regi, sa ordfører Anders Riise i Hareid til Vikebladet Vestposten om denne utbygginga. – Sjølv om dei som flyttar inn, ikkje treng sjukeheimen no, så vil dei i framtida bu mykje nærare tenestene der. Når eit privat firma tar eit slikt initiativ, som ligg så nær ønska våre, så må vi berre rose dei for det, sa Riise. Ein av kjøparane var Anne Marie Vaagen Hareide. – Eg leita etter nytt husvære i omtrent fem år før eg endeleg fann det eg såg etter, fortalte ho etter at ho selde huset sitt og flytta inn i ein av Total-Byggs bustader på Brekkebakke. – No har eg funne det eg leita etter, og har det veldig triveleg. I 2013 hadde Total-Bygg avslutta bustadfeltet Storegjerdet med 28 moderne og
attraktive funkisleilegheiter i lia ovanfor Ulsteinvik sentrum, alle med fantastisk utsikt over hav og øyrike. Året etter bestemte bedrifta seg for ei storutbygging av familiebustader kort unna, i Hovsetmarka på oversida av Høddvoll nær idrettstilbod, Ulstein vidaregåande skule, barneskule, barnehage og nærbutikk. Det var det siste store sentrumnære bustadfeltet i nærleiken av Ulsteinvik, med fri utsikt ut over sjøen mot Herøy og vidare ut i havgapet. Vikebladet var på plass i 2016 og snakka med nokre av innflyttarane i Hovsetsvingane: «– Når nokon nye flyttar inn, ønskjer vi dei velkomne med kake på døra, seier Siw Olsen til avisa, som får inntrykk av at dette nabolaget er som ein stor familie. Bustadene på mellom 90 og 110 kvadratmeter vart teikna og prosjekterte av Sporstøl Arkitekter. Dei er vertikaldelte, med store glasflater med gode verandaer og/eller uteplassar. Total-Bygg legg vekt på å gi bustadene eit einebustadpreg. I alt fører Total-Bygg opp 51 bustader her. – Etter at vi tok hand om omtrent heile feltet, vart det naudsynt med ein større variasjon i bustadtypar. Vi såg også at det var ein betydeleg marknad for store husvære, fortel Thor Ove Nedrelid, dagleg leiar i Total-Bygg. Dei største husværa er no einebustader på 240 kvadratmeter med sokkelleilegheit. Planlagd ferdigstilling av feltet er 2020.» 41
– Store ambisjonar framover – Korleis vil du utvikle Total-Bygg vidare? – Eg ønskjer at Total-Bygg skal vere ein 100 prosent prosjektorganisasjon som helst skal vere tilnærma lausriven frå fast driftsstad og andre kostnader knytt til materiell, slår Thor Ove fast. Han vil at fokus for Total-Bygg skal vere å ha dei beste tomtelokasjonane med dei beste prosjekta, og selskapet skal ha finansielle musklar til å utvikle desse. – I hovudsak er satsingsområdet vår region, men vi byggjer stein på stein. Det kan vere aktuelt å utvide til andre regionar og med større base av fagressursar, men vi er då heilt avhengige av å få inn rett kompetanse og personell. Vi kjem ikkje til å vekse for å vekse. Total-Bygg skal berre fokusere på eigne prosjekt, og har eit uttalt mål om å ikkje ta på seg ein einaste småjobb eller bruke eitt minutt på lagersal: – Dette vil frigi all tid til eigne prosjekt som vi kan ha full kontroll på. Vi har det kjekt når vi byggjer kvalitetshus som kundane etterspør, og samtidig forsøker å tene pengar. Vårt fokus ligg på å kunne tene pengar fordi kundane er fornøgde. Det er målet.
Nytt byggefelt i Hareid Våren 2018 begynte grunnarbeidet på eit heilt nytt bustadfelt i Iverskogen, det første feltet i Hareid kommune på mange år. Iverskogen er ei forlenging av Geilane i retning Grimstad og Hareid med fri utsikt mot Grimstadvatnet og Snipsøyrdalen. Feltet har plass til i alt 19 bueiningar, og det er planlagt ei blanding av frittståande einebustader, einebustader i rekke, større og mindre leilegheiter. Allereie før gravemaskinane var på plass, vart det meldt om interesse frå kjøparar. Gjennom desse åra moderniserte TotalBygg kommunikasjonen med aktører og marknad. Etter kvart såg ein at sosiale media 42
var ein effektiv og fullgod salskanal i tilllegg til finn.no. Total-Bygg var i hovudsak ei bedrift for lokalsamfunnet, og den nye, direkte måten å nå folk i nærområda på viste seg å fungere godt. Den nye generasjonen som Thor Ove representerte, forstod dette og fekk med seg lokal kompetanse på å byggje opp blant annet ei facebook-side for Total-Bygg der han gjekk i direkte dialog med kundane og leverandørane sine, og der han blant anna takkar for all velvilje bedrifta har møtt.
m Iverskogen med fri utsikt mot Grimstadvatnet og Snipsøyrdalen er det neste store utbyggingsprosjektet til Total-Bygg. Illustrasjon: 3D Norge
p Jostein er blitt senior i TotalBygg. Son og dagleg leiar Thor Ove meiner farens fagkunnskap er gull verd. Foto: Per Eide
– Far Jostein den dyktigaste Thor Ove vedgår at han sakna byggteknisk bakgrunn i starten. Seinare har han fått erfaring frå oppfølging av alt frå hus og bestillingar til handtering av reklamasjonar. – Det vert betre og betre. Eg tek kurs og forsøker å lære litt kvar einaste dag, fortel Thor Ove, som ikkje får fullrost forholdet til far Jostein. – Han har særdeles solid kompetanse, og uavhengig av fag er han faktisk den dyktigaste fagmannen eg har jobba saman med, seier Thor Ove. Han forsikrar at Total-Bygg alltid vil ha solide byggtekniske ressursar i botn, og skal ikkje vere avhengig av å kvile på hans eigen byggtekniske kompetanse. Thor Ove ser seg sjølv som ein person som går rett på målet og er resultatorientert. – Eg tenkjer 3–4–5 år i slengen og fokuserer på dei grove linjene. Såleis trur eg at eg også passar godt i denne bransjen, meiner han. 43
Heime best:
– Det beste valet eg har tatt Thor Ove er entusiastisk når han fortel om sitt eige livsval: frå karrierejobb i Oslo til familiebedrift på heimplassen på Sunnmøre.
– Å jobbe her heime er jo ein stor kvalitet i seg sjølv. Å vere synleg er berre kjekt, og eg likar å omgåast kundane og vil at dei skal vere nøgde, seier Thor Ove. – Eg får jobbe heime i Hjørungavåg – her er livskvaliteten langt høgre enn i Oslo. Det er ei kjempemoglegheit til å utvikle meg fagleg og personleg. Ein vert også meir allround og får jobbe med alt frå rekneskap til skatt og avgift og anna økonomisk prosjektutvikling, til både sal, byggfagleg prosjektoppfølging og prosjektadministrasjon. Prosjektutvikling er ei av dei viktigaste oppgåvene mine. Eg skal vere fire–fem år føre den noverande drifta, og skal slik sikre at vi ikkje berre har jobb i dag, men og om fem år. Thor Ove meiner revisjonsbakgrunnen er heilt avgjerande. – Når det er sagt, er det å drive for seg sjølv «the real thing». Både for den faglege og personlege utviklinga er dette det beste valet eg nokon gong har gjort, sier han. Han set pris på at det er mogleg å gå heim og ta eit bad midt på dag om det er kaldt, eller ete lunsj heime om det passar slik. – Sein frukost om ein er trøtt! Dette må sjølvsagt hentast inn att, men trass i stor arbeidsbelastning byr også jobben på nærast uavgrensa fleksibilitet. Og det er topp! Er det ingen minussider? – Jo. Først og fremst har eg fått dårlegare privatøkonomi, ler han; han er trygg på at det snur etter kvart. Han legg til: – Eg har vakse enormt på desse åra, både på diameter rundt magen, men også personleg og fagleg.
– Å jobbe her heime er ein stor kvalitet i seg sjølv. Å vere synleg er berre kjekt, og eg likar å omgåast kundane, seier Thor Ove. I bakgrunnen prektige sunnmørsalpar. Foto: Per Eide 44
45
Den store
motivasjonen Det er ikkje sjølvsagt at ei familiebedrift er still going strong etter 60 år og tre generasjonar. Kva kan vere meir meiningsfullt enn å byggje slike bustader for folk? Illustrasjonsbilete frå Storegjerdet ovanfor Ulsteinvik. Illustrasjon: 3D Norge
Sjølve det faktum at det var bestefaren som var ein av dei som starta opp, har gitt sonesonen Thor Ove motivasjon også i tøffe tak. I ein Youtub-video som Total-Bygg la ut på facebook-sida si rett før nyåret 2018, og som på få dagar var sett fleire tusen gonger, fortel både far og son om den vanskelege tida under «oljebremsa» som tok til i 2014 og heldt fram utover 2015, då det ikkje berre var nordvesten som herja Vestlandet. Marknaden bråstoppa: – Vi fikk det rett i fleisen, konstaterer Jostein. Thor Ove viser i videoen til at han og faren dreiv familiebedrifta som bestefar hans hadde starta i 1958. – Det er ein lang tradisjon som skal takast vare på. Då det stod på som verst, tenkte eg mykje på at det kunne vere eg som ikkje greidde det, at eg kunne vere den som ikkje stod imot i den tunge konjunkturnedgangen. Det dreiv meg. Det gav motivasjon. Og det viser seg då også at den som kan stå støtt i stormen, er den som kan hauste goda etterpå. Når vi sit her i dag, og vi har bygd 10–15 hus siden den gongen, så ser eg at det var verdt det. Verkeleg! Og Jostein legg til: – Det er ikkje Thor Oves filosofi å gi seg så lett. Og ikkje min heller. Vi jobba utrulig mykje, og vi kom igjennom.
46
Husdraumen skaper du sjølv. Men rammene er det greitt å få proffe folk til å ta hand om!
47
300 hus ...
... og eitt tårn
På 60 år har Total-Bygg ført opp nokre hundre bustader, driftsbygningar, hytter, industribygg og garasjar. Og nokon hadde bruk for eit tårn. Total-Bygg har utført alt frå bygging av bustader til reparasjonar, ominnreiingar, rehabiliteringar, tilbygg, ombygging av båtar og mykje meir. I oversikta under er det lista opp kundar som Total-Bygg har gjort større arbeid for. Etter 2010 har bedrifta konsentrert seg om omfattande feltutbyggingar og ikkje teke på seg enkeltoppdrag. Årstala markerer påbegynt arbeid. 1958: Johannes Liavaag, Toralf Nedrelid 1960: Elias Sætre 1961: Nils Pilskog, William Fremstad, Olav Eilertsen 1962: Joakim Pilskog, Idar Liavåg, Eldar Pilskog 1963: Per Kvammen 1964: Johannes Kjøde, Svein Åge Bekkemellem 1965: Bjarne Korshamn, Steinar Ulstein, Arne Høybakk, Odd Fredriksson 1966: Ola Pilskog, Jens Øvrelid, Alf Øvrelid, Odd Øvrelid, Petter Pilskog 1967: Reidar Pilskog, Harald Øvrelid 1968: Ola Øvrelid, Asbjørn Nedrelid 1969: Tore Nedrelid, Inge Saunes, Tore Hjørungdal, Trygve Botn 1970: Odd Melhus, Leiv Liaset, Inger Rise Tranvåg, Eli Anne Bjåstad 1971: Lars Inge Holstad 1972: Liavåg Fiskeindustri, Hans Skorgenes, Jan Indreflø, Brødrene Hetland, Noralf Jøsok/Anne Berit Liavåg 1973: Oddvar Pilskog, Karl Erik Vassetrem 1974: Øystein Garshol, Leiv E. Hareide, Jogeir Gjerde 1975: Jørgen Tønnesen, Ole Lars Hjørungnes, Harald Heltne 1976: Kjell Arne Utgård, Petra Korshamn 1977: Johannes Klungsøyr, Jan Kristian Skeide, Sverre Roald 1978: Svein Inge Midtbø, Tore Hjørungdal, Reidar Hareide 1979: K. J. Liavåg, Tore Hjørungdal, Jorunn/Asbjørn Vatne 1980: Nilla Røyset, Randi Strande 1981: Ola N. Nedrelid/Kjersti Oland, Bente Giskeødegård/Karl Johan Jonsson 1982: Eldar Ulstein, Gunnar Klingberg, Øystein Opsvik, Rune Brandal, Roar Svendsen 1983: Willy Almli, Kirsti/Olav Sindre Pilskog, Marit/Svein Dag Slettebakk, 48
Roar Breivik, Elin/Leiv Lageraaen, Ingunn Rise/Olav Sveen 1984: Kirsten/Bjørn Overå, Martin Einar Pilskog, Gudrun/Per Pilskog, Åse/Asbjørn Pilskog 1985: Kari Anne/Håkon Eidsvik, Bernt Arve Kjøde 1986: Gerd/Lidvar Liaset, Tone/Jostein Nedrelid, Merete/Rolv Pedersen 1987: Arild Overå, Kari Davida/Kurt Øvrelid 1988: Margaret/Øystein Alme 1989: Bjørn Hagenes, Jan Stokseth, Perny Austnes 1990: Ingvill/Paul Ivar Jørgensen, Rut/Åge Nytun, Marit/Magnar Pilskog, Astrid/Jan Bjarne Røren 1991: Ellen og Leiv Arne Nydal, Bjørn Pilskog, Andreas Røyset 1992: Leiv Petter Bratli, Johannes Riise 1993: Kristin/Kristian Indreflø, Jon Olav Slettebakk, Anne M. P. Kvalen, Wenche Roppen, Oddny Ulset, Haldis Øvrelid, Jon Olav Slettebakk, Elisabeth/Vidar Myrene 1994: Kjell Alme, Sveinung Berg, Eivind Bjørnhaug, Asbjørn Hveding, Ola N. Nedrelid/Kjersti Oland, Lill Karin/Håkon Røyset 1995: Ole Frank Bakken, Jeanette/Osvald Djupvik, Johanne/Helge Eikrem, Odd Fredriksson, Gunn/Bjørn Håbakk, Liv Sissel Olsen/Kai Ove Nesset, Bjørn Roar Pilskog, Råsa Barnehage, Gunn Karin/Andreas Røyseth, Tove/Roar Øvrebø, Marie Liavåg 1996: Berit/Stig Bekkemellem, Solgunn Bjåstad/Arne Johan Haram, Arnstein Øvrelid/Linda Dimmen, Asbjørn Hveding, Arnt Inge Nesset, Randi Pedersen 1997: Werner/Astrid Andersen, Marie Engen, Bente Liavåg/Stein Karstensen, Vibekke Slinning/Aslak Øvrelid 1989: Roy Egil Tretnes 1999: Ole Brandal, Johanne/Helge Eikrem,
Randi Gustavsen, Annbritt/Geir Haddal, Janne Djupvik/Robert Hjelmeset, Marita og Richard Hunstad, Asbjørn Torodd Hveding, Bente Andreassen/Rune Pilskog, Wenche Roppen, 2000: Synnøve Overå/Gunnar Hide, Hildegunn Hovden, Runar Stordal, Ann-Kristin/Geir Øvrelid 2001: Marianne/Odd Arne Ertesvåg, Anthony Hjørungdal, Jan Henrik Johansen, Lindis Fjørtoft/Tim Kvammen, Elin/Leiv Lageraaen, Sissel Seljebotn/Jon Magerøy, Ragnhild Nedrelid, May/Ottar Pilskog, Toril Sæter, Tor Atle Valderhaug, Lena/Malvin Øvrelid 2002: Sylvi Bakke, Trine Rætta/Bjørnar K. Liaset, Ingrid Cecilie/Per Einar Moldskred, Arnfinn Oksavik, Anja/Stig Paulsen, Bjarte Skoge, Valborg Paulsen, Alis Kvalsvik, Stig Are Røyset 2003: Andreas Bjåstad, Anne Gry Eilertsen/ Leiv Arne Grimstad, Ingebjørn Grimstad, Lena Kvalheim Øvrebø, Helmer Øvrelid 2004: Tove/Lodve Grønnevet, Terje Mork, Randi/Terje Gustavsen, Norunn/Askjell Nedrelid, Ingebjørg/Tore Nedrelid, Bjørn Roar Pilskog, Vivian Roppen, Anne Grethe Riise 2005: Anthony Hjørungdal, Gunn Kaldhussæter, Total-Bygg Hjørungavåg 2006: Geir Sæter, Tommy Myrene, Harald Mork, Inger Christiansen, Håvard Melhus, Irene Breivik/Andreas Stamnes 2007: Oddvar Djupvik, Ivar H Røyset, Hanne Kvalsvik/Sveinung Slinning, Inger Anne Moltu, June/Kjetil Sunndal, Lene Veiset, Marita Oterlei, Jorunn Haugen Søvik, Eldrid Sivertsen/Rafal Backo, Anders Lillebø, Ernst Sørensen, Glenn Gaasø 2008: Lars Petter Rønnestad, Vidar Hauge, Silje Nogva, Sonja Dimmen, Hanne Birthe Ulstein/Ole Kristian Romestrand,
Skipper Lodve Grønnevet stortrivst i tårnet. Det er innreidd som eit styrehus og har minna frå eit langt liv på sjøen på veggene. Foto: Tone Rudberg Hus med styrehus på toppen. Slik må det vere når ein skipper skal ha fri sikt til sjøen. Foto: Tone Rudberg
Synnøve Grimstad/Runar Hauge, Grethe Hasund, Tord Espelid, Solveig Sundgot 2009: Rune Rasmussen, Harald Myklebust, Andre Bårslett, Trude Alvestad/ Joar Gjerde, Eva/Einar Åsen, Jorunn Strande, Laila/Roy Andre Sivertstøl, Elin Vedvik/Sindre Håskiold, Rosangela/ Claudiomiro Campas, Sætra Eigedom, Inga Marie Aurvåg 2010: Ola N. Nedrelid, Torill Valderhaug, Jorunn Strande, Katazyna/Tadeusz Sawa, Elsbeth Pilskog, Georg Eikrem Olsen/ Jannicke Bekkemellem, Monja Kvalsvik/ Ivan Thommassen, Ronny Naustenget 2011: Lene R. Veiset, Bård Johansen 2012: Elisabeth Warpe, Veronica Kvalen Pilskog/Christian Mork Bigset
Total-Bygg har laga stort og smått, alt det folk har etterspurt. Men kven hadde bruk for eit tårn? Skipper og reiar Lodve Grønnevet i Hareid var van til å ha heile vide horisonten å sjå på. Så gjekk han på land, og opplevde at utsikta frå stova mot hamna litt etter litt vart øydelagd av tre og buskas. Det var for gale. Lodve søkte om og fekk løyve til å byggje eit tårn, fekk ein arkitekt til å lage teikningar, og tok så turen til Total-Bygg og Jostein med spørsmål om når dei kunne starte arbeidet. I dag står tårnet der med kompassrose i golvet og lysande stjernehimmel i taket, med Orion og andre stjernebilete å navigere etter. Det er Lodves yndlingsplass i huset, med alle båtane hans på veggen, skipsklokke i hjørnet og ein sekstant i beredskap. Og sjølvsagt med god utsikt over hamna i Hareid.
Dei større utbyggingane 1993–1996: Vågsleitet, Hjørungavåg, med totalt 12 bueiningar. 1999–2003: Pilskogfeltet, Hjørungavåg, med totalt 22 bueiningar. 2008–2009: Bugarden, Ulsteinvik, med totalt 15 bueiningar. Soffimarka, Indre Hareid, med 4 bueiningar. 2009–2011: Melshornlia 1 og 2, Hareid, med totalt 4 bueiningar. Grønhaugen 3, Brandal, med 2 bueiningar. 2011–2013: Storegjerdet, Ulsteinvik, med totalt 28 bueiningar. Med denne utbygginga involverer Thor Ove seg for alvor i drifta.
Dette vart Total-Byggs første vellykka feltutbygging i stort format. 2013–2014: Strandgata 182, Hareid, med totalt 4 bueiningar. 2014–2015: Brekkebakke i Hareid, bustadblokk med 15 bueiningar. 2015: Strandgata 190, Hareid, med totalt 4 bueiningar. 2015–2021: Hovsetsvingane, Ulsteinvik. Våren 2018 var 27 bustadeiningar selde. Totalt skal det byggjast 52, fordelte på einebustader i rekke, frittståande einebustader og mindre leilegheiter.
Forfattaren tek atterhald om skrivemåten på namn. Dei er henta frå Total-Byggs gamle arkiv.
Slik såg utbygginga på Storegjerdet i Ulsteinvik ut på teiknebrettet. Og slik vart det også. Illustrasjon: Total-Bygg 49
TOTAL-BYGG:
Ei historie om stil og arkitektur
Den korte stilhistoria slik ho er framstilt her, gjeld i all hovudsak for bustadhus, særleg einebustader. Og ein bør merke seg at stiltrendar som regel vert klarast uttrykte i bygg for dei velståande. Hus bygde for «vanleg» folk vil som regel ha enklare stiluttrykk. For bustadblokker, nærings- og kontorbygg passar framstillinga berre måteleg. Det same gjeld fritidshus.
Av Berge Hjørungnes, sivilarkitekt
Under andre verdskrig (1940–1945) vart få hus bygde her i landet. Behovet for å bygge nytt var derfor stort i åra etter, både fordi hus var øydelagde under krigen, i vårt fylke særleg i Kristiansund, Molde og Åndalsnes. Men også fordi byggestopp i fem år hadde skapt bustadmangel, og fordi store barnekull vart fødde etter frigjeringa. Mange unge familiar hadde stort behov for husrom. Gjenreisingsperioden kan ein hevde strekte seg over ein 10-årsperiode også her i distriktet. Og her kjem Hjørungavåg Byggelag inn som ein viktig lokal aktør frå og med andre halvdel av denne periode. Gode økonomiske tider lokalt, ikkje minst på grunn av eventyrlege storsildeår fram til rundt 1960, sysselsetting i mekanisk industri som både bygde og reparerte fiske- og fangstbåtar og hadde optimistisk tru på framtida, gav folk flest god økonomi og god byggelyst.
Etterkrigsmodernisme:
Det ein kan kalle etterkrigsmodernisme har basis i lokal, velprøvd byggeskikk og prega stil og arkitektur frå tida etter andre verdskrig til 1970-åra. (Sjå døme 1,3, 4 og 5 på sidene 54 og 56.) Husa er prega av ei enkel og god form, ofte med bratt tak som gir gode loftsrom og god utnytting av heile husvolumet. Desse husa gjer framleis nytta, men er ofte bygde om og på i takt med nye behov og nye smaksretningar.
Tak vart ofte bygde av sjølvberande prefabrikkerte takstolar i ferdighus. Ferdighus frå 1970-åra. Arkitekturen ber preg av rasjonell produksjon og montasje. Vindauge av lik storleik er samla. Forma følgjer ikkje alltid funksjonen.
Typehusarkitektur:
m Folkefunkis. Bygd både før og etter krigen. Valmtak. Vindaugsband rundt hjørnet. Måla i lyse fargar. o Fint bevart «ekte» funkishus i Ulsteinvik,oppført i 1946. Eigar: Jan Kåre Flø. Foto: Berge Hjørungnes
Gjenreisingsarkitekturen
kan karakteriserast som ei samansmelting av lokal byggeskikk frå tidleg på 1900-talet og moderne funkis frå rett før krigen – 1930-åra. Enkle, gode, funksjonelle og ofte kompakte hus, jamfør gjenreisingsarkitektur i Kristiansund, Molde (Myrabakken) og Åndalsnes. Det var først og fremst viktig å få opp gode og praktiske hus. Fotografiet viser funkishus frå rett før krigen i Osbergvegen i Ulsteinvik (teikna av Knut Ulstein). Også etter krigen vart hus i tilnærma funkisstil bygde, gjerne i tre, såkalla «folke-funkis». Typisk for desse kunne vere valmtak, liggande kledning utan hjørnekasser, vindauge som «band» rundt hjørnet. Lyse fargar. Hjørungavåg Byggelag sette ikkje opp funkishus, men bygde hus (sjå hus 3 frå 1960 på side 54) som hadde visse funkisdetaljar, som hjørne utan hjørnekasser. 50
Ferdighusindustrien med typehus eller kataloghus dominerte etter kvart bustadhusproduksjonen i 1960- og 1970-åra. Ferdighusproduksjon medførte utvikling av ein særeigen ferdighusmodernisme prega av standardisering og rasjonell byggemåte. Hjørungavåg Byggelag dreiv lite med oppføring av ferdighus. (Sjå døme 6 på side 56.)
Brutalisme: Ei retning av modernismen fram til 1980-åra vart ofte kalla brutalisme. Arkitekturen var særleg aktuell for større bygg, men ideane bak kunne også slå gjennom for bustadhus. Kjenneteiknet kunne vere ærlegheit, ubehandla og «frilagd» betong (Regjeringskvartalet i Oslo, Konserthuset i Bergen, Ålesund rådhus – før rehabiliteringa – og mange fleire). Kjenneteikn for bustadhus: synlege konstruksjonselement. Også ein del av trehusarkitekturen frå 1980 kan ein truleg kalle brutalisme. «Ærleg» arkitektur i form av eksponerte takåsar, synlege sperrer utan innkleding og eksponerte rekkverkstavar og dragarar. (Sjå døme 7, 8 og 9 på side 58.)
Postmodernisme («ettermodernisme»): Fagfolk og folk flest vart
vel lei dei ærlege, rå betongflatene og dei eksponerte, av og til overdimensjonerte trekonstruksjonane. Internasjonalt oppstod omgrepet postmodernisme i arkitekturen som ein protest mot brutalismen i 1970-åra. Postmodernisme kan vere vanskeleg å forstå. Han kan kanskje beskrivast som bruk av moderne byggteknikk på eit klassisk, eldre formspråk. Regionalt og lokalt var det vel berre nokre få arkitektar som teikna hus i det ein kan kalle rein postmodernistisk stil. 51
Stilhistoria rundt oss
Stilhistorie kan vere ein reiskap til å bestemme alder på bygningar. Men ein godt likt arkitekturstil kan «kome att» og vere kopiert fleire gonger. Då er det ikkje alltid like lett å fastslå alder på bygningen. Stilhistoria her i landet og i distriktet på 1900-talet fram til i dag, kan enkelt forteljast slik: Overgangen til 1900-talet var slutten på ein lang periode prega av det som vert kalla
stilforvirring, der kopiar frå ulike epokar var samanblanda. Mange mindre våningshus vart gjerne oppførte i sveitserstil, ein europeisk stil som fekk eit oppsving med aukande reiseliv og turisme. Også hotell (Union, Øye, og fleire) bygde denne tida vart oppførte i sveitserstil.
Gjenoppbygging av rundt 700 bygningar etter brannen i Ålesund i 1904 vart viktig for
Teikninga over er skisse av eit antikt gavlfelt. Fotografiet er utsnitt frå hus som Total-Bygg Hjørungavåg AS sette opp i 2006 for Håvard Melhus, Brandal. Ikkje kopi, men likt nok til at vi kan kalle stilen på det nye huset for ny klassisisme. Foto: Berge Hjørungnes
utvikling av byggestil i vårt distrikt i minst 15 år. I all hovudsak vart Ålesund gjenoppbygd i jugendstil, eller art nouveau. Stilen vart i hovudsak «importert» av norske arkitektar som hadde studert i utlandet. Jugendstilen stod stilmessig for eit «friskt pust» etter perioden med stilforvirring. Kjennemerke på jugendstil kunne mellom anna vere asymmetrisk fasadeoppbygging, plantedekor og vindauge med flat boge over og der øvste delen kunne vere småruta. Takform kunne vere halvvalm eller mansard. Men ved gjenreisinga av «jugendbyen» Ålesund vart mange bygningar i byen også oppførte i klassisistisk stil, enkelte bygg til og med i begge stilartar, til dømes «Arbeideren».
Jugendstilbygg var først og fremst oppførte i pussa mur. Men den staselege jugendstilen vart trendsetjande for stil og smak også for trehus. Her i distriktet står framleis mange trehus frå første del av 1900-talet i jugendinspirert stil. Oppløysinga av unionen med Sverige rundt 1905 og innsetjing av norsk konge medførte
Stilkopiering. Ny klassisisme: Postmodernismen innanfor arkitekturen
gjekk etter kvart, ikkje minst for oppføring av mindre bustadbygg, over i det ein kan kalle eklektisisme, eller nostalgisk etterlikning og kopiering av stil og preg til eldre hus. Fleire hus som vart bygde kunne ha preg av ny klassisisme med søyler og gavlfelt. Perioden fall saman med auka interesse for og fokus på dyrking av lokal byggeskikk og lokalt preg, både hos bygningsmyndigheiter og mellom folk flest. I vårt område vart gamle sveitserhus, jugendhus for ikkje å snakke om gamle sunnmørshus frå 1800-talet henta fram og brukte som føredøme. Og meir eller mindre kopierte. Interiøret denne tida var gjerne møblert med furumøblar. (Sjå døme 10 og 11 på side 60.) Å tidsavgrense ei framstilling av stilhistorie og arkitektur til 60-årsbolken då Byggelaget har vore i aktivitet, 1958–2018, er nesten uråd. Arkitekturen til den greske antikken om lag 500 år før vår tidsrekning, er «utstilt» på Akropolis i Athen. Her er klassiske element med søyler og gavlfelt, detaljar og dekor til desse. Dei har blitt henta fram att og gjendikta gong på gong opp igjennom historia, også i vår tid. Ei slik direkte kopiering av gresk antikk var mellom anna renessansen («gjenfødinga») på 1400–1500-talet, historismen på 1800-talet, nyklassisismen i 1920-åra, ja, kanskje til og med noko av postmodernismen i 1980- og 1990-åra.
dyrking av ein del gamle nasjonale symbol på bygningar, til dømes drakehovud («drakestil»). Eitt særleg fenomen i distriktet som oppstod etter
gjenreisinga av Ålesund, var bygging av såkalla Schmidt-hus. Tyske Heinrich Schmidt kom hit under gjenoppbygginga av Ålesund. Han «hadde med seg» tyskinspirerte hustypar som han fekk sett opp fleire titals av, særleg i indre fjordbygder, men også ute på øyane. Både bustader og næringsbygg. Flotte, stramme hus, som folk likte godt. Fleire av desse husa står framleis også i vårt distrikt.
«Bakarhuset» i Ulsteinvik skal vere frå 1916 og påbygd ei ekstra etasje i 1922. Vi meinar dette er eit såkalla Schmidt-hus. Eigar i dag er Ulstein kommune. Foto: Berge Hjørungnes
Etter første verdskrig 1914–1918 fekk nyklassisismen
eit oppsving. Bruk av spissbogar (nygotikk) på vindauge og som dekor og som form på vindauge finst framleis på hus oppførte i 1920-åra i Ulstein og Hareid.
Mellomkrigstida, 1930-åra, kan reknast som funksjonalismens tiår. Stilen «funkis» vart
Ny modernisme: Frå omkring år 2000 har interessa for stilkopieringsarkitektur
teke av. Nybygg oppførte som kopiar av eldre hus er så godt som heilt borte. No er det ny modernisme som gjeld. Flate tak er «in» sjølv om desse er teknisk sårbare. Men hus i modernistisk stil kan også oppførast med skråtak. Fellestrekk for hus i ny modernistisk stil er knappe detaljar både ut- og innvendig. Korte takutstikk. Utvendig kledning (trepanel) med minst mogeleg profilering. Omraming av vindauge minimalistisk. I Hovsetsvingane i Ulsteinvik er det mange døme på modernistiske hus. (Sjå døme 13, 14, 15 og 16 på side 62.)
52
utvikla i 1920-åra og fekk stort gjennombrot både internasjonalt og her i landet. «Form skal følgje funksjon» og «less is more» vart viktige slagord. Minimalisme kan vere eit anna stikkord. Reindyrka funkishus hadde flate tak. Nips og dekor var borte. Armert betong vart viktig konstruksjonsmåte.
Enklare utgåve av funkishus eller funkisinspirerte hus, «folkefunkis» i tre, vart også bygde. Kjennemerke på desse kunne vere flate valmtak, liggjande trekledning og vindauge som vart sette inn mot og rundt hjørnet. Knappe detaljar og lys fargesetting.
53
Slik bur folk
Total-Bygg Hjørungavåg AS har vore innom det meste av stilartar gjennom 60 år. Av Berge Hjørungnes, sivilarkitekt Historie
Stil, preg og arkitektur
1950-åra Hus 1
Eigar: Anton Pilskog, Hjørungavåg. Noverande eigar: Robert Pilskog. Dette huset vart bygd av Knut Nedrelid og Olav N. Pilskog, også kalla Lang-Olav som seinare utvandra til Vancouver i Canada. Dette var før den offisielle starten på Hjørungavåg Byggelag. Andre hus som vart bygde av Byggelaget før 1958, var Jorunn og Knut Nedrelid sin eigen bustad, Ytrebø, Nedrelid, og huset til Asgerd og Bjarne Roth, Liavåg, Hjørungavåg.
Etterkrigsmodernisme. Stil og preg kan vere typisk for dei første husa som vart bygde etter 2. verdskrig: Blanding av modernisme («funkisglas») og husform frå tidleg på 1900-talet med relativt bratt tak. Takoppbygget mot sør viser at bustaden vart tilrettelagt for eige husvære i 2. høgda. Grunnlaget for utforminga av huset var neppe prosjektering utført av arkitekt. Utforminga var basert på sams byggeskikk, velprøvd planløysing og teknisk standard i liknande hus som var bygde tidlegare. Tilbygg mot nord er av nyare dato. Stil og preg: Sjå hus 4.
1958 Hus 2
Eigar: Johannes Liavåg, Hjørungavåg. Noverande eigar: Kjetil Nesset. Dette vert rekna som byggenummer 1 for det nyetablerte Hjørungavåg Byggelag. Arkitekt: Olav Severin Solheim. Mur- og pussarbeidet er utført av murmeister Kjell Hansen, Brandal.
«Bungalow-stil»? Huset er arkitektteikna; eit av dei første i bygda. Stil og preg kan seiast å vere atypisk for allmenn og lokal byggeskikk på denne tida. Førebiletet kan vere orientalsk «bungalow-stil». Bungalow (av «bengalsk») vert gjerne definert som eit ein-etasjes bustad- eller fritidshus med gode takutstikk og god kontakt mellom arealet i huset og overbygde uteplassar og terrenget rundt. Samanlikna med det meste som vart bygd samtidig, fell dette huset utanfor dei kjende og mest vanlege stilbåsane. Huset er modernisert etter første byggesteget.
1960 Hus 3
Elias Sætre, Hjørungavåg. Noverande eigar: Geir Magnus Kvalvik. Huset er teikna av eigaren, ingeniør Elias Sætre. Huset har på vestveggen tre-fags vindauge med 2-lags forsegla thermopanglas. Skal vere eit av dei første i bygda som fekk denne typen vindauge. Glasa er etter det vi kjenner til, innsette i karm av teak og er originalt frå byggjeåret. Dei andre vindauga er nyare. Tilbygg mot nord er av nyare dato.
54
Etterkrigsmodernisme. Einebustad utan utleigedel. Truleg stilpåverka av den etter kvart raskt veksande ferdighusindustrien. Detaljutsnitt av nov mot søraust. Enkle, reine detaljar. Nover utan kasse. Bordendane er påspikra blekkbeslag på kvart bord. Ei løysing som ein finn på funkishus frå både mellomkrigstida og etter krigen.
55
Historie
1961 Hus 4
Olav Eilertsen, Håbakkane, Hareid. Noverande eigar: Anne Gry Eilertsen og Leiv Arne Grimstad. Kjellar og hovudetasje oppført i mur. Huset fekk tilbygg og diverse ombygging og modernisering utført av Total-Bygg i 2003.
Stil, preg og arkitektur
Etterkrigsmodernisme, igjen. Enkel og god hovudform med relativt bratt tak og gode rom på loftet. Både hus 1, 3, 4 og 5 vil vi med omsyn til stil og arkitektur kalle etterkrigsmodernisme.
Loftsvindauga (vippe-sving med utanpåliggande sprosser) er av nyare dato.
1969 Hus 5
Bygd for Inge Saunes, Hareid. Noverande eigar: Inge Saunes. Hjørungavåg Byggelag bygde her råbygget med utvendig kledning. Innreiing vart utført av eigaren.
Etterkrigsmodernisme. Vi er framleis i 1960. Husvolumet er det velprøvde: Kompakt med primærrom og eitt eller to soverom på hovudplanet. Soverom og bodplass, men sjeldan toalettrom på loftet. Stil og preg, sjå hus 4.
Berge Hjørungnes hadde sommararbeid hos Byggelaget ved bygginga av dette huset. Arkitektstudenten kan hugse at ein av karane i Byggelaget hadde husteikninga i form av ei blyantskisse på eit ruteark i baklomma på kjeledressen.
Privatbilen vart tilnærma allemannseige utover i 1960-åra. Huset kan stå som døme på hus der bilgarasje er integrert i underetasjen med altan oppå. Svært mange hus vart bygde på denne måten. Personbilane på 1960-talet var i snitt betydeleg mindre enn ein vanleg familiebil i dag. I dag har ein problem med å få plass til ein vanleg familiebil i desse garasjane.
Bygd for Ole Lars Hjørungnes.
Ferdighus/typehusarkitektur. Berge Hjørungnes hadde sin første jobb etter ferdig utdanning hos ferdighusprodusenten Neslandsvatn Bruk AS. Profilen der var å tilby «skreddarsydde» hus særleg tilpassa bratte tomter.
1975 Hus 6
Dette er første huset teikna av arkitekt Berge Hjørungnes.
Utforming og løysing i dette huset er nok delvis påverka av løysingane av tilpassa ferdighus for Neslandsvatn Bruk AS, delvis av arkitektur skapt av leiande arkitektar i landet. Skal huset setjast i stilbås, må det kanskje difor bli typehusarkitektur, tilpassa krevjande tomt. Verd å merke seg er løysinga med at hovudopphaldsromet er opna opp til yttertaket. Store glas i gavlen, der øvste glaset har skråkarm tilpassa taket. Det isolerte yttertaket er tjukt og gir ei kraftig, tredobbel vindskei.
56
57
Historie
1981 Hus 7
Bygd for Bente Giskeødegård og Karl Johan Jonsson, Overå, Hjørungavåg. Arkitekt: Berge Hjørungnes. Huset har enkelt skråtak (utan møne). Langsgåande veranda langs sørfasaden.
Stil, preg og arkitektur
Brutalisme. Det store fleirtalet av hus oppført i 1980-åra var ferdighus eller typehus. Hus som i all hovudsak passa best på flate eller svakt skråande tomter. Parallelt med masseproduksjon av ferdighus teikna fleire leiande arkitektar (Lund og Slaatto og andre) gode hus tilpassa bratt terreng.
Huset ligg øvst i eit byggefelt, og tilkomsten er bratt. Jostein Nedrelid: «Dette er huset som har gitt Byggelaget mest trim i form av manuell frakting av byggjematerialar.»
Husa hadde gjerne eksponerte (ikkje innkledde) konstruksjonar, ofte med bruk av limtre, noko som etter kvart vart rimeleg og meir og meir vanleg. Eksponering av berande konstruksjonar kan ein kalle gjendikting av preget til gamle tømmerstover i innlandet, med utstikkande takåsar. Det same med store takutstikk. Denne forma for kombinasjon av modernisme, trekk frå lokal byggeskikk og ærlegdom, vert gjerne kalla brutalisme. Hus 7, 8 og 9 kan plasserast i denne stilbåsen.
Bygd for Ingunn Riise og Olav Sveen, Grimstad, Hareid.
Brutalisme. Mange av stilvurderingane for hus nr 7 kan gjelde også for dette. Men dette har saltak og mønet mot dalen.
1983 Hus 8
Arkitekt: Berge Hjørungnes. Eit nytt grep som fekk ei viss utbreiing, var dette med å vende gavlen mot dalen, i alle fall i bratt terreng.
Over: Frå sør. Gavl mot dalen. Venstre: Sett frå nord. Huset er bygd i bratt terreng.
Bruk av limtredragarar og vindauge med skrå overkarm, gjorde det interessant å lage eit stort ope volum frå golvet i hovudetasjen til mønet. Løysinga kan vere luftig og flott, men gir visse utfordringar med luftsirkulasjon i volumet, særleg på kalde dagar.
1984 Hus 9
Bygd for Gudrun Bu Pilskog og Per Pilskog. Arkitekt: Berge Hjørungnes.
Brutalisme. Mange av stilvurderingane for hus nr 7 kan gjelde også for dette. Men dette har saltak og mønet mot dalen. Stilkopieringsarkitekturen hadde så langt ikkje slått igjennom. Men ein annan trend vart meir synleg: Både husbyggarar, bygningsmyndigheiter og arkitektar vart opptekne av å dyrke lokal byggeskikk. Truleg som ein reaksjon på noko forflata bygging av ferdighus. Mellom anna vart natur- og jordfargar ofte valde utvendig. Huset til Gudrun og Per Pilskog er eit bra døme på dette. Originalfargen er ikkje overmåla, noko som gjer at huset den dag i dag glir godt inn i naturen.
58
59
Historie
1991 Hus 10
Bygd for Ellen Arnesen Nydal og Leiv Arne Nydal, Melshornlia, Hareid. Garasje og diverse arbeid er bygd i 2004. Arkitekt: Berge Hjørungnes.
Stil, preg og arkitektur
Stilkopiering. Huset kan stå som døme på ein stiltrend som etter kvart gjekk over til rein stilkopiering eller gjendikting av stil og preg til eldre hus. Også arkitekten har tydelegvis late seg rive med av byggeskikk- og nostalgitrenden. Huset kan vi kalle ei moderne gjendikting av sunnmørsstove: Hovudsakleg parvise vindauge og midtstilte arkframbygg som vender mot dalen og utsikta. Omraminga rundt dører og vindauge er enklare enn på hus nr 11: Utan profilerte sideknektar eller sidebord (på vindauga) med dropeforma avslutning. Omraminga og to-fags vindauge med tre glasruter i høgda (4 stova mot vest) kan minne om «bygde-empire» på 1800-talet.
1996 Hus 11
Bygd som barnehage for Råsa Barnehage, Varleitet, Ulsteinvik. Er no bustad for Perny Austnes og Eli-Anne Vattøy.
Stilkopiering. Dette huset kan ein kalle ei blanding av hus med sveitserstil (gavldekor) og sunnmørsstove. Det siste er uttrykt med skot eller skytje mot vest og ark over inngangsdøra mot sør. Detaljar rundt vindauget er kopiering av sveitserstilomraming frå rundt førre århundreskifte. Detaljar ved sjølve vindauget avslører byggjeåret. Skal vi sette hus nr 10 og 11 i bås, må vel båsen heite noko så flott som eklektisisme eller etterlikningsarkitektur. Eller nostalgi?
2008 Hus 12
Tomannsbustad, Bugarden, Ulsteinvik. Arkitekt: Dakark (Byggmann). Vi har gjort eit godt sprang inn på 2000-talet.
60
Ny modernisme. Husa har vorte meir moderne igjen. Stilkopiert profilering rundt dører og vindauge er borte. Dette er ein tomannsbustad i eit større byggefelt. Arkitekturen kan difor bli enklare og meir prega av masseproduksjon enn samtidige einebustader. Plass til privatbilen i form av parkeringsanlegg og parkeringsplassar pregar i større grad totalbiletet i eit byggefelt. Det har no vorte vanleg med to privatbilar per husstand.
61
Historie
2009 Hus 13
Frå Onglasætra, Ulsteinvik. Eigar: Elin Vedvik og Sindre Håskiold. Arkitekt: Huseigar i samarbeid med Dakark (Byggmann).
Stil, preg og arkitektur Ny modernisme. Ein ny modernisme og minimalisme er på veg. Framleis er skråtak i form av mønetak og pulttak (bakgrunnen) mest vanleg. Den nye modernismen bar også med seg ein mindre stram, meir ledig fasadekomposisjon. Dette huset er eit godt døme på det. Tilpassing til skrått terreng er gjort ved at heile tomta er utgraven og planert til eitt plan før bygginga startar. Bak dette ligg delvis eit stadig sterkare krav frå styresmaktene om best mogeleg tilgjenge for rørslehemma; UU-tilpassing.
2012 Hus 14
Frå Storegjerdet, Ulsteinvik. Arkitekt: Dakark (Byggmann).
2016 Hus 15
Frå Hofsetsvingane, Ulsteinvik. Eigar: Anna og Krzysztof Swider. Arkitekt: Sporstøl Arkitekter.
Modernisme. Den same vurderinga som for hus nr 13 kan brukast her. Slake enkeltskråtak (pulttak) er «in». Godt døme på bygging i bratt terreng.
Modernisme med flatt tak er på plass! Framleis har huset ei markering av gesimsen. Garasje- og manøverplass til bilar er viktig og nødvendig. Å kalle den nye modernismen for ny funksjonalisme eller «funkis» vert etter vår meining feil. I modernismen eller funksjonalismen i 1930-åra var funksjonen nær knytt til forma. Vår tids modernisme er meir figurativ formkomponering der det kunstnariske uttrykket i større grad er overordna omsynet til funksjonen som ligg bak.
2018 Hus 16
Frå Hovsetsvingane, Ulsteinvik. Einebustad i rekke. Eigar: Hus til venstre Marianne Ertesvåg og Sverre Saunes. Hus til høgre Ingvild Møller og Odd Sverre Urke.
«Fullblods modernisme» og minimalisme? Gesimsbeslag og andre beslag er i same farge som kledninga. Volumoppbygginga er ledig og fri. Mest trendy hovudfarge er grått eller gråbrunt i kombinasjon med heile volum og veggfelt med kvitmåla puss på treverk. (Det siste ikkje vist i oversikta.)
Arkitekt:: Dakark (Byggmann). Altan-rekkverk av lakkert stål eller aluminium og herda og laminert, klart glas. 62
63
Rammevilkår for husbygging Samfunn Hms
1958
1970
1980
1990
2000
2010
Gjenoppbygging etter krigen ferdig. Lokalt: Bra tider etter «sildeåra». Husbanken etablert.
God økonomi hos folk flest. Lett å få bustadlån. Husbanken framleis viktig. Oljefunn i Nordsjøen gir optimisme.
Gode tider til 1987. 1987 til om lag 1992: Økonomisk meir krevjande.
Framleis gode tider. Husbanken mindre viktig. Skiftande konjunkturar.
Gode tider i oljelandet. Høg bustadproduksjon. Nesten slutt på sjølvbygging.
Kundar og myndigheiter set strengare krav til kvalitet og standard. Dyrare å bygge.
Husbanken set strenge, men fornuftige krav til dimensjonering av rom.
Stor grad av sjølvbygging av råbygg i leca.
Stort behov for produksjon av bustader etter byggestopp i dei fem krigsåra 1940–1945. Handverkty på mindre byggeplassar; handsag, hammar, kniv, høvel, hoggjern. Verktyet var ikkje av typen «bruk og kast» som dagens verkty ofte er. Det var alltid nykvesst og klart til bruk.
Verkty og hjelpemiddel rigg og drift – stillas Materialbruk og teknikk
Byggemåtar Bygningar
Glasullisolasjon til rundt 1965. Sydde matter.
Grunnmurar: Murar med doble vangar av sementstein vanleg etter krigen.
Hammar og spikar som hovudreiskap og hovudfestemåte for trekonstruksjonar på veg ut? Vart langt på veg erstatta av trykkluft og spikarpistol.
Leca til grunnmur og etasjeskilje.
Eternitplater i bruk, særleg til taktekking i 1960- og 70-åra. Funn av samanheng mellom asbestinnhald og kreft. Totalforbode frå 1978.
Knuseverk frå midt på 1980-talet produserte gode drenerande masser under fundament og rundt muren.
Vanleg med store og doble garasjer. Uthus.
Stil og arkitekturtrendar
Gjenreising: Modernisme blanda med lokal tradisjon
Ferdighusmodernisme «Brutalisme»?
Post («etter») modernisme
Nostalgi Etterlikning
Mellom hovudtrendane har det heile tida vore overlappingar og blanding av ulike trendar. Det finst ingen tydelege grenser eller markante overgangar.
I gjenreisingsperioden etter krigen var det først og fremst viktig å få opp mange, gode funksjonelle og praktiske hus. Gjenreisingsarkitektur var ofte ei samansmelting av modernisme frå 1930-åra (rett før 2. verdskrig) og lokal byggeskikk frå før 1920.
Ferdighusproduksjon medførte utvikling av ein særeigen ferdighusmodernisme prega av standardisering og rasjonell byggemåte. Internasjonalt: Brutalisme?
Tidleg postmodernisme (Venturi, Jencks, m.fl.) brukte delvis fri og kreativ tolking av klassiske og «organiske» former i elles moderne arkitektur. Få døme på stilen lokalt.
Lokal postmodernisme gjekk meir direkte over til rein gjenbruk av gamle, velkjende klassiske former og stilar (eklektisisme). Oppføring av mindre vellukka industribygg i m.a. betongelement medførte fokus på lokal og tradisjonell byggeskikk. Nasjonalisme og «maksimalisme»?
Mindre byggelag fann gjerne sine eigne, velprøvde stilar.
Folkefunkis: Valmtak og vindusband rundt hushjørnet. Overlevning frå før krigen. Lokalt tilpassa variant. Oppført i 1950-åra.
Typisk hus frå 1950-åra. Blanding av modernisme og byggemåte frå tidleg på 1900-talet. «Rass-hus» eller «Byggelag-hus». 64
Arbeidsmiljølova 2006. Sterkare fokus på HMS.
Trefiberplater til avstiving av ytterveggar.
Ytterveggar med stenderverk av 4’’x4’’ (boks) og ut- og innvendig trepanel og papp var regelen fram til rundt 1955. Deretter vart husa bygde av materialsparande 2’’x4’’ og holromet fyllt med mineralull.
Valet mellom ferdighus eller plassbygde hus i mange tiår. Lokalt, for folk flest, vart plassbygde småhus bygde av lokale snikkarlag billegast og best.
2018
W-takstolen med spikarplater («gang-nail»), sjølvberande frå yttervegg til yttervegg, gjorde det mogeleg å få huset fort under tak.
Døme på meir eller mindre direkte etterlikning av «gamle» hus. Gjendikting av sveitserstil frå rundt 1900talet.
Men loftet kunne ikkje utnyttast.
Ferdighus frå 1970-åra. Arkitekturen ber preg av rasjonell montasje og bygging.Vindustyper er samla. Omsynet til romet bak vindua ikkje alltid like gjennomtenkt.
Tidleg (internasjonal) postmodernisme hadde m.a. preg av ny og kreativ gjendikting av klassiske former. Bruk av boge, klassiske søyler, runde vindu, m.m., indikerer postmodernisme. I dette utsnittet av hjørnet på ein sentrumsgård i Oslo er «alt med».
Batteridrill og treskruar med særleg Torx sekskanthovud etter kvart mest brukt for feste av trekonstruksjonar.
I dag: Forskrift om stillasbygging og kvalifisering for å sette dei opp.
Modernisme igjen Overdriven gjenbruk av gamle stilar og former med førte behov for ny frigjering. På nytt frie, reine former. Utvendig panelte og pussa flater side om side. Frie komposisjonar. Flate tak. Store glasflatar med god isolasjonsevne. Minimalisme. Til venstre: Fri teikning av hus som kunne vore oppført i dag. Bruken av fiberpuss på mur eller treverk, store glasflater og tradisjonell trekledning, gjer leik med nye, moderne former mogeleg.
Sveitserstilvindu. Laga år 1900 eller 1970? Detaljar; forsegla ruter med aluminium botnlist avslører produksjonsår.
Vindauge i hus som vart bygd av Total-Bygg AS i Hofsetgrenda, Ulsteinvik 1990. Det profilerte listverket er utskore for hand av Knut Nedrelid.
Utsnitt av hus oppført av Totalbygg AS i Hovsetsvingane i Ulsteinvik 2017. Neppe «funkis» som ein kjenner den frå 1930-åra. Men tydeleg modernisme og minimalisme: Reine, kubiske former, knappe detaljar, smalt panel og rekkverk av glas og stål.
Tekst og illustrasjonar: Berge Hjørungnes, sivilarkitekt
Tid Økonomi
65