__MAIN_TEXT__

Page 1

Kontaktorgan

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 36. årg 01 - 2010

Nr. 2 - 2020

» l e m m i h n e p o r e d n «U

Helgatun femner vidt: * Pensjonat * Kurs * Turar * Leirar * Weekendar * Familiesamlingar * Eldretreff


«Av nåde alt eg får»

Overskrifta til desse linjene på side 2 i bladet vårt passar godt inn i det som skjer på Helgatun. Me har no vore her på Helgatun i vel 2 år, og har hatt ei god tid med travle dagar ilag med gode medarbeidarar. Det som forundrar aller mest midt i alt det positive me opplever, er Guds nåde mot oss og mot Helgatun. Denne nåden viser seg gjennom alle dei som ber og som gjev av seg sjølv og av sitt. Gud velsigne Dykk alle. «Og Gud er mektig til å gje Dykk all nåde i rikeleg mål, så De alltid og i alle ting kan ha alt De treng til, og ha overflod til all god gjerning.» 2. Kor 9,8. På tross av corona har me i sommar og haust hatt Framneselevar,3 konfirmasjonar, Sunnhordlandstreff, NMS, Pusterom, Damehelg, Friluftslivleir, Den Indre Sjømannsmisjon og Øystese og Norheimsund ungdomskor på Helgatun. Alle desse arrangementa har gått kjempefint med smittevernreglar. Me er svært takksame for at alle desse arrangementa har late seg gjennomføra. I tillegg til desse gruppene har me og hatt enkeltgjester. I samband med utbygginga i Helgatunlia har me frå juli hatt 15-20 arbeidarar i kost og losji, dette vil fortsetja framover. Tusen takk til alle Dykk som står med oss i tenesta, og takk til Gud for si useielege gåve, 2. Kor 9,15. Alt godt frå Jorunn og Aksel Ingvard Johannessen

2

Bønn

I Romerbrevet 12, 11-12, skriv Paulus: Ver ikkje lunka i dykkar iver! Ver brennande i ånda, ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, uthaldande i bøna!

I sommar las eg på nytt igjen, S.D. Gordon si bok, «Stillferdige taler om Bønnen». Denne boka har gjort sterkt inntrykk på meg og opna augene mine for kva bønn er og kva den betyr for den enkelte, og for at Guds rike skal gå fram. Gordon skriv at krafta berre kan koma inn i menneskelivet på ein måte, gjennom Guds Heilage Ande. Han er i det mennesket som opnar seg for Gud. Han kjem inn når me innbyr han og ønskjer han velkommen. Likevel er det ikkje sikkert at han får lov til å herske i livet til dei som har opna seg for han. Då får han heller ikke utretta det han vil. Å sleppa Den Heilage Ande til og gi han full råderett, vil resultera i KRAFT. Det er fem utløp for denne krafta, skriv Gordon: • Det første utløpet er gjennom livet, ganske enkelt gjennom det me er. • Det andre utløpet er gjennom leppene våre, ved det me seier. • Det tredje er gjennom tenesta vår, det som me utrettar. • Det fjerde er korleis me brukar pengane våre, dei pengane me ikkje held for oss sjølve, men set i omløp for Gud. • Det femte er gjennom bønnene våre, gjennom alt det me legg fram i Jesu namn. Av alle desse kanalane for Guds kraft, er bønna det aller største.

Gordon skriv: «Den kraften som utløses gjennom bønn, er forferdende stor, fordi den er selve livskraften, og fordi den ikke er begrenset til det stedet der du er, men virker hvor som helst i verden du måtte rette den mot. Det største noen kan gjøre for Gud og mennesker, er å be. Bønnen er ikke det eneste, men det viktigste.» Kjære Helgatunvener! Me har fått ei stor bønneoppgåve av Herren. For oss som er glade i Helgatun og som ser kva denne misjonsstasjonen betyr for Guds rikes arbeid, må me vera uthaldande i bønn for arbeidet som blir drive her, for dei tilsette og for plassen. Må dei som kjem inn på Helgatun kjenna at her er det verkeleg godt å vera, her er det ro, her er det trygt, her bur Gud. Det er mange som har fått erfart det gjennom alle dei åra Helgatun har eksistert. Med bønnene våre slår me ring rundt Helgatun, og ber om beskyttelse og trygghet for både dei tilsette og for økonomien gjennom denne tøffe koronatida. Hugs – Me har med ein stor og allmektig Gud å gjera. Han kan me trygt stola på. Det er makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små. Men mot allmaktens Gud du dem vender: Han har lovet at svar skal du få. Det er svar underveis, engler kommer med bud. Om det drøyer, det fram dog skal nå. For det lovet jo løftenes trofast Gud: Kall på meg, og du hjelpen skal få. Trygve Bjerkreim

Sylvi Røssland Sørfonn

.. underveis,. r a v s r e t e D

Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020


Drift - Økonomi - Gåver Etter ein coronapause frå 12. mars, opna me huset for gjester i slutten av juni.

HELSING

Kontaktorgan for Helgatun 5713 Vossestrand Tlf. 56 51 98 98 Fax 56 51 98 99 Heimeside: www.helgatun.no E-post: helgatun@helgatun.no Eigar: Indremisjonssamskipnaden 5400 Stord Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Voss Prenteverk A/S

I juli hadde me kafedrift kvar dag i tillegg til vanleg pensjonatdrift, så juli vart ein travel månad. Økonomisk kunne kafedrifta vore betre, men kafeen var eit positivt tiltak, særskilt med tanke på folkjet i Myrkdalen og på Voss. Gjestedøgna i juli var 694 (1152 i fjor). Pr. 31.08 har inntektene minka med kr 1.951.200,- samanlikna med fjoråret. Me har søkt og fått kompensasjon for tapte inntekter frå 12. mars til 31. august på kr 779.900,- (coronastøtte). Pr. 31.08 har me fått kr 388.667,i gåver. Slik som det ser ut pr. no vil me koma greit ut økonomisk dette året og.

Frå juli har me hatt frå 15-20 personar tilknytta Helgatunlia i kost og losji, så me har drift kvar dag framover mot jul. Sjølv om coronasituasjonen har ført til noko mindre aktivitet dette året, vert det likevel jobba med å få på plass meir folk i leiarteamet. Når det gjeld resten av dette året, er planen 2 leirar i november og juleopphald i desember. Me vonar at desse arrangementa let seg gjennomføra. Helsing frå Jorunn og Aksel Ingvard

Gåvebarometer

Budsjett 2020

Innkome pr. 31.08.20

På same tid i fjor

750.000,-

388.667,-

774.553,-

Bankgiro 8220.02.80497

Du kan gi ei gåve med

Vipps-nummer:

515497

Takk

Ønsker du som misjonsvenn å ha en leilighet like ved Helgatun er tiden for å vurdere å kjøpe leilighet i Helgatunlia inne. Ta kontakt med daglig leder Odd Inge Austevoll, på mobil 926 27 332 for en uforpliktende prat og for å høre om prosjektet.

Tusen takk for alle gåver og til alle faste gjevarar. Ei særskild takk til Ingvard Aksel Sandvoll for den store gåva på kr 30.700,- som kom inn i samband med gravferda til Haldis Sandvoll. Tusen takk og til Torlaug Sætre for pengegåve på kr 8.950,- i samband med 80 årsdagen hennar. Så flott å kjenna at me har mange misjonsvener med oss.Tusen takk.

helgatunlia.no Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020

3


Damehelg 18. - 20. september 2020

Under open himmel

Det er noko spesielt med Helgatun! Varmen, freden tryggleiken og omtanken strøymer imot meg når eg kjem inn døra. «Velkommen! Så kjekt at du melde deg på!» lyder det til meg og alle dei andre som kom i løpet av fredagen. Takksame for at ikkje Korona sette stoppar for arrangementet, samlast me til gode og innhaldsfylte dagar. Med desinfeksjonsflasker på plass og krav til avstand kjende me oss trygge. Både dei med lang fartstid på damehelg og dei som var meir uerfarne, fann seg snart til rette med kaffikopp og strikketøy i peisestova. Møtesalen var nydeleg pynta, og i nyerommet ved sida kunne me gå og studera vakre måleri og tilbod frå Sunnbok. «Himmelen open over deg» var tema denne gongen. Ja, det fekk me verkeleg oppleva! Bibelsamlingane gav nytt lys over kjende tekstar, med Herdis Gjengedal Austevoll på talarstolen. Me fekk mykje med oss til å «tyggja vidare på.» Laurdagen var himmelen open over oss ute òg, eit nydeleg haustver lokka oss på tur, og grauten smaka ekstra godt ute med sol som varma i ansiktet.

Dagen vart avslutta med ein solid middag, og hyggesamvær med Astrid Heidal som «kveldens gjest.» Ho fortalde om sitt innhaldsrike liv i samtale med Annbjørg Husevåg Kløve. Astrid formidla på ein tydeleg måte at trua og Jesus alltid hadde vore der – i alle slags dagar. Me hadde mange gode opplevingar og minne med oss i bagasjen heim. Aslaug Hellesøy song enkelt og vakkert som alltid, til tonefylgje av Janet Sævik Solsvik og Gina Sævik Frantsen. Dei hadde verkeleg «funne tonen» i lag!

Hjarteleg takk til komite-damene Anne Marie Solsvik, Annbjørg Husevåg Kløve og Birgit Mørkve Hjelmeland, og til staben på Helgatun. Om eg vil tilbake? Gjett om! På Helgatun er det godt å vera! Hildur Øvsthus

g l e h e Dam

Sunnhordlandstreffet 2020 Året 2020 vert vel ofte kalla unntaksåret, eit annleis år! Ja, mykje vart annleis også på Helgatun. Helgatuntreffet med busstur til Elveseter, Lom og Innvik vart avlyst, me våga ikkje ta ansvar for ein langtur. Men Sunnhordlandstreffet fekk me gjennomført på ein trygg og god måte. Me fekk rike og flotte dagar saman. Jorunn og Olav Eikemo var talarar, dei delte raust frå bibelen gjennom timar og samlinger. Olav er ein dyktig fotograf. Flotte naturbilder som han brukte i dei ulike samlingene! Ellen Haugland og Ingunn Nøkland, del av Hagaviktrioen, gledde oss med songen sin! Svein Bjarne Aase var både sjåfør og medhjelpar i programsamanheng! Gudmund Harkestad var pianist! Takk til kvar enkelt, både deltakarar og leiarar! Dagane vart fylte med gode opplevingar, godt fellesskap og rike åndelege stunder! Sunnhordlandstreff 2021 Med dei erfaringane me har hatt i år, vågar me å planleggja eit Sunnhordlandstreff frå 23. - 27. august 2021! Langturen må me la liggja også i 2021, dessverre. 44 4

Til Sunnhordlandstreffet 2021 har me fått med oss Svein Bjarne som sjåfør og medleiar. Talar: Klaus Muff. Songarar: Jette Marie og Bjarne Steinsund! Eit flott team som har ufatteleg mange «strenger å spela på », eit team som brenn for evangeliet om Jesus, godt fellesskap og lun humor! Svein Bjarne stiller med stor og god turbuss og køyrer frå Bremnes, om Stord, Sandvikvåg, Halhjem, eventuelt Bergen og til Helgatun! Reiseleiar: Solveig Norheim. Så ber me om Guds rike velsigning over Helgatun, medarbeidarar og gjester! «Herren velsigne deg og vare deg! Herren late sitt andlet lysa mot deg og vere deg nådig! Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!» 4. Mos. 6, 24.-26. Jule- og nyttårshelsing frå Solveig Norheim

Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020


Fin opplevelse på jakt- og frilufsleir Vi møtte en av deltakerne på årets nye arrangement Jakt- og friluftsleir for menn, som ble arrangert på Helgatun siste helgen i september 2020. Over 40 menn hadde funnet veien til Helgatun for å samles til jakt og friluftsliv. På programmet stod, hjortejakt, rypejakt, harejakt og saueslakt. I det hele tatt mange nye aktiviteter i indremisjonens leirvirksomhet. Roald Lindås hadde tatt turen fra Bergen og hadde ingen erfaring med jakt, men hadde litt skytetrening etter 20 år i Heimevernet. Roald valgte å være med i hjortedrevet sammen med mange andre menn. Det ble ingen felling av hjort, men naturopplevelsen og fellesskapet kompenserte for det. Vi stilte han noen spørsmål.

Hva vil du si var det kjekkeste med årets jaktleir? Det kjekkeste med jaktleiren var å komme seg ut i jaktterrenget med andre og oppleve det unike fellesskapet på leiren. Jeg vil også trekke frem den gode serveringen. Kokken Roman hadde laget to utsøkte retter som stod i stil med temaet på leiren, fredagskvelden fikk vi fylt fjellørret fisket på Hardangervidden og lørdagskvelden var det en utsøkt hjortegryte, dette satte en ekstra spiss på oppholdet. Hvordan opplevde du det sosiale fellesskapet? Det var meget bra. Jeg syntes også at det var fine andakter av Håkon Hauge på kveldssamlingen og det ble mang en fin prat rundt bordene.

Siste dagen på leiren fikk deltakerne være med å slakte fire lam og tilberede tradisjonsmat. Hva syntes du om dette innslaget på leiren Roald? Det var en artig opplevelse, noe som fremkalte minner fra bestemors gård på Fitjar i en tid der saueslaktingen foregikk hjemme på gården. Det var også inspirerende å se hvordan sauekjøttet kunne tilberedes på ulike måter. Vil du anbefale dette arrangementet til andre? Ja, dersom du er interessert i friluftsliv og jakt er dette et flott tilbud som jeg håper indremisjonen vil fortsette med. Leiren ble jo raskt fylt opp så det er tydelig at dette er noe som etterspørres.

To av de fornøyde deltakerne studerer hjertet til saugen fv. Roald Lindås og Per Ivar Kjærgård

Gutta på tur... Slik såg det ut i peisestova då karane hadde gått til ro eine kvelden...

Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020

5


Ei god oppleving

9.-11. oktober 2020 var ein fin flokk frå Den indre Sjømannsmisjon samla til Bibelhelg på Helgatun. Misjonssekretær i Bjørgvin krets, Thomas Kjær Olsen, seier at det var ei god oppleving å ha arrangementet på Helgatun. Olsen begynte som misjonssekretær i august, og var derfor med for første gongen. Ei flott ramme rundt - De var veldig fleksible og hjelpsomme med å tilby det vi ønsket. Vi hadde en flott helg på Helgatun med god mat, flotte lokaler og fine omgivelser. Deltakerne våre har gitt gode tilbakemeldinger angående Helgatun og vi har allerede booket Helgatun for vårt arrangement neste år, skriv Thomas Kjær Olsen til underteikna. Trygg Havn, misjonsbladet til Den indre Sjømannsmisjon, var til stades laurdag. Sola kom fram. Med nysnø på fjella, og med skarpe haustfargar nede i dalen, vart dette ei flott ramme rundt bibelhelga. I pausen etter lunsjen nytta mange seg av ein tur ut i den vakre naturen.

Den døve mannen På bibeltimen laurdag formiddag talte generalsekretær Arne Helleland ut frå Markus 7,31-37, om den døve mannen som hadde vondt for å tala. - Det er godt å lesa at dei gjekk til Jesus med den døve, for Jesus var der. Når vi har eit problem, må vi gå til Jesus, til han som kan alt og som bryr seg om alle. At Jesus bryr seg kan vi og lesa om i Matt 9,36 og Matt 20,34. Han har omsorg og medkjensle. Han høyrer og han svarar. I Markus 7,33 les vi at Jesus tok mannen med seg bort frå folkemengda. Jesus har behov for å ta oss litt til sides. Vanskelege ting fører til velsigning.

Dette er samfunnet Jesus vil ha med oss: «… eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.» Gal 2,20 Vi må koma til han, og bera andre til han. Helleland avslutta med orda i Markus 7,37: «Han har gjort alle ting vel.» På nettsida Thomas Kjær Olsen og Kjell Helland var også talarar denne helga. Bibeltimen til Kjell Helland finn du på nettsida dism.no/hovedkontor/ andakter. Helland er leiar i kretsstyret til Bjørgvin krets. Ingrid Helland, Trygg Havn

Seniorhelg i haustfargar

Dei siste åra har Det Norske Misjonsselskap (NMS) invitert til Seniorhelg på Helgatun ei helg i månadsskifte august/september. Helga har vore vellukka kvart år, fint med sol, men regn har også sin sjarm! Seniorhelga følgjer den same lesten kvart år. Det er viktig å ha med Guds ord, misjon, høve til turar i den vakre naturen kring Helgatun og sosialt fellesskap. Vi byrjar torsdag med kveldsmat og gjerne eit program sett saman av bilete, dikt, musikk og song. Fredag og laurdag byrjar dagen med morgonbøn i kapellet før frukost og deretter bibeltime. Fleire timar til eigen disposisjon vert nytta til fjellturar, korte eller lange etter eigen smak! Vi lagar nistepakke som vi et på turen. Dei som held seg ved husa et nistepakken der. Laurdagen har vi dei siste åra reist på biltur og besøkt nokre av dei spanande stadene i Helgatun sitt nærmiljø, for eksempel Olivingruvene, «Grava hennar mor» og Oppheim kyrkje og Vossevangen. Vi har hatt guide med og derfor lært mykje!

6

Etter turen smakar det med ettermiddagskaffi i salongen og samtale om bibeltimen eller anna tema. Fredag er det misjonskveld etter middagen. Laurdag etter middag inviterer vi til festkveld med variert program. Kveldskaffien etter programma kvar kveld gir også høve til mang ein god prat. Kvar kveld vert avslutta med programposten Kveldens salme. Søndag er avreisedag, men har likevel plass til herleg frukost, nattverdgudsteneste med misjonsoffer og deretter Sporløp på tunet. Her vert ulik kunnskap sett på prøve. Helga avsluttar med middag før alle dreg kvar til seg, med ønskje om å få treffast neste år på Helgatun.

Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020

Det er ei glede å koma til Helgatun kvart år, velsmakande mat, fine rom og gode senger, god plass i varme stover, vakre omgivnader, god atmosfære og førekomande og hyggeleg vertskap! Det er enkelt å arrangera når Helgatun er medarrangør! Tusen takk for dei mange gongene frå oss! Helgatun er bestilt til hausten 2021 også! Lukke til med drifta og utbyggginga! Alvhild Vassel Eide


Helgatundagen - 31. oktober 2020 Helgatundagen måtte me dessverre avlysa denne gongen, på grunn av corona. Men kva med alle gevinstane? Komiteen, saman med Helgatunstyret bestemte seg for at me skulle ha ein nettbasar med live sending frå Helgatun. Dette vart gjennomført frå kl 12.30 laurdag 31. oktober.

Barnetrekning: 1.

Dokke med klær og vogge Jorunn og Aksel I Johannessen

2.

Strikkegenser til gut Hilde Dale

3.

strikkegenser til jente Ingrid Brevik

4. Fiskestang Kari Bolette Lundal

Me vil takka alle som har kjøpt lodd, komiteen og dei som var med og gjennomførte basaren.

5. Fotball Elise Østervold

Resultatet vart kr 69.500,Kjempebra!

7.

Tea party sett til barn Sigrid D. Mala

8.

Byggeklosser i tre til barn Maudhill Langeland

9.

Strikka baby jakke Elise Østervold

6. Ukulele Valborg Nummedal

10. Pickup bil Karen Marie Lauvsnes 11. Barnelampe Annlaug Afdal 12. Tøffler Annbjørg Husevåg Kløve 13. Barneteppe Maya Østervold 14. Termos Maya Østervold 15. Termos Fam. John Morten Espevik

Hovudtrekning Basar 2020 1.

Rype/Arne Mørkve Torunn og Lars Holmedal

2. Maleri Eli Serine Sønstabø 3. Nemo flytedress Olav Stokke 4. Stor hekladuk Arne Lindekleiv 5. Hardangersaumløpar Laura Marie Bjelland 6. Hardangersaumløpar Helge Røyksund 7. Strikka herregenser Oddvar Pedersen 8. Strikka damegenser Inger Åshild Krohg 9. Hengekøye Jorunn og Aksel I Johannessen 10. Sovepose Anna Hamre 11. Fenalår med stativ Randi og Ole Bernar Innvær 12. 5 stk teskeier i sølv Miriam Sundfjord 13. Strikka pledd Solveig og Jostein Sønstabø 14. Sjakk Fam. Audun Eidet 15. Hardangersaumsduk Elisabeth Jonassen 16. Skismurning-sett Birgit og Olav Hjelmeland 17. Skismurning-sett Aud Vigliv Branvik 18. Poncho (strikka) Aase Solveig Økland 19. Strikka hanskar Bjarte Kinne 20. Strikka hanskar Rakel Innvær 21. Strikka vottar Arne Lindekleiv 22. 2 stk handkler (kvite) Odd Inge Austevoll 22. 2 stk. handkler (raude) Anne Beate Heimdal Jøsang 22. 2 stk. handkler (kvite) Kjellaug og Reidar Fyllingsen

r a s a b l Digita Helgatun Helsing - Nr. 02 - 2020

7


B

Frå kalenderen 2020/2021..

Returadresse: Helgatun Helsing, Myrkdalsvegen 926, 5713 Vossestrand

November

20.-22. IMS Leir Ungdomshelg 8 klasse + 27.-29. Førjulshelg 4-9 år med fylgje

Desember

12. Julebord / styremøte 23.-27. Juleopphald 29.12.-1.1. Nyttårsleir, Birkeland og Sædalen Menighet

Januar

8.-10. Salem Ung Bergen 15.-17. Vossakonfirmanter 22.-24. Vossakonfirmanter

Februar

5.-7. IMS Skileir 8.klasse + 8.-12. Lynghaug skule 12.-14. KRIK Bergen 15.-18. Øygarden skule 19.-21. Sædalen menighet

Julehelg

på Helgatun Velkomen til å feira jul med oss på Helgatun, 23.- 27. desember 2020 Det blir juletradisjonar, andakt, song, godt felleskap og god mat. Solveig Norheim og Kåre Johan Hamre blir vertskap denne jula, saman med staben på Helgatun. Påmelding til Helgatun: Tlf.: 56 51 98 98 Mail:helgatun@helgatun.no

Mars

27.2.-7.3. Vinterferieopphald 8.-11. Ortun skule 19.-21. Fitjar Kyrkjelyd 23.-24. Stend vgs 26.-31. Familieleir - Kombileir

Pris for opphaldet per pers: Einerom: Kr. 4 800,-

April

(Taxi fra Bergen kjem i tillegg.)

31.3.-5.4. Påskeopphald 9.-11. Meland Kyrkjeweekend

Håpar me får dette til, og at mange vil feira jul på Helgatun.

2021

l julefest, ti u n r e im k t «De n høye gjest, e d r fo r e im k det ve hytter ned ed» la l ti g te s m so aver, fryd og fr g rs å tt y n d e m

Dobbeltrom: Kr. 4 200,-

Sunnhordlandstreff: 23. – 27. august Damehelg: 17. – 19. september Set av datoane og bli med oss!

Profile for Jan-Ove Fagerheim

HelgatunHelsing 2020 - 2  

Bladet for Helgatun, fjellpensjonatet sentralt i Myrkdalen.

HelgatunHelsing 2020 - 2  

Bladet for Helgatun, fjellpensjonatet sentralt i Myrkdalen.

Profile for janove70
Advertisement