Page 1

Kyrkjelydsbladet Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel - det tyder: Gud med oss. Matteus 1,23

Foto: Olav Røssland

Jula 2016

Nr. 4 Årg. 26


Klubbavikjo 9, 5451 Valen Ekspedisjonstid: Mandag - Torsdag kl. 09.00 - 15.00.

Telefon: 53 48 27 40 post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Sokneprest i Uskedal

Mobil: 90 95 49 21 reidar.adnanes@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 90 80 25 03 / 41 31 82 82 lina.haland@kvinnherad.kommune.no

Reidar Ådnanes

Sokneprest i Fjelberg og Eid

Jan Ove Totland

Mobil: 90 80 52 81 jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no

Lina Håland

Organist

Marit Lindekleiv Mobil: 48 25 48 19 mlindek@online.no

Foto: Gunnar Langeland www.gunnarlangeland.no

Sokneprest i Husnes og Holmedal

Kontorsekretær/Trusopplærar

Kontorsekretær

Mobil: 53 48 27 40 toril.langeland@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 53 48 27 40 grethe.svalland@kvinnherad.kommune.no

Toril Langeland

Grethe Svalland

Einingsleiar i Trusopplæring

Kyrkjelydssekretær

Kristine Hestad

Oddbjørg Heimark

Kontor: 53 46 13 07 Mobil: 97 19 53 70 kristine@hestad.com

Kontor: 53 46 13 02 Mobil: 41 55 30 41 oddbjorg.heimark@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjelydssekretær

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Mobil: 91 34 50 42 jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 48 89 57 31 inger.elise.helgeland@kvinnherad.kommune.no

Jan-Ove Fagerheim

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Alf Jarle Langeland

Mobil: 48 89 57 28 alf.jarle.langeland@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjetenar Holmedal kyrkje

Cort Holtermann Mobil: 92 86 28 07 coholter@online.no

Inger Elise Helgeland

Kyrkjetenar Uskedal kyrkje

Magne Eik

Mobil: 41 47 32 65 steinsletto-vel@hotmail.com

Kyrkjetenar/gravar

Idar Bjørgen

Mobil: 48 89 57 32 idar.bjorgen@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjeverge i Kvinnherad

Beredskapstelefon:

Dersom det er trong for prest i tidsrommet kl. 17.00 til kl. 08.00 neste morgon eller i helgane, er det alltid ein prest i området som har beredskap for å utføre tenester som ikkje kan vente. Beredskapstelefonnummeret er

95 48 25 59

Andre spørsmål rettar ein til ein av dei lokale prestane.

Erlingur Nielsson

Mobil: 95 48 50 73 erlingur.nielsson@kvinnherad.kommune.no

Konsulent

Ingrid Sundal

Mobil: 90 77 61 49 ingrid.sundal@kvinnherad.kommune.no

Redaktør og layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Centrum Trykkeri, Stavanger Gåve til bladet: Bankgiro: 3460 07 53578


Julevandring

Også i år fekk barnehagane i området vårt vera med på ei heilt spesiell Julevandring i kyrkja. Alle fekk først møta keisar Augustus. Han ville finna ut kor mange folk som budde i riket hans, og lyste ut manntal. Alle som var komne på besøk vart ført opp i den store manntalsboka. Keisaren tok store og små med på ei vandring mot Betlehem. Tre born fekk vera dei tre vise menn. Vidare møtte engelen Gabriella oss med eit: «Vær ikkje redde!» Engelen peika ut nokre born som fekk vera englar saman med henne. Dei øvde på englesongen. Vidare bar det inn i sjølve kyrkja, der me kom til nokre sauer og eit bål. Gjetarar vart peika ut, og englane kom med bodet om ei stor glede. Framme ved altarringen fekk to av borna vera Josef og Maria, og ein av dei vaksne i barnehagen fekk rolla som verten i herberget. Telefon: 53 48 27 40 Josef, Maria og Jesus-babyen vart plassert innafor altarringen, og me samla oss om forteljinga i Bibel-boka; post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no Juleevangeliet om då Jesus vart fødd.

Takk til alle som kom og vart med, og gav oss som stod for Julevandringa ei fantastisk oppleving nok ein gong!

Helsing Keisar Augustus og Erkeengelen Gabriella!

Bileta er frå då barnehagane på Sunde og i Bringedalsbygda var på vandring onsdag 30. november.


Den gode arven frå Martin Luther Den 31. oktober 1517 slo Martin Luther opp sine 95 tesar mot avlatshandelen. Dermed starta den rekkja av hendingar som vi i dag kallar «reformasjonen», og som kom til å endre ikkje berre kyrkjelivet men også samfunnslivet i Europa på fleire måtar. Bortsett frå kristninga av Noreg rundt år 1000 er det inga anna hending som har hatt så mykje å seie for kva vi nordmenn trur og korleis vi lever saman som akkurat reformasjonen. Det er derfor all mogeleg grunn til å markere 500-årsjubileet for denne hendinga i 2017. Den store oppdaginga I dette jubileumsåret skal vi takke for og fornye det aller viktigaste i arven frå Martin Luther, nemleg gjenoppdaginga hans av evangeliet om Guds nåde. Etter lang tids kamp fann han fram til at vi ikkje blir rettferdige for Gud ved våre gode gjerningar eller ved å vera særleg fromme, men berre på grunnlag av Jesu liv, død og oppstode. Og vi får ta imot dette som ei gåve gjennom dåpen og trua. Luther skildrar seinare i livet det sentrale i sitt reformatoriske gjennombrot slik: «….at vi ikkje ved gjerningar, men gjennom trua på Kristus blir rettferdige og sæle».

Side 4 |

Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

Senk skuldrene Dette evangeliet om nåden er ein god bodskap også for menneske i vår tid. Mange, og ikkje minst ungdom, opplever å bli møtt med både eigne og andre sine forventningar om å lukkast med skule, karriere, utsjånad og sosial status. Her blir kvar «sin egen lykkes smed». Summen av alt dette kan lett opplevast som nådelause krav, og mange kjenner at dei kjem til kort og strevar med å finne ei meining og eit grunnlag for livet som held anten dei lukkast eller ikkje. Til dei som kjenner det slik, trur eg Luther ville ha sagt: Senk skuldrene, rekk fram dine tomme hender, og ta imot det Gud vil gje deg: Nåde, tilgjeving for syndene, og eit liv i fellesskap med Gud som varer også etter døden. Gud er miskunnsam mot oss, og vi er alle kalla til å gje Guds miskunn vidare i ord og handling. Våre gode gjerningar er i høgaste grad nødvendige, men dei skal ikkje gjerast for å vinne forteneste og frelse hos Gud, men fordi medmenneska våre treng dei.

Viktige impulsar for det norske samfunnet Arven etter Luther og reformasjonen inneheld også mykje meir, for eksempel hans lære om at alle kristne har ansvar for livet i kyrkjelyden, og at det kristne livet skal levast på den staden vi er sett i verda og ikkje i klosteret. Her ligg sterke impulsar som har vore viktige for at det norske samfunnet i dag er prega både av demokrati og ein stor grad av likskap. På den andre sida er ikkje alt Luther sa og gjorde like verdifullt. Det gjeld særleg det hatske utfallet hans mot jødane på slutten av livet sitt. Dette må vi i dag ta eintydig avstand frå og beklage. Men mest av alt skal vi i 2017 lyfte fram og forkynne det evangelium som frigjorde Luther og som også kan frigjere oss: Frelsa kan berre Gud gje oss, ufortent og av nåde. Det viktigaste i livet er ikkje kva vi får til, men kva vi får. Halvor Nordhaug Biskop i Bjørgvin


3. -5. mars 2

Lutherfestdagar i Reformasjonsbyen Bergen

017

I 2017 skal Luther og reformasjonen markerast over heile verda. Bergen har status som Noregs reformasjonsby og inviterer til Lutherfestdagar 3. – 5. mars. Den 31. oktober 2017 er det 500 år sidan den tyske munken Martin Luther offentleggjorde sine berømte avlatsteser i Wittenberg, noko som skulle vise seg å forandre store deler av verda. Reformasjonsbyen Bergen er Noreg sin representant i eit nettverk av 68 europeiske byar. Fredag 3. mars: Luthernatt: SalmeFest i Domkirken, Historiske vandringar i reformasjonsbyen, Omvising i Kirkekunstsamlingen på Universitetsmuséet, Thank God it’s Friday (TGIF) ungdomstreff i St. Jakob, Preike-kappleik på «Østre», Forteljarteater – Helga Samset og Arve Henriksen, Konsert –Improvisasjon over reformasjonens musikalske arv på «Østre». Ryfylke Livsgnist er folka bak indremisjons-revyen «Glimt i auga og gløtt av himmel» som vart spelt for ein fullsett Husneshall under IMS sitt Årsmøte på Husnes i juni i 2014.

Laurdag 4. mars: - Reformasjonsbussen på Torget - til randa fylt av historiar frå si europeiske reformasjonsløype. Kl. 11 - Lutherland opnar i Nykirken/Barnas Katedral Kl. 13 - Offisiell opning av Reformasjonsbyen Bergen på Torgalmenningen med Salmestafett frå kl 12.30. Kl. 15 - Et samfunn i oppbrot kva gjer det med oss? Samtale om reformasjonens verdiar i Universitetets Aula Kl. 20 - Jubileumsframsyning i Johanneskirken – kor, orkester, band, solistar Kl. 22 – Nachspiel/konsert for ungdom i St. Jakob kirke

Sundag 5. mars: Kl. 11 - Barnas festgudsteneste i Nykirken – Barnas Katedral Kl. 11 - Festgudsteneste i Domkirken med framføring av Reformasjonskantanten av Bach. Kl. 13 - 14 - 15 - KODE sin religiøse kunst - omvising Kl. 16 – Har vi mista vårt medvit om kulturarven? Debatt på Litteraturhuset Kl. 18 - Tysk gudsteneste – replika frå 1897 - Mariakirken

RYFYLKE LIVSGNIST PRESENTERER:

Valen kyrkje

Torsdag 23. mars kl. 18.00 Neste år, i 2017, er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, då han hengte opp 95 tesar mot avlatshandelen på slottskyrkja i Wittenberg. Det er truleg enkelthendinga som har prega Europa, Norge og Vestlandet mest. Ja, Martin Luther fekk faktisk oppkalla ei heil kyrkje/ religion etter seg, i den lutherske lære og tru. I heile 2017 skal me i Ryfylke Livsgnist reisa rundt med førestillinga «Luther med latter» - eit historisk og humoristisk skråblikk på kva Lutherdommen har ført med seg gjennom 500 år i våre bygder og byar. I beste lutherske ånd, blir det mykje humor. Ja, alt frå folk som sovnar under laaange preiker, konfirmantar som svimar av under overhøyring, ein gal teologiprofessor, pietisme, rasjonalisme, kollekturo salmestrid, sørlendingar som stikk av med biskopen og fram til lovsong i dag…. For berre å nemna noko. 500 år på 90 minutt, der me er fire formidlarar som spelar ulike roller, er historieforteljarar og musikar – og går ut og inn av dei ulike hendingane og hundreåra. Like etter framsyninga inviterer me i kyrkja i Kvinnherad til Førestillinga er tufta på historiske fakta, humoristiske vinklingar og musikalsk truverd. Med å bruka mykje humor, vil også publikum følgja ekstra medarbeidarfest for frivillige som godt med og læra om kva Luther har hatt å seia for vår kyrkje-, kultur- og hjelper til på ulikt vis i det kristne barne- og ungdomsarbeidet i kyrkje språkhistorie gjennom 500 år. Derfor blir «luther-kabareten» ei ålmenn førestilling, der du ikkje treng å vera verken Lutherkjennar eller i den og på bedehus. Set av kvelden inste kyrkjekrins for å få ei stor oppleving. allereie no!

NB!


Presten si jul

Ramma rundt jula fungerer like I mai tok Reidar Ådnanes til som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn. Han har hus på Valvatna på Stord der han bur saman med si kjære Marta Kristin, men for at det ikkje skal verta for mykje pendling har dei skaffa seg ein leilighet nede i Klubbavikjo på Valen. Reidar vaks opp på Bømlo saman med mor, bror, bestemor og bestefar. Far hans kom bort på sjøen då Reidar berre var 5 månadar gamal. «Bestefar min var fødd i 1891. Han vart ein veldig viktig person i livet mitt. Han lærte meg mange nevenyttige ting. Onklane mine lærte meg pågongsmot og at så lenge det lar seg gjera, så fikser me ting sjølv.» At han skulle verta prest, tenkte den praktiske karen lite på i oppveksten. Men då han gjekk eit år på Sagavoll Folkehøgskule like etter gymnaset, vart interessa for teologien tend. «Dette førte til at eg byrja på Menighetsfakultetet. Eg studerte teologi fordi eg var interessert i faget.» Han hugsar at nokon av dei han studerte saman med, gjorde det fordi dei ville bli prest, og då vart sjølve studiet eit ork til tider... I løpet av utdanninga var Reidar nokre små periodar ute for sjømannsmisjonen.

Då han tok praktikum var han framleis usikker, og hadde lite tankar om å bli prest. «Men i løpet av det siste året der, ringde Hans Olav Gilje og fortalde om ein ledig kateketstilling på Stord. Dette vart det ytre kallet for meg. Nå skulle eg få bruke teologien til noko i kyrkja, men eg var framleis ikkje klar for å vera prest.» Marta Kristin og Reidar hadde kjent kvarandre frå gymnastida, både frå leirar og i Skulelaget. Begge studerte i Oslo, der dei hamna i same venne-gjengen. Her vart dei kjærastar og dei gifta seg i 1981. I 1983 flytta dei til Stord. Då Nysæter kyrkje vart bygd i 1991, vart det oppretta ein kappellan-stilling der. Reidar vart oppmuntra til å søkje, og fekk stillinga. Etter nokre år som kappellan, med mykje fokus på konfirmantar og dåpsopplæring, vart Reidar eit år fungerande prost før Svein Arne

Theodorsen tok til i 2001. Etter dette året var han sokneprest-vikar i Sveio i tre år. Så var det at Marta Kristin og Reidar tok til å ‘høyre palmesus’. Dei to gutane deira, Håkon og Torstein, var blitt så vaksne at dei hadde flytta ut. Tanken om ei teneste i Sjømannsmisjonen hadde lege der ei tid, og i 2007 dukka det opp to ledige stillingar på same kyrkja, som diakon og prest. «Me hadde ni og eit halvt flotte år på tre ulike stadar, Albir, Tenerife og Costa del Sol.” Jula har, for Reidar som for dei fleste andre, alltid vore ei tid der familien står i fokus. Dette skulle verta annleis nå. «Det var sjølvsagt nokså kjipt å feire jul utan å ha heile familien rundt seg, men samstundes opplevde me at me på ein måte fekk skrelt bort mykje av det rundt, og så var det innhaldet i jula som fekk fokus. Me hadde


fint med palmer som med gran! ikkje det same stresset som det ofte kan bli før jul. Me kunne ha fokus på gudstenesta og formidlinga der. Det vart og eit naturleg fokus på at dei nordmenn som feira jul i syden ikkje skulle måtte vera åleine i feiringa. Ein del av tenesta vart å prøve å opprette kontakt med dei som trong oss for å få ei god jul. Eg har mange gode minner frå både gudstenester og middag på El Campnario men og t.d. på Camillo bar & cafe på Tenerife, der eg vart invitert til å vera med og lese juleevangeliet og synge. Det vart veldig ‘gatenært’ og fint.»

«Eg har mange fine juleopplevingar frå barndommen saman med familien. Mykje var enklare då, men familien var viktig, ja. Gudstenesta sjølve julafta var ikkje det store då. Då var det juledag som gjaldt. Og julefestane var viktige. Spesielt i ungdomman pendla me mellom dei ulike julefestane. Julefestane hadde dørvakt i den tida. Det var ofte slik at klientellet på juletrefesten var slik at ein kunne trenge nokon som hadde eit

godt blikk og ei stødig hånd så dei kunne geleide folk ut visst dei ikkje oppførte seg under juletregongen. Det var ikkje alle som var edru på julefest, men det var liksom heilt greitt. Ei slags forestilling om eit trongt og snevert bedehusmiljø har eg aldri opplevd. Var nok sikkert nokon vekkelsesmøter og slikt som kunne verka skremmande for nokon. Men der trur eg ikkje mamma tok oss med. Ho hadde liksom ein klokskap til å velje dei gode tinga. Søndagsskulen, Yngres og slikt. Eg fekk mange positive og fine opplevelsar rundt det. Det var romslighet, men likevel skulle det vera orden på tinga.»

Eg har feira norsk jul mange gonger, og eg synes sjølvsagt det er flott. Men eg er ikkje avhengig av alt dette rundt for at det skal vera jul. Julestemninga mi er knytt til juleevangeliet og julesongane. Så er det bonus med både familie, venner, snø (slaps), pinnekjøt og alt dette. Men det er ikkje dette som ER jul. Ramma rundt er ulik. Den har me laga, og den fungerer like fint med palmer som med gran!» Fjerde juledag vert Reidar å treffe på Julefest i Holmedal bedehus på Utåker. Der vil han m.a. vise bilete og fortelje frå tenesta i Sjømannsmisjonen. JoF

I år skal Marta Kristin og Reidar feira «norsk jul» saman med sønene og fire barnebarn. Dette gler Reidar seg stort til! «Men ‘norsk jul’? Kva meiner me eigentleg med det? Jula er ikkje norsk. Me er jo nærmare Betlehem i Spania enn i Norge.

Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

| Side 7


Jarl Jostein Brosstad med eigenprodusert kalender Mange hugsar nok Jarl Brosstad, den lune, stillfarande kyrkjelydssekretæren vår for ein god del år tilbake! Stillast vatn har djupast grunn, heiter det. Kanskje er akkurat han eit eksempel på det! Vi møtest rundt kaffikoppen til ein liten drøs omkring hans rykande ferske produkt, ein flott og fargerik kalender med eigenproduserte dikt, og spørsmålet lyder: «Jarl, kan du sei litt om din bakgrunn ifht å skapa og å skriva eigne dikt? Er det nytt i livet ditt?» -Eg har alltid vore glad i å bruke ord, men også å lytte til andre sine ord. Far likte også å skrive og eg har skrive dikt om han.

seier av og til på spøk: Ver forsiktig så ikkje Jarl skriv eit dikt om det!

Eg skreiv ein del då eg var ung. Så blei det meir sporadisk. Men etter HSHutdanninga og særleg dei siste 3 åra, har eg skrive meir. Diktaråra har opna seg! Folk

- Beate Vedøy er namnet, og ho kjem frå Søvika på Sunnmøre, og er ein ven frå bedehuset på Sagvåg.

-Kva er ditt fokus når eit dikt blir til? -Eg skriv gjerne om mellommennesklege relasjonar, relasjonen mellom Gud og oss, og om vårt høve til naturen. Kalendaren er rikt illustrert, og vi spør om han kan sei litt om kunstnaren bak dette.

Vi må runde av og spør Jarl om han har andre kreative sider? Fløytespel, og munnspel vert nemt, men han får kanskje ein spesiell glans i auga når han fortel om å ta bilde av sommarfuglar! Denne gongen er det kalendar og dikt som er i fokus, eit produkt til kr 200,- som er å få kjøpt på SunnBok på Stord, eller ved å ta kontakt med Jarl privat. Vi takkar for ein hyggeleg prat, og ynskjer lykke til med salget. m.l.

Du er velkommen på

t mellom eidsprosjek Eit samarb Ungdomssenter ehus Kvinnheradeen på Husnes bed og Nattcaf

Sagt om Kvinnheradspelet: “Kvinnheradspelet er artig og god tidtrøyte i lange og late romsjulsdagar, det er lenge sidan sist eg sette meg ved spelebordet utan å merke at timane fauk og magen krevde rettferd i form av mat. Litt “bugs” er det i form av feiltrykk etc. men problem er til for å løysast undervegs så det går bra! For meg er det eit større problem at dotter mi ruinerer meg for pengar ved å ha kjøpt opp store deler av ei side på brettet - ikkje heilt ulikt kvardagen ellers forsåvidt - men no står eg på gratis parkering og berre venter på at terningane skal trille vidare i morgon :-)” 399,st for kr a p jø k n a Spelet k ontakt med ) k ta å 1345042 d e v erheim (9 g a F e v Jan-O

Side 8 |

Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

PIZZAKfoV hr eEile LfamDilien

i Valen kyrkje

Også i vår vert det Piz zakveldar for heile familien i Valen kyrkje. Det vert andakt, gjens yn med løgnassane, leik, song , pizza frå Peppes og spel og aktiv itetar.

Lørdag 28. januar og lørdag 1. april Kl. 18.00-20.00

De er denn besdutedeltiedenr med andre!


! g n o S n i M al

nged Av Kristian Bri

Dette er ein tysk julesong frå 1587 av ukjend forfattar, omsett til nynorsk av Peter Hognestad. Hognestad gjorde eit pionerarbeid for nynorsk bibel – og kyrkjespråk. Saman med Hovden og Støylen gav han ut Nynorsk salmebok i 1925. Teksten, tonen og ikkje minst omsetjinga gjer at denne julesongen er slitesterk og har overlevd i mange hundreår. Namnet Jesus gøymer seg i det lyriske symbolet ei rosa. Vi vert ført inn i underet med Jesu fødsel og det er Herrenes eigne lovnader og allmakt som dreiv rosa fram. Sjølve underet ved Jesu fødsel er vakkert utforma i strofe 2. Vi høyrer om profeten Jesaia som alt 700 år før hendinga julenatta, gav ein av dei vantrue kongane dette teiknet, ved Herrens eigne ord. Det heile toppar seg i strofe 3 der alt som hende for over 2000 år sidan, gjeld for alle menneske, også i dag. Den folkekjære Peter Hognestad er også mannen bak gjendiktinga av «Fager kveldsol smiler» og «Leid milde ljos». I desse dagar føreligg biografien «Peter Hognestad, språkstrid og heilag fred» av Per Halse.

Det hev ei rosa sprunge T Tysk 1587, v. 3: Friedrich Layriz 1844 O 1919, 1921 Peter Hognestad M 1400-t / Köln 1599 / Hjå Michael Praetorius 1609

Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot så grann. Som fedrane hev sunge: Av Jesse rot ho rann, og var ein blome blid midt i den kalde vinter ved myrke midnattstid. Om denne rosa eine er sagt Jesajas ord.* Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord. Og Herrens miskunnsmakt det store under gjorde, som var i spådom sagt. Guds rosa ljuvleg angar og skin i jordlivs natt. Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt. Me syng i englelag: No er det fødd ein Frelsar, og natti vart til dag. * Jes 7,14

Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

| Side 9


Husnes og Holmedal sokn Husnes kyrkje Døypte 16.10 30.10 30.10 13.11 13.11 13.11

Liam Tømmervik Mari Kaldestad Skarveland Pia Gurine Øye-Hansen Eirik Teigen Røssland Kiara Haavik Liam Haugland Lindås

Gravlagde 28.10 02.11 11.11 15.11 15.11 29.11 29.11

Lars Tjelmeland........................... f. 1913 Elisabeth Konstanse Onarheim....f. 1933 Jane Jeanett Hauge...................... f. 1965 Olaug Johanne Ivarsøy................. f. 1940 Marta Bjelland............................. f. 1928 Bjørg Nedrevåg............................ f. 1941 Otto Grimsdal.............................. f. 1931

t ø t s g o d e Ver m

Valen kyrkje Gravlagd

09.12 Tora Saghaug

f. 1931

Uskedal sokn Uskedal kyrkje Døypte

06.11 06.11 06.11 06.11

Leander Bakke Taranger Annabelle Halvorsen Tysse Ellie Haugland Bondhus Ingvild Myklebust

Gravlagde

21.10 Else Mæland Pile......................... f. 1935 22.11 Sella Hjønnevåg........................... f. 1940

Ma’Ma Children’s Center of Norway

Hausten 2016 var Grete og Ove Tvedt på eit tre månaders opphald på Ma’Ma Children’s Center of Norway. Ma’Mas er ei stifting som starta ved at Rachel Trovi frå Langesund fekk eit kall frå Gud for snart 30 år sidan til å starta hjelpearbeid i Manila. Det er 30 fast tilsette frå Filippinene, ingen frå Norge. Arbeidet er inspirert av orda “Eg var naken og de kledde meg; eg var i fengsel og de såg til meg... Sanneleg det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse mine minste syskjen, har de gjort mot meg.” - Matteus 25 -

S: Gi ei julegåve via SM 90 og gi kr. 200,Send MANILA til 24

Siste fredag i november stod ungdommar frå Ope Hus på Valen og selde vafler, kaffi, saft og Kvinnheradspel til inntekt for arbeidet på Filippinene. Dette førte til at me kunne overføre kr. 3.500,- til prosjektet. Takk til alle som var med og støtta!

www.mamachildren.org


Fjelberg og Eid sokn Eid kyrkje

Fjelberg kyrkje

23.10 23.10 23.10 23.10 23.10

01.11 Berner Kristoffer Sæbø.................. f. 1916 10.11 Sturle Johan Trovik........................ f. 1936

Gravlagde

Døypte

Didrik Bjørgen-Sjo Isabelle Svåsand Isdal Viljar Eide Stava Emma Emilie Dale Lønning Mikkel Øvstebø Tofte

Gravlagde 22.11 25.11 02.12 07.12

Arne Ivar Sætre............................... f. 1951 Olav Eide......................................... f. 1928 Edit Thormodsæter......................... f. 1923 Arne einar Hjertholm Mikkelsen.... f. 1932

Dåpskjole til utlån Det er mellom dei største hendingar i livet når eit nytt barn kjem inn i familien. Og i kyrkja gled vi oss over å få vere med å feire barnet og å feire at barnet i dåpen blir med i kyrkjelyden og i Guds store familie. På prostidagen på Stord i år handla det om dåp. Og ein idè som eg tok med meg heim denne dagen var: Skulle kyrkjelyden hatt ein dåpskjole til utlån? Ikkje alle har ein dåpskjole i familien eller næraste venekrins. Så då utfordra eg kona mi, Marit Elisebet, om ho kunne hekle ein dåpskjole som tålte å bli vaska og kunne brukast mange gonger.

No er dåpskjolen klar. Den er hekla i rein bomull og har to sett med silkeband, lyse blå og rosa. Dåpskjolen ligg på kyrkjekontoret på Valen og er til gratis utlån. Så no er vi spent på kven som vert den fyrste som vil bruke den. Velkomne til dåp! Jan Ove Totland

Sjå fleire bilete av kjolen på www.kvinnherad.kyrkja.no Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

| Side 11


Uskedal kyrkje

Husnes kyrkje

Valen kyrkje

Holmedal kyrkje

Kyrkjekalender Dato

Kl.slett Kyrkje/bedehus Prest/Liturg

Takkoffer

Opplysningar

24.12

14:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

24.12

15:00

Holmedal kyrkje

Jan-Ove Fagerheim

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

24.12

15:15

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

NB! Merk tidspunkt!

24.12

16:15

Valen kyrkje

Lina Håland

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

NB! Merk tidspunkt!

25.12

12:00

Husnes kyrkje

Lina Håland

Sjømannskyrkja

31.12

16:00

Valen kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

01.01

12:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

Nattverd

08.01

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Normisjon

Nattverd

15.01

17:00

Valen kyrkje

Lina Håland

Kyrkjelydsarbeidet

Nattverd

22.01

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

29.01

11:00

Holmedal kyrkje

Reidar Ådnanes

Den Norske Israelsmisjon

05.02

11:00

Husnes kyrkje

Lina Håland

Brandøy

12.02

11:00

Valen kyrkje

Reidar Ådnanes

Bibelselskapet, bibelmisjon

19.02

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Menighetsfakultetet

26.02

11:00

Holmedal kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

12.03

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Sjømannskyrkja

19.03

11:00

Valen kyrkje

Jan Ove Totland

SIKVAL

SIKVAL tek del

26.03

17:00

Husnes kyrkje

Lina Håland

Kyrkj.arb/Trusopplæring

Tårnagentgudsteneste

02.04

11:00

Holmedal kyrkje

Reidar Ådnanes

Indremisjonssamskipnaden

02.04

17:00

Valen kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

LIK OSS

www.facebook.com/kyrkjakvinnherad

KODE B - Valen kyrkje - Mandag 23. jan 2017 Gjennom Kode B kan 11-åringane lære Bibelen å kjenne, og dei kan få sjå at dette er ei rik og spanande bok som har betydning for livet. Målsetjinga er å vekkje leseglede og undring over det mangfaldige innhaldet i Bibelen. Invitasjon vil koma i posten, men samlinga vert mandag 23. januar. Då er det planleggingsdag på skulane, og me har erfart at dette kan vera ein fin dag å gjennomføra eit slikt tilbod som dette.

Side 12 |

Kyrkjelydsbladet - Jula 2016

T11


Foto av kyrkjene: Gunnar Langeland

Eid kyrkje

Fjelberg kyrkje

Kyrkjekalender Dato Kl.slett Kyrkje/bedehus 24.12 14:00 Fjelberg kyrkje 24.12 14:30 Eid kyrkje 24.12 16:00 Eid kyrkje 25.12 12:00 Eid kyrkje 31.12 16:00 Eid kyrkje 08.01 11:00 Høylandsbygd bedehus 15.01 11:00 Eid kyrkje 05.02 11:00 Eid kyrkje 19.02 19:00 Eid kyrkje 21.02 18:00 Eid kyrkje 05.03 11:00 Eid kyrkje 12.03 11:00 Fjelberg kyrkje 19.03 17:00 Eid kyrkje 02.04 11:00 Eid kyrkje

Prest Pål Dale Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland Jan Ove Totland

Takkoffer Opplysningar Barneheimen, Bankok NMS Julaftangudsteneste Barneheimen, Bankok NMS Julaftangudsteneste Barneheimen, Bankok NMS Julaftangudsteneste Indremisjonssamskipnaden Nattverd Kirkens Nødhjelp Nattverd Høylandsbygd bedehus Bibelselskapet, bibelmisjon Familiegudstjeneste. Bibelbok til 5. klasse. Kyrkjekaffi NMS Sunnhordlandsaksjonen Nattverd. Kyrkjekaffi. Brandøy Ung messe. Nattverd KFUK-KFUM Tenkefondet Speidargudst. Tenkedagen Diakoniarbeidet i kyrkjelyden Nattverd Søndagsskulen lokalt Nattverd. Søndagsskulen med Kyrkjekaffi Indremisjonssamskipnaden Nattverd Kyrkjelydsarbeidet Nattverd

www.kvinnherad.kyrkja.no

www.

www.indremisjonen.no


Tlf 53 47 17 77

DILL AS dill@knett.no mob 41690425

www.halsnoy-trelast.no

Støtt annonsørane våre! - dei støttar oss!

TR EN G DU N

OKON Å SN

Ring eller skri

v: Vi er her. A

AKKE MED?

lltid. kirkens-so

s.no


bare lave priser bare lave priser

LOGO BM - Husnes FARGE LOGO BM - Husnes Rasterbunn: 12% svart FARGE Farge: Pantone 527 Rasterbunn: 12% svart FONT: Weis Extra bold Farge: Pantone 527 FONT: Weis Extra bold

BM BM

LOGO BM - Husnes SVART/KVIT LOGO BM - Husnes Rasterbunn: 12% svart SVART/KVIT FONT: Weis Extra bolc Rasterbunn: 12% svart FONT: Weis Extra bolc

Vedlikehald frå A til Å I AKSEN - MIDT PÅ HUSNES - Fasadereingjering og høgtrykkspyling - Rydding av småskog, tomt og hage I AKSEN MIDT PÅogHUSNES -Maling, hagemurar støyp - Trefelling, avfallstransport og riving Tlf.: 53 47 29 - Påhengsmotor, båt og10 båtpuss - Opparbeiding og barking av bed Tlf.: 53 47 29 10og vask av bil - Dekkskift, lufttrykksjekk - Klargjering av hagar til alle årstider - Grusing og snømåking

Senteret 53 47 31 35 53 47 31 35 Du finn oss i 2. etg i Husnes Storsenter

BM BM HUSNES APOTEK HUSNES APOTEK Husnes

LOGO BM - Husnes SVART/KVIT LOGO BM - Husnes Uta bunn SVART/KVIT FONT: Weis Extra bolc Uta bunn FONT: Weis Extra bolc

Georg Røssland Tlf.: 900 59 252

Dameklede Dameklede Senteret

eit godt godt val! val! -- eit

Tlf.: 53 47 16 44 - TORGHUSET Tlf.: 53 47 16 44 - TORGHUSET

Husnes Storsenter - Pb 204 - 5480 HUSNES Tlf. 53 47 16 26 - Fax 53 48 12 97 E-post: kvinnherad@libris.no

Pb. 75 - 5480 HUSNES 5480 TelefonPb. 5375 48-69 00 -HUSNES Fax 53 48 69 01 Telefon 53 48 69 00 - Fax 53 48 69 01

Valen

Tlf.: 53 47 15 11

BM BM

TORGHUSET - Tlf.: 53 47 29 00 n elefo TORGHUSET - Tlf.: 53 47 29T00

05 53 47 17

Sundsvegen 77 - 5450 Sunde

post@IntroElektro.no - post@IntoRoyr.no Husnes - Tlf/fax 53 47 11

33 Husnes - Tlf/fax 53 47 11 33 www.IntoElektro.no

Senteret Senteret 5460 HUSNES 5460 HUSNES Tlf. 53 47 01 00 Tlf. 53 47 01 00

www.kvinnheradreisebyra.no www.kvinnheradreisebyra.no

Husnes Butikksenter -Tlf.: 53 47 16 08

��������� � ������ ��������� � ������

Tlf. 534 801 22 Tlf. 534 801 22

Torgbakken 10 Boks 23, 5401 Stord Tlf. 53 41 20 01

Husnes Butikksenter

10-19 (16)

Butikksenter Tlf. 53Husnes 47 27 30 - e-post: 111100@eurosko.no Tlf. 53SKO 47 27TIL 30 - e-post: HELE111100@eurosko.no FAMILIEN

www.sunnbok.no SKO TIL HELE FAMILIEN

Husnes Sport AS HusnesPostboks Husnes10,Sport AS 5480 Husnes Postboks 10, 5480 Husnes Tannlegesenter Tlf. 53 47 14 04

Tlf. 53 47 14 04 Månd. - fred.: 08.00-16.00 husnes.sport@sport1.no husnes.sport@sport1.no Tlf. 53 47 70 00

KRIK HUSNES HUSNES KRIK

Fredagar kl kl 18.30 18.30 -- 20.00 20.00 Fredagar Ola Normann Undarheim Skule Skule Undarheim Markedssjef/Husnes Storsenter

NATTCAFÉ NATTCAFÉ Gravferd slik

pårørande-ønskjer det Fredagar kl kl 21.00 21.00 01.00 Fredagar - 01.00 Husnes Bedehus Bedehus Husnes

www.husnesiuf.cjb.net www.husnesiuf.cjb.net

5460 HUSNES mob +47 932 09 705 Besøksadresse: Valen tlf +47 53 47 23 685451 fax +47 53 47 23 69

email ola.normann@husnessenter.no VAKTTELEFON: 48 00 33 adr Postboks 148, 548053 Husnes web www.husnessenter.no

DØGNVAKT: 53 48 05 00 www.fonnagravferdsbyra.no


Juleevangeliet Lukas 2, 1-16: I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Matteus 2, 1-11: Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes’ dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten: Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.» Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.

www.bibel.no

Profile for Jan-Ove Fagerheim

Kblad 2016 4  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Kblad 2016 4  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Profile for janove70