Page 1

Kyrkjelydsbladet Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal

Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» «Ja, Herre», seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.» Johannes, 11, 25-27

Påske 2017

Nr. 1 Årg. 27


Telefon: 53 48 27 40

Sokneprest i Husnes og Holmedal

Sokneprest i Uskedal

Mobil: 90 95 49 21 reidar.adnanes@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 90 80 25 03 / 41 31 82 82 lina.haland@kvinnherad.kommune.no

Reidar Ådnanes

Sokneprest i Fjelberg og Eid

Jan Ove Totland

Mobil: 90 80 52 81 jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no

Lina Håland

Sokneprest i Kvinnherad

Kjetil Kringlebotten

Foto: Gunnar Langeland www.gunnarlangeland.no

Klubbavikjo 9, 5451 Valen Ekspedisjonstid: Mandag - Torsdag kl. 09.00 - 15.00.

post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kyrkja.no

Mobil: 47 97 13 88 kjetil.kringlebotten@kvinnherad.kommune.no

Kontorsekretær/Trusopplærar

Kontorsekretær

Mobil: 90 95 88 98 toril.langeland@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 48 03 86 28 grethe.svalland@kvinnherad.kommune.no

Toril Langeland

Grethe Svalland

Einingsleiar i Trusopplæring

Kantor

Mobil: 97 19 53 70 kristine@hestad.com

Mobil: 95 52 08 99 micacica@online.no

Kristine Hestad

Eva Megyesi

Organist

Organist

Mobil: 48 25 48 19 mlindek@online.no

Mobil: 97 67 72 44 reidar@knett.no

Marit Lindekleiv

Reidar Algerøy

Kyrkjelydssekretær

Kyrkjelydssekretær

Mobil: 91 34 50 42 jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 41 55 30 41 oddbjorg.heimark@kvinnherad.kommune.no

Jan-Ove Fagerheim

Kyrkjeverge i Kvinnherad

Oddbjørg Heimark Konsulent

Erlingur Nielsson

Ingrid Sundal

Mobil: 95 48 50 73 erlingur.nielsson@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 90 77 61 49 ingrid.sundal@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Alf Jarle Langeland

Mobil: 48 89 57 28 alf.jarle.langeland@kvinnherad.kommune.no

Inger Elise Helgeland

Mobil: 48 89 57 31 inger.elise.helgeland@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjetenar/gravar

Kyrkjetenar Uskedal kyrkje

Mobil: 48 89 57 32 idar.bjorgen@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 41 47 32 65 steinsletto-vel@hotmail.com

Idar Bjørgen

Kyrkjetenar Holmedal kyrkje

Cort Holtermann Mobil: 92 86 28 07 coholter@online.no

Magne Eik

Kyrkjelydspedagog

Berta Haugland

Mobil: 97 01 08 65 berta.haugland@kvinnherad.kommune.no


Tårnagentane i Uskedal kyrkje agentar Dyktige tårn r å løysa mysterium. fo vart tilkalla

Då Toril og Lina (prest) kom i kyrkja ein laurdagsmorgon i mars for å gjera klart til dåp på søndagen, oppdaga dei at dåpsfatet og dåpsmugga var sporlaust forsvunne. Dei kasta seg på telefonen til kyrkjeverja då det gjekk opp for dei at fleire verdifulle kyrkjeskattar var borte. Heldigvis hadde vi ei gruppe Tårnagentar som møtte opp og starta etterforsking i denne alvorlege hendinga. Dei utvalge tårnagentane kom frå Matre, Omvikdalen, Seimsfoss, Rosendal og Uskedalen.

Etter fleire timars iherdig arbeid vart mysteriet løyst og kyrkjeskattane funne att. Kyrkjeverja vart svært letta då han fekk telefon om at krisa var avverga, og gudstenesta dagen etter kunne gjennomførast som planlagt. Og for ei flott gudsteneste det vart! Sidan tårnagentane likevel var kalt ut deltok dei med mange oppgåver. Dei gjekk i prosesjon,

bar inn dåpsmugga, las bøner og bibeltekstar, tente dåpslys og fortalde om skattane dei hadde funne dagen før. Bibelteksten for dagen var om den blinde Bartimeus. Tårnagentane dramatiserte mens Lina las. Vi kunne levande sjå for oss korleis møtet mellom Bartimeus og Jesus gjekk føre seg. Takk til tårnagentane for ein kjempegod innsats!

Vellukka bygging i Valen kyrkje

Beredskapstelefon:

Dersom det er trong for prest i tidsrommet kl. 17.00 til kl. 08.00 neste morgon eller i helgane, er det alltid ein prest i området som har beredskap for å utføre tenester som ikkje kan vente. Beredskapstelefonnummeret er

95 48 25 59

Andre spørsmål rettar ein til ein av dei lokale prestane.

Redaktør og layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Centrum Trykkeri, Stavanger Gåve til bladet: Bankgiro: 3460 07 53578

31 barn, og nesten like mange vaksne, samla seg i Valen kyrkje ein tysdag ettermiddag i februar. Her fekk me høyra om den gode Samaritanen. Då han var på reise fann han ein mann som låg skamslegen ved vegen. Han syntest synd på mannen og hjelpte han. Meir kan du lesa i Lukas kapittel 10. Etterpå fekk kvar og ein sitt eige byggesett. Med stor glede og iver tok dei fatt på bygginga. Det vart ei triveleg stund for barn og vaksne ilag. Etter felles bøn og song tilslutt, gjekk alle nøgde heim med kvar sitt byggesett av nettopp: “Den gode Samaritanen”. Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

| Side 3


Solveig Leithaug med vårkonsert i Valen kyrkje

Twist og stemningsfull lyssetjing møtte eit 80-tals menneske i Valen kyrkje torsdag 9. mars. Vi var klar for «re-union» med ei av stjernene frå 80-talet, Solveig Leithaug, busett i USA, men som akkurat no var på vårturné på Vestlandet. Med gitaren, sitt ungdommelige, flagrande hår, glimt i auga og sitt varme smil, inntok Solveig kyrkjeromet og publikumshjarta. Kjende «perler» vart godt mottekne, med fyldig allsong som respons. Gjennom ei av perlene, «Eg ber for Norge», fekk ho formidla eit varmt glimt av hennar kjærleik til det landet ho flytta frå for snart 25 år sidan. Som ei overrasking for publikum, dukka dottera Kari Julianne Henderson Leithaug opp. Ei herleg ung jente, kommunikasjonsstudent i USA, som viste seg å vere eit naturtalent i akkurat kommunikasjon. Med sitt finslege vesen, imponerande Frekhaug-dialekt, lune humor og klokkeklare stemme, sjarmerte ho publikum til begeistra applaus. Eplet fell ikkje langt frå stammen, skal ein vis person ha sagt!

Side 4 |

Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

Duoen Solveig og Kari let oss no få del i ei rekkje av songane på den rykande ferske cd-en «Time», som faktisk ikkje for vel er gitt ut. Det er den 17. i rekkja! Ikkje så unaturleg at dei fleste tekstane var på engelsk, men med teksting på storskjerm, fekk nok dei fleste med seg det meste, om ikkje anna enn atmosfæra, i dei mange varmande og medmenneskelege Jesus-«låtane». Mange let seg nok imponere, ikkje berre av gitaristen og songaren, men også pianisten Solveig! Gustav Jacobson, pastor i organisasjonen Compassion og busett i Nord-Sverige, var også ein del av denne turnéen. Gjennom han fekk vi info om eit enormt arbeid som hjelper 1,8 millionar barn i 26 land. Vi fekk høve til å bli fadder, og på den måten vere med på å «setje barn fri frå fattigdom i Jesu navn»; slik dei sjølve uttrykkjer det.

«Give me Jesus» var ein av avslutningssongane. «Det som er så fint med Solveig er at ho er så Jesus-fokusert», vart det sagt av ein tilhøyrar etter konserten. Så sant som det var sagt! Heile kvelden bar preg av at drivkrafta bak årelangt turnéliv, er at ho har møtt Jesus sin kjærleik, og omsorga for at andre må få del i dette. Våre gode lys- og lydfolk, Gunnar, Ole Martin og Tommy, bidrog sterkt til ei god oppleving, og at alt dei tre aktørane formidla, nådde oss på ein svært tilfredsstillande måte. Mange gav uttrykk for at det hadde vore ein «fantastisk konsert», og vår von er at alle gjekk heim med ei kjensle av glede over å vera elska av Gud, og med inspirasjon til å dela dette med andre! Tekst: Marit Lindekleiv Foto: Gunnar Langeland


Heidra på verdig vis Tekst og foto: Marius T. Nissestad (Grenda)

Med rundtur på Postvegen og ope hus-arrangement i ei fullsett Valen kyrkje, vart ja-mannen Ove Tvedt heidra på passande vis søndag 12 mars. Iført rolla som guide, tok du sett djupe spor i hjarta til menneske som den det er. dagens heidersmann med seg så utruleg mange. Du har vist Uavhengig om det var meg, eit turfølgje på 110 personar og viser framleis eit engasjedeg eller kongen. Eit syn på ein underhaldande førement for andre som ligg langt hovudpersonen fekk allereie middagstur langs Postvegen utover det ein kan forventa av i 12-årsalderen. på Valen. Med sitt vante enga- noko menneske. Vi ser på deg – Monsen, far til Terje som sjement serverte Ove Tvedt som ein av våre finaste, sa er ein av mine gode barngode veghistorier på vegen Slettebø før han festa fortedomsvener, var disponent opp Teigadalen via Eikelandsnestemedaljen på dressjakka på møbelforretninga heime. haugen og tilbake til Valen til ein rørt Ove Tvedt. Og var ein av dei vi verkeleg kyrkje. Vi er alle like såg opp til. Og ein dag, då eg Her venta varm betasuppe og endå fleire feststemte gjester som alle var til stades for å hylla Ove Tvedt.

Ein av våre finaste – Utanom idretten er det berre éin person som kan samla så mykje folk som det er her i dag. Og det er deg, Ove Tvedt, sa ordførar Peder Sjo Slettebø som kom direkte frå landsmøtet i Høgre for å overrekkja Kongens fortenestemedalje til Ove. Vidare peika Slettebø på det unike engasjementet til Tvedt. – Du er ein sjeldan gild person, og er verkeleg ein av dei høgast verdsette vi har her i kommunen. Med ditt formidable engasjement har du sett store spor både høgt og lågt. Frå fjæresteinar til fjell. Men ikkje minst så har

– Det er ikkje ofte eg blir stum, men det var ein fabelaktig tale, svarte Ove Tvedt til ståande ovasjonar frå dei om lag 200 som hadde teke turen.

Han var overgidd over at så mange hadde møtt fram, og dedikerte medaljen til alle og ein kvar. Men aller mest til kona Grete. – Tolkar ein dette på ein veldig positiv måte, så er medaljen si bakside Grete. Utan ho kunne eg aldri fått vera med på alt det eg har. Det same gjeld de som er her i dag. Eg er veldig glad for at eg har fått mi tid her på jorda samstundes med dykk, tusen hjartans takk, sa han vidare. I talen til Peder kom det klart fram at Ove er eit engasjert ja-menneske som ser alle

sat på utedoen heime med buksa under meg, så tenkte eg. Når Monsen og Kongen, i den rekkefølga sjølvsagt, skal på do så må dei òg ta buksa under seg. Og det er mitt syn på mennesket. Vi er alle like; høge og låge finst ikkje, slutta Ove Tvedt. Fortent Etter kake og kaffi tok Nils Trygve Markhus i rolla som postmannen på Huglo turen innom for å fortelja om barndomsåra saman med Ove. I tillegg talte Kjell Yri, Arne Lindekleiv og Torstein Aarthun for medaljøren. – Dette er stas. Er det nokon som fortener denne medaljen, så er det ja-mannen Ove Tvedt, sa Torstein Aarthun. 4. april er Ove Tvedt invitert til Slottet for å møta kong Harald.


Luther med Latterforestilling i Valen kyrkje

Tekst: Marit Lindekleiv Foto: Gunnar Langeland

Valen kyrkje er eit allsidig bygg, og som teatersal viste ho seg faktisk ganske eigna. Aktørar og publikum kom svært nær einannan, og utløyste ein lun og etter kvart også spontan respons hos dei i underkant 100 frammøtte. Men «gleda er ein alvorleg ting» er det blitt sagt - og Reformasjonen var slett ingen selskapsleik, så latteren sat nok litt inne hos dei fleste ei stund. Kven vågar vel å smile høgt av beskuldningar frå paven mot Martin Luther om å vere djevelen sitt sendebod, eller avlatshandel og skjærseld? Men stemninga letta i takt med utviklinga alt vart liksom lettare når NÅDEN etterkvart fekk råde både i Tyskland utpå 1500talet og i Valenkyrkja denne marskvelden! Jamn humring og sporadiske lattersalvar kan vere beskrivande.

Ryfylke Livsgnist meistra på ein glimrande måte å gje oss innblikk i kva betydning Martin Luther har hatt for vårt og kyrkja sitt trusfundament. Sett med skråblikk har forbod mot kaffi, strikking som image, ørkeslause konfirmantoverhøyringar og kvinnekamp, alle vore viktige element i trua vår. Tru det den som vil og kan! Med det for auga at musikk driv djevelen bort, blømde salmeskatten opp gjennom hundreåra. Og publikum i Valen viste at dei hadde fulgt med i timen, i alle fall siste 50 åra, og nytta kvart høve til å syngja med.

Truleg var dette ei førestilling som både gjorde dei fleste litt klokare, og litt oppløfta til sinns. Om Luther var ein spesielt god representant for humoren, kom gjerne ikkje heilt fram, men i Ryfylke Livsgnist si hand blir det meste verd ein skikkeleg latter! M.L.


Saman I Kyrkja VALen Eg er MEG og Du er DEG og saman er vi VI...

Søndag 19. mars var det klart for den årlege SIKVAL-gudstenesta i Valen kyrkje. Saman I Kyrkja VALen er samlingar, tilrettelagt for utviklingshemma, men opne for alle. Sju torsdagar i året møtes ein i Valen kyrkje, og frammøtet plar vera veldig godt. I fleire år har SIKVAL vore med og delteke på ei av gudstenestene i Valen klyrkje i løpet av vårhalvåret. Signe Reidun Lie og Ståle Mehl deltok som tekst-lesarar, og ein del av dei som pleier møte på SIKVALsamlingane lært oss ein nydeleg song “Eg er MEG og Du er DEG og saman er vi VI.”

AMIGOS, som er Kulturskulen sitt tilbod til personar med utviklingshemming, var og med på gudstenesta. På biletet av Amigos nederst på sida her, ser me: Ståle Mehl og Signe Reidun Lie: Keyboards. (Gøymd bak Leif Inge) Tove Anita Olsen: Harpeleik. Lena Johannessen: Slagverk, Eirik Nordal: Elbass. Leif Inge

Heimvik: Sang. Lærarar: Karin Bøe: Dirigent/Lysmeister, Kjell Skarsfjord: Gitar og Tonje Solheim: Cajon. Mange folk hadde teke turen til kyrkja denne dagen. Det var tre born som vart døypte under gudstenesta, og det vart ei fest-gudsteneste på alle måtar.

AMIGOS

Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

| Side 7


Minnelund på Husnes Husnes gravplass har no fått ein minnelund som lenge har vore etterspurd. Minnelund er fyrst og fremst tenkt som eit tilbod til dei som ynskjer ei namna grav å gå til, men som ikkje har høve eller ikkje ynskjer å setja opp eige gravminne. Med å velja ei grav på minnelunden treng ein ikkje å tenkja på stell av grava og gravstøtte.

Alle som bur i kommunen har rett til fri grav. Eingongsavgift for bruk av minnelunden er 3.000 kroner. Prisen inkluderer namneplate med montering og stell av området i dei

Minnelunden har fått ein nydeleg plass nære kyrkja med flott utsikt mot sjøen. Eit stort tre midt på plassen gir minnelunden eit vakkert preg. Steinen som er sett opp skal minna om dei mektige fjella i Kvinnherad. På steinen vert det sett opp plater med namn og dato for fødsel og død på dei som vert gravlagd på minnelunden. Det er som regel urner som vert sett ned på ein minnelund, men det er òg høve til å setja ned kister.

Side 8 |

Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

Foto: iStock

Foto: iStock

Velkommen til Sommerfest 28. juni - 2. juli i Stavanger Helene Bøksle

Ole Paus Foto: Svein Finneide

Minnelunden kom opp i rekordfart, ikkje minst takka vere vår dyktige multi-kunstnar Alf Jarle Langeland, som har jobba iherdig med å få minnelunden ferdig. Allereie eit par dagar etter at minnelunden stod klår vart den første urna sett ned og den første namneplata sett opp.

30 år grava er freda. Ynskjer ein å forlengja festetida etter 30 år gjeld vanleg festeavgift. Namneplata får då stå på steinen så lenge festeavgift er betalt.

Det blir musikk og humor med Heine Totland og Gisle Børge Styve. Tomm Kristiansen kåserer. Per Arne Dahl leder salmesang med bl.a. Ole Paus og Helene Bøksle. I tillegg blir det seminarer, møter og utflukter. For påmelding: www.nms.no/sommerfest facebook.com/nmssommerfest Per Arne Dahl

Heine Totland og Gisle Børge Styve

Tomm Kristiansen

Rita Elmounayer


! g n o S n i M ltermann Av Kjellaug Ho

Å velja ut ein favorittsong av alle songane eg er veldig glad i, er ikkje spesielt lett! Når eg likevel har “landa“ på denne eg siterer nedenfor, har det nok i stor grad å gjere med at den har følgt meg, litt av og på, heilt frå barneåra! Egentlig nokre enkle linjer, for meg av ein ukjent forfattar! Men når mor mi sette seg ved det gamle trøorgelet heime, og ilag med far min stemte i: “De lånte en krybbe å legge ham i...”, vart det ei uforklarlig kjensle i stova! Det vart andakt! Kjensler vart ikkje snakka særs mykje om heime, men i ei slik enkel sangstund låg kjenslene utenpå både hos mamma og pappa, og det var lett og sjå at dette dei song om, betydde noko for dei! Det var erfaring, og levd liv for begge to! Etter sjølv å ha levd i ein god del år, har eg fått sett noko av innhaldet i denne songen! Han bar korset! Han bar tornekransen, men hverken korset eller tornekransen var hans! Det var mitt! Han bar det i min plass, for meg! Eg ser ikkje djupna i dette fullt ut, og eg greier ikkje forstå det som skjedde på korset, men likevel kan eg kvile i vissa om at: “det kors som min Frelser har båret som sitt, var mitt!” I Bibelen står det nettopp det, at Han bar mine synder opp på korset!

De lånte en krybbe

T 1935 Nils Bolander O 1968 Evelyn Wenaas, 1973 Alfred Hauge M 1972 Trond H.F. Kverno

De lånte en krybbe og legge ham i, og dertil litt halm og strå! De lånte et esel på fremmed sti, til Kongen og ride på! Men korset han bar, og den blodige krans var hans. Han lånte en båt i en fiskerby, og lærte alt folk fra den! En vindfallen hytte til nattely, for seg og tolv hjemløse menn! Men korset han bar, og den blodige krans var hans. Han lånte en sal da hans dag var forbi, for å dekke sitt nattverdbord! Ja, også den grav som de la han i, var lånt fra en annens jord! Men korset han bar, og den blodige krans var hans. Å, nei når jeg nå ser hans tornekrans, og ser på hans kors som det var, Da kjenner jeg dypt den var ikke hans, Nei, min var den byrde han bar! Det korset min Frelser har båret som sitt, var mitt.

Kanskje kan desse enkle verselinjene nå inn til oss i desse førpåsketider? Kyrkjelydsbladet - pÅSKE 2017

| Side 9


Husnes og Holmedal sokn Husnes kyrkje

Valen kyrkje

11.12 11.12 25.12 25.12 22.01 05.02 19.02 12.03

19.03 Olav Hellevik 19.03 Petra Gjerde Kambe 19.03 Åsmund Røyrvik

Døypte

Tiril Vimme Røssland Nicklas Aleksander Sanden Ole William Vassvik Finnebotten Aurora Hansen Albrigtsen Gunn Elida Borgen Haktorsen Amira Moustafa Said Mats Moberg Eivind Røstbø Eikeland

Gravlagde 14.12 20.12 21.12 28.12 30.12 03.01 06.01 13.01 18.01 01.02 16.02 17.02 02.03 08.03

Dagfinn Vaage.............................. f. 1928 Frauke Monika Olsen................... f. 1956 Selma Margrete Rønhovde.......... f. 1932 Bol Bakke..................................... f. 1916 Gudrun Velde............................... f. 1926 Aud Skogseth............................... f. 1924 Edvin Haavik................................ f. 1934 Anna Bratten................................ f. 1928 Tordis Torget................................ f. 1928 Odd Fausk.................................... f. 1941 Lisa Amanda Haga....................... f. 1928 Edmund Martin Albertsen........... f. 1930 Anna Krossøy............................... f. 1926 Jofred Martin Rørdal.................... f. 1928

Døypte

Gravlagd

15.12 Asbjørg Alise Sivertsen................ f. 1936 10.01 Brita Sigrid Hamre....................... f. 1926 09.03 Jarle Mælen................................. f. 1955

Holmedal kyrkje Døypt

29.01 Ole Jacobsen Saghaug

Gravlagd

04.01 Agnes Askeland............................ f. 1921

Uskedal sokn Uskedal kyrkje Døypte

12.03 Andreas Åsheim Myklebust 12.03 Liam Olander Musland Andersen 12.03 Johanne Hjelmeland Arnesen

Gravlagde

10.02 Oddborg Lovise Myklebust.......... f. 1926 09.03 Dagny Haugland........................... f. 1933

Side 10 |

Kyrkjelydsbladet - Påske 2017


Fjelberg og Eid sokn Eid kyrkje Døypte 11.12 11.12 11.12 15.01 15.01 15.01

Sophia Eikenes Sjo Jone Landa Hellesund Orion Kolaas Landa Lykke Alis Sørli Bjørgen Vilde Hoff Horn Markus Emmerhoff

Gravlagde

05.01 Birgit Johanne Austrheim............... f. 1930 26.01 Roger Jonassen............................... f. 1950 09.02 Audun Sydnes................................. f. 1941

Salmekveld i Husnes kyrkje Tirsdag 18. april kl. 19.00 Ikkje før har vi lagt påskefeiringa bak oss, så innbyr vi til Salmekveld i Husnes kyrkje. Den nye salmeboka vår er ikkje heilt ny lenger, men der er mykje nytt som kan vere nyttig å øve litt ekstra på! Rett og slett “nytt og nyttig”, som sikkert mange set i samanheng med noko heilt anna!

for dei som møter fram å kvile stemme-banda sine! For dette er igrunnen ein slags dugnadskveld, der vi ber folk om å møte fram for å lære nye salmar, for i neste omgang å vere ein ressurs ifht salmesongen i gudstenesta. Vi vonar difor at mange vil prioritere denne salmekvelden.

Organist Marit har ilag med sokneprest Reidar funne fram til eit utval salmar som vi vil ta fram denne kvelden. Dei fleste vil bli allsongar, men nokre vil Reidar vere solist på, både fordi det er ein god måte å formidle på, og fordi det kan vere godt

Soknerådet stiller med ei enkel bevertning, som gir rom for også den sosiale biten i samlinga! Vi syngjast! For Husnes og Holmedal sokneråd Marit Lindekleiv

LANGFREDAGSSAMLING I HUSNES KYRKJE

Også i år vert det Langfredags-samling i Husnes kyrkje. Gjennom song, musikk, bilete, dikt og bibeltekstar vil me formidla det denne dagen står for. Soknepresten vår, Reidar Ådnanes, blir med oss, ikkje berre som tekstlesar, men og som solist. Han har alt ved fleire høve gledd kyrkjelyden med si gode røyst, og vi gler oss til å høyre hans formidling av langfredagsbodskapen. Kristine Hestad, som er leiar for Trusopplæringa, er som mange veit ein svært dyktig tverrfløyte-musikant. Fløytespel er som skapt til å understreke bodskapen nettopp ein slik kveld! Torlaug Sætre vil dele nokre påskedikt og Magnhild Alfarnes deltar med tekstlesing saman med soknepresten. Som så mang gonger før, har Jan-Ove Fagerheim komponert ein PowerPointbildeserie, som på sitt vis vil understreke og gje ei forsterkning av langfredagsbodskapen! Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

| Side 11


Uskedal kyrkje

Husnes kyrkje

Valen kyrkje

Holmedal kyrkje

Kyrkjekalender Dato

Kl.slett Kyrkje/bedehus

02.04 02.04 09.04 13.04 13.04 14.04 14.04 16.04 16.04 23.04 23.04 30.04 30.04 07.05 07.05 14.05 14.05 17.05 17.05 17.05 17.05 21.05 21.05 25.05 25.05 28.05 04.06 04.06 05.06 11.06 12.06 18.06 18.06 25.06

11:00 17:00 18:00 11:00 20:00 11:00 20:00 11:00 19:30 11:00 16:00 10:00 12:00 11:00 11:00 11:00 11:00 10:00 11:15 12:00 16:00 10:00 12:00 11:00 16:00 11:00 11:00 15:00 13:00 11:00 19:00 11:00 13:00 11:00

Prest/Liturg

Takkoffer

Holmedal kyrkje Reidar Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Nattverd Valen kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Nattverd Husnes kyrkje Lina Håland Skulelaget Nattverd Uskedal kyrkje Lina Håland Songanlegg i Uskedal kyrkje Nattverd Valen kyrkje Lina Håland Kyrkjelydsarbeidet Holmedal kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Husnes kyrkje Reidar Ådnanes Langfredagssamling Husnes kyrkje Kjetil Kringlebotten Det Norske Misjonsselskap Nattverd Uskedal kyrkje Lina Håland Sjømannskyrkja Nattverd Holmedal kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Nattverd Valen kyrkje Reidar Ådnanes Norsk Luthersk Misjonssamband Nattverd Husnes kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste Husnes kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste Holmedal kyrkje Reidar Ådnanes IKO Konfirmasjonsgudsteneste Uskedal kyrkje Lina Håland Kirkens Nødhjelp Konfirmasjonsgudsteneste Valen kyrkje Lina Håland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste Husnes kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Husnes kyrkje Stefanusalliansen Uskedal kyrkje Kyrkjelydsarbeidet Holmedal kyrkje Stefanusalliansen Valen kyrkje Stefanusalliansen Nattverd Husnes kyrkje Lina Håland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste Husnes kyrkje Lina Håland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste Valen kyrkje Reidar Ådnanes Kyrkjelydsarbeidet Kaldestad bedehus Reidar Ådnanes Kaldestad bedehus Holmedal kyrkje Reidar Ådnanes Normisjon Husnes kyrkje Lina Håland Indremisjonssamskipnaden Skorpo Lina Håland Varhaugselet Lina Håland Husnesparken Lina Håland Frelsesarmeen Husnes kyrkje Orgeltonar Uskedal kyrkje Lina Håland Misjonshøgskulen i Stavanger Holmedal gamle kyrkjestad Reidar Ådnanes Sjømannskyrkja Husnes kyrkje Lina Håland Kyrkjelydsarbeidet

Å

SS P

Side 12 |

Opplysningar

LIK O

Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

rad

rkjakvinnhe

ook.com/ky www.faceb


Foto av kyrkjene: Gunnar Langeland

Eid kyrkje

Fjelberg kyrkje

Kyrkjekalender Dato Kl.slett Kyrkje/bedehus Prest Takkoffer Opplysningar 02.04 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Nattverd, Kyrkjelydens årsmøte 09.04 11:00 Høylandsbygd bedehus Jan Ove Totland Høylandsbygd bedehus 13.04 11:00 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Normisjon Nattverd 14.04 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland 16.04 11:00 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Barneheimen, Bangkok NMS 17.04 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Barneheimen, Bangkok NMS Nattverd 23.04 17:30 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmantsamtale 29.04 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste 30.04 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste 07.05 11:00 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Konfirmasjonsgudsteneste 14.05 15:00 Høylandsbygd bedehus Jan Ove Totland Høylandsbygd bedehus Radiohola, Friluftsgudsteneste 17.05 10:30 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Sjømannskyrkja 17.05 12:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Sjømannskyrkja 21.05 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsbladet Nattverd 25.05 15:00 Fatland/Gullhaug Jan Ove Totland Det Norske Misjonsselskap Friluftsgudsteneste 04.06 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Misjonsalliansen Nattverd 05.06 11:00 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Misjonsalliansen Nattverd, Fjelbergstemnet 05.06 14:00 Fjelberg kyrkje Misjonsalliansen Ettermiddagsmøte 18.06 15:00 Halsnøy Kloster Jan Ove Totland Frelsesarmeen Friluftsgudsteneste. Kyrkjekaffi.

Påskekonsert i Eid kyrkje Torsdag 6. april kl. 19.00 Torsdagen like før palmesøndag innbyr vi på nytt til Påskekonsert i Eid kyrkje! Påska er ei sentral høgtid i kyrkja vår, og denne konserten vert kvart år som ei lita “oppvarming” for det som skal skje i påskeveka!

songar med alle som møter opp i Eidkyrkja denne torsdagen. Salmar og “Gaither- songar” vil gå hand i hand, og den som har opplevd Lina når ho “trøkke til”, veit dei har noko å gle seg til!

Mykje fint har blitt skapt gjennom både ord og tonar for å formidle påska sin bodskap. Vi kan få gle kvarandre med å vidareformidla ein del av dette. I år er vi så heldige å ha Lina Håland, den syngande Uskedalspresten, med oss for å dele eit variert utval påske-

Litt meir varlege, men like vakre, blir nok tonane frå Hanna Eikeland sin fiolin! Hanna er ei ung og positiv jente frå Valen, som alltid tar utfordringa når ein ber om litt fiolinmusikk! Irene Meyer Eide treng kanskje ingen nærare presentasjon for Halsnøy-

buen. I denne konserten vil ho delta med diktlesing, noko ho etter eige utsagn ikkje har gjort så ofte! Vi gler oss over at ho sa ja! Hvis nokon skulle lure, blir det også høve til å delta i allsongen, og på den måten få gje ein respons! Og organisten er klar til å gjere sitt til at dette kan bli bra! Det blir høve til å gje ei gåve til songog musikkarbeidet i kyrkjelyden ved utgangen! Du er hjarteleg velkomen! For Soknerådet Marit Lindekleiv Kyrkjelydsbladet - Påske 2017

| Side 13


Tlf 53 47 17 77

TEIGEN

- satsar på Vestlandet

www.halsnoy-trelast.no

Mandag - Fredag ....... 07.00-23.00 Laurdag ........................... 08.00-23.00 Mandag - Fredag ....... 07.00-23.00 ............................. 09.00-23.00 Søndag Laurdag ........................... 08.00-23.00 Søndag ............................. 09.00-23.00

CIRCLE K HUSNES

Circle K Husnes

CIRCLE K HUSNES

Støtt annonsørane våre! - dei støttar oss! Påskekos på hytta? Kjøp...

mellom sprosjekt nter id e rb a m a sse Eit s d Ungdom ehus Kvinnherafeen på Husnes bed a c tt a N og april mnd.) 349,- (prisen gjeld ut

Kr Påske-kampanje: n-Ove Fagerheim (91345042) Ja Ta kontakt med


Du finn oss i 2. etg i Husnes Storsenter

Husnes Storsenter - Pb 204 - 5480 HUSNES Tlf. 53 47 16 26 - Fax 53 48 12 97 E-post: kvinnherad@libris.no

Husnes

Husnes Tannlegesenter

Månd. - fred.: 08.00-16.00 Tlf. 53 47 70 00

Husnes Butikksenter -Tlf.: 53 47 16 08

Sundsvegen 77 - 5450 Sunde post@IntroElektro.no - post@IntoRoyr.no

www.IntoElektro.no

10-19 (16)

Denne annonse-plassen kan verta din! Ta kontakt med Jan-Ove Fagerheim! jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no Mobil: 91345042

Gravferd slik pårørande ønskjer det

5460 HUSNES Bogsnesvegen 8c, 5460 HUSNES

VAKTTELEFON: 53 48 00 33

DØGNVAKT: 53 48 05 00 www.fonnagravferdsbyra.no

Ola Normann

Markedssjef/Husnes Storsenter

www.kvinnherad.kyrkja.no mob +47 932 09 705 tlf +47 53 47 23 68 fax +47 53 47 23 69 email ola.normann@husnessenter.no adr Postboks 148, 5480 Husnes web www.husnessenter.no


Ta imot konfirmantane på ettermiddagen tysdag 4. april J A, V I E LS K AR DE T T E VAT NE T Bli ein brønnbyggjar – støtt Fasteaksjonen

SEND GAVE PÅ SMS TIL 2426 (200 KR) Vipps eller MobilePay til 2426

Profile for Jan-Ove Fagerheim

Kblad 2017 1  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Kblad 2017 1  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Profile for janove70