Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2018

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Bankgiro: 8220.02.80454 VIPPS: 102696 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret: Liv Ingunn Heie Medhaug - Nestformann, no konst. formann John Morten Espevik Per Gunnar Nordbø Bjørn Saghaug Brit Gjerde Voster Marte Kvilhaugsvik Ole Bernar Innvær Vara: Tor Espen Kristensen

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Konst. dagleg leiar: Sylvi R. Sørfonn Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Konst. rektor: Jostein Moldsvor Heimeside: www.framnes.vgs.no

Ein å gå saman med

Leiar av Marit H. Ådnanes Dagleg leiar

Jesus møtte dei 5.000 og jobba med dei 70. Så valde han ut tolv for at dei skulle vera med ham, og blant dei knyta han seg til nokre få. Det er Ole-Magnus Olafsrud som seier dette til Dagen 10. mars. Sjølv er han ein ivrig forkjempar for medvandring. Medvandring er i vinden. Fleire har fått augo opp for at disippelskap veks i nær relasjon til ein kristen bror eller søster. Livet kan vera barskt «Å gjera dei til hans disiplar» er ein del av visjonen vår. Oppdraget med å gjera disiplar vart gitt av Jesus sjølv, og kan sjølvsagt skje på mange måtar. Det skjer i leirsamanheng, i konfirmantarbeidet, i bibelgrupper, møtesamanheng osb. Men i høgste grad skjer det også i samtale mellom to personar. Dette livet er såpass barskt at me treng ein eller annan stad der me kan vera oss sjølv fullt og heilt, seier Ole-Magnus. Så er nettopp dette også ein av ingrediensane i treffpunkt mellom to medvandrarar; korleis går det? Tid i Bibel og bøn høyrer naturleg også med, samt hjelp til å gi den glade bodskapen vidare. Åndelege mødre og fedre I hovudstrategiplanen for IMS (gjeldande 2014-2020) les me: «Me vil fortsetja å løfta fram bedehusarbeidet. Samstundes ser me at samtalen i livsnære fellesskap og med den enkelte blir viktigare og viktigare for å vinna nye for Jesus… Me oppmodar folk om å skaffa seg medvandrar; ein som ein kan gå tett saman med og dela tru, erfaringar, smerter og gleder, be for kvarandre, ansvarleggjera kvarandre m.m… Me oppmodar også eldre om å vera mødre og fedre for yngre søsken i trua.» Å gjera disiplar og utrusta til teneste høyrer saman. Undersøkingar viser at leiarar i voksande forsamlingar brukar mykje av tida si til å utrusta andre kristne til teneste. Dei utrustar, støttar, motiverer og følgjer opp den enkelte slik at dei kan bli det Gud har tenkt. Jesus hadde sjølv ein breiddevisjon for å nå heile verda. DIFOR investerte han i fellesskap som gjekk i djupna med nokre få. Å setja poteter Vidar Kristensen har skrive eit dikt der han samanliknar misjon med å setja poteter. Viss kvar og ein av Jesus sine tolv disiplar hadde vitna for tolv nye, som igjen hadde vitna for tolv nye osb, ville det berre ta åtte generasjonar før over fem milliardar menneske hadde fått høyra at Jesus døydde for dei. Men som han konkluderer til slutt: «Misjon er ikkje matematikk, og sjølv ikkje poteter gror i all slags jord. Faktum er at dei fleste aldri blir satt, og havnar på middagsbordet til deg og meg». Me treng ulike typar fellesskap; storfellesskapet, den livsnære gruppa og medvandraren. Me har ulikt behov til ulike tider. Mange i dag søkjer nære relasjonar. Kva med å starta her? Etterkvart kan det bli naturleg å bli med i ei bibelgruppe, for så å enda opp i storfellesskapet. Det er ein tanke å bygga forsamlinga nedanfrå, og at medvandring er ein del av det. Ofte får ein eit bilete av at dei godt vaksne er velfungerande og fiksar kristenlivet. Men livet er krevande både for ung og gammal. Me treng kvarandre som kristne søsken. Du treng ikkje starta med tolv. Jesus var trass alt verdas mest effektive leiar, så me kan sikta lågare. Spørsmålet er like fullt; kven kan du gå saman med?

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Framside-foto:

5 000 000 4 500 000 4 000 000

3 000 000

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til IMS”.

2 500 000 2 000 000

1 500 000 1 000 000 500 000

Budsjett 2018 4 390 000

3 500 000

Hittil 2017 333 087,-

2

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til IMS.

Hittil 2018 376 894,-

IMS-konfirmantane på tur til Latvia. F.v. Ole Andre Stokken, Benjamin Espevik, Ivar Teistedal Dyrøy (bak), Bjarne Westermoen, Gina Kristine Gjøvåg, Maria Remine Theisen Kristensen, Ida Byrkja Dagsland, Janne Byrkja Hystad, Mathilde Saghaug, Anissa Olsson, Hannah Kjellevold Steinsland.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 28. februar

0

Ynskjer du å bli Fast gjevar?

Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller du finn skjema på www.indremisjonen.no


! p p o n Våk Andakt av Katrine Aga Sæter Aktiv i Laurhammer bedehus Eg har alltid vore ein kristen, men den gløden nyfrelste har - den har eg lengta etter. Gud har liksom vore litt langt vekke. Solveig Leithaug forklarer dette godt i ein song: Eg har vel skimta Deg av og til, men eg lengtar og eg vil, kjære Far, så gjerne, kjenna Deg meir! I januar hadde me møteveke på Laurhammer bedehus med Tor Ingvald Lauvrak. Og då talen på det andre møtet nærma seg slutten, satt eg på bakerste benk og grein. Det traff! Og eg kjente det var dette eg hadde lengta så lenge etter. ”Kva har Gud gjort i livet ditt i det siste?”, spurde talaren ein kveld. Eg satt der og var svar skuldig, for eg hadde ikkje sleppt Jesus til i livet mitt. Det kjentest ikkje godt. Men det var godt å gå på møtene. Jesus

Sommarens Storsamling Saman Tema:

Ølen Idrettshall 8.-10. juni

Voice Of Joy

Hovudtalar: Andreas Evensen, leiar ImF-ung Eige husorkester med forsongarar

var der og talte til MEG. Og etter møtene fekk eg gå fram til samtale og forbøn. Litt etter litt fekk livet eit nytt fokus. Og når dei tre fantastiske møtevekene var til ende, hadde eg ei lang liste over ting Gud hadde gjort i livet mitt! Eg og mannen min satt ei heil natt og hadde ein god og ærleg samtale og har no fått eit mykje nærare forhold til kvarandre og til Gud. Eg har meir lyst til, og behov for, å sette meg ned og lese i Bibelen enn å slappe av føre tv’en. Og alt eg les i Bibelen gir meining i mitt liv. Eg prøver å starte kvar dag med bøn, og eg merkar faktisk forskjell dei dagane eg gløymer det. Eg har blitt flinkare til å spør Jesus om råd og retning - og til å lytte etter svar. Jesus har fylt hjarta mitt

Oversyn over overnattingsstader i samband med Sommarens Storsamling: Brandøy Misjons- og konferansesenter Bestilling til IMS-kontoret post@indremisjonen.no eller 53 41 07 04

Laurdag 9. juni

Bubil og campingvogn Det vert lagt opp til bubilparkering i nærleiken av hallen. Bestilling av plass til IMS-kontoret.

Kl 10.00 Bibeltime Barnas Sommarfest Program for barn og ungdom dagtid, utsendingsmøte Kl 17.00 Konsert Tore Thomassen Kl 19.30 Kveldsmøte

Frønsdal aktivitetsgard Booking til post@fronsdal.no

Fredag 8. juni Kl 19.30 Konsert Voice of Joy

Ølen Gjestegård http://www.olengjestegard.no/

Søndag 10. juni Kl 10.30 Festmøte med søndagsskule Kl 13.00 Storsamling

Tore Thomassen

LIK OSS

Andreas Evensen www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

www. indremisjonen.no

Fugl Fønix Hotell http://www.fuglfonix.no/ Ølen gjestehamn Ligg i gangavstand til hallen har 6 gjesteplassar for båtar.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

med glede og fred slik at det berre bobler over! I Matteus 12,34b står det: For det hjarta er fullt av, det seier munnen. Eg har vore ein sovande kristen lenge. Men no føler meg nyfrelst og oppvekt, og det er godt å kjenne at Gud er nær og å få vitne om det han har gjort for meg! I Johannes’ openberring 3,20 står det: Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg. Be om at Jesus får vekke deg i dag! Opne hjartedøra di for Jesus og be Han komme inn og få orden på ting i ditt liv - for det vil Han! Det var jo derfor Han kom! Du vil ikkje angre, det lovar eg deg!

BØNE SPALTA

BE FOR: - Sommarens Storsamling i Ølen, det praktiske og åndelege arbeidet - Påskeleirane på Helgatun og Brandøy, Superhelg og Juniorhelg - Alle deltakarar og leiarar som var på Brandøytreffet BE OM: - Visdom og åndeleg innsikt til konfirmantleiarane våre i ConTeenNew - Velsigning over økonomien i IMS - Velsigning over bokhandelen vår: SunnBok TAKK FOR: - ein flott og inspirerande Forsamlings konferanse i Norheimsund - dei 11 verdifulle konfirmantane i IMS som skal konfirmerast 21. april - at «Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, for maning, rettleiing og oppseding i rettferd, så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.» 2. Tm 3,16-17

3


Noko nytt veks fram; ImF Fitjar I haust meldte ImF Fitjar seg inn som forsamling i IMS/ImF. Her kan du lesa litt om prosessen me har vore i, og korleis samlingane er i dag. Prosessen Det har vore fleire på Fitjar som har lengta etter eit fellesskap der me kunne samlast regelmessig med heile familien, og der det var heilskapeleg tenking rundt profil og forkynning. I tillegg lengta fleire etter ein stad me kunne tilbe og lovsynga, og der det var lettare å be med seg nye. Me starta med å ha ei bøne- og lovsongssamling i heimen nesten kvar søndag frå januar 2017. I starten var me to familiar som samlast. Etter nokre månadar fann me ut at me ville ha Awanaopplegg for barna, og at det då var naturleg å opna opp for at fleire kunne koma. Me starta for fullt med opplegg hausten 2017. Då hadde me ein felles andakt (Sparks) for vaksne og barn før me delte inn i grupper etter alder. Dette var kjekke samlingar i stova, der me hang opp lerret i døropninga, og ungane kunne leika rundt i huset på slutten, mens dei vaksne hadde bøn og lovsong. Då me vart ca. 35 stk. på det jamne, fann me ut at me trengte litt større plass. I tillegg hadde me høyrt om nokon som syntes det var unaturleg for dei å koma på samling i heimen.

Ny møtestad Litt tilfeldig hamna me på eit lite bedehus i Osterneset, ca. fem minutt å køyra frå Fitjar. Her har me samlingar nesten kvar søndag. Me startar med bøn og lovsong for dei som vil klokka ti, og så byrjar sjølve møtet klokka elleve. Då har me ein fellesdel der fokuset er at barna skal ha det gøy. Så deler me inn i Awana-grupper. Me har Sparks, Cubbies og andakt for vaksne, men alle har bok tilpassa sin alder i smågruppene. Me har vore mellom 40 og 60 stk på desse samlingane, og ser at fleire av dei er kristne som ikkje har gått fast i anna kristent fellesskap. Me har eit mål om at gjennom arbeidet vårt skal fleire få ha ei livskraftig forsamling å gå i, slik at dei blir inspirert til å nå ut til andre gjennom jobb, fritid og eventuelt barnearbeid på sitt lokale bedehus. Fleire av oss har tette bånd også til Fitjar bedehus og menneska og arbeidet som vert drive der. Me opplever at me har hatt god dialog med leiinga gjennom prosessen. Me ynskjer å velsigna kvarandre sitt arbeid, og håpar me kan stå saman, sjølv om me har to fellesskap. Du kan lesa meir om ImF Fitjar på nett eller facebook. Du kan og ta kontakt med underteikna, og me vert sjølvsagt glade for besøk. Johannes Olsen

Nye fel Korleis kan evangeliet om Jesus bli tilgjengeleg for fleire menneske gjennom nye fellesskap? Me er på temakveld på Leirvik bedehus om Fellesskapsplanting. Det er John Torjus Eriksen, leiar for Fellesskapsplanting ImF, som utfordrar oss på spørsmålet. Tenk deg at du flyg over IMS-området og ser ned på det. Tenk deg at du ser levande fellesskap i alle bygdene her. Ein oppreist Jesu kropp, som gjer Jesus tilgjengeleg for samfunnet rundt seg. Korleis kan desse fellesskapa sjå ut, spør John Torjus. Det etablerte contra nye fellesskap Mykje er positivt med det etablerte, men ting er ofte satt. Det kan vera ein sterk kultur her som kan utfordra og setja begrensningar for at nye ting kan veksa fram. Sjølv var John Torjus berre 22 år då han vart forsamlingsleiar i SIM, Sogndal Indremisjon. John Torjus fortel om historia før han kom, der ein ny generasjon møtte velvilje hos dei eldre i forsamlinga, då dei ville byggja forsamling. Me skal støtta og velsigna dykk, var tonen, og dermed gav dei eldre eit rom for at det kunne veksa fram noko nytt. Slik er det ikkje alle stader. Tenk deg eit ung par med leiarkapasitet som kjem flyttande til ei bygd. Dei møter gjerne meiningar om møteform, song og musikk osv. Mange blir utslitt på vegen i møte med sterke meiningar og kultur. Av og til kan det vera hensiktsmessig å starta noko nytt, før dei misser motet. Generelt blir folk oppglødd når du (spesielt som ung) kjem. Men når du kjem med nye tankar blir du ikkje alltid applaudert. Nyplanting – replanting – revitalisering Kva meinast eigentleg med planting? Kva tid snakkar me om planting, og kva tid er det noko anna? Nyplanting er når eit nytt samansett team plantar eit nytt fellesskap frå botnen av. Det kan vera på ny stad, inn mot nye grupper osb. Replanting er planting ut frå allereie eksisterande ressursar. Det kan til dømes vera at eit arbeid går Rundt 20 personar var møtt fram til ein lærerik kveld 29. januar på Leirvik bedehus. Det var samtale i grupper, og leiar for Fellesskapsplanting ImF, John Torjus Eriksen, underviste.

4


ellesskap mot avvikling, og noverande styre er villige til å gi frå seg leiarskap til eit nytt leiarteam. Teamet får mandat til å setja ny retning og disponera ressursar slik dei sjølv ynskjer. Revitalisering handlar om at ein ynskjer noko nytt i allereie eksisterande fellesskap, til dømes nye type samlingar, endring i stil, visjon osb. Fornying som dette siste er viktig, og er noko me heiar fram, men blir ikkje definert som planting, seier John Torjus. John Torjus presenterte aktuelle plantingsmodellar for oss i bedehusland; alt frå små husgrupper, til nye forsamlingar. Tre vanlege påstandar mot planting: * Me må behalda ressurspersonane våre * Me treng betre fellesskap, ikkje fleire * Me har nok fellesskap Nye fellesskap når flest nye og også nye generasjonar. Den beste måten å fornya oss på er nye fellesskap. Misjonsbefalinga er planting av nye fellesskap. Statistikkar frå andre land viser at 60-80 prosent av menneska i nye fellesskap er personar som frå før av ikkje har vore med i andre kristne fellesskap. Det vil ikkje seia at dei nødvendigvis er «nyomvendte», men ofte er det slik at mange kristne ikkje har funne seg til rette i eit kristent fellesskap. Når noko nytt skjer, er det lettare å kopla seg på, føla seg heime, og gjerne opnare for å invitera med seg nye.

Om du skal planta nye fellesskap, er det ofte eit råd å ikkje starta opp på bedehuset med ein gong. Eit anna lokale kan gjera det enklare å forma ny kultur for eit fellesskap, for kulturen sit i veggene. Start ein annan plass, og flytt evt inn i bedehuset viss Gud leier i den retninga etterkvart. Tilpasning og bevisstgjering Skal Jesus bli tilgjengeleg, må eg vera villig til å tilpassa meg dei eg ynskjer å nå, seier John Torjus, og viser til versa i 1. Kor. 9, 19-22. Me mister mange på vegen. Men Guds Ord er sådd hos mange. Kan me fanga opp desse seinare, kanskje gjennom nyplantingar? Me treng bevisstgjering i forsamlinga at ein ynskjer å vera med å planta. Det er viktig å ha ein visjon som er større enn seg sjølv; at ein ynskjer å vera noko også for andre. Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd. For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte lik ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. For dei som er utan lov, har eg vorte som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre. Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg sjølv kan få del i det.

- 1. Kor 9, 19-22 -

IMS har Fellesskapsplanting som eit satsingsområde. Sjølv om det opp gjennom tidene er blitt bygd mange bedehus/forsamlingar, har me lite erfaring med temaet i dag. Me ynskjer å kommunisera temaet, og inspirera til at nye fellesskap vert starta – for at Guds rike skal gå fram. Me ynskjer å støtta og fremma fellesskapsplanting. Saman med 14 andre kyrkjesamfunn/ organsiasjonar er ImF også del av den nasjonale rørsla SENDT, som har som mål å planta 400 nye fellesskap i Noreg innan 2025.

5


Nytilflytta til Huglo Av Marit Hårklau Ådnanes Me er på Huglo bedehus ein kald vinterkveld i februar. Men kva gjer vel det? Eit opplyst bedehus lyser opp langs vegen. Innanfor sit hjartevarme folk i ein fullsett veslesal og ventar på talaren som kjem med ferja. Det bur rundt 100 menneske på øya Huglo. 20 prosent av befolkninga har møtt fram denne kvelden. Kari Sæter leier møtet med stø hand. Etter informasjon om misjonsarbeidet, vert det tala om «Guds fred». Når det stormar omkring, kan Gud gi oss av sin fred – ein fred som er annleis enn den verda gir. Me benkar oss så rundt langbord for å eta kveldsmat saman. Her får eg ein god prat med ekteparet Marlene Sørli (28 år – frå Sarsporg) og Øyvind Sortland (33). Paret flytta til Huglo i haust. Øyvind er oppvaksen på Huglo og eldst i ein søskenflokk på fem. No var me klare for å landa etter å ha budd her og der, fortel Øyvind. Øyvind er patriot, skyt Marlene inn. Han har ikkje budd her sidan han var russ i 2004.

Det bur fleire småbarnsfamiliar her som er litt eldre. Men me kjenner også fleire som begynner å bli klare for å flytta tilbake til øya. Me kan ikkje bli dei einaste, seier Øyvind. Kva er fordelen med å bu på Huglo? Nærleik til natur og sjø, kjem det frå Øyvind. Eg har nett lese boka til Barbro Raen Thomassen, og blitt inspirert til å leva meir berekraftig og enklare, seier Marlene. Det er det kanskje lettare å få til her. Ho likar å laga mat og ser fram til å byrja å dyrka i hagen. Dei har sau, og håpar også å få gris. Til dagleg jobbar Marlene i Stord kommune som byggesaksbehandlar. Øyvind jobbar på leirskule i Hålandsdalen.

Kva med forsamling? Det er her på Huglo me høyrer til. Me trivst godt her, seier dei. Kanskje kan det bli aktuelt å bli med i ei bibelgruppe med andre annan plass. Me får sjå etterkvart. På hi sida av bordet sit leiar i Huglo Indremisjon, Nils Olav Taranger. Det er høg gjennomsnittsalder på øya og i forsamlinga, så det er veldig kjekt at Marlene og Øyvind har flytta hit, seier han.

Gud greip inn! 23. januar starta felles-møteveke på Laurhammer bedehus med Tor Ingvald Lauvrak som talar. Indremisjonsforeiningane Laurhammar og Meling stod saman om denne veka. Me fekk oppleva korleis Gud talte til hjartene og skapte ein nød etter å kjenna Han meir. Spørsmål som mange fekk kjenna på var: -Kva vil Gud gjera i mitt liv? - Kva vil Gud eg skal gjera? -Kva stemme lyttar eg til? Fleire unge familiar fekk oppleva dette sterkt, men også fleire godt vaksne i forsamlinga. Etter møta vart ein invitert ned i kjellaren for ein matbit og samtale. Folk i alle aldrar stansa igjen og det vart knytt nye

6

vennskap og me fekk kjenna på kor godt det er å ha eit fellesskap som brødre og søstre i Herren. Mot slutten av møteveka var det fleire som følte på at me burde fortsetja. I bønn, og etter samtale med talar og ImF, fekk med ro for at det vart ei veke til. Som igjen vart til to. Mange oppgåver må for-delast for å gjennomføra ei møteveke, og her fekk me oppleva å vera i Guds leiing. Bønemøte-leiarar, forsongarar, kjøkkenansvarleg, teknikkarar og møteleiarar stilte opp utan at ein trong å leita. Nybakte kaker og pizzasnurrar kom nesten av seg sjølv. Slik kjendest det i alle fall ut for oss som var med og planla.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

I etterkant har det vorte behov for å starte nye, både større og mindre, fellesskap. No må me ta vare på dette som me har fått opplevd desse vekene og stå saman i arbeidet vidare. Me treng kvarandre i fellesskapet!

Ragnhild Nesse


«Med Olav Eikemo på talarferd» Vi har fått følgja Olav og kona Jorunn på nokre av møta dei har tala på i februar, først til Uskedalen og så vidare til Vines og Odda. I Uskedalen var Olav i tre dagar. Der hadde han både familiemøte og vanlege møter. På familiemøtet var borna med og song for dei frammøtte, og Olav viste bilete og tala over temaet «Herren er min hyrde». Her vart det servert både kaffi og mat til godpraten. På «vaksenmøta» tala Olav over temaet: «Navnet Jesus, det er evig». Det var bra med frammøtte på møta, og dei vart avslutta med forbønsstund.

til Vines og hadde møte der før turen gjekk vidare til Odda der Odda Indremisjon hadde møtehelg i samarbeid med Frelsesarmeen. På Vines var Jorunn med og hadde opningsord. Olav tala over «Namnet Jesus, det er evig», og dei fekk lytta til fin song samtidig som dei fekk sjå bilete av nordlys.

Mykje snø i Røldal

Fredag kveld tala Olav i Røldal bedehus over temaet «Herren er min hyrde som leder meg dit hvor roser aldri dør». Søndag var det møte i Frelsesarmeen sine lokale, og her var mykje folk samla. Jorunn hadde opningsord og snakka om Jesus som sende læresveinane i førevegen, men som kom til dei i stormen. Olav tala om: «Ver sterke i Herren og hans veldige kraft», Aslaug Hellesøy gledde oss med fin song.

Frå Uskedalen reiste han vidare

Frå familiemøte i Uskedalen.

På søndagen var mykje folk samla på møtet i Frelsesarmeen sine lokale i Odda.

Dette vart møtevekesongen:

Hyrde for min sjel

Salme 42,6. T&M: Frank Berrios, Tom Brooks, Jeff Hamlin. - O: Sølvi H Hopland.

Hyrde for min sjel, jeg gir deg hver en del av det jeg er og har. Jeg vil følge deg. Jeg vil ha din røst som ledetråd og trøst. Hvor enn du måtte gå, går jeg med. Om jeg går igjennom enger og finner hvilens vann ved siden min er hyrden for min sjel. Står jeg foran bratte høyder eller dødens dype dal, ved siden min er hyrden for min sjel.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

7


LIK OSS

Jakob

ungdomssekre

Leirar framover Brandøy:

Helgatun:

Påskefestival

Superhelg

7.-10. klasse 23.-27. mars Kr 1300,-

0-9 år m/fylgje 25.-27. mai Kr 600,-/1100,-

Minileir

Påskeleir

2.-4. klasse 22.-24. juni Kr 730,-

10. klasse og oppover 28. mars-1. april Kr 1550,-

Tweensweekend 5.-7. klasse 6.-8. april

(Merk dato, feil i leirbrosjyren)

Kr 730,-

4-9 år med fylgje 13.-15. april Samarbeid med Søndagsskulekrinsen

Kr 600,-/1100,-

SommarMinileir

Sommarleir

5.-7. klasse 22.-24. juni Kr 730,-

Meir info finn du på nettsida vår under fana ”leir”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld.

Juniorhelg

2.-4. klasse 25.-27. juni Kr 730,-

Tweensweekend

www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04 Gler eg vert meg til g til å reis amal nok e på åleine.. leir .

-

Johannes leirarbeidar

ConTeenNew, som blir uttalt som det engelske ordet «continue» (betyr “å fortsetje”) er det nystarta konfirmantopplegget som IMS starta opp i haust. Bli med på det konfirmantane har vore med på så langt i år. Etter årsmøtet på Fitjar i 2016 vart det bestemt at IMS skulle begynne med konfirmantundervisning. Hausten same året starta prosessen med å setje saman ei leiargruppe som skulle planleggje korleis dette skulle sjå ut, med mål om oppstart hausten 2017. Denne gruppa vart til slutt beståande av Jakob Saghaug, Kjerstin Stokken, Bernt Arild Gjøvåg, Kjetil Fyllingen og Johannes Olsen. Etter at denne gjengen hadde hatt eit par møter med planlegging, var det klart for eit opent informasjonsmøte 8. mars 2017. Her var det bra oppmøte med ca. 15 personar, og der blei det gjennomgått kva planar me hadde for det første konfirmasjonsåret til IMS. 6. september 2017, var det klart for verdenspremiere av ConTeenNew. Dei no 11 påmeldte konfirmantane var: Janne Byrkja Hystad (Skjold), Ida Byrkja Dagsland (Skjold), Benjamin Espevik (Laurhammar, Bømlo), Bjarne Westermoen (Laurhammar, Bømlo), Maria Remine Theisen Kristensen (Horneland, Stord), Gina Kristine Gjøvåg (Horneland, Stord), Anissa Olsson (Leirvik, Stord) Hannah Kjellevold Steinsland (Leirvik, Stord) Ivar Teistedal Dyrøy (Leirvik, Stord), Mathilde Saghaug (Leirvik, Stord), Ole Andre Stokken (Fitjar). Det andre me gjorde saman var å reise på hytta til konfirmant Benjamin, i Kjølvik. Her hadde me bibeltimar, lagkonkurransar, speling, fotballkamp og mykje meir kjekt for å verta skikkeleg samanrista.

5.-7. klasse 28. juni-1. juli Kr 950,-

Familieleir

28. oktober reiste me ein gjeng til Husnes for å vera med på nattcup i innebandy, der stilte me med 1 lag. Saman med fleire hundre ungdommar frå Kvinnherad fekk me oppleve sykkelshow med Eirik Ulltang, andakt, masse aktivitetar og god stemning i hallen.

4.-8. juli

Ulike enkeltprisar, max kr 6000,www.indremisjonen.no for meir info

Active Ten

Start 8. kl og oppover 9.-12. august Kr 1090,-

Indremisjonssamskipnaden

www.indremisjonen.no 88

t ær

Etter jul vart det arrangert misjonsløp med overnatting på Fitjar hos Kjerstin og Ole Andre Stokken. Formidabel innsats av alle, og med foreldre og søsken som støtte og heiagjeng, sprang ungdommane inn rundt kr. 30.000,-. Veldig imponerande! Me har hatt eit kjempekjekt år så langt. No er det ikkje mange månadane igjen før den store konfirmasjonsdagen 21. april på Leirvik bedehus.

-


-

Mitt bibelv ers! nes

Johan

Kom til m e og har tu g, alle de som sli ngt å t gje dykk bera; eg vil kvile! Matteus

Lise Marie

barne- og fam.arbeidar

Eline Hel lesøy,

- Ingfridtær

11,28

13 år Sag våg

barnesekre

Kveldsm at på ei C o samling på Leirvik nTeenNew bedehus

Infomøte for interesserte

se med Ein liten pau kkelshow andakt og sy å Husnes p på Nattcup

Bibeltim e hytteture ute på n til Kjølv ik

Misjonsløp til inntekt for misjonsturen

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

9


Latvia – Mission Adventures tur 2018 Av Kjerstin Stokken og Bernt Arild Gjøvåg, Konfirmantleiarar Laurdag 17. februar sette alle 11 ConTeenNew-konfirmantane og 2 vaksenleiarar seg på flyet og sette kursen mot Latvia. I Riga møtte me Stephanie og Torje frå Ungdom i Oppdrag som skulle vera med oss. Dei hadde, saman med ein kontakt i byen me skulle til, laga eit kjekt opplegg for oss. Me lasta alt av folk og koffertar inn i bussen som tok oss til byen Liepaja der me skulle vera.

Veka i Liepaja var kjekk med eigne bibelsamlingar på hotellet og besøk i ulike forsamlingar i byen. Her fekk me vera med på møter for heile familiar, ungdomsmøter, engelsktimar på skule, hogga ved på eit familiesenter, barnesenter etter skuletid og mykje anna kjekt! Konfirmantane var med og song, delte bibelvers, leikte med born, fortalde om Noreg på skulen og liknande.

Det var også veldig kjekt med Stephanie og Torje så tett med oss heile tida. Dei blei me godt kjend med! Veka gjekk fort og fredagen tok me avskjed med kontakten vår i Liepaja og drog til Riga, der me fekk ein dag før me flaug fornøydde heim att. Det var kjekt å møta andre kristne i eit anna land. Me lærte mykje, og fekk også bety noko for dei me møtte der. Alt i alt – ein topp tur!

i Latvia Vedhog ging

Deltagels e eit ungdo på msmøte Høgtlesn

ing frå B ibelen

n øk i ei På bes klasse k engels

Innebandykamp ute på snøen

10

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018


Engasjement, glede og nød Me ynskjer årleg å ha lokale (kommunale) leiarsamlingar for å samtala om arbeidet, oppleva fellesskap og setja fokus på aktuelle tema. Utover hausten og vinteren har me hatt mange slike lokale samlingar. Målet har vore å samla alle troppane, både dei som er engasjert i barneog ungdomsarbeid, samt hovudforeining.

Spesielt viktig har delerunden i starten av samlinga vore, der me har blitt kjent med leiarane sine gleder og utfordringar. Dette har gjerne også vore utgangspunkt for samtale vidare. Me opplever mykje engasjement, og trufaste leiarar som brenn for det dei står i. Det gir glede å stå i dette meiningsfulle arbeidet, og ekstra glede gir det når ein

får tena med sine nådegåver. Så utrykkjer fleire også nød; nød for menneske, for arbeidet, mangel på leiarar, neste generasjon m.m. Hovudtemaet har vore «Livskraftig indremisjonsarbeid», med undertema «Fleirgenerasjonsforsamlinga», og «Korleis dra nytte av prinsippa i Awana i vårt arbeid generelt?».

BØMLO JONDAL OS

STORD

FITJAR

TYSNES

“Bygge Guds rike...” Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

11 11


Glimt frå ulikeunkt treffp Tre frå Fitjar på Awana DNA-k onferanse i Sandnes, febr uar. F.v. Rune og Marte Kvilhaugsvik, Anders Sætre.

Temakveld m ed Runar Land ro. Kveldane samarbeid m er eit ellom Meling , Laurhammer Gilje- og Thor , Hiskjo, modsæter Indr emisjon. Kve frå Gilje i febr lden er uar då temae t var «Det ånde livet på bedehu lege set». Neste sa mling er på Laurhammer 4. april.

12

Søtt og Salt er eit samarbeid mellom Sion Dei hadde sin og Salem på «ilddåp» for ca Moster. eit år sidan. Sa januar. Konse mlinga her er ptet er at ein sk frå al kjekk kveld sa få møta nabo man, der aktu ar og kjente ti l ein elle tema også er ein viktig de l.


Full fart n år Marit A . Røen og Bjarte Fylk Ole esnes leie r i Brandø Helgatun y- og songen. D et er basa Gilje til in r på ntekt for le irplassane .

Minneord om Eivind Rolfsnes Eivind Rolfsnes døydde på Midtbygda sjukeheim 1. januar 2018, nærare 79 år gammal. Eivind kom frå Rolfsnes på Bømlo. I ungdommen gjekk han på Framnes folkehøgskule, og etter det fire kurs på Bibelskulen i Bergen. Han vart tilsett i Indremisjonssamskipnaden i 1959 og slutta i 1975 av helsegrunnar. Når eg tenkjer på Eivind, er det gjerne leirane som sit fremst i minnet. I mi tid på leir, var Eivind ein av dei som bar arbeidet. Han og Kåre Steinsund arbeidde godt ilag, og saman med Margit Fure og Aud Lønning (og fleire!) la dei ned eit stort arbeid for born og unge i krinsen. Det var ikkje lite som skulle førebuast, både åndeleg og praktisk. Også før dei faste leirstadene kom, var Eivind med på å arrangera leirar og bibelkurs på bedehus kringom i krinsen. Då var det mangt ekstra som måtte ordnast, både før og etter samlingane. Det kunne vera utstyr til koking og overnatting; og det måtte lånast, hentast og leverast attende. Vi merka at det åndelege siktet var sjølve berebjelken i leirarbeidet. Gjennom bibeltimar, temasamlingar og kveldsmøte vart evangeliet og kallet til å fylgja Jesus lagt inn over oss. Samstundes var Eivind lett å prata med for oss leirungdommane. Den friske låtten og det gode humøret var eit kjennemerke. Om somrane var det helst leirar og kurs Eivind arbeidde med, og i vinterhalvåret var det møteverksemd. Han arbeidde i omlag fire år som områdearbeidar på Voss, og dessutan ei tid i Hardanger. Eivind spelte orgel og song på møta, ved sida av forkynninga.

jonisttreff en er det pens ad ån m i g on mlinga Ein g hus. Her frå sa de be da yg utlodning i Nordb ng, matøkt og so t, ak nd A s. 1. mar g. met kvar gon er på program

Eivind hadde òg ei rolle i historien bak Helgatun. Saman med Styrkår Hirth var han med og fann staden der ungdomsheimen skulle byggjast, og det var Eivind som formidla tanken vidare til sekretæren på Stord. Etter at han slutta i Indremisjonssamskipnaden, arbeidde han m.a. ei tid i Santalmisjonen. Han og kona Rannveig har vore ”vaktmeisterpar” på Heimly bedehus i Mjølkeråen. Dei har òg vore mykje engasjerte i Samemisjonen. -Den tid eg var vaktmeister på Brandøy, hende det at han tok kontakt for å vera fleire dagar på dugnad, jamvel om helsa ikkje alltid var så god. Eg opplevde Eivind som eit bønemenneske, som hadde omsorg for arbeidet både i Samskipnaden og Guds rike elles. Vi minnest Eivind og truskapen hans i tenesta med takksemd. Fred over minnet hans! Kåre Johan Hamre I “Leiravisa” frå 1968 finst det eit artig bilete av Eivind Rolfsnes som kusk. Dei hadde lånt hest for å køyra halm-madrasser til borna på leir! Vel verdt å tenkja på for oss som arrangerer leirar i dag....

Møte i Øystese . Vidar Sangol t (t.h.) leiar allsong sa man med Mar te (nr to frå vens Ølfarnes tre) og Framne selevane Samuel Lang eland (t.v.) og Miriam Svendsen.

LE

IR

A

V

IS

A


Helsing frå Kristne Vidaregåande Skule Her bles austavinden i hivande kast rundt novene – det er kaldt både ute og inne. Kuldegradene har teke skikkeleg grep. Men sola skin! Å ha kontorplass med utsikt mot Samlafjorden, Kvamsøy og høgreiste Samlen er ikkje alle forunnt. Folgefonn ligg i skinande sol med snøkåpa på. Mjødlaråket dansar over breen. For eit syn! I skrivande stund er det som sagt kulden som rår, men også roen og freden. Husa har nok med å hutre og halde varmen. Det er vinterferie – og godt er det med litt «time-out» for både elevar og personalet frå tid til annan. Vaktmeistrane får styre på i fred rundt om både i matsal, korridorar og internat. Det er alltids noko som må ordnast og rettast. No er det litt maling av kontor- og korridorvegger som vert utført. Det er godt vær ute til å vere inne i. Januar har vore lang og kald – men ein god arbeidsmånad. For nokon er det gått opp for ein at Framnes også er ein er skule. Det skal nok noko til å «lande» - ta ansvar sjølv når mor og far ikkje er rundt og masar om lekser og leggjetider. Men når karakterane kjem på bordet etter første termin, er det fleire som brått har blitt realitetsorientert, for å seie det sånn. Me ha hatt eit godt og stabilt undervisningsår, med stabil elevflokk. Det er alltids nokon som finn ut at dei heller vil bu heime likevel, - og andre igjen ringer og spør om å få byrje. No er det 255 elevar fordelt på vg1, vg2 og vg3. Når det er så mykje ungdomar samla, vantar det ikkje

14 14

Frå livet på Framnes,

på kreativiteten heller. Russen i år samlar inn til Himalpartner. I haust var to av representantane i Nepal, saman med Herdis Austevoll, og besøkte arbeidet der. Det er ikkje grenser for kva russen finn på for å samle inn midlar; talentiade, måneskinstur, basar, misjonsløp, loppemarknad, nyttårsball, russerevy osv osv. Dette er til stor glede for resten av elevflokken – og litt jobb for oss i personalet. Blir jo ein del rigging opp og ned av utstyr. Framnes Arena er i full bruk nærast døgnet rundt. Det er fotball, handball, styrketrening, volleyball over ein låg sko. Det er personaltrim i hallen ein kveld i veka også. FamilieKRIK låner hallen et par timar frå tid til anna. No etter jul har det vore undervisning i Telemarkkøyring, i Eikedalen. Fleire gonger i veka køyrer dei trufaste småbussane våre opp og ned til Kvamskogen. Det er engasjerte lærarar som får desse ungdommane våre til å meistre både eitt og anna. I veke 11 skal vg3 på utanlandstur. Idrettselevane drar til Østerrike– og dei andre drar til Roma. Desse turane plar vere veldig attraktive og innhaldsrike. Frå neste skuleår av, vert utanlandsturane lagt til vg2. Gjennom året har me fast møte på onsdagskveldane. Her har me besøk frå ulike kyrkjesamanhengar; Evangeliesenter, Indremisjonen, Bildøy m/team, Bergen Bibelskule, Fjellheim bibelskule m/team.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

februar 2018

Den neste me får besøk av no er Tor Ingvald Lauvrak. Dette plar vere veldig populært. Han treff ungdommane på ein spesiell måte. Forutan deltar også folk i personalet med forkynning. Det er også bibelgrupper heime hos tilsette. Dette tykkjer elevane er veldig kjekt – å kome inn i ei vanleg stove, som dei seier. I desse dagar går søknadsfristen ut for komande skuleår. Me har godt tilsig ser det ut for så langt. Kulla varierer i storleik frå år til år, dette gjenspeiler då søknadsmassen. Det er søkjarar frå heile landet – men sjølvsagt er hovudmajoriteten Hordaland og Rogaland. Medio mars sender me ut opptaksbrev til håpefulle søkjarar, så er det å vone at størsteparten av desse vil me sjå til hausten. Så er det spanande for alle i vg3 – kor går vegen vidare? Kva skal eg søkje på no? Etter å ha vore i «Framnesbobla» i snart tre år, er vegen vidare ukjent. Nokre skal i militæret, nokre vil ha eit friår med jobb og reising, mens andre igjen er nokså målretta med tanke på vidare utdanning. Spanande er det i alle fall! Me ber om Guds visdom til å gje rett mat til rett tid – både åndeleg og fagleg, og å «sjå» den enkelte. Det er mange skattar skjult i mørke som skal fram. Gud er for kvar enkelt – Han heiar oss framover og har lova å gå med. Norunn Repål Løyte, skulesekretær Framnes


Reiseruta april og mai Marit Hårklau Ådnanes 04.04 NaMu Halsnøy 06.-07.04 IMS-styremøte 08.04 Horneland Indremisjon 09.04 Ressursgruppetr. 1 Sunnhordland 15.04 Stord Indremisjon 16.04 Ressursgruppetreff Hardanger 17.04 Ressursgruppetr. 2 Sunnhordland 20.-22.04 Brandøy med Bømlo IM 24.-26.04 Framnes KVGS 24.04 Vårtreff Brandøy 02.05 Leiarsamling Sveio 07.05 Repr.skapsmøte Framnes 08.-09.05 Misjonsråd ImF 17.05 Sagvåg Indremisjon 24.05 IMS-styremøte 25.-27.05 Superhelg Helgatun Lise Marie Th. Litlabø 10.04 Hobbyklubben Valen 10.04 Tito - Valen 11.04 Myldredag Moster 13.04 Laurhammer Fredagsklubb 17.04 Laurhammer Yngres 20.-22.04 Kretsbesøk ImF Rogaland 29.04 Stord Indremisjon 06.05 Horneland Indremisjon 17.05 Øvrebygda Indremisjon Kåre Johan Hamre 01.04 Fitjar Indremisjon 02.04 Os Indremisjon 02.04 Fitjar Indremisjon 05.-08.04 Helgatun 10.04 Borgundøy Indremisjon 11.04 Utbjoa Indremisjon 12.04 Huglo Indremisjon 13.04 Stranda Indremisjon 14.04 Leirvik IUF 15.04 Håvik Indremisjon 18.-19.04 Granvin Misjonslag 25.-29.04 Helgatun Liv Rolfsnes 17.05 Voss Indremisjon

Marit Andresen Røen 05.04 Jondal Ving 06.-08.04 Tweensleir Brandøy 08.04 Halsnøy Indremisjon 12.04 Fitjar Klubben 14.04 Odda Indremisjon 15.04 Tysnes støtteforening for IM 21.04 Varaldsøy Misjonsforening 17.05 Bømlo Indremisjon 25.-27.05 Superhelg Helgatun Aksel Ingvard Johannessen 12.04 Bråtveit Indremisjon Toralf Steinsland 10.05 Venestemne Fitjar Jens Tveit 23.-26.04 Vårtreff Brandøy Ingfrid Byrkja Hystad 06.-08.04 Tweensleir Brandøy 08.-09.05 Misjonsråd ImF Olav Eikemo 17.05 Bogøy Indremisjon Marit Stokken 17.-20.+ 22.04 Øystese Indremisjon Klaus Muff 27.-29.04 Huglo Indremisjon Ola Malvin Lomheim 01.04 Halsnøy Indremisjon 13.05 Gilje og Thormodsæter Indremisjon 17.05 Huglo Indremisjon Arne Lindekleiv 08.04 Uggdal Indremisjon 22.04 Skånevik 23.-26.04 Vårtreff Brandøy 29.04 Gilje og Thormodsæter Indremisjon 02.05 Sveio Indremisjon 17.05 Osterneset Indremisjon

Marit Dahl Hollund 17.05 Gilje og Thormodsæter Indremisjon Liv Stokken 17.05 Horneland Indremisjon Harald Rydland 15.04 Samnanger Misjonsforsamling Knut Inge Røen 15.04 Tysnes støtteforening for IM Nils Håkon Urangsæter 13.05 Os Indremisjon Johannes Olsen 28.03-01.04 Påskeleir Brandøy 10.04 Bømlo Minimax 13.-15.04 Juniorhelg Brandøy 21.04 Konfirmasjon ConTeenNew Jakob Saghaug 04.04 ConTeenNew 06.04 Leirvik UKS 07.04 Leirvik IUF 10.04 ConTeenNew Infomøte 21.04 ConTeenNew 24.-26.04 Framnes KVGS 04.05 Husnes IUF 08.-09.05 Misjonsråd ImF 22.05 Laurhammer U-Alpha Torgeir Skrunes 18.-21.04 Halsnøy og Husnes Reidar Brevik 29.04 Laurhammar/Meling Solveig Norheim 17.05 Uggdal Indremisjon 20.05 Pinsestemne Tysnes Toril Sortland 17.05 Skånevik Indremisjon

www.bildoybibelskole.no

HAN ALENE ER MIN KLIPPE OG MIN FRELSE

En skole for Livet!

SALME 62.3

KRIK

MUSIKK

DISIPPEL

TJENESTE 2

ni 2018 ju . 0 1 .8 , n le samling, Ø r: Andreas Evensen r o t S s n e r a m

Som udtala Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018 Hov

15 15


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

Portomerke settes inn i 1:1 str

Helgatunt

til Innvik Fj

ordhotell

Solveig N

orheim, K

Med buss

med guida

laus Muff,

8 01

Lodalen

gust 2018

Aase, Jett

e Marie og

landstreff

Bjarne Stei

nsund

tjar, Os. Ko

rrespondan

se med K

ik-trioen

EN 2 AR

g Loen til

på Helgat 13.-17. au vinnherad og Tyusnnes orheim, Jo runn og O gust 2018 lav Eikem o, Svein Bj arne Aase, Hagav s, Stord, Fi

Solveig N

Påmelding ti

LIK OSS

l Helgatun

tlf. 56 51

98 98

SO

MM

usstur

a Olden o

05.-10. au

Svein Bjar ne

Sunnhord

frå Bremne

reff med b

busstur vi

S H E LG DUGNAD DØY PÅ B R A N 2 0 1 8 AI 25.-27. M

en med til ile storfamili kjekt? Ta he ko no på å vera med nne helga! Har du lyst Brandøy de ! 90-åringen jobb til alle åringen og Her er det og menn - 4er m da gamle .no e - unge og remisjonen Små og stor S, www.ind

Brandøyh elga 25.-26. au 2018 gust

Påmelding til

IM

Laurdag 25 . august 18.00 Mid dags- og dessertbuf 19.30 «N fet (påmelding åde» –e til IM

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

i ny føresti lling frå Ry fyl (billettar kan besti ke Livsgnist llast hos IM S)

IND

NG ELDI PÅM N.NO ONE J S I REM

Kom bli med på DØY FAMILIELEIR PÅ BRAN 04.-08. juli 2018 16

misjonen.no

Påmelding www.indre

S)

Søndag 26 . august 11.00 Fest møte 13.00 Sal av midda g 14.30 Fam iliemøte

Ynskjer du søndag? bestilla rom på Br Ta kontak an t med IM døy frå laurdag S-kontoret til .

Sommarens Ølen, 8. - 10. juni Storsamling Hovudtalar: Andreas Evensen, leiar ImF-u ng Konsert fredag kveld: Voice of Joy Barn/Familie: Tore Tho massen

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2018

Indremisjonssamskipnad

en

Venen 2018 nr 2  

IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad.

Venen 2018 nr 2  

IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad.

Advertisement