a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 1

Kjære 8. klassing og foreldre/føresette!

Snart Konfirmant

- innskriving til konfirmantåret 2019/2020

T N MA

2 20

R I F N O K

VIKTIG! Påmelding i 2 trinn! Informasjon og innskriving

i Eid kyrkje, ons 5. juni kl 17.30

og Fjelberg

Eid

Endeleg påmelding

på www.kvinnherad.kyrkja.no innan mandag 17. juni


Kjære deg! For nokre veker sidan fekk du heftet Konfirmant 2020 i posten. Dette heftet handlar om å vera konfirmant. No vil kyrkjelyden din invitera deg til å verta med oss i konfirmasjonstida 2019/2020. Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare. Dersom du ikkje er døypt, kan du vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Konfirmasjonstida

i Fjelberg og Eid sokn har fylgjande opplegg: - Samling for konfirmantar og foreldre/føresette på Zoar bedehus onsdag 28. august kl. 17.45-18.45. På denne samlinga vert det orientering om konfirmantåret og vi prøver å organisere kveldsmat til gruppesamlingane slik som tidlegare. Ei tilsvarande samling har vi i starten av januar. - 8 gudstenester, inkludert presentasjonsgudsteneste, samtalegudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste. - Undervisning på Zoar bedehus med kveldsmat onsdagar. Vi har hatt omlag 7 samlingar før jul og 5 etter jul + ein laurdag med øving til samtalegudsteneste og konfirmasjon. Dette året kan det bli færre samlingar der ein tek eit tema før kveldsmat og eit tema etter. Vi kjem tilbake med detaljert semesterplan, samt evt. konfirmantleir. - Tenesteoppgåve med innsamling til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.


Informasjon og innskriving i Eid kyrkje, onsdag 5. juni kl. 17.30-18.15 På denne samlinga reknar vi med at ein av foreldra/føresette vert med. Fyll ut og ta med svarslippen som konfirmant og foreldre/føresette har skrive under på. Denne får kvar konfirmant levere før ein går heim.

NB! ALLE må deretter registrere konfirmantane på internett.

Då går de inn på www.kvinnherad.kyrkja.no. Velg “Konfirmasjon” under Snarvegar og klikk deg inn på artikkelen om påmelding til konfirmasjonstida. Gå vidare til skjema for heile kommunen og fyll ut før mandag 17. juni. NB! Sjekk på www.skatteetaten.no folkeregister korleis namnet til konfirmanten skal skrivast og før rett namn på innmelding. Dersom nokon endrar på namnet etter innmelding, må de gje beskjed til kyrkjekontoret.

Kostnader: Konfirmantane betalar ingenting for undervisningsmateriellet. Men alle betalar kr. 500,- til dekking av utgifter til kveldsmat m.m. Kostnader for eventuell tur/leir, kjem vi tilbake til. Presentasjonsgudsteneste: Søndag 8. september kl. 11.00 i Eid kyrkje. Det er fint om de som foreldre/føresette er med på dei gudstenestene som konfirmanten deltek på i løpet av konfirmasjonstida. Konfirmasjon 2020: Eid kyrkje laurdag 2. mai og søndag 3. mai kl.11.00. Ved påmelding på heimesida legg de inn den dagen de ynskjer. Dersom de har ein spesiell grunn kan de grunngje ynsket i skjemaet. I løpet av hausten får de ei tilbakemelding på kva dag ein får tildelt.


Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal bli ei fin tid for kvar einskild. Då er det viktig at alle gjer sitt til at det skal lukkast, og vi har sett opp nokre ordensreglar: 1) Møt presis til alle samvær (helst nokre minutt før). 2) Fråvær. Har du god grunn til å vera borte frå eit samvær, må føresette be deg fri på førehand.

Er du borte frå undervisningssamvær p.g.a. sjukdom, må konfirmantlærar/prest få melding.

3) Ta med til kvart undervisningssamvær: Konfirmanthefte og skrivesaker. 4)

Ro og orden. I alle samvær skal det vera ro og orden som gjev høve til konsentrasjon og arbeid. Slik kan utbytte av samværa verta best mogeleg. Om nokon skaper uro i ein time, kan han/ho verte bortvist frå timen og må evt. møta til ekstratime. Foreldre/føresette vil verta informert.

5) Det er ikkje tillate å bruka mobiltelefon i undervisningssamvær.

Så ynskjer vi vel møtt og vonar det vert ei fin konfirmasjonstid med gode opplevingar! Med venleg helsing

Jan Ove Anders Høines Totland Sokneprest i Fjelberg og Eid sokn jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no Tlf.: 90 57 11 95

Ei levande kyrkje trusopplæring i den norske kyrkja

SVARSLIPP

Kyrkjekontoret i Kvinnherad Klubbavikjo 9, 5451 Valen Tlf.: 90 53 19 10 www.kvinnherad.kyrkja.no

- i Kvinnherad

trusopplæring i den norske kyrkja

Ta denne svarslippen med og levér på innskrivinga i Eid kyrkje onsdag 5. juni kl. 17.30. Eg ynskjer å ta del i konfirmantopplegget i Fjelberg og Eid sokn og er kjend med ordensreglane. Konfirmanten si underskrift:

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Vi/eg ynskjer at barnet vårt/mitt skal delta i konfirmasjonstida og vil legga til rette slik at han/ho kan delta i konfirmasjonsprogrammet, og såleis få best mogeleg utbytte av tida. Føresette sine underskrifter:

. . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

........................................

E-post (foreldre/føresette): . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Mobil forelder: .................. Mobil konfirmant: ..................

Profile for Jan-Ove Fagerheim

Snart konfirmant - Fjelberg og Eid 19-20  

Snart konfirmant - Fjelberg og Eid 19-20  

Profile for janove70
Advertisement