Page 1

Kyrkjelydsbladet Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal

Oktober 2016

Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda. Jesaja 57,15 Foto: Olav Røssland

Nr. 3 Årg. 26


Klubbavikjo 9, 5451 Valen Ekspedisjonstid: Mandag - Torsdag kl. 09.00 - 15.00.

Telefon: 53 48 27 40 post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Sokneprest i Uskedal

Mobil: 90 95 49 21 reidar.adnanes@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 90 80 25 03 / 41 31 82 82 lina.haland@kvinnherad.kommune.no

Reidar Ådnanes

Sokneprest i Fjelberg og Eid

Jan Ove Totland

Mobil: 90 80 52 81 jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no

Lina Håland

Organist

Marit Lindekleiv Mobil: 48 25 48 19 mlindek@online.no

Foto: Gunnar Langeland (Capture UB)

Sokneprest i Husnes og Holmedal

Kontorsekretær/Trusopplærar

Kontorsekretær

Mobil: 53 48 27 40 toril.langeland@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 53 48 27 40 grethe.svalland@kvinnherad.kommune.no

Toril Langeland

Grethe Svalland

Einingsleiar i Trusopplæring

Kyrkjelydssekretær

Kristine Hestad

Oddbjørg Heimark

Kontor: 53 46 13 07 Mobil: 97 19 53 70 kristine@hestad.com

Kontor: 53 46 13 02 Mobil: 41 55 30 41 oddbjorg.heimark@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjelydssekretær

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Mobil: 91 34 50 42 jan.ove.fagerheim@kvinnherad.kommune.no

Mobil: 48 89 57 31 inger.elise.helgeland@kvinnherad.kommune.no

Jan-Ove Fagerheim

Kyrkjegardsarb./kyrkjetenar

Alf Jarle Langeland

Mobil: 48 89 57 28 alf.jarle.langeland@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjetenar Holmedal kyrkje

Cort Holtermann Mobil: 92 86 28 07 coholter@online.no

Inger Elise Helgeland

Kyrkjetenar Uskedal kyrkje

Magne Eik

Mobil: 41 47 32 65 steinsletto-vel@hotmail.com

Kyrkjetenar/gravar

Idar Bjørgen

Mobil: 48 89 57 32 idar.bjorgen@kvinnherad.kommune.no

Kyrkjeverge i Kvinnherad

Beredskapstelefon:

Dersom det er trong for prest i tidsrommet kl. 17.00 til kl. 08.00 neste morgon eller i helgane, er det alltid ein prest i området som har beredskap for å utføre tenester som ikkje kan vente. Beredskapstelefonnummeret er

95 48 25 59

Andre spørsmål rettar ein til ein av dei lokale prestane.

Erlingur Nielsson

Mobil: 95 48 50 73 erlingur.nielsson@kvinnherad.kommune.no

Konsulent

Ingrid Sundal

Mobil: 90 77 61 49 ingrid.sundal@kvinnherad.kommune.no

Redaktør og layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Centrum Trykkeri, Stavanger Gåve til bladet: Bankgiro: 3460 07 53578


Endeleg i hus Tirsdag 20. september var det endeleg klart for den offisielle opninga av det nye kyrkjekontoret for Kvinnherad. Like ved kyrkja på Valen har det reist seg eit kontorbygg som no skal huse fire prestar, tre organistar, to sekretærar, to kyrkjelydssekretærar, ein konsulent og kyrkjevergen. Det nye bygget er på ca 250 m2 og har kosta ca 4 millionar kr + mva. Ordførar Peder Sjo Slettebø stod for snorklypping og den offisielle opninga av kontoret, men før det hadde det vore helsingar både ved Arne Myklebust (bygningsleiar for kommunen), Torstein Aarthun (leiar for Fellesrådet), Erlingur Nielsson (Elli) (kyrkjeverge), Marit E. Totland (som overrekte eit flott måleri til kyrkjekontoret), prost Svein Arne Theodorsen og til sist ordføraren sjølv. Etter den høgtidelege markeringa kunne dei 40-50 frammøtte gå inn og ta ein kikk på dei nye, lyse og fine lokala, samt forsyne seg med kaffi, saft og kake.

Hjå den som er knust og nedbøygd i ånda

Måleriet som kyrkjeverge Elli her held opp, vart overrekt av Marit E. Totland under opninga. Ho fortalde at ho var blitt inspirert av eit foto av Olav Røssland som ho såg på Facebook. (Sjå framsida av dette baldet.) Tankane hennar gjekk til bodskapen frå Jesaja 57,15: “Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.” Måleriet skulle vera ei gåve til Kyrkjekontoret for at dei som kjem innom og dei som arbeider der skal bli minna på desse orda i kvardagen. Har du ein QR-kode-lesar på mobilen din, kan du her sjå ein stilig time-laps-film av byggings-prosessen! Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 3


Banning og bøn, naud og nåde i Valen kyrkje Han hadde ikkje berre lese “Dikt i samling” Reidar Ådnanes før han heldt foredrag om Jakob Sande til ei stor forsamling på kulturkveld i Valen Kyrkje, tysdag 4. oktober. Han hadde søkt etter mannen, Jakob, i arkiv og uprenta kjelder. Han hadde ikkje berre lese side opp og side ned heller. Han hadde lese mellom linjene, leita mellom diktsamlingane, mellom ranglane. Og det han hadde funne, formidla han til oss som sat under det opphøgde kyrkjetaket så me såg Sande framføre oss, høyrde røysta hans, såg han duknakka dei mørke kveldane og frimodig med store ord på lysare dagar. Men først og fremst kjende me strengen som dirra. Av levd liv. Av kamp. Av medkjensle med dei aller minste. Av gløtt av himmel, gjennom både bøn og banning.

Side 4 |

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

Kva hadde han tenkt, Jakob Sande, om han hadde sett oss sitja i kyrkjebenken og tørka ei tåre og to både i møte med Mariann - det vesle barnet, Aslaug Maria som fekk velsigninga og Daniel som drog ut i den store verda, og i møte med stridsmannen frå Getsemane som låg i natti seine - sorgtyngd, vanvørd og åleine. Og kva hadde han tenkt om kyrkjefolket som let han banna i kyrkja? Reidar Ådnanes bar fram orda til Jakob Sande, vart og stille. Trygt og avkledd. Kanskje det var derfor me som høyrde på ikkje opplevde at det blei

banna i kyrkja? Og kva Jakob Sande ville ha tenkt, veit me ikkje. Men eg trur ikkje han hadde protestert. - Temaet til Reidar Ådnanes var «Banning og bøn, naud og nåde». Eit glimt inn i diktinga til Jakob Sande (1906-1967). - Asle og Hilde Karin Teigen framførte «Du som låg i natti seine». - Soknerådet var arrangør og serverte kveldsmat i sjøsalen etter foredraget. Tekst: Marit E. Høines Totland Foto: Jan Ove A. H. Totland


Skaparverkets dag ved Skarvesteinen Laurdag 17. september var konfirmantane i Fjelberg og Eid, saman med foreldre og sysken, samla til skaparverkets dag ved Skarvesteinen. Det var ein nydeleg haustdag der temaet var Guds skaparverk som vi er ein del av. Dette flotte skaparverket er heimen vår, ein heim som vi må ta godt vare på.

Ei gruppe foreldre serverte pølser med brød frå grillen og både konfirmantar, foreldre og sysken var med på konkurransar. Det er fint å vere saman og ha det kjekt i lag ute i den flotte naturen som vi har omkring oss.

Takk, seier eg, både til Skaparen og alle som var med og gjorde denne dagen til ei god oppleving!

Jan Ove Totland

Drøymer du om å få sova i kyrkja?

Alle 10-åringar (i Husnes og Holmedal og Fjelberg og Eid sokn) blir invitert til overnatting i Valen kyrkje 26.-27. november. Namnet «Lys Vaken» handlar ikkje om at vi skal vera vakne heile natta. Det handlar om å vera lys vaken for kvarandre, for Gud og for det som skjer rundt oss. Ikkje minst kan vi oppleva at Gud er Lys vaken for oss.

Velkommen til adventsnatt i kyrkja! Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 5


. . å r f v e r iE t reiseb

Ma’Ma Children’s Center of Norway

Grete og Ove Tvedt er no på eit tre månaders opphald på Ma’Ma Children’s Center of Norway, i dagligtale kalla Ma’Mas. Det ligg i Cavite, ca 1 time utanfor Manila på Fillipinene. Ma’Mas er ei stifting som starta ved at Rachel Trovi frå Langesund fekk eit kall frå Gud for snart 30 år sidan til å starta hjelpearbeid i Manila. Det er 30 fast tilsette frå Filippinene, ingen frå Norge. Arbeidet er inspirert av orda “Eg var naken og de kledde meg; eg var i fengsel og de såg til meg... Sanneleg det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse mine minste syskjen, har de gjort mot meg.” (Matteus 25). Håpets Havn Håpets Havn er ein barneheim med 31 barn og ein omsorgsavdelingen med 20 kvinner. Felles for alle desse er at dei som bur her ikkje har nokon familie som er i stand til å ta seg av dei, eller at dei ikkje har familie. Og no er det nyleg bygd hyblar for ungdomar som er flytta ut frå barneheimen. Dei får bu der fram til dei er ferdige med skulegongen og dei kan få seg arbeid. Vi har hatt gleda av å møta alle som bur i Håpets havn. Dei utstråler glede og trivsel trass i ein vanskeleg start i livet. Vi føler oss velkomne her, og folka er svært imøtekomande med oss. Det er spesielt kjekt å oppleva det fine samspelet det

Fint samspel mellom gammal og ung

Side 6 |

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

er mellom dei gamle og barna. Filippinarane er svært høflege. Borna kjem og handhelsar på oss kvar gong dei møter oss. Fattige lokalsamfunn Ma’Mas kall og utfordring har heile tida vore å hjelpa dei fattigaste av dei fattige. Ein viktig del av arbeidet er difor konsentrert om slumområde og mennesker som bur på søppelplassar og lever av og selja metall og plast o.l. Her får 4-5 åringane lese- og skriveopplæring, det er matservering 1-2 gonger i veka, kvinnene får undervisning om familieplanlegging og om søndagen er det gudsteneste med besøk frå senteret eller frå ein lokal kyrkjelyd. Fengselsarbeid Ma’Mas har besøkstjeneste i tre ulike fengsel. Fengsla på Filippinene er for tida sterkt overfylte. Forholda i nokre fengsel er svært kummerlege, og dei har det ekstremt trangt og varmt.

Vi er jamnleg med på fengselsbesøk der pastor Conni og mannen hennar frå Ma’Mas held bibel-undervisning og syng med fangene. Songane er tydelegvis kjende og mange syng med! Vi får også tid til å samtala med dei innsette, og det er sterke og triste historiar dei deler med oss. Særs trist er det å høyra når kvinnene fortel om barna dei er skilde frå. Vi får høve til å gje dei innsette personlege ting, særleg hygieniske artiklar og lesebriller, kjeks o.l. Vi får høve til å kjøpa ting som dei har laga sjølv, t.d. nøkkelringar og lommebøker laga av papir eller perler. Fine ting. Det kjennest særs meiningsfylt og få gje fangene eit lite lysglimt frå omverda.


Me blir godt mottatt

Her vaskar guten sine kler sjølv

Støtte til skulegang På Filippinene må borna betala for skuleuniform og skulemateriell sjølv. Dette betyr at svært mange fattige ikkje har råd til å senda borna til ordinær grunnskuleundervisning. Ma’Mas støttar skulegang for 14-15.000 barn kvart år i eit stort område. Dette skjer gjennom eit samarbeid med kristne kyrkjelydar på dei ulike stadane. Rundt 200 ungdomar får også støtte til vidaregåande skulegang og høgskular. Vi får vita at det er fleire elevar på barneheimen som er mellom dei flinkaste elevane i klassen sin.

hospital” vart bygd, og idag tek dei imot pasientar frå store områder. Dei fleste får poliklinisk behandling, men nokon vert innlagte. Dei som kjem har oftast infeksjonar, som t.d lungebetennelse, mageinfeksjonar og Denguefeber (kjem frå myggstikk). Får dei behandling tidsnok vert dei friske, men somme døyr avdi dei ikkje kjem til behandling. Det er også mange som har diabetes som kjem til hospitalet. Her på Ma’Mas får alle hjelp, sjølv dei som ikkje kan betala for seg. Og det er visjonen for arbeidet.

Hospital I Filippinene må ein betala for det meste av sjukehusbehandling. Det betyr at dei fattige ikkje har råd til sjølv den enklaste behandling. “Barmhjertigheten

Medical Mission I periodar reiser det eit team med lege, tannlege, sjukepleiar, sosialpersonale og pastor frå Ma’Mas ut i slummen og gjev behandling og sosial hjelp til pasientar som oppsøker teamet.

Det kan kome opp til 100 pasientar på ein dag, og ein dag vart det trekt 48(!) tenner. Det er også utdeling av m.a. klær og briller desse dagane. Då kjem dei vel med dei klærne og brillene vi har med oss frå gjevarar i Norge! Vi er takknemlege for at vi har blitt tekne imot her ute. Arbeidet her vert i stor utstrekning drive av midlar frå gjevarar i Norge. Mindre enn 5% av pengane går til administrasjon. Vi ser at pengane vert brukt på ein god måte. For dei som er interessert i å gje ei gåve er adressa denne: Ma’Ma Children’s Center of Norway, bank kto nr 2601 33 17185.

Helsing Gretog eOve Tvedt

Førskule/kyrkje i eit av slumområda

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 7


For nokre dyktige damer

Eva Megyesi og Lina Håland kunne ønskja gledeleg mange velkommen til konsert i Uskedal kyrkje ein mandag seint i august.

Dei mange frammøtte på konserten fekk ei herleg musikkstund. Når ein tenkjer på det musikalske nivået, er det ufatteleg at aktørane var frå eigne rekkjer. Både songsolisten Lina Håland og organisten og pianisten Eva Megyesi imponerte stort. Vi er heldige som har desse to dyktige damene som tilsette i kyrkja i Kvinnherad! - Dei er jo heilt fantastiske desse to damene. For ei stemma ho Lina har, ho syng som ein gud, unnskyld uttrykket, og på Eva går jo både

fingrar og bein heilt vilt, sa ein av dei mange begeistra tilhøyrarane like etter konsertslutt. Eg hadde inntrykk av at mange hadde same kjensla! Frå konserten starta med Lina sin vakre versjon av Vamp sin Liten fuggel til Eva runda det heile av med Egil Hovland sin Hosanna, var den ei god oppleving både for øyre og sjel. Når Eva arrangerer konsertar, er alltid ektemannen Pawel Cabala med som ‘teknisk delegert’ dersom han ikkje er ein del av musikkprogrammet.

Denne kvelden sytte han for at publikum kunne følgja med på det som føregjekk ved orgelet på storskjerm. Der fekk vi verkeleg sjå korleis Eva stod på med både fingrar og bein for å skapa den vakre musikken. Absolutt eit trekk som gjer konserten meir interessann. Frå publikumshald vart også den fine måten Lina og Eva samarbeidde på, halde fram. Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland www.uskedalen.no

Konserten vart opna med vakker song av Lina Håland. Eva sin ektemann, Pawel Cabala, sytte for at orgelspelet til Eva Megyesi vart overeført til storskjerm framme i kyrkja.

Side 8 |

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016


Utdeling av bøker Det var stor tilstrøyming til Haustens påskegudsteneste i Uskedal kyrkje søndag 11. september. Med dåp, konfirmantpresentasjon og utdeling av bok og DVD fekk alle eit innsyn i det store arbeidet kyrkja gjer med sitt dåpsopplæringsprogram. Teksten for dagen var henta frå Markus kap. 5 der bodskapen er at Jesus er sterkare enn døden og at alle treng hjelp med si tru når all von er ute. Presten Lina Håland, organist Marit Lindekleiv og kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark gjorde alle sitt til at det var ei stemningsfull stund i kyrkja. Mest alle dei 14 konfirmantane til neste år var møtt fram i kyrkja. I tillegg var nokre konfirmantar frå Husnes med på presentasjonen i Uskedalen. Alle vart lesne opp med namn. 4-, 5- og 6-åringane fekk anten bok eller DVD. Vi fekk diverre ikkje bilete av den eine 5 åringen, men ros til henne og foreldra hennar som var frammøtt. Kyrkjelyden vart etter gudstenesta invitert til kaffi og kaker. Tekst og foto: Kristian Bringedal, www.uskedalen.no

Salmekveld i Uskedal kyrkje Velkommen til ein kveld i Uskedal kyrkje med Bjarte Lending og Lina Håland. Bjarte Lending er dirigent for gospelkoret Abraham. Koret var i Kvinnherad og hadde ein hjertevarm julekonsert i desember i fjor. Året før var dei og song i ordinasjonen til Lina prest. No vil Bjarte kome her og ha konsert med Lina prest. Dei som har høyrt Bjarte Lending veit at han har ein gudegitt stemme som varmar langt inn i hjarta. Lina har dei siste åra gjeve oss song både i bryllup, gravferd, gudstenester og dåp. Ho var og gjestesongar på Eva Megeysi sin orgelkonsert i Uskedal kyrkje i haust. Denne kvelden er via til gode og kjente salmer, samt nokre nye. Og sjølvsagt blir det litt gospeltonar. Som vi veit, er Lina prest særs glad i gospel. Her blir det og litt allsang, kor vi får synge med på nokre salmer frå den nye salmeboka.

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 9


Barne- og ungdoms Matre - Matre bedehus

Matre Søndagsskule Magni Hegland, 47 81 22 68

Utåker & Sandvoll Sandvoll bedehus

VING Tirsdagar kl. 18.30 - 20.00 Elisabeth Blokkum, 95 06 22 93

Valen - Valen kyrkje

Husnes - Husnes bedehus

Husnes Søndagsskule Søndagar kl. 11.00 23/10 (Familiesøndagsskule), 20/11, 4/12 Marta Kroka, 53 47 15 97 Speidaren Ulvungar: 3.-5. klasse Speidarane: 6. klasse → Kvar tirsdag kl. 18.00 - 19.30 -vekselsvis Ulvungar og Speidarar Sturla Helland, 97 02 43 20 Torstein Fykse, 47 26 74 22

Hobbyklubben, frå 4-9 år Annakvar tirsdag kl. 17.30 - 18.30 Alf Jarle Langeland, 53 47 17 04

Husnes IUF, frå 8. klasse → - Nattcafé fredagar kl. 20.30 - 00.00 Jan-Ove Fagerheim, 91 34 50 42

TiTo, frå 5.-7. klasse Annakvar tirsdag kl. 18.30 - 19.45 Hildegunn Aarthun, 53 47 20 68

Uskedalen - Uskedal bedehus

Ope Hus, frå 8. klasse → Kvar onsdag kl. 19.30 - 21.30 Kjell Yngve Myhre, 53 47 34 10

Herøysundet

Bringedalsbygda bedehus

Bringedalsbygda barnelag Tirsdagar i partalsveker kl. 17 - 18.30 0-12 år (under 5 år bør ha med seg ein vaksen.)

Linda og Jan Tvedt, 53 48 65 95

til a koma n r o b å i ikkje! Lat sm e d a r d n hi e til. meg og rike høyrer slik s For Gud s 10,14

- Marku

Side 10 |

-

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

Uskedalen Unge Røyster Mandagar i oddetalsveker kl 17.00 - 18.30 Linda Tvedt, 53 48 65 95 Hobbyklubben, frå 5. kl → Mandagar i partalsveker kl 19.00 - 20.30 Tore Mathiesen, 93 83 94 45 Småbarnstreff Onsdagar i partalsveker kl 10.00 - 11.30 Nelly Kjærland, 95 08 23 20 Gullivergjengen/Tårnagentane Uskedal søndagsskule Måndagar i partalsveker kl. 17.00 - 18.15 Gullivergjeng: Frå 3 år - 1. klasse Tårnagentane: 2.-4. klasse Nelly Kjærland, 95 08 23 20 Dei kreative 8 - 88 år Tirsdagar i partalsveker Kl 17.00 - 18.30 Nelly Kjærland, 95 08 23 20


sarbeid Zoar bedehus

Halsnøy Søndagsskule Søndagar 30/10, 13/11, 27/11 Inger Elin Nesheim, 98 88 67 56 Tofte VING Småskulen og oppover Annakvar mandag (partalsveker) 17/10, 31/10, 14/11, 28/11 Kristine Mehammer, 95 06 38 16 X-tremt gøy 8. klasse og oppover Møtedag: Fredagar 21/10, 11/11, 2/12 Kl 19.30: Ballspel på Øyatun Avsluttar med kvelds på Zoar Dag Åsmund Sætre, 53 47 66 24

Speidarhuset, Sæbøvik

Speidaren KFUK/M Annakvar onsdag kl 17.30-19.00 Irene og Henrik Meyer Eide

D L E V K A m PIZZ for heile fa ilien på Du er ve lk om me n

i Valen kyrkje

Laurdag 19. nov Programdel

Dersom nokon, enten leiarar eller andre, ser at her er opplysningar som ikkje stemmer, så kan de gi ei tilbakemelding til Jan-Ove Fagerheim på tlf. 913 45 0 42.

Kl. 18.00 - 20.00

med underhaldning, andakt og song spel medog aktulikiveitetlaerikar,for borna

Pizza-servering Sosialt Prisar:

r. 50,-

Barn: K 00,: Kr. 1 8. kl -> 300,e: Kr. ili m fa ax

M

Den er denbestduedeltideenr med andre! Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 11


Jubileumsfest

for Sunde bedehus

Søndag 18. september kunne Sunde bedehus feira 100-årsjubileum. Festsalen var pynta med flotte haustfargar, haustvêret viste seg frå si beste side og festsalen vart fylt opp med festkledde menneske. Leiaren i bedehuset, Per Kjerpeseth, ynskte alle vel møtt, ikkje minst dei innbedne. Først var det eitt minutts stille for gode hjelparar som har gått bort i det siste. Han fortalte litt om huset som no er oppussa, og om hundreårsjubilanten i sin fagraste skrud. Mange fekk heider og ære for framifrå innsats. Takk fekk òg kommunen og Sparebank 1-stiftinga for god støtte. Opningssongen var «O, store Gud» med tonefølgje av organist Reidar Algerøy ved pianoet. Andakten stod sokneprest Jan Ove Totland for. Han song også til oss med den flotte stemma si. Ordførar Peder Sjo Slettebø var framme med ei helsing frå kommunen, ei utruleg fin helsing om blant anna kor viktige bedehusa er i miljøet. Han overrekte blomar til jubilanten.

Side 12 |

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

Camilla Myklebust song to songar til oss, den siste var «Ved Jesu føtter ei stille stund» av Matias Orheim. Festtalen var ved Ingebrigt S. Sørfonn, som er leiar i Indremisjonssamskipnaden. Han talte med stor innleving og minna oss alle om å fylgja den gode Hyrding. No var det tid for matøkt med herleg betasuppe. Seinare kom kaffi og bløtkaker av alle slag. Etterpå var det helsingar frå andre lag og overrekking av flotte blomar. Per Kjerpeseth forsikra om at dei stelte godt med blomane der i huset. Han viste til ein høgreist og flott plante som stadfesta det. Den var ei gåve frå Husnes Indremisjon for ti år sidan, i samband med 90-årsjubileet for bedehuset.

Jan Ove Fagerheim hadde laga eit flott songhefte, dekorert med fine blomar. Til slutt i songheftet hadde han teke med eit lite vers eg fekk lyst til å ta med her: «Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vendt mot denne staden.» Som avslutning på den fine jubileumsfesten song vi «Deg være ære, Herre over dødens makt». Då hadde me ordføraren ved pianoet. Stor takk til Dagrunn og Per Kjerpeseth som har stått i brodden for festen. Takk òg til Kåre Tveit, styremedlemene og andre som har bidrege til ei verdig markering. Tekst: Karoline Røssland Foto: Dagrunn Kjerpeseth


! g n o S n i M stad Av Erna Harke

Både i Sangboken og Salmeboka finnes det fleire songar som eg kunne kalla for min song. Det er songar eg lærde som barn i heim, skule og andre samanhengar. Likevel vil eg velja ein nyare song. Første verset er skrive i 1970 av Ralph Carmichael frå USA. Han er mest kjend som komponist og har laga melodien og. I 1974 omsette den norske salmediktaren Arne Myskja dette verset og skreiv vers to. Songen står på nr. 717 i den nye salmeboka og er songen “Kjære Gud når eg bed”. Denne songen er eg blitt svært glad i. Me lever i ei tid med mykje stress og høgt aktivitetsnivå for både ung og gammal. Då er det godt å roa ned og la tankar og sinn finna kvile i t.d denne songen. Her bed me om at me som trur på Gud må stå saman i bøn for jorda vår. Me bed og om at me må læra å forvalta det me har fått, på rett vis og dela det me har med dei som treng hjelp. For meg er denne songen blitt ei bøn som eg treng å be.

Kjære Gud, når eg bed T: 1970 Ralph Carmichael og 1974 Arne Myskja O: 1974 Arne Myskja - M: 1970 Ralph Carmichael

Kjære Gud, når eg bed, lat min tanke kvile i fred frå alt stress i verda omkring og all uro for daglege ting. Lat din kjærleik få trengje seg inn, slik at han kan forandre mitt sinn. Lat oss alle som trur på ditt ord, vera saman i bøn for vår jord. Hjelp meg, Gud, til å gi både pengar, arbeid og tid i den tenesta der eg er sett, slik at eg kan forvalte den rett. Gi meg kraft til å dele mitt brød med dei menneska som er i nød. Hjelp meg søkje fornying og fred. Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 13


Husnes og Holmedal sokn Husnes kyrkje

Valen kyrkje

10.07 10.07 10.07 10.07 07.08 07.08 21.08 21.08 04.09 04.09 18.09 02.10 02.10 02.10 02.10

26.06 Gabriel Trondsen Dahl 26.06 Oskar Hjelmeland Bjelland 26.06 Rune Hovden

Døypte

Magnus Kvernenes Zander Cornelius Hortman Sophia Svellingen Berge Villa Lillesand Åsmund Johannessen Kaldestad Mila Gamst Eikeland Snorre Magnus Aakvik Alyona Ingeborg Silvano Bjørnebøle Kristi Gausvik Casper Naustvik-Loven Johanna Sundsteigen Hansen Oliver Holmedal Alina Blokhus Manangi Henrik Solheim Aurora Bergene Ådland

Gravlagde 29.04 29.04 03.05 18.05 20.05 01.06 07.06 17.06 28.06 20.07 12.08 30.08 30.08 01.09 09.09 14.09 07.10

Gudrun Borgny Totland............... f. 1923 Kari Emilie Medhus...................... f. 1940 Sverre Sundsteigen...................... f. 1945 Ingrid Kjellaug Røssland............... f. 1941 Edin Gabrielsen............................ f. 1936 Olav Kaldestad............................. f. 1924 Magda Kristina Røssland.............. f. 1931 Reidar Sætre................................ f. 1940 Jakob Opsanger........................... f. 1922 Magne Emil Olderkjær................. f. 1940 Kjell Vigrestad.............................. f. 1936 Bergljot Aase............................... f. 1933 Amanda Mathilde Skogtun..........f. 1920 Åsvald Feet.................................. f. 1932 Marit Ynnesdal............................. f. 1972 Jørgen Frede Nielsen................... f. 1937 Jørgen Johannes Markhus........... f. 1931

Vigde

30.04 Katrine Berntzen og Eivind Opdal 21.05 Marita Helen Horne og Kristian Jonassen Horne 30.07 Lise Marie Olsen og Eskil Andreas Moen 13.08 Stine Stoknes og Ivar Seljestad (Forbøn for borgarleg inngått ekteskap)

13.08 Kristin Karlsen og Svein Hardeland

Døypte

Holmedal kyrkje Døypt

31.07 Noah Solheim

Gravlagde 18.08 19.08 31.08 04.10

Geir Jarle Ølfernes....................... f. 1962 Kristine Tordis Holmedal.............. f. 1926 Agnar Roald Rusten..................... f. 1932 Karl Hans Emil Haacker................ f. 1939

Vigsde

28.05 Inger Hjønnevåg og Egil Heimvik (Gamle kyrkjestaden i Holmedal)

09.07 Hilde Holmedal og Georg Johan Åsheim (Gamle kyrkjestaden i Holmedal)

03.09 Marianne Natås og Torstein Holmedal

Uskedal sokn Uskedal kyrkje Døypte 17.07 17.07 17.07 11.09

Liam Legland Andrei Dexter Legland Andrei Ragnhild Aas Hovland Lilly Magrethe Hjellbakke Richardsen

Gravlagde 21.06 Gunvor Ness.......................... f. 1947 08.07 Kjell Taranger......................... f. 1943 10.08 Per Eidsvik.............................. f. 1929 26.08 Ingolf Torleif Musland............ f. 1943 08.09 Erna Augusta Ljosnes............. f. 1929 Vigde 18.06 Lene Sævdal Vikne og Kjell Øyvind Koløy 18.06 Silje Reime og Atle Johansen


Fjelberg og Eid sokn Eid kyrkje Døypte 12.06 12.06 03.07 03.07 28.08 18.09 02.10 02.10

Zander Berntsen Persson Anastasia Reneè Mehammer-Leimanzik Hermine Haugland Sjo Bjørg-Marie Grøndal Allina Fjelland Ullebust Kristian Lande Sjo Mia Sjo Romsø Nora Sjo

Gravlagde

17.06 Edvin Landa................................. f. 1951 23.06 Mary Eide.................................... f. 1924 11.08 Tora Robberstad........................... f. 1928

T0

Vigde 18.06 Marita Christine Sjo og Tom Henrik Hammersland 20.08 Eva Sjo og Ronald Sjo

Fjelberg kyrkje Døypte

04.09 Lukas Sinethemba Strand

Vigde

25.06 Anette Skålnes og Willy André Solheim

BabysongCafe Samlingar i Valen kyrkje: 26/10 - 9/11 - 23/11 - 7/12 Samlingar i Eid kyrkje: 24/10 - 7/11 - 21/11 - 5/12 ...for foreldre med babyar som er fødd siste året. Me syng mykje saman, har det sosialt og et eit enkelt måltid til slutt. Alle samlingane er frå kl 11.00 - 13.00, og du er velkomen til alle samlingane same kor du bur. Det er gratis å vera med på BabysongCafe.


Uskedal kyrkje

Husnes kyrkje

Valen kyrkje

Holmedal kyrkje

Kyrkjekalender Dato

Kl.slett Kyrkje/bedehus Prest/Liturg

Takkoffer

23.10

11:00

Holmedal kyrkje

Reidar Ådnanes

TV-aksjonen

30.10

11:00

Husnes kyrkje

Lina Håland

Evangeliesenteret

06.11

11:00

Uskedal kyrkje

Lina Håland

Søndagsskulen lokalt

06.11

19:15

Husnes kyrkje

Lina Håland

Kyrkjelydsarbeidet

13.11

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Stefanusalliansen

20.11

11:00

Holmedal kyrkje

Reidar Ådnanes

Indremisjonssamskipnaden

27.11

11:00

Valen kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

27.11

16:00

Uskedal kyrkje

Reidar Ådnanes

HCH (Barneheim i India)

04.12

16:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Indremisjonssamskipnaden Lysmesse

04.12

18:00

Valen kyrkje

Lina Håland, Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

11.12

11:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

18.12

17:00

Husnes kyrkje

---

Frelsesarmeen

Julekonsert

21.12

18:00

Holmedal kyrkje

---

Kyrkjelydsarbeidet

Vi syng jula inn

24.12

14:00

Uskedal kyrkje

Lina Håland

Frelsesarmeen

Julaftangudsteneste

24.12

15:00

Holmedal kyrkje

Jan-Ove Fagerheim

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

24.12

14:00

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

24.12

16:00

Valen kyrkje

Lina Håland

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

24.12

15:15

Husnes kyrkje

Reidar Ådnanes

Kirkens Nødhjelp

Julaftangudsteneste

25.12

12:00

Husnes kyrkje

Lina Håland

Sjømannskyrkja

31.12

16:00

Valen kyrkje

Reidar Ådnanes

Kyrkjelydsarbeidet

KONSERT

BJARTE

LEITHAUG & BARNEKOR

Opplysningar

Lysmesse Lysmesse

Rosendal søndagsskulekor inviterer alle born til å vere med å synge på konsert med Bjarte Leithaug :) Øving i Kvinnherad kyrkje laurdag 29. oktober kl. 13.00 Gratis å vera med! Påmelding på www.kyrkja.kvinnherad.no for alle born som ønskjer å delta i koret.

Familiekonsert i Kvinnherad kyrkje laurdag 29. oktober kl 16.00.


Foto av kyrkjene: Gunnar Langeland

Eid kyrkje

Fjelberg kyrkje

Kyrkjekalender Dato Kl.slett Kyrkje/bedehus Prest Takkoffer Opplysningar 23.10 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Søndagsskulekrinsen 4 års bok. Kyrkjekaffi 30.10 19:00 Høylandsbygd bedehus Vikar Høylandsbygd bedehus 06.11 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Norges Samemisjon Nattverd 10.11 11:00 Halsnøytunet Nattverd 13.11 14:00 Fjelberg kyrkje Jan Ove Totland Stefanusalliansen Nattverd 27.11 18:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland KFUK/M speidar lokalt 08.12 11:00 Halsnøytunet Nattverd 11.12 11:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kyrkjelydsarbeidet Nattverd 24.12 14:00 Fjelberg kyrkje Barneheimen, Bangkok NMS 24.12 14:30 Eid kyrkje Jan Ove Totland Barneheimen, Bangkok NMS 24.12 16:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Barneheimen, Bangkok NMS 25.12 12:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Indremisjonssamskipnaden Nattverd 31.12 16:00 Eid kyrkje Jan Ove Totland Kirkens Nødhjelp Nattverd LIK OSS

www.facebook.com/kyrkjakvinnherad

www.kvinnherad.kyrkja.no

Julemesse på Sandvoll 26. novemer vert det julemesse på bedehuset på Sandvoll. Den startar med andakt kl. 12. Etterpå er det sal av krotekaker, julekjeks og handarbeid. Me sel lodd og med fine gevinstar. Juleduk, dukke med garderobe, pledd, strikka pledd o.a. Velkommen på messa.

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 17


Tlf 53 47 17 77

DILL AS dill@knett.no mob 41690425

www.halsnoy-trelast.no

Støtt annonsørane våre! - dei støttar oss!

TR EN G DU N

OKON Å SN

Ring eller skri

Side 18 |

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

v: Vi er her. A

AKKE MED?

lltid. kirkens-so

s.no


bare lave priser bare lave priser

LOGO BM - Husnes FARGE LOGO BM - Husnes Rasterbunn: 12% svart FARGE Farge: Pantone 527 Rasterbunn: 12% svart FONT: Weis Extra bold Farge: Pantone 527 FONT: Weis Extra bold

BM BM

LOGO BM - Husnes SVART/KVIT LOGO BM - Husnes Rasterbunn: 12% svart SVART/KVIT FONT: Weis Extra bolc Rasterbunn: 12% svart FONT: Weis Extra bolc

Vedlikehald frå A til Å I AKSEN - MIDT PÅ HUSNES - Fasadereingjering og høgtrykkspyling - Rydding av småskog, tomt og hage I AKSEN MIDT PÅogHUSNES -Maling, hagemurar støyp - Trefelling, avfallstransport og riving Tlf.: 53 47 29 - Påhengsmotor, båt og10 båtpuss - Opparbeiding og barking av bed Tlf.: 53 47 29 10og vask av bil - Dekkskift, lufttrykksjekk - Klargjering av hagar til alle årstider - Grusing og snømåking

Senteret 53 47 31 35 53 47 31 35 Du finn oss i 2. etg i Husnes Storsenter

BM BM HUSNES APOTEK HUSNES APOTEK Husnes

LOGO BM - Husnes SVART/KVIT LOGO BM - Husnes Uta bunn SVART/KVIT FONT: Weis Extra bolc Uta bunn FONT: Weis Extra bolc

Georg Røssland Tlf.: 900 59 252

Dameklede Dameklede Senteret

eit godt godt val! val! -- eit

Tlf.: 53 47 16 44 - TORGHUSET Tlf.: 53 47 16 44 - TORGHUSET

Husnes Storsenter - Pb 204 - 5480 HUSNES Tlf. 53 47 16 26 - Fax 53 48 12 97 E-post: kvinnherad@libris.no

Pb. 75 - 5480 HUSNES 5480 TelefonPb. 5375 48-69 00 -HUSNES Fax 53 48 69 01 Telefon 53 48 69 00 - Fax 53 48 69 01

Valen

Tlf.: 53 47 15 11

BM BM

TORGHUSET - Tlf.: 53 47 29 00 n elefo TORGHUSET - Tlf.: 53 47 29T00

05 53 47 17

Sundsvegen 77 - 5450 Sunde

post@IntroElektro.no - post@IntoRoyr.no Husnes - Tlf/fax 53 47 11

33 Husnes - Tlf/fax 53 47 11 33 www.IntoElektro.no

Senteret Senteret 5460 HUSNES 5460 HUSNES Tlf. 53 47 01 00 Tlf. 53 47 01 00

www.kvinnheradreisebyra.no www.kvinnheradreisebyra.no

Husnes Butikksenter -Tlf.: 53 47 16 08

��������� � ������ ��������� � ������

Tlf. 534 801 22 Tlf. 534 801 22

Torgbakken 10 Boks 23, 5401 Stord Tlf. 53 41 20 01

Husnes Butikksenter

10-19 (16)

Butikksenter Tlf. 53Husnes 47 27 30 - e-post: 111100@eurosko.no Tlf. 53SKO 47 27TIL 30 - e-post: HELE111100@eurosko.no FAMILIEN

www.sunnbok.no SKO TIL HELE FAMILIEN

Husnes Sport AS HusnesPostboks Husnes10,Sport AS 5480 Husnes Postboks 10, 5480 Husnes Tannlegesenter Tlf. 53 47 14 04

Tlf. 53 47 14 04 Månd. - fred.: 08.00-16.00 husnes.sport@sport1.no husnes.sport@sport1.no Tlf. 53 47 70 00

KRIK HUSNES HUSNES KRIK

Fredagar kl kl 18.30 18.30 -- 20.00 20.00 Fredagar Ola Normann Undarheim Skule Skule Undarheim Markedssjef/Husnes Storsenter

NATTCAFÉ NATTCAFÉ Gravferd slik

pårørande-ønskjer det Fredagar kl kl 21.00 21.00 01.00 Fredagar - 01.00 Husnes Bedehus Bedehus Husnes

www.husnesiuf.cjb.net www.husnesiuf.cjb.net

5460 HUSNES mob +47 932 09 705 Besøksadresse: Valen tlf +47 53 47 23 685451 fax +47 53 47 23 69

email ola.normann@husnessenter.no VAKTTELEFON: 48 00 33 adr Postboks 148, 548053 Husnes web www.husnessenter.no

DØGNVAKT: 53 48 05 00 www.fonnagravferdsbyra.no

Kyrkjelydsbladet - Oktober 2016

| Side 19


Kyrkjekoret for Kvinnherad i gong med si første øving.

Kyrkjekoret NORDMADRIGAL Kyrkjekoret er i gong - ein historisk kveld.

- Å no er eg very happy, var avslutningsorda frå sprudlande Eva Megyesi til medlemene i det nye kyrkjekoret Nordmadrigal etter den aller første øvinga som var i Uskedal kyrkje mandag 5. september. Då hadde dei lagt bak seg ei øving med tydelege teikn på at dette vil gje nye, gode opplevingar både til publikum og kormedlemmene. Etter at Eva Megyesi innleiingsvis hadde ønskt velkommen, kvart medlem hadde presentert seg og ho hadde fortalt litt om korleis ho hadde tenkt seg aktiviteten i koret, gjekk dei i gang med oppvarmingsog stemmeøvingar. Pusteøvingar vart det også fokusert litt på. Eva Megyesi har sagt at dei skal syngja mykje fin kyrkjemusikk, liturgiske songar og salmar, litt gospel og klassiske songar. Den aller første songen kyrkjekoret gjekk i gang med høyrer til i første kategori: “Pris din Gud, mi sjel”. Stemme for stemme vart dei 4 stemmene øvd effektivt inn før samsongen klang svært vakkert i Uskedal kyrkje. Deretter gjekk dei over til latinske “Confetemini Domino” som vart øvd inn på same måte. Det såg ut som songarane kosa seg til Eva sine instruksjonar, krydra med karakteristiske Eva-sprell. Det var både latter og humør så vi kan trygt seia at innøvinga gjekk med liv og lyst. Og det let overraskande godt på den første øvinga, og alle 4 stemmene kom flott fram. Det vert eit svært flott nytt innslag på julekonserten i Uskedal kyrkje i år, ettersom koret skal vera med og synge der søndag 11. desember! På den første øvinga var det fleire som hadde måtta melde forfall. Songarane første kvelden kom frå strekningen frå Rosendal til Sunde. Neste gong vert dei truleg fleire, og Eva seier at ho tar med glede mot fleire songarar. - Døra er alltid open for alle som vil syngja med oss, seier den dyktige og humørfylte dirigenten til slutt. Øvingane er kvar mandag frå kl. 19.00 til 20.30 i Uskedal kyrkje. Tekst og foto: Thor Inge Døssland, www.uskedalen.no

Profile for Jan-Ove Fagerheim

Kblad 2016 3  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Kblad 2016 3  

Kyrkjelydsblad for Fjelberg, Eid, Uskedal, Husnes, Valen og Holmedal.

Profile for janove70