Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 02 - 2017

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Han fekk barna til å elska å pugga bibelvers Leiar av Marit H. Ådnanes Dagleg leiar

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret: Ingebrigt S Sørfonn - formann Anfinn Økland - nestformann John Morten Espevik Bernt Arild Gjøvåg Anlaug Harestad Liv Ingunn Heie Medhaug Per Gunnar Nordbø Vara: Marte Kvilhaugsvik Asle Skogly Bjørn Saghaug

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Konst. dagleg leiar: Sylvi R. Sørfonn Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Overskrifta stod i Dagen 21. juli 2015. Med stor interesse har eg lese historia om Art Rorheim, mannen som grunnla Awana i 1950. Du kan lesa meir om Awana lenger bak i bladet. Foreldra til Art kom frå Ombo, Rogaland. Då Art var 10 år døydde broren Roy brått av hjernehinnebetennelse. Natta før han døydde overhøyrte Art at broren bad inntrengande om at foreldra måtte føra Art til Jesus. Opp gjennom barneåra hadde Art gjentatte gongar høyrt om Jesu offer for å gi oss evig liv, utan at det heilt nådde han. Broren sine ord brann seg fast i minnet, og dagen etter tok han imot Jesus. I tidleg ungdomsår meldte han seg som frivillig ungdomsleiar i ei kyrkje i Chicago. Under andre verdskrig vart han tilsett i same kyrkja. Det var ikkje vanleg på den tida å prioritera barne- og ungdomsarbeid i forsamlinga. Som ungdomsleiar tok Art i bruk reiskap som kjenneteiknar Awana den dag i dag. Det vart utvikla program og materiell som kvar veke skulle dekka alderen to til atten år. Art forsikra seg om at kvart program først fokuserte på evangelisering, så disippelskap. Å memorera bibelvers var eit av verktøya Art brukte for å oppnå dette formålet. Versa skulle passa til kvar alder, og versa skulle legga grunnlag for tru og liv, og førebu dei unge på å elska og tena Jesus, både i unge år og i vaksen alder. Så er også formålet med Awana i dag å hjelpa gutar og jenter til å kjenna, elska og tena Jesus. Om du ynskjer å vinna barn til Jesus, må dei ha det kjekt, seier Art. Forsamlinga skal vera den staden barna ivrar etter å koma kvar veke. Leiarane skal visa dei unge Guds ubetinga kjærleik. Barn er dei same verda over, dei responderer til menneske som er glade i dei. Difor er leik på programmet kvar gong, og relasjon til leiar er viktig. Art er fødd i 1918, og lever framleis. Art grunnla Awana saman med Lance Latham som var både pastoren og mentoren hans. Då me grunnla Awana hadde me ingen aning om at Gud ville utvida arbeidet til andre verdsdelar. Gud valde å arbeida gjennom ein heilt vanleg, utrent mann som meg til å gjera ekstraordinære ting, seier Art. Alt eg gjorde var å seia: «Gud, eg er villig til å gjera alt du bed meg om. Eg ynskjer å vera trufast til ditt kall». I dag nyttar 119 land Awana, og når over tre millionar unge. Målet er å nå ti millionar innan 2020. Art understrekar at arbeidet ikkje berre er barne- og ungdomsorientert, men også familieorientert. Han kjenner til mange som er blitt kristne fordi barna først vart nådd med evangeliet. I fleire av klubbane er 75 prosent av medlemmane barn av foreldre som ikkje går i forsamlinga. For Art er det aller viktigaste at barn og foreldre blir frelst. I bygdene våre har me mange leiarar med same nød og hjarta som Art. Veke etter veke står dei på for unge i bygda. Dei har eit ynskje om at unge i bygda må kjenna, elska og tena Jesus, også som vaksen. Så seier statistikken at 92 prosent av dei som følgjer opplegget i seks år eller meir, framleis trur på Jesus som vaksen. Dette er nesten for fantastiske tal til å vera sant. Eg håpar mange lokale lag vil vurdera å ta opplegget i bruk. Det vert fokus på Awana framover, også på leiarkonferansen på ImF-Straume 17.-19. november.

Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Vinterferieopphald på Helgatun. Foto: Ingfrid B. Hystad

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til IMS”.

4500000,0

4000000,0 3500000,0

3000000,0 2500000,0

2000000,0 1500000,0 1000000,0

500000,0 ,0

Ynskjer du å bli Fast gjevar?

2

Hittil 2017 333 087

Framside-foto:

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til IMS.

Hittil 2016 442 816

Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

5000000,0

Budsjett 2017 4 545000

SunnBok

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 28. februar

Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller du finn skjema på www.indremisjonen.no


! r æ n r e Han

Andakt av Camilla Kirkeli aktiv i barne- og ungdomsarbeidet på Horneland

Eg har høyrt at dess tidlegare ein får høyre om Jesus, dess større er sannsynet for at trua på Jesus veks og at Han blir med deg heile livet. Kva er grunnen til dette? Snart er eg vaksen sjølv, og eg har tenkt på det mang ein gong at dersom eg ikkje hadde fått høyre om Jesus frå mamma og pappa ville eg ikkje ha trudd på det no som eg er vaksen. Er det fordi at når ein blir vaksen er ein meir oppteken av fakta, det som kan bevisast, det som faktisk er mogeleg? Ja, det trur eg - og eg trur også at dette har nær samanheng med det Jesus sa til læresveinane sine då dei prøvde å sende borna vekk. Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.»

Så kvifor trur eigentleg eg på Jesus, kvifor har eg sett mi lit til han? Det kan nok vere mange grunnar og ulike ting som spelar inn, men ein ting er eg sikker på; Han er nær. Då eg var ei lita jente, om lag midt i barneskulen, trengde eg litt tid for meg sjølv og eg gjekk bak skulen. Der hadde eg ein samtale med Jesus. Nei, den var ikkje med ord, men Jesus kan lese tankar. Eg fortalte til Jesus at eg så gjerne ville fortelje andre om Han, men at eg ofte var for redd, eg våga ikkje. Eg kjende Jesus si hand på skuldra mi og eg kan hugse at han sa: «Du skal få mot når du treng det Camilla». Og så var augneblinken over.

Sommarens Storsamling Sendt

SPALTA

BE FOR: - Sommarens Storsamling på Framnes, det praktiske og åndelege arbeidet - Påskeleirane på Brandøy og Helgatun, Juniorhelg og Superhelg - Alle barne- og ungdomslaga våre - Økonomien til IMS

Norheimsund 16.-18. juni Framnes Arena

Hovudtalar: Gunnar Ferstad Song og musikk: Vidar Sangolt m/band og forsongarar m.fl.

Fredag 16. juni: Kl 20.00 Sommarkveld - Opningsseremoni Framnes Arena - Lokale musikalske bidrag Foto: Sigve Ferstad

Laurdag 17. juni

Kl 17.00 Konsert med Bjarte Leithaug

På nettsida laga for konfirmantarbeidet vårt: www.coonteennew.no intervjuar Camilla fem ungdommar om livet med Jesus; anbefalast!

BØNE

Tema:

Kl 10.00 Bibeltime Barnas Sommarfest Program for barn og ungdom dagtid, utsendingsmøte

Ofte får vi høyre at ungdommane er den neste generasjonen, den vi skal bygge framtida på. Vi håpar sjølvsagt dei går i våre fotspor der vi har handla rett og at dei tar ein ny sti der vi har gått litt feil. Så då vil eg spørje: Kva er den viktigaste reiskapen ein ungdom kan ha for å gå den rette vegen? Nærleiken til Jesus, Han som er i går og i dag, ja den same til evig tid (Hebr. 13:8). Han gjer aldri feil og han veit kva som er den rette stien å gå på. Jesus har laga alt klart så vi kan få gå i ferdiglagde gjerningar (Ef. 2:10).

Gunnar Ferstad

BE OM: - Visdom og åndeleg innsikt til konfirmantleiarane våre i ConTeenNew - At DU får sjå/oppdaga di nådegåve

Kl 20.00 Stormøte

Søndag 18. juni Kl 10.30 Festmøte med søndagsskule Kl 13.00 Storsamling

LIK OSS

Bjarte Leithaug PÅ

www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

www. indremisjonen.no Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

TAKK FOR: - Ein flott og inspirerande Awana konferanse og forsamlings konferansane - Alle som var på Brandøytreffet - At me kan få vandra i gode gjerningar som Gud har lagt ferdige for oss, og han går med og er nær oss.

3


Utrusta og utsendt

Rundt 60 personar frå mange bygder i Sunnhordland var på plass under Forsamlingskonferansen på Leirvik bedehus laurdag 4. februar. Fem timar gjekk fort med undervisning som inspirerte og utfordra, interessante innlegg og viktig fellesskap rundt borda. Forsamlingskonsulent i ImF, Runar Landro, var først ut med sitt tema «utrusta». – Det handlar ikkje om det du kan, men det Gud kan gjera gjennom deg, sa Runar. Det er kun Jesus som kan bygga forsamling (Matt. 16, 18), og han utrustar oss med si kraft. Verktøy til å løfta opp andre Rundt 80 prosent kjenner ikkje si nådegåveutrustning. Me trur me kan bygga kyrkje utan nådegåver. Det er utbredt falsk åndeleg beskjedenhet på dette området. Jag etter kjærleiken, søk åndsgåvene med iver, seier Paulus. Har Gud utrusta deg; ver frimodig! Me skal setja dei til leiarar som Gud har utrusta. Det er ulike tenester, men Gud er den same (1. Kor. 12, 4-6). Gud brukar oss på ulike måtar. Nådegåver er primært ikkje naturgåver. Nådegåver gir oss ikkje makt. Gåvene er vårt verktøy til å løfta opp andre menneske, minna Runar oss om. Det er neppe noko som betyr meir for mennesket si livsglede og trivsel i forsamlinga, enn å få tena i samsvar med si nådegåve. Så finn ut kva di nådegåve er, oppmuntra Runar. Nådegåver og fellesoppgåver Sjølv om me er utrusta med ulike nådegåver, er det fleire oppgåver som er fellesoppgåver. Me har alle eit vitnesbyrd om Jesus sjølv om ein ikkje er evangelist. Det er også naturleg for ein kristen å gi. Alle er kalla til å gi, sjølv om ein ikkje har 4

nådegåve til å gi. De som er samla her kan løna fem evangelistar, utfordra Runar. Vidare tenkjer me ofte at me tilset folk som skal gjera ting for oss. Mi viktigaste oppgåve er å få andre til å voksa; få andre til å leia, fortalde Runar. Gi bedehusarbeidet status! Etter samtale og pizzapause, var me klar for temaet «utsendt» ved generalsekretær i ImF, Erik Furnes. Korleis omtalar du bedehusarbeidet? Korleis kan me gi det status? Kva er verkeleg viktig for deg i denne verda, utfordra Erik. Kva med å gå ned i 80-90 prosent stilling for å investera tid i ungdommane på bedehuset eller andre oppgåver? «Korleis kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om?» I Paulus sine brev merkar du hjarteslaga for sine eigne; at dei må koma til tru (Rom 9,3 og Rom 19, 13-15). I Matt 9, 36 merkar me oss Jesu hjartelag for «sauene» sine. Les deg gjerne opp på Lausannepakta, oppfordra Erik. (I 1974 var 2.400 deltakarar frå 150 land samla i Lausanne, Sveits, for å snakka om verdsevangelisering.) Her står det at me ofte har unndratt oss kallet og svikta i vår misjonsgjerning, enten ved å skikka oss lik denne verda, eller ved å trekkja oss ut av den. Me trekkjer oss inn i våre bedehus og vekk frå menneske.

Stort og radikalt kall Me fekk også eit innblikk i Jim Elliot sitt liv. «Gud, eg ber om at du tenner mitt liv i brann for deg. Eg treng ikkje eit langt liv», sa den unge misjonæren som vart drept ved elvebreidda berre 29 år gamal medan han prøvde å evangelisera til Huaorani-folket i Equador. «Den er vis som gir det han ikkje kan behalda, for å vinna det han aldri kan mista», skal Elliot ha skrive i 1949. Me har fått eit kall frå Gud, og det er så stort og radikalt. Herren utrustar oss og sender oss til sitt folk, avrunda Erik. Dei fire lokale indremisjonsleiarane Kjartan Mehammer (Halsnøy), Kjetil Harestad (Sagvåg), Ragnhild Nesse (Meling) og Marianne Aarbø (Fitjar) var alle utfordra på innlegg i forhold til tema. Dette vart mellom anna sagt: - Gud har gitt oss verktøy som gjer at me kan gå i lag med Han. Me ynskjer hjelp til å koma i god prosess vidare i arbeidet - Gud har plassert oss her for å skapa noko! - Korleis kan me ha aktivitetar som passar bedehuset i 2017 – for alle generasjonar? - Kven er me utsendt til? Lett å tenkja at me er utsendt til dei andre på bedehuset, men me er utsendt til heile samfunnet rundt oss.


Fire som var tilstades:

Kva sit du igjen med etter Forsamlingskonferansen? Tormod Sunde

Marte Kvilhaugsvik

Slike samlingar har ein stor styrkande effekt på meg. Det var godt å vera der. Skal eg setja ord på det viktigaste av det eg sit igjen med, blir det kanskje som følgjer:

Det er utruleg utfordrande med ein slik dag. Det blir satt fokus på viktige ting. Me må våga å sleppa Gud til i forsamlinga. Me må våga å vera opne og ærlege med kvarandre. Me må også vera villige til å la oss bruka av Gud og tena kvarandre.

Husnes

- Samlinga viste meg på nytt at me treng kvarandre og er avhengige av kvarandre. - Kor avgjerande viktig det er å gi tilbakemelding, anerkjenna og oppmuntra kvarandre til å bruke dei ulike nådegåvene Gud har utrusta forsamlingane med. Ja, for det er ikkje meg han har utrusta, men forsamlinga. - Rom 10, 14: «Men korleis kan DEI kalla på ein som DEI ikkje trur på? Og korleis kan DEI tru på ein som DEI ikkje har høyrt om? Og korleis kan DEI høyra utan at EINKVAN forkynner?» Dette verset vart så utruleg sterkt for meg fordi eg såg så klart at EINKVAN må ut av bedehuset «akvariet» for å nå DEI som verset talar om. Så kom spørsmålet til meg: Er me flinke nok, utrusta og trena til å gå ut å evangelisera?

Kristine Borgemyr Mosterhamn

Eg er blitt inspirert. Me må oppmuntra og sjå kvar enkelt i den tenesta ein har. Det er det eg sit best igjen med. Er du på rett plass, trur eg du opplever glede og velsigning ved det.

Fitjar

Nådegåvebasert teneste er viktig. Me må vakna ut av faste former og fasongar og gi rom for ulikskap. Me må bruka dei verktøya Gud har gitt oss og sleppa andre innpå oss, slik at me kan bli levande kvardagsfellesskap.

Kjartan Mehammer Halsnøy

Forsamlingskonferansen er ein viktig møteplass for alle som er engasjert i bedehusarbeidet. Her får me ta del i god undervisning frå engasjerte talarar og samtidig treffa lokale leiarar. Undervisninga hjelper oss å løfta hovudet og sjå litt lenger fram i forhold til forsamlingsbygging og verdien av det arbeidet me står i. Me har alle gåver som er gitt oss for å bygga og utvikla forsamlingsarbeidet vårt. Det er viktig at me er bevisste rundt akkurat det. Det å dela erfaringar og meiningar med andre er alltid fruktbart og interessant. Slik kan me oppmuntra og hjelpa kvarandre på vegen. Eg er glad eg tok meg tid til å delta på årets konferanse. Takk til IMS for gode tema og vel gjennomført arrangement.

5


LIK OSS

Lise Marie - Ingfr id

barne- og fam .arbeidar

Leirar framover

barnesekretær

Flotte, kreative og

Brandøy:

Helgatun:

Påskefestival

Superhelg

Tårnagentkor, Hobbyklubb, Dei kreative 8-88 år og Småbarnstreff i Uskedalen har eg fått vore med på dette nyåret. Dette er kjempekjekke samlingar å få vera med å dela bibelforteljingar på.

Påskeleir

Minileir

Juniorhelg

Tweensweekend

Tårnagentkoret vart starta no i januar 2017, og er for born mellom 5 og 12 år som har lyst å syngja. Her er det songglede! Øvinga er på måndagar kl 17:30 – 18:15.

7.-10. klasse 7.-11. april Kr. 1260,-

10. klasse og opp 12.-16. april Kr. 1470,4-9 år m/fylje 21.-23. april Kr. 630,-/1000,-

0-9 år m/fylje 26.-28. mai Kr. 630,-/950,2.-4. klasse 23.-25. juni Kr. 740,5.-7. klasse 23.-25. juni Kr. 840,-

Sommarminileir 2.-4. klasse 27.-29. juni Kr. 740,-

Sommarleir 5.-7. klasse 29. juni-2. juli Kr. 950,-

Familieleir

5.-9. juli Max familie-----6500,3-7 år --------------840,8-12 år ----------1050,13-16 år --------1155,vaksen -----------2050,-

Meir info finn du på nettsida vår under fana ”leir”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld. www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04

ActiveTen

8. klasse og opp 10.-13. august Kr 1050,-

Indremisjonssamskipnaden

www.indremisjonen.no

Norheimsund 16.-18. juni Framnes Arena Sjå side 3

66

Hobbyklubben har sine samlingar annankvar måndag i bedehuset frå kl 19 – 20:30, med aldersgrense 5. klasse og oppover utan øvre grense. Her syng dei, har andakt og etterpå går dei i tre grupper: Hobbygruppe, Matgruppe og Avisgruppe. Dette har dei gjort i 12 år, og mykje fint har dei laga på hobby, mykje god mat har dei lært å laga og avis har dei produsert for sal i Uskedalen for å få inntekt til laget sitt. Om du som lesar lurer på noko, er det berre å ta kontakt med IMS-kontoret, så kan de få mange flotte idèar med erfaring frå desse leiarane. Dei kreative 8 – 88 år samlast annankvar tysdag i bedehuskjellaren frå kl 17 – 18:30, og er eit forum der dei på tvers av alder og kjønn, kan møtast og laga noko saman og læra av kvarandre. Til no i 2017 har dei tova Dompap av ull og laga Drops med mange forskjellige smakar. Og kvar gong får dei høyra ei kjekk, spanande og lærerik forteljing. Dette er eit spennande tiltak. Til slutt på reisa mi var eg med på Småbarnstreff som er annakvar onsdag i bedehuskjellaren for born mellom 0 – 6 år i følgje med mor, far, tante eller bestefar. Programmet er leik, prat, aktivitet som f.eks leikedeig, baka figurbollar, toving, laga fiskeuro og fingermaling. Så ”fiskar” borna songar, og får ei bibelforteljing før det er mat. Då får alle servert heimelaga lappar, bollar eller store pannekaker som dei to trufaste damene på kjøkkenet har brukt tid på å laga. Alt dette skjer mellom kl 10 – 11:30. Reisa mi til Uskedalen er over for denne våren, men eg tek gjerne turen tilbake. Har nokon av dykk som les dette lyst å vera med til Uskedalen, så kan me snakkast. Takk for meg! Lise Marie Thuestad Litlabø

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

-


-

Mitt bibelv ers! nes

Johan

Han og kalla o har frelst oss ss ikkje på g med eit heilagt k a våre, men runn av gjerninga ll, ne etter sin eigen vilj nåde, de e og n i Kristus som er gjeven oss Jesus frå evige tide r. 2. Tim 1, 7

Jakob

-

ungdomssekretær

Erlend N ordtun, 1 4 år, Brem nes

Johannears leirarbeid

spanande besøk i Uskedalen Tårnagentkor i Uskedalen

Avis Hob gruppa bykl p ubb å en

Matgruppa på Hobbyk lubben

drops Ferdige

Heim frå Småbarnstreff

streff På Småbarn e-uro sk fi ei laga d

ng slagi Drop i Kreative på de

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

7


- styrka dei unge til å bli Jesu disiplar livet ut - Starta i Chicago 1950, grunnlagt av Art Rorheim - Awana er forkortinga for «Approved workmen are not ashamed» - ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, 2. Tim. 2, 15 - Mål: Hjelpa jenter og gutar til å kjenna, elska og tena Jesus. - Ei Awana-samling består av tre element; organisert leik, undervisning med memorering av bibelvers og smågrupper (der relasjon leiar - barn er viktig del) - Awana har opplegg for 2-18 år, og ynskjer aktivt å involvera foreldre og leiarar - Opplegget skal vera relevant for kvardagen, og den unge skal gjera eigne erfaringar i møte med Jesus - ImF er norsk samarbeidspartnar. Fredheim Arena i Sandnes har i år vore pilotforsamling som har tatt det oversatte og tilpassa opplegget i bruk – med overveldande resultat - Lag som ynskjer det kan bli medlem i Awana-Norge. Som medlem får du ikkje berre tilgong til dei oversatte bøkene, men også læringsplattform og leiartreningshjelp

18. februar var rundt 300 menneske samla til Awanakonferanse (også kalla DNA-konferanse) på Fredheim. Gjennom dagen fekk me eit godt innblikk i kva Awana er, og fekk også erfara korleis ei Awana-samling kan sjå ut i praksis.

Tre på Awanakonferanse: 1. Kva var motivasjonen din for å reisa på Awanakonferanse? 2. Kva sit du igjen med etterpå? Mirjam Eide Gravdal, Norheimsund 1. Det er utrulig viktig at dei unge får verta kjent med Jesus. Eg er leiar i Norheimsund Junior Ving og er alltid på jakt etter opplegg og idéar som kan inspirera oss, fornya arbeidet og gje hjelp til systematisk formidling. Eg syns Awana høyrtes spennande ut og vart oppfordra av styret til å reisa. 2. DNA- konferansen gav meg først og fremst ein fantastisk inspirerande dag! Det verkar som Awana er eit grundig opplegg. Det gir barna eit tydeleg bilete av Guds store frelsesplan og kva han har å bety for oss menneske og kvardagslivet vårt. Awana har stort fokus på memorering av bibelvers og på at nettopp det skal gje barna eit godt grunnlag for eigen refleksjon over tru og liv, styrka dei i møte med informasjonssamfunnet me lever i – og gjera dei til Jesu disiplar livet ut. Så er tydelegvis Awana kjekt for barna, og det er jo viktig! Eg var spent på korleis det kunne takast i bruk i vår samanheng, i vesle Norheimsund, men opplegget framstår som ganske fleksibelt og eg håpar me kan finna ei organisering som gjer at barna i bygdane våre kan få ta del i dette. Lars Jarle Aga, Laurhammer 1. Eg vart oppfordra av Johannes Espevik om å sjekka ut Awana. Eg vart nysgjerrig og vart difor med. 2. DNA-konferansen var heilt super. Eg fekk læra mykje nytt og fekk mange tips for barne- og ungdomsarbeid. Awana kjem til å bli eit viktig verktøy for å nå og bevara barn og ungdom i trua på Jesus. Det eg falt mest for var kor gjennomtenkt opplegget var. Det at relasjonen mellom deg som leiar og barnet er så viktig, i tillegg relasjonen mellom familien og forsamlinga, trur eg kan vera ein nøkkel for å nå dei unge. Ein har fokus på tydeleg bibelundervisning og memorering av bibelvers. Dette, i tillegg til at all undervisning skal vera engasjerande, spennande og morosam, blir viktige verktøy for dei unge å ta med vidare. Eg er veldig takknemlig for at me var så mange frå same bedehus som reiste. At me sit igjen med same inntrykk og glød, gjer det endå meir spennande å jobba vidare med det me har lært ilag. Eg har allereie testa det eine opplegget ut i heimen og me gler oss til å fortsetja. Me gler oss også til å starta opp Awana-klubb på Laurhammer

Ann Iren S. Dahl, Mosterhamn 1. Eg hadde høyrt om eit spennande barnearbeid på Fredheim, og er sjølv med på å driva søndagsskulen i Salem på Moster. Me har gode tankar og visjonar for arbeidet me driv gjennom Sprell Levande, men ville høyra meir om Awana. Korleis skil dette arbeidet seg frå det me sjølv driv?

Rundt 30 frå IMS-området hadde også funne vegen til Fredheim og DNA-konferanse, deriblant desse fire frå Voss: F.v. Kariann Slettemark, Olav Humlebrekke, Inger og Knut Kvamme.

8

2. Det er fantastisk at heile 92 % av barn som har gått på ein Awana-klubb i meir enn seks år er å finna i ein menighet i vaksen alder. Vanlegvis høyrer me at for mange unge forlet trua i ungdomsalderen. Ein har ikkje i stor nok grad klart å utrusta og disippelgjera dei. Det er akkurat dette Awana legg stor vekt på. Reach kids - equip leaders - change the world. Barna skal ikkje berre læra bibelvers utanåt, ein set og av god tid til å reflektera over innhaldet. Dette med refleksjon og samtale i smågrupper verkar interessant. Dei unge skal bli rusta til å forklara omverda kva dette har å seia for dei personleg. Sjølv har me ikkje planar om å endra opplegg med det første, men me er opne for at dette kanskje vil bli ein del av arbeidet i Salem i framtida.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017


Leirbasar med fullt bedehus På Gilje bedehus var det fullt hus då dei laga til basar til inntekt for leirplassane til IMS, Brandøy og Helgatun. Dette har vorte ein fin tradisjon, alltid med godt oppmøte. Me er veldig glade for engasjementet for leir, her får mange reisa til gode fellesskap og møte med Jesus og Bibel. Soul Children i aksjon

Koret Soul Children deltok, som dei òg har gjort før. Dei gledde oss med flott song og eige husband. Det er ekstra kjekt med levande musikk til både opptreden og allsong. Ein stor gjeng flinke songarar og engasjerte vaksne.

Basarkvelden hadde eit variert program; fellessongar, andakt om ei øks ved Ingfrid Hystad frå IMS, måltidsfellesskap med eit stort utval boller og frukt. Det var to

åretrekningar med fine gevinstar og mykje vinnarglede i salen. Dei frammøtte fekk òg sjå leirlivet gjennom bilete og film.

Takk for at de lagar til slik at fleire får høyre om leir og reise på leir, og takk for at bedehus vert fylte opp av alle generasjonar på same tilstelling, veldig flott å sjå! IBH

Frå info-møtet om ConTeenNew på Leirvik bedehus 8. mars.

Hausten 2017 startar IMS opp med konfirmasjonsundervisning for dei som er fødd 2003. ConTeenNew blir uttala som engelsk continue og tyder fortsetjing på norsk. Med dette signaliserer ein at konfirmanten byggjer vidare på gunnmuren frå oppveksten i heim og/eller forsamling. Konfirmanten vil bli betre kjent med Jesus og bibelen, og får vissheit i at Guds nåde blir gitt på ny og ny. Samlingane blir på Leirvik bedehus, det vert undervisning, mat og sosialt samvær. Det blir ein blikjent-weekend tidleg på hausten og ein lengre misjonstur i vinterferien 2018. Som eit synleg teikn på støtte og velsigning oppmodar me konfirmantane si lokale forsamling/ foreining om å gje dei ein bibel til

bruk både i konfirmasjonstida og i livet med Jesus etterpå. Me ynskjer å engasjere konfirmantane i det lokale bedehuset i oppgåver som passar kvar enkelt ungdom, dei vil og få moglegheit til å vera med som leiar på leirar i regi av IMS.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

Påmeldingsfristen er 26. mai 2017. Konfirmasjonsdag 21. april 2018 Det er med stor forventning og glede me går dette i møte! Me har stor tru på å la dei unge få veksa i trua på Jesus. For meir informasjon sjekk ut:

www.conteennew.no 9


Helsing frå - Ein ny epoke Etter ein enorm innsats gjennom 40 år, vart Solveig Norheim pensjonist frå nyttår av. ”Nye kostar” Helge Røyksund og Sylvi Røssland Sørfonn skulle ta over drifta på Helgatun. Dette er ei kjempeoppgåve som me har gått til med både usikkerheit og spenning. Ikkje enkelt å ta over etter ei som til dei grader har levd med og”vore” Helgatun. Korleis skulle me gå vidare? Kva kan endrast på? Kva er viktig å halda på? Korleis overleva i ein krevjande konkurransesituasjon? Mange spørsmål og enno ikkje gode nok svar. FUNDAMENTET Helgatun er bygd på står fast. Helgatunnamnet betyr ”Eit tun helga til Herren”, og det er eit flott utgangspunkt for arbeidet vidare. Denne fana skal me frimodig halda høgt heva! Å ha ein misjonsstasjon her i Myrkdalen, trur me er av uvurderleg verdi. Helgatun skal vera noko anna enn dei flotte hotella som er her, eit supplement til dei andre. Det skal vera ”Fjellpensjonatet med atmosfære” som det står i ein gamal brosjyre me fann. Helgatun er eit alkoholfritt alternativ, og det er det mange som set pris på.

”Ekte livsglede i eit varmt og inkluderande miljø” er mottoet vårt. Tida etter nyttår har vore ei bratt læringskurve med mange store utfordringar. Det har vore travelt, men det har vore kjekt. Her er mykje å ta tak i mellom anna når det gjeld vedlikehald, men stram økonomi gjer at me må bruka tid på dette. Til no har me prioritert gjestene. Me har malt veggene i korridoren på annekset, fått nytt teppe der og skifta ut ein del punkterte ruter. Elles har me prøvd å ”kvikka litt opp i opphaldsromma med skinn og nye puter, me har skifta ut ein del senger, madrasser, omnar på romma og litt andre ting som kan gjera det bra for dei som besøkjer oss. Helgatun har ein flott stab som me har lært å setja stor pris på, og dei står på for at drifta skal bli best mogleg. Drifta til no: Vintersesongen er tradisjonelt veldig travel på Helgatun, og i år er ikkje noko unntak. Me har hatt mykje flott ungdom på besøk. Det har vore konfirmantar, ungdomsgrupper, KRIK, skileirdeltakarar og skuleklassar. Elles har det og vore ei rekke andre grupper her, i tillegg til enkeltgjester. Veldig positivt og kjekt!

Planar framover: Som sikkert mange/kanskje dei fleste veit, er det spanande planar for Helgatun framover. Arbeid med ny reguleringsplan startar opp no i mars, og med det er eit viktig arbeid kome i gong. Meir om dette i eit seinare nummer av ”Venen”. Status: Både Sylvi og Helge opplever oppgåva me har fått som veldig utfordrande og inspirerande. Me ser i spaning fram til det vidare arbeidet, og me er svært takksame for all forbøn me er omslutta av. Helsar med: 1. Kor 15,16: Difor mine kjære brør, ver faste og urikkjande, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at arbeidet dykkar ikkje er fåfengt i Herren. Dei beste helsingar frå Sylvi og Helge på Helgatun

Ein del av staben på Helgatun, f.v. Joanna Kudla, Bjarne Kristian Sa kseid, Sylvi Røss land Sørfonn, Kari og Helge Rø yksund, Ingvild Re istad Afdal.

Helgatun – eit tun helga til Herren – må og prega oss i måten me tar i mot gjester på, og i høve til omgjevnadane rundt oss. Helgatun skal vera ”ein heim” der det er godt å koma inn, der ein kjenner ein er velkomen og der ein blir sett.

10 10 10

Me burde vore godt i gong med planlegging av sommarmånadane, men så langt er me ikkje komne. Frå midten av juli er det rimeleg fullt, men før det har me ein del ledig. Dette får høg prioritet den næraste tida.

Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017


Reiseruta april og mai Marit Ådnanes 01.04 ZoomIn 03.04 Øvrebygda Indremisjon 04.04 Styremøte IMS 07.-11.04 Kombileir Helgatun 21.04 UFO Bømlo 24.04 Ressursgrp.treff 1 Sunnhordland 26.04 Ressursgrp.treff 2 Sunnhordland 03.05 Sveio Indremisjon 04.05 Ressursgruppetreff Hardanger 08.05 Representantskapsmøte Framnes 09.-10.05 Misjonsråd ImF 12.-13.05 Styremøte på Helgatun 21.05 Sommarstemne Sveio 21.05 Fitjar Indremisjon 26.-28.05 Superhelg Helgatun Lise Marie Thuestad Litlabø 01.04 Laurhammer Indremisjon 06.04 Torsdagssprell Odda 21.-23.04 ImF-UNG Rogaland 26.04 Myldredag Moster 08.05 Åkra Ving 17.05 Osterneset Indremisjon 30.05 Awana-samling Straume Kåre Johan Hamre 31.03-02.04 Børsheim og Fosse IM 07.-11.04 Kombileir Helgatun 16.04 Fitjar Indremisjon 17.04 Os Indremisjon 19.-21.04 Øvrebygda Indremisjon 22.04 Leirvik IUF 23.04 Øvrebygda Indremisjon 26.-27.04 Granvin Misjonslag Liv Rolfsnes 14.04 Omvikdalen Indremisjon 14.05 Horneland Indremisjon 14.05 Gilje og Thormodsæter IM 17.05 Horneland Indremisjon 19.-20.05 Rolfsnes krins

Marit Andresen Røen 03.04 Vingklubben Vines 09.-11.04 Kombileir Helgatun 14.05 Horneland Indremisjon 14.05 Gilje og Thormodsæter IM 17.05 Arna 19.-20.05 Rolfsnes krins 26.-28.05 Supehelg Helgatun Aksel Ingvard Johannessen 30.04 Horneland Indremisjon Toralf Steinsland 02.04 Fitjar Indremisjon Jens Tveit 24.-27.04 Vårtreff Brandøy 17.05 Skånevik Indremisjon Ingfrid Byrkja Hystad 04.05 Lederforum UNG 10.05 Kretsledersamling ImF 30.05 Awana-samling Straume Olav Eikemo 17.05 Moster Indremisjon Ingebrigt S Sørfonn 09.04 Jondal Indremisjon 12.-13.05 Styremøte IMS 17.05 Stord Indremisjon Roald Evensen 25.05 Venestemne Fitjar Ola Malvin Lomheim 04.04 Halsnøy Indremisjon 26.04 Auklandshamn Indremisjon 30.04 Gilje og Thormodsæter IM

HELGATUN-TREFF MED BUSSTUR

6.-11. august Sjåfør: Svein Bjarne Aase Guide: Solveig Norheim Talar: Klaus Muff Buss frå Bremnes, Stord, Fitjar, Os. Korrespondanse med Kvinnherad og Tysnes.

Arne Lindekleiv 04.04 Laurhammer Indremisjon 13.04 Halsnøy Indremisjon 27.04 Huglo Indremisjon 10.05 Sjustjerna Sveio 17.05 Gilje og Thormodsæter IM Marit Dahl Hollund 17.05 Sagvåg Indremisjon Johannes Olsen 31.03-02.04 Bømlo Indremisjon 12.-16.04 Påskeleir Brandøy 21.-23.04 Juniorhelg Brandøy Jakob Saghaug 07.-11.04 Påskefestival Brandøy 21.04 Husnes IUF 22.04 ZoomIn 04.05 Lederforum UNG 05.05 UFO Bømlo 06.05 AKTIV 10.05 Kretsledersamling ImF 30.05 Awana-samling Straume Håkon C Hartvedt 28.05 Os Indremisjon Torgeir Skrunes 20.-23.04 Samnanger Misjonsforsaml. Otto Dyrkolbotn 29.03-02.04 Leirvik IUF Kjellfrid Mæland 17.05 Huglo Indremisjon

SUNNHORDLANDSTREFF

14.-18. august Sjåfør: Svein Bjarne Aase Guide: Solveig Norheim Tale og song: Marta og Edgar Paulsen PÅMELDING TIL HELGATUN Tlf. 56 51 98 98

11 11 11


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

Bibelen

– ei gåve f

Portomerke settes inn i 1:1 str

or livet!

Tydeleg skrift og vakkert Nærare oppsett kjeldete . kstane i levande eit nytt o språk. g

Sommarens g Storsamlin Sendt

Til konfirmanten

Kjøp boka på www.ver bumforla g.no eller i din lokale bo khandel.

Tema:

juni Norheimsund 16.-18. a en Ar s ne Fram

Ferstad Hovudtalar: Gunnar Song og musikk: l. d og forsongarar m.f Vidar Sangolt m/ban

Stord - T lf.: 53 www.sun 41 20 01 nbok.no

HAUSTMØTE

Fredag 16. juni:

ld Kl 20.00 Sommarkve nes Arena - Opningsseremoni Fram bidrag - Lokale musikalske

Foto: Sigve Ferstad

29. september – 1. oktober Fredag og laurdag Leirvik Bedehus

ni lokale haustmøte rundt i bygdene Søndag Laurdag 17. ju Kl 10.00 Bibeltime Barnas Sommarfest ndingsmøte ungdom dagtid, utse Program for barn og g hau Bjarte Leit Kl 17.00 Konsert med Kl 20.00 Stormøte

Gunnar Ferstad

Vårtreff på Bra ndøy –for oss over 60 24.-27. april 2 017

Søndag 18. juni

med søndagsskule Kl 10.30 Festmøte ling rsam Sto 00 Kl 13.

Velkommen til gode dagar me d fellesskap om Guds ord og fellesskap me d kvarandre

Bjar te Leithaug

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Påmelding: Indremisjonskon toret Tlf. 53 41 07 04 www.indremisjo nen.no

LIK OSS PÅ

jonssamskipnaden

www. indremisjonen.no

emis www.facebook.com/Indr

PÅME

INDRE

LIK OSS

LDING

MISJO

NEN.N

O

LOVSANGSKONFERANSE

Brandøy 5.-9. juli 2017

FAMILIELEIR

12 12

USA: NASHVILLE

16.09.2017 // 9 dager // Turteam : Ragnhild og Jan Huse Bli med sang- og musikkektepare t Ragnhild og Jan Huse på internasjonal lovsangskonferans e i Nashville, arrangert av Keith og Kristyn Getty som er noen av de fremste lovsangsforfattere og sangere, mellom annet kjent for sangen “In Christ Alone”. Konferansen toppes med en kveld med velkjente hymner i “Opry House”. Indremisjonsvenen - Nr. 02 - 2017

Venen 2017 2  

IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you